Historia om Severin J. Emblem og Severinbuda

F. Haugen sitt måleri av Severinbuda slik den truleg såg ut då butikken stod ferdig. Seinare vart butikken påbygd. Biletet et avfotografert av Synnøve Emblem

Her har kunstnaren Leon Ørbeck frå Antonesgarden teke seg nokre kunstnariske friheiter på bakgrunnen, men ei fint bilete frå 1943 er det. Ogrinalen er avfotografert av Synnøve Emblem og justert digitalt av Arve Flem

F.v.: Severin J. Emblem, Dagny Blindheim Emblem, Anna Blindheim Myklebust og Petra Blindheim Skytterholmy på trappa utanfor butikken. Ellinor Emblem ligg i vogna. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Den første Sevrinbuda låg på motsett side av vegen for det nyaste butikkbygget som enno stend i bygda, om enn kun som bolighus med adresse Gamle Emblemsveg 67. Bygget vart til sist nytta som mjøl- og fryselager. Butikkdamene på bildet er: Oddny Hjelmeland og Ingrid Lundanes gift Ødegård.Biletet er utlånt av Annie Hesseberg og namna har Olaf Hesseberg funne fram til.

Baorn på kjelke utanfor butikken f.v.: Anne-Margrethe, Rannveig, Ellinor og Synnøve Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Butikkdamer på Sevrinbuda ein gong kring første halvdel av 1950-talet. Butikkdamene på bilete er: Frå venstre Magnhild Rydjord gift. Aarset bor på Åfarnes. Marie Bakke gift Bjørkavåg. Asbjørg Larsen gift Gjertsen. Fotografen er ukjend.

Bilag på sal av 5 meter ty og sytråd til idrettslaget. Kan det vere dette dei laga merkeband til skiløypene ved konkurransar av? Billaget vart funne på golvet på Ungdomshuset "Borgheim" rett før rivinga av bygget.

F.v.: Rannveig, hund og Anne-Margrethe Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Butikkdamene hos Sevrin Emblem. Biletet er tatt ein gong kring første halvdel på 1950-talet. Butikkdamene er: Frå venstre Magnhild Rydjord gift. Aarset. Ho bur på Åfarnes. Marie Bakke, gift Bjørkavåg. Asbjørg Larsen, gift Gjertsen. Borna er f.v.: Rannveig Emblem, Egil Navelsaker og Anne-Margrethe Emblem Fotografen er ukjend men vart truleg kopiert frå orginalbilete som tilhøyrer Synnøve Emblem. Takk til Asbjørg Gjertsen og Olaf Hesseberg som har funne fram namna.

Ellinor Emblem og barnevogn ved inngangspartiet til butikken. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Den nyaste Sevrinbuda. Butikkdama heiter Annlaug Mork og er frå Bjørke i Hjørundfjorden, men i dag busett i Ørsta. I dag er huset kun nytta til boligføremål med addressa Gamle Emblemsveg 67. Butikken vart bygd ved den gamle bygdevegen på marka til Garsendhaugen, der Sevrin vart fødd. Han hadde reklameslagordet "De ringer vi bringer". Den første interesse hans for butikkdrift vart kveikt då han arbeidde for Hans I Furseth. Biletet er utlånt av Annie Hesseberg. Takk til Olaf Hesseberg for informasjonen

Herr og fru Madsen, Dagny, Ellinor og Anne-Margrethe i vogna. biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Snøbilete ved hagegjerdet. Severin, Ellinor og Rannveig Emblem sittande på sparken. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Severin Emblem og den næraste slekta er samla hos Severin Emblem i barnedåpen til dottera Synnøve. Den gamle mannen som har eit kryss ved seg er Joakim Emblem. Denne fotostatkopien tilhøyrer Emblem Skule sitt arkiv

Ellinor Emblem i hagen med Garsendhaugen i bakgrunnen. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

F.v.: Lida Kaldhussæter med Kari og Dagny Emblem med Ellinor. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Ved hagegjerdet. F.v.: Severin, Rannveig, Anne-Margrethe og Synnøve Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

To jenter i bunad. F.v.: Anne-Margrethe og Ellinor Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Bryllupsbilete av Severin J. Emblem og Dagny fødd Blindheim i 1938. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Heime hos Anna Blindheim Myklebust og Karl Myklebust. Dei sit lengst mot venstre med dottera Vigdis Myklebust Hovland. Vidare mot høgre sit Anne-Margrethe, Severin, Ellinor og Dagny Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Ellinor Emblem i hagen ved Severinbuda 1940. Garsendhaugen i bakgrunnen. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Barndomsbiletet av Ellinor Emblem frå omlag 1941. Stabburet syner i bakgrunnen, men kven er barnepika? Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Severin J. Emblem i midten er avfotografert i 1948 på Fløien i Bergen. Ein veit ikkje meir om dei som står ikring, men det er kanskje snakk om eit møte eller konferanse for handelsmenn eller noke slikt. Biletet er lånt ut frå Rannveig Emblem Moe sitt album.

Eit lite 17. mai minne med glimt av den gamle Severinbuda som etterkvart vart lager med fryserom. Fotografer en truleg Rannveig Emblem (g. Moe) og syner Rønnaug Nedregotten (g. Hoel). Biletkopien er utlånt frå Rannveig sit album

Severin Emblem var i si tid ein av kun to som hadde privatbil i bygda. Den andre var Per Nedregotten frå Steffågarden på Nedregotten. Biletet er tatt i 1953, då han skulle køyre Annie Hesseberg til Ålesund. Ho var på veg til Antwerpen for å bu hos ein norsk preste-familie som var utstasjonert ved sjømannskirka der nede. Under krigen vart privatbilane konfiskert av tyskerane, men dei fekk ikkje tak i Per, sin. Han gøymde den i høystålet i løa si heilt til krigen var over. Biletet tilhøyrer Annie Hesseberg

Eva Dale på spark på vegen omlag der Olaf Hesseberg bygde hus. Severinbuda i bakgrunnen. Biletet er lånt ut av Synnøve Emblem

Familiebilete av Svein-Dag, Johnny, Eva og Ellinor. Dei tok over drifta av Severinbuda i 1960 og busette seg i andre høgda. Svein-Dag var siste eigar av huset frå Severin-slekta. Biletet er lånt ut av Synnøve Emblem

Søskenborna f.v. Sheila McClelland og Svein-Dag Dale utanfor Severinbuda ein vinterdag då Anne-Margrethe var i heimbygda. Biletet er lånt ut av Synnøve Emblem

Frå Severinbuda mot tomta der gamlebutikken stod. Bensinpumpa stod fortsatt. Biletet er lånt ut av Synnøve Emblem

Frå verandaen på Severinbuda med gamlebuda bak. F.v.: Ellinor Emblem, Ester og Ingeborg Barman, Johnny Dale. Frame f.v.: Eva Dale, Rannveig og Christian Moe. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

F.v.: Svein-Dag Dale og Olaf Hesseberg. Biletet er teke i forbindelse med maling av Severinbuda i 2010. Foto: Synnøve Emblem

Severinbuda våren 2016. Framleis lett å kjenne igjen. Foto: Svein Ove Østrem

Severinbuda våren 2016. Framleis lett å kjenne igjen. Foto: Svein Ove Østrem

Bygdesoga for Emblem vert ikkje komplett utan eit stykke om ein av dei mest særmerkte handelsmenn som Sunnmøre har fostra i nyare tid - ein mann som eg berre har høyrt lovord om, over 50 år etter at han gjekk bort. Det handlar med andre ord om Severin Ragnvald Joakimson Emblem (1906-1960), eller Severin J. Emblem som han sjølv likte å kalle seg.

Severin vart fødd den 21. januar i 1906 og døypt den 22. april det same året. Foreldra var gardbrukar Joakim Johanson Emblem (1870-1955) frå Garsendhaugen og Elisa Iverdotter Furseth (1878-1957) som vaks opp på Skorene og Eikenosa. Dåpsvitna var « lærer K. Furseth og hustru, Johan Eliasen Emblem, Karn Ingeborg Hans dtr Ekornaas, Anton? Siverinsen Emblemsvaag og pige Gurine Ivers dtr. Ekornaas». Alle saman var truleg slektningar. Lærar Knut Furset og kona Oline, (f. Magerholm) , var onkel og tante til Elisa, medan Gurine var søster. Anton Siverinsen Emblemsvåg var stesonen til Anne Eline Johansdotter Emblem frå Garsendhaugen. Ho var med andre ord tanta til Severin og gift i Antonesgarden i Emblemsvågen. Johan Eliasen Emblem var farfar til dåpsbornet. Karn finn eg derimot ikkje att nokon stad. Det er mogeleg at det kan vere feilskrive namn. Kanskje er det tanta som også har vorte skrive ned i folketellinga som «Karn», men det er enno usikkert. Skikken på den tida var som regel at borna vart kalla opp etter slekt frå generasjonane føre, eller at dei fekk namn etter eldre søsken som døydde tidleg. I dette tilfellet vil eg tru at det var onkelen Severin Julius Martinus Emblem (f. 1867) han vart kalla opp att etter. Han var sjømann som emigrerte til Minnesota i 1893, 13 år i forvegen. I tillegg hadde farfaren Sevrin som mellomnamn.

Severin vaks opp på Garsendhugen, bnr. 2 under matrikkelgarden Emblem midt i bygda. Faren tok etter kvart over poståpneriet etter grannen og handelsmannen Lars Olsen Emblem på Elvarum. Mora Elise var veldig interessert i blomster og fylde etterkvart hagen med det som den gongen var eksotiske vekstar frå mellom anna Danmark og Holland. I tillegg var ho dyktig med handarbeid. Han rakk ikkje å oppleve smørmeieriet i elva like ved tunet, men historiene vart han truleg godt kjend med. Fleire av dei som arbeidde der hadde nemleg hatt husrom på nettopp Garsendhaugen. Ei av gardskonene like ved hadde dessutan gifta seg i bygda og material frå det nedlagde meieriet var det morfaren, «Kjøt-Iver», som hadde kjøpt åt tanta og onkelen til Severin på Bjørkavollen ved Puskhola. Dei trong ny løe og Iver stilde altig opp der han kunne hjelpe. Slik fekk både hesten og hønene bu «standsmessig» med perlermorpanel på veggane.

Severin var den femte i rekka og difor ikkje nokon odelsgut, så han måtte finne seg eit anna utkome i livet enn landbruk. Han fekk nok tidleg interesse for handel og var dessutan fødd inn i ei gryande handelslekt. Bestefaren, Iver, var ein av dei dyktigaste slaktarane i distriktet og truleg den første som løyste torgrett på det nybygde Kipperviktorget kring 1885. I tillegg dreiv han stort med kjøp og sal av livdyr og åtte gardsbruk fleire stadar i bygda. Han starta etter kvart også opp ein landhandel på det fyrste småbruket som han bygsla i 1880 med namnet Skorene. I dette arbeidet laut også borna ta del og det var kanskje tanta Karen som dreiv butikken i byrjinga. I 1910 var Johanna, ei anna tante, bestyrar. Mora, Elisa, var nok med og hjalp til der det trongst, slik fursetslekta var vel vande med. Både born, svigerfamilie og borneborn hjalp til i slåttonna hjå «Kjøt-Iver» på Eikenosa, og slik fortsette dei også å hjelpa kvarandre lenge etter at Iver gjekk bort. Severin var nok meir enn ein gong oppe i løa på Eikenosa. Broren Johan var minst like ivrig. Der vart også skytevåpena på garden lagra. Johan hadde i barndomen vist desse særleg interesse trass advarslar var dette noko som var spanande å leike litt med. Men ein dag gjekk det gale. Eit av våpena gjekk av og delar av fingeren til Johan gjekk med i same slengen. Heldigvis vart ingen skada meir enn det, men det må ha sett ein alvorleg støkk i dei som opplevde det heile.

Severin var truleg jamnt og trutt innom butikken åt morfaren i det vesle grå huset på Skorene der

det meste kunne kjøpast i laus vekt. Me skal ikkje sjå heilt bort ifrå tanken om at også han vart freista til å sette fingeren i den store sirupstynna ein gong eller to også. På buda var det at folket i bygda møttest. Her fretta dei nytt og her kunne også spanande fortellingar frå framande land møte sitt bergtatte unge publikum. I mange tilfelle var det nesten som eit skodespel mellom selgar og kjøpar når alt skulle vegast. Karl O. Emblem fortel: « dei hadde desse balansevektene, skålvektene me kalla, og det likte dei godt gamlekarane, då såg dei om det blei gitt god eller dårleg vekt. Det var voldsomt ka dei grein på nasa då dei kom desse nye vektene, med denne lange visaren og ei masse tal. Dei var skeptiske og der var dei som var snare og heiv opp loddern når dei kom heim for å ta stikkprøver på om det var rett vekt. Og så var der ei gammal kone der i nærheiten som var nokså jamne med det der, og når ho fekk det til å stemme då, sa ho: Å jammen vog ho Sanna rett! Dei hadde ikkje så mange kroner å leggje frå seg i forretningane»

I tillegg var dette barndomens rike og Severin såg i alle år opp til bestefar sin, Iver Karlson Furset, som fekk utretta så mykje. Severin var heller ikkje den einaste som gradvis fekk vekt interessa si for handel. Onklane Karl og Hans vart også handelsmenn etterkvart. Karl starta «Iversen Kolonial» på Høybråten ved Oslo, medan Hans tok over butikken på Skorene etter søstrene sine og flytte den inn i nybygd butikk på Magnusbakken like ved Garsendhaugen. Der fekk også Severin arbeid og opplæring i butikkdrift. Han var då omlag 14 år gamal. Hans selde butikken vidare etter kort tid då han fekk tilslaget på den tidlegare Kooperative forretninga i Spjelkavika. Der var det nytt forretningsbygg og bustad i andre høgda. Han endra også namnet til Iversen, slik som broren Karl hadde gjort. Grunnen til det er eg usikker på, men truleg hadde det samanheng med at Iversen var eit meir allment og nøytralt namn for den som skulle flytte ut og etablere seg på ein ny stad.

Butikken på Magnusbakken kom no over i eiga til ei anna grein av morslekta til Severin frå Øvste- Aksla. Mormora kom nemleg derifrå. Her var det nok onkelen Lars K. Akslen som var den mest aktive i drifta frå starten av. Han hadde også hatt arbeidd der tidlegare under Hans Furset saman med Severin, før han hadde reist til amerika ein periode for å tene meir pengar enn det som den gongen var mogeleg i heimbygda. Amerika var på den tida sjølve drøymelandet. Du kunne til og med få gratis reise dersom du vart verande i eit år. Det var særleg i tømmerindustrien på vestkysten at arbeidet var godt betalt. Ein av dei store i bransjen var endå til frå Sykkylven og så godt kjend at du kunne komme deg heilt fram utan å kunne eit einaste ord engelsk. Rekrutterte du nokon fekk du tur-returbilletten din gratis. Dette vart løysinga for den som hadde ynske om å få seg eit gardsbruk, eller ein butikk slik som Lars og broren Knut Akslen. Frå 1900 til 1925 hadde mest kvart gardsbruk i bygda hatt ungdomar på kortare arbeidsopphald der borte. Fleire hadde til og med busett seg i Amerika.

Kanskje var det slik at Severin kom på trua om at også han ein dag kunne starte opp for noko seg sjølv. Etter 1929 tok nemleg ein annan tidlegere ansatt, Thomas Kristoffersen, over butikkdrifta på det som no vart kalla for «Akslabuda». Det kan ha påverka Severin også, for då trong han ikkje konkurrere med den næraste slekta. Han hadde i alle år eit godt forhold til farfaren «Kjøt-Iver», som nok var med å styrke han i trua på at dette var vegen å gå, men først trong han meir teoretisk ballast. Severin fekk seg handelsutdanning i Oslo. Der budde han truleg hjå onkelen, Karl, på Høybråten og kvitterte nok for opphaldet med å arbeide for han i ledige stunder også.

I 1930 eller 1931 hadde han kome heim att til bygda. Der fekk han frådelt eit lite stykke frå farsgarden rett aust for Akslabuda. Her starta han forsiktig opp ein liten butikk som gradvis vaks seg større. Severin utmerka seg tidleg som eit forretningstalent. Han hadde nok arva mykje frå far sin, og han hadde frå barnsbein av hatt gode førebilete ikring seg. Når Joakim henta posten på dampskipskaia i Emblemsvågen så fylgde eit kobbel av ungar med han opp att på Garsendhaugen og venta tålmodig medan han sorterte dagens post. Fleire var so nysgjerrige at dei nærmast låg over disken. Joakim var glad i born og av han lærte Severin truleg meir om betydninga av gode relasjonar med kundane for den som skulle drive handel i konkurranse med andre. Eit godt forhold til borna kunne seinare medføre trufaste kundar når dei vart eldre. Lars på Elvarum hadde hatt same

filosofi. Severin hadde truleg vore med på 17. maifeiringa der Lars hadde delt ut gratis wienerbrød til borna og spela marsjar på grammofonen sin frå vindauget på butikken. Mi oldemor Martha Dale frå Norddal var ansatt hos han fram til den første verdskrigen braut ut. Då var det også vanleg å tilby ein liten godbit til ungane som kom for å handle for foreldra sine.

Omlag samstundes som Severin starta sitt handelslag hadde Peder Myrstad teke over den tidlegare Akslabuda og ansett svigerinna si, Anna Hundeide, som bestyrar på «Myrstad Filial». Ho vart gift i Negarden. Dottera Lillian har fortalt om ein annan strategi i kampen om kundane. Som småjente fekk Lillian oppdraget med å stå oppå disken og synge for kundane slik at dei skulle stoppe opp og handle der framfor hjå konkurrenten, Severin. Det vart etterkvart ein «hard konkurranse» om kundane i bygda, for han synte seg å verte ein særs dyktig handelsmann. Han utvida den første butikken sin både ein og to gongar før han fekk frådelt og tinglest ei ny tomt frå farsgarden, og bygde der den store butikken med leiligheita i andre høgda like før andre verdskrigen tok til. Det vart ein diger butikk utan sitt like i bygda på den tida. Varebehaldninga auka også gradvis fram til han fekk det største utvalet i distriktet.

På den tida var det ikkje å sette seg i bilen, slik som no, for å kjøre til neste butikk eller kjøpesenter. Det var difor langt meir enn berre mat som ein landhandlar måtte ha på lager. Journalist og sambygding, Peter «Peto» Hesseberg, skreiv ein gong i Sunnmørsposten om ein som hadde leita etter badmingtonballar. Dette var i ei tid med vareknappheit og rasjonering i landet vårt. Over alt fekk han vite at slikt ikkje fanst på lager i Norge. Til slutt kom han på å henvende seg til Severin som spurte attende om han skulle ha eitt eller to dusin...

Giftermål og familieliv

Den 29. mai 1938 vart det halde bryllup på Garsendhaugen. Bruda heitte Dagny Larsdotter Blindheim (1910-1960). Ho vaks opp i nabobygda, men hadde besteforeldra sine på morssida frå Mattisgarden på Østrem. Der hadde ho nok vore ein del i oppveksten. Det var eit føregongsbruk i bygda. Onkelen (Nils) Matias Ole Andreas Halvorsen Østrem (1852-1936) hadde vore den første som dyrka opp alle markane sine til maskinell drift med hesteslåmaskin, høyvender og kunstgjødselspreiar. I tillegg var han handelsmann også. Matias åtte mellom anna ein part i ei bankskøyte, kjøpte inn tørrfisk og bygde seg sjøbud nede ved Østremsjøen. Båten vart også nytta til direkteeksport av klippfisk heilt til Spania, og han var fleire gongar på handelsferd i England. Svogeren til Dagny var presteson og elektroingeniøen Arne Barman (1872-1947) frå Haram. Han var gift med den søstera Ingeborg Blindheim (1890-1977). Av han kom Matias på trua om å bygge sitt eige minikraftverk i 1913, som den første i Borgund kommune.

Den 30. juni 1939 kom eldstedottera Ellinor Jofrid til verda. Kundar og naboar kunne no høyre barnelåt og kanskje også få seg ein litan kikk oppi vogna den sommaren. Det var ikkje fritt for tilbod om å trilleturar heller. Kvardagen på Severinbuda vart frå no av fyld med meir enn berre varer og sal, for no hadde det kome bornelykke i huset. Severin hadde i fleire år vore ein habil amatørfotograf. Han selde allereie nokre av dei finaste bygdebileta som trykkte postkort i butikken sin, men frå no av vart det også stadig fleire familiebilete til eigen album. Mange av dei hadde butikken, hagen og Garsendhaugen som bakgrunn, men det var som regel dottera Ellinor som var hovudmotivet i framgrunnen.

Med nokre års mellomrom fekk Ellinor tre systre til. Den første var Anne-Margrethe i 1941, så kom Rannveig Berit til verda fredsåret 1945 medan Synnøve Dagny vart fødd i 1947. Synnøve fekk kanskje mellomnamnet sitt frå mor si, eller i alle fall morslekta. Dei vaks opp i sentrum av Emblemsbygda med besteforeldra på Garsendhaugen, kun eit steinkast unna. Vener var der nok av, både dei som budde i nærleiken og dei som hadde foreldre arbeidande på butikken. Søskenborn frå Fursetslekta fanst mest over heile bygda og besteforeldra på Blindheim budde heller ikkje så langt vekk. Her midt i bygda var der postkontor og to daglegvarebutikkar. Samvirkelaget vart starta opp

og tatt over både leigekontrakt og varer i 1946, då Myrstad Kolonial hadde lagt ned drifta på Magnusbakken. Etter nokre år der flytta dei inn i sine nye butikklokale ved Ebbebakken litt lenger aust. Butikkane var for mange framleis ein samlingstad der bygdefolk i alle aldrar møttest og hadde tid til ein prat attåt. Det var framleis trygt for borna å ake med kjelkar midt på bilvegen og det gjekk også sport i å sjå kor langt ein kunne renne på ski frå gamleskulen ved Ungdomshuset på Hjellhaugen. Var føret godt kunne ein renna nesten heilt ut til Severinbuda. Sommartida var det trygt og godt å vere i den inngjerda hagen utanfor Severinbuda, eller delta i gardsdrifta med hest og høying hjå onkelen, Johan, på Garsendhaugen, og søstrene var ikkje dei einaste. Synnøve fortel også at familien gjerne drog på biltur på søndagen. Ho vart lett bilsjuk, så ho fekk vere hjå besteforeldra i staden. Derifrå kunne ho sjå når lysa vart slått på heime og det var på tide å gå ned att. Både Johan og farmora Elise var flinke til å la borna få ta del i arbeidet sitt. Stadig vekk trongst det hjelp til å dra slipesteinen, men der var også mykje tid til å få ri på hesten som han delte med svogeren Ole Hesseberg på Elvarum. Eit av dei siste teppa som farmra Elise knytte fekk Rannveig vere med på. Ho var stolt då ho sidan fekk arve nettopp det teppet.

Nybutikken

Den 4. august 1937 hadde altså Severin fått frådelt ei ny tomt frå farsgarden, Garsendhaugen. Den låg på andre sida av bygdevegen for staden der gamlebutikken og bensinpumpene stod. Her fekk han teikna og oppført det flotte huset med valmatak og funkisvindauge i andre høgda som til og med fortsette kring hjørna på huset. Der var det mellom anna leiligheit der han sjølv busette seg og stifta familie.

I første høgda bygde han ei framtidsretta forretning med store utstillingsvindauge og eit spesiallaga dørhandtak med initialane «S E». Slikt eit bygg var ein ikkje vand med her ute på bygda. Fredrik Emblem kan fortelle at der var ein halvvegg framom utstillingsvindauga mot vegen. På den tida gjekk bilvegen tett inntil veggen på butikkane i bygda frå Akslabuda på Magnusbakken og austover forbi butikken til Severin. Vegen gjekk så vidare til den gamle landhandelen i «Berghuset» på Elvarum og seinare også forbi Samvirkelaget. Vegen er der framleis og vert i dag kalla «Gamle Emblemsveg». Dette området vart etter kvart som eit handelsentrum i bygda. Der vart alle butikkane, med unntak av gamlebuda på Skorene, bygd. Postkontoret låg også inntil vegen heile tida, med unntak av den perioden kontoret heldt til eit steinkast unna i kjellaren på Garsendhaugen hjå foreldra, og seinare broren til Severin.

Halvveggen framom utstillingsvindauga vart bygd slik at ein kom lett til for å endre utstillinga. På andre sida inn mot butikklokalet var der ein benk der gamlekarane samla seg. Nokre meter unna benken stod spyttbakken. Når karane snudde på haudet og spytta så traff dei som regel med hovuddelen av klysa, men der var også tynne striper av tobakk og spytt bortetter golvet mot spyttbakken. Ebbe-Elias var den einaste av dei som ikkje tygde tobakk. Han røykte den i staden. Det gjekk med nokre fyrstikke når han fortalde. Han starta alltid fortellinga med samme strofe før han tok ein pause og smatta på pipa si: «Ej seie no som so» eller noke slikt. Når Elias fortalde frå si tid på sjøen så hadde han ikkje noko problem med å fengsle publikum, men han svidde nok fingrane rett som det var då han gløymde å fortsette opptenninga av pipa si.

Kring 1939 vart gamlebutikken ombygd til lager og fryseri når den nye stod ferdig. Marie Bjørkavåg fortel at allereie i 1950 vart den vidre modernisert Det var det året ho fekk seg jobb der, ei stilling ho hadde i 4 år fram til 1954. Han la sjela si i arbeidet med butikken og sparte seg aldri.

Engasjert i felleskapet

I likheit med mange av sine jamnaldringar i samtida så engasjerte Severin seg i ungdomslaget i bygda. På den tida vart det starta idrettslag i 1932 og ein hadde frå før av nokre kristelege songlag og godtemplarlosjar i regi av fråhaldsrørsla. Om Severin var med i fleire av desse er usikkert, for der finst ikkje nokon kjende medlemslister at i fleire av desse laga. Men i møteprotokollen for

ungdomslaget kan me sjå at han var særs engasjert i byggjesaka for å få bygd eit eige ungdomshus. Dette engasjementet delte han med formannen og naboen Karl O. Emblem. Dei to skal ha mykje av æra for at det etter mange års ønsker og prat vart handling bak orda frå våren 1933. Severin var sjølvskriven medlem av byggekomitéen og fekk overtala nærliggande ungdomslag til å låne ut husteikningane sine, som Knut Nedregotten tilpassa. Dei to fekk med seg Alfred Østrem og Georg Emblemsvåg på laget. Severin var sjølvskriven som kasserar på prosjektet og lånte ut pengar jamnt og trutt til ei rekke små og store innkjøp undervegs. At han var handelsmann av yrke kom soleis godt med. Då dei skulle få tak på sceneteppe hadde Knut fått eit godt tilbod på stoff hjå ein han tidlegare hadde bygd hus åt, og som no arbeidde i ein av Devold-butikkane. Severin betalte teppet kontant og på handelsmanns vis trekte han ifrå 10 prosent kontantrabatt. Det hadde ikkje selgaren rekna med då han gav tilbodet, så fløyelsteppet enda på ein særs god pris. Etter at huset stod ferdig gjekk han også inn i husstyret og eg vil tru at laget fekk brukbare rabattar hjå han i dei komande åra også. Ungdomslaget var heller ikkje dei einaste som kunne nyte godt av å ha ein handelsmann i bygda.

Den 26. september 1938 underteikna styret i Emblemsbygda Billag gjeldsbrev på kr. 1050,- hjå Severin. Busselskapet hadde året i forvegen gått frå å vere andelslag til aksjeselskap. Det er vanskeleg å seie med sikkerheit kva pengane skulle nyttast til, men det er mogeleg at pengane vart nytta til å finansier det neste busskjøpt, som var eit Opel Blitz chassis hos Oscar Rørhuus. Karosseri vart påbygd hjå T.Knudsen i Kristiansand. Oskar Emblem fortel i historia om selskapet at denne bussen vakte stor oppsikt. Då dei som henta den ferdige bussen hadde fått seg litt mat i Oslo såg dei nesten ikke bussen att i mengda av folk som stod å såg på den . Det var den finaste bussen dei hadde sett, vart det sagt.

Men so kom krigen, og det vart mangel på det meste, unntatt mjølk og poteter. Bensinrasjonerina lot heller ikke vente på seg, og då var det ikkje like lett å vere handelsmann og bensinselgar. Det tok nemleg ikkje lang tid før bilane og bussane måtte benytte vedgassgenerator i staden. Likevel vart bygdefolket og laga tekne vel vare på. Heilt fram til vår tid fekk dei i tillegg til rabattar også mogelegheit til å levere attende varer som dei ikkje klarte å selje på mellom anna 17. mai. Den tradisjonen heldt seg vidare sjølv då Samvirkelaget vart den einaste gjenverande butikken i bygda etter 1973. Det var soleis ingen økonomisk risiko for dei laga som tok på seg å arrangere sosiale treffpunkt til glede for bygdefolket. Det var heller ikkje fritt for at slik godvilje gav meir handel og fleire trufaste kundar også. No var det ikkje så mykje til grunnlovsfeiring før etter den andre verdskrigen, men der var likevel fleire sosiale arrangement å delta på. Av dei som har gått over i historia er pølsefestane og dansetilstelningane til idrettslaget. Morsdagsfeiring og julefesten på Ungdomshuset likeså. Samtidig har nye kome til med fleire korps og foreiningar.

Krigen

I aprildagane 1940 vart Severin innkalla ved den millitære mobiliseringa mot dei tyske okkupantane. Kvelden den 10. april var han frame på Åndalsnes saman med sambygdingane Hans Østrem frå Larsgarden, Petter Kaldhusseter frå Kaldhusgarden, Petter P. Emblem frå Ystebøen og Louis Vennersberg, med slektsforbinding til både Severin og Mattisgarden på Østrem. Den siste av dei mobiliserte, Karl O. Emblem, fortalde følgande om Severin på lydband til krigshistorikar Ragnar Ulstein:

«Vi kom inn til Åndalsnes og blei mottatt der då seint på kvelden, eller det va no vel nærmare natt. Og vi fikk ta inn på annekset til Grand Hotell Bellevue på Åndalsnes. Der fekk vi vårt første opphald. Han Sevrin Emblem va i grunn den som kom først i arbeid. Han va ikkje stridende, men han va kjøpmann og hadde vare å salg og sånne saker og ting og pakking som spesialitet. Å ej huska at han kom seint om kvelden oppi rommet der som vi heldt til å sa: -Ej he aldri i mitt liv handla så godt som ej he gjordt i dag, sa han. Då ha han ste i heile dagen. So slapp han å vere med

so veldig lenge. Sannsynligvis so va kje det behov for han lenger for den første fasen da med det arbeidet so han utførte, det va i bunn og grunn ganske fort over.

Severin var med andre ord med i logistikkavdelinga som hadde ansvar for å klargjere dei mobiliserande soldatane, Her var det fleire med kjøpmannserfaring. Severin var 34 år på dette tidspunktet og som veteran å rekne. Om det var kun matforsyningane han arbeidde med, eller bekledninga óg, det veit ein ikkje lenger så mykje om. Eg veit ikkje eksakt kor lenge han var innkalla, men ein tok nok hensyn til at han også hadde ein butikk heime å drifte . Det gjekk heller ikkje så lang tid før dei andre norske soldatane vart avvepna og sende heim att, men dei klarte å sikre fritt leide for konge, regjering og gulltransport. Utan Møre Regiment kunne krigen også ha enda annleis dersom kongen vart teken og heile den norske handelsflåten hadde enda på tyske hender. Severin sin innsats fekk difor betydning for det seinare utfallet av krigen for Noreg sin del.

Ein av dei største butikkane i distriktet

Severin hadde etter kvart kundar heilt ut til Blindheim og Vegsund. Marie Bjørkavåg fortel at han brukte mykje tid på å køyre ut varene til kundane sine. Bil var nemleg ikkje allemannseige den gongen. Han var uklanderleg kledd i kvit kjøpmannsfrakk med pennen klar i brystlomma, kvitskjorte og slips kom attåt. Han heldt kundane sine høgt og gjorde det ytterste for å skaffe det dei måtte ynske. Severin var ein handelsmann av den gamle sorten som ein stadig sjeldnare får oppleve i våre dagar. Med bilrasjoneringa etter krigen vart det heller ingen dramatisk auke i antallet emblemsbygdarar som hadde bil. Næringsdrivande fekk kjøpe først om bilen skulle nyttast i arbeidsammanheng og soleis hadde difor både Severin, Alfred Østrem og Per Nedregotten vore mellom dei få sidan 1930-åra då lensmannen omsider tillet buss- og biltrafikk på bygdevegane i Borgund. Han kunne difor fortsette i mange år å annonsere med: «De ringer vi bringer»

Det kunne tidvis gå litt fort unna, då sjåførane gjerne hadde dette som deltidsjobb på ettermiddagen. Olaf Hesseberg var ein av desse. Etter ein lang dag på «Maskin og Skips» i byen var det å sette seg i den raude varbilen til Severin for å få daglegvarene ut. Bilen fekk forresten tilnamnet «Den røde pil» på folkemunne i Olaf si tid. Tilbodet med utkøyring av varer fortsette i mange år etterpå. Til slutt var det Alfred Hesseberg og Samvirkelaget som tok over dette populære tilbodet etter at Severinbuda var lagd ned. Det er nok vanskeleg i våre dagar å forestille seg kor viktig dette var for kundane den gongen.

Severinbuda vaks jamnt og trutt til ei av ei største landhandleria i distriktet. At Severin kunne tilby drivstoff attåt var heller inga ulempe. Han hadde heller ikkje noko imot å verte fotografert til reklameformål. Ei av desse bileta vart tekne av fotograf Arne Hagen i Ålesund og var for strømpemerket La Mote i «Norsk Kjøpmannsblad». Der kunne han fortelle at han aldri hadde hatt slikt eit strømpesalg som etter at han starta å selje dette merket. Kor mykje som var reklame og kor mykje som var basert på reelle salgstal skal vere usagt, men ein skal ikkje sjå bort frå at det stemte.

Severin produserte også eigne reklameartiklar. Ein av desse var ein kalender med logoar og biletlomme øverst der biletet kunne skiftast ut. Kanskje var det han sjølv som var fotografen også. Det eksemplaret eg har fått kopi av hadde plass til små lappar der datoen kunne rivast av kvar dag. Fordelen med dette var at resten av kalenderen kunne trykkast opp i større opplag då den mangla årstal. Deretter kunne årets bilete og kalenderlappar settast på etter behov. Reklametekstar var der også fleire av. Den eine stod under enkle telefonnummer, 18, og kunne fortelle at han dreiv «Distriktets mest velassorterte forretning». Videre kunne ein lesa at Fryseri og kjølerum stod gratis til kundernes disposisjon og at varene «bringes overalt uten ett øres tillegg i pris». Som om dette ikkje var nok så kunne ein nederst lesa at det var «Større vareutvalg og bedre service hos den private kjøpmann». I ungdomslaget medlemsblad finn ein i 1940-åra spor av lys papirtape med Severin sin logo og valspråk. Den vart nok opprinneleg nytta til å tape mellom anna kasser og konvoluttar, men her har truleg kjøpmannen sjølv teke på seg ansvaret å reparere den velbrukte

skriveboka. I tillegg delte han ut trykte handlelister som kundane kunne skrive på. Det var ikkje vanleg den gongen.

Verva

Sjølv om ein skulle tru at han hadde sitt fulle hyre med den daglege drifta og familie, så tok han også på seg verv utanom. Han sat mellom anna i kontrollnemnda for Borgund Sparebank i fleire år. Han var vararepresentant i «Rådet for distriktsforretninger og nærbutikker», og dette var ikkje dei einaste. I avisreferatet frå begravelsen, publisert 12. juli 1960, kan ein også lesa at han var med i Sunnmøre Kjøpmannslag, Køff Engros a/s Vest, Bensinhandlerenes Landsforbund, bensinhandlarane sitt lokale forbund på Sunnmøre, verv i Mesna Margarinfabrikk og han hadde vore med i landstyret i Norges Kolonial og Landhandlerforbund. Av lokale foreiningar var begge engasjerte i Emblem Indremisjon og Dagny var medlem i Husmorlaget.

Dei første oppgåvene han tok på seg hadde derimot lite med handel å gjere. I det frilynde ungdomslaget på Emblem la ein vekt på å øve opp meir enn berre musikalske prestasjonar. Hovudet trong også påfyll. På den tida han vart med var det få som tok nokon form for vidaregåande skule eller vart studentar frå bygda vår. For dei fleste var den allmenne grunnskulen i bygda nok. Sidan gjekk ein i lære, fekk seg hyre eller drog til amerika for å tena pengar til å skaffe seg ein gard. Andre flytte frå bygda for godt. I mellomkrigstida var det likevel vanskeleg for ungdomar å få seg arbeid så mange gjekk også tiltakslause. På Akslabuda hadde Thomas Kristoffersen hengt opp sandsekk på lageret og gav ungdomane eit tilbod innan fysisk aktivitet. I Fossestova kunne ungdomslaget sine medlemmar møtest for å øve seg på diskusjon og debatt av tidsakuelle tema. Severin var ikkje berre medlem, han gjekk også inn i styre og tok meir enn gjerne ein tørn som bladstyrar for det handskrivne medlemsbladet «Innaumnesingen».

Dei som møtte kvarandre på buda

Severinbuda var så mykje meir enn berre daglegvarehandel. Det er mange som møtte kvarandre og stifta familie i kjølvatnet av at dei møttest nettopp der. No er ikkje dette så heilt unikt, for det same kan seiast om fleire av dei andre butikkane og næringsverksemdene som har vore i bygda vår både før og etter. Lange tider var det vanleg at ungdomar tidleg tok seg teneste på gardar utanfor si eiga heimbygd, og då smørmeieriet vart etablert i 1890-åra kom der også budeier og meierske frå andre kantar. Elias Knutsen Emblem (1869-1949) frå Steffågarden var ein av desse. Han gifte seg med meierska Johanne Larsdotter Svindset frå Ørskog og fekk frådelt Storhaugen frå farsbruket i 1903, der etablerte dei eit nytt småbruk i Emblemsbygda. Det er artig å tenkje på at dei siste drivarane av dette bruket, Anny og Johan møttes på nett same vis då ho kom til bygda frå Melhus i forbindelse med arbeid på Severinbuda.

Av andre som møtte kvarandre der kan kan også Harry og Marie Bjørkavåg nemnast. Han vaks opp på Røssevollen og var i mange år vore særs aktiv i lag og foreningslivet i bygda. Han var mellom anna dirigent i Musikklaget Gjallarhorn. Marie var på ingen måte tingare i så måte. Ho engasjerte seg sterkt i mellom anna bornearbeidet på bedehuset i bygda. Eg hugsar henne særs godt frå søndagskulen og søndagskulemusikken i min eigen barndom. Der var også Asbjørg Larsen, gift Gjertsen, aktivt med samstundes. Ho vaks opp i bygda og hadde også arbeidd på Severinbuda samstundes med Marie, før ho utdanna seg til lærar og fekk seg arbeid på Emblem Skule.

Nokre av dei som har arbeidd på Severinbuda

Av dei eg har namnet på førebels er: Oddny Hjelmeland og Ingrid Lundanes gift Ødegård, Annlaug Mork kom frå Bjørke i Hjørundfjorden, men er i dag busett i Ørsta. Marie Bakke, (g. Bjørkavåg), busette seg som sagt i Emblemsbygda, medan Asbjørg Larsen (g. Gjertsen) var fødd på Emblem, Magnhild Rydjord vart seinare gift Aarset busett på Åfarnes. Det er særleg kjekt at alle desse er avfotograferte og bileta finst framleis i fotoalbumen til Annie Hesseberg. Dei neste har me ikkje bilete av ved Severinbuda. Anny Sivertsen frå Melhus (f. 1935) vart gift med John Andreas Johansen (1930-2003) på nabobruket Storhaugen og busett der. Lillian Emblem (g. Nedrelid) fortel at ho arbeidde to sommerar på Severinbuda i lag med Solveig Sæter, mor til Sigbjørn. Solveig var også ein trufast ansatt i fleire år.

I perioden 1960 til 1965 kunne ein møte Haldis Emblem, Josefine Nedregotten og Ruth Bjørkavåg bak disken. Det var på denne tida at Olaf Hesseberg kjørte ut varene på ettermiddagstid. Sigbjørn Sæter tok også til å arbeide der i 1960. Han nemner i tillegg Karin Leira Solvang, Henny Flisnes, Sylvi Sæter, Ellinor Akslen Giskegjerde og Tor Mittet, der sistnemnde var med på å køyre ut varer i en periode. Dottera til Severin, Ellinor Emblem og Johnny Dale dreiv då butikken.

Frå tida 1965-1973 var mellom anna Torhild Øyen der saman med Ellinor Giskegjerde. Synnøve Emblem kan legge til at Unni Akslen arbeidde samstundes som Sylvi Sæter. Dottera til Henny Flisnes (ovanfor) arbeidde der ho også, og heitte Reidun. I tillegg arbeidde Frida Flisnes på Severinbuda. Ho var gift med Leonard Flisnes som dreiv el-forretning i Spjelkavika. Vidare kan lærarsonen Odd Olsen, bror til Jostein og dottera til Harry og Marie, Sigrun Bjørkavåg. Ho vart andre generasjon med arbeid i same bedrift. Evelyn som dei fleste hugsar frå postkontoret på Magnusbakken arbeidde også der ei tid. Ho vart etterkvart gift med enkemannen Sverre Martin Nedregotten frå Syvergarden like ved.

Sjokket

6. juli 1960 skulle verte ein dag som mange framleis hugsar. Det som i utgangspunktet hadde starta som ein heilt vanleg handledag på Severinbuda enda med ei tragedie. På kort tid døydde både Severin og Dagny heilt uventa. Han vart 54 og ho 50 år. Heile bygda sat att i sjokk og vantru. Dei etterlet seg 4 døtre der Ellinor var 21 år og yngstedottera, Synnøve, berre 13.

11. juli vart nok ein tung dag. Fleire hundre møtte fram til begravelsen. Borgund kyrkje var fyllt til randen av dei som ynskte å ta eit siste farvel og dele sorga. Koret var vakkert pynta med levande lys og blomar. Minnetalen vart halde av hjelpeprest Sverre Eikum, som sette ord på det sjokket som vart familien og bygda til del: «Dei som har lært Emblem og frue å kjenne blei glad i dei. Vi såg opp til dei, og det blir tomt og stille på Emblem nå når dei ikkje er meir.» Han fortalde at begge visste at dei leid av ein sjukdom som kunne gjere brått slutt på livet. Men eg vil tru at ord vart fattig trøyst på denne dagen. Lærar Bernhard Olsen sa nokre ord og la ned krans på bårene frå borna, medan Ivar Flydal og lektor Myklebust la ned krans frå syskena. Det vart også lagt ned ei mengde kransar frå slekt, vener og organisasjonar som dei var med i.

Vegen vidare

Det er umogeleg å forestille seg korleis dei klarte det, men livet måtte på sett og vis gå vidare. Severinbuda gav arbeid og løn til fleire andre enn den næraste familien. Saman med Johnny Dale tok Ellinor på seg det store ansvaret for butikkdrifta etter faren. Det var ingen hvilken som helst bedrift heller, det var sjølve livsverket hans. Ho fekk med seg dyktige medarbeiderar til å halde hjula i gong. Midt i sorga må det ha vore trygt å ha familien ikring seg. Onkelen Johan og tanta Anna budde like ved. Dei makta på eit vis å vere seg sjølve, slik dei alltid hadde vore og gode å ha for dei som no mangla både mor og far. Anne-Margrethe (1941-2013) emigrerte tre år seinare til Amerika der ho gifte seg med Mac MacClelland. Ellinor og Johnny gifte seg etterkvart og flytte inn i leiligheita over butiken, der dei fekk borna Eva og Svein-Dag, som vart siste eigar av butikken frå slekta. Ellinor er i dag gift med Torbjørn Birkeland og busett på Hamar. Rannveig (1945-1999) gifte seg med John Moe og busette seg i Oslo, dit også Synnøve flytte etter kvart. Søstrene, Ellinor, Rannveig og synnøve tok også over Garsendhaugen i 1976 etter onkelen Johan og tanta Eddy som var bornlause. Tunet vart seinare seld til Ålesund kommune og er i våre dagar nytta til eldreboligar

Slutt på butikkdrifta

I 1960 var butikken framleis av dei største i distriktet. Ellinor makta på eit vis å finne krefter til å  fortsette der Severin og Dagny slapp. Butikken skulle fortsette drifta i 13 år til. Sigbjørn Sæter fortel at han hadde byrja som hjelpemann med utkjøring av varer etter framhaldskulen i 1960. Det same året byrja han også i butikken. Då var det Haldis Emblem, Ruth Bjørkavåg og Josefine Nedregotten som var ansatt der. På samme tid var Olaf Hesseberg og Tor Mittet sjåførar. Sigbjørn arbeidde der i 5 år før han reiste i millitæret 1965. Sommrane var ei travel tid når byfolket kom ut på landet for å feriere på hyttene sine. Av bygdefolk han minnes som har arbeidde der den same perioden var Karin Leira Solvang i eitt års tid, Solveig Sæter, Ellinor Akslen Giskegjærde, og Sylvi som han seinare gifte seg med,

I 1973 vart det slutt på drifta på Severinbuda. Emblem Samvirkelag kjøpte opp innventaret og varebehaldninga. Den gamle butikktomta på hi sida av vegen med bensinpumpa vart etter kvart seld til boligformål i lag med dei fleste slåttemarkene på Garsendhaugen. Butikkvindauga i første etasje vart kledd igjen slik at huset kunne nyttast til bolig i begge etasjene, men framleis kan ein danne seg eit intrykk av korleis det ein gong såg ut. For nokre år sidan vart Severinbuda seld ut av slekta, men takka vere opplysningar, bilete og hjelp frå særleg Synnøve Emblem, så kan ein framleis danne seg eit inntrykk av den gjeve butikken som ein gong var.

Kjelder:

Digitalarkivet: kirkebøkene på nett www.digitalarkivet.no

Emblem, Oskar: Historien om Emblemsbygda billag, tilrettelagt av Kristoffer Emblem og....

Emblem Karl O. : Kåseri om butikkane på Emblem.

Emblem Skule: «Intervju med Marie Bjørkavåg» frå 1987

Emblemsbygda Ungdomslag: utdrag frå møteprotokoll og medlemsbladet «Innaumnesingen» og rekneskapsbillag.

Rabbevåg, Egil: Slektsoversikt for garden Emblem

Sunnmørsposten: diverse orginale avisutklipp om mellom anna innviinga av ungdomshuset i 1934, «Lørdagsgubben» skrive av Peter «Peto» Hesseberg før 1960, omtale av gravferda i 1960 og notis i forbindelse med dødsfallet 7.7.1960.

w ww.seeiendom.no : Nyare grunnbokoversikt og kart
Østrem, Svein Ove: «Ungdomshuset»
http://www.emblemsbygda.com/34569331

Muntleg informasjon frå:

Fredrik Emblem
Harry Bjørkavåg
Lillian Nedrelid
Martha Dale (til Olav Østrem) 

Olaf Hesseberg

Vigdis Hovland

Skriftlege opplysningar og bilete frå:

Ann-Mari Thorvik
Elisabeth Bjørkavåg
Emblem Skule sitt historiske arkiv Karin Eriksen
Lars-Arve Emblem
Olaf Hesseberg
Sigbjørn Sæter
Synnøve Emblem 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Helene Gjertsen | Svar 07.07.2017 09.29

Hei, I teksten om Severin og Severinbuda står det at Severin og kona Dagny døde 6. juli og blei begravd 11. juni.

Svein Ove 07.07.2017 15.26

Oops. Tusen takk for at du seie frå

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
03.04 | 23:02

Rødsetreiten er nok ikkje på Emblem, men ved Brusdalsvatnet.

...
03.04 | 22:52

Rødsetreit er med andre ord en husmannsplass under Akalen på Emblem ? Er på søk etter en formor Gjertrud Jonsdatter Rødsetreit født etter 1775. Noen hevder 1792

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE