DAMPSKIPSFARTEN OG EMBLEMSKAIA

D/S "Geiranger" forlet Ålesund. Foto: Anders Beer Wilse
D/S "Geiranger" forlet Ålesund. Foto: Anders Beer Wilse
Slik såg søsterskipet til D/S "Søndmør" ut.
Dei var heilt identiske med untak av at D/S Nordmør hadde baugspynt.

Måleri frå 1905 av Ole Ranheimsæter
Slik såg søsterskipet til D/S "Søndmør" ut. Dei var heilt identiske med untak av at D/S Nordmør hadde baugspynt. Måleri frå 1905 av Ole Ranheimsæter
Det gamle pakkhuset på Emblem Dampskipskai. Bak huset ser du det som vart att av hammeren etter at ein hadde skote ut det ein trengde til å bygge kaia.
Foto: Svein Ove Østrem
Det gamle pakkhuset på Emblem Dampskipskai. Bak huset ser du det som vart att av hammeren etter at ein hadde skote ut det ein trengde til å bygge kaia. Foto: Svein Ove Østrem
dampskipskaia vart bygd i stein som vart sprengd ut på staden. På toppen var det sementdekke. Foto: Svein Ove Østrem
dampskipskaia vart bygd i stein som vart sprengd ut på staden. På toppen var det sementdekke. Foto: Svein Ove Østrem

-av Svein Ove Østrem-

I uminnelege tider har Storfjorden vore sjølve livsnerven for emblemsbygdaren eller "inaumnesingen" som dei og vart kalla. Om du var bonde på den største garden eller kun husmann med ei lita stove nede i Løvika, så var fisket særs viktig om ein skulle greie seg. Barneflokkane var store og ein hadde som regel nokon på kår attåt. Dei yngre karane drog som regel utaskjærs på vinterfiske for å skaffe seg og sine ei ekstra inntekt. Dei var vekke i vekedagane frå jul og heilt til påske. Dei yngste og dei eldste heldt seg nærare heimstøa og dreiv Borgundfjordfisket. Middags-maten var i hovudsak fisk, med unntak av eit sjeldant kjøtmåltid.

Frå sjølvberging til kjøp og salg

 Ser ein attende i tid så har gardane har stortsett dreve "sjølvbergingsbruk" med korndyrking medan kjøtproduksjon vart vanlegare etter 1900. Mjølkekyr behøvde betre gras og foring i vinterhalvåret om ein skulle klare å halde oppe leveransane til Meieriet. Den gamle sjølvbergingsbonden behøvde  ikkje særleg med pengar for sjølv riksskatten kunne betalast med det ein kunne produsera på eigen gard. Det var heller sjeldan at ein behøvde å ta turen til byen. Litt kaffi, sirup eller sukker kunne ein alltids få kjøpe på Flisholmen eller i Vegsundet. Men tidene endra seg. Kornåkrane gav lite attende og etterkvart vart Aalesund marknad for smør, kjøt og fersk mjølk. Åkerlappar og stein vart forvandla til store grøne engar som ga godt høy til buskapen. Ein av dei første som satsa på slikt kjøp og sal i stort mon, var Iver Karlson Furset, eller "Kjøt-Iver". Det vart fortalt at ein gong rutebåten "Von" la til ute i Vågane med ei kvige han hadde kjøpt,  henta han seg ein stein frå steingarden medan båten la til og deretter så stutte han dyret, grovparterte det medan båten måtte vente og tok så med seg slaktet vidare til byen for å selge det der. Iver var visst den første som skal ha løyst torgrett. Ei slik endring av jordbruket auka og behovet for fraktebåtar og dagleg leveransar til Aalesund.

Ved sidan av fiske så var frakt av folk og varer det som fjorden vart nytta til. Frå indre fjordstrøk rodde dei ut fjorden,  tok båten gjennom Dragsundet ved Solnør gard og fortsette ut Ellingsøyfjorden, for Flisfjorden kunne vere særs farleg å ferdast på. Postbøndene vart og pålagd å ro denne vegen før Magerholm fekk vegsamband med Blindheim kring 1810, men Storfjorden var raskast og det hende seg rett som det var at posten vart rodd mot instruks forbi Emblem for at ein skulle rekke fram i tide. Som regel gjekk det bra men postbåten har og forlist der utanfor Flisnes.

Jektefart og tømmerhogst

Jektene vart teke i bruk ein gong i mellomalderen. Desse åpne frakteskutene med råsegl og ein liten kahytt til mannskapet dominerte fjordane til langt ut på 1800-talet. I Norddal låg fleire slike båtar i vinteropplag og ein kjenner og til gamle handelsruter frå Sjåk der dei kom over fjellet med varer som skulle fraktast vidare sørover eller nordover til Trondheim. Jektene gjekk rett forbi Emblem på veg vidare utover fjorden. Dei hadde kanskje stoppestader undervegs, eller kan hende så fantest det og eigne jekter som gjekk frå Emblem med tørrfisk? Det var stort sett bøndene sjølv som bygde seg og dreiv slike jekter og ein trengde ikkje vera spesiellt rik for å kome i gong med jektefart. Det var ikkje berre lokale båtar som nytta Storfjorden. På 1600-talet og fram mot slutten av 1700-talet kom det ei rekke skip frå skottland og Holland for å kjøpe tømmer i svære mengder. Øya like utanfor Tøsse vart mykje nytta til handel og heiter faktisk Langskipsøya den dag i dag. Store delar av Sunnmøre vart snauhogd og fleire stadar kom ikkje skogen attende. På Emblem merka ein ettervirkningane sjølv etter 2. verdskrigen. Far min  vart fødd i 1942 og hugsar sjølv at dei brende

torv i staden for ved. Det var neppe bøndene sjølv som var lysten på slik flathogst. På den tida var det andre som åtte dei fleste gardane i bygda og dei var lensmenn, futar eller prestar. Pengane vart nok ikkje innaumnesingane til del.

Dampen kjem

Den dampdrevne hjulbåten D/S "Nordcap" starta å gå i rutefart mellom Kristiansand allereie i 1841 og sjølvaste Ivar Aasen skreiv i dagboka si korleis han opplevde turen sørover til Bergen den 29. juli det same året.  Ein kan tru at nyheita om ei såpass stor hending som at eit dampdrive skip fossar forbi ute ved kysten, også nådde fram til inaumnesingane. Fleire av dei låg utrors på fiske kring Valderøya og Giske i vinterhalvåret og då kan dei ikkje ha ungått å få eit glimt av vidunderet. Ragnar Ulstein m.fl. fortel i boka "Om samferdsel i Møre og Romsdal. Del I, Som skyttel i vev" ei fortelling om ei kone som står på land og ser hjulbåten, røyken og høyrer skovlhjula: " Trøyste og bere!", ropa ho, "Dette e´ bespottelse. Køyre på sjøen og sette skye på himmelen, det e´ å spotte Gud". 

I 1856 vart "Det Søndmør-Romsdalske Dampskibselskab" stifta og sette i drift to skip, eit på Romsdalsfjorden og Dampskipet "Søndmør" på Storfjorden. Skipa var begge på 62,4 brt med 8 knops fart. Båten tok no over mykje av postfrakten og varefrakt til dei ulike handelsmennene innover fjorden, men lønsamt var det ikkje. Selskapet var heilt avhengig av statstilskot og betaling for postfrakta. Etter berre 10 år gjekk selskapet konkurs og båtane vart seld, men historia enda ikkje der. "Det Nye Søndmør-Romsdalske Dampskibselskab" tok over med dei to ombygde fiskedampbåtane "Lodden" og "Erkenø". Dette selskapet måtte også gje seg etter 10 års drift i 1878. 

Konsul Joachim Andersen og Kaptein Iversen frå Trondheim ville og prøvde seg. Dei tok over drifta, men i 1886 vart konkurrenten Søndmøre Dampskibselskab stifta. Det gjekk likevel bedre. Båtane gjekk no fleire gonger i veka til dei folkerikaste fjordkommunene og det var ein intens priskrig mellom dei to selskapa. Det må ha vore eit syn der dei to dampskipa "Geiranger" og "Robert" gjekk side om side inn Storfjorden og forbi Flisneset. På stoppestadene hadde dei kvar sine ekspeditørar og flyttbåtar, for der var ingen dampskipskai, sjølv i Aalesund i byrjinga. På kaia I Aalesund forsøkte ekspeditørane å overtale dei reisande til å velje nettopp deira båt. Ein kar frå Sykkylven fortalde at det var berre å vente på bodkrigen. Sjølv fekk han fri frakt av varene med flyttbåten og kaffi til både seg sjølv og sonen attpå om dei valde den finaste av dei,"D/S Geiranger". Truleg var det minst ein stoppestad utanfor Emblem, medan folket på Magerholm kan ha nytta stoppestaden på fjorden ved Tussvika. Borgundboka fortel i alle fall at Knut Andreas Olsen  frå Magerholmvika  drukna på veg til dampbåten i Tussvika i 1886.

Med flyttbåten på fjorden

Det var ingen dampskipskaier langs Storfjorden i byrjinga. Der fanst sjølvsagt kaier, men dei nye båtane stakk for djupt i sjøen i forhold til Sunnmørsjektene som var den vanlege transportmåten på den tida. Ein meinte i byrjinga at gneistar frå skorsteinen kunne føre til brann og derfor var det betre

til å ekspedere båten ute på fjorden. For Emblem sin del så kom ikkje  dampskipskaia i Emblems-vågen før i 1907, etter at handelsmann Lars Olsen Emblem hadde klart å få sambygdingane på trua.

Det var ikkje nokon spøk å ekspedere dampen ute på fjorden i alt slags ver. Det krevde dyktige karar i flyttbåten og ein særs dyktig kranmann ombord på dampskipet for det var nok ikkje så ofte at det var heilt vindstillt. Dampbåtane hadde som regel ei jarndør i skutesida med tau festa rundt døropninga. Her måtte flyttmennene halde seg sjølve og båten inn til skutesida med handemakt medan lasting og lossing pågjekk. Postopnaren gjekk ombord gjennom denne jarndøra og tok med seg postveske og dei andre fraktpapira. Det var som regel ein eigen postlugar ombord og nokre av båtane hadde også eige poststempel. Eg veit ikkje korleis flyttbåten såg ut, men det må ha vore minst 2 årepar eller meir. Truleg var båten forsterka i botnen for det kunne vere tunge lastar som skulle ombord. Eg har høyrt at ei sirupstønne åleine kunne vege kring 2-300 kg og då var det om å gjere å vere særs forsiktig og tilpasse seg til sjøgongen. Mjølk og mjølsekkar var enklare, men lossing av kyr eller hestar var ikkje utan risiko. Vart dyra redde når dei vart hengt opp i seglduk i krana og løfta utanfor skipssida så var det ingen spøk å skulle ta imot der nede i robåten. Det kunne visst hende at dyra enda på sjøen istaden. Var det slike oppdrag så måtte flyttbåten ta fleire turar og det ville igjen påverke ekspedisjonstida. Var det så dårleg ver at flyttbåten ikkje kunne leggje til, så nytta dei enkelte stader ei mjølkespann som vart kasta på fjorden med posten inni. Spannet var som regel temmeleg tett og kunne plukkast opp av fløttkarane i robåten. Når båten var ferdig ekspedert rodde ein attende til land. Frå 1896 er det nemd eit eige poståpneri "på Dampskibsanløpstedet" Folk møtte då som regel opp enten på kaia eller på postkontoret, der posten vart sortert og namna vart ropt opp blant dei frammøtte. Var det nokon som hadde lang veg, slik som Magerholmdalen så kunne dei avtale å hente post kvar sin gong. Det var ikkje så mykje post som kom den gongen, men det var nok til å oprette eige postkontor, så det må ha vore ein viss korespondanse.

Emblem Dampskibskai

Det er ikkje heilt usannsynleg at utfordringane og farene knytta til denne ekspedisjonen ute på fjorden har vore ein av grunnane til at ekspeditøren, postopnaren og handelsmannen Lars på Emblem ynskte seg dampskipskai. Det var kanskje ein økonomisk årsak til at kaia vart lagd nettopp i Emblemsvågen. Her kunne dei sprenge ut fjellet og bruke steinen til fyllmasse i kaia. Den vart oppmura i framkanten, fyld med stein og hadde ein støypt såle på toppen. Der var mest truleg ein "Bjønn", ei handdriven kran til å løfte dei tyngste varene og ein køyreveg opp bakkane til bygdevegen. Soleis vart frakten av handelsvarene til butikkane og deretter mjølkespannene langt enklare. Året før kaia kom hadde Mork starta meieri i byen og dei sende difor mjølka dit ut med båten. Det må ha vore ein del folk på kaia i tidlegare tider. Kan hende var den første runden med postsortering og utlevering der nede på sjølve kaia. Det verkar litt meiningslaust at alle skulle gå heilt opp på til handelslaget om dei allereie hadde møtt fram der nede, men samtidig så veit eg at Lars hadde eigen avdeling med post på buikken sin og folk flest hadde langt bedre tid den gongen, men det kan ha vore praktisk å på levert ut litt på kaia også. 

Desverre så veit eg ikkje særleg mykje om korleis dagleglivet nede på kaia kan ha vore for Emblemsbygda Billag tok over transporten allereie i 1929 og dampskipet vart bytt med ei eiga motorbåtrute mellom Straumgjerde og Aalesund allereie i 1909, så det er nok ikkje så truleg at det finst skrivne skildringar om dampen og Emblemskaia. Men dampskipskaia på Emblem var ikkje noko unikt og både kai og pakkhus har ein standard og form  som var lik dei andre kaiene. Lokalhistorikaren Eirik Moen frå Måndalen har skildra livet på kaia i Måndalen og nokre av desse beskrivelsane kan passe godt til vår eiga kai og. Det var truleg  mest mannfolk som møtte opp. Kan hende så kan talet på mannfolk ha vorte påverka av at ein måtte heilt til Emblemsvågen men det er likevel langt kortare dit enn til Ekornåsvågen der A/S Von frå sulalandet dreiv rutefart til byen frå 1909. Vågane en vart mykje nytta av inaumnesingane sjølv om M/B Aure la til på Emblem og hadde mjølketransporten. Dei to båtane hadde truleg litt ulike rutetabellar og kanskje ein viss priskonkurranse. I historia om Kjøt-Iver vel han iallefall Von-båten. Det kan likevel hende at dei nytta den som passa best og dersom kviga kom frå Sula, så stoppa kanskje ikkje Aure der.

I sommerruta 1920 er Emblem stoppestad kl. 09:30 på vegen til byen, 7 dagar i veka

og 18:30 på retur frå byen. Då måtte køyrelaget vere tidsnok på kaia for å sende mjølka eller ta imot tomspannene på kvelden. Kan hende så hadde handelsmennene eller nokre av bøndene også hest og kjerre med seg om dei venta varer. Ein skal også hugse på at dette var ein stad å møtast og å høyre nytt. folk samla seg også på benkane i Lars-buda, etterkvart på buda til Kjøt-Iver på Skorene og på "børsen" utanfor telegrafstasjonen til skomakar Karl S. Nedregotten når den starta i 1910, men dette var no helst gamlekarane det då. Bestemor mi fortalde at han Austrems Lars endå til hadde treffstad på "kårloftet" på sine eldre dagar. Det var ikkje så truleg at Lars møtte på kaia for dei med tilknyting til bedehusa hadde ikkje den same dragninga dit. 

Truleg var pakkhuset innreidd med eit lite rom i enden til ekspeditøren, der han hadde ein stol og eit bord til å samordne fraktpapira. Om vinteren var det kanskje plass til nokre karar der inne i varmen og, men for dei fleste så vart det å stå utanfor. Kan hende så kom det også nokre ungdomar nedom kaia for å sjå, men ungar og kvinnfolk, det var nok sjeldan. Dei to første åra som dampskipskaia eksisterte var det D/S "Geiranger" som la til og venteida, før den kom, kunne variere litt etter transportmengde og antal lossingar på vegen mot bygda.  Denne båten hadde fjordruta i mange år med stoppestader som Vegsund, Emblem, Honningdal, Langskipsøya, Ørskog, Vaksvik, Hellesylt og Geiranger, men lista kunne verte både lenger og kortare med vekslande behov for stopp og varelevering undervegs. Etter at landgangen vert lagt på plass, så er det poståpnaren med ei slunken postveske som er første mann om bord. På land kunne det kanskje kome ein og annan iblant men så stor transport til vår bygd vart det neppe. Det vart kanskje lossa nokre mjølsekkar og eit sirupsfat eller kanskje margarinkassar, medan det vert sendt ein slakteskrott og nokre poteter i retur. Samtalen mellom mannskap og ekspeditør er kort og effektiv før båten igjen legg ut på fjorden. Når M/B "Aure" tok over kring 1909 vart ruta langt kortare og gjekk berre til Sykkylven. Etterkvart skal den ha starta eiga kveldsrute på laurdagen og.

Frå båt til Bil

Med billaget tek fraktefarta på fjorden slutt. Frå 1930 var det båtskyss kun to gongar i veka og frå 1942 var det ikkje lenger rutetilbod til Emblemskaia. Nye vegar på land svekker fortjenesten kraftig og motorbåtanløpa stoppa opp. MRF hadde tatt over over båtskyssen og utvikla den gradvis til å verte fergeskyss i staden. Riktig nok trong Emblemsbygda Billag båthjelp om vinteren dei fyrste åra, men ettersom vegen vart utbetra så miste fjorden og kaia si betydning. I våre dagar er det ferjene ein vil ha bort men det er ikkje berre å fylle igjen fjorden riktig enno for turistane har sett kva for ein fantastisk tur som ein båttur inn Storfjorden faktisk er og det vil vare ei god stund enno.

Kjeldene:
Døssland, Atle: Med lengt mot havet: 1671-1835, Fylkeshistorie for Møre og Romsdal I, Det Norske Samlaget, 1990
Karl O. Emblem: Diverse tekstar om bygda, fiske og samferdsle som ikkje er utgjeve på trykk
Maurtis Akslen: Livsminne frå Emblemsbygda, er ikkje utgjeve på trykk
Randers, Kristoffer: "Søndmøre, Reisehaandbog udgivet efter foranstaltning af Aalesund-Søndmøre Turistforening", I kommisjon hos Alb. Cammermeyer, 1890
Sula Rutelag: "Frå A/S Von til A/S Sula Rutelag 1909-1989, 80 år med samferdsle på sula", Egset Trykk AS 1990
Torvik, Arne Inge m,fl.: "Om samferdsel i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkesbåtar 1920-1995, Del II Samfunn og ferdsel". Møre og Romsdal Fylkesbåtar 2000
Tvinnereim, Jon: Grotid i Grenseland, Fylkeshistorie for Møre og Romsdal II 1835-1920, Det Norske Samlaget, Oslo 1992.
Ulstein, Ragnar m.fl.: "Om samferdsel i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkesbåtar 1920-1995, Del I Som skyttel i vev". Møre og Romsdal Fylkesbåtar 1995
Wikipedia.org: Søndmøre Dampskibselskab:
http://no.wikipedia.org/wiki/S%C3%B8ndm%C3%B8re_Dampskibsselskab