MERAFTA ELLER BLÅFJELLET?

Kartutsnitt frå Løytnant Solems kart frå 1872. Kjelde: Kartverket
Kartutsnitt frå Løytnant Solems kart frå 1872. Kjelde: Kartverket
Utsnitt frå kart over Romsdal Amt frå 1844. Her er også namnet Blåfjell nytta. Ein skal ikkje gløyme at ei enno større del av fjellet var del av Skodje før 1916. Det er dermed kanskje ikkje så usannynleg at det var nettop i denne kommuna ein samla inn namnet også
Utsnitt frå kart over Romsdal Amt frå 1844. Her er også namnet Blåfjell nytta. Ein skal ikkje gløyme at ei enno større del av fjellet var del av Skodje før 1916. Det er dermed kanskje ikkje så usannynleg at det var nettop i denne kommuna ein samla inn namnet også
Meraftafjellet eller Blåfjellet sett frå Østremsetra ein fin vinterdag. Foto Svein Ove Østrem
Meraftafjellet eller Blåfjellet sett frå Østremsetra ein fin vinterdag. Foto Svein Ove Østrem
Eit tettare utsnitt som syner både Meraftafjellet og Vasstrandsfjellet frå Sjøholt kyrkje
Eit tettare utsnitt som syner både Meraftafjellet og Vasstrandsfjellet frå Sjøholt kyrkje
Meraftafjellet sett i det fjerne frå Sjøholt. Herfrå er det fjell lenger ute i fjorden som kan høve betre som Blåfjell, om det er fargen ein tek namnet frå. Foto: Svein Ove Østrem
Meraftafjellet sett i det fjerne frå Sjøholt. Herfrå er det fjell lenger ute i fjorden som kan høve betre som Blåfjell, om det er fargen ein tek namnet frå. Foto: Svein Ove Østrem
Frå flymerket på Meraftafjellet eller Blåfjellet. Vasstrandseggane i bakgrunnen. Foto: Svein Ove Østrem
Frå flymerket på Meraftafjellet eller Blåfjellet. Vasstrandseggane i bakgrunnen. Foto: Svein Ove Østrem
Utsyn frå Meraftafjellet. Foto: Svein Ove Østrem
Utsyn frå Meraftafjellet. Foto: Svein Ove Østrem
Vasstrandsfjellet sett frå Vassnakken. Foto: Svein Ove Østrem
Vasstrandsfjellet sett frå Vassnakken. Foto: Svein Ove Østrem
Merfatafjellet og Vasstrandsfjellet frå Kartverket sitt noregskart på internett. http://www.norgeskart.no/_ga=1.258128268.707167313.1406590733#11/62530/6953768
Merfatafjellet og Vasstrandsfjellet frå Kartverket sitt noregskart på internett. http://www.norgeskart.no/_ga=1.258128268.707167313.1406590733#11/62530/6953768

Eg kan nok seiast å vere ikkje så reint lite subjektiv når det kjem til stadnamna på Emblemsfjellet.  Når ein er oppvaksen i Emblemsbygda og fora med stadnamn frå ein var gammal nok til å fote seg dit dels på eiga hand – ja då vert ein også prega av det ein sjølv har lært. Soleis har ein i min familie alltid tala om Blåfjellet. Det er snakk om ein av desse fjelltoppane som så vidt smyg seg utanfor kommunegrensa til Skodje før dei når sitt aller høgste. Frå Østremsetra har ein godt utsyn til dette fjellet som speglar seg i Svartevatnet. Søker ein derimot på dei offisielle Noregskarta i basen åt Kartverket så finn ein ikkje noko Blåfjell på denne staden. Då er det «Meraftafjellet» ein finn som namn på dette høgaste fjellet på Yksenøya, ei øy som strekkjer seg heilt frå Solnør gard og til Nørvasundet.

No har det synt seg tidlegare at Kartverket ikkje er nokon fasit i slike namnespørsmål. Det er ikkje lenge sidan du kunne finne namnet Akslanakken på Stornakken og namnet på vatna ovanfor Røssevollen har vorte heilt blanda saman. Problemet er at det som stend på slike offentlege kart verte ei varig referanse, og oftast ei vedteke sanning, for dei kommande generasjonane. I denne teksten vil eg sjå litt nærare på dette Blåfjellet med fleire namn.

Ordet Merafta stammar truleg frå det gamalnorske namnet «miðr aptann», med ei tyding som «midt på ettermiddagen». Kjeldene er dels motstridande når det gjeld tidspunktet i klokketimar. Nokon nemnar tida kring kl.18:00, medan andre nemner tida kring 15:30. For Skodje sin del skal visst kl. 18:00 høve best ifølge stadnamngranskar Johan Krogsæter i boka «Stadnamn på Sunnmøre» (1995). Eg undrar meg difor på om det kan vera slik at tidspunktet vart endra etter årstidene. På sommaren var det lenge lyst og ein arbeidde mykje lenger i onnene når maten skulle bringast i hus. Der det var særleg gode forhold kunne ein visst mjølke heile tre gongar om dagen også. Eg vel difor å halde meg til kl. 18:00 som ei vidare referanseramme.

Eit søk hjå Kartverket på nett gjev per dags dato 22 treff på ordet «Merafta». Av desse er 7 av treffa i Møre og Romsdal Fylke, to i nordlegaste del av Sogn og Fjordane, 4 i trøndelagsfylka og nokre i nordnorge, med Lofoten som nordlegaste treff. Skrivemåten har dermed ei naturleg utfalding i vårt område. Der finst dessutan ei rekkje lignande namne-variantar på geografiske stadar som har vorte nytta som tidsreferanse over heile landet vårt.

Av dei tidlegare nemnde treffa i databasen til Kartverket er dei fleste kalla «Meraftahaugen», medan andre stort sett er nytta til å sette namn på fjell. Vidare finn ein det også som namn på ein dal, eit skar og ein ås. På Skodje finn me både ein Meraftanakk og altså eit Meraftafjell. Meraftanakken ligg mellom Brusdalen og Innvika vest for Digernesskiftet, Ute av syne for Meraftafjellet ved Storfjorden.

Johan Krogsæter peika i si tid på at namnet vart skrive «Me-rafta» i reisehandboka til Kristoffer Randers. Han hella også til å tru at namnet kunne tyde Mid-aftan, eller eit merke for kvar sola stod omlag kl 18:00. I den forbindelsen vil ein tru at fjellet er namnsett frå ein stad der ein kunne sjå både fjellet og sola samstundes, så det er soleis ikkje snakk om namngjeving frå sørsida av fjorden. Det kan ikkje vere snakk om eit slik merkefjell sett frå setrane på Emblem heller, så ein skal nok lenger aust mot Skodje for å finne svar på kvar namnet opphaveleg kjem frå.

På Løytnant Solem sitt handteikna kart for Kartverket i 1872 finn ein derimot ikkje noko Merafta-namn i det heile. Då har Yksenøya sitt aller høgaste punkt namnet «Blaafjeld». Blåfjellet er også eit namn som vert nytta på folkemunne den dag i dag, jamnsides med det offisielle namnet på dagens kart. Dette namnet får ein til å sjå for seg eit blånande fjell, altså eit fjell som vert sett på avstand. Nok ein gong lyt ein kanskje mot nabokommuna Skodje, eller ein annan stad utanfor Emblemsbygda for å finne opphavet. Det er også mogeleg å tenke seg at det har noko med kulde å gjere, slik elva Eiteråna i Magerholmdalen ved foten av fjellet kan ha ein samanheng med kuldegufs og «eitrande kaldt». Spørsmålet vert difor kva namn Emblemsbygdarane sjølve har nytta i eldre tid. Der må eg seie at det er umogeleg å seie for sikkert. Ein finn Blåfjell-namn over mest heile landet og kan spore nokre attende til hekseprosessar kring 1600-talet. Det er også vel verdt å merke seg at nabotoppen er namnlaus på karta. Den andre høge toppen på kommunegrensa har fått namnet «Vasstrandsfjellet». Dette namnet er også utanbygds frå. Før omlag 1980 skal ein ha nytta namnet «Gråsteinsegga», eller berre «Eggane» frå emblemsida av fjellet. «Vasstrandsegga» kan ha vorte nytta på Brusdalssida, og er i alle fall nytta på det same rektangelkartet som Løytnant Solem teikna i 1872. Om han har henta inn namnet sjølv, er dessverre uklart for ettertida, men denne egga er synleg langt av garde, sjølv på Åse og heilt ut i havgapet ved Ålesund, så her kan det ha vore mange lokale namngjevingar. Det har også vorte meg fortalt at ein på Glomsetsida nyttar namnet «Hundsfjellet» i staden. Kjært born har altså fleire namn.

Tek ein vegen frå Sjøholt kring klokka 18 i retning Magerholm ein solrik sommardag, så kan ein få nokre idéar om kva stadar «Merafta» kan ha vorte nytta. Ein må heilt ut i svingen mot Solnør gard før sola stend i best posisjon kring toppen. Vidare kan ein sjå sola i omtrent same posisjon lengst aust i Glomsetbygda, medan fjellet er ut av syne ei stund før ein får eit siste glimt av toppen og sola kring Honningdalsneset. No har eg berre sett meg lett ikring langs bilvegen vestover, men det gjev likevel ein peikepinn. Kanskje var det brukarane på Solnør gard som nytta namnet? Denne storgarden husa nemeleg ein ruvande kar i juristen, fogden, sorenskrivar og stortingsmannen Ludvig Daae (1829-1893). Han kunne ikkje berre skryte av at han hadde hatt sjølvaste Ivar Aasen til huslærar, han var i slekt med Henrik Ibsen óg. Det vert sagt at garden inspirerte Ibsen si dikting også. Når kartografen Solem kom forbi, er det ikkje usansynleg at han kom i kontakt med Daae også. Vidare var folkeminnegranskaren Peder Fylling ofte innom garden. Han hadde tidligare vorte bodsendt nå Henrik Ibsen trong hjelp, så at han kan hatt ein finger med i spelet er ikkje heilt utenkjeleg, men ikkje bekrefta på noko vis. På befaringa mi vestover frå Sjøholt fann eg ingen tydelege spor etter eit blånande fjell i alle fall, men eg har ikkje vore i området kring Fylling, Solnørdalen eller Skodje sentrum for å sjekke utsynet enno.

Det har også vorte meg fortalt at det er nokon på Glomset som tidlegare har nytta namnet Merafta kun om sjølve fjellryggen, og deretter Blåfjellet om toppen, tidlegare. Kan det vera slik at det er snakk om to namn side om side? Det forklarar i så fall kvifor Blaafjeld har vorte nytta allereie i 1872. Løytnant Solem var heller ingen kven som helst. Han arbeidde i minst 20 år med kart fleire stadar i landet. I 1890 var han foreksempel i Asker på oppdrag for «Norges Geografiske Oppmåling» (NGO) Han teikna dessutan hemmelege militære kart, og var såleis ein tiltrudd medarbeidar. Han var offiser i det millitæret og tjenestegjorde truleg ved NGO. Andre opplysningar tyder på at ein i nyare tid har nytta berre namnet Merafta om heile fjellet inne på Glomset.

Blåfjellet er det altså fleire av i landet vårt. Mange av desse ser ut til å vere gjevne til eit av dei høgste fjella i nærleiken. Soleis finst det fleire Blåfjell i Møre og Romsdal med betydeleg høgde. Dette Blåfjellet er det høgste på Yksenøya, som omfattar store delar av Ålesund og delar av Skodje Kommune, så det høver godt. Det er kun på naboøya Sula at denne «regelen» ikkje stemmer like godt, medan Blåfjellet i Stranda er det høgste i si kommune. Kanskje er det ein samanheng mellom anten høgd og synlegheit på lang avstand, slik at fjellet kan verke blåleg. Ei tredje forklaring kan vere at fjellet er høgt og held på snøen og ein meir gråblå farge lenger enn dei ikring. Det er nok også ei rekka andre tydingar av ordet, men det kan verke som om eit slikt namn er yngre enn «Merafta». Det kan verke som om ein kan konkludera med at namnet anten kan stamme få Skodjesida eller frå andre sida av fjorden. Vestanfrå er det i alle fall lite blåleg farge å skimte på sommarstid. Sykkylvsfjella, nokre kilometer unna kan derimot passe betre. Eg vil derfor påstå at namnet kan kome frå ein annan stad enn dei næraste bygdelaga, dersom namnet kan knytast til fjell i «blåninga».

Det er vidare interessant å merka seg at bygdehistorikaren Karl O. Emblem (f. 1907) nytta namnet «Meraftafjellet» i si oversikt over dei geografiske høva i Emblemsbygda. Han var elles særs nøyaktig når han rydda opp i feil namngjeving på kart frå området. Kan det vere soleis at han var van med å nytte dette namnet frå barndommen av? I so fall er det ikkje snakk im ei nyare endring. Dei tidlegare nemnde Vasstrandsfjellet skal nemleg, ifølge mine opplysningar, stamme frå ein av Peter Hesseberg og Sunnmørsposten sine «Til topps med Sunnmørsposten» turar frå 1980-talet. Eg vil tru at dei måtte nytte same namn som kartverket i rebusoppgåva si. Elles ville ikkje deltakarane ha funne fram til rett topp og premiar i det heile. Kartverket måtte i si tid også gjere eit val, og då laut truleg bygda sine eigne lokale namn vike. Det er i både høve snakk om toppar i Skodje Kommune, så då er det vel på sin plass at dei får nytte sine namn på kartet. Utfordringa er likevel at lokale namn kjem burt. Slikt er i ferd med å skje med namnet Gråsteinsegga, eller Eggane på folkemunne, og slik kan det også verte med Blåfjellet. Vasstrandsegga-namnet vart i alle fall for alvor teke i bruk etter 1980.

Kva som er rettast å gjere i Blåfjellet sitt tilfelle, er eg usikker på. I mitt haud vil der alltid ligge eit fjell med dette namnet ovanfor Svartevatnet. I mine øyrer kan det verke fornuftig at Merafta kan vera eit mykje eldre namn, og såleis det rette. Likevel er det ikkje heilt utenkjeleg at det er kun fjellfoten dette namnet viser til. I so fall før Blåfjell-namnet få gjenoppstå som namnt på sjølve toppen på dei offisielle karta også. Her er eg stadig på jakt etter fleire opplysningar.

Kjelder:

Bull, Jacob B.: "Blaafjeld Et folkelivsbillede fra hekseprocessenes tid», Kristiania og København Gyldendalske Boghandel Nordisk forlag 1914: http://www.nb.no/nbsok/nb/85878af45b01e613529371db199af0e8?index=1#7

Emblem, Karl O.: «Geografiske tilhøve»: http://www.emblemsbygda.com/34569325

Honningdal, Harald: informasjon via facebooksida i gruppa «Gamle bilder fra Skodje» 25.6.2015

Kolsrud, Sigurd: «Rasmus, Jonas ordsamling, Norderhov 1698» Skrifter fraa Norsk Maalførearkiv VI, Oslo 1956: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2009022604015

Krogsæter, Johan: «Stadnamn frå Sunnmøre ei artikkelsammling» Nytt i Uka Forlag, Ålesund 1995

Randers, Kristoffer: «Sunnmøre: Reisehåndbok», Ålesund: Ålesund – Sunnmøre turistforening 4. revisjon 1962: http://www.nb.no/nbsok/nb/d4e6669e7035672267fbadfaa43411f3?index=16#217

Sandnes, Jørn et. Al: «Norsk Stadnamn Leksikon», Det Norske Samlaget, Oslo 1976: http://www.nb.no/nbsok/nb/ee1fe828a968afe200cc4c0acf252739?index=10#6

Sandnes, Jørn et. Al: «Namn i fjellet». Det Norske Samlaget, Oslo 1968

Østrem Olav: muntlege opplysningar om Merafta og Blåfjell-namnet frå Glomset

Aasen, Ivar: «Ordbog over det norske Folkesprog», Det Norske Samlaget, 2. utgåve, Oslo 2000