Garsendhaugen

Joakim Emblem og Elisa Iverd. (f. Furset) med borna ikring seg kring 1913. Framme f.v.: Tøri Aagnesdtr. Emblem (1833-1914), Severin, Joakim, Klara, Elisa, Johan. Bak f.v.: Scharlotte Emblem, søster til Joakim, Anna og Inga.

Garsendhaugfolket hjå fotograf Sponland i 1907. Bakerst stend Elisa Iversdtr. Eikenos, g. Emblem (1878-1957). Borna er f.v.: Anna (f. 13.6.1900), Inga (f. 16.7.1902), Sevrin (f. 21.1.1906) og Johan (f. 11.6.1900) om ein vel å stole på folketellinga frå 1910. Faren Joakim Johansen Emblem (1870-1956) var brukar på Garsendhaugen frå 1901-1941 og var i tillegg skomakar. Han dreiv dessutan postopneri i kjellaren. Han overlet seinare garden og postopninga til eldstesonen Johan. Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal

Borna til Joakim og Elisa Iverdotter (f. Furset) Emblem. f.v.: Anna, Inga, Severin og Johan. Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal med arkivref.: AM-95003.005459.jpg

Rannveig Emblem (g. Moe) med løa på Garsendhaugen i bakgrunnen. Dei to som kjem bak henne er Aslaug og Torhild Øyen. Bilete er henta frå Rannveig sitt album

Ellinor Emblem i hagen med Garsendhaugen i bakgrunnen. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem. Det er kanskje faren, Severin Emblem, som var fotografen

Johan J. Emblem ved tunet på Garsendhaugen ein fin sommardag. Fotograf: Synnøve Emblem

Johan J. Emblem i tunet på Garsendhaugen. Foto: Synnøve Emblem

Garsendhaugen omlag 1987. Foto: Sigurd Langleite

I trappa på Garsendhaugen 1981 Framme f.v.: Erna Hesseberg (f. Østrem), Solgunn Hesseberg, Eva Dale og Synnøve Emblem Bak f.v.: Karin, Olaf Hesseberg, Vidar Aasen og Janne Hesseberg. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Garsendhaugen 1981 Synnøve Emblem og Eva Dale. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

garsendhaugen i 1983. På trapp står John, Svein Erik Moe og Synnøve Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem.

På Kjøkkenet på Garsendhaugen 1981. F.v.: med ryggen til sit Synnøve Eblem, Ellinor, Svein-Dag nesten heilt skjult, Olaf Hesseberg, Erna Hesseberg (f. Østrem), Solgunn, Janne og Karin Hesseberg. Eva Dale med briller lengst mot høgre. Biletet frå Synnøve Emblem

Inne i Stua på Garsendhaugen 1981. Olaf Hesseberg i framgrunnen. Bak f.v.: Janne Hesseberg, Svein-Dag Dale og Erna Hesseberg. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem 7.jpg

Garsendhaugen i 1983. F.v.: Synnøve Emblem, hesten til Trygve Emblem i Negarden og Christian Moe. Biletet tilhører Synnøve Emblem. Hesten fekk føll medan dei var på besøk.

garsendhaugen 1983. F.v: John, Svein Erik, Rannveig Moe, Trygve og Ellinor Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem.

Synnøve Emblem på trappa på Harsendhaugen i 1983. Elvarum bak til venstre. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Frå hagen på Garsendhaugen i 1981 med stabburet i bakgrunnen. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Garsendhaugen 1983. F.v.: Ellinor Emblem, Svein Erik, John, Christian Moe og Synnøve Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Garsendhaugen 1981. Ellinor og Synnøve Emblem prøver huska i blodbøka med Elvarum i bakgrunnen. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem.

Rivinga av Garsendhaugen tek til. Det skulle byggast eldreboligar der. Foto: Sigurd Langleite

Hovudhuset vart brend ned som ei brannøving, medan løa vart riven. Foto: Sigurd Langleite

Hovudhuset i full fyr sommaren 1993. Biletet tilhøyrer Eva Dale

Spjelkavik Brannvesen brann ned hovudhuset som brannøving i 1993. Då var løa allereie riven ned og grunnarbeidet på Eldreboligane i gong. Biletet tilhøyrer Eva Dale

Taksteinen er fjerna og det nærmar seg brannøving og slutten på hovudhuset på Garsendhaugen. Biletet tilhøyrer Eva Dale

Tunet på Garsendhaugen er vekke og ei ny tid er i emning. Eldrebustadane er i ferd med å reise seg. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Garsendhaugen bruksnumer 2 si historie går omlag 200 år attende i tid. Det var opphaveleg ein husmannsplass under bnr. 1, Negarden. Namnet er ikkje tolka tidlegare, men der ligg ein haug like bak staden der tunet låg så bruket kan ha fått namn sitt derfrå. I våre dagar så ligg denne haugen mot nedre grensa på innmarka til negardstunet, så det kan vere freistande å tenke på ei tyding som «enden på garden». Problemet er berre at Negarden var del av eit samla klengetun lenger vest der tuna til Skillingen, Sjursgarden og Steffågarden ligg i dag, men det er likevel ikkje heilt utenkjeleg at haugen kan ha markert ei slags skillelinje eller grense også i 1820-åra. Plassen var i alle fall «indengjerdes på udyrka mark» Utfordringa med dette er at gamle åkernamn som «Linåkeren» ligg enno lenger aust mot Ebbegarden og der finst fleire slike åkernamn mot Jakobgarden, der alderen er ukjend enno.

Den første plassemannen

Lars Martinus Einarsen Strandabø (dp.1793-1866) frå Hjørundfjorden var i alle fall den første plassemannen. Den 5. januar 1817 hadde han forlova seg med Eli Samundsdotter Rønning (1789-1845). Ho var oppvaksen på bruk nummer 1 på Trandal i Hjørundfjorden. Han hadde drive Strandabø i tidsrommet 1818 til 1825 før dei kom til Emblemsbygda. Frå festebrevet det året kan ein lesa at dei skulle betale ei årleg avgift på 4 ort og 8 arbeidsdagar til eigaren i Negarden. Dei fekk beiterett til eit par kyr og nokre småfe, samt lovnad på å få låne negardshesten 8 dagar per år. Hest var nemleg ikkje allemanseige på den tida. Det var på sett og vis eit slags statussymbol for dei gardbrukarane som hadde råd til den slags. Husmenn med hest var der få av. Mykje må difor ha vore meir tungvint, men når det kom til slåtten så var der lite av markar som kunne slåast med anna en langorv, småljå og handemakt slik det alltid hadde vore. Bygda besto opphaveleg av natureng og små faste åkerlappar her og der. Utfordringa var å pløge åkrane utan hest. Lars og Eli hadde ingen ukse som kunne spennast føre, så då må hesten ha vore uvurderleg dei dagane dei fekk låne den til våronna, frakt av høyet i slåttonna og kanskje nokre fraktoppdrag attåt. På den tida fantest det ikkje høyvogner, så då vart truleg tresleden nytta i staden. Ulempene med å vere husmann var at hesten først kunne nyttast når det ikkje var behov for den på hovudbruket. I dårlege år med utrygt vér kunne det verte spanande om dei fekk tørrhøyet i hus før neste regnversbløyte.

I 1841 var truleg plassen ferdig rydda og opparbeidd med dei husa ein trong. Då vart den skyldsett på nytt til 1 ort og 4 skilling. På den tida vart det arbeidd med utskiftingar på garden Emblem, der meininga var at alle gardsbruka i klengetunet no skulle få sine eigne samanhengande stykke av matrikkelgarden. Etter den tid skulle også dei fleste tuna flyttast ut frå det gamle klengetunet til sine stykke. Nils Olsen Solavåg på Ystebøen hadde kjøpt garden sin året i forvegen og var difor den første som krevde ei slik utskiftingsforretning.

Om dei første eigarane

No vart det også meir vanleg å kjøpe og selge gardpartar for investeringa si skuld. Plassemannen Lars Martinus vart soleis vitne til at Ingebrigt Elias Olsen Emblem(dp.1816), eldstesonen i Negarden kjøpte plassebruket hans. Det er litt underleg, for han var eldst og dermed odelsguten på farsbruket. Foreldra gav seg også i 1841, men han tok ikkje over etter dei, og på Garsendhaugen sat Lars framleis som husmann. Ingebrigt vart difor sjølv husmann fram til 1846 og seinare matros, busett i Ålesund. Han hadde gifta seg i 1839 med Anne Hendriksdotter Morkvæ frå Kjerringøy, men ho døydde berre 23 år gamal som strandsittarkone i Ålesund i 1841. Kanskje budde dei ein stad kring Brunholmen? Dette vart eit tungt år for enkemannen Ingebrigt, og det kan ha påverka vala han gjorde også. I 1842 skøytte han nemleg frå seg plassen for 50 Speciedalar til broren Ole Elias som også tok over farsbruket. I 1844 vart Garsendhaugen seld på nytt, men også denne gongen innanfor ætta. Sonen til Ole Elias heitte Klaus Olsen Magerholm. Han hadde gifta seg til rikdom med enka på hovudbruket inne på Magerholm. Etter kvart byrja han å investere verdiane i ei rekkje gardpartar i Emblemsbygda. Garsendhaugen såg han kanskje ikkje så mykje inntjening på likevel, for i 1848 selde han den vidare til Peder Andersen Sandvik, før Ole Elias nok ein gong kjøpte Gasendhaugen i 1854 for 140 speciedaler. Lars Martinus fekk såleis mange eigarar å forhalde seg til dei åra han var husmann. I tillegg vart han gift på nytt i 1848 med enka Tyri Marie Henrichsdotter Utgård(7) (1795-1871). Ho vart døypt på Blakstad i Sykkylven og enka etter Lars Johnsen Sunde(6) på garden Utgård. Tyri døydde seinare som legdslem på Eikenosøydegarden, lenger vest i bygda. Lars hadde gjeve seg som plassemann i 1863 og saman med Tyri fekk dei då kår hos Lars Karolus Olsen Emblem (1845-1925) i Negarden. For ordens skuld kan eg nemne at dette er den same manen som seinare fekk frådelt handelsplassen Elvarum og starta opp handelsverksemd der. Lars er den første bufaste landhandlaren som me veit om i Emblemsbygda. I tillegg var han engasjert i både etablering av dampskipskaia og smørmeieriet i bygda. Sistnemnde vart drive i eit eige bygg bygd tvers over Røssevollelva mellom Garsendhaugen og Ebbegarden frå omlag 1894 til 1906. Der var også Lars bestyrar ei tid medan fleire av borna på Garsendhaugen fekk seg arbeid som budeier. Dei leigde også ut husrom til meiersker som kom langvegs frå. Fleire av desse vart seinare gift og busett i bygda.

Lars og Tyri fekk ingen born saman, men med si første kone, Eli, hadde han allereie fem. Dei fire eldste borna vart fødd då han budde på Strandabø. Dette var Ingebrigt Elias (dp.1918-1848) som gifte seg med Randine Knutsdotter Magerholmdal (ca.1820-1892) og vart plassemann i Magerholmdalen. Han døydde tidleg, berre 30 år gamal. Søstera Kanuthe (f.1820) gifte seg i 1861 med Jacob Henrik Eliassen Hareide (f.ca.1826) Dei busette seg som inderstar hjå Jacob sine foreldre på Hareid og budde der i 1865. Frå før av hadde ho også ei dotter med matros Hans Christensen Barstad, og to born med Jacob. Samund var den tredje i borneflokken. Han fekk ein son med Ingeborg Olsdotter Fauskekamen i 1844, men gifta seg truleg ikkje i det heile tatt. Andreas var den siste som vart fødd på Strandabø. Han vart fødd 3. april i 1825 og døydde i august det same året. Den yngste i flokken vart Jetmund Olavus Johannes. Han vart berre 5 år gamal og døydde allereie i 1835.

Ny slekt på Garsendhaugen

I 1862 kom det ei ny slekt til Garsendhaugen. Dette var Johan Severin Eliassen Grepstad(7) (1834-1910) Alle dei komande brukarane skulle etter dette vere i slekt med han - sjølv namna vart nytta om att. Johan hadde gifta seg året i forvegen med Tørri (Tøri) Marie Aagnesdotter Erstad (1835-1914). Begge kom frå Sykkylven. I 1866 kjøpte dei også plassen til sjølveige for 240 Speciedalarutan husa. No vart bruket forøvrig kalla «Tørkervold» i det tingleste skøytet. Årsaka til namneendringa er ukjend. Dei fekk 6 born. (Siverine) Charlotte Juliane (1863-1923) som var eldst. Ho gifta seg i 1899 med Albert Karolus Olsen Hessen(Y,1) (f.1844). Han var plassemann i Skarbøvika. Dei fekk knapt nokon tid saman, for allereie i 1900-tellinga finn ein ho som enke og tenar i Antoniusgarden i Emblemsvågen, medan ho var registrert som rentenist og lausarbeidar busett hjå mora på Gardsendhaugen i 1910. Årsaka til at ho budde ei tid i Antoniusgarden var at søstera Anne Eline Petrine (f.1865) hadde gifta seg der i 1899 med enkemannen Severin Kornelius Martinus Rasmussen Kvalen (1856-1952) frå Sande. Det var det same året som Charlotte også hadde stått brud. Den neste var Severin Julius Martinus (f.1867) som drog til amerika frå Ålesund med White Star Line til Minnesota i 1893. Han var då ein ugift sjømann. Den neste brukaren vart sonen Joakim Thomas Peder (1870-1955). Han skal me kome attende til. Edvard var nummer 5 i borneflokken , men vart berre vel to veker gamal før han døydde i 1872. Eline Marie (f.1874) var yngste bornet til Johan og Tøri. Også ho drog til Amerika med White Star Line til Minnesota. Før den tid hadde ho arbeidd som meierske på smørmeieriet i Emblemsbygda. Ho reiste saman med ei anna meierske. Det var søskenbornet Marie Anna Sofie Severinsdotter Emblemsvåg (f.1887) frå onkelen, Sevrin, sitt første ekteskap. I 1868 avla dei 3 tønner havre, 8 tønner med potet og 11 skippund høy. Dei hadde då 2 kyr og 3 sauer på bruket, men ingen hest framleis.

Sonen Joakim Thomas Peder Johansen Emblem var altså den fjerde i borneflokken, men fekk likevel overta garden. I 1902 fekk han skøytet på bruket tinglest. Johan fekk 2000 kroner for garden og kår på livstid. Mellom kårkrava var 216 kg havre, 3,6 hektoliter potet. Dei skulle ha for, og pleie for 1 1/2 ku og 1 sau. Kumjølka skulle dei ha heimbåren til huset. Var der ikkje sau på garden så skulle dei ha 5 kroner per år i staden. På den tida var der frukthage også. Kårfolket skulle då ha inntil halvparten av utkomet. Brensel og kjærlig pleie livet ut var standard i slike kontrakter den gongen. Når det kom til husrom så skulle vestre halvdelen vere kårdelen. Det gjaldt alle etasjar frå kjeller til loftet. Kontrakta hadde vorte skriven under mellom partane med lærar Knut Furset til stades 1. februar 1901

Joakim fekk sonen Anton Marius Karl (1899-1899) med (Hanne) Anna Karoline Marie Antoniusdotter Emblemsvåg(5) (f.1872) frå Antoniusgarden. Det kan kanskje høyrest litt rart ut sidan søstera var gift der, men dette var dottera til den forrige brukaren som hadde seld bruket ut av si eiga slekt til Severin Rasmusson Kvalen. Dei vart av ein eller annan grunn ikkje gifte likevel. Ho gifte seg i staden i 1901 med Ole Martinus Larsson Fyllingen.

Joakim og Elisa

Joakim gifte seg på si side med Elisa Nikoline Iversdotter Furset (1878-1957) Ho var fødd på prestegarden på Stranda, der faren, Iver Karlson «Kjøt-Iver» Furset frå Pe-olagarden under Nedre Furset på Stranda var forpaktar. Du kan lese eir om han under Eikenosa og Skorene her på www.emblemsbygda.com Elisa har nytta fleire etternamn. Ho vart døypt Furset, men det var på den tida vanleg å skifte namn etter garden ein flytta til. Difor nytta ho kanskje Emblem som etternamn nokre gongar etter at familien kom til Skorene på Emblem kring 1880. Vidare nytta ho ettenamnet Eikenaas eller Eikenos når «Kjøt-Iver» kjøpte garden der og flytte opp dit. Sjølv nytta han som regel Furset-namnet slik som broren og omgangskulelæraren i bygda, Knut. Lærar-Knut hadde kjøpt jordbøter frå inngifteslekta si og rydda seg ein eigen gard, med namnet «Nybø», kalla «Fursetgarden» på folkemunne. Begge to hadde gifta seg med ei jente frå bygda. Fursetfamilien held saman og hjalp ofte kvarandre i onnene. Fleire av søstrene til Elisa hadde dessutan gifta seg i bygda.

Joakim og Elisa fekk 5 born saman. Johan Ingvald (1900-1973) var eldst og den som tok over garden. Han skal eg kome attende til. Anna Lovise (1900-1974) var tvillingsøstera hans og underleg nok fødd heile tre dagar etter han. Ho gifte seg i 1933 med Ole Johan Laurits Pettersen Hesseberg(2) frå Oppigar på Hesseberg. Dei kjøpte Elvarum og busette seg der, like ved Garsendhaugen. Inga Eline (1902-1960) reiste til amerika i 1925 med Stavangerfjord frå Bergen. Ho var då ugift. Inga gifte seg seinare med Torvald Edvin Jensen Vegsund(6) frå Vegsundvågen. Torvald og Inga døydde i Seattle. Severin (1906-1960) gifte seg med Dagny Larsdotter Blindheim. Ho hadde besteforeldre på morsida i Mattisgarden på Østrem. Dei starta opp landhandel på eigedomen. Severin fekk frådelt ei eiga tomt i 1937 og bygde opp ein av dei største landhandlane i distriktet, kalla «Severinbuda». Du kan finne meir om han under næringsliv på denne nettsida. Klara Oluffine (1907-1922) var den yngste av borna og døydde ung.

Joakim var ei triveleg kar som var glad i å ha folk ikring seg. Han dreiv som skomakar ved sidan av gardsdrifta og prøvde seg mellom anna på sølvrev-avl slik som svigerfaren, Kjøt-Iver, på Skorene. Dei var fleire som fatta interesse for dette i mellomkrigstida. Det røyste seg no revefarmar både på Knutgarden i Emblemsvågen, i Guttormgarden på Nedregotten og i Høla inne på Aksla. Det kan nesten verke som om det særleg var indremisjonsfolk som «vart bitne» av denne nye næringsvegen i bygda, men truleg var det «Kjøt-Iver» som starta opp først og som den føregangsmannen han alltid hadde vore så vart sikkert fleire lystne til å prøve det same. Det vart ingen suksess for noken av dei denne gongen. Joakim gjekk etterkvart over på å drive med høns i staden. Hønsehus hadde dei oppå sjølve Garsendhaugen bak huset.

Joakim tok over som poståpnar i bygda då handelsmann Lars Olsen Emblem på Elvarum gav seg med handelsverksemd og postkontor i 1921. Han flytta drifta opp i kjellaren sin på Garsendhaugen. I hans tid måtte posten hentast ved dampskipskaia i Emblemsvågen dei første åra. Deretter måte den etterkvart så velbrukte postveska i skinn berast heim att med eit kobbel av ungar og nysgjerrige på slep. Enkelte hang over disken medan han sorterte, men det gjorde ingen ting for han var glad i å ha born ikring seg. På sine eldre dagar vart posten helst køyrd med hest og vogn.

Elisa utmerka seg med tekstilhandtverk og var flink til å veve tepper, gardiner og puter. Det var ikkje så reint få av dei som pynta opp i heimen etterkvart. Ho produserte også på bestilling frå andre. Bornebornet Ellinor minnes at ei frue frå Ålesund hadde vore på høgfjellshotell. Der hadde ho teikna av mønster eller bordar på dei vevde gardinene og kom til Garsendhaugen for å få laga maken. Det fekk ho. Elisa spann også saueulla frå garden til ullgarn som vart til både strømper og genser. Borneborna fekk også ta del i dette arbeidet. Saman med Rannveig, dottera til sonen Severin og Dagny, vart det knytta teppe som Rannveig seinare fekk arve. Det var ho stolt av.

Minner frå Garsendhaugen

Synnøve Emblem fortel at ho var mykje på Garsendhaugen. Tunet låg like ved «Severinbuda» der ho vaks opp. Som liten hadde Synnøve lett for å verte bilsjuk. Då var det betre å vere med besteforeldra medan resten av familien drog på søndagstur med bilen. Frå gyngestolen hjå besteforeldra kunne ho sjå når lysa vart slått på og dei andre i familien hadde kome heim att. På slike søndagar kom veninnene til Elisa på besøk. Dei brukte ofte å «spå seg» i kaffegruten som låg att i koppen. Det var klart at også vesle Synnøve måtte få ta del i dette. Difor fekk ho ein kopp med med havparten kokekaffi og resten mjølk. Så satt dei der i triveleg selskap og svinga på koppane sine etter alle kunstens reglar. Spådomar om pengar og lykkeringar fekk dei alle saman.

Hovudinteressa til Elisa var nok kanskje først og fremst hagearbeidet. Ho skreiv til Holland for å få tak på avleggarar lenge før dei fleste andre i bygda hadde høyrt om orkidéar. Jordbæra på Garsendhaugen var heller ikkje av kva som helst slag. Dei var skikkeleg store og kom heilt frå Danmark. Nokre av dei særeigne vekstane på bruket var også hennar verk. Ved sida av stabburet hadde ho planta ei staseleg «Snøball-busk» og ved inngangsporten til blomsterhagen sin hadde ho planta sølvgran. Av vekstar som var godt synleg på avstand var sjølvsagt den flotte blodbøka og hengepilene kring hagebordet hennar som vart omtrent som eit lysthus om somrane. Tidlegare gjekk vegen midt gjennom tunet frå Garsendhaugen og beint fram i retning sjøen mot Severinbuda slik at løa og hovudhuset vart liggande på kvar si side. Hagen var også delt med frukt- og bærtrea på vestre side medan blomster og prydbuskene låg austover nærare huset og elva. Delar av frukthagen var frå svigerforeldra si tid. Denne hagen var ei flott syn for besøkande, men interessa var nok ikkje like sterk hos den neste generasjonen. Sonen Johan kappa etterkvart også den flotte eføyen som ho hadde planta inn til trappa. Synnøve minnes at dei tre søstrene Eddy, Olga og Helene Røvik brukte å sitte å hygge seg med brettspel på akkurat denne trappa framom hovudhuset.

Garsendhaughuset vart delt inn i ein kår-del og ein del for Johan og Eddy i 1941 slik skikken ofte var den gongen. Når ein kom opp trappa på framsida av huset var den venstre parten for drivarane medan den høgre halvparten vart nytta av kårfolket Joakim og Elise. På loftet var der klassisk utforming med eit soverom i kvar ende av huset, omkransa av nokon mindre rom og kott. På arka over inngangsdøra var der også eit litt større soverom som var kaldt om vinteren og alt for varmt i om sommaren, då sola kunne skine på glasa heile dagen. I hovudetasja var der stove i kvar ende, felles spisskammers og kjøkken. Spiskammerset var delt i to med eit stort skap og kvar si dør. Dei kunne ikkje gå inn i den andre sin del via eiga dør, men ordninga var slik at når det vart mjølka så var dette Olga Rørvik sitt arbeid. Ho gjekk då inn via Johan og søstera, Eddy, sin del av spisskammerset for å plassera ein mugge med mjølk over i kårdelen sitt skap. Elisa hadde alltid ei skål med mjølkeringe til modning. Ein mattradisjon som er mest vekk i våre dagar.

Elisa fekk leve to år lenger enn Joakim, som døydde i 1955. I desse siste åra levde Bertha Rønning hos henne. Synnøve hugsar Bertha som ei lavmælt og snill kvinne som var til stor hjelp og ikkje minst hygge i huset. Ho sleit en del med halting då den eine foten var litt kortare. Ho hjalp også mor til Synnøve, Dagny, med å strikke sokkar og ein fana-genser til Synnøve. Det gjekk føre seg slik at Berta strikka med ein tråd. Når ho hadde strikka bolen og begge ermane tok Dagny over med to fargar og felling. Både Synnøve og Bertha vart stolte av det ferdige resultatet. Kanskje var det også Synnøve som vart mest stolt då dette ikkje var noko arveklede etter storesøstrene. Ei jul fekk ho nokre søte små grøne fingervottar med broderi på frå Bertha, men desse var kjøpevottar frå Severinbuda. Dette var ikkje den einaste staden Bertha var til hjelp. Ho hadde budd på Ystebøen også, og då Elise døydde i 1957 flytte ho vidare inn på Bøen/Paraten til Ansgar og Tora Indresæter. Kansje er det det den same Bertha Rønning (1917-1993) som var ugift og er begravd i Langevågen.

Dei siste poståpnarane på bruket

I 1941 fekk sonen Johan Ingvald Joakimson Emblem (1900-1973) overta Garsendhaugen etter foreldra sine. Han fekk skøyte på bruket det same året. Han var gift med Eddy Ovidie Johansdotter Rørvik (1903-1981) frå Vigra. Han tok over poståpnarstillinga formelt frå faren, men det var nok heller Eddy som dreiv postkontoret. Det låg framleis i kjellaren på Garsendhaugen heilt til ho gav seg i 1969. Der finst ei rekkje artige små historiar frå Eddy si tid bak skranken. Synnøve minnes Johan som ein av dei snillaste menneska ho har møtt. Hjelpsomheita låg i slekta som ei god arv etter oldefaren «Kjøt-Iver». Takka vere Johan og tvillingsøstra hans, Anna, så vart den tunge tida, etter at foreldra til Synnøve, Severin og Dagny så brått vart revne bort, lettare å kome seg gjennom. Dei var seg sjølve gjennom heile denne tunge tida og det var det som skulle til akkurat då. Dei var så gode å prate med. Anna budde like nært «Severinbuda» som Johan. Ho budde nemleg på Elvarum, i det som hadde vore den første landhandelen på Emblem. Saman med ektemannen, Ole Hesseberg frå Oppigar, hadde dei kjøpt dette vesle bruket og busett seg der. Ole kalla seg etterkvart for Berg, og «Larsbuda» fekk difor namnet «Berghuset». Dei var foreldra til Olaf Hesseberg som fram til våre dagar har vore grunneigar der. Huset ligg rett vest for Samvirkelaget sin siste utsalgstad i bygda og vert av yngre generasjonar også kalla «Navelsakerhuset», etter dagens eigar.

Johan og Ole åtte hest saman og hadde ansvar for foring og oppstalling kvar si veke. Når veka var slutt vart den leid til neste innkvarteringstad. Synnøve minnes at ho fekk ri og køyre med hesten så mykje ho ynskte når den var på Garsendhaugen. Om sommarane var ho også med på å trakke høylasset. Oppe i fjellsida ved Røssevollelva utanfor Fursetgarden hadde Johan slåtteteig. Den var bratt og då kunne ikkje ungane sete på det veldige høylasset før dei kom ned på litt flatare lende. Når høyet var berga i hus fekk dei hoppe i høyet frå dei høgaste betane. Ho fortel at ho stadig vekk vart beden om å hjelpe til med å sveive slipesteinen når han såg henne. Slikt arbeid tok si tid. Han spytta skråtobakk, kjende etter med fingrane for å kontrollere arbeidet før han sette i gong igjen med ljåbladet mot den runde steinen. Det verka som om det aldri vart bra nok.

Johan og Eddy fekk ingen born, så niesa, Ellinor fekk kjøpe ut bruket på odelsretten saman med søstrene Synnøve og Rannveig, som vart medeigarar. Ellinor og Synnøve fekk 2 partar kvar i garden, medan Rannveig fekk 1 part. av desse partane vart det seinare frådelte tomter. Det heile vart tinglest i 1978, fem år etter at Johan hadde gått bort.

Frådeling og oppstykking

Det har ikkje blitt frådelt så veldig mange tomter frå det opphavelege bruket på Garsendhaugen før 1978. I 1937 fekk Severin J. Emblem og kona, Dagny, frådelt ei hustomt ved den gamle hovudvegen i bygda. Huset var av dei finaste butikkhusa i sitt slag før krigen. Det vart liggande i det som må kunne kallast eit slags sentrum i Emblemsbygda, midt mellom Akslabuda på Magnusbakken og landhandelen på Elvarum like ved Ebbehola. Der kom det seinare eit nybygg for Emblem Samvirkelag også.

Av andre tomter kan bruksnummer 83 nemnast. Det er den einaste hyttetomta, som vart seld i 1958. Den ligg framleis ovanfor bøgarden litt vest for Røssevollelva og Fursetgarden, Det er truleg omtrent der at slåtteteigen ein gong låg. Det vart også seld tomt til den nye automatiske telefonstasjonen i bygda i 1960 og tomt til bygging av undergangen rett vest for tunet i 1969. I dei siste åra har tomta til gamlebutikken vorte seld til hustomt og markane kring Severinbuda og telefonstasjonen til Emblem Bygg Eiendom a/s som skal bygge boligar for sal. Dette nøkkelferdige boligar, slik som på naboeigendomen Elvarum.

I 1991 vart tunet på Garsendhaugen frådelt med bruksnummer 168. Ålesund Kommune hadde kjøpt tomt der i 1988 slik at Husmorlaget og Helselaget på Emblem kunne starte med bygging av eldreboligar under det juridiske namnet «Emblem Boligstiftelse for eldre». Dei hadde vorte einige med grunneigarane om eit mogeleg kjøp av tomta så tidleg som i 1984, og slik vart det også. Nevøen til den siste brukaren, Olaf Hesseberg, vart etterkvart også med i styret ein periode. Før bygginga kunne ta til vart løa riven og hovudhuset brend ned i ei brannøving for brannvesenet i Spjelkavika.

I dag består Garsendhugen av eit lite markastykke rett vest for Negardsvegen ved busstoppet, ein skogteig i granskogen på Legane og ei lita stripe grøftekant aust for Severinbuda. Eldstedottera til handelsmannen Severin J. Emblem, Ellinor Jofrid Emblem (f. 1939) er dagens grunneigar der s. Ho er no busett på Hamar. Takka vere henne og søstera Synnøve Emblem kan likevel minnet om Garsendhaugen leve vidare i tekst og bilete her på www.Emblemsbygda.com


Kjelder:

http://gardskart.skogoglandskap.no Opplysningar og eigendommar og grenser på nett

Kyrkjebøker og panteregistreringar frå www.digitalarkivet.no

Muntlege opplysningar frå Harry Akslen.

Rabbevåg, Egil: Slektsoversikt over gardane på Emblem (eige skriv)

Skriftlege opplysningar og bilete frå Synnøve Emblem, Ellinor Emblem og John Moe. Utan dei hadde dette ikkje vore mogeleg.

www.seeiendom.no Grunnboksopplysningar på nett.

Østrem, Svein Ove: «Emigrantar og amerikafarande 1900-1930» http://www.emblemsbygda.com/194399997

Østrem, Svein Ove: «Historia om postkontora på Emblem» http://www.emblemsbygda.com/52378465

Øverli, Ragnar: Gardsoge for Borgund og Giske band II, Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1961

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
25.05 | 17:31

Skulle gjerne visst mer om Johan, min bestefar.

...
11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE