.

Iver Karlson Furset (1851-1942) og kona Ingeborg Hansdotter Akslen (1851-1936). Portrettet tilhøyrer Bjørg Bredvold

Eit lite kortfatta stykke om Kjøt-Iver

-Svein Ove Østrem-


«Kjøt-Iver» var ingen kven som helst i si samtid før den andre verdskrigen. Han skapte seg eit namn det stod respekt av og han utmerka seg i arbeid for bygdefelleskapet, åndeleg så vel som verdsleg. Han har ei stor etterslekt i Emblemsbygda og er på alle måtar vel verdt ein tekst for ettertida. Mange av opplysningane i denne teksten er basert på spora han etterlet seg, og ikkje minst fleire av minna som borneborna sat att med etter han. Utan sambygdingen Peter «Peto» Hesseberg sin artikkel frå 1994 i Sunnmørsposten ville denne teksten vorte mange hakk fattigare.


Barndommen på Stranda

Iver Karlson Furseth vart fødd på Nedre Furset, kalla Pe-Ola garden, på Stranda 5. januar 1851. Han var sonen til Carl Nicolai Simonsen og Karen Knudsdotter Furset. Dåpen vart halden 19. januar i Stranda kyrkje. Dåpsvitna var Malene Sivertsdotter Furset, Birgite Petrine Pedersdotter Furset, Hans Ingebritsen (dræge?), Ole Andreas Rasmussen Furset og Ole Pedersen Langelo. Malene og Ole kom frå to av nabobruka på Nedre Furset. Den 23. september 1851 fekk han koppvaksine og attest på dette den 16. oktober.

Kvar Iver fekk interesse for handel frå er uvisst. Der fanst ikkje handelslag eller kjøpmenn i bygda når han vart konfirmert. Før den tid var det Sunnmørsjektene som frakta mellom anna skinn og fisk til Bergen eller Trondheim og tok med seg litt rug, tobakk, jern og forskjellige frihandelsvarer på heimturen. Bøndene kunne byte til seg slike varer mot skinn, smør, bork og kjøt. Bygdene på inste Sunnmøre feira gjerne når jektene kom trygt heimatt frå slik «Trandemsfart». I Dalsbygda i Norddal var det også inntil nyleg mogeleg å finna spor etter Jektekøyla der fartya låg i opplag mellom turane og der var små kapteinstover kringom i bygda. Det var nok spanande for ein gutonge å vere med på ei slik feiring, og kanskje fekk ungane i bygda høyre historier frå den store verda utanfor stoveglasa også.

Iver fekk truleg høyre om farfaren sin, Simon Kildal Lund (1796-1877), som var lensmann i Borgund. Om dei møttest nokon gong er nok mindre truleg, for faren Karl var uekte son av Simon og Anna Knudtsdotter Braute frå Ørskog. Han vaks opp som forsterborn på Nedre Furset då Ola Pederson Furset og Else Knudtsdotter Furset (f. Braute) var bornlause. Else var tanta til Karl og på den tida var det å vere «uekte» born ei skam. Soleis fekk kanskje Karl det betre på Nedre Furset enn han ville fått hjå mor si. Iver vart soleis ætta av den finare presteslekta Kildal. Farfaren hadde gifta seg inn i to særmerkte handelsætter på Sunnmøre. Kona hans var nemleg dottera til handelsmann Arnt Nicolay Heide og handelsmannsdottera Anne Bagge Hansdotter Mechlenburg i Vegsundet. Heide åtte på byrjinga av 1800-talet nesten alle gardane i Emblemsbygda. Eg vil tru at Iver kan ha høyrt om dette frå tanta og fostermor si, men om det påverka han til å starte med handelsverksemd er eg ikkje like sikker på.

Arbeidet på gardane i Iver sin barndom var tungvint. Nyrydding av jord trong mykje arbeidskraft. Dei hadde kanskje stubbebrytar på garden, men elles var det lite å hjelpe seg med når storstein og røter skulle flyttast. Av arbeid vert ein sterk, heiter det og det stemte så visst i Iver sitt tilfelle. Gardsarbeidet vart i all hovudsak utført med handemakt. Hausten var ei særs travel tid når alt skulle bergast i hus. I tillegg måtte all veden køyrast heim til garden før jul i lag med myrjord til neste års gjødselblanding. I jula fekk tenarane fri til å bøte skoa sine, eller sy seg nye. Dei førebudde seg nemleg til Kyndelsmesse då fisket for alvor tok til. Ingen vaksen kar kunne gå heime på garden når det var fisketid. Gardsarbeidet, ungepass og bearbeidinga av fisken vart kvinnene sitt ansvar. Den jamne bonden hadde knappast råd til å ete fisken han fekk. Mesteparten skulle tørkast for sal eller bearbeidast til tran, men resten av innmaten og torskehauda kunne sendast heim att i stampar og gje mat til gardsfolket og kårfolket ei god stund. Hadde ein ikkje båt så kunne ein ta seg arbeid hjå andre som rorskar. Tolde ein ikkje bølgene ute med kysten så kunne ein få arbeid ved tranbrenneria i staden. Det var no at pengar kunne tenast. Kor sjøsterk Iver var veit eg ikkje, men han heldt seg no mest på landjorda på sine eldre dager i alle fall.

Frå 1865 var Iver for vaksen å rekne. Då vart han konfirmert og no var det ulovleg å gå tiltakslaus. Iver var truleg med på fiske slik som alle andre og han hadde truleg vore i teneste på nabogardar i bygda i god tid før han vart konfirmert også. Det står ingenting om resultatet i kyrkjeboka, men alt tyder på at han greidde seg bra på det første overhøyringsforsøket. Samstundes var der tre gutar som var året eldre og det er ikkje sikkert at dei hadde klart å svare på spørsmåla frå presten i Strandakyrkja første gongen. Slikt var aldri kjekt der ein stod framføre heile kyrkjelyden, naboar og vener, men presten var som regel snill og gav enkle spørsmål til den han visste som trong det.

I 1865-tellinga kan ein finne Iver registrert som heimebuande på garden saman med søstrene Oline på 23 år og Johanne på 8. Eldstesøstera var registrert som ugift tenestejente på denne tida. Det komande tiåret etter folketellinga finn eg ikkje spor etter han.

Teneste på Emblem

Iver kom tidleg til Emblemsbygda. Den 6 år eldre broren, Knud Andreas (1845-1934), hadde nemleg etablert seg der. Knud hadde då arbeidd i fleire år som omgomgskulelærar i skuledistriktet som også omfatta Emblem. Han hadde funne seg ei han var glad i og då trong han meir enn berre lærerløna å leve av. Takka vere svigerfaren og søskenbornet til kona, Oline Susanne Clausdotter (f. Magerholm), kunne Knud gradvis etablere eit nytt gardsbruk ved å kjøpe seg nokre innmarksbøter og litt utmark frå Auregarden og Negarden, mot grensa til Østrem, sommaren 1874. Den nye garden fekk namnet «Nybø», men er for ettertida kjend som «Fursetgarden». Det var hit Iver etter kvart skulle få seg litt løna teneste hjå bror sin. Det vert fortalt at han kom i unga alder til broren for å bryte jord. Dette var noko han heilt sikert var vand med frå heimgarden. Der var jorda på Furset steinrik, men både Iver og Knud visste av eiga erfaring at det likevel kunne verte god jord så lenge ein vart kvitt steinen. Det dei rydda vekk kunne dessutan nyttast til eit anna viktig arbeide på ein nyrydda gard, bygging av steingjerder og dreneringsgrøfter. Ein kan dermed framleis sjå spora etter dyrkningsarbeidet åt Iver. Det kan vere rimeleg å tru at han kan ha kome til bygda kring 1875 ein gong. Kva veg han drog er usikkert. Kanskje gjekk ferda med robåt ut etter fjorden, men då han var 7 år gamal vart det starta opp rutebåtdrift frå Geiranger til Ålesund. Iver fekk soleis oppleve å sjå hjuldamparen «Søndmør» fosse fram utover fjorden og kanskje hadde han råd til å vere med også. Då måtte båten stogge ved Tussvika eller Flisneset og Iver gå over i robåt inntil båtsida ved det veldige skovlhjulet midtfjords før skysskarane på Emblem fekk rodd han trygt til land, For nokon kai fantest der ikkje på den tida. Han ville i so fall reist på tredje klasse, sitande på ei kasse eller ein kuffert med kleda sine oppe på dekk. Var veret fint hadde han god utsikt over gardane langs fjorden. Det var kanskje ikkje den første gongen han drog denne vegen, så han kjende nok att lia ovanfor Sjøholt som skjulte slektsgarden Braute også.

Det er godt mogeleg at Oline var gravid med sin førstefødde på den tida Iver kom til bygda, men det er ikkje sikkert at han var der ved dåpen. Han er i alle fall ikkje nemnd som fadder, og det er heller ikkje nokon av slektningane til Knud på Stranda. Dåpen vart halde 2. april 1876, og då kan det ha vore vanskeleg å kome seg til Borgund kyrkje. Frå kyndelsmesse 2. februar til sommarmål 14. april var ein av dei viktigste fiskesesongane på våre kantar. For tenarar var vinterfisket ei tid då dei kunne ta hyre og tene gode pengar. Det kan verke underleg å leggje dåpen til denne tida om det ikkje var bråttom, men sjølv på Dyb på Godøya var det ein dåp i februar. Det er godt mogeleg at fisket var over tidlegare dette året for heile 4 dåpsborn av totalt 6 i denne fisketida vart bore til dåpen i Borgund kyrkje 2. april. Ein kan i alle fall sjå bort frå at det var snakk om påskefeiring då palmesundagen var 13. april dette året.

Om Iver var einaste dreng i Fursetgarden er også vanskeleg å finna sikkert svar på i våre dagar, men Knud hadde truleg ikkje så mykje å rutte med. Buskap skulle byggast opp, garden skulle dyrkast frå delvis heimeutmark og hus måtte byggast. Slikt var ikkje billeg for den som måtte greie seg med ei enkel lærarløn. Frå panteregisteret kan ein lesa at Knud fekk utsette det meste av betalinga på markastykka som skulle verte Fursetgarden heilt fram til 1898, så han hadde kanskje råd til å betale fleire slik at han kunne få jorda klar til å gje grøde. Ein omgongskulelærar hadde undervisningsfri slik at han kunne arbeide på eigen gard i dei viktigaste onnene og skuleborna likeeins, men tid til å rydde ein heil gard fekk han nok ikkje, og snart var det å ta skreppa fast og byrje på nye 24 veker med vandring frå gard til gard for å drive skule. På denne tida vart det likevel enklare då han berre fekk Emblemsbygda som arbeidstad. Soleis kunne han kome seg heim att til gardsarbeidet også.

Giftermål i Borgund

Medan Iver arbeidde hjå broren møtte han jamnaldringen Ingeborg Maria Hansdotter (1851-1936) frå Øvste-Aksla. Dei gifte seg 8. juli 1877 i Stranda kyrkje. Under namna deira i protokollen er Slyngstad ført opp. Det tyder at dei hadde tenkt å busette seg der. Forloverane var begge frå Stranda. Dette var Ebbe Furset og Bernt Kjølaas. Tillysningsdagane i strandakyrkja var 10., 13. og 20. mai. Ebbe var forresten storebror til Iver og tok over farsgarden på Nedre Furset.

Det første året etter giftermålet forpakta dei prestegarden på Sløgstad på Stranda, men Ingeborg hadde slik ein heimlengt. Ho fortalde borneborna at ho ofte sat på Yste neset og gløste drøymande ut fjorden mot heimbygda si. Reisa mellom desse bygdelaga var tidkrevande på den tida. Det vanlegaste var å ro, men det tok fleire timar. Ein rekna i alle fall to timars roing og to kvilestadar før Emblemsbygda for den som skulle på bytur til Ålesund. I tillegg var Ingeborg gravid det meste av tida på Stranda og då vart truleg saknet etter familien enno sterkare. På den tida var det ikkje uvanleg at førstegongsfødande fødte på den garden kvinnene kom frå. Lengten var so sterk at dei valde å flytte til Emblemsbygda i 1878, etter berre eit år som forpaktarar på prestegarden på Stranda. Dei fekk etter kvart bygsle det vesle småbruket «Skørene». Det kan verke som om dei kom i løpet av sommaren eller hausten, for eldstedottera Elisa Nikoline vart fødd på Stranda 1. mai og døypt den 9. juni i Stranda kyrkje. Då stilde slekta til Ingeborg mannsterke opp. Mellom dåpsvitna var faren Hans Knudsen Akslen og søstera Marte Hansdotter Akslen. Dei andre var sognepresten og prestefru Davida Bergh, samt Ebbe og Johanne Maria Furset. Den korte tida mellom fødsel og dåp kan tyde på at dei hadde hast med å kome seg av garde mens dei enno kunne sikra seg eit utkome frå garden. Det var som regel også på denne tida at ein kunne byte gard ifølge dei gamle reglane. Kva Fursetslekta tenkte om Ingeborg sin raske retrett til Emblemsbygda er uvisst, men det som hadde størst betydning var Iver si omsorg for kona si. Lengselen mot Emblemsbygda var viktigare å løyse enn alt anna. Kanskje var det på ny dampskipet «Søndmør» som frakta dei til Emblemsbygda. No hadde dei truleg også nokre eigenlutar i tillegg til borna med på vegen. Då var nok dampbåten tryggare enn å ro. Vegen frå Prestegarden til dampbåten var kort inne på Stranda. I tillegg hadde Fursetgrenda eigne små kyrkjebuer, eller lagerhus nær kyrkja og kyrkjenausta.

Bygselmann på Skorene

Iver fekk bygselskontrakta i hendene fire år etter den forrige bygselsmannen, Lars Kristiansen Viddal (1814-1876) var død. Eigaren var den ugifte læraren og organisten Knud Larsen Emblem frå Auregarden. Han budde det meste av si tid i lærargjerninga på Åse og åtte Skørene i heile si vaksne levetid. Bygslaren, Lars, var ingen kven som helst i bygda. Han åtte ei rekkje gardar i distriktet og var den tredje og siste ektemannen til Andrine i Sjursgarden. Lars var dermed stefar til den i samtida vidgjetne «Sjurs-Ole» og dessutan far til «Store-Knut». Han hadde bygsla Skørene når stesonen var vaksen nok til å ta over morsarva og Sjursgarden. Til trass for ei velfyld lommebok så fekk han ikkje kjøpe småbruket. Årsaka er ukjend. Det er mogeleg at Knud hadde tankar om å flytte attende til bygda ein gong, eller at han heller ville ha jamn årleg inntekt til å spe på den heller skrale lærarløna. Men han flytte ikkje ned på Skørene då han pensjonerte seg frå læraryrket og kom attende til Emblem. Iver var også bygselsmann all sin dag på Skørene ifølge pantebøkene. Eg finn ingen annan bygselskontrakt enn ei tinglest utgåve frå 1880, så det er mogeleg at Iver anten budde hjå bror sin dei to første åra, eller at han fekk flytte inn på Skørene før bygselskontrakta var signert. I so fall var det ikkje den einaste gongen at det hende i Emblemsbygda. Broren, Knud, var ein mann som ein såg opp til i bygda, og det er ikkje heilt utenkjeleg at det var han som fekk i stand denne avtalen med kollegaen sin i lærargjerninga. Det er i alle fall interessant å merke seg at det ikkje vart påkrevd nokon arbeidsplikt, slik som med forgjengaren. Det var heller ikkje nokon bakdel at Iver var ein gudsfryktig mann når han fekk leige jord med sjølvaste organisten i Borgundkyrkja.

Den 15. oktober 1880 skreiv Knud og Iver følgande bygselskontrakt med O. Emblem og Claus Schrøder som vitne. Plassen heitte Skorene i pantebøkene, men vart uttala «Skørene» på folkemunne og det same vart skrive i denne kontrakta. Bygselskrava var følgande:

  1. Bygselssummen Kr. 400,00 fire Hundrede Kroner er mig Dags Dato betalt; han svarer i aarlig Landskyld Kr. 12,00 – tolv Kroner som betales hvert Aar til Nytaar. Han utreder alle Skatter og utgifter samt alle Byrder, som nu eller i Fremtiden maatte paalegges Pladsen.

  2. Gaardens Gjærder og Indhegninger baade hjemme og paa Fjeldet efter Pladsens Skyld opfører og holder Bygseltageren i forsvarlig Stand og holder Jordvei i god Drift. De Huse, Bygselmanden maatte opføre bliver hans Eiendom.

  3. I Udmarken bruger han sin Andel efter Pladsens Skyld; Pladsemænd maa ikke indtages uden Jorddrottens Samtykke.

  4. Eiendommen maa ikke bruges som Underbrug, og maa Hø, Halm eller Gjødsel ikke afføres.

  5. Fæstet forsakes, saafremt de Forpligtelser, denne Kontrakt foreskrives, ikke punktlig opfyldes.(..) Byggseddel besørger Leilendingen paa egen Bekostning thinglest. Aalesund den 18 Oktober 1880.

Det skulle syne seg at Iver ikkje var nokon ringare forretningsmann enn plassemannen Lars, før han. Iver skulle nemleg syne seg å verte eit forretningstalent av dei sjeldne. Ungeflokken vaks jamnt og trutt og Skørene gav nok heller lite utkome åleine. På denne tida var fiske det som gav kontantane. Iver var truleg aktiv på utror på fiskebankane han med, men mot slutten av 1800-talet var det også lettare for folk flest å starte med handelverksemd. Iver starta opp med kjøp og sal av livdyr som han slakta sjølv og selde vidare. Dette er årsaka til at han etter kvart fekk tilnamnet «Kjøt-Iver». Før 1906 måtte ein ut i robåt om ein skulle vere med dampbåten anten innover fjorden mot Stranda eller utover til byen. Varer og livdyr måtte fraktast på same måte. Dette var ikkje ufarleg ferd. Flisfjorden like ved var eit frykta fjordstykke som dei fleste i området visste om. Sjølv i nasjonale aviser verka det som om Flisfjorden var eit kjend namn. Her møtes både vatn og vind frå Storfjorden og Hjørundfjorden. Resultatet er upåliteleg vér og fare for at det bles raskt opp. Ikkje så reint få båtar med mannskap, varer og dyr har møtt ei våt grav nett der. Det var kanskje ei drukningsulukke ved dampbåten «Robert» i Tusvika, der ungdom frå Magerholm gjekk ned, som bles nytt liv i praten om å bygge si eiga kai også i Emblemsbygda. Seinare skulle det verte konkurrenande motorbåtdrift i både Eikenosvågen og Hammarsvika, rett aust for Klebershammaren.

Iver engasjerte seg i praten om dampskipskai og vart ein viktig aktør i arbeidet for å bygge kaia i Jaktevika i Emblemsvågen. Som så ofte tidlegare så stranda forsøka gjerne på det praktiske eller økonomiske. Her måtte det skytast ut stein og nyttast dykkarar att på til. Slikt var ikkje billeg. Frå møteprotokollane kan ein lesa at det var eit sterkt ønske om at grunneigarane i Emblemsvågen skulle avstå grunnen vederlagsfritt. Det var ikkje alle einige i. Kanskje var årsaka at den viktigaste pådrivaren var handelsmann Lars Olsen Emblem på Elvarum. Han hadde naturleg nok eigeninteresse av at kaia kom på plass. Kan hende var han ein litt for ivrig pådrivar også? I alle fall så vart det ikkje noko av ein avtale om tomteavståing med den eine av eigarane, Rasmus Emblemsvåg, og kaistyret forsøkte seg difor på lensmannskjønn. Frå møteprotokollen kan ein lesa at Lars drog heilt til amtmannen i håp om å få han med på laget. Ikkje rart at Rasmus ville gje seg. Det heile skulle bero i eit halvt år før Iver kom til unnsetning. Han skjøna nok at dette ikkje kunne løysast ved konflikt. Kanskje hadde han eit forhandlingstalent også? I alle fall så valde Rasmus Emblemsvåg å selje sin bit til Iver direkte. Det kan i ettertid verke rart at han skulle selge til Iver som so selde vidare til kailaget ved Lars O. Emblem, men slik kom i alle fall kaia på plass i bygda.

Kaia på Emblem fekk ikkje noko monopol på befraktning av dyr og kjøt, sjølv om Iver var medaksjonær. Ein båt Båt som seinare skulle gå innom Eikenosvågen heitte «Vidar», og tilhøyrde forløparen til busselskapet Sularuta a/s. Dit hadde Iver bygd vegen frå nybruket sitt oppe på Eikenosa. Etter 1916 gjekk emblemsbygdarane gladeleg dit ut for å spare nokre øre på billetten, og Iver var ikkje særleg ringare. Det vert fortalt at ein gong då Iver stod ved denne kaia og venta på eit livdyr så studerte han nykjøpet i det båten nærma seg kaia. Allereie før båten hadde lagt til hadde han funne seg ein kvass stein i steingarden like ved. Båten laut vente medan han raskt strupte dyret, parterte det på staden og lasta ombord før båten fortsette vidare mot byen.

Det var i 1896 at Iver valde å verte sjølveigar. Då kjøpte han Eikenosa for 3450,- og flytta dit. På Skørene kan det verke som om det vart stillt nokre år. I 1900-tellinga finn ein ingen der, men så starta Iverslekta landhandel og borna laut også delta i dette arbeidet. Sønene Karl og Hans vart særleg biten av basillen. Dei vart begge handelsmenn. Karl flytte til Høybråten ved Oslo, medan Hans tok over drifta av landhandelen på Skørene, før han flytte til Spjelkavika og kjøpte den første kooperative forretninga der i 1920 under forretningsnamnet Hans Iversen. Men i byrjinga på Skørene var dei derimot opptatt av heilt andre ting. Då var det søstrene som tok seg av drifta.

Karl O. Emblem skreiv for nokre tiår sidan om sine minne frå denne butikken:

« handelen der, det er det lille gråe huset som ligg bortpå marka sør for Røssevollveien. Der var handel i vestre enden. Der var eit vindu norover og eit vindu sørover. Og inngangsdøra - og den lille gangen og så butikken som var delt med ein liten faste benk mellom døra og disken. Der sat alltid ein to tre gamlekarar på den benken. Eg likte veldig godt å gå på buda. Det var ikkje noke som var ferdigpakka. Smør kom i butter, måtte vegast opp, mjølet måtte dei vege opp, sirap og også ein veldig svær artikkel den tida det var parafin og lampeglas. Og me var veldig glade for å gå på buda, det kunne kanskje vanke litt godt og. Så var det sirupspanna i ei hand og kanskje oljespanna i den andre, eller du hadde mindre søsken i eine handa. Og så var det vanleg med formaninga: Vær nå forsiktige og la ikkje smøret kome i lag med parafinen, det var ikkje bra. Og så ver forsiktig og ikkje knuse lampeglasa. Og det var oss.

Alt skulle vegast, dei hadde desse balansevektene, skålvektene me kalla, og det likte dei godt gamlekarane, då såg dei om det blei gitt god eller dårleg vekt. Det var voldsomt ka dei grein på nasa då dei kom desse nye vektene, med dene lange visaren og ei masse tal. Dei var skeptiske og der var dei som var snare og heiv opp loddern når dei kom heim for å ta stikkprøver på om det var rett vekt. Og så var der ei gammal kone der i nærheiten som var nokså jamne med det der, og når ho fekk det til å stemme då, sa ho: Å jammen vog ho Sanna rett! Dei hadde ikkje så mange kroner å leggje frå seg i forretningane.»

Iver var nok ikkje like mykje delaktig i den daglege drifta av dette handelslaget. Han hadde truleg nok med feavl, slaktarverksemda og nydyrking slik at han fekk både beite og nok slåttemark til den veksande buskapen. På Eikenosa dyrka han opp mellom 70 og 80 mål. For dette fekk han medalje og diplom frå Møre Landbrukselskap. Truleg fekk han tilskot også. Rydding av utmark og innmark til maskinell drift var noko som var eit statleg ønske og ei drivkraft i dei mange utskiftingane i bygda til fleire bruk som no fekk samla all jorda si i større samanhengande teigar. Iver gav seg ikkje med desse to bruka. Han kjøpte også Steinsgarden på Østrem og skillde frå heimeutmarka nede i bygda lengst vest mot dei austlegaste gardane på Emblem. Her dyrka han opp og bygde ei løe attåt. På utskiftingskartet frå 1904 kan ein sjå denne løa utan noko hus.

Iver gjekk sjeldan av vegen for å sette i gong med nybrotsarbeid og tidvis kan det verke som om han ikkje tok dei enklaste vegane heller. Det er ikkje så lett no i ettertida å vite kva han tenkte, men omsut for andre veit ein at han hadde mykje av. Kanskje var omsorga for dei ikring seg ein grunn god nok. Det hadde nok vore snakka på bygda om gardsfolket i Larsgarden på Østrem som sleit for å klare seg. I 1861 hadde det vore utpantingsforretning, der den nye gardeigaren, «Sjurs-Ole» i Sjursgarden på Emblem hadde kjøpt det meste av det nødvendigaste attende til bygselsmannen sin. I 1875 vart det ny tvangsauksjon på det vesle som larsgardsfolket hadde greidd å skaffe seg sidan sist og nok ein gong var det truleg den same gardeigaren som fekk tilslaget på naustet og det halve selet. Då bygselsmannen Lars døydde i 1885 næma det seg slutten for denne ætta i Larsgarden. Sjurs-Ole overlet etter kvart bygselskontrakta på garden til sin eigen son, Lars Olsen Emblem og då måtte dei som hadde budd der før flytte frå bruket. Ein av desse var «Marka-Hans» som fekk leige ein liten husmannsplass i heimeutmarka til Larsgarden. Han var også svoger til Iver og hadde følgeleg lite pengar mellom hendene. Iver hjalp han med eit leveleg lån til han kom seg på føtene. Broren, Knut hadde gifta seg i nabogarden, Steinsgarden. Der kjøpte Iver bruket, delte frå eit stykke til seg sjølv i utmarka før han selde mesteparten attende til ein pris som Knut kunne betale. Ein vanleg foretningsmann ville nok tenkt heilt annleis, men Iver var ikkje slik. Han tenkte med hjartet.

I følge 1900-tellinga var det temmeleg fullt hus på Eikenosa hjå Iver og Ingeborg det året. Dei var 15 i hushaldninga. Ifølge folketellinga var dette borna Hans (f.1884), Karl (f.1886), Karn (f.1879), Gurine (f.1882), Johanne (f.1889), Anna (f.1891) og Inga (f.1893). Fleire av desse var anten sysselsatt med «Husgjerning» eller «Kreaturstel og Jordbrugarbeide». Det året var Anna Petersdotter Hesseberg i teneste hjå Iver. I tillegg til denne flokken finn ein kårfolket beståande av Jakob og Anne med dei heimeverande borna Berthe (f.1874), Lars (f.1878) og Aagne (f.1881). Berte hadde litt inntekt frå syarbeid og veving, medan brørne truleg var ute på fiske for det meste. Det vert oppgjeve at det fanst eit sidebygg i tillegg til hovedhuset som vart nytta til overnattingsfomål, men ingen sov i fjøsen eller stallen, slik tenestefolket hadde hatt for vane på gardane berre nokre år i forvegen.

I 1910-tellinga finn ein nok ein gong Skørene registrert i folketellinga. Eg har ikkje funne nokon teikn på anna enn at Iver hadde forsett å bygsle plassen etter at han kjøpte Eikenosa, men forskjellen var truleg at Skorene i 1900 kun vart nytta til jordbruksformål utan at nokon budde der fast. På samme måte var det frådelte stykket frå Steinsgarden som seinare skulle få namnet «Flydalsgarden» på folkemunne heller ikkje nemnd i tellinga. Truleg hadde Iver allereie bygd løe og dyrka opp markane på den tida. Men i 1910 var det svigersonen og læraren i bygda, Lars Flydal som hadde busette seg der saman med Gurine Iverdotter Furset. På Skørene budde no den ugifte handelsbestyraren Johanna Eikenæs som den einaste. Truleg er namnet feilskrive for dottera til Iver, Johanne, nytta no namnet Eikenos eller Eikenaas og var fødd på eksakt same dag og år som den registrerte «Johanna» i folketellinga. Dette er litt interessant, for det var brørne som først og fremst skulle verte kjende som handelsmenn i ettertida, men slik var det ikkje i 1910. Då Johanne gifte seg i 1918 og flytte til Spjelkavika, tok søstera Inga Lovise over som butikkdame. På denne tida var truleg også Hans stadig meir involvert i handelsverksemda. Kring byrjinga av 1920 kjøpte han Korshaugen frå Steffågarden og bygde ny butikk tilpassa formålet der. Denne butikken skulle ikkje fortsette å vere i iverslekta så mange månadane, for snart fekk han moglegheita til å kjøpe eit nytt forretningsbygg i Spjelkavika i staden.

På Eikenosa var dei no berre 10 att. Eldstesonen, Hans, på 26 år dreiv som sagt litt med handel, men han vart først og fremst registrert som gardsgut hjå faren. Broren Karl var det same, men han hadde litt snekkring attåt. Anna var nemnd som budeie og gjekk då truleg på Eikenossetra som Iver hadde sett opp nokre år i forvegen ved det som i dag vert kalla Røssevollvatnet. Den andre heimeverande dottera, Inga, hadde ansvar for kjøkkenarbeide og kanskje delaktig i slaktarverksemda til far sin.

I tillegg til Gurine som hadde gifta seg Flydal, var Elisa Nikoline godt gift på Garsendhaugen, medan Karen Marie hadde gifta seg i 1910 med Iver Bjørkavoll og busett seg på Bjørkavollen, bruk nummer 4 under Eikenosødegård. Dei behøvde å bygge ny fjøs og då hadde «Kjøt-Iver» kjøpt det nedlagde smørmeieriet på Emblem til dei, slik at dei fekk nok material å bygge av. Restane syner framleis innvendig i fjøsen og stallen. Kårfolket på Eikenosa levde enno og unggutane Sigvard Sivertsen Valle frå Ørskog og Odd Johansen Eriksen frå Ålesund hadde fått seg teneste som gardsgut og visergut.

Slaktarverksemda

Iver skal ha vore den første som løyste torgrett på Kipperviktorget, og det var no først og fremst som slaktar og torghandlar han vart viden kjend i distriktet. Bornebornet Karl Bjørkavoll har fortalt at slaktarane i Ålesund gjekk heilt til høgsterett for å ta frå han handelsretten, men tapte denne saka. Ein gong vart også politiet bodsendt for å sjekke om slaktinga gjekk rett for seg. Iver hadde nemleg leigd seg ei sjøbu innanfor torget slik at han kunne kjøpe dyr på salsutstillingane i byen, slakte og by fram varene på salsdisken i «Stallane» på austsida av Kipperviktorget så raskt som råd var. Konkurentane tykkte nok at det gjekk for raskt i svingane. I følge historia så fekk poltimannen sjå Iver i aktivitet der han utan å sjå opp «druste ned ein okse, stakk og flådde utan å puste på – snudde seg så frå ferdigflidde skrotten og sa galant: -Gjør mig det efter!». Ifølge fortellaren så tok politimannen berre på seg hua og gjekk derifrå.

Fredagskvelden køyrde Iver med hest og vellasta vogn til Ålesund. Han sov saman med hesten for å vere klar for kundane tidleg laurdag morgon. Det var nøysemd i det meste han tok seg til, sjølv om han hadde råd til å leige seg overnattingstad. Arbeidet tok på og rett som det var sovna han ved taumane på den to mils heimvegen seint på laurdagskvelden. Hesten visste derimot kva veg han skulle gå og kunne vekke Iver ved å skrape med hovane ved stalldøra heime på Eikenosa. Men han sov ikkje heile vegen, for dette var nok ei mogelegheit til å drive handel. Folk visste når han kom forbi og møtte fram for å gjere eit godt kjøp frå restpartiet i vogna. Han var alt anna enn lågrøsta på vegen der folk kunne høyre dei velkjende replikkane «Vil dokke ha blod, vil dokke ha tarma, pro-pro...!». Han let heller ikkje moglegheita til å tene ein ekstra slant gå frå seg. Då ein kar på Nørve ville sende med eit par store spanner så var vogna breiddfull. Iver knytte då saman spannene slik at dei vart hengande på kvar side av lasset. Avsendaren kvitterte då med følgande: «Du Iver, du Iver – Du tenke no på alt!»

Iver var religiøs og ein særs gavmild mann. Han hjalp dei som trong det ikring seg. Svoger og plassemannen Hans «Marka-Hans» Østrem fekk låne pengar til å bygge seg hus, og fleire av utmarksteigane som han rydda var det born og borneborn som fekk slå seg ned på og nyte godene av. Vidare var han aktiv på det nye bedehuset i bygda. Eit anna stort byggearbeid er bilvegen frå Eikenosvågen og heilt opp på Eikenosa som det er gjordt små endringar på sidan den stod ferdig. Her såg han sjølvsagt eigenytte med og søkte om tilskot frå kommuna, men fekk ikkje meir enn 50 kroner i bidrag. Han gav bort mykje av det han tente og hjelpte mange i gong med eiga næringsverksemd. Iver levde kort sagt etter haugianske prinsipp. Ein skulle bruka heller lite på seg sjølv og føre verdiane attende til bedrifta og verdige formål. Den som såg han sovande med hesten i Ålesund var nok einige i det, men gåvmildheita var nok større enn det dei fleste andre gudfryktige grunderane i samtida hadde klart å gjere etter han, så han hadde nok inga velfyld lommebok dei åra han dreiv på Eikenosa, sjølv om han tidvis tente godt.

Attende til Skørene

I 1922 selde Iver og Ingeborg Eikenosa til nykommarane,Ole Karl og Lars Lundanes. Som ein følge av inflasjon etter den første verdskrigen var salgsummen no på heile 30 000 kroner. Han spøkte på sine eldre dagar med at dette var den eine av dei to gongane han var rik. Familien flytte no attende til den vesle husmannsplassen Skørene. Handelsstaden vart på ny bolig. Han engasjerte seg no i sølvreveavl, men særleg til gullgruve vart det visst ikkje. I ei bok om stamtavlene til sølvrevar i Norge kan ein sjå at han kalla verksemda si for «Sølvrevopdretteriet, Michel» og stamtavlenamnet var EQ Michel. Han var ikkje den einaste i bygda heller, men det er ikkje heilt utenkjeleg at han var fyrste mann. Det vart særs populært med slikt oppdrett på 1920-talet i fylket vårt. Kvar by hadde også sitt eige utstillingslokale. Svigersonen Joakim J. Emblem på Garsendhaugen var minst like ivrig, saman med pionerane Lars Akslen i Hølå, Thomas Kaldhuseter i Kaldhusgarden og Georg Emblemsvåg. Bornebornet til Iver, handelsmannen Sevrin Emblem, foreviga Iver med fotoapparatet sitt og gav biletet som julehelsing på julaftan i 1928 med handskriven bakside: «Kjære bestefar!! Jeg vil hermed få lov å ønske dig en gladelig jul, å et godt nyår. Takk for året som går. Beste hilsen Severin. Det var eit godt venskap mellom dei to. Ikkje berre hadde dei engasjert seg i handel, men begge gjorde også svært godt i det dei engasjerte seg i.

Fleire av borna til Iver og Ingeborg var ivrige kundar hjå fotografen i Ålesund. Før 1930 var det vanleg å nytte små portrett limt på papp som visittkort. Følgeleg var kjøpmannsønene Karl og Hans samt handelslagbestyraren Johanna dei som trong slike, men dei andre søstrene var ikkje så mykje ringare dei heller. Om nokon av dei hadde fotoapparat er eg usikker på, men tidlegare nemnde Sevrin hadde i alle fall eit slikt. Det verkar ikkje som om Iver var like ivrig til å forevige seg sjølv, for eg har berre klart å finne eit portrett av han hjå fotografen. Derimot finst det ein rekke amatørbilete frå anten kvardag eller festleg lag saman med familien. Mellom anna vart gullbyllaupsfeiringa på Skorene i 1927 skikkeleg dokumentert med ei rekkje gruppebilete. Det er soleis på sine eldre dager at det finst flest bilete av han. Frå kvardagsbileta kan ein sjå at iverslekta var temmeleg samansveisa. Dei hjalp gjerne kvarandre med gardsarbeidet også. Det eldste bileta er frå 1914 der svigersønene også var med på slåttonna på Eikenosa. Seinare fortsette borna med denne tradisjonen på sine eigne bruk også. Eit anna biletet syner potetoptaking i Flydalgarden ovanfor tunet. Dei hadde nok glede av at so pass mange budde temmeleg nær kvarandre i anten bygda eller dei næraste bygdelaga. Dette var nok også trygt og godt for det aldrande ekteparet Iver og Ingeborg som i tillegg hadde ei stor akslaslekt ikring seg. Begge bar på ei sterk gudstru, noko som var godt å ha med seg på livsvegen.

Det har vorte meg fortalt for mange år sidan om ein eldre kar lenger ute i bygda som hadde laga seg si eiga kveldsbøn. Eg huskar ikkje lenger den eksakte bøna, men den gjekk ut på at dersom han vakna i morgon så håpa han at Gud ville vere hjå han og dersom han ikkje skulle vakne meir så håpa han at han skulle få vere hjå Gud. No var det mange med sterk gudstru i Emblemsbygda på den tida, men det er ikkje heilt usansynleg at det kan ha vore Iver.

I 1936 døydde ektemaken Ingeborg. Ho hadde mellom anna vore plaga med leddgikt på sine eldre dager, men kyrkjeprotokollen nemner alderdom som årsak. Ho var då i sitt 85. år. Ein imponerande alder i samtida. Iver fekk enno leve i seks år til. Som enkemann flytte han til dottera, Anna, på Røssevollen og fekk i sine siste leveår pleie der. Han var plaga med asmabronkitt og hoste. Han døydde der den 25. august 1942 hjå Anna og svigersonen Harald Røssevoll. 

Gravferda vart halden den 31. august. Etter talen song dei:

Farvel vi deg sier fader kjær, Som hviler så sødt på båre,

Nu kan intet ondt i verden mer, Ditt kjærlige hjerte såre;

Du stille er vandret hjem til ham, Som lot sin brud deg kåre.


Vår takk for hver stund på denne jord, Vi sammen med deg fikk være!

I sannhet du var en trofast far, Som ofret for dine kjære;

Ti aldri du tok, men stedse gav, Gud regne deg det til ære!


Begge vart gravlagde like ved hovudinngongen til Borgundkyrkja. Av minnemerke som han etterlet seg kan bautasteinen ved hovedporten på Borgund kyrkjegard nemnast. På den fekk han hogd innskrifta «Alt for Jesus». Den står framleis like ved grava hans. Det skulle eigentleg vere to identiske bautasteinar, men den andre vart aldri fullført. Den vart lenge liggande ved vegen oppe i Eikenosbakkane som kvilestein med tilnamnet «Iversteinen». No står den ved «ELIM», som er pinsemenigheita sitt forsamlingshus nede i Eikenosbakkane. Det største «minnesmerket» etter han er likevel ettermelet av ein mann som rett og slett er imponerande. Der finst knapt anna enn godord om han. Det einaste unntaket må vera slaktar-konkurrentane i byen som ikkje kunne begripe at nokon kunne arbeide so raskt utan å ta snarvegar. Bornegornet Karl Bjørkavoll humra då han fortalde Sunnmørsposten sin journalist at «dei ville ta ´nå av dage!».


Kjelder:

Emblem, Karl O.: «Butikkane på Emblem frå gammalt til i dag.» Foredrag i forbindelse med Emblem Samvirkelag sitt 35-års jubileum 1982

Folketellingane frå 1865, 1900 og 1910

Gjerding, Jørgen; Stranda Kommune 1837-1937» Ålesund 1937.

Hesseberg, Peter: «Slaktarane ville Kjøt-Iver til Livs» Reportasje frå Sunnmørsposten 1994

Kjølås, Gerhard: «Gard og Grend» Stranda Bygdebok publisert av Stranda kommune 1954.

Norges Sølvrevavlslag: «Norges sølvrevstambok 3. bind». Saambandets trykkeri, Bergen 1929  http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2014033148142

Opplysningar frå Per Almar og Gunvor Steinnes

Opplysningar frå Bjørg Bredvold til Per Almar Steinnes

Opplysningar frå Ole M. Ellefsen om klassedelinga på dampbåtane

Panteregister og pantebøkene for Nybø, Skorene og Eikenosa

Rabbevåg Egil: Forarbeid til ny bygdebok for Emblemsbygda

Østrem Svein Ove: «Om læraren Knud Emblem»

Østrem, Svein Ove: «Emblemskaia» http://www.emblemsbygda.com/87433964

Østrem, Svein Ove: «Nybø» http://www.emblemsbygda.com/66931070

Østrem, Svein Ove: «Lærar Knut Emblem» http://www.emblemsbygda.com/113642094

Østrem, Svein Ove: «Skorene» http://www.emblemsbygda.com/66931074

Østrem, Svein Ove: «Dei første lærarane på Emblem i tidsrommet 1742-1900» http://www.emblemsbygda.com/113642096

Østrem, Svein Ove: «Gamleskulen del 1» http://www.emblemsbygda.com/50061308

Østrem, Svein Ove: «Smørmeieriet i bygda vår» http://www.emblemsbygda.com/66931059

Øverlid, Ragnar: «Bygdebok for Borgund og Giske, gardsoge 1-51», Borgund og Giske bygdeboknemnd, trykt i Bergen 1961

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Berit Helene Thue Furset | Svar 23.08.2017 16.28

Helt utrolig
å lese dette. Min svigerfar var Karl ebbesen Furset i peolagarden. Mannen min het Sverre. Stor verdi i alt som er samlet.

Berit Bjørkavoll Thorsen | Svar 21.02.2017 22.43

Så kjekt å lese dette om oldefar! Takk! Spesielt å tenke på at far vår, Karl,bodde dei 5 første åra hos Iver og Ingeborg, då mor: Karn døde i barsel.

Kari Bjørkavoll Eitrheim | Svar 29.07.2016 00.41

Så interessant å lese om min oldefar, har høyrt og lest mykje før, men kjekt å friske opp att. For ein utruleg mann. Kari Bjørkavoll

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
03.04 | 23:02

Rødsetreiten er nok ikkje på Emblem, men ved Brusdalsvatnet.

...
03.04 | 22:52

Rødsetreit er med andre ord en husmannsplass under Akalen på Emblem ? Er på søk etter en formor Gjertrud Jonsdatter Rødsetreit født etter 1775. Noen hevder 1792

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE