Anton Emblemsvåg frå Antonesgarden

Anton emblemsvåg hos fotograf Sponland i Ålesund 1909. Dette var to år før han emigrerte til Minnesota for å få seg arbeid som snekkar. BIletet er merka AM-95003.009790 og tilhøyrer Fylkesfotoarkivet

Høybråten kirke anten i 1950 eller 1963. F.v.: Hjørdis Oline Hansd. Iversen (f. Bjørneset i Volda), Mari Emblem?, Anton Emblem (Emblemsvåg) og handelsmann Karl Johan Iversen (Furset). Sistnemnde var sonen til Kjøt-Iver og oppvaksen på Skorene like ved barndomsheimen til Anton. Eg vil tru at dei var barndomsvener og dei heldt tydelegvis kontakten så godt at Anton ville besøke han på Høybråten. Biletet tilhøyrer Per Almar Steinnes

Faksimile frå Sunnmøre Arbeideravis 5. mars. 1982. Anton var då heime i gamlelandet på sin sjuande visitt dette året. Søskenbornet Gunvald Myren i Spjelkavika vart 80 år på denne tida. Utklippet tilhøyrer Reidun Kvam

92-årige Anton Emblem og søskenbornet Gunvald Myren frå Sunnmøre Arbeideravis 5.3.1982. Orginalen tilhøyrer Reidun Kvam

Anton Emblem omkransa av søskenborna f.v. Gunvald Myren og f.h. Ingolf Myren. Desse var søsken og busett i Spjelkavika. Bilete er henta frå Sunnmøre Arbeideravis si reportasje 5.3.1982. Orginalutklippet tilhøyrer Reidun Kvam

Anton Ragnvald Peder Emblemsvåg vart fødd den 12. juli 1890 og vaks opp i «Antonesgarden» i det gamle klengetunet i Emblemsvågen. Han var nest eldst i ein borneflokk på fire. Mora heitte (Maren) Karen Johanne Karoline Antoniusdotter Emblemsvåg (1859-1897) og var jordajenta på garden. 

Besteforeldra på morsida kom opphaveleg frå Spjelkavikneset og Nedregård i Spjelkavik. Det var morfaren, Antonius Britanus Johanson Spjelkaviknes(3) (1825-1920) som hadde gjeve namn til Antonesgarden. Soleis kunne ein skilje denne frå «Knutgarden», sjølv om husa stod tett i tett oppå den gamle marebakken der vegen ned mot Emblemsanden svingar frå austleg retning og går nedoverbakke mot småbruket og badeplassen på Sandane. Antonius vart ein svært gamal mann og Anton lærte nok mykje frå bestefaren sin. Han var den einaste guten i borneflokken og fekk nok soleis litt ekstra merksemd. Antonius hadde vore enkemann før Anton vart fødd og Anton sjølv miste mor si då han var berre 7 år gamal. Dette var berre vel ei veke etter at søstera Karn Lovise Josefine vart fødd den hausten i 1897. Ei slik hending knytta nok familien enno tettare saman. Ein manglande vaksen var alt anna en enkelt i dei dagar med den tradisjonelle arbeidsdelinga mellom gardmann og gardskone. Dette kunne ikkje bestefaren bøte så mykje på og der var heller inga kårkone til å hjelpast åt. No trong dei grannane meir enn nokon gong.

Far til Anton heitte Severin Kornelius Martinus Rasmussen Kvalen (1856-1952). Han kom frå Sande og hadde gifta seg til gard og grunn den 12. juli i 1885 på det som etter kvart skulle verte bursdagen til Anton. Foreldra fekk i alt 4 born før Karen døydde av barselfeber. No hadde Severin tre mindreårige born og ein nyfødd baby å ta seg av i tillegg til ein aldrande svigerfar på kår. Eg vil tru at Antonius kunne vere til brukbar hjelp med dei eldste borna, men både gard og fisket måtte haldast i hevd om dei skulle ha mat på bordet, og dette var midt i slaktetida med dei tidkrevande juleforberedelsane for tur. Korleis Rasmus klarte seg, veit eg lite om, men han var einsleg enkemann i heile to år. Kanskje var det på denne tida han tok til å spa ut sand for sal for å spe på inntekta og samstundes vere meir heime med borna? Det er i alle fall sikkert at dei hadde eit nært og godt samkvem mellom gardane i Emblemsvågen og dei hjalp kvarandre så mykje dei greidde. Seinare skulle også Severin vere til god hjelp for naboen Karen i Knutgarden då ho vart sittande att som enke så alt for tidleg, med 10 born å forsørge. Severin gifte seg om att med Anne Eline Johansdotter Emblem (1865-1943) frå Garsendhaugen. Det må ha vore eit noko spesielt bryllaup det året, for berre nokre dagar i forvegen hadde svigerinna til Severin, Anna Karoline Antoniusdotter Emblemsvåg vorte mor for første gong. Problemet var at ho ikkje var gift og barnefaren var den komande svogeren på Garsendhaugen. Den vesle guten fekk også namnet Anton Emblemsvåg. Slikt vart sjølvsagt omsnakka i bygda, men med tid og stunder så roa det seg truleg igjen. Korleis dette prega Anton er uvisst, men det er lite som tydar på at forholdet mellom borna og gardsfolket i Antonesgarden eller på Garsendhaugen let seg prege av dette.

Av søskena til Anton var det Marie Anna Sofie (1887-1983) som var eldst. Ho hadde tent litt pengar som budeie då ho valde å emigrerte til USA i 1904, 17 år gamal. Ho reiste saman med tanta si, Eline Marie Johansdotter Emblem (f.1874) frå Garsendhaugen. I skipspapira vart ho derimot kalla Helene Johansd. Emblem ved ein feil. Eline hadde også arbeidd ei tid som meierske på smørmeieriet på Emblem. Det låg rett aust for Garsendhaugen, bygd midt i Røssevollelva mot grensa til Ebbegarden . Dei to drog først til Marie Anna Sofie si tante i Clarkfield, Minnesota med «White Star Line» over Atlanterhavet. Dette kan vere kona til Siverin Julius Martinus Johanson Emblem (f.1867) frå Garsendhaugen som emigrerte i 1893 til Minnesota. I so fall er det underleg at dei ikkje oppgav han i staden. Det er enno usikkert kvar han busette seg, men der finst ein høveleg kandidat like ved Clarkfield som kalla seg Sam Emblem og dreiv gardsbruk ved Tyro. Kanskje var det dit Lars Karl Knudsen Emblemsvåg(1) frå Knutgarden hadde dratt i 1895 også, før han tok over farsgarden og gifte seg i Emblemsbygda med tidlegare nemnde Karen. I det heile så var det mange frå bygda som etter kvart tok turen til Minnesota og fleire av dei nemnde også Clarkfield som reisemål til godt ut på 1920-talet. Det kan nesten verke som om dette landbruksområdet kring Yellow Medicine midt ute på prærien vart eit slags «mini-Emblem» i Amerika ei tid. Dei heldt dessutan kontakten med heimbygda i lag tid. Allereie i 1880-åra hadde dei første reist over og ein finn etter kvart reisande frå dei fleste bruka i Emblemsbygda. Men for ein del av desse vart dette berre den første stoppestaden på vegen. Marie flytta etter kvart til St. Paul og deretter til Minneapolis, før ho i oktober 1905 gifte seg med læraren og gardbrukaren Hellick J. Glaim frå Swede Prairie Township i Minnesota. Han var frå ei av dei eldste nybyggarslektene der og arva bruket etter far sin. Dei fekk 7 eigne born og eit fosterborn.

Den tredje i borneflokken var søstera, Sofie Karoline Emilie (1894-1963) ho drog ikkje til Amerika, men heldt seg på heimlege trakter og i Emblemsvågen, der hjalp ho foreldra sine med gardsdrifta så lenge ho var i stand til det. Det var eigentleg Anton som skulle ta over og han fekk også skøytet på garden i 1939, men han kom ikkje heim att. Sofie gifta seg aldri. I 1943 vart Severin på ny enkemann. Fram til 1950 fortsette han likevel med gardsdrifta saman med Sofie, men då makta dei det ikkje meir. Dette skal eg kome attende til.

I det meste av oppveksten, som Anton kunne huske, var det stemora, Anne, som dreiv bruket saman med morfaren mellom onnene. Severin var som dei fleste andre mannfolka vekke på fiske fleire gongar i året. Med born på 3, 6 og 13 år kan ein nok rekne med at ho fekk hjelp av eldstedottera Marie også. I tillegg var Anne si søster, Scharlotte Johansdotter Emblem, frå Garsendhaugen registrert som tenar og «sysselsat dels med Kreaturstel, dels med Husgjerning» i 1900. Scharlotte var berre 37 år, men allereie enke på dette tidspunktet.

I 1907 vart det halde innmarkutskifting i Emblemsvågen. Til den tid hadde matrikkelbruket vore teigbytt med 10-15 teigar på kvar av dei to hovudgardane. Resten var tidlegare plassebruk som gradvis fekk sjølveige. Dei fleste åkrane låg oppe under hamrane mot grensa til Emblem. Grensa mellom Knutgarden og Antonesgarden vart sett midt gjennom dette klengetunet,. Antonesgarden fekk den austlege halvdelen der husa på denne garden allereie stod. Soleis sparte ein kostbar husflytting også. Løysinga vart likeeins for nabogarden. Dei fleste gamleåkrane vart dermed liggande på Antonesgarden sin eigedom, men det vart også ein god del av myrene, så dei vart nok vel forlikte likevel. Dei hadde rås til fjellutmarka vestanfor innmarksgrensa til Emblem og Røssevollen og inngjerda heimeutmark på Emblemsanden, mot Lisje-Helvete og vestanfor Plassevågen der den vestlegaste delen av byggefeltet på Flisneset ligg i våre dagar.

I 1910-tellinga hadde Marie reist til Amerika, medan dei andre borna framleis var heimeverande. Anton dreiv som tenar med forskjellig arbeid på garden, medan Sofie tok seg av husarbeid på bruket. På den tida var det ikkje vanleg at eldre born gjekk heime, så dei vart som regel registrerte som tenarar i staden. Anton hadde einno ikkje byrja som tømrar, men det var ei vanskeleg tid for unge å få seg arbeid på. Han hadde nok ein god fagleg ballast i trearbeidsfaget og gardsdrifta, etter å ha traska saman med bestefaren sin frå han var liten. På denne tida tok ungdommar i bygda til med å reise heilt til Amerika for å få arbeid i tømmerindustrien på vestkysten, eller satsa på hjelp frå slektningar som hadde reist i førevegen. Frå Amerikabreva til mellom anna Knutgarden og Antonesgarden, Garsendhaugen Steffågarden, Guttormgarden og Ebbegarden kunne ein høyre at det gjekk godt med mange av dei som hadde reist. Lars Emblemsvåg var ein av dei som hadde hatt arbeid der borte for så å kome heim att. Nokre fekk kanskje hjelp til å kjøpe billetten medan andre fekk gratis reise. Det var nemleg mogeleg å få fri tur-retur dersom ein klarte å verve fleire dugelege til tømmerindustrien frå heimbygda. Ein av dei store i denne bransjen kom frå Sykkylven og betalte gjerne for transport av fleire sunnmøringar med god arbeidslyst. Anton var ein av dei som ikkje fekk seg arbeid her heime til trass for erfaring med både fiske, tømring og gardsdrift. Etter kvart vart også han biten av amerikabasillen og reiste den 25. januar 1911med amerikabåten «Hvide» til slekta i Clarkville, Minnesota. Clarkfield vart til midt ute på prærien i 1884, og fekk namn etter en jernbaneagent med etternamnet Clark. Staden ligg i Yellow Medicine County i Minnesota, der det bor omlag 831 innbyggarar i følge tal frå 2014, og mange av dei er tilknytt norske etternamn og opphav

I Minnesota endra han etternamnet til Emblem og fekk seg raskt arbeid som snikkar. Då var litt profesjonell erfaring med husbygging i Spjelkavika før han drog, godt å ha med. Om det var planen at han skulle kome heim att veit eg ikkje sikkert. Han fortel sjølv at USA den gongen var eit betre land å bu i og arbeidet var mykje betre betalt. Han gifte seg etterkvart også der borte, og då var kanskje avgjerdsla tatt. Først gifte han seg med svenske Mathilda Klingsberg i Lake County i 1929. Familien flytta i 1943 til Portland i Oregon der han slo seg ned saman med familien. Etter ei tid som enkemann gifte han seg om att med Viola Myrtle Conger (1903-1999) i 1973.

1 1920 tellinga var han ugift og budde framleis hos søstera Marie og ektemannen Helick Glaim med familie i Yellow Medicine i Minnesota. Dei livnærte seg av gardsbruk og hadde 6 born frå 4 månader til 13 år. Anton vart registrert som «hired man» hjå dei.

I 1930-tellinga finn eg han att i landsbyen Sacred Heart i Renville, Minnesota. Der budde han saman med si første kone, Mathilda og livnærte seg som snekkar. Med unntak av nokre få svenske etternamn var alle dei omlag 40 registerte på samme skjemaet anten norske, var fødde i Norge eller hadde norske foreldre og vart fødd i Minnesota. Etternamnet Sundsvold dominerte, så har var det truleg ei større slekt, men der var også amerikaniserte etternamn som «Yerde» og kan ha hatt opprinneleg skrivemåte som Gjerde. Dei kan ha vore frå Møre og Romsdal. Dei tilstøtande 14 folketellingsdokumenta syner mykje av det same. Nordmenn var i klart fleirtal, sjølv om der totalt sett var nokre med både svensk og dansk opphav også. Dei fortsette å bu i Renville til 1940-tellinga i alle fall, men born finn eg ikkje at dei hadde.

Det er vanskeleg å vite heilt sikkert om Anton hadde tenkt å bli verande i Amerika, eller om han byrja å tenke på å reise heim for å ta over farsgarden. 1930-talet var inga enkel tid i USA heller. Den 12. september 1939 fekk han i alle fall skøytet på Antonesgarden frå faren. Samme dag skreiv han under på eit obligasjonslån på kr. 5500,- frå faren og erkjende kår-ansvar for far og stemora si. Han var då heime i bygda ein tur. Kårkrava frå foreldra var temmeleg konkrete. Dei omfatta 4 liter nysila mjølk per dag, 6 tønner med potet, 50 kg. Havremjøl, 2 «sauefor» med lam, med tilsyn, ein spedkalv per år, nødvendig mengde ferdig hogd og heimkjørt ved, fri bruk av omlag 1/2 mål åker med nok gjødsling så lenge dei makta det og rett til å bruke blomsterhagen på vestsida av hovudhuset. Dei krevde også å få bo i vestre ende av huset med tre rom og «skråværelsene», truleg to stykk, tilgang til kjøkken og vestre del av stabburet. Fall ein av dei frå vart kåret redusert noko. Kårkrava kan tyde på at det var meininga å fortsette med gardsdrifta. Ein kan berre undre seg på om det kanskje var krigen som førte til at Anton likevel valde å bli verande i Amerika. Severin fortsette då å drive bruket saman med dottera Sofie så lenge dei makta det.

I 1946 skjer det noko underleg. Anton bur framleis i USA og er gardeigar i Emblemsvågen. Korleis han har klart å handtere kårkrava er eg usikker på. Det er kanskje noko av årsaka til at søstera krev tvangsauksjon i 1946? lånet til faren var då heller ikkje betalt attende, så det kan ha samanheng med at Sofie krevde sin del av arva. Det var på den tida ikkje heilt uvanleg å kjøpa ut søsken med tomter eller pengar og n trongde kanskje Sofie sin del som ho hadde venta på sidan 1939. Ho hadde også drive garden og teke seg av foreldra utan at eg kan sjå at Anton betalte noko for det. Kanskje var dette kimen til at Sofie gjekk lei? Ho krevde i alle fall tvangsauksjon og fekk namsrettens medhald. Ho kunne difor kjøpe bruket for kr. 3180,- og vart brukets nye eigar. Anton sin reaksjon eller tankar kring dette er ikkje registrert.

Sofie selde so bruket vidare til nevøen Odd Ørbech i 1950. Han flytta frå Oslo for å ta over garden. Han var sonen til yngstesøstera, Karn Lovise Emblemsvåg. Ho kalla seg sjølv Karen, og hadde flytta til Oslo etter 1910 der ho gifte seg med Harald Leonard Ørbeck, opphaveleg fødd på garden Ørbeck på Eidsvold. I 1910 budde han i ei bakbygning i Bjerregaardsgata 13 i Oslo saman med mor si, enka Petra Hansdotter Ørbeck (f.1865) og ei ugift syjente frå Nord Odalen som heitte Olina Thorgersen. Petra var 45 år gamal på dette tidspunktet ansatt ved «automat». Ho vart tidleg enke, for ho var enno ugift i 1900. Harald Leonard kalla seg sjølv for Leon og livnærte seg som «malersvend». Dei gifte seg truleg i 1919, men det er vanskeleg å finne bryllaupsregistreringa. Det kan også tyde på at dei vart gift utanfor statskyrkja, og til dømes var metodistar eller i frikyrkja, men det er ikkje funne prov på akurat det enno. Dei fekk gutane Odd (1920-1985) og Arvid (1922-1988). Familien kom til Emblemsvågen og hjelpte tanta og bestefaren med gardsdrifta om sommaren. Arvid emigrerte til Amerika, medan Odd skulle få overta Antonesgarden etter onkelen og tanta si.

Han var fleire gongar attende til gamlelandet på besøk, og fekk besøk den andre vegen óg. Han var ven med sambygdingen Karl Johan Iversson Furset frå Skorene/Eikenosa, som var handelsmann på Høybråten i Oslo. Der var han fleire gonger innom på sine vel seks besøk i heimlandet. I sitt 92. år vart han intervjua av Ålesund Arbeideravis i forbindelse med turen heim for å feire søskenbornet Gunnvald Myren i Spjelkavika. Det var det første besøket på vinterstid. Han gleda seg til å prøve eg på torskefangst i Borgundfjorden og dreiv då framleis litt som snekkar i pensjonistbyen Kings City, sør for Portland.

Anton og Viola flytte i 1982 inn i pensjonistbyen Kings City like utanfor Portland. Her var det godt med folk som hadde norsk ætt og norsk bakgrunn. Seattle var ein populær stad for den som ynskte å satse på fiske eller snekkarverksemd knytt til verftsindustrien. Anton rakk kanskje å møte Olaf Emblem (1898-1970) frå Sjursgarden, som tidvis var busett i Kings i forbindelse med fiske, og vart registrert der i både 1930-tellinga og 1940-tellinga, til trass for at han hovudsakleg budde i varmare strok i California. Kristian Emblem (f.1882) frå Fursetgarden var også handelsmann i nærleiken. Vidare veit ein at Ludvig Olaf Johans. Akslen (1891-1969) frå Høla var busett i Seattle livet ut og at han livnærte seg i fiskenæringa kring Seattle, men eg veit enno ikkje om nokon kjelde som kan dokumentere kontakt mellom sambygdingane. Likevel så veit ein med rimeleg stor sikkerheit at dei visste om kvarandre. Spørsmålet er berre kva årstal Anton kom til Seattle. Der var også ein god del krigseglarar frå andre verdskrigen med erfaring frå Stillehavet. Dei fekk tilbod om å busette seg i USA som takk for innsatsen.

Anton vart ikkje verande livet ut i Kings County. Han døydde i Portland, Oregon, i 1992 ifølge death index for Oregon. Eg har ikkje funne nokon born etter han.


Kjelder:

https://media.digitalarkivet.no/view/32516/391

Fakta om Clarkfield: http://www.city-data.com/city/Clarkfield-Minnesota.html

http://genealogytrails.com/minn/yellowmedicine/history_townclarkfield.html

https://familysearch.org/search/collection/results?count=20&query=%2Bsurname%3Aemblem~&collection_id=1727033

http://www.emblemsbygda.com/309020352

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000585460

https://media.digitalarkivet.no/view/2678/17264/98

Rabbevåg, Egil: Slektsregister Emblemsvågen

Vågnes, Asbjørn: info om bilete av Anton Emblemsvåg i Fylkesfotoarkivet Møre og Romsdal

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE