Sommarfjøsar og bøgardsfjøsar 1870 til 1950

Landliggarar frå Ålesund på tur opp på Legane i 1935. Den eine fjøsen synest like bak. Dei fotograferte hadde leigd seg inn på garden Sandvik, eller Sandane i Emblemsvågen. Biletet tilhøyrer Per Almar Steinnes

Bøgardsgrensa frå Ystebøen til Auregarden frå utskiftingskartet 1887-1889. Den lille "tappen" ned mot høgre hjørne er Geila ved Steffågarden. Her låg truleg dei første bøgardsfjøsane til Emblem. Dette er like ved det gamle klengetunet. På dette kartet er det også ein fjøs litt ovanfor geila.

Bøgarden markert i raudt. Dette er stykket på utskiftingskartet frå Geila og Steffågarden til venstre og Røssevollelva + Fursetgarden med ny-geila mot høgre biletkant. Fjøsen til Skillingen ligg omrent midt på biletet. Utskiftingskartet er frå 1887-1889

Utskiftingskartet syner kanskje sommarfjøser tilhøyrande Røssevollen, men det kan også vere gamlesetra. Dei er avteikna på utskiftingskartet datert 1887-1889

På dette flyfotoet av Abrahamsgarden kan ein skimte restane av Sommarfjøsane på Nergotslegane kring 1950. Biletet tilhøyrer Arild Østrem

Legane nede i venstre hjørne med konturane av den gamle Flydasløa nærare høgre biletkant. Biletet kan ha vore teke av Magne Flem kring 1950

Sommarfjøsen til Abrahamsgarden like ved Abrahamsbakkane. Foto: Svein Ove Østrem

Sommarfjøsen til Øvste-Aksla i Reiteløypa like ovanfor "Reitegeila". Foto: Svein Ove Østrem

Ein av dei mest kjende fjøsmurane ved Nergotslegane. foto: Svein Ove Østrem

Markering av kvar den nyaste sommarfjøsen i Mattisgarden låg innanfor elva. Det gjekk ei lita rås forbi fjøsen . Det er den same traséen som dagens bilveg til Emblemsfjellet går frå Østrem. Biletet er frå omlag 1974 og er prøvebilete av flyfoto frå Widerøe

Den vestlegaste av sommarfjøsane til Nedregotten på "Nergotlegane" like ovanfor tuna på Østrem. Foto: Svein Ove Østrem

Restar av bøgarden ovanfor heimeutmarkstykket til Mattisgarden utanfor elva. Omlag midt på biletet låg deti 1889 ei grind og ein sommarfjøs her. Fjøsen vart seinare flytta nærare den gamle kvelvingsbrua over Storelva og fekk støypt gjødselkjellar. Murane låg der framleis kring 1999. Foto: Svein Ove Østrem

Omlag midt på biletet ved utløpet av Storelva på Emblemsanden låg det i 1907 ei avlang bygning. Om det var ein fjøs er enno usikkert. Der er ingen spor att i våre dagar. Foto: Svein Ove Østrem

Oppe mot skogkanten like vest for Røssevollelva låg Skillingfjøsen i 1887. Foto: Svein Ove Østrem

Fjøsmurar ved bøgardsleet ovanfor Fursetgarden. Her var det ei geil etter innmarksutskiftinga på matrikkelgarden Emblem. Truleg høyrde fjøsane her til gardane som no vart liggande innanfor Røssevollelva. Foto: Svein Ove Østrem

Tufter etter sommerfjøsar ovanfor bøgjerdet og Fursetgarden. Foto: Svein Ove Østrem

Nergot-legane innteikna på utskiftingskartet frå omlag 1887. Dei hadde også omlag same formasjon på Løytnant Solem sit kart frå 1872

Den eine sommarfjøsen på Magerholm er best å sjå før lauvet kjem. Den kan ha tilhøyrt Bøen/ Paraten, men ein veit ikkje det heilt sikkert. Mobilfoto: Svein Ove Østrem

Murane av sommerfjøsen til hovudbruket på Magerholm ligg bak tunet mot bøgarden og starten på gamleråsa til Magerholmdalen. Mobilfoto: Svein Ove Østrem

Er du ein av dei som trivst i skog og mark, då har du kanskje gått deg på ein rest av ein steingard eller ei tuft og undra deg på kva det kan ha vore. Eg er ein av desse som stoppar opp og som undrar.

I arbeidet med å dokumentere historia til Emblemsbygda har eg vore så heldig å få sjå mange slike byggverk frå fortida. Nokre av desse ligg like ovanfor dyrkamarka i nærleiken av steingarden som skil innmark frå heimeutmarka. Det er hovudsakleg desse tuftene eg skal sjå litt nøyare på i denne teksten. Samstundes vil eg også skrive litt om dei sommarfjøsane som eg kjenner til per dags dato. Dei fleste av disse finn ein i heimeutmarka, anten ved sjøen eller like ovanfor gardstuna i fjellsidene kring bygda.

Gardsinndelinga

Du er kanskje ikkje så kjend med begrepet «heimeutmark». Kort sagt kan ein dela arealet som tilhøyrer eit gardsbruk inn i fleire delar. Byrjer ein nede ved fjorden så har dei aller fleste gardsbruka ei eiga nausttomt som følger garden. Det spelar ingen rolle om bruka ligg i nærleiken eller om dei har alle markane sine nede mot fjorden. Kvar eldre gard har også ein naustrett. Gardane har difor ein sjøvegsrett, slik at ein kan koma seg ned til naustet med enkel fraktereiskap. Slåttemarka og åkrane kallar ein for «innmark» etter siste utskiftingsøkta i 1907 ligg no dei fleste innmarkene i bygda kring kvart sitt gardstun i eit samanhengande stykke. Desse innmarkene grensar mot det ein kallar «heimeutmark» Dette var hovudsakleg beitemark for dyra om våren før snøen hadde smelta på setrane og på hausten . Før siloen og rundballane si tid var det få som hadde nok for i hus til å vente til sommaren kom til fjells. «Vårknipa» var difor eit kjend begrep, der ein vart tvungen til å sveltefore dyra slik at ikkje alle makta å forlate fjøsen for eiga maskin.

Det var særs viktig å få dyra raskt på beite utan å bruke graset på innmarka der vinterns dyrefor skulle dyrkast og haustast. Ein bygde seg difor steingard og gjerde for å hindre dyra å ta seg ned på dei freistande bømarkene på hi sida av grinda Sauene kunne nyte graset i heimeutmarka allerie frå 1. mai og gardane kunne ha fleire slike heimeutmarker mot både fjorden og fjellet. Dei siste dagane før buføringsdagen kring jonsok vart dyra haldne litt høgare i heimeutmarka og fleire mjølka difor dyra sine i «sommarfjøsar», som var enkle byggverk i naturstein og anten plank- eller «risveggar» av fletta smågreiner og einekratt. Kring midten av september skulle dyra heimatt frå setra og gje plass til huldreflokken. Sauane vart sanka og skild per gardsbruk 20 september. Var veret godt kunne ein fortsatt nytte heimeutmarka og spare på vinterforet. Då kunne ein også nytte somarfjøsen eller bøgardsfjøsen som stod der likevel. Andre kunne nytte fjøsen til å lagre høy frå utmarka og køyre dette heim på skaresnøen med kjelke når det byrja å minke i høystålet. Det har ikkje lukkast å finne noko informasjon om kor utbreidd dette var i Emblemsbygda. Skillingen lagra til dømes gras frå utmarkslåtten enno høgare til fjells, men der finst ikkje spor etter eigne utmarksløer på dei gamle karta.

Det siste gardstykket er «fjellutmarka» oppe på Emblemsfjellet. Her er det også eigen steingard mellom heimeutmark og «fjellutmarka», samt gjerdeplikt på grensa mot dei andre bygdelaga frå gamalt av. På Emblem var dette grensa mot dagens Glomset, Blindheim, Vasstranda og Brusdalen. Grensa mot Spjelkavika og Brusdalen går på langs av Emblemsfjellet, medan grensene i aust og vest gjekk heilt frå fjorden. Steingardane her er ikkje av dei høgaste og held ikkje att dyra, men er snarare ei markert grense som fortel om kven som har rett til å hauste kvar. Dei er særleis lett å sjå like nedanfor toppen av Vassrandsegga og Merafta. På Emblem vert desse fjella på hi sida av kommunegrensa også kalla Eggane/Gråsteinseggane og Blåfjellet.

Det er eit viktig skille mellom innmarka og dei to typane med utmark. Kring gardstunet vart gjerda sett opp som absolutte grenser for kvar ein kunne slå graset, dyrke jorda eller ha beite for dyra sine i nyare tid. Steinen ein rydda vekk vart anten nytta i steingarden eller dreneringsgrøftene. Dette er ein nyare tankemåte som kom etter innmarkutskiftingane på 1800-talet og byringa av 1900-talet. Før den tid låg gardshusa på matrikkelbruka i eit fellestun. Innmarka var då teigbytt. Det vil seie at den var delt inn i små bøter etter kva kvalitet jorda hadde. Kvart bruk fekk ei blanding av slike små teigar med litt god slåttemark, litt vassjuk jord, litt myrlendt jord og litt god åkerjord. Desse lappane var så små og innfløkt plasserte at ale brukarane i klengetunet måtte dele på arbeidet og einast om når slåtten og gjødslinga skulle gjennomførast. Fordelane med dette gamle systemet var at ingen kunne sluntre unna eller la stykka forfalle for dei gjekk på omgang. Det var eit godt system i ei tid der ein trong mykje manuel arbeidskraft og innmarka bestod av naturleg eng og steinrik jord der berre ljåen kom til. Frå 1800-talet byrja ein å stifte so kalla landhusholdningselskap i regi av Amtsmenn, prestar og storbøndene. Her diskuterte og testa ein seg fram til nye driftsmåtar og tankar om meir utkome av jordbruket, noko som berre den som hadde fleire føt å stå på kunne spekulere i.

Resten hadde meir enn nok med å greie seg og var tru mot tradisjonane som hadde skaffa dei sitt daglege brød i generasjonar. 1800-talet vart eit hamskifte der ein starta å dyrke opp jorda og drenere den dårlege. Etterkvart kom ein også på trua om å planere slåttemarka slik at moderne hestereiskap kunne nyttast. Det medeførte innsparing i tidsbruk og mindre behov for manuell arbeidskraft, men det kravde òg ei anna form for organisering av landbruket. Svaret vart utskiftingsprosessar i offentleg regi, der målet var at kvart bruk skulle ha eit samanhengande innmarkstykke. Først då kunne ein hauste gevinsten til fulle og forsvare utlegga til oppdyrking av den gamle naturenga.

På omlag same tid vart jakta på rovdyra meir intensiv. Ein fekk mellom anna store bjønn- og ulvejag som omfatta heile Sunnmøre. Fellingspremiar vart gjevne i samspel med dyrkingspremiar i regi av stat og kommune. Det lokka stadig fleire til å prøva seg. Det gav også ein annan gevinst. Buskapen stod ikkje lenger i fare for å verte drepte i utmarka og ein trong heller ikkje vaksne gjetarar for å passe på dei. Dermed kunne også desse områda utnyttast betre. Auka buskapar sørga også for å halde skog og kratta i sjakk slik at ein fekk meir utmarksbeite og slåttemark På 16- og 1700-talet hadde dei fleste store skogane vorte snauhogde og seld til utlandet. Mykje av utmarka hadde enno ikkje vakse opp att. I motsetning til den klart avgrensa innmarka var utmarka eit friare område for felleskapet av brukarar. Også dette området var regulert og fordelt på eitt eller få matrikkelbruk. Der var faste plassar for kvar ein kunne hogge skog eller spa torv. Kart frå utskiftinga av fjellutmarka i 1880-åra syner eit intrikat system av parsellar på Emblemsfjelle, men her fekk dyra likevel gå samman med buskapen til dei andre gardane. Ein slapp med andre ord å pssse på like strengt som nede i bygda. Saudene vart kun merka på våren og sorterte på hausten. Frå 1800-talet byrjar ein også å høyre meir om mellom anna «buleger» led dyra kunne legge seg ned for å kvile og dei tidlegare nemnde bøgardsfjøsane og sommafjøsane .For Emblemsbygda sin del kan ein finna dokumenterte spor etter sommerfjøsane til matrikkelgarden Nedregotten på kart heilt attende til 1872. Det er ikkje så lenge etter at rovdyrjakta vart intensivert. Ein veit ikkje kor lenge dei har vore der.

Bøgardfjøsen

Nokre gardar i bygda har ei enkel fjøstuft mura inn til steingarden som skilde innmarka frå heimeutmarka. Sjursgarden er truleg ein av desse. Dette kan vel knappast kallast fjøs for det var nok først og fremst eit vern for vér og vind kring den som mjølka. Dei eg har sett spor etter i Emblemsbygda har truleg berre hatt plass til ei mjølkeku i gongen. Her fekk ein litt vern og dei stod truleg med inngong mot utmarksida. Kanskje var det berre ein lav mur med eit enkelt skråtak og nokre trefjøler her og der. Den er difor ikkje noko «nattelege» for husdyra. Andre kan også ha hatt ei enkel oppbygd plattform i hellinga slik at både mjølkekrakken og bytta stod trygt. Det er nok ein fellesnemnar at bugardsfjøsar og sommarfjøsar vart bygde av heller skral material til anten gjenbruk eller det ein fann å bygge av i nærleiken. Det kan forklare kvifor tak og veggar forsvann raskt og det kun er murane som stend igjen. Desse bygga var heller ikkje så mykje å skryte av, så der finst knapt eit bilete av dei i Emblemsbygda. Det gjer det vanskeleg å finne fram til korleis dei ein gong såg ut.

Det kan verke som bøgardsfjøsen, eller enkle byggverk i umiddelbar nærleik av grinda i bøgarden kan ha vore dei eldste «sommarfjøsane» i bygda. Det kan forklare kvifor for eksempel sommarfjøsane til Nedregotten kanskje ikkje vart bygde før nærare 1870. Det er neppe nokon tvil om at heimeutmarka har vorte utnytta til beiteformål om vårane før den tid også. Følger ein vidare på denne vesle hypotesa vil det peike seg ut nokre stader i bygda med ei samling av slike småfjøsar med ukjend opphav i tid. Dei er så visst frå før utmarksutskiftingane og kartet frå 1885. Dei heng også saman med dei gamle klengetuna der alle gardsbruka på kvar matrikkelgard hadde husa sine samla i eit felles tun. Dei eldste av desse var matrikkelgardane Emblem og Østrem, men Aksla, Røssevollen, Eikenosa og kanskje Magerholm kom nok ikkje så lenge etterpå. Sjøstykka Emblemsvågen og Nedregotten vart truleg frådelt Emblem og Østrem ein gong etter reformasjonen. Ein skal ikkje sjå bort ifrå at fjøsane vart flytta fleire gonger. Kanskje var dei mest samla før utskiftingsprosessane tok til? Spora frå matrikkelgarden Emblem kan i alle fall tyde på det. Kanskje var det også slik at dei husmennene som fekk beiterettar også fekk samla sine fjøsar ein stad. Ein ser i alle fall at spora på det eldste utskiftingskartet kan vere fleire en talet på bruk med beiterett enkelte stader. Andre plassar er dei derimot heilt fråverande.

Kvar bøgarden til Østrem kan ha lege, soleis usikkert. Det kan vere grunn til å spørje seg om dei kan ha lagt oppe i Røysane nedanfor brua og vegstubben til Nedregotten sine sommerfjøsar. Her finst det ei rekke steingjerde som anten vitnar om dei gamle slåtteteigane frå tida før innmarkutskiftingane, eller har vore del av leidegjerde frå utmarka til mjølkeplassen der ein skilde dyra. I sinare tid nytta Østrem seg av heimeutmarkstykka utanfor elva, og det er der dei sikraste spora er å finne, så kanskje var det slik at også fjøsane har lagt der hovudsakleg. På Emblem er ein derimot langt sikrare. Den eldste staden heiter «Geila». Den låg tett inn til klengetunet, der det var grind i bøgjerdet. Av praktiske årsakar vart det truleg bygd ein kombinasjon av bøgardsfjøsar og meir frittståande bygg, ettersom det vart mange brukarar på denne matrikkelgarden etter kvart. Alderen på desse murane er usikkert, men dei stod der i alle fall kring 1880

Nedregotten og Emblemsvågen hadde lengst veg til fjellutmarka. Dei nytta nok også heimeutmarka si ned mot sjøen mykje meir enn Emblem og Østrem. Desse nyare gardane var også den utskilde heimeutmarka til Emblem og Østrem mot sjøen, kalla sjøstykke. Det kan vera grunn til å tru at dei vart fråskilde som ei følge av avskoginga på Sunnmøre på 16- og 1700-talet. På kort tid vart mest alt brukande tømmer hogd ned og seld til utanlandske oppkjøparar frå mellom anna England, Holland og Skottland. Med dette opna landskapet seg der det før hadde vore storskog. Rovdyra fekk færre plassar å gøyme seg og beitedyr som ku og geit kunne no nytte mest heile Emblemsfjellet. Dermed vart det mindre behov for dei gamle sjøstykka. Gardane hadde nok framleis nokre stykker att, men ein ser at kring 1800 så dukkar det opp ein rekkje husmannsplassar og fjordstover på dei gamle sjøbeiteplassane til gardane på Østrem. Det kan tyde på at østremskarane ikkje hadde det same behovet for desse beiteplassane lenger.

Etter kvart som utmarka gjekk frå å vere felles for heile bygda og dei gamle klengetuna vart fråflytta fekk kvar gard sitt eige avgrensa område ved bøgarden. Det resulterte i fleire grindar og større spredning av kvar fjøsane vart plasserte. Det er helst desse nyare fjøsane me kan finna spor av i dag. Det er interssant å merke seg at det var fleire matrikkelgardar i bygda som ikkje hadde slike fjøsar på karta frå 1880-åra og tiåret etterpå. Soleis kan fleire av tuftene vere berre omlag 100 år gamle. På Eikenosa har eg enno ikkje funne spor etter nokon bøgardsfjøs. Garden låg truleg så høgt til fjells at dei sleppte dyra nedover mot fjorden og Eikenosvågen i staden. Magerholm er kjend for den lune vika og tidleg bløming i Magerholmdalen, så dei hadde kanskje ikkje behov for ikkje eigen bøgardsfjøs. Det kan difor verke som om slike fjøsar i steingarden var nærmast noko særeige for garden Emblem i andre helvta av 1800-talet.

Eg har forsøkt å finne spor etter dei gamle bøgardsfjøsane på utskiftingskarta frå emblemsbygda. Det har synt seg å vere til god hjelp, men problem har der også vore for desse karta spenner så vidt i tid frå 1880-åra og fram mot 1910. Det betyr at ein del nyare bruk som me veit har hatt bygg i utmarka ikkje er tekne med. Vidare kan det vere slik at eldre bygg var borte før dei nyare karta vart teikna. Soleis kan ein foreksempel ikkje finna eit einaste spor etter slike bygg på utskiftingskartet for heimeutmarka mot fjellet på Eikenosa, Eikenosvågen og Indre-Hatlehol frå 1905. Der finst derimot andre frittståande bygningar som eg skal kome attende til. For Emblemsvågen sin del så har eg på utskiftingskartet for innmarka frå 1907 spora tre bygg, men ingen av desse er i tilknytting til bøgarden. Deter truleg snakk om eit kvernhus, og anten to sommarfjøsar eller høyløe og torvløe Det eine ligg i ei kjend torvmyr aust for tuna, der også dyra beita. Den andre låg like vest for Kriken på Emblemsanden der Storelva renn ut i fjorden. Den kan ha tillhøyrd Antonesgarden. Det er grunn til å tru at Emblemsvågen ikkje hadde nokon bøgardsfjøs sidan dei ikkje hadde grense til denne steingarden, for der kom Emblemsgardane si innmark i vegen og Emblemsvåg har ikkje hat rett til å drive dyra si over denne innmarka i nyare tid.

Det er først og fremst på utmarkskartet frå utskiftinga av heimeutmarka til garden Emblem i tidsrommet 1887-1889 at me finn ei rekke småfjøsar innebygd i bøgarden. Berre i Geila ved det gamle klengetunet til Emblem låg det 4 slike. I følge den nye fordelinga kan det sjå ut som om dei tilhøyrde f.v.: bnr. 9 Auregarden, ein umerka fjøs , bnr. 11 Sjursgarden og deretter bnr. 6 Steffågarden. Videre austover er bnr. 12 Skillingen merka opp ved ein bøgard. Det kan vere den tidlegare Ebbegardsfjøsen, som Skillingen var frådelt frå. Videre finn ein 3 bøgardsfjøsar og to nærliggande frittståande sommarfjøsar på området til bnr. 4, 14 og 19. alle desse bruksnummera tilhøyrer Nybø, eller Fursetgarden, bnr. 4 og er stort sett samla ved grinda ovanfor dette nye gardsbruket av kjøpeparsellar frå dei tilstøtande gardane. Ein kan difor tenkje seg at den eine bøgardsfjøsen rett vest for Røssevollelva kan ha tilhøyrd bnr. 1, Negarden, i nyare tid medan to andre kan ha tilhøyrd Ebbegarden og Jakobgarden, som alle selde jord til det nye bruket. Ein skal heller ikkje sjå bort ifrå mogelegheita for at Hatlebakken kan ha hatt bøgard omtrent her, men det er vanskeleg å fastlå med sikkerheit for ettertida.

Frå Fursetgarden kjem ein vidare til vestgrensa mot Østrem og Nedregotten si heimeutmark. Der møter ein det som kan verke som ei annerleis driftsform. I 1885 finn ein ingen bøgardsfjøs i det heile tatt. Nedregotten hadde heller ingen innmarksgrense mot heimeutmarka i fjellsida, så det er kanskje ikkje så rart. Bruka Steffågarden, Guttormgarden og Sirigarden har nok også hatt beite nede ved sjøen. Dei to sistnemnde hadde i alle fall stykker lengst aust mot Akslen/Reiten og i nærleiken av Østremsvika. Kanskje kom det opp ein enkel mjølkestad der når strandsittarplassane i dette området vart nedlagde og plassehusa fjerna kring 1830?. I tidlegare tider hadde dette vore sjøbeitet til gardane på Østrem og Nedregotten del av denne gamle matrikkelgarden frå vikingtida.

Vidare austover kan ein ikkje finne spo av bøgardar på Akslen eller Reiten. Utskiftingskartet for Magerholm og Hesseberg manglar, så der er det ikkje like lett å fastslå om dei hadde noko slikt eller ei, men desse gardane ligg lunt der våren kjem tidlegast i heile bygda, så det er ikkje utenkeleg at dei klarte seg brukbart utan. Mellombels konklusjon kan difor vere at bøgardsfjøsen var først og fremst noko ein hadde på Emblem. Det var også her at gardane hadde vorte utskifta først, fleire tiår før dei andre. Ein kan difor spørre seg om dette med bøgard har vore populært på eit tidlegare tidspunkt, før dei andre bruka vart utskifta. Kanskje har det også hatt ein praktisk funksjon om dyra vart vande med å samla seg til mjølking på ulike stadar etter kva gardsbruk dei tilhøyrde. Dette er ikkje så heilt ulikt geitehaldet i indre fjordstrok på Sunnmøre i nyare tid. Praktisk er det óg, men det forklarar ikkje kvifor dei andre gardsbruka kan ha latt vere. Ein må truleg slå seg til rom med berre å konstatere at slik har det vore.

«Sommarfjøsane»

Desse bygga var litt meir solide enn den enkle bøgardsfjøsen og spor etter ein typisk fjøs i Emblemsbygda var på omlag 4 x 4,5 meter. Dei bestod som regel av tørrmurar og vart gjerne bygd i ei helling slik som sela på setra. Muren kunne vere frå omlag 2 meters høgde i framkant til berre nokre centimeter på det lavaste i bakkant. Oppå murane var der omlag ei halv etasjehøgd i treverk med enkel grindkonstruksjon og torvtak. I motsetting til bøgardfjøsen kunne denne nyttast både til mjølking og vern for dyra om natta. Kanskje var denne varianten ein av dei eldste kjende typane, men der finst fortellingar frå bygda om at bjørnen slo seg inn gjennom fjøsdøra på gardane, så ein valde kanskje å heller halde dyra sine inne i ein skikkeleg tømmerfjøs på heimgarden om natta før 1850-åra. Mange av sommarfjøsane hadde ei døropning og ei smal vindusåpning på 0,5 x 0,5 meter i den høgaste endeveggen Den kunne neppe nyttast til å kaset ut møkra, så til det var nok døra ein nytta dei få vekene der fjøsen var i bruk. Dette var det siste stoppet med beiting i heimeutmarka før ein jaga dyra til setra kring jonsok. Nokre av dei siste budeiene på Emblemsfjellet fortel at dyra nærmast kunne kjenne det på kroppen når det var tida for å jage til seters. Sommarfjøsen kunne likne litt på dei tradisjonelle sela på setra, men hadde ikkje nokon opphaldsrom til brukarane i andre høgda. I nokre få tilfelle kan der kanskje ha vore ein slags trelem med overnattingsmogelegheit, eller litt plass for den som trong å lagre turrhøy frå utmarka, men som regel vart det bygd eigne utmarksløer til det formålet i nærleiken av slåttemarka, på samme måte som ein bygde torvløene ved torvmyrane.

Det er ikkje alle gardane, og såvisst ikkje alle husmannsplassane, som hadde sommarfjøs. Dei mest kjende i dag tilhøyrer Nedregotten som ikkje hadde nokon naturleg grense mot heimeutmarka og fjellet. På utskiftingskartet til Emblem utmark i 1887-1889 finn ein knapt andre typiske sommarfjøsar aust for Flisneset. På dei gamle utskiftingskarta er det få stader det er markeringar som utmerkar seg som typiske sommerfjøsar før 1891. Av desse er sommarfjøsane til Nedregotten i ei særstilling. Dei finn me på kart heilt attende til 1872 og dei er bygd kring ei lita slette omlag som ein seterstøl. Eg skal kome attende til desse litt lenger ned i teksten. Av bilete som eg har fått tak i så kan det også verke som om dei finaste fjøsane kom til anten før 1872 eller i tidsrommet frå 1890 til 1920. Etter den tid nytta ein enklare trekonstruksjonar, skråtak i bølgeblekk og mindre oppmuring. I dette kapittelet vil eg fortelle meir om dei spora etter mogelege sommarfjøsar som er funne frå Eikenosa i vest til Mageholm i aust.

På Eikenosa er det vanskeleg å finne spor i det heile tatt. I heimeutmarkskartet mot fjellet frå 1905 er det ingen spor å finne. På Fjellumarkskartet datert 1887-1889 finn eg lite som tyder på sommarfjøs, men so ligg også garden så høgt at dei truleg nytta sjøutmarka si i staden. Nede på Flisneset finn ein fleire små bygg som kan vitne om anten sommarfjøs, høyløer eller torvløer. På ein stad nord for Flisnes si innmark, omtrent der Flisnes skule ligg i dag, låg det då 4 små bygg inne på det som kan minne om ei inngjerda slette med slåttemark. Eg vil tru at dette var høyløer. Ellers ligg dei andre bygga stort sett austanfor dette punktet mot Emblemsvågen og Brendhaugen. Her er det kanskje litt meir sannsynleg at det er snakk om sommarfjøsar Kven dei tilhøyrde er usikkert. I bygdeboka for Borgund vert det nemnd at Eikenosa ikkje hadde behov for nokon seter og at det først var kring 1900 at eigaren, Iver «Kjøt-Iver» Furset sette opp seterhus ved Skjellbruvatnet saman med gardane Hatlehol Indre, Torevågen og Fureholmen nede ved sjøen. Det kan også forklare kvifor ein finn sopass mange små bygg i området der det i dag er byggefelt på Flisneset. Det er difor godt mogeleg å tru at Eikenosa hadde mjølkestad nedanfor gardstuna om våren, for ein finn spor etter bygg nærare Eikenosvågen også. Dette forenkla dessutan transportvegen til smørmeieriet inne på Emblem i tidrommet kring 1894-1906, og ikkje minst mjølketrannsporten frå Emblemskaia eler Vågane til meieriet i Ålesund. Det var også om våren og sommrane at dyra mjølka mest. Om mjølkedyra vart verande nede i bygda medan berre dei tørre kyrne og kalvane fekk fare til seters etter 1900 skal eg ikkje seie for sikkert. Frå omlag 1890 var nemleg Iver Furset stordrivar med mjølkekyr og sal av livdyr og slakt. Han dyrka opp stort og kjøpte fleire gardpartar attåt. Frå Steinsgarden på Østrem kjøpte han den vestligste delen av garden og sette opp kun fjøs i tillegg til at han rydda slåttemark. Denne parten vart seinare til det som i dag vert kalla «Flydalsgarden», etter svigersonen som tok over i 1909. Det kan dermed verke som om Iver såg nytte i å samle dyra nede i bygda. Etter kvart bygde han seg køyreveg opp til Eikenosa også, slik at mjølkevegen frå setra vart enklare.

I Emblemsvågen er det, som tidlegare tidlegare nemnd, ikkje nokon klåre spor etter sommerfjøsar på dei gamle utskiftingskarta. Ein skulle tru at det her som på Nedregotten var behov for slike fjøsar når dei ikkje hadde direkte grense mot fjellutmarka si. Begge matrikkelbruka har ein god del heimeutmark mot sjøen som kunne nyttast til beite vår og haust og me veit temmeleg nøyaktig kvar dei førte dyra sine til fjells. Men der er truleg ein viktig forskjell på Emblemsvågen og Nedregotten utover 1800-talet. På Nedregotten vart det frådelt temmeleg mange husmannsplassar i heimeutmarka, medan ein i Emblemsvågen begrensa seg meir, og drog også inn at plassar under hovudbruka igjen. Sal av hyttetomter og frådeling av område som Oshaugen kom anten på tidspunkt med pengenaud eller ved redusert behov for beite etter att gardsdrifta var lagd ned.. Det var soleis kanskje ikkje det same behovet for sommarfjøsar, men ein skal ikkje sjå heilt burt ifrå mogelegheita av at eit bygg ved Kriken på Emblemsanden og ein ved myra aust for Antonesgarden kan ha vore nytta som sommarfjøs. Begge låg på beitemarka, men den eine verkar litt for stor og den andre minner litt meir om størrelsen på ei torvløe. Like vest for Vågeplassen og Ludvikplassen finn ein derimot små bygg som kan ha tilhøyrt Emblemsvågen. Like vest for staden der vegen frå Emblemsvågen møter hovudvegen gjennom Emblemsbygda finst det eit bilete frå 1950-talet der Sandane hadde ein enkel sommarfjøs bygd inn til ein større stein. Alderen på denne fjøsen er enno ikkje kjend, men den var ikkje avmerka i 1907 i alle fall.

På Emblem er det registrert ei rekkje sommarfjøsar på både kart og bilete. Eg vel å presentere dei frå vest mot grensa til Østrem i aust. Like ved innmarkgjerdet og leet på den gamle postvegen, i dag kalla Hegrevegane mellom Eikenosa og Ystebøen, låg det inntil nyleg ein fjøs som tilhøyrde Ystebøen. Den vart dei siste åra kun nytta som lagringsplass før den fall ned. Den er ikkje teikna inn på nokon av utskiftingskarta, så den er bygd etter 1894 som grindkonstruksjon. Kanskje har den heile tida hatt bølgeblikktak også. I so fall kan den vere bygd ein gong kring første verdskrigen. På denne tida kom stadig fleire sommerfjøsar opp i Emblemsbygda. Den neste fjøsen låg kun nokre få meter aust for tunet i Auregarden og ovanfor Geila, som også vart kalla «Nestelegene» i likheit med fjøsane ovanfor Fursetgarden. Eg vel difor å halde meg til namnet «Geila» i dette tilfellet for ikkje å skape forvirring. Den er innteikna på utskiftingskartet frå 1887-1889 og kan soleis vere ein av dei eldste sommarfjøsane i bygda. Rett aust for Røssevollelva og like ved grinda i bøgjerdet ovanfor tunet i Fursetgarden ligg 2-3 frittståande sommerfjøsar. To av dei vart teikna inn på utskiftingskartet i 1887 i lag med nokre bøgardar. Staden dei ligg på har fått namnet «Nestelegane» Kva gard dei tilhøyrer er ikkje kjend enno. Det er mogeleg at ein kan ha tilhøyrd Fursetgarden, men der er sopass mange fjøsar at det er uråd å vite heilt sikkert. Det kan også vere Ebbegarden eller Jakobgarden som kan ha hatt fjøs her. Kanskje let eigaren, omgongskulelæraren Knud Furset gardar uten grense direkte til bøgarden få lov til å bygge seg fjøs i hans heimeutmark. No er dette berre ei hypotese, men det er ikkje så usannsynleg, for her ligg ei av dei to største samlingane av fjøsar på garden Emblem. I 1887. Det er langt frå den gamle tunstaden, så det må vere snakk om fjøsar bygd etter innmarksutskiftinga og etter 1845. Då er det mest truleg at dei har tilhøyrd gardar med jord innanfor Røssevollelva og då er det ikkje så mange å velge mellom i 1887. Fursetgarden og det seinare nabobruket i aust, kalla Solvang ved frådelinga i 1936, er skild ut frå mellom anna Negarden, Ebbegarden og Jakobgarden, samt Skillingen som følge av et bytte av teigar. Av desse gardane kjenner me til plasseringa av bøgardsfjøsen til Negarden, så då vert det ikkje så mange alternativ att. Eg vil tru at Skillingen hadde fjøsen sin lenger aust og at den står nærare Geila. Skillingen var på denne tida enno ikkje fråskilld Ebbegarden, så dei hadde nok ingen fjøs i 1887. På sett og vis kan vi kalle Nestelegane ovanfor Fursetgarden for «Nygeila» også. Den overtok ein god del av brukarane frå den gamle etter utskiftinga i 1840-åra. Begge stadene var også buleger om våren og hausten, i likheit med dei som ligg høgare oppe i fjellsida.

Dei einaste fjøsane som me har skikkelege bilete av frå tida dei var i drift er dei fire bygningane oppe på Legane, ikkje så lang frå den vestlige delen av Rotanakken. Her var det ei lita slette med ein steinrabb i framkant. Det har truleg lenge vore «bulegar» der. Det tyder at buskapen har lege der, eller hatt kvileplass med andre ord. Truleg kan det vere snakk om tida midt på dagen. I 1887 finn ein ikkje nokon spor av det som seinare skulle komme. Enkle fjøsar med plass til litt mjølkestell kom på plass ein gong etter 1889, og før midten av 1920-talet då ein har bilde av byfolk på tur nett der. Fjøsane var truleg inntakte kring 1950, då Sunnmørsposten sin redaktør, Magne Flem tok bilete av dei. Etter 1950 vart dette området beplanta med gran til eit granfelt. Med det forsvann både fjøsane og samlingsplassen for ungdommane på det åpne området på Legane.

Nederst i Magnusbakken like vest for Akslabuda, der ein i våre dagar bygg rekkehus skal det ein gong ha stått ein fjøs på ein liten haug som heitte «Kjehushæu`n». Opplysningane vart i si tid gjeve til stadnamngranskaren Johan Krogsæter av Petrus Magerholm på 1980-talet. Den tilhøyrde truleg Steffågarden, og kan ha vore ein sommarfjøs. Det er også mogeleg at den vart nytta til ungdyr og kanskje nettopp kje. Det var dels ulendt terreng i dette området som passa godt til beite.

På Røssevollen var der truleg ikkje sommarfjøsar i det heile. I likheit med Eikenosa kan også Røasevollen ha lege for høgt, og dei hadde heller ikkje sjøbeite. I 1887 finn ein derimot tre frittståande hus mellom innmarka og det som i våre dagar er vestelegaste delen av det som no vert kalla Røssevollvatnet. Det vil seie vest for Røssevollelva. På den tida er det ingen kartreferanse til dagens Røssevollseter, rett aust for demninga. Det er difor meir truleg at dette er gamlesetra med spreidde sel utan felles setervoll. Dei høyrde truleg til Pe-garden, Tykjegarden og Hansgarden, men ein veit ikkje sikkert kven som tilhøyrer kva gard. Det kan vere god grunn til å tru at dei låg i nett denne rekkefølga, slik som bruka låg i vest-aust retning. Då var det også lettare å få dyra kortaste vegen til setra. Oppe i lia bak Ivar Åsen hytta er det ein stad som heiter «Gajdd`n». Der skal det ha vore ein mjølkplass frå gamalt av, men ein veit ikkje av nokon fjøs der, eller om den tilhøyrde Røssevollen. Eg har derimot funne ein stad som heiter «Røssevollegane» på austsida av Røssevollelva og like nedanfor Bjønnanakken. Her har buskapen til Røssevollen hatt kvileplass i eldre tid. Staden ligg litt høgare enn Legane på Emblem og omtrent der elva byrjar å renne nedover fjellsida. Det betyr at staden ligg høgare enn det som kan ha vore gamlesetra. Det er godt mogeleg at dyra først beita autanfor elva, men det må ha vore kostbart med nok eit gjerde, så det kan vere ein liggjeplass der ein henta dyra til anten gamlestølen eller nystølen. Ein finn ikkje spor etter sommarfjøsar der på karta. Det er kanskje ikkje så rart, for det er kort veg til både seter og gardane. Når dyra slapp ut om våren kunne dei kanskje flytte rett på setra.

Kva som er årsaka til at brukarane på Østrem frå gamalt av tilsynelatande var uten både bøfjøs og sommarfjøs, med unntak av Mattisgarden, er ikkje like lett å finna ei forklaring på. Lidvar Flydal fortel at dei to nyare småbruka Flydalsgarden og Vestrem, «ute i marka» mot grensa til Emblem, hadde sommerfjøsar tett ovanfor bøgarden då han vaks opp. Det er interessant informasjon. Videre kan brukaren i Larsgarden på Østrem, Olav Østrem, fortelle at dyra og hesten vart sleppt ute i marka vestanfor Storelva då han var liten. Han fortsette sjølv med denne tradisjonen og der skal ha stått ein liten frittståande fjøs på Larsgarden si heimeutmark nær standplassen på skytebana til lysløypa nede i bygda. Den er også teikna inn på kartet ved innmarksutskiftinga i 1904. På den tida stod det kun ein stor fjøs i det som nokre år seinare skulle verte gardstunet i Flydalsgarden. Opplysningane om beite i dette heimeutmarksområdet fører oss litt nærare ei mogeleg forklaring. Etter 1880 har det vorte frådelt tre plassebruk på delar av denne heimeutmarka nede i bygda innanfor bøgjerdet. Der var det også slåttemark og veaskog i eit belte som skilde Emblem innmark frå Østrem innmark. Det siste plassebruket var Solvang som Alfred Østrem skillde frå i 1936. Det kan verke som om brukarane hadde godt med beite- og slåttemark nede i bygda. Difor kunne dei skillje seg med sjøutmarka og Nedregotten. Dei eldste fjøsane kan soleis ha stått innanfor bøgjerdet nærare klengetunet mot fjellsida og er difor ikkje å finne på heimeutmarkskartet frå 1885.

Frå nyare tid veit me at Arthur Østrem i Abrahamsgarden bygde seg eit enkelt treskur som han flytte med traktoren sin like oppom innmarksgjerdet til garden oppe i Abrahamsbakkane. Etter 1950 ein gong. Bygget står der framleis. Den gamle sommarfjøsen til Mattisgarden utanfor Storelva som ein finn spor etter på utskiftingskarta vart også forbetra etter andre verdskrigen. Det var mellom anna støypt møkrakjellar. Nærare kvelvingsbrua over elva vart det også bygd eit redskapshus til hesjastaur og hestereiskap. Den fall ned på byrjinga av 1980-talet. Det vart også bygd ein sommarfjøs i tre med omlag 6 båsar i Røysane berre eit par hundre meter frå gardstunet omtrent der dagens bilveg til emblemsfjellet tar til i våre dagar. Eg kjenner ikkje til om Steinsgarden hadde noko liknande etter 1900.

Nedregotten fekk smale heimeutmarksbøter rett ovanfor dei opphavelege østremsbruka, slik at brukarane på Østrem ikkje kunne sleppe dyra sine direkte frå innmarka fram mot 1950 åra. Det har vorte meg fortalt at Skaret, bruksnummer 1 på Nedregotten hadde ein sommarfjøs nede ved Hammarsvika attåt. Den låg mot grensa til Emblemsanden og var truleg også bygd etter 1900. Eg er ikkje sikker på om det var fleire gardar der som hadde fjøsar mot sjøen, men truleg hadde alle dei største bruka sin eigen sommarfjøs oppe i fjellsida ovanfor bøgardsgrensa til Østrem allereie før 1870. Frå gamalt av vart nok dette kalla «Nergotslegane». I likheit med dei andre stadene i bygda der ein seinare bygde sommarfjøs eller bøgardsfjøs, så fekk staden namn som anten legar eller geil.

Så godt som hjå brukarane på Østrem stod det ikkje til med dei gamle plassemennene på Nedregotten. På sjøbeita var det mykje ulendt terreng og dels dårleg slåttemark, så det var ikkje akkurat velstand som forårsaka denne løysinga. På det nyaste fjellutmarkskartet for Østrem og Nedregotten frå 1931 er det berre seks sommerfjøsar som er innteikna saman med den nye vegen til Østremsetra. Andre hus er ikkje å sjå.

Det same gjeld for Akslen og Reiten også. så fråver av sommarfjøs kan ha vore ein slags tradisjon på bruka «innanfor elva». Dyra fekk nok tidleg beitegras på heimeutmarka nede i bygda og kunne truleg finne nok mat der heilt til jonsok. Heile poenget var nemmeleg å skåne innmarka frå beite slik at ein kunne hauste mest mogeleg. Likevel gjekk det truleg ei grense for kor mykje ein trong og eit slik beite nede i bygda kan tyde på at dei hadde nok til å klare seg godt. Likevel fekk også desse bruka eigen sommarfjøs og ei lei mot utmarka. Den dag i dag kan ein framleis sjå murane etter sommarfjøsane til Akslabruka ved tømmerløypa til Reiten like ovanfor gardstunet og innmarka til dette gardsbruket. Reiten og Akslen var tidlegare same gard. Dei hadde sams beiting austover mot grensa til Magerholm. Her gjekk dyra tidvis saman med Magerholmbrukarane sine dyr før nye plassebruk dukka opp på 1800-talet og stengde av den gamle pasasjen. På slutten var det slik at dyra gjekk ei tid kring Brennhaugen før dei vart flytta til heimeutmarka i den vestlendte ura nedanfor Stornakken og Akslanakken, kalla Reiteløypa. Reiten kanskje hadde ei tid mjølking i ein slags bøgardsfjøs eller oppmura steinplating på innmarksida, men på utskiftingskartet for innmarka til Reiten og Akslen frå 1891 finn ein ingen markeringar som kan tyde på nokon slikt, Dette må i so fall ha kome til etter den tid. Det er ikkje så heilt usansynleg når ein veit at dei nye brukarane på Østrem bygde seg fjøs så seint som etter 1950, då sommarfjøsdrifta nærma seg slutten. Ei nærare studie av karta over heimeutmarka til desse gardane syner heller ikkje hus eller murar som kan tyde på at sommarfjøsane i Reiteløypa er bygde før 1891. Der er heller ikkje funne restar etter mjølkestader austover mot Brennhaugen, der ein veit at dyra gjekk først på våren. Det kan tyde på at ein på dette tidspunktet valde å anten mjølke i åpent lende eller drive dyra heim at til gardstuna. I 1811 vart det halde forliksak der brukaren på Reiten klaga over at dyr frå Aksla vart gåande lause gjennom tunet hans på veg til Reiteløypa. Det vart då bestemt at dyra skulle følgast morgon og kveld, så på den tida vart i alle fall dyra lokka heim att kvar dag. Kanskje fortsette dei med det fram til 1890-talet, før dei såg nokon nytte i sommarfjøs-drift. Det stod i alle fall ikkje på mangel på egna stein og tømmer til å bygge av. Mykje tydar på at Sommarfjøsane i Emblemsbygda fekk sin renessanse etter den tid.

Frå Akslabruka stoggar spora etter sommarfjøsar og bøgardar nesten heilt opp. Ikkje ein gong i stadnamnregisteret er slike nemnd og utskiftingskarta manglar også. Men lokale brukarar kan framleis fortelle om nokre av fjøsane som ein gong var. I området mellom Aksla og Magerholm var der frå gamalt av eit større heimeutmarksbeite og torvmyrar. Sidan området var so pass stort og strekte seg frå Kristenplassen til Akslagjerdet så var der vel truleg torvløe, og kanskje ein og anna mjølkeplass også. Om der var sommarfjøs er usikkert. Vegen er ikkje så lang, men den er lenger enn avstanden mellom tunet og dei andre bøgardsfjøsane lenger ute i bygda. Målet var nok også å la heimemarkene vere forskåna for dyra. Der skulle ein hauste mest mogeleg av graset til vinteren, og ein slapp då å vedlikehalde leidegjerde for husdyra, som ein trong dersom dei skulle følgast heim til mjølking kvar dag. Det var nok meir vanleg i ei tid der det var mykje ulv og bjørn i området. Ein kan soleis tenkje seg at Akslagjerdet vart stengselet mot Aksla og gode steingardar med eine på toppen vart godt stengsel. I dette området var der ogsåminst to tømmerløyper frå nakkane med tinglest lagringsplass. Frå 1850-åra vart denne heimeutmarka gradvis delt frå til nye plassar som vart til stengsel for beitefelleskapet mellom Magerholm og Aksla. I mellomkrigstida kom der gradvis hyttefelt kring Brendhaugen og i våre dagar er mykje utnytta til boligformål i byggefelt. Spor etter fjøsar er difor vanskelege å finne.

På Magerholm kan ein derimot finne tuftene framleis. Den eine fjøsen tilhøyrer hovudbruket og ligg oppe på slåttemarka mot bøgarden og starten på gamleråsa til Magerholmdalen. Murane er i så godt hald at den må ha vore i bruk då Karl Engeset kjøpte garden. Kanskje var den i drift ei tid etter det også. Går ein den nye bilvegen frå hovudtunet mot hyttene og Bøen på våren så ser ein tydeleg murar av ein fjøs omlag 100-150 meter lenger vest for tufta til hovudbruket.Den ligg ovanfor vegen like før dei nærmaste hyttene på grensa til innmarka og den gamle frukthagen, omtrent der vegen svingar inn mot gardstunet. Her har det grodd att med skog ikring fjøsen og ein veit ikkje lenger kven den tilhøyrde. Bøen ligg nærmast, men der kan også ha vore ei rås opp frå sjøen og kanskje var det den nest største garden, Magerholmvika som nytta den. I so fall må dei ha nytta Magerholmvegen innover, så det er no heller lite truleg. Ei anna moglegheit kan vere at hovudbruket har hatt to fjøsar. Bøen er nemleg det gamle kårbruket til bruksnummer 1 go det kan vere slik at den første brukaren, Parat-Ole fekk nytte gamlefjøsen, medan hovudbruket bygde seg ny fjøs nærare tunet.

På hesseberg skal der visst også finnes to tufter. Den eine skulle ligge ovanfor Oppigar medan den andre låg aust for Nerigar i nærleiken av løa på garden. Også bygdeboka for Borgund beskriv sommarfjøsar oppe i lia over gardane, men seier ikkje noko om kor mange der ein gong var. Me veit no i alle fall om to fjøsar, ein til kvart hovudbruk, men eg vil tru at der kanskje var ein fjøs lenger vest tilhøyrande Bryggå ei tid også.

Soleis har me fått eit lite overblikk på dei fjøsane som me veit har vore i bygda, og dei er ikkje så reint få. Ein skal heller ikkje avvise at der har vore enno fleire. Det er litt underleg å merke seg at der har vore fleire bygg i ei tid der fjellet har vore trygt for udyr, enn tidlegare. Då tenkjer eg på at der finst ei rekke stadnamn som vitnar om enno eldre liggeplassar og mjølkeplassar for dyra oppe i fjellsidene. Dei mest kjende vert som regel kalla «Leger» eller «legene». Ein skulle tru at det i eldre tid var viktigare å få dyra i hus bak tjukke tømmerveggar før myrkret kom, for der finst framleis historier om bjørn som slo seg inn i fjøsane i bygda. Leger kan sjølvsagt ha vore nytta til kviletida midt på dagen, eller så var det kanskje dei få tilfella om rovdyra som vart fortalt gong på gong. Det kan ikkje forklare kvifor ein bygde veggar og tak i nyare tid, men me kan likevel konstatere at dei gjorde seg den umaka og bygde skikkeleg ly for dyr og mjølkebøtte mot slutten av 1800-talet, etter dei siste store rovdyrjaga. Med denne teksten kan ein framleis ta vare på litt av kunnskapen om dei.



Kjelder:

Avfotograferte kopiar av alle dei orginale utskiftingskarta frå Emblemsbygda i tidsrommet 1887 til 1931. Dette inkluderar innmarkskart, heimeutmarkskart og utmarkskart. Her manglar innmarkskartet til Eikenosa og smtlige kart for Magerholm og Hesseberg.

Akslen, Mauritz: Tekst om gardsdrifta i Høla på 1920-talet

Befaringar med oppmåling av sommarfjøsane til Nedregotten sommaren 2015

Befaring med biletregistrering ovanfor Fursetgarden desember 20015

Befaring på Magerholm og i Magerholmdalen februar 2017

Bilete og opplysningar Per Almar og Gunvor (f. Flydal) Steinnes

Emblem, Karl O.: Tekst om gardsdrifta i Steffågarden

Emblem Skule: Historieprosjekt om den Gamle Emblemsetra 1998

Krogseter, Johan: Innsamla kart og opplysningar frå lokale informantar om lokale stadnamn for Ålesund Kommune frå 1980-talet

Opplysningar frå Arthur Østrem

Opplysningar frå Aslaug Østrem

Opplysningar frå Harry Akslen

Opplysningar frå Hjalmar Engeset

Opplysningar frå Jon Blindheim

Opplysningar frå Lidvar Flydal

Opplysningar frå Olav Østrem

Solem, Løytnant: Kart over Emblemsbygda i regi av kartverket frå 1872

Øverlid, Ragnar: Bygdebok for Borgund og Giske Band II Gardsoge 1-51. Borgund og Giske bygdeboknemnd 1961, Trykt i Bergen

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
25.05 | 17:31

Skulle gjerne visst mer om Johan, min bestefar.

...
11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE