Blåskulen

Blåskulen kring 1984. Fotografen er tidlegare rektor, Sigurd Langleite

Blåskulen og skuleplassen kring 1984. Biletet er tatt av tidlegare rektor, Sigurd Langleite

Skirenn kring Blåskulen omlag 1960. Foto: Per Kåre Østrem

1951-årskullet samla foran blåskulen kring 1958. Det er: Bak fra v: Hildegunn Hatlø, Eli Nedregotten Hals, Torhild Øyen, Mette Smogeli, Ellinor Akslen Giskegjerde, Randi Hesseberg Lunden, Målfrid Emblem Flesjå, Torill Østrem Torvik. Foran fra v. Jostein Navelsaker, Malvin Emblem, Johan Arne Viddal, Tor Eldar Relling. Biletet tilhøyrer Jostein Navelsaker

Bak f.v.: Lærerinne Bjørg Ferstad, Eldrid Smogeli, Kirsti Nedregotten (g. Haram), Torill Åsebø, Torbjørg Emblem, Randi Nedregotten og Sølvi Kvam Lamberg. Frame f.v.: Lidvar FLydal, Leif Nedregotten, Hans Akslen, Hallvard Emblemsvåg, ? Relling, Lars Ole Viddal, Bjørn Hatlø?

skulebilete frå 1962 eller 1963. Bak f.v.: Sigurd Flydal, Arne Nedregotten, Rolf Østrem, Helge Ramsvik, Stein Liaklev, Guttorm Eidslott og Bjørn Magne Andreassen. I midten f.v.: Magne Ulstein, Else Kvam, Kari-Lise Kjerstad (g. Ystenes), Lærerinne Ragnhild Heggstad, Marita Emblem, Hilde Akslen og Hans Andres Akslen. Framme f.v.: Greta Navelsaker, Marit Ramsvik, Unni Akslen, Herdis Emblemsvåg, Sigrun Bjørkavåg, Anniken Jakobsen?, Svanhild Blindheim og Inger Emblem. Biletet er utlånt av Guttorm Eidslott

1. klassingane haustn 1968 har funne seg ein pult på det som skal vere klasserommet deira det neste året. Læraren er Turid Langleite. Biletet tilhøyrer Arne Nowak

Heile tre tvillingpar byrja i 1. klasse 1968. F.v. Ingunn og Olav Kåre Kjerstad, Audun og Geir Magerholm, Arne og Svein Nowak. Biletet er utlånt av Arne Nowak

17. mai kring 1975. Foto: Aslaug Østrem (g. Magerholm)

Blåskulen vart raskt for liten og på 1970-talet vart sløydtimane haldne i garasja til Jon Nedregotten, medan hustell var på gamlebedehuset. Foto: Svein Ove Østrem

17. maitoget passerar Blåskulen kring 1978

Rektor Sigurd Langleite opnar døra til Blåskulen for lærar Asbjørg Gjertsen (f. Larsen) og 1. klasse i 1982

Skuleplassen ved Blåskulen ein gong på 1980-talet

Første skule dag for 1. klasse i 1982

Blåskulen, sett frå Elvemyr ein gong på 1980-talet. Foto: Arild Nedregotten

Blåskulen brenn ned som ei brannøving. Foto: Arne Nowak

Det andre skulebygget som vart reist i Emblemsbygda var «Blåskulen» i 1956. Det hadde lenge vore snakka om at gamleskulen på Nedregotten trongde avløysing.

Gamleskulen hadde berre eit klasserom, så dei måtte nytte både kjellar og ungdomshuset ved sida av . Storsalen på ungdomshuset «Borgheim» vart mellom anna nytta til gymsal medan matsalen var klasserom når far min, Olav Østrem gjekk på skule frå 1949.

Tomta til blåskulen vart ekspropriert av Borgund Kommune frå Johan O. Emblem i Ebbegarden allereie kring 1940 då Hans Austrem frå Larsgarden sat i skulestyret, men det vart ei sak som gjekk heilt til høgsterett, så saka vart ikkje endeleg avslutta før våren 1953. Borgund Herred var på den tida svært forsiktige med pengane og det bar også Blåskulen preg av ved at den ikkje vart bygd så stor som det eigentleg var behov for, sjølv om ein visste at antall elevar vaks kraftig i same periode. Den nybygde skulen fekk berre to klasserom, gang og lærarrom i andre etasje i det blå bygget mot hovudvegen. Kjellaren vart innreidd som sløydsal og kunne nyttast tidvis til både gymsal og bygdekino medan det kvite bygget hadde inngang, toalett og bod i første etasje og plass til lærarbustad i andre etasje. Det vart likevel aldri nokon lærarbustad på Blåskulen, for då den endeleg stod ferdig så var den allereie for liten og alle tilgjengelege rom måtte nyttast som best ein kunne. I motsetnad til dei tiltenkte klasseromma, var det lågt under taket der lærarbustaden eigentleg skulle vere og det fanst ingen ventilasjon i skulebygget så det kunne nok verte varmt når morgonsola fann vegen over Akslanakken.

På 1950- og 1960-talet vart skulebygga på Emblem betre utstyrt. I 1953 ga Borgund kommune pengar slik at ein kunne kjøpe seg eit orgel. Rikskringastinga etablerte eigen «skuleradio» og undervisningsfilm vart eit meir vanleg element i undervisninga. Ein fekk etterkvart nedrullbare kart og på byrjinga av 1960-talet vart «Skolepsykologisk kontor» oppretta i samarbeid med Ålesund Kommune. No byrjar ein å gje tilbod for born med lese og skrive vanskar, og tannklinikken byrjar å anbefale fluortannkrem. Men samstundes var mykje av undervisninga akkurat slik som før. Det var læraren som stod foran klassa å fortalde ved hjelp av tavle og kritt som viktigaste reidskap. Pultane stod stort sett på rekke og var elevens viktigaste arbeidsplass. Andaktstund eller salmesong på byrjinga av skuledagen var fortsatt faste innslag og ein gjekk på skule på laurdagar til eit stykke ut på 1970-talet. Disiplin, stillheit og oppmerksame elevar var fortsatt eit ideal. At ein marsjerte fint på rekke to og to, på veg inn etter friminutta, var sjølvskrive til godt inn på 1980-talet.

Ny pedagogikk og nye tankar skapte etterkvart fleire utfordringar for lærarane. Klassane vart meir oppdelte i alderstrinn enn før og på 1970-talet vart det vedtatt at elevar frå det nye byggefeltet vest for Emblemsvågen skulle vere del av Emleim skulekrins. Sløydsalen vart då flytt ned til verkstaden til Jon Nedregotten oppå Resebakken og husstell fekk ungane på «Gamle-bedehuset». Sløydsalen vart delt av ein foldevegg slik at ein fekk til saman 5 klasserom. Det vart etterkvart klart at noko måtte gjerast. Nokre av åra måtte elevane heilt til Blindheim ungdomskule for å få kroppsøving og då gjekk det vekk mykje tid til transport. Først i 1978 vart «Ny-skulen» oppe på Ebemyra klar til innflytting med eigen gymsal slik at det vart plass til alle elevane og den undervisninga som dei nye læreplanane krevde. Blåskulen vart likevel nytta i fleire år til sløyd, klasserom for 1. til 2. klasse samt musikkundervisning i den «kvite-fløya». Etterkvart som «Ny-skulen» vart bygd ut, vart «Blåskulen» overflødig og nedlagd. Ei stund vart det diskutert å byggje den om til Klubbhus for idrettslaget og fleire løysingar vart drøfta. Musikklaget Gjallarhorn tok og ei tid del i desse samtalane, men skulen var nedslitt og omkostningane ved ombygging og installering av mellom anna ventilasjon vart etter kvart i dyraste laget og planen vart difor skrinlagt. Dei siste åra var skulen prega av forfall og hærverk så løysinga vart til slutt ei kontrollert nedbrenning i regi av Ålesund Brannvesen. I dag er det lite som vitnar om det som ein gong var.

Kjelder:

Grytten, Harald: «Hjemsted og by» bind 1, 1948-1968, Sunnmørsposten forlag 1998.

Stavanger Aftenblad 12.4.1953 som omtalar ekspropriasjonssaka

Tilleggsinformasjon frå Olav Østrem våren 2011

Utdrag frå Olaf Hesseberg sitt skriv om skulane på Emblem.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE