Ungdomshuset

Det nest første "ungdomshuset", eler Fossestova slik den såg ut dei siste åra før ungdomslaget fekk eige hus på Hjellhaugreset. Huset vart flytta dit og sett opp i 1917 og kvart påbygd litt kort tid etterpå. Korleis den opphavelege Fossestova såg ut er eg ikkje sikker på. Tomta tilhøyrde Elverum, men noko hus er ikkje nemnd i dokument før dette. Likevel veit vi at ungdomslaget hadde møte der før 1917 også. Den er nemleg nemnd i styreboka til laget i 1914. Biletet er lånt ut av Janne Morsund

Ungdomshuset slik det ein gong såg ut, med hovudvegen i framgrunnen. Biletet er tatt like før rivinga tok til

Hovudinngongen låg lengst mot aust. Det var også ein inngong mot vestre husende og her kom ein inn i trappegongen med dør til matsal og kjøkken, samt veg opp til storsalen ved scena, skjult trapp vidare opp på bakscena og

Bilettluka på Borgheim låg rett innanfor hovuddøra og deretter var det ei lita garderobe før ein kunne ta trappa fatt opp i storsalen eller vidare til galleriet

Byggeåret vart skrive i steingolvet ved hovudinngongen og bilettluka

Storsalen på Borgheim med scena som fokuspunkt. døra til venstre gjekk til ei baktrapp opp på scena og trapp ned til første etasje med dør til kjøkkenet, matsalen og utgong

Scena på Borgheim.

Det flotte sceneteppet i blå fløyel

Balkongen og dører til trappene ned i fyrste etasje med garderobe og bilettluka ved inngongsdøra. Der var og ein eigen dør inn til matsalen.

Restar av den flotte lysekruna i storsalen. Ifølge Helge Ramsvik skal kruna og lampettar på veggane vere kjøpte brukt i Ålesund og det vart fortalt at dei opprinneleg kom frå eit slott i Sverige. Eg kan diverre ikkje bekrefte historia sidan ein ikkje kjenner til meir informasjon. Helge lova å ta vare på kruna så det er kanskje mogeleg å finne ut kven og når ho vart laga om ikkje anna.

Matsalen i fyrste etasje med døra til kjøkenet som låg i vestre ende av ungdomshuset under scena. I forkant kan du sjå talerstolen som har vorte brukt "i alle år" på 17.mai og gjerne innpakka i raud, kvit og blå kreppapir. Talerstolen vart flytta til blåskulen og etterkvart også til nyskulen samen med trebenkane etterkvart som festplassen på 17.mai vart flytt frå ungdomshuset. Matsalen vart pussa opp på 1980-talet og er ikkje i opprinneleg utforming. Eg hugsar at skigruppa nytta salen ved fleire høve som våravsluttning og utdeling av klubbmesterskapspremiane

Kjøkenet på Borgheim nokre veker før rivinga tok til

Gamle ungdomslags-kvitteringar frå innkjøp på sevrin-buda. Her kunne me sjå at kjøpmann Sevrin Emblem forskotterte heile 100,- til bygginga av huset i 1934. Då ungdomslaget vart nedlagd tok idrettslaget over huset og brukte kjøkken og matsalen til klubblokale på 1980-talet. Dei freista óg å byggja ut med eit garderobebygg og restaurera huset, men planane stranda på mellom anna manglande areal til parkering og utan dette kunne ein ikkje ha større arrangement i huset. Etterkvart vart skulen den nye samlingstaden. Eg håper at idrettslaget tok vare på desse små historiske skattane.

Eit av problema med ungomshuset var at det kun var utedo på vestre hushjørne

17. mai feiring på ungdomshuset med gamleskulen i bakgrunnen. Årstalet er usikkert men kanskje tidleg på 1970-talet?

17.maitoget har passert gamlebedehuset på veg austover mot gamleskulen og ungdomshuset like bak fotografen

17. mai sett frå festplassen mellom ungdomshuset og gamleskulen på skaret.

Skuleplassen mot ungdomshuset

Dette er truleg frå ei tilstelning på ungdomshuset ein gong tidleg på 1960-talet. Foto: Per Kåre Østrem.

Den orginale kassa til Ungdomslaget med kassaprotokollen og kvitteringane oppi. Ei stor takk til Per Kåre Østrem som har teke vare på dei i alle desse åra etter at laget vart oppløyst. Foto: Svein Ove Østrem

Myntromma i pengekassa til ungdomslaget. Her er det enno nokre pengar og myntrullar igjen. Foto: Svein Ove Østrem

Den åpne pengekassa til ungdomslaget med kvitteringar og åpen kassabok. Foto: Svein Ove Østrem

Bilag 15 syner kvittering for betalt annonse i Sunnmørsposten den 17. desember 1954. Kopi av annonsa er lagt ved. Det er Emblemsbygda Sportsklubb som arrangerte dans den 18. desember 1954 og staden var ungdomshuset.

Emblemsbygda Sportsklubb hadde eigne bilettar på ein del av arrangementa sine, men eg er enno ikkje heilt sikker på om slike barnebillettar var i bruk på dansane.

Tida før Borgheim

Emblem Frilynde Ungdomslag vart stifta i 1904. Lagsbladet, «Innaumnesingen» vart ført til pennen for første gong i november det same året. Dei fyrste åra held ungdomane møta sine på «Fossestuen». Laget samla seg der omlag annan kvar sundagskveld frå august og fram til og med mai. Når onnene pågjekk om sommaren, så var det pause i lagsarbeidet. Dei seinare åra før ungdomshuset «Borgheim» stod klart i 1934, vart skulekjellaren på Skaret mest nytta.

I Inaumnesingen kan ein finna fleire spor etter både ynske om å få seg eige hus. Hussaka har vore tatt opp ei rekke gongar og kring 1923 kom ein så langt at byggekomitéen var på plass, men det var t ikkje noko bygging likevel. Det vert hevda i ei seinare utgåve av Innaumnesingen, at dei gongane saka har vore oppe, så stod også lagsarbeidet i bygda sterkt, men det har vore rolegare periodar i mellomtida. Det kan verka som om motet minka desto nærare ein kom alvoret og realiseringa. Den 2. november 1930 kan me finna eit anna innlegg om denne hussaka i Innaumnesingen. Bladstyrar Margit Emblem skriv at temaet snart var like gamalt som laget sjølv, noko som innebar at dei på den tida hadde diskutert og samla inn pengar på lagsmøter i nesten 26 år allereie. I januarutgåva av lagsbladet i 1931 tek også bladstyrar Karl O. Emblem i bruk humor for å få fram den same bodskapen. Han hadde sett føre seg korleis lagsbladet ville dekkje innvielsesfesten for eit eige ungdomshus i 2031:

«Laurdag den fyrste oktober 2031, vart ein merkjesdag i Emblemsbygda ungdomslag si historie. For då skal ungdomshuset innviast. Tanken om ungdomshus er no 125 år gamal so arbeidet må segjast å vera godt fyrebutt. Men endeleg er den draumen som vore Tippoldeforeldre, Oldeforeldre, Besteforeldre og foreldre drøymde, gått i oppfylling. Som ein kuriositet kan nemnast at det har vore valt 57 byggjekomitéer. Bilæta av desse kan ein sjå i ungdomhuset sit bilætgalleri. Der heng det óg ei teikning som viser korleis dei var tenkt å byggja i 1931. Det huset hadde vorte akkurat so stort som sena og orkesterplassen i det ungdomshuset som no er bygt. Væl møtt då på festen som skal opnast med denne songen: At far min kunde gjera det som me no har gjort. Ja det skal sikkert vera; men han kom til kort. Det vart med berre pratet og drøymeri og pjatt. Han hugsa matafatet, og let so pungen att».

Det nærmar seg bygging

Sundagskvelden den 19 mars 1933 var det halde ungdomslagsmøte i skulekjellaren på Skaret. Møtet starta i halv ni-tida og vart styrt av formannen Karl O. Emblem, som kunne opplyse at det skulle veljast ein byggekomité som skulle ha ansvar for bygginga av ungdomshus. Karl var nyvald formann dette året, og sjølv om det i følge skrivarboka, verka som om bygging ikkje hadde vore noko offisiellt tema halvåret i forvegen, så hadde det nok vore diskutert og alt tyder på at han hadde mål om å få på plass eit hus, som dei hadde snakka om i årevis. Han vart sjøl vald inn i byggje-komitéen saman med Georg Emblemsvåg, Alfred Østrem, Sevrin Emblem og Knut S.Nedregotten

Byggjekomitéen hadde sitt første møte 26. mars. Valet av formann vart utsatt, då ikkje alle møtte. Dei vedtok å sende henvendelsar til nokre av dei andre ungdomslaga på Sunnmøre som nyleg hadde bygd seg eigne hus, for å få sjå teikningar av desse. På neste komitémøte 5. april kunne Sevrin Emblem «fortelje at han hadde sendt skriv til 21 ungdomslag med bøn om å få låne teikningane». Det var berre Engeset og Fylling ungdomslag som hadde svart på henvendelsen. Dei sendte både teikning og invitasjon til å vitje dei i Engesetdalen. Byggekomitéen valde difor å reise inn for å sjå på huset ein sundag. Alfred Østrem var sjåfør, for han hadde drosjebil, og Sevrin Emblem hadde ringt for å fortelle at dei kom. Formannen i ungdomslaget i Engesetdalen fortalde korleis dei hadde løyst det. Husteikninga passa ikkje heilt og det var særleg løysinga med scene og inngang som var problemet.

I eit møte heime hjå Sevrin den 6. juli vart det vedteke å lage ei eiga teikning og senda denne til eit byggeselskap for å få overslag på kva det kom til å koste. Knut teikna om og fekk samtykke av dei andre på det neste møtet den 16. juli. Dei valde også å nytte 1 1/2 meters høgd med kryssfinér på veggane i salen og malt papp høgast oppe på veggen. Anbod frå Tennø og Skar vart motteke 15. september og drøfta same kveld. Det vart vedteke å kalla saman heile ungdomslaget 17. september. Samstundes vart det vedteke å senda 3 medlemmar frå komitéen til Borgund Sparebank for å forhøyra seg om moglegheita til å få lån. Ungdomslagsmøtet vart det første som kun handla om bygging dette året. 25 lagsmedlemmar møtte fram i skulekjellaren, og formannen greidde ut om kva som hadde skjedd sidan sist. Dei frammøtte fekk vite meir om tilbodet frå Tennøe og Skar på kr. 5200,-. Firmaet ynskte også å levera sementen til murane for kr. 9,50,- per tønne. Dei kunne også levera forskalingsmaterial og benkar, medan ungdomslaget skulle sleppe å betale «før dei økonomiske høve var laglege til det». Innbakt i prisen var eit tilbod der ungdomslaget fekk avslag, mot at firmaet fekk nytte Borgheim som «reklamehus», og at laget deltok i dette reklamearbeidet. Medlemmane tykte likevel at prisen var for høg og ynskte seg fleire anbod før dei bestemte seg.

Den 8. oktober vart det halde eit nytt lagsmøte med hussaka som tema. Komitéen fekk fullmakt til å velja det beste anbodet og å ta opp lån. Etter dette vart det mest vanlege ungdomslagsmøter igjen, med unntak av eit møte like før jul, der ein bestemte seg for å kalla ungdomshuset for «Borgheim» etter ei avstemming. Men sjølv om det verka tilsynelatande stille ifølge møtereferata i skrivarboka, så var det noko heilt anna i praksis. Allereie dagen etter vedtaket om bygging og låneopptak, vart tomta staka ut av byggekomitéen, og i grålysinga den 10. oktober kom det førtste arbeidslaget til tomta.

Bygginga tek til

Ein starta med å reinske berget for einer og krattskog. Av dei i bygda som gjekk forbi dei fyrste dagane, så var ikkje alle like optimistiske, men berget vart raskt klargjort for boring. Det var allereie beslutta at steinen som vart utskoten, skulle brukast i murane på huset, men ungdomane hadde ikkje råd til borar, så det fekk dei låna av Marka-Hans på Vestrem. Borehola vart laga med handbor og slegge. Vegvesenet dreiv tilfeldigvis med vegarbeid samstundes i bygda, så då fekk ungdomane hjelp av deira smed til å kvesse borane gratis. Det var ikkje alle ungdomane som var vande med slikt arbeid, og det vart nok eit og anna feilslag der den som heldt boren fekk seg nokre treff frå slegga over fingrane, men arbeidet gjekk jamnt og trutt framover utan veldig alvorlege skader. Ein oppstart på byggearbeid i oktober var heller ingen spøk, med lange arbeidsdagar når regnet ausa ned, og nord-austen reiv tak i trea ikring. Etterkvart som det vart lenger ut på hausten, så vart véret værre og værre. Karl O. Emblem skriv at hua låg «som ein grautklut på hovudet. Heilt igjenomvåt. Vatnet seg i jamne straumar og laga små «Niagara» frå ryggraden og herifrå».

Etterkvart var tomta klar for muringsarbeidet. Laget fekk tilbod om tilkøyrd sand, men ein meinte at dette vart for dyrt, og valde å ta seg av transporten sjølve. Det var ikkje den lettaste manøveren å få sanden fram heilt frå Emblemsanden på denne tida av året. Vegen var meir som eit elvafar enn veg, men etter berre nokre få dagar var sanden likevel på plass på tomta.

Det var Fredrik Emblem som hadde hovudansvaret for muringa, og snart kunne ein høyre komandoropa hans. «Kom med stein», eller «kom med material». Resten av arbeidslaget var kun ungdommar og amatørar, so arbeidet krevde ein fullbefaren murar. Knut Nedregotten fortalde at det var ein murar til, men eg veit ikkje kven dette var. Kanskje var det ein arbeidskamerat av Fredrik?. Eg trur i alle fall at dersom det hadde vore Marka-Hans, så hadde namnet vore nemnd i inaumnesingen i alle fall. Det vart sett opp forskaling på begge sider av muren, Den utskotne steinen frå tomta vart så fylld oppi og blanda med sement. Armeringsjern vart ikkje nytta, for det var ikkje vanleg på den tida. Fredrik tok 80 kroner totalt for jobben med murane. Både utskyting av tomta og muringsarbeidet gjekk svært raskt unna. Karl Nedregotten fortalde at det var enno oktober, når dei starta på tømringsarbeidet oppå murane.

Dei hovudansvarlege snekkarane var Per og Knut Nedregotten, i lag med Bjarne Ramsvik. Det var opptil 20 ungdomar som deltok på snekkerarbeidet kvar einaste dag, og dei gav seg ikkje før klokka var mellom ni og ti om kveldane. Det var også fleire av dugnadsmedlemmane som var snekkarar, så dei var til god hjelp. To av desse var Karl i Jakobgarden og Johan i Ebbegarden. Materialleveringa var det Tennøe og Skar som hadde fått tilslaget på. Problemet var at dei heldt til i Brattvågen og dit inn var det ikkje veg enno. Alt saman måtte fraktast med båt og fraktast vidare frå Eikenåskaia med bil.

Karl O. Emblem fortel om ein laurdagskveld, etter at dugnadsarbeidet var over og gutane hadde fått raka skjegget, pynta seg og «tekje seg ein tur på vegen. Pikejakt var ikkje å tenkje på no, det var noko mektigare som stod på. Då kunne ein høyra långe ul utanfrå Emblemsvågen. Det var materialskuta som kom, og i en to tri, vart 30 overhalla henta, og like mange mann var um eit augneblik komne på kaia». Årsaka til at ikkje Emblemskaia vart vald, er eg ikkje sikker på, men det kan ha vore prisen som var avgjerande. Alfred Østrem hadde lastebil med kjennemerket T-1723 på denne tida, og han tok på seg arbeidet med å køyre alt saman for kun 60 kroner, og då køyrde han taksteinen også. golvet vart isolert med slagg frå gasskraftverket i Ålesund, og nok ein gong var det Alfred som stod for frakta. Med så mange dyktige snekkerar i arbeid, så gjekk det raskt å få på plass reisverk, panel og tak. Huset var konstruert av vanleg bindingsverk, med Alta-skifer på taket.Det vart fortalt at ein «iakttakar» sto med klokke å fylde med ein dag på dugnadsarbeidet. Han fann ut at ikkje eit einaste sekund var stilt for hammerslag eller øksehogg i to samanhengande timar.

Jentene tok seg av handarbeid og sceneteppe. Stoffet vart kjøpt av ein som heitte Mikalsen og som stod på ei forretning hos Devold. Knut hadde vore med å bygge hus for han tidlegare. Knut fekk både tekstilprøver og ein særs god pris. Sevrin Emblem var både handelsmann og kasserar under bygginga. Han tok seg av finansane og lånte også ut pengar til bygginga ved slike utlegg. Når Sevrin betalte for teppet, trekte han 10% i kontantrabatt, men det hadde ikkje vore forutsetninga, så teppet vart svært så billig til slutt. Eg er ikkje heilt sikker på totalsummen på teppet, men eg meinar å ha sett ei kvittering på 100 kr. ein gong tidlegare.

Det elektriske anlegget var det Johan Aasestrand som stod for. Han var elektriker og i slekt med Karl O. Emblem. Han fekk bo gratis i Steffågarden og då tok han ikkje så mykje i betaling. Lampettar og lysekruna vart truleg hengd opp samstundes. Den 14. januar 1934 byrja ein å diskutera innvielsesfesten på lagsmøtet. Mauritz akslen, Alfred Østrem, Harald Øyen, Mons Kaldhusseter, Elida Nedregotten, Anna Hundeide, Agnes Emblem og Margit Kaldhusseter.

Branntaksten i Norges Brannkasse vart den 17. februar 1934 sett til 51000 kroner og dagen etter,

på lagsmøtet den 18.februar fekk Karl O. Emblem og Knut Steffensen Nedregotten mynde til å ordne pantobligasjon på 3000,- i ungdomshuset og tomta til fordel for Borgund sparebank. Pantobligasjonen på huset vart tinglyst 19. mars 1934. På det samme møtet vart ei eiga huslov opplesen, diskutert og vedteke. I denne lova stend det blant anna at husstyret skulle vera på tre medlemmar og at formannen var sjølvskriven medlem. Dei første som vart valde var Knut S Nedregotten, Lars E. Nedregotten og Sevrin Emblem som vara.

Solveig Garshol, Solveig Emblemsvåg, Anne Emblem, Hjørdis Akslen, Knut Nedregotten, Peder Magerholm, Karl K. Emblem og Lars L. Akslen vart vald til å stå for innviingsdansen 14 dagar seinare. Dette vart også den aller siste ungdomskvelden i skulekjellaren.

Åpninga

Søndag 25. februar 1934 vart Borgheim vigsla. Festen skulle starte klokka seks, men allereie i fire-fem tida «var det stor folkevandring til huset og når kl. var 6 var alle plassar optekne, og ein heil del måtte stå». Det vart rekna opp omlag 300 frammøtte denne dagen. Festen vart opna ved at alle reiste seg og song «Gud signe Noregs land». Deretter vart alle ynskt hjerteleg velkomne av formannen i festkomitéen, Mauritz Akslen. Formannen i ungdomslaget, Karl O. Emblem gav ei kort oversikt over historia til huset.

Kveldens foredrag var det ein N. E. Ringseth som stod for, og temaet var om den frilynde ungdomsrørsla. Referenten skriv at det vart godt motteke av både dei eldre og ungdomane sjølve. Dette var truleg Nils E. Ringseth som hadde vore sunnmøre sin fylkesformann i Norsk frillyndt Ungdomsforbund kring 1920. Mannskoret Varde heldt konsert, og deretter var det på tide med litt lettare underhaldning. Sevrin Emblem las opp frå «Innaumnesingen», der det mellom anna var eit eige dikt til huset. Reidar Bork Valderhaug avslutta så første programykt, før maten med «eit par humoristiske stubbar».

I matpausen vart det taffelmusikk. Fridtjof Emblem vart akkopagnert av ei «frk. Sunde og herr Aasebø». Fleire av medlemmane i mannskoret Varde var også framme og deltok i songen.

I den andre programykta var det tid for takketalar, både frå formannen i laget og Ringseth. Mannskoret fekk ei avdeling til, før ein avslutta det offisielle programmet med skodespelet «No brenn det» med mellom anna Mauritz Akslen og Agnes Emblem (g. Flø) i hovudrollene. Etter festen vart det songleikar.

Det nærmar seg slutten

Det første ordinære ungdomslagsmøtet på Borgheim vart halde søndagen den 11. mars, med 60 frammøtte ungdommar. Ein herr Storeide synte fram filmen «Intet nytt fra festfronten». Seinare på kvelden vart det vald festkomité for påskefesten. Lars Nedregotten, Kåre Hansen, Harald Øyen, Georg Emblemsvåg, Kasbara Nedregotten, Margit Nedregotten, Elida Nedregotten og Tora Magerholm vart valde. Frå no av tok den daglege drifta av huset til.

Huset vart sjølvsagt nytta til ungdomslaget sine faste møter og lagsfestar, men huset vart og til nytte for andre i bygda. Idrettslaget leigde huset til mellom anna møter og skifterom ved skirenn. Skulen nytta storsalen som gymsal og Gjallarhorn hadde øvingar der fra 1953-1970. Borgheim var sjølvskriven ved 17. mai feiringa i bygda, fram til Blåskulen stod klar. Skuleplassen hadde vore nytta til samme formål før 1934 også, men oppsluttninga skaut for alvor fart etter 2. verdskrigen og då var ei slik storstove kjekk å ha. Husmorlaget nytta også huset før Husmortun stod klart. Etter kvart vart det også skipa til dansetilstelningar frå omlag 1950-åra, men det var ikkje alle i bygda som likte dette like godt. Fleire ungdomar kom no utanbygds frå, og då kunne det verte ein og annan konfrontasjon også. Olav Nedregotten fortalde at ein gong, når Lensmann Bolteskar var til stades på ungdomslagsfest i bygda, så var det ein som hadde tissa han i hovudet frå galleriet så det rende ned etter sixpensen. Etter dette vart det ikkje tillatt å arrangere dans på Borgheim på omlag tre månader. Slike hendingar var det sjølvsagt særs få av i ungdomslagets lange historie, men ei og anna uheldig episode kunne ein no finne utover 1960-talet. Frå midten av 1960-talet vart det mindre aktivitet i ungdomslaget. Tekstinnhaldet i Innaumnesingen tapte seg etter kvart i kvalitet, og frå søndag 14. mars 1965 vart det ikkje skrive noko før 18. september 1970. Dette vart det siste innlegget i lagsbladet som eg har funne, men det står ikkje noko der som tyda på at det skulle verte den siste gongen ein skreiv noko der.

Kassaboka for hausten 1964, fortel at det har vore 2 dansetilstelningar som kan ha vore i lagets eige regi. I tillegg har bygdekinoen betalt to gongar for lån av lokalet. Emblems bondelag leigde huset til fest, medan Redningsforeningen hadde hatt basar. Idrettslaget hadde også arrangert dans på Borgheim. Inntekta frå desse festane hadde auka kassabehaldninga frå 4529 til heile 7656,- på berre to månader frå oktober til 1. desember. På den andre sida skulle straum, orkester, tonoavgifter, vasking og andre utgifter på kring 1500,- dekkast inn. Det verkar som om drivkrefter i laget ynskte å satse meir på slike inntekter, for våren 1965 vert det kjøpt inn lydanlegg og mikrofonar. Laget hadde riktig nok faste inntekter på utleige av hus til møter og andre arrangement, men inntektene på ein dans var likevel høgare. Men det vart ikkje så mange dansetilstelingar dei neste åra. Laget fekk eter kvart problem med å finne nok vakter og i 1967 finn eg berre 9 betalande medlemmar i kassaboka til ungdomslaget. Stadig fleire av arrangementa og dansetilstelningar var det no andre som stod for. Idrettslaget var eit av desse. Huset byrja å merke alderen, og ein måtte forsterke golvet for å takle nye moderne dansar som jenka. I 1968 var innkomsten på skuddårsfesten berre 50 kroner, og det er ikkje spor av fleire dansar i ungdomslagets regi etter dette. I 1971 vart det berre betalt forsikring og straumrekning, samt eit eksemplar av «Bondens Jul» på 23 kroner og 50 øre, inkludert porto. Kassa med tilhøyrande kvitteringar, medlemskort og kassabok er framleis teke vare på av lagets siste kasserar Per Kåre Østrem.

I 1977 var Ungdomslaget allereie avvikla, og Borgheim overteke av Emblem Idrettslag. Dei hadde behov for klubbhus og nytta mellom anna spisesalen til møter, slik dei hadde gjort i ungdomslagets levetid også. I 1985 fatta Årsmøtet i EIL vedtak om å pusse opp og modernisere huset. Laget skulle forhandle med Inge Emblem om å få kjøpe eit tilleggsareal på baksida av huset på omlag 700 kvadratmeter. Her skulle ein bygga ny fløy med garderober og toalett. Den øvre ramma for arbeidet vart sett til 300 000,-

Styret i idrettslaget sette i mars 1986 ned ei byggenemnd, med Helge Ramsvik som formann, og han fekk med seg Svein Nedregotten, Arvid Brevik osamt fungerande formann for hovudstyret i laget. Skissa for tilbygget vart lagt fram til godkjenning i september det samme året og dei fekk tilskot frå fylket til arbeidet. Kostnadsoverslaget på ombygginga forutsatte dugnadsarbeid, og ein tenkte seg oppstart våren 1987, men det var ikkje enkelt å få tak i folk til dugnaden. Det vart særleg vanskeleg å få fatt i folk til arbeidet på det bratte taket, så det heile stoppa dermed opp. I 1988 vedtok dermed årsmøte å oppheve vedtaket om ombygging og opprette ein ny komité som skulle sjå nærmare på planar for eit nybygg i staden.

På slutten av 1990-talet vart huset og tomta seld til eit byggefirma, som ynskte å rive ungdomshuset og gamleskulen for å byggje nye hus i staden. Idrettslaget fekk overta skiferen, mot å ta den ned sjølve. I juni 2003 vart skiferhellene tatt ned på dugnad. Etter ei veke var all steinen komen ned og seld for 45 000,-. Resten av huset endte som St. Hansbål på Sula.

Kjelder:

Skrivarbok Emblemsbygda ungdomslag 17.5.1932-4.1.1941

Innaumnesingen den 25.2.1934

Innaumnesingen 1929-1934

Tilbod frå Norges Brannkasse 9. januar 1948

Dokument med taksering av Borgheim våren 1934.

Skriftleg dokument med underskrifter som bevitnar vedtak om å opprette pantobligasjon til fordel for Borgund Sparebank den 18. februar 1934

Skrifteleg dokument med gjenpart av underskriftene til dei 22 lånegarantistane for lånet

i Borgund Soparebank, signert 12. februar 1934.

Tekstutdrag frå Sigurd Langleite sitt intervju med Knut Nedregotten på 1980-talet.

Video-intervju med Olav Nedregotten på Borgheim i 1999.

Diverse kvitteringar og kassaboka til ungdomslaget 1964-1971

Jubileumshefte for Emblem idrettslag frå 2007

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE