Den eldste historia: Kva kan fornfunna fortelle oss

Sverdet og dei to spydspissane frå Ystebørøysa. Orginalfoto: Bjarne Skarbøvik

Fargefoto av den eine krossforma spenna frå Ystebørøysa. utsnitt av orginalfoto frå Bjarne Skarbøvik

To av dei krossforma spennene frå Ystebørøysa. Foto Bergen museum

Snellehjul frå Ystebø-røysa. Foto. Bergen museum

Pilodd av kvarts frå Eikenosvågen. Foto: Bergen museum

Frå utgravingane i Skylehammaren 1929. Foto: Johs. Bøe

Steinøks. Truleg frå Ramsvika. Foto: Bergen museum

Kan det vere omtrent slik han var kledd, mannen som vart gravlagd i den uregistrerte grava på Østrem. Det vert fortalt at det var snakk om grovt ty, mogelegeins med ruta stoff. Dette bilete er av funn frå Blimshaugen på Vigra. Oginalfoto: Bjarne Skarbøvik

I ein tekst om dei eldste arkeologiske funna frå bygda kjem ein ikkje utanom førstekonservator Per Fett ved historisk museum i Bergen. Han var arkeolog og ansatt ved museet i heile si yrkeskarriere. For ettertida er han mest kjend for det imponerande stykke arbeid han la ned i registreringa av dei vestnorske fornminna. Det resulterte i 80 hefter på 1950-talet, eit for kvart prestegjeld. Det har ikkje vore nokon som har kunne visa til noko liknande etter han. Difor er det framleis Fett sine registreringar, i form av eit søkbart arkiv, som eg har vald som hovudkjelde. Eg har også vald tidvis å presentere funna med registreringsnummer. I tillegg har eg lagt til nokre funn som aldri vart registrerte eller meld til styresmaktene. Andre funn er ikkje tilstrekkeleg granska, men kan likevel ha verdi når ein skal forsøke å danna seg eit totalbilete. Vidare bør eg nemne at dei andre hovudkjeldene mine er det første bandet av bygdebøkene for Borgund og Giske frå 1957 og boka «Fra de første fotefar» frå 1984. Den siste er heilt eller delvis basert på Per Fett sin orginaltekst frå bygdeboka, men oppdatert med ny forskning og ny kunnskap. Desse kjeldene er hovudsakleg dei kjeldene som har tatt for seg fornfunna i nyare tid. Etter Per Fett sitt registreringsarbeid som endte på 1950-talet har det rett og slett ikkje vore arbeidd like grundig og omfattande med fornminna frå bygda vår. Årsaka til dette er kanskje at det ikkje har vorte arbeid med å revidere bygdeboka før no.

I denne samanfattinga har eg fokusert på Emblemsbygda frå Magerholm til Puskhøla. Det vil seie at andre samtidige funn frå nabogardane (mellom anna Blindheim og Vegsund) som regel ikkje er omtala. Berre unntaksvis har opplysningar frå andre stadar vorte tekne med. Det er der dei er nytta som tilleggsargument som anten støttar eller kan dels avkrefte påstandar og hypoteser som måtte komme.

Kor lenge har Det vore menneske på Emblem

Dette er kanskje det store spørsmålet som ingen kan svare heilt konkret på enno. Me har for vane å syna til veidefolk som kom sør frå og utnytta ressursane langs brekantane på mellom anna Sunnmøre, omlag slik som ein lenge har nytta hava og iskantane i dagens arktiske strok til fiske og fangst. I boka «fra de første fotefar» om Sunnmøres forhistorie vert det også drøfta om det har vore bofaste menneske før og under istida frå omlag 80 000 år sidan. Det vert hevda at det i so fall kun kan ha vore i vestvendte hellarar langs kysten der isen var tynnast, og at det på den tida var bunde opp so mykje vatn at der var tørrt land ute i nordsjøen. Der har ein funne restar etter reinsdyrbein saman med fiskefangsten. No vert dette truleg berre vage spekulasjonar, for ein har ikkje funne klare spor etter denne fangstkulturen, lik det dei har funne kring Hamburg.Ved sidan av buplassar ved kysten kan det også ha vore berre stadar i høgfjellet lenger aust. Her driv mellom anna skredeksperten og lokalhistorikaren Astor Furseth med eit viktig registreringsarbeid etter bogestillingar og fangst. Om dette vil gje svar på spørsmål om denne gamle fangstkulturen har flytt etter reinsdyra inn mot land etter kvart som varmen smelta istids-trundraen lenger sør i Europa, ja der må vi berre vente å sjå. Mest sannsynleg er eventuelle spor utraderte av ismassane for lenge sidan.

Mot slutten av istida finn me derimot ei rekkje spor etter menneske. Dei mest kjende var «Fosnafolket». Namnet kjem frå det gamle namnet på Kristiansund, av di det var i dette området dei første funna tilhøyrande Fosnakulturen vart gjort i si tid. Eg meiner at ein skal vere litt forsiktig med å ha bastante meiningar om kven som var først ute, for dette vert først og framst rekna ut frå kva ein til no har funne. Andre funn har ikkje vorte nøyare granska på nær 100 år, og med ein langt meir primitiv kunnskap og teknologi enn det arkeologane kan nytte i våre dagar. Soleis måtte ein mellom anna seie seg nøgd med at Skylehammaren, mot grensa til Flisnes, hadde eit tjukt kulturlag frå folkevandringstida (ca. 400- omlag 570 e. kr.) og baketter utan att ein kunne stadfeste kor lenge det hadde vore folk der. Skylehammaren er per i dag det viktigaste funnet og vitnar om at det har bodd folk i bygda vår temmelg lenge.

Petter Kaldhussæter (1907-198 ) frå Kaldhusgarden (Hatlebakken) synte meg ein gong ein underleg stein, som kunne ha vorte nytta som eit slags søkkje eller liknande. Han fortalde at den vart funne like ved Trollfossen, rett aust for tunet, og framvist på Sunnmøre Museum. Han hadde vorte fortald at den kunne vere så gamal som 7000 år. Eg hugsar at eg vart svært fascinert over denne steinen, sjølv om eg berre var ein gutonge på den tida. Me funderte over at kanskje den hadde falle overbord frå ein eller annan primitiv farkost, eller kanskje den vart sittande fast? Eg veit ikkje kvar den vart av etter dette, og kan difor heller ikkje gå god for dateringa, men det er likevel på sin plass å stadfeste at det fanst folk lenge før 400-talet på Emblem. På Magerholm vart det funne ei flintflekke. Denne flintflekka vart i si tid raskt tilverka med tre korte slag. Den er vanskeleg å datere, men ein veit at der er funne finare utgåver i steinalderfunn ved Borgundgavlen. Desse funna er frå ein av dei lunaste stadane på Emblem. Det er også andre funn kring Flisneset og i resten av Ålesund kommune som vitnar om at det har vore busetnad, heilt eller periodevis i lang tid. Havnevika på Flisneset er kanskje det beste dømet. Her fann Anth. Lerheim ei samling avkapp av flint ved ein hellar. Denne hellaren har aldri vorte utgraven, men funna er likevel daterte til steinalderen. Det er dermed på sin plass å påstå at det har vore steinalderbusettingar på Emblem, men det er ikkje sikre prov på stadfast busetting enno. Det er også grunn til å tru at der har vore menneske på Emblem i eldre steinalder. I den tidlegare nemnde boka om sunnmøres forhistorie s. 22 er i alle fall ei trinnøks frå tida 7000-3000 år f. Kr. registrert på Emblem. Det er funn merka B 9724 frå Ramsvika der 4 steinøkser vart funne. Dei var av ulike slag og låg ikkje saman, så funnet kan soleis kanskje vitna om lengre busetting også. I tillegg til trinnøksa var det ei som var heilt rundslipt med egg i båe endar. Den eine egga var tvert på den andre. Den var lita med breie eggar, so den såg temmeleg underleg ut.

Frå veidemenn til bønder - Bronsealderen

Det meste av det som er skrive ovanfor har handla om veidemenn utan særleg fast tilknytning til stadane der dei opphelt seg. Kanskje var det snakk om sesongar og jaktturar nordover lik det ein kjenner frå ishavsfiske og fangst på mellom anna Svalbard i moderne tid. Kanskje tek me også feil. Uansett så vil me finne bustadar med kulturlag som kan gje rom for å tolke det dit hen at nokon kan ha vore meir bufaste langs kysten vår. Om det var slik på Emblem også skal eg ikkje påstå for det har eg ikkje kompetanse til å vurdera. Forskning viser derimot at det kring 2000 år f. Kr. kom eit nytt folkeslag til våre trakter. Dei kjende til hesten, dreiv litt jordbruk, men kunne også følge krøterflokkane av garde på jakt etter dei beste beitemarkene Det kan verke som dei kom frå aust og kanskje Russland ein stad. Dei reiste vidare gjennom både Polen og Sverige før dei kom til Sunnmørskysten via Trøndelag. Ein tenkjer seg at dette folkeslaget tok med seg eit språk som seinare skulle utvikle seg til mellom anna norsk. Dei er elles kjende for å nytta båtforma stridsøkser av stein.

I løpet av dei neste 1500 åra vert desse to folkeslaga til eitt. Per Fett våga påstanden om at nykomarane kan ha vore ei slags overklasse også. Truleg finst der stadnamn som har sitt opphav frå både veidarane og dei nye «bøndene», men veide-namna er mest uforståelege for ettertida. Etterkvart kom der kanskje hus og spreidde gardsbruk, men veidefolket fekk også med seg delar av sin fangstkultur inn i den «nye» tida. Det var ikkje mykje til bronsealder på våre trakter, men nykommarane kan ha vore handelsmenn også. Kanskje fortsette dei å ha tilknytting til landa der dei opphaveleg kom frå og førte inn litt bronse denne vegen. Likevel fortsette nok dei fleste på Sunnmøre å nytte tre- og steinredskapar. Nokre av desse våpena vart laga slik at dei hadde etterligning av støypekantar også. Det er mogeleg at dette folket med seg ny gudetru også. Det er mogeleg at gudar knytt til sola som livgjevande kraft allereie fanst mellom veidarane, men no vart også «hjelp» frå gudeverda viktig for å få gode avlingar.

Nok ein gong er det på Magerholm ein finn spor etter menneske. Der vart det funne ein flintdolk. Frå katalogen til historisk museum i Bergen kan me lesa følgande om gjendstanden merka B3259: «En smuk Dolk af lys, graablaa Flint, 0,223 m. lang med firesidet Haandtag, der er bredest ved den ovenpaa flade Knap. Bladet viser paa flere Steder Spor af Slibning og er meget regelmæssigt, ligesom Haandtaget viser forsirede Rænder, f. paa Magerholmen ved Aalesund.».Det var også noko anna interessant ved denne dolken. Per Fett fortel at han hadde «Støypesaum». Slike dolkar var veldig populære mot slutten av steinalderen. Dei var rett og slett så mykje nytta at ein kan kalle perioden for dolketida. Våpenet frå Magerholm vart laga på ei tid der ein kjende til støypeteknikken for bronse med to halve former som vart lagd ihop.

Frå denne perioden har ein også funn lengst vest i bygda. Fleire av desse er frå lune viker og utsiktstadar. Det er kun registrert eit arkeologisk funn i Eikenosvågen, men det er til gjengjeld nettopp frå denne perioden. På hovudbruket vart det funne ein pilodd av kvarts. (B7426) Mykje av bearbeidinga minnar om den som ein nytta til flintarbeid, men dette var meir krevande arbeid. Den vart tilhogd frå alle sider av ein lien stein. Det kan tyde at det ikkje var veidarar som hadde laga den. På Øygarden i Puskhola vart det også funne ei «skaftholøks» (B7426) av stein ved elva på bruk nr. 1, på ein stad som vart kalla «Nova» på nordsida av låven. Dette var også av ein heilt annant type enn veidarande nytta. Holet i steinen til skaftet var bora ut anten med ein spissa pinne eller ein røyr-knokkel ved hjelp av sand og vatn. Problemet med denne teknikken var at øksa vart svakare ved skaftholet. Brukaren hadde også vore uheldig, slik at han måtte bore nytt hol etter at øksa hadde brotna ved det opphavelege skaftholet.

Dei meir særmerkte funna på Emblem frå denne tida var røysene på Flisneset og Flisholmen. Det er registrert heile 5 stykker som eg kjenner til. Tre av desse låg på sørstranda frå Verpet og vidare utover. Dei to største hadde eit tverrmål på 16 meter og var mellom 1,5 og 2 meter høge, medan den minste var på 3,9 og 12 meter i tverrmål.. Dei to mest markante røysane låg på Neshaugen på Flisneset med vidt utsyn over fjorden i himmelretningane nord, vest og aust, og ved eit stup mot vest på Flisholmen. Neshaugrøysa var på 12 meter medan Flisholmrøysa var størst med sine 17 meter i tverrmål. Bronsealderrøysene hadde som regel berre eit gravkammer og vart gjerne mura opp av steinheller.

Der er også ei anna opplysning som kan verke interessant. Det er ikkje langt frå bronsealder-røysene på Flisneset til sjøkanten ved det som ein gong var Østrem og i seinare tid Nedregotten. Her finn ein Kleberghammaren med, i si tid, gode emner til gryter og ikkje minst former til smelting av bronsegjenstandar. Det er umogeleg å seie, men allereie på 1760-talet har me sikre kjelder som fortel at denne steinsorten mest var uthoggen i dette steinbrotet. Sjølv om me ikkje veit, så kan det likevel vere spanande å tenkje seg at det har vore laga bronsearbeid på Emblem, dei hadde i alle fall emner til støypeformene lokalt. Uansett vart ikkje slike arbeid allemannseige, men kven veit om der ikkje var ein lokal hovding eller stormann ein stad i det som i våre dagar heiter Emblemsbygda og at han hadde ein bronsedolk. Nokre av røysene frå denne tida kan i alle fall bidra til å styrke påstanden ytterlegare.

Jarnalderen

Ein reknar jarnalderen frå omlag 500 år før Kristus i Norge. Namnet tek utgangspunkt i at ein tok til å nytta jarn. Etterkvart lærte ein seg å utvinna jarnmalm frå myrene, som det framleis er so mange av på Emblem. Kring 200 e. Kr. byrja ein også å herde jernet til stål. På denne tida vart materialet for alvor ein konkurrent til bronse og stein, sjølv om dei truleg vart nytta side om side lenge enno. Problemet med denne perioden er at gravskikken var likbrenning. No var dette ikkje berre for dei rikaste, men truleg vanleg skikk for folk flest også. Dermed vart det mest ingen ting att av gravgods for ettertida. I Emblemsbygda har ein heller ikkje funne noko som ein med sikkerheit kan konstatere at det var frå denne tida. Derimot kan ein med sikkerheit slå fast at det budde folk der. I mangel på funn kan ein legge til grunn påstanden om at heim-namna truleg kan stamme frå eldre jarnalder. Dei hadde ei heilt anna form og uttale enn i våre dagar, men gardane Emblem og Østrem er omskrivingar av slike namn, der «Blindheim»-namnet truleg er det som liknar mest på den opphavelege forma. Det kan bety at desse to gardane eksisterte som gardar med eit liknande namn i alle fall på denne tida. Dei andre gardane i bygda fanst truleg ikkje som eigne bruk enno. Desse skal me kome attende til seinare. Arkeologen og namnegranskaren Oluf Rygh arbeidde mykje med korleis namna kan ha endra seg baketter i tida og fann fram til dei ulike måtane gardsnamna vart skrivne på i dansketida. Han la særleg vekt på tidsrommet der me har moderne skriftlege dokument frå omtrent 1500-talet, etter reformasjonen, og vidare fram til omlag 1900. Han sette fram ei rekkje påstandar som er omtala i gardsoga for Borgund og Giske, men når det gjeld Emblem-namnet så konkluderar Per Fett truleg rett når han skriv i 1957 at namnet ikkje utan vidare let seg tyda lengre. Eg vågar difor påstanden at det kanskje også har ein samanheng med eit eldre namn frå anten bronsealder eller veidetida. Det har vore busetting der tidlegare, og kanskje også bufaste bønder, så det er ikkje heilt usansynleg at det fanst namn på staden før Emblems-namnet fekk si heim-ending. Kanskje er dette grunnen til at det er så vanskeleg å tyde den opphavelege meininga. Elles var det mellom anna Oluf Rygh som hevda at namnet kunne ha vore noko slikt som «Imileimar», der Imil kunne ha vore eit elvanamn, eller «Imlar» som kunne vore ei avledning av støv eller damp, men så vidt meg bekjent så har det aldri vore noko damp knytt til evane som renn forbi emblemsgardane. Den einaste elva som det dampa av var den som gjekk frå det opphavelege Strokevatnet og ned mot Gamle Emblemseter, rett vest for langevatnet. Andre har nytta tydinga «våre heimar», men det einaste som truleg er rett, er at Østrem (aust) kan ha vore skilld ut frå hovudgarden Emblem etter rimeleg kort tid.

Folkevandringstida

På eit tidspunkt omlag 400 e. Kr. vart me stadig meir påverka av Romersk kultur. Dette veldige riket var ikkje det første som Emblemarane lot seg påverke av. Heile kulturen og folket hadde rett nok kome aust frå, og truleg også i epokar fra sør. Keltarane var ei anna folkegruppe som påverka oss. No kom nye bygdelag til og folketalet vaks. Ein finn etterkvart flotte gullsmedarbeid og eksempel på ein framveksande norrøn kultur. Tidsrommet frå omlag 400-550 e. Kr. vert i ettertida også kalla «Folkevandringstida» i Norge. Dette har eigentleg samanheng med dei store folkevandringane på det europeiske kontinentet etter at nomadefolket hunerane frå Sentral-Asia tok til okkuperte austlege delar av Europa på 300-talet. I våre dagar er truleg hunarkongen Atila den mest kjende.

For Emblemsbygda sin del så vart det omtrent på denne tida avlegs å brenne dei døde. Dermed har vi funne fleire flotte gravminne frå nettopp folkevandringstida. Det var ikkje noko skarpt skillje, for begge skikkane levde side om side framleis, men det var kanskje dei frå dei øvste sosiale laga som slutta med brenninga først. Det var ikkje lenger like vanleg å legge dei døde i haugar langs sjøleia, men oftare ved gardstunet. Grava var som regel kantsett av steinheller og ofte med dekkheller oppå.

Gravgodset var i tillegg til klede, våpen og smykker også mat og drikke. Ein kan tenkje seg at det var slik at den døydde skulle anten ha med seg mat på reisa til dødsriket, eller at dette var offergåver til gudane. Leirkrukker var ein annan ting som ein ofte kunne finne i desse gravene. Mykje tydar på at ein på Emblem fortsatt heldt fast ved gravlegging på utsynstadar i denne perioden.

Ystebø-røysa

Det er frå denne tida me finn den særmerkte Ystebø-røysa og dei nyaste funna i Skylehammaren. Du finn også ei eiga underside her på Emblemsbygda.com med avskrift frå P. Stensager sin rapport frå oppdaginga og utgravinga av nettopp Ystebø-røysa. Det var i forbindelse med forarbeidet til ei eiga gardsoge for Borgund og Giske at mellom anna Anthon Lerheim og Peter Stensager arbeidde med å registrere fornminner i dei ulike bygdelaga i desse kommunane. Stensager reiste også ikring for å intervjue dei eldste i mellom anna Emblemsbygda. Det er mogeleg at det var i forbindelse med dette intervjuet at han tok seg tid til å granske ei steinhelle den 14. september 1922, omlag 100 meter vest for tunet. Det synte seg å vere ei grav. Dermed vart konservator Johs. Bøe frå Bergen museum kontakta. Berre 7 dagar seinare starta utgravinga av det som skulle syne seg å vere ei gravrøys på 12 meter i tverrmål med heile tre hellekister som låg ved sidan av kvarandre i retninga aust-vest. Den eine hadde vorte plyndra, men i dei to andre fann ein menneskerestar.

I den sørlegaste steinkista fann ein ei mannsgrav med sverd, spyd med mothakar, kniv, saks , belte med spenne og «beltestein», samt eit bryne av kvarts. Oppå dette låg det eit lag med matjord og deretter levningane av ein mann med leirkrukke og spyd med to eggar. Begge låg med hovudet mot vest. Kanskje var det slik at grava hadde vorte nytta om att når restane av den som først vart begravd var borte? Om det kan ha vore ei familiegrav er nok vansklegare å seie med sikkerheit.

Den midterste grava var bygd mot ein stein og den var plyndra tidlegare. Dette var truleg ei kvinnegrav, for her fann ein restar av ei krossforma spenne, leirkrukke, saks og nokre småting. Den siste grava var nedskoren i auren. Der fann dei ei kvinne med tre krossforma spenner, to snellehjul, kniv og leirkrukke.

Per Fett fortel vidare om desse funna at sverdet først og framst var eit frimannsvåpen. Gravene låg høgt og fritt, så ein kan tenkje seg at det kan ha vore velhaldne folk på Ystebøen. Det er interessant å merke seg at dei to spyda, eit med mothakar og eit med to eggar, normalt vart nytta som eit par av samme person. Slike var som regel like lange og like tunge, men i dette tilfellet vart dei lagde i kvar si grav. Det er dette som får ein til å tenkje at det var ein forbindelse mellom dei to som vart lagt i den same steinkista. Saksa liknar på meir moderne sauesakser og beltet høyrde til ei mannsdrakt.På ryggen sat ein beltestein som ein kunne nytte til å slå eld mot eit jarnstykke. Det var vanleg at bryna var av kvarts på denne tida. Leirkrukkene i gravfunnet frå Ystebøen var spannforma, for dei var først og fremst kokekar, der ein hadde spedd leira med asbest for at karet skulle verte eldfast.

Ein kan undre seg på kvifor der fanst krossforma spenner frå førkristeleg tid. Slike var nok først og framst kalla «korsforma» på grunn av utforminga si. Dei var svært vanlege kring Nordsjøen på den tida og skulle truleg ikkje symbolisere eit kross i kristeleg meining av ordet. Spenna hadde tre knoppar på ei plate med eit dyrehovud nederst. Dette var ei særs vanleg spenne i den tidlegaste folkevandringstida mellom omlag 400 og 475 e. Kr. Snellehjulet var det gamle spinnereiskapen før rokken kom. Den vart nytta til å lage tråd av ull. Det var dermed truleg snakk om vaksne kvinner som vart gravlagde. Truleg var dei også gardskoner og ikkje kven som helst. I so fall kan det vere snakk om anten to ulike generasjonar, i direkte slektsforbindelse eller i alle fall brukarar på den same garden. Ystebøen var nok ingen eigen gard på den tida, så det kan anten bety at det gamle tunet kan ha lege der oppe, eller så var det utsikta ein tenkte på. Kanskje var dei særs akta og difor lagt til kvile på ein sopass synleg stad ovanfor garden? Eg vil i alle fall tru at det ikkje låg ein gard der oppe. Det er nemleg fleire funn frå Emblem som slår foten under ein slik påstand om at gravene vart bygd rett ved tunet. Seinare forskning har synt at det truleg er berre 50 år mellom bygginga av den eldste og dei to ynsgte kistene. Matjordlaget vart truleg lagt på for ikkje å forstyrre den som vart gravlagd først. Granskingane syner også at det er snakk om velståande bønder som er gravlagde.

I Emblemsvågen fanst det gravrøyser fram mot 1900-talet som også er frå folkevandringstida. Det er sjølvsagt mogeleg at Emblem bestod av fleire tun slik som i dag, men det er nok først og fremst den særmerkte plasseringa som er den åpenbare forklaringa på kvifor gravhaugane vart lagde på Ystebøen og nede ved sjøen. Me veit at der har vore velhaldne folk av fin ætt på Emblem. Desse gravene kan tyde på det same. Kanskje kan der ha vore småhovdingar og i alle fall sjølveigde bønder på Emblem. Problemet er at dette berre kan verte spekulasjonar, for me kjenner ikkje til klare prov på namngjevne personar av høg byrd før 1200-talet. Samstundes veit me at der har vore mektige folk på Sunnmørskysten langt tidlegare enn dette og Emblem må ha vore ein god og lun stad for eit lite herskapssete.

Gravrøysene i Emblemsvågen

Kjeldene er ikkje heilt eintydige når det kjem til kor mange gravhaugar og røyser som i si tid låg i Emblemsvågen. Per Fett har klart å beskrive 4 av desse for ettertida, men det er ikkje umoglega at der var fleire som var opna og burte i løpet av 1800-talet ein gong. Per Fett nemner i alle fall «en stor mengde smaa rundhauger....som i 1874 blev udgravne, uden at noget fund blev gjort». Han nemner også Nicolaysen (1875) s. 241 som kjelde. Det er vanskeleg å vite om dette er dei same 4 haugane som seinare vart registrerte, men påstanden om at der ikkje vart funne noko kan tyde på at det ikkje var dei same. Det kan altså ha vore mange fleire enn 4 graver i emblemsvågen. Her er utdrag frå Per Fett sin seinare omtale av desse gravhaugane som vart daterte til tida 300-600 e. Kr.

To av av desse vart omtala som ein «gravflokk» på ei terasse 75 meter nordvest for vågsbotnen. Den eine vart utgraven kring 1870 og låg tett aust for naustvegen. Der fann dei ei steinkiste med våpen og bein. Haugen var vekke i 1950. Tett sørvest for den første låg det ein identisk haug med tverrmål på 2, 9 meter og 1,5 meter i høgda. Denne var urøyvd og begrodd med bjørk. Haug nummer 4 låg 3,3 meter nord for det inste naustet. Det var berre tufta att kring 1900 og tverrmålet langt større med omlag 10 meter. Det er mogeleg at det var kring denne største haugen at dei små haugane vart observert i si tid. Frå funnkatalogen til Historisk museum (UNIMUS) kan me lesa ytterlegare informasjon om desse funna. Her er Per Fett si registrering i heftet «Førhistoriske minne på Sunnmøre. 13: Borgund Prestegjeld» frå 1950 utheva, medan teksten frå funnkatalogen er skråstilt.

B7449 I – Fvt. mannsgrav frå fk. nr. 1, grav 2. Bilete: tilv. Fig. 15. Tilv. i B. M. Årbok 1922-23.

Spandformet lerkar, sml. Ab. 04, fig.31, av ganske godt, tyndt mørkegraat gods. Orneringen meget enkel og utført med et kamlignende instrument med tre ganske brede tænder, hvorav den midterste har hat et litet hak som har efterlatt en svakt ophøiet list i bunden av furen. Med denne kam er trukket et baand rundt karret omtrent en tomme under randen og herfra vertikalt ned til ca. 1 cm. over bunden, slik at de stripete felter veksler med noget smalere glatte. Det vel 1 cm. brede felt ovenfor bunden er orneret med et belte paa 6 tynde linjer, ogsaa trukket med kamlignende redskap. Bunden er knust, men foreligger næsten komplet. Væggen er et sted sprukket fra øverst til nederst. Ellers er karret helt og vel bevaret. Høide 13,1, bredde over randen 15,9 cmb.
Spydspiss av formen Nye Jernaldersfund, fig. 73, 77 men forholdsvis slankere. Forrustet, men formen tydelig. Spor av træ i falen. Længde 20,4 cm. Avb. fig. 15c.

Deler av skelet av fuldvoksent individ, særlig av hjerneskallen og rygsøilen

B7449 II – Fvt. mannsgrav frå fk. nr. 1, grav 1. Bilete: tilv. Fig. 14, 16. Tilv. I B. M. Årbok 1922-23

Tveegget sverd nedlagt i træslire med halvrund dopsko av jern, nær Evebøsverdets V. J. G., fig. 253, men som det synes, uten knap. Ogsaa haandtaket har været belagt med træ og knappen har rimeligvis været av samme materiale. Sverdet forelaa komplet i 2 stykker i graven. Længde tilsammen vel 90 cm. Avb. fig. 14b. Slank liten spydspiss med mothaker, R 212. Den ene agnor knækket, men tilstede. Falen ubetydelig defekt, ellers godt bevaret. Længde 22,8 cm. Avb. fig. 16c.
Odden og et stykke av bladet av en kniv, sterkt rustetd. Saks av almindelig ældre jernaldersform, meget rustætt og knækket i fire stykkere. Simpel beltespænde av jern av form som et cirkelsegment. Tornen tilstede fastrustet. Bredde 4,5 cmf. Slank beltesten av hvit kvartsit, R. 154-155, med indfatningsfure og ubetydelige slagmerker paa den øvre hvælvede side. Længde 10,6 cmg. Et 7,9 cm. langt stykke av et kvartsbryne med ovalt tversnit, slitt helt rundth. 2 ubestemmelige jernstykkeri. Stykker av menneskelig skelet, nemlig av hodeskalle og laarben.

B7450 – Beltestein, skal vere frå fk. nr. 1, grav 4. Tilv. I B. M. Årbok 1922-23.

En beltesten av rødbrun kvartsit, temmelig slank form, med indfatningsfure og tydelige slagmerker øe besøkte stedet i septbr. Skaarene laa i en fordypning, som kunde være rester av et muret gravkammer, høit og noget ekscentrisk i en stor, tør stenrøis. Beretning i arkivet. Gave fra Skak Johannesen Lomelde. (7549).paa begge sider. Længde 9,7 cm. Fundet for flere aar siden av P. Emlems far i en hellekiste i nordøstre side av samme haug paa Emlem, Borgund s. og p., Møre, g.-nr. 6, br.-nr. 5. Intet andet fandtes. Kisten blev kastet igjen uten nærmere undersøkelse.

B7548 I – Brot av spannforma krukke frå fk. nr. 1. Tilv. I B. M. Årbok 1923-24

Spandformet lerkar, sml. Ab. 04, fig.31, av ganske godt, tyndt mørkegraat gods. Orneringen meget enkel og utført med et kamlignende instrument med tre ganske brede tænder, hvorav den midterste har hat et litet hak som har efterlatt en svakt ophøiet list i bunden av furen. Med denne kam er trukket et baand rundt karret omtrent en tomme under randen og herfra vertikalt ned til ca. 1 cm. over bunden, slik at de stripete felter veksler med noget smalere glatte. Det vel 1 cm. brede felt ovenfor bunden er orneret med et belte paa 6 tynde linjer, ogsaa trukket med kamlignende redskap. Bunden er knust, men foreligger næsten komplet. Væggen er et sted sprukket fra øverst til nederst. Ellers er karret helt og vel bevaret. Høide 13,1, bredde over randen 15,9 cmb. 

Spydspiss av formen Nye Jernaldersfund, fig. 73, 77 men forholdsvis slankere. Forrustet, men formen tydelig. Spor av træ i falen. Længde 20,4 cm. Avb. fig. 15c.
Deler av skelet av fuldvoksent individ, særlig av hjerneskallen og rygsøilen

B7548 II – Fvt. kvinnegrav frå fk. nr. 1. Grav 3. Tilv. i B. M. Årbok 1923-1924.

Knop av korsformet bronsespænde, støpt med fuld runding. Har været fæstet paa egen akseb.
Mange skaar av spandformet lerkar, utgjørende tilsammen det meste av karret. Buken er ved vertikale linjegrupper inddelt i felter som er dækket med horisontale linjer med skraalinjer over, til et snorlignende ornament. Godset forholdsvis tyndt. Karret har rester av jernbaand om randen, og er indrettet for det. Formen tør ha været omtrent som Spandformede Lerkar, fig. 27c. Forrustede jern stykker, deriblandt et stykke av bøilen av saks som R. 272, en tynd jernspiss, mulig en syl, en rund liten jernklump som kanske kan ha været et snellehjuld. Smaa træstykker, ett har kjerne av rust og skriver sig sandsynligvis fra et skaft til jernredskape. Kulprøver

B7548 III – Fvt. kvinnegrav frå fk. nr. 1. Grav 4. Bilete: tilv. Fig. 11-12. Tilv. i B. M. Årbok 1923-1924.

Korsformet bronsespænde, tidlig form med trinde knopper paa egen akse og indhak til fæste for platen. Under bøilen er en forholdsvis lang ikke facettert plate som skilles fra det slanke dyrehode ved tre profilerte ribber. Lang naaleholder, naal av jern. Længde 11,4 cm. Avb. fig. 11b.
Korsformet bronsespænde av typen Crusiform. Brooches fig. 35, platen under bøilen dog facettert helt op til bøilen. Knoppene sitter paa egen akse og har hak til platen. Lang naaleholder. Længde
9,1 cm. Avb. fig. 12c. Korsformet bronsespænde, parstykke til foregaaende. I stykker, men næsten komplet tilsteded. Snellehjul av bronse, kugleformet som R. 166, men forholdsvis høiere. Orneret paa sedvanlig maate med en omløpende linje paa midten og 2 X 4 grupper tredobbelte linjer radiært ut fra hullet. Disse grupper møtes ikke ved midtlinjen. Et stykke av tenen sitter igjen, den er gjennemtrængt av rust og har sandsynligvis hat en holk av jerne. Flatt snellehjul av graalig sten. De avrundede kanter orneret med dobbelte tverstrekerf. Stor kniv med træskaft og holk av jern, sterkt forrustet og brukket. Samlet længde 15 cm. Et 3,7 cm. langt flatt jernstykke, vistnok stykke av en liten knivg. Spandformet lerkar av forholdsvis tyndt, asbestblandet gods. Under randen et ca. 2 cm. bredt felt med ophøiede ribber og linjer. Buken orneret med smale ribber hvori der er indtrykket skraastreker sammenstillet i felter, avvekslende horisontalt og vertikalt. Karret er knust, men foreligger komplet. Høide 12,5, bredde over randen ca. 14,5 cmh. Et stykke Marienglas.

Som me kan sjå så er funna i Emblemsvågen mykje dei same som på Ystebøen. Der er sverd, spyd, snellehjul, beltesteinar, leirkar med asbest og korsforma spenner av bronse. Ein haug utmerkar seg i størrelse, medan dei andre er mindre. Kan det vere slik at den som vart gravlagd i den største haugen var mektigare enn dei andre? Kan det ha vore slik at Ystebø-røysene vart bygd der oppe av di det vart for liten plass i Emblemsvågen? Ein kan berre spekulere i veg, men klare svar finn ein neppe. Det hadde likevel vore artig å teste forbindelsen mellom desse funna nærare. Var der foreksempel ei slektsforbindelse mellom dei som vart hauglagde? Det ein veit frå tida kring 400 e. Kr. er i alle fall at det stort sett berre var dei viktigaste i kvart slektsledd som vart gravlagd i haugar. Dette kan tyde på at det er snakk om to generasjonar på Ystebøen og minst to generasjonar i Emblemsvågen. Utfordringa blir om det er slik at dei som vart lagd i dei små haugane også var familieoverhovud, slik at der kanskje var enno fleire generasjonar hauglagde kring ein felles forfar eller hovding. Alt dette kan kanskje framtidig forskning gi nokre svar på om me er heldige. Snorre fortalde i alle fall at ein før vikingtida berre valde ut ein og annan som vart lagd i haug, medan resten vart brende og oska hivd på sjøen.

Skylehammaren

Det siste store funnet frå folkevandringstida er frå «Skylehammaren» lengst vest i den gamle utmarka til Emblemsvågen. Denne ligg midt mellom gravrøyser frå Bronsealderen på Flisneset og gravrøysene ved vågsbotnen i Emblemsvågen. Var dette tilfeldig? Det er merkeleg å sjå for seg hellarfunn so seint. På denne tida bygde ein langhus med omtrent ein meter høge murar og grindkonstruksjonar oppå der takbjelkane kvilte ned på den tjukke steinmuren. Bustad i ein hellar får oss til å tenkje lenger attende i tid mot steinalderen og veidefolk. Kan det ha vore noko særmerkt med dei som eventuelt har hat tilhaldstad her?

Hellaren vart utgraven i 1929 av Anthon Lerheim, Konservator Johs. Bøe og Rasmus Buset. Bøe var den same som grov ut Ystebø-røysa nokre år tidlegare. Lerheim hadde også funne ein eldre hellar like ved og hadde si eiga samling av gjenstndar som han overlet til museet. I Skylehammaren fann dei mellom anna brot av leirkrukker, del av ei klebergryte, flintstykker, smeltedigel av leire, skjell og bein. Per Fett påpeikar at det ikkje er heilt uvanleg å finne ting frå jarnalderen i slike hellarar. Dei same stadane kan ha vore nytta heilt tilbake til steinalderen, og det var nettopp eit slikt tjukt kulturlag som vart funne der. Dei yngste funna var frå folkevandringstida, medan resten var vanskeleg å tidfeste den gongen.

Det er også verd å merke seg at der finst eit eige klebersteinsbrot litt lenger aust for Emblemsvågen. Det er ikkje heilt utenkjeleg at gryta kom derifrå dersom det var snakk om bufaste folk. Det som derimot manglar i Skylehammaren er våpen og frimannsvåpenet over alle andre, sverdet. Kanskje er det ikje så rart. Det kan ha vore fattige eller kanskje fredlause som budde der. Frå andre tidsepokar har me høyrt om dei som gjøymde seg vekk i skogane på Yksenøya og stal for å greie seg. Skylehammaren har ein bratt veg frå sjøsida, men den ligg likevel temmeleg nært hovudbruket, Emblem, så dei kan ikkje ha skjult seg særleg godt i so fall. Det er også mogeleg at der ikkje har vore nokon fast busetting, for der er ikkje tydelege spor av menneskebein. Har desse derimot vorte brende og nedsett i foreksempel kar av never og tre, så vil det ikkje vere mogeleg å finne dei att. Eg vil nok gisse på at det her er snakk om fattigslege folk, som budde der i den aller siste perioden kring folkevandringstida. Her hadde dei rik tilgong på fisk og kjøt om dei jakta i tillegg.

Du kan lesa meir om funna frå Skylehammaren i eit eige vedlegg som vert publisert på Emblemsbygda.com under arkeologiske funn.

Vikingtida

Ein reknar vikingtida i norge frå omlag 800 e. Kr. til omlag 1050. Perioden har nær tilknytning til vikingeferdene, der angrepet på klosteret Lindisfarne i 793 er det første me kjenner til. Frå denne tida har me sagn, namngjevne personar og ei rekkje skriftlege kjelder, der nokon er baserte på muntlege overleveringar. Ved byrjinga av vikingetida reknar ein Emblemsbygda som ein gard, men truleg med to brukarar. (jamfør dei to heim-namna). No endrar også husholdninga seg frå tre generasjonar, med den eldste mannen som leiar i kraft av sin visdom, der bruket høyrde til heile familien. No var det meir og meir snakk om einskilde personar og berre to generasjonar på gardane. familieoverhovuda vart både yngre og meir arbeidsføre. Desse kunne no gjeve garden sitt eige namn, slik som Gudmund på Gudmundset, like aust for Heggebakk, og kanskje ein annan på Glomset. I denne perioden vart det også slik at mest alle og einkvar ville gravleggast i si eiga grav. Likevel er det ikkje så mange gravfunna me he frå denne tida. Kva er årsaka til dette? Først vil eg sjå litt nærare på kva som ein har funne og registrert.

På denne tida er der visseleg eigen gard på Østrem. I ei røys merka B3179, fortalde den 92-årige Knut Østrem (frå Larsgarden, men brukar i Steinsgarden) i 1946 at ein slektning av kona hans, Kornelius Østrem (busett i Ålesund) , fann eit spyd med stykke av eit treskaft oppe ved dei gamle tuna. Eg vågar å hevde at det er snakk om staden som for ettertida heiter «Røysane» og ligg like vest for tunet i Abrahamsgarden. Kornelius var nok berre gutongen då han fann røysa. Difor er det grunn til å tru at han leika seg på markane til Steinsgarden, der faren opphaveleg kom frå. Grensene frå før 1904 og utskiftingane er desverre uklare i våre dagar. Det kan vere dette funnet som var registrert som ei mannsgrav frå Yngre Jarnalder i 1877. Per Fett fortel at røysa seinare vart datert til omlag 800 e. Kr. Ein skal ikkje sjå burt frå at det også kan ha vore to ulike røyser frå same område.

Frå funnkatalogen til Bergen museum kan me lesa følgande:

Gravfund fra en Røs paa Østrem i Borgund Pgd., Romsdals Amt:
a) Grebet, Odden og to Stykker af Klingen til et tvæegget Sværd. Det indre Hjalt er ret, fladt firsidet og 0,096 m. langt. Mellemkavlen er 0,08 lang og bredest ved Indrehjaltet. Knappen er stor, flad og tresidet med skraa afskaarne Hjørner.
b) Et ualmindelig stort Spydblad, 0,54 langt, uagtet Odden mangler. Skaftholderens Aabning er 0,025 i Tværmaal. Den har havt to fremstaaende Hager og er stærkt riflet langsefter - især paa den ene Side. Fra Skaftholderen, der er 0,16 lang, udvider Bladet sig til en Bredde af 0,055; men derefter aftager Bredden, idet begge Egge danner langstrakte Buer frem mod Odden.
c) Et 0,14 langt Stykke af en firsidet Fil.
d) Et lidet Stykke af den ene Arm af en Jernsax.
e) En liden Ambolt med til den ene Side spidst udløbende Overflade og firkantet Tap. Høiden er 0,11, Overfladens Længde 0,11 og Bredde 0,055.
f) En firsidet meget slidt Hvæssesten, 0,26 lang, men afbrudt i den ene Ende. Bredden er paa Midten 0,02 og Tykkelsen 0,01.
g) En liden Messingring, 0,028 i indvendigt Tværmaal, med flade Sider men tunget Yderkant
Fundet er Gave fra Hr. Rektor V. Voss i Aalesund, men nærmere Fundoplysninger savnes
  (3179 a-g).

Saks, spyd og spyd kjenner me til frå folkevandringstida og funna på nabogarden Emblem/Emblemsvåg, som var ein gard på en tida. Det nye i Østrems-røysa var utstyr knytt til tilverking av smiarbeid Det er også seinare funne slagg på garden, som låg lageleg til på markane nedanfor Larsgardstunet. Dette kan ha vore ein ideell stad då der var både sand, vasskjelde og myr like ved. Garden hadde på denne tida truleg også eigen utvinningstad for kleberstein og brynestein ved Kleberhammaren nede ved sjøen. Østremsgardane har ikkje dei same særmerkte gravhaugane som Emblem, noko som også kan vera med på å fastsette at Emblem var den første garden i bygda. På den andre sida så var smisteinen sopass liten at den kan ha vore nytta til finarbeid, og dermed kanskje smykker eller slikt. Sverdet var heilt frå Frankrike og av «Karolingisk» type. Det kan tyde på anten handel over landegrensene eller at den gravlagde kan ha vore på vikingferd av anten fredeleg eller mindre fredeleg art. Ein del kan difor tyde på at brukarane på Emblem hadde eit rimeleg godt utkome på denne tida. Eg vil også tru at det skal ha vore fleire graver som anten ikkje er funne enno, eller kanskje helst vorte dels øydelagde utan at dei fagkunnige har fått beskjed.

Ved dei same røysane vart det også observert nokre underlege steinar. Dagens brukar, Olav Østrem, kontakta for ein del år tilbake Sunnmøre museum i håp om å få meir kunnskap om kva dette kunne vere. Steinane låg slik at dei kunne minne om ein slags offerstad eller kanskje eit gamalt gardshov? Steinane vart granska utan å gje heilt eintydige svar den gongen.

Der er også andre uregistrerte funn i området. Far min, Olav Østrem (f. 1942) fortel at då han var gut, så fann dei ei grav der ein kunne sjå det som truleg var ein mannsperson med spyd og restar av klede. Det var brukaren i Mattisgarden (br. nr. 1), Fredrik Østrem, som hadde leigd naboen, Konrad Østrem, i Steinsgarden (br. nr. 4) til å grave ei grøft. Funnstaden var omlag der dagens nye fjellveg byrjar. Då Fredrik vart tilkalla gav han beskjed om å dekke til att grava. Elles vart det ikkje potet der det året. Funnet vart ikkje meld til styresmaktene. I nyare tid har eg funne ein stein som likna på ei slags flat steinøks. Den vart sendt inn til Sunnmøre og vidresendt til Bergen, men me fekk ikkje noko referat eller konklusjon på om funne var ein slags reiskap eller ikkje.

Det siste registrerte fornminnet frå Vikingtida på Emblem er eit sverd som skal ha vorte funne i ei røys på gard nummer 5, Emblem. Både sverdet og røysa er kome burt etter dette. Ein veit rett og slett ikkje kvar dette kan ha vore funne i si tid.

Med vikingtida er det på sin plass å avslutte det stutte oversynet over dei eldste fornfunna frå Emblem. Desse funna vitnar om ein høg alder på busettinga i bygda vår. I tidlegare granskingar har ein trudd at der kan ha vore ei eller anna form for fråflytting i løpet av jarnalderen, medan seinare forskning har synt at dette truleg ikkje har vore tilfelle. Det er dermed mogeleg at der har vore folk på Emblem heilt frå steinalderen. Truleg har der vore tidleg busetting av menneske med dyreehald og spreidd dyrking av mat som leveveg også. Eg vil tru at mykje av fornminna og gravene har vorte øydelagde opp gjennom generasjonane. Det har lenge gåt gjetord om at slike røyser kan ha romma skattar og i periodar har det vore vanskeleg å berga seg. Der er fleire fortellingar om dei som har levd i stor armod før dei med ett har fått heilt andre levekår. Problemet er at det er vanskeleg å tidfeste, for ikkje å snakke om å kvalitetsikre desse opplysningan. Difor er dei ikkje tatt med her.

Målet har vore å skape rom for interesse, litt undring og kanskje lyst til å grave vidare i funna frå dei eldste tider i Emblemsbygda.


Kjelder:

Fett, Per: «Førhistoriske minne på Sunnmøre. 13: Borgund Prestegjeld» Universitetet i Bergen, Historisk museum 1950, a/s John Griegs Boktrykkeri, Bergen

Fett, Per: «Landnåmet i Borgund og Giske», Borgund og Giske, Band I, Borgund og Giske bygdeboknemnd, Boktrykk – Bergen 1957

Larsen, Stein Ugelvik et.al.: «Fra de første fotefar» Sunnmøres forhistorie. Sunnmørsposten Forlag i samarbeid med studiegruppa for Sunnmøre, Universitetet i Bergen. 1984

Rygh, Oluf: «Norske Gaardsnavne: Opplysninger samlede til brug ved Matrikelens Revision. 13: Romsdals Amt». Faksimileutgave (gjentrykk) børsums Forlag og Antikvariat, Oslo 1969

https://www.facebook.com/AAksIKS/photos/a.421441637911406.103309.420265761362327/490042734384629/?type=1&fref=nf

https://snl.no/hunner

https://snl.no/Jernalderen

https://snl.no/Jernalderen_i_Norge

https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Folkevandringstida

https://snl.no/vikingtiden

http://no.wikipedia.org/wiki/Folkevandringstiden

http://no.wikipedia.org/wiki/Per_Fett

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
03.04 | 23:02

Rødsetreiten er nok ikkje på Emblem, men ved Brusdalsvatnet.

...
03.04 | 22:52

Rødsetreit er med andre ord en husmannsplass under Akalen på Emblem ? Er på søk etter en formor Gjertrud Jonsdatter Rødsetreit født etter 1775. Noen hevder 1792

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE