BNR. 5 PE-GARDEN

Tykjegardsløa nærmast, og Pe-gardsløa pluss delar av det kvite Tykjegardshuset i bakgrunnen. Opphaveleg låg tykjegardstunet til venstre for Tykjegardsløa, men ny stove vart bygd lenger vest etter 1947. Gamlehusa vert reve. Bilvegen kom opp til Røssevollen mellom desse to løene, og ligg der framleis. Hansgarden 1961. Foto: Raganr Øverlid for Borgund og Giske bygdeboknemnd. Dagens eigar er Stiftinga Sunnmøre Museum.
Tykjegardsløa nærmast, og Pe-gardsløa pluss delar av det kvite Tykjegardshuset i bakgrunnen. Opphaveleg låg tykjegardstunet til venstre for Tykjegardsløa, men ny stove vart bygd lenger vest etter 1947. Gamlehusa vert reve. Bilvegen kom opp til Røssevollen mellom desse to løene, og ligg der framleis. Hansgarden 1961. Foto: Raganr Øverlid for Borgund og Giske bygdeboknemnd. Dagens eigar er Stiftinga Sunnmøre Museum.
Det er mogeleg at dette kan være Peter Karolus Peders. Røssevold (1847-1926) frå Pe-garden på Røssevollen , men eg er ikkje heilt sikker enda. Orginalbiletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet Møre og Romsdal: Arkiv/samling:  AM-95003.049151
og er signert fotograf Sponland i 1920
Det er mogeleg at dette kan være Peter Karolus Peders. Røssevold (1847-1926) frå Pe-garden på Røssevollen , men eg er ikkje heilt sikker enda. Orginalbiletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet Møre og Romsdal: Arkiv/samling: AM-95003.049151 og er signert fotograf Sponland i 1920
Biletet syner Brit Larsd. Erdal frå Fonnaplassen, Solevåg(7) (1847-1929) frå Vartdal. Ho var enke då ho gifte seg i 1897 med enkemann og snekkar Peter Karolus Peders. Røssevold (1847-1926) i Pe-garden. Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet Møre og Romsdal: Arkiv/samling:  AM-95003.049152
Biletet syner Brit Larsd. Erdal frå Fonnaplassen, Solevåg(7) (1847-1929) frå Vartdal. Ho var enke då ho gifte seg i 1897 med enkemann og snekkar Peter Karolus Peders. Røssevold (1847-1926) i Pe-garden. Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet Møre og Romsdal: Arkiv/samling: AM-95003.049152
Truleg søskena Elias, Inga og Severin Røssevold hos fotograf Moa, Utsnitt av orginalplata, som tilhøyrer Aalesunds Museum. Arkivreferansen er: AM-95002.81866.
Truleg søskena Elias, Inga og Severin Røssevold hos fotograf Moa, Utsnitt av orginalplata, som tilhøyrer Aalesunds Museum. Arkivreferansen er: AM-95002.81866.
Elias Røssevold hos fotograf Sponland i 1917. Bildet tilhøyrer Aalesunds museum
Elias Røssevold hos fotograf Sponland i 1917. Bildet tilhøyrer Aalesunds museum
Inga Røssevold hos fotograf Sponland i 1915. Ho står i midten bak. Dei andre er truleg venninner. Bildeeigar: Aalesunds Museum.
Inga Røssevold hos fotograf Sponland i 1915. Ho står i midten bak. Dei andre er truleg venninner. Bildeeigar: Aalesunds Museum.
Kanskje søskena Konrad Emblem og Alfa (g. Riise) hos fotograf Simonnæs i 1919. Dei budde først på Storhaugen. Bidleeigar: Aalesunds Museum.
Kanskje søskena Konrad Emblem og Alfa (g. Riise) hos fotograf Simonnæs i 1919. Dei budde først på Storhaugen. Bidleeigar: Aalesunds Museum.

Pe-garden er i dag det midterste bruket, av dei tre opphavelege bruka, lengst aust på Røssevollen. I våre dagar er der berre eit hus att i Pe-garden. Det ligg omtrent der vegen delere seg, øverst i Røssevollbakkane. Hansgardstunet ligg litt bak, og lenger aust, mens dagens Tykjegardstun ligg nedanfor, og lenger vest. Røssevollen vart truleg liggande brakk etter svartedauden, og dyrka opp att på slutten av 1500-talet. Der er nemnd ein Saxe Olson frå Synnesætta på Røssevollen kring 1590, i følge "Vigraboka". Han flytta vidare til Nordre Fjørtoft i 1592. Han er vanskeleg å plassere på rett bruk, for vi veit ikkje kva gard han dreiv den gongen. Saxe var gift med Inger Pedersdotter, og dei hadde minst ein son. 

a) Guttorm var brukar på Synnes(1) frå 1620.

I 1603 sat der ei enke på garden. Ho vart verande til om lag 1605. Ein kan undre seg på om ho kan ha  hatt ei tilknytting til   Jon Jonson Røssevold(1) i Hansgaren, men det er ikkje bekrefta. Hansgaren  vart delt frå Tykjegarden og Pe-garden få år etterpå, i 1609.

Elling tok over bruket 1605 og var brukar der til 1632. Han overlot bygselsbrevet til sonen.

a) Lars tok over bruket.

Sonen Lars Ellingson Røssevoll(5) var brukar frå 1632 til om lag 1650. Meir veit ein ikkje om han.

Aslach vart fødd om lag 1615, og bygsla bruket i tidsrommet frå om lag 1650 til 1680. Han skatta  1658 for hest, ukse, 4 kyr og ei kvige.

 a) Aslach Aslachs. (ca.1646-1728) tok over bruket.

Sonen Aslach Aslachson Røssevoll(5) (ca.1646-1728) gifta seg først med Christi Jansdotter (d.1709). I  arveskiftet etter henne er det nemnd hest, 4 kyr, kvige, ukse, 2 sauer og 2 geit. Dei hadde også eige  naust og båt. Han gifta seg opp att i 1711 med Anne Erichsdotter Hesseberg(2) (ca.1679-1729). Ho  var søster til  Synnøve, på nabobruket Tykjegarden. Dei dreiv bruket frå om lag 1680 til 1728.  Søndag 2. august 1711 vart familien hardt råka av ei dødsulukke. Det kan verke som om det var ein  båtvelt, og det var kanskje snakk om kyrkjeferd, eller ei vitjing, sidan det var søndag. Borna Gunder, på  18 år, og tvillingane Aslach og Gunder, som vart døypte vel ei veke i forvegen, drukna. I tillegg  omkom nabojenta, Martha Knudsdotter Røssevold(1) på berre 12 veker, frå Hansgaren og Ole  Pederson Aase (f. ca.1688). Aslach etterlet seg kvern, plogjern, spadegrev, 2 hakkegrev og småljå.

a) Lars (ca.1691-1721) drukna ved Strømmen, Skodje.

b) Gunder (ca.1695-1711) «blev i sjøen». Han vart 

begravd samme dag som småsøskena.

c) Aslach (dp.1711-1711) var tvilling. Han døydde 

4 dagar gamal. Det var truleg ei båtulukke.

d) Gunder (dp.1711-1711) var tvilling. Han døydde 

4 dagar gamal. Det var truleg ei båtulukke.

e) Erich (dp.1713). Meir veit ein ikkje om han.

Arne Colbeinson Hovden(1) (ca.1699-1767), frå Hundeidvika, dreiv først Utgård og Midtgård, før han  kom hit 1729. I 1726 gifta han seg med Synneve Olsdotter Midtgård(3) (1692-1765). Ho kom også frå  Hundeidvika. I 1726 vart han oppgjeven som «k. Sold.» av yrke. Det kan tyde på at han var soldat.

a) Knud (dp.1726)

b) Gunild (ca.1727-1804) gifta seg i 1766 med Lars 

Larson Furnes(III), brukar Furnes(3), Sula. Ho budde

i 1801 som enke i Plassevågen, Emblemsvåg(7). Var til 

slutt registrert som  legdslem på farsgarden.

c) Magnille (1730-1803) fekk ei dotter i 1755 med Ole 

Ols. Emblem, og i 1763 ei dotter, Anniche, med den gifte

Knudt Arenss. Axlen(1). Denne  gongen skreiv presten 

følgande i kyrkjeboka: «Et døv og dum født kvinnfolk som 

nu 2.den gang har begået leiermaal».  Magnille var døvstum, 

og døydde som legdslem i Spjelkavika.

d) Colben (dp.1732-1780) var ugift og dreng.

e) Joen (dp.1738-1805) tok over bruket.

Sonen Joen Arneson Røssevold(5) (dp.1738-1805) tok over bruket 1760. Han gifta seg det same året  med Barbroe Olsdotter Kongshaug(1) (dp.1728-1771). 1772 gifta han seg på nytt med Johanne  Einersdotter Slettedal(2) (1735-1813), frå Hjørund-fjorden. I 1799 budde også søstera, Birte  Einersdotter Slettedal(2), på bruket. Ho er då nemnd som død der. Joen dreiv bruket til 1802.

a) Arne (dp.1761) var dødfødd.

b) Ole (dp.1762).

c) Siver (dp.1766-1842) gifta seg i 1795 med  Birthe 

Larsd. Furholm(3) d.y. Han vart i 1801 nemnd  som 

husmann på Magdevågneset, Sørnes. Siver døydde 

som  legdslem på Røssevollen.

d) Arne (dp.1771-1771) døydde 14 dagar gamal.

e) son (1773-1773) var dødfødd.

f) Baar (1774-1817) tok over bruket.

g) Einer (1776-1815) gifta seg i 1811 med Pige 

Barbro Olsd. Vedde(3) (1778-1812). Ho var tenar 

Mattisgarden, Østrem(1) 1801, og døydde på 

Røssevollen.

h) Arne (1779-1779) døydde 19 veker gamal.

Sonen Baar Joensson Røssevold(5) (1774-1817) tok over bruket i 1803. Han gifta seg det same året,  med Anne Martha Rasmusdotter Blindheim(3) (dp.1776-1843), i Borgund kyrkje. Dei dreiv garden  til 1816, året, før Baar døydde. Enka gifta seg opp att med neste brukar.

a) Anne Karen (1805-1805) døydde 2 veker gamal.

b) son (1807-1807) var dødfødd.

c) (Andrine) Johanne (dp.1808-1845) var brukar 

Jetmundgarden Alnes(6).

d) Berndt Andreas (dp.1810-1896) gifta seg i 1846 

med Helen Gregoriusd. Abelset, fødd Storvik(2). 

Ho var brukar i  Storvik(2), Ørskog.

e) Rasmus Cornelius (dp.1815-1900) døydde som 

legdslem.

Enka Anne Martha Rasmusdotter Blindheim(3) (dp.1776-1843 gifta seg 1819 opp att, med Ole  Johannesson Meset(Ba) (1782-1851) frå Sykkylven. Dei dreiv bruket frå 1818 til 1842.

 a) Giertru Berthe (1819-1900) tok over bruket.

Svigersonen Peder Johan Pedersson Giskeødegård(10) (1814-1876) gifta seg 1842, med Giertru  Berthe Olsdotter Røssevold(5) (1819-1900). Dei dreiv bruket frå 1842 til 1876. Han kjøpte Steffagaren,  Nedregotten(5) frå Claus Olsen Magerholm(1), opphaveleg fødd   i Negarden,  Emblem(1).

 a) Anne Gurine (1844-1916) gifta seg i 1865 med 

Bernt Rafael Samunds. Roald(1), brukar Roald(1).

Ho var tenar på Roald  i 1864.

b) Peter Karolus (1847-1926) tok over bruket seinare 

etter broren Ole.

c) Ole Johan (1850-1878) tok først over bruket.

d) Berte Kristine (f.1853) arva garden i 1878, før ho 

selde den vidare.

e) Hansine Jacobine (1856-1927) gifta seg i 1879 med 

Martinus Kristian Eliass. Valderhaug(29), brukar

Valderhaug(29).

f) Petrine Jacobine (f.1859) gifta seg i 1877 med  

Edvard Johan Elias Ols. Eikenosvåg(2),  brukar 

Olevågen, Eikenosvåg(2).

g) Karen Martha (1863-1947) gifta seg i 1888 med 

Johan Severin Britanus Anders. Hjelle, fødd på

Eikrem, og brukar Roald(8). Ho fekk sonen, Ole Peder 

Hansen  (Roald), i 1878 med drengen Hans Nicolai Larss.

Østrem(2) frå Larsgarden, Østrem(2). Hans vart seinare 

husmann  på Vestrem, Østrem(6), og kalla "Marka-Hans".

Sonen Ole Johan Pederson Røssevold(5) (1850-1878). Han var ungkar og dreiv bruket frå 1876 til  1878. Garden vart då tatt over av søstera.

Søstera Berte Kristine Pedersdotter Røssevold(5) (f.1853) tok over etter broren. Ho dreiv bruket frå  1878 til 1879. Årsaka til dette er ikkje kjend, men ho var ugift på dette tidspunktet, og det kan vere  del av årsaka. Berte selde garden til Johan Rørvik og Gunnar Jakob Knutson Roald(21). Dei bygsla  så bruket til Berte sin bror, som vart neste brukar. Berte gifta seg 1907 med Ole J. Olson Hareide,  busett på Hareid. Dei flytte så videre til Ålesund.

Bror til dei to tidlegare brukarane, Peter Karolus Pederson Røssevoll(5) (1847-1926), bygsla garden  1879. Han arbeidde som snikkar. Peter gifta seg med jordmor Ingeborg Hanna Larsdotter Vedde(3)  (1841-1891). 1897 gifta han seg opp att, med enka Brit Larsdotter Erdal (Fonnaplassen) Solevåg(7)  (1847-1929). Ho vart fødd på Standal i Hjørundfjorden, og døydde på Borgund gamleheim.

a) Lauritz Peter (f.1866) var fødd på Vedde. Ugift 

og busett heime i 1891.

Jørgen Andreas Eliasson Melbø(1) (1864-1932) frå Vartdal bygsla bruket i 1892. Han kom frå  Solevågen, dit han hadde flytta hausten 1891 for å tene. Jørgen gifta seg 1892 med Ingeborg Elina  Johanne Larsdotter Erdal (Fonnaplassen) (1859-1943), frå Vartdal. Ho var også tenar i Solevågen, og  hadde flytta dit 1890. Ingeborg var søster til Brit, som var forrige brukar. Det var nok slik bygselsavtalen  på Røssevollen kom i stand. I 1910 budde også mor til Ingeborg på garden. Ho levde då av  eiga formue, samt litt kår. Dei dreiv bruket til 1931. Ho vart enke i 1932 og flytte til dottera, Inga.  Ingeborg døydde på Kopperstad.

 a) Inga Laura  Jakobine ( f.1893) gifta seg i 1925 med 

Bernhard Jakobs. Kopperstad(4), brukar  Kopperstad(11), 

Herøy.

b) Elias Ingvald  Gustav ( f.1895) gifta seg med Evelyn, 

og busette seg i USA i 1943. Dei drog til Canada i 1924.

c) Severin Johannes  Ingvald ( 1898-1975) gifta seg i 1918 

med Jenny Olava Knudsd. Rørstad(1), Sula. Han var snikkar.

d) Borghild Petra  Elisa ( 1904-1983) gifta seg i 1927 med Bernhard Peder Berge før 1943. Dei busette seg på

Nedre  Berge(17), Herøy.

Brødrene Konrad (1907-1966) og Edvin Kaspar Emblem(16) (1913-1972), kom frå  Storhaugen. Dei kjøpte garden i 1931. Faren Elias sa frå seg Storhaugen, Emblem(16), og flytte hit  han også.

Søstera Alfa Petra Tora Emblem(16) (1910-2008) gifta seg i 1940 med Alfred Bertrand Riise (1907- 1980). Han kom frå Larsgarden, bnr. 2 på Riise i Ørsta kommune. Dei slo seg ikkje ned på  Røssevollen, men busette seg i Hatlane i staden. Ho fekk garden i arv etter brødrene sine i 1972 .

a) Else Johanne (f.1956) tok over bruket.

Dottera Else Johanne Riise Gjøen (f.1956) tok over i 2009. Ho er gift med Kjetil Gjøen (f.1957), frå  Oslo, og dagens grunneigar. i Pe-garden. Dei er busett i Hatlane i Ålesund. Else tok også over ei tomt med bruksnummer 9,  lenger vest på Røssevollen. Den var opprinneleg delt frå bruket i 1941.

a) Tina (f.1986) er saman med Alexander Bye. Dei er 

busett i Bergen.

b) Marte (f.1990) er busett i København.