17. MAITALEN I EMBLEMSBYGDA 2014

Kjære alle sammen. Gratulere så mykje med dagen og grunnlovsjubileumet. Det er forunderleg å tenke på at vi i dag går mann av huse for å feire opptakta til det som skulle bli ei tjukk raud bok, ei bok som dei færraste har bladd i og knapt nokken har lest fra begynnelse til slutt. Likevel så omfatta ho det aller meste av kvardagen vår, om vi vil eller ei.

Dei fleste har nok fått med seg at Grunnlova feira 200 år, men det betyr no ikkje at vi har feira dinne dagen like lenge med is, brus, kaffi og kake. Litt sped feiring var det no sikkert i meir sørlige og urbane strøk, men det første barnetoget i landet vårt, det kom visst ikkje i stand før i 1870, og då ved hjelp av en Moldenser. Om han heia på MFK, vel... det tvila ej no på, for det va før dei starta opp, ergo så va ditte sikkert en rett så triveleg kar. Når en ser på andre land sine militærparadar og framvisning av våpen på nasjonaldagen, då e det sannelig godt å vite at slik e det ikkje her hos oss. I Norge e det nemleg borna og den jamne nordmann som e i fokus. Det nærmaste vi kjem krigerske tilstanda er vel om det begynne å bli tomt for pølse der borte i kiosken.

Som et godt stykke over litt middels interessert i historie, he ej også gravd i arkiva i håp om å finne eit og anna om korleis emblemsbygderane opplevde det som hendte i 1814. Der e desverre ikkje så mykje å finne no for ettertida her innaum neset, for ditta va tross alt lenge før Facebook gjorde sitt inntog med personlige oppdateringa.

Inne i Magerholmvika, rett ved dagens fergekai, der fekk ej likevel eit treff. Av dei større  hendingane på denne tida va bygginga av den første vegen frå Magerholm mot Vegsundet. Det va ein omlag 2 meter brei ridesti over Øvste-Aksla, gjennom Østremsgardane som også fekk seg ei flott bru, videre gjekk vegen like ovanfor skulen her mot Negarden, Steffågarden og Auregarden. Frå Ystebøen måtte postmannen so slepe posten opp gjønå Hegrevegane til Eikenosa i alt slags vér. Ikkje berre va ditte postveien vestover, det vart også den nye hovudvegen frå Ørskog mot Nørvasundet, og det som etter kvart skulle bli byen Ålesund. 

 I motsetning til i dag, der vi nermast skrik etter meir asfalt så ville emblemsbygderane slett ikkje ha noken vei, for ditte førte berre til meirarbeid då bygdefolket sjølve vart pliktige til både å bygge og halde herligheita i stand til alle årstider. I 1814 va det stort sett finare folk og øvrigheita som kreka seg etter land, om en skulle lenger enn ned i naustet og på fjellet. Post va det svært lite av og der fanst ikkje ei einaste fargelagd reklameavis frå butikkane på Moa heller. Hovedferdsla vår va på fjorden den gongen. Når so vegmeisteren eller lensmannen kom for å sjekke at alle gardbrukarane hadde stelt vegbiten sin vel, så hadde dei ofte berre drege lett over med mosehørva. Etter få år ga veimesteren opp og amtmannen fann det lurare å bygge ein ny hovudveg gjønå myrane inne i Brusdalen i staden. Må vite at emblemsbygderane va fornøgde.

Hovedbruket på Magerholm dreiv skysstasjon, hadde hesta for postkarane som kom roande forbi Hesseberg, og der va båtskyss samt etterkvart også ein eigen overnattingstad på sjølve holmen. Ja, so triveleg kunne det verte der inne at et båtlag frå Stranda vart liggande verfaste i nær to vike, og det uten at der va styggevér ein gong. Reint så lystig hadde det nok ikkje vore i det siste i stova til han Lars frå Apalset og ho Anne Kari som dreiv småbruk i Magerholmvika. Dei hadde nemleg fått kjenne på konsekvensane av stormaktspolitikken. Den eine sonen deira, Joacim, var nemleg innkalla som soldat. Norge var då ein del av Danmark, som deltok i Napoleonskrigane nede på kontinentet på den tapande parten si side. Du må vite at dei engsta seg for sonen sin og korleis det gjekk med han. Ej vil tru at det vart påfølgande glede når krigen tok slutt og det va mulig å sjå en ende på stridigheitene slik at han Joakim, seinare husmann på Magerholmneset, fekk komme heim att..

Ej vil også tru at magerholmfolket og resten av bygdefolket var langt mindre opptatt av kven som vann eller tapte, for dei var nok krigstrøytte, meir opptatt av ekstraskatta, matvareprisa som steig og mykje av det livsviktige såkornet som ikkje kom fram på grunn av handelsblokade, slik at mange i landet vårt måtte gå svoltne til sengs. For den som har hørt om Terje Vigen, så finst det fleire historier om slike modige menn i bygdene ikring oss. Ved minst ei anledning fossrodde dei lokale heltane innover Storfjorden i eit forsøk på å kome seg unna engelske krigsfarty med kornlasten. På den tida måtte ein nemleg dyrke det meste som trongst sjølv. En kan samstundes undre seg på korleis vi i våre dagar ville takla slike nedgongstider og ufred når det knapt finst eit levande  gardsbruk igjen på Emblem. Ej huska at vi fekk omtrent det same spørsmålet den gongen ej hadde gleda av å vere elev her på Emblem skule. En klassekamerat kunne berolige frøken med at dette ikkje va noke problem i det heile tatt, for ein kunne no alltids greie seg på cola og potetgull. Lure litt på om landbruksministeren he tenkt omtrent det same.

Forfedrane våre skjøna etter kvart at ein ikkje kunne vere så avhengig av korn åleiene. Poteta var meir hardfør. Nydyrking og betre gjødsling gav lettare slått og betre avling. Kring midten av 1850- talet hadde han Elling Steffensen Emblem i Steffågarden oppdaga at dei på Østlandet hadde noke sopass lurt som hjul på gardsreiskapen sin. Ditte hadde han sjølv sett då han gjekk heimover frå Kristiania, som Oslo heitte den gongen. I uminnelege tider hadde nemleg bøndene brukt tresledar både vinter og sommer til all transport. Flatdyrka samanhengande marker fri for stein var nemleg ikkje så vanleg. Kort tid seinare hadde Elling bygd den første høyvogna. Andre idéar var vi derimot  tregare på å ta til oss. 17.maifeiringa og barnetog tilhøyrte så visst til den kategorien. Slikt var vel meir for luksus å regne, i likheit med å vere så råflotte at en spanderte finmjøl på å bake seg julekake.

Det he vorte meg fortalt at bygda sin første handelsmann, Lars Olsen Emblem, han visste å sette pris på feiring av nasjonaldagen. Ved minst ei anleiing sette han gramofonen i vindauget og spela nasjonalsongar, før han delte ut posar med sukkerbrød til dei frammøtte ungane. Men til trass for den nasjonale oppvakninga og 1905, så bar dei første spede forsøka på feiring gjerne preg av enkeltpersonar, og tidvis tilflyttarar som kanskje bakte kake eller kokte varm sjokolade til ungane i skulekjellaren. Som regel så dovna det visst av igjen. Då ungdomslaget etter kvart tok på seg arrangementet kunne ein av formennene, han Mauritz Akslen inne i Hølå framleis oppleve å vera den einaste vaksenpersonen i barnetoget. Det vart riktig nok feira ikring på gardane med god mat til  middags og sikkert kaffimat med, men dei fleste hadde kanskje nok av arbeid å ta seg til midt i våronna?

Det var i alle fall først frå 1945 at vi for alvor kunne sjå dinne voldsomme 17. maifeiringa for heile bygda og i faste former kvart einaste år. Korpsmusikk hadde me ikkje før i 1954, men spelemenn va vi likevel godt forsynte med. Eit år før den andre verdskrigen var det visst to eldre kara med fele som vart leigd inn. Disse var spesialistar på Napoleonsmarsjen og dei spela den sikkert jamnt og trutt i toget gjennom bygda, men då dei begynte på en ny runde i det toget skulle svinge inn på stemneplassen ved gamleskulen, ja då sette han ti, ein av sambygdingane som meinte at det var reint  for gale å spele ein tysk marsj på sjølvaste nasjonaldagen...

Frå 1930-åra har me hatt eit vell av fritidstilbod på Emblem. Me har bedehus, ei tid var der ungdomshus, fleire kor, korps, idrett sjølvsagt, og ei rekke andre frivillige lag, som foreksempel avholdslosje og skyttarlag. Fleire av desse er i drift framleis, medan andre har vorte nedlagd og gløymde. Ofte kan me takke enkeltpersonar for mykje av dei tilboda som vi kan nyte godt av i bygda vår. 

Den første gongen me hadde korpsmusikk i 17. maitoget var det ein av desse, Oddvar  Ramsvik, som hadde leigd inn korps av eiga lomme for å spele. Resultatet vart at Musikklaget Gjallarhorn såg dagens lys det same året. Me kan vel knapt forestille oss kor tamt det ville vore å gå gjennom bygda utan korps, men det er samtidig viktig at vi ikkje tek alt dette for gitt. Dei fleste treng oppsluttning og medlemmar for å eksistere, for det held ikkje med berre ein keeper som spelar tuba, mens han leitar etter orienteringspostar. 

Dei siste ti-åra har også idrettsaktivitetane gått frå å vere sessongbaserte til nærmast altoppslukande, slik vert det også vanskelegare å vera aktiv på fleire arenaer samstundes. Då er det desto viktigare at vi som foreldre engasjerar oss og stiller opp.

Ditte er ikkje like lett i en hektisk kvardag. Med fleire born i familien, vert også tidsklemma heftigare, men den innsatsen vi gjev likevel gir verdi og glede for så mange fleire.

Det er samstundes på sin plass å gje ein ekstra honnør til dei som står på jamnt og trutt i det stille år etter år. Desse er det så lett å gløyme, og ikkje minst familien deira som også ofrar ein god del til gavn for bygda. Andre tek på seg viktige tillitsverv som mellom anna dirigentar, formenn, trenarar og styrerepresentantar. Her skal me ikkje gløyme familiane deira heller. Eg vil gjerne rette ein særskild takk alle dykk også. Samstundes er ikkje heder nok åleine. Vi andre må også vere med å bidra, kanskje kan vi vere med på å dele på nokre av oppgavene, slik at vi fortsatt kan glede oss over eit framtidsretta og godt fritidstilbod i bygda i mange år framover. Tenk på alt av hus og anlegg, som he vore bygd her på Emblem frå omlag 1900. Det e ikkje så reint lite alt ditte he kosta.

Det gledar meg også å sjå at det vert tatt initiativ til å starte opp att anten gamle eller flunkande nye aktivitetar. Rotanakken har foreksempel vorte eit valfartsmål i det siste, takka vera tiltakslystne sambygdingar med ryddesaks og visjonar. Ej trur at det er mange fleire spannade aktivitetar og turmål ikring oss som berre ventar på den som får lyst til å gjyve laus. Med ei Emblemsbygd i vekst kjem sikkert enno fleire idéar fram, og då er det viktig at vi støttar opp om alle desse. 

 Vidare bør vi kanskje verte litt flinkare til å gå på besøk, snakke samman utanom sosiale medier, og å ta godt i mot dei som kjem flyttande hit til oss. Det skapar også utfordringar å vere ei bygd i vekst. Skulen vår ber heilt klart preg av dette. Her må må bygda stå saman og vise at vi er talsterke, og at me krev å verte høyrde i både ord og handling. Ikkje la de verte som då den aller første skulen stod nybygd i 1903 på Skaret. Den gongen måtte bygdefolket dekke det meste av kostnadane sjølve. Ein ny ung lærar, med etternamnet Flydal skulle flytte inn på skulekammerset medan emblemarane debatterte  heftig om det va nødvendig å bruke pengar på å isolere dei verste sprekkene i tømmerveggen med litt papir på veggane, eller om ein heller kunne spare seg den kostnaden. 

Me må heller ikkje verte for sjølvopptatte i vår eiga kjære og trygge heimbygd. Ser ein burt frå behov for rundkjøyring og lågare fartsgrenser, så er det ikkje alle som har det like godt som oss. I avisene skriv ein tidvis opp og ned om forbud mot tigging og telting i friareala våre, men gløym aldri kva dette eigentleg dreier seg om. Kor enn vi vrir og vrenger på det som me føler som ubehageleg, så er det levande medmennesker me snakkar om. Skal vi eigentleg gå ikring og otte oss for at ein tiggar benyttar kronestykka annaleis enn vi hadde sett føre oss? Dette handlar også om nokre få kroner frå oss rike nordmenn. Sjølv avfallskonteinarar utanfor butikkane skal no låsast slik at ingen andre skal ta seg til rette med søpla vår. Ein del vil nok meine at eg er naiv, men ta dykk

likevel litt tid og kjenn etter sjølve, om alt dette føles like rett. 

 Det var ikkje dei fattigaste og dårlegast stilte som valde å reise til amerika den gongen Emblem var del av eit fattig land. Av dei som reiste over dammen var det dei fleste som fekk seg gratis billett frå sambygdingar og arbeidde i ein eller fleire periodar for å tene godt med pengar, samle kapital til å ta over farsgarden eller kanskje få råd til å gifte seg. Der vil alltid finnast draumar om ein ny og betre kvardag i våre dagar også. Har vi eigentleg rett til å nekte andre den same draumen? Etter mitt syn så kan oss ikkje det. Å  vere rike, det forplikta faktisk, og 17. mai er soleis en fin dag for litt ettertanke.

Ej lure på korleis emblemsbygderen anno 1814 ville sett på oss som lev i dag. Fekk dei molegheita til å avlegge oss eit lite besøk, så ville sjølvsagt mykje vore fryktelig rart for han Lars og ho Anne Kari der inne i Magerholmvika, men en ting ville dei desverre kjenne seg igjen i. Ufred og rasling med våpen det har vi ikkje klart å fått has på i løpet av desse 200 åra som he gått. Dei ville nok ikkje skjøna særlig mykje av dei som spring som galningar opp og ned fjellsidene berre for moro skuld heller. Ho Anne Kari ville nok også syntest at vi va snåle, der vi sat i den samme stova om kvelden å trykkte på nokre rare metalldingsa uten å snakke sammen, eller å ha noke fornuftig å ta oss til.

Samstundes ville det nok gleda dei å sjå kor godt me faktisk hadde det i våre dagar, og einkan berre undre seg kva råd dei ville ha gjeve oss vidare. Det e no på tide å forlate desse to, vende nasen attende til talerstolen her på Emblem skule og takke for merksemda. Eg håper at dykk alle samen vil få ein retteleg fin grunnlovsdag! 

Takk for meg

Du har fremdeles ikke lagt til bildet i fotoalbumet.