Karl O. Emblem om Steffågarden og gardsdrifta

Dette er truleg (Emte) Marie Ellingsdotter Humblem(1) (1866-1940). Ho gifte seg med Ole Elias Lauritz Knuts. Emblem(6) (1866-1958) i Steffågarden på Emblem. Han var mange gongar på arbeidsturar til Amerika medan Marie tok seg av garden og dei etterkvart 8 borna. Orginalen tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal. Arkivnummeret er AM-95003.001235

Borna i Steffågarden på Emblem kring 1916. Kristian Olsen Emblem var nest eldst i ungeflokken og du kan sjå han stående bakerst. Karl Olsen Finn du lengst til venstre på biletet, medan Amalia Olsdotter sit lengst til høgre. Margit Olsdotter sit fremst. Dei var born av Ole Elias Knutsen Emlem (1866-1858) og Marie Ellingsdotter Humlem (1866-1940) I følge digitalarkivet vart kristian født i 1902, Amalia i 1904, Karl O. i 1907 og Margit i 1909. Det er Karl O. som er forfattar av teksten om Steffågarden og gardsdrifta.

Frå KArl O. Emblem sine eigne handskrivne notatar om den gamle stova i Steffågarden

Ella Emblem, eller eigentleg Ellevine Emblem, vart født 8.6.1900 og var dotter til Ole Elias Knudsen Emblem (1866-1958) og Marie Ellingsdatter Humlen, g. Emblem (1866-1940). Det er truleg henne mora skriv kort til i 1913 medan ho besøker tanta si ved Krøderen. Nevøen hennar, Inge Emblem fortel at ho arbeidde ei tid på Emblem Skule då han gjekk på skulen. Inge er fødd i 1919 så det må ha vore etter 1926 for ho var ikkje der då han tok til i første klasse.

Etter ei utskifting måtte dei fleste husa flyttast til den staden eigaren hadde fått sitt gardsbruk. Dette gjorde at det vart ei radikal endring av hus og husskipnadar. Som før nemnt var det frå gammalt mange hus på kvar gard, opp til 5 - 6 hus på kvart bruk. Steffågarden på Emblem hadde i 1825 desse husa:

Stova med fordør og blyvindaugo, stabbur, fjøs med grisehus, løe med stall, smalefjøs, sel med part fjøs på setra, og halvdelen av kvern og naust.
Bruket fødde då 1 hest, 6 kyr, 8 geiter, 4 sauer og gris. Ein må rekne med at dei andre gardane i bygda hadde nokonlunde den same husskipnad. Som før nemnt vart Steffåtunet ikkje utflytt. Vånehuset stend på dei gamle murane, men det vart bygd ny løe i 1890-åra. Alle uthusa utanom stabburet vart då samla under eit tak. Stabburet Steffågarden har nå, vart også bygt i 1890-åra.

Stabburet var ein viktig funksjon på ein gard. Det hadde som regel si lengderetning nord-sud. Alle vindaugo, fortsett frå utstabbursloftet, vende mot sud. Stabburet stend på stolpar av stein og tre. Over stabburstolpane ligg der ei steinhelle. Trestolpane er uthogde slik at der er ein krans øvst på stolpen. Denne kransen  og steinhellene skulle hindre uty (mus) å kome inn i stabburet. Stabburet har to dører som vende mot nord. Stabburstroppene måtte ikkje ligge så nær døra at utyet kunne kome inn den vegen. Den eiene av dei to drene frte inn i utstabburet, den andre inn i stabbursgonga.

Frå utstabburet er der dør inn til innstabburet og tropp opp på loftet. I utstabburet var der tunner for oppbevaring av mjøl. Der var også sildetunner med saltsild, kjøt og fleskestampar - og lefsekorger oppe under taket. innstabburet var av tømmer. Der var det knaggar langs veggene som dei hengde opp kyrkjeklæde og andre stasplagg. Her var det også oppbevart pengar og andre verdisaker so som sylvty og anna. Grunnen til at dei brukte stabburet som oppbevaringsstad for verdisaker trur eg hadde si årsak i at der i stabburet ikkje var eldstader slik at fåren for lauseld var liten. Skulle hovedhuset brenne, ville dei lett kunne redde stabburet eller det som var inne i det.

På loftet var der på framloftet opphengd ei brei fjøl festa til taksperrene med streng. På denne fjøla låg flatbrødet i setnad etter setnad.  ein setnad var der omlag 200 flatbrødleivar. På dette loftet hang spekekjøtet, fleskeskinkene, møren, boknasilda m.m. som til dømes netkjer av slakta dyr og griseister. Brya som dei hang kjøtet i, sto også her, like eins smørkinna. På innstabbursloftet låg kornbingane, ein for bygg og ein for havre. Innstabbursloftet var også av tømmer. På dette loftet sto pallar for oppbevaring av sengklede. Der var som regel kårfolk på kvar gard. Dei hadde rådevelde over stabbursgonga. Her hadde dei sine gang- og sengklæde, her hadde dei også kåret sitt og elles det dei kunne ha av lausøyre som dei ikkje brukte til kvardags.

Stovehusa:
Etter utskiftingane vart husa flytte til dei nye tuftene, - det vart nok i sume høve bygt heilt nye hus.
Dette galt både stovehusa og andre hus på garden. På Emblem er det berre stovehuset i Steffågarden som stend på dei gamle murane. Vi veit då både grunnvidde på huset, korleis det var oppdelt, og høgde på både murane og huset elles. - Huset vart ein del ombygt i 1890-åra. den gamle røykstova vart riva, huset vart påbygt på høgda og innreidd på ein annan måte. Huset har elles vorte påbygt to gongar seinare.
Dette huset hadde ikkje "gong" som elles var vanleg den tida. Gonga var eit tilbygg på nordsida av huset med inngang til kjøkenet. Gonga vart bygt i flukt både med huset og taket av vanlege bord og hadde jord eller steingolv. Gonga vart brukt som vedrom, rom for kvardagsklede m.m. Fleire av husa hadde sengkammers til endes med stova. Då alle hus var tekte med næver og torv, var lofta lune og varme sjølv om vinteren. Lofta vart brukte som soverom for born og tenarar. Sjølvefolket låg som oftast i stova. kårfolka hadde tilhald i eit av kamersa, der laga dei maten sin og der låg dei.

Løhusa:
Stovehusa hadde si lengderetning aust - vest medan løhusa hadde lengderetning nord - sud. Der det var hallande terreng, og det var det som oftast, vart kufjøsen oppbygt i søre enden av gråstein. Der var ikkje gjødselkjellar. Gjødsla vart kasta ut gjennom ei glugge i søre veggen og ut på gjødseldungen. Løene hadde ikkje djupebryt, men dei hadde "skot" på båe sidene. Stavane på både sider stod eit stykkje frå ytterveggane og det var desse roma mellom stavane og ytterveggane som vart kalla skota. Når det gjeld dei andre husa på garden syner eg til det eg har skrive om tunskipnaden.

Næringsvegar og dagleg liv.

den dominerande næringsveg var jordbruk. Men då bruka var heller små og barneflokkane som regel store, måtte forsyterane sjå seg om etter attåtinntekter. Det vart då sjøen som vart den næraste å ty til både når det gjldt matbyrgsle og kontantinntekter, men meir om fiske seinare.

Gardsdrifta:

dei gardane som var store nok til å fø hest, vart vanleg kalla gardsbruk. dei fødde gjerne hest, 4 eller 5 kyr og nokre sauer. På småbruka hadde dei ikkje hest og fødde til vanleg 2-3 kyr og nokre sauer. I fyrre hundradåret fødde dei også geiter, men dette vart slutt med i slutten av hundradåret. Fram til 1835, då Emblem hadde jordskifte, låg alle gardane i bygda i teigar eller sokalla teigeblanding, bortsett frå Austrem der dei hadde prøvt ei slags utskifting tidlegare slik at bruka låg i ein eller to teigar. Men offentleg utskifting vart det heller ikkje her før 1904. Røssevollen vart utskift i 1837, Nergota i 1890 og Aksla i tida 1890 - 1894. alle desse gardane hadde før utskiftinga fellestun for kvar gard. fellestunet på Emblem låg der Steffågarden nå ligg. Røssevollen hadde truleg det mest særmerkte tunet for der stod løhusa ende i ende frå nord til sud. På Nergota låg fellestunet der Steffågarden (på Nedregotten) nå ligg.

Etterat gardane var utskifta må ein rekne med at det vart ein giv i jordbruksdrifta. Bruk var no samla i ein eller to teigar, dette gjorde drita mykje lettare. Reidskapen vart også betre. Den fyrste høyvogna kom ikring 1850. Før den tid og lenge etter brukte dei sledar både ved utkøyring av gjødsel og til å køyre inn avlinga på. Det var far til bestemor, Elling Steffensen Emblem, som laga den fyrste høyvogna her i bygda. dette gjekk slik til: Han var så uheldig at han vart spilte (spedalsk) av ein legdekall under arbeid framme på låven. Han hadde høyrt at det skulle vere von om å verte frisk dersom han kom seg ned til Christiania. Han reiste nedover med ei jakt, men heimatt måtte han gå. Då han gjekk oppover austlandet såg han at bøndene der brukte køyrereiskap med hjul under. Då han kom heim, tok han til å lage ei slik vogn. Ho vart så vidt ferdig då han døydde.

Det vart etter kvart betre med både vogn og reiskap. Dei gamle heimesmidde eiskjeftes plogane vart utskifta med innkjøpte Oliverplogar frå Amerika. Desse vart seinare, i 15-20-åra utskifte med plogar frå Jæren, kalla Jærplogar. Slåmaskina var ikkje vanleg før etter hundreårsskiftet - her på garden kjøpte dei slåmaskine for kr. 1.905. Alt under fyrste verdskrigen kom det i bruk både hesterive og såmaskine. Handreiskapen vart også mykje betre. Tregreipa vart erstatta med greipar av jarn og stål. i staden for trereker med jarnskonning framme, kom det i bruk reker av jern o.s.b.

Hestereiskapen var som regel heimelaga eller laga av ein nekker i bygda, ofte med vyrkke frå eigen skog. Dei såg seg vel fyre når dei høgde og saga opp ved at dei ikkje øydelagde det som kunne nyttast til det dei kalla gagnbein. Gagnbein var det som hadde slikt skap at det kunne brukast til megar under sledar, hynningar eller meier, 2 par styttingar, 2 par hynningar, 2 langreimer og eit veiend som batt saman meiane, langreimane og skjækene. Mold og gjødselsleder måtte dessutan klædast med bord i botnen og oppetter hynningane, dessutan måtte dei ha gavlar framme og bak.
Som regel var det også ei skyssvogn og ein skyss-slede eller langslede på kvar gard eller rettare bruk. Desse sledane var skodde med jarn og hadde skvettbrett framme. Med til ein stasslede høyrde sjølvsagt dombjølla. Bestefar og bestemor si skysskjerre hadde ikkje stålfjører. Der låg to seige og sterke reimer av tre langs sidene og oppå disse låg setet. Det var mest utruleg kor godt det fjøra.

Arbeidet på garden

Vårarbeidet tok som regel til i siste halvdel av april, i tidlege vårar noko før. Fyrste arbeidet var utkjøring av markata. Ofte var denne gjødsla utkøyrd på vinterføre og lagd i store dungar. eit anna arbeid som tok til tidleg var å ry bøen. All slåttemark rydda for kvister og anna rusk. Dette arbeidet vart rekna å vere kvinnfolkarbeid.

Ein av dei fyrste dagane i mai tok så arbeidet med åkrane til. Dette var den verkelege våronna også kalla plogen, dei sa før og etter plogen som ei tidfesting. før plogen vart sett i åkeren måtte det køyrast reine eller åkerreine. Særleg der det var brattlendt fylgde det mold både med plog, horv og grev. Av denne molda laga det seg reine i nedre kanten av åkeren. Då plogane som regel var høgrehandsplogar, d.v.s. dei velte molda til høgre kvart år, måtte dette rettast oppatt med reinekøyring. Plogane var samansett av desse delene: Haråsen som enda i plogfestet, veltefjøla, skjeret, plogkjølen og styrehandtak som kunne vere eit eller to. Some pløgde gjødsla ned i åkeren,men som regel vart gjødsla spreidd etter at åkeren var pløgd og horva ned. Å gjødsla rett var eit viktig arbeid og kunne vere avgjerande både for avlingsmengde og for kvaliteten av grøden. Der hest- og kugjødsel gjekk i same gjødselkjellar vart denne gjødsla brukt til haver og bygg. Sauegjødsla skulle brukast til potetgjødsel. Det var vi ungane som måtte stå i sauefjøset og hakka saumelen og den skulle finhakkast, det var eit hardt arbeid og lite ettertrakta.

Når åkeren var pløgd, gjødsla og horva, skulle kornet såast og potetene setjast i jorda. Alt skulle helst vere kome i jorda før 17. mai. Dei vanlege kornslaga var havre og bygg. Under siste verdskrigen vart det med godt hell dyrka ikkje så lite kveite. Havrn var det viktigaste kornslaget. Det var den som vart til havremjøl og flatbrød. Bygget eller byggmjølet vart brukt til graut, og kveita til brødbaking eller kakemjøl. Det var "gamlehavren" som rådde grunnen heilt fram til 1920-åra. Då kom det nye kornsortar som Gullhavre, Perlehavre og Torshavre. desse sortane hadde stuttare halm og større fold enn gamlehavra.Kveite og havre vart sådd tidlegast av di dei hadde den lengste vokstertida. bygget som var meir snarvokst vart sådd sist av kornslaga. det var som regel kona på garden som sådde kornet. Ho gjekk bakover når ho sådde. såinga var eit ansvarsfult arbeid. Det gjaldt å så høveleg mengd, tre korn skulle dekke ein hestehov. Dei dreiv hardt på for å få alt i jorda til rett tid. Dei sa at ein helgamon om våren gjorde ein vekemon om hausten.

Poteten var mindre akta enn kornet. Ho vart i mi fyrste ungdomstid for ein sto del sett i "sengjer" med to-tre fører i kvar seng. store mengder kunne sjølvsagt ikkje dyrkast med ein så lite rasjonell dyrkingsmåte.Under første vedskrigen vart bøndene pålagt tvangsdyrking. Åkerviddene vart då munaleg større. Gamle bruksmåtar vart meir avlegs. Det vart innkjøpt moderne maskiner som radsåmaskiner, slik at konene då slapp både arbeidet og ansvaret med kornsåinga. Det vart også kjøpt betre plogar og det vart kjøpt hestehakker eller redreinskarar til erstatning for dei gamle hyppeplogane slik at potetdyrkinga kunne rasjonaliserast. Kona på garden slapp då å vere hest og dra hyppeplogen.

Etter våronna var det også mykje å gjere. Hus skulle vølast, gjerder og vegar - også kommunevegar -skulle istandsetjast. Husdyra skulle på beite, føst på heimebøen og seinare ovanfor bøgarden der dei gjekk nokre veker før dei flytte på sætra. Mange hadde sumarfjøsa ovanfor utmarksgarden eller på legene som desse sumarfjøsstadene vart kalla. Ikkje alle hadde sæterhus. For dei som ikkje hadde, vart sumarfjøset brukt heile sommaren.

Alle som hadde matrikulert jord som eige eller tilleige hadde vedlikehaldsplikt på dei offentelge vegane. Dette vedlikehaldet måtte gjerast kvar vår. Lensmannen hadde plikt på seg til å kontrollere at dette vart gjord på ein tilfredstillande måte.
På forsommaren var det også rette tida til å taka bjørkenever og bork. Nevera vart brukt til føling av torvtak som det var mange av i tidlegare dagar, og borken vart brukt til barking av fiskevegn.

Kring jonsok var det torvspaing. Torva ar ein viktig del av brenselet. Eit torvtak vart rekna for å vere eit verfullt lunnende på ein gard. Ved jordskifte vart det alltid passa på at bruka etter jorddelinga hadde nok mold og brensel, torv og ved til gardsbruket sitt. Emblem og Røssevollen hadde mold- og torvtak i Flisnesutmarka. Røssevollen hadde også torvtak oppe på Årenakken (Røssevollnakken) Dit opp hadde dei løypestrenger som dei frakta ned torva på. Oppe på Austremsbruna var det torvtak for Austremsreiten og Nedregotten. på Emblem var alle i torvmyra på same tid. vi ungane måtte trilla og leggja utover til turking. Det var tungt arbeid, men så hadde vi herlege stunder når sjølve folket kvilde middag. Berre det å få ete middag ut i det fri og saman med dei andre gardsungane var ein fest. Det tok som regel fleire dagar før bellane vart fulle. så snart torva hadde turka så mykje at ho tolde det, vart ho "husa" eller reist i små hus. ut på ettersommaren var ho som oftast turr nok til å køyrast heim.

eit anna arbeid som var årevisst for mange var fisketurkinga. dette arbeidet tok til tidleg om våren med ilandføring og vasking. Den vaska fisken vart lagt i la oppe på berga der han skulle turkast. Det var omlag 1000 fisk i ladet. så vart han lagt utover berga til turking på godversdagar. Det kunne gå langt utover sommaren før han var turr. det kom så mykje an på veret. Fisketørkinga gav ei god og sikker attåtinntekt. Betalinga for å vaske og turke eit tusen torsk skulle vere omlag det som ein kveitemjølsekk kosta.

elles var det mangt å ta seg til ellom våronna og slåtten. Bestefar fortalde at då han var gardbrukar, frå 1863 til 1898, var det vanleg at dei tok seg det dei kalla ein utror mellom onnene og sommaren.
dei rusta ut otringane med mannskap, vegn og mat og rodde og sigla langt ut på storhavet og fiska lange, brosme og kveite.

Slåttonna:
Slåttonna tok som regel til i fyrstinga av juli månad. I år med dårleg ver var noko seinare. Føre hundredårskiftet vart alt graset slege med ljå, langhorv og stutthorv eller småljå. I byrjinga av dette hundreåret vart det fleire og fleire som kjøpte seg slåmaskin, då var det hesten som måte taka tungetaket med slåtten. dei som ikkje hadde hest måtte bruka ljåen som før, elleer dei lånte eller leigde seg hest og maskin. I mi fyrste ungdomstid var det vanleg å turke høyet på marka, vollturking. Det måtte nokre våtår (våtsomrar) til før gardbrukarane her i bygda måtte lære seg til å turke høyet i hesjar. Dette var ein mykje sikrare bergingsmåte. Nå er det forhaustaren som gjer mesteparten av forberginga. Men attende til vollturkinga: Dei breidde råhøyet med handrive. Var det mykje gras var det vanleg å køyre noko av rågraset til ein annan turkeplass, slik at graset låg tunnare og turka fortare. Kring middagsleite vart høyet snudd. før høyvendarene kom i bruk, måtte dette arbeide gjerast med handrive. Ungane var ikkje gamle før dei måtte lære seg kunsten å snu høy. Om kvelden måte høyet rakast saman i skårar. før hesterivene kom i bruk under og etter fyrste verdskrigen, måtte også dette arbeidet gjerast med handrive. Av skårene vart det laga såter. Dersom det var høyterre dagen etter, vart desse kasta og breidde utover marka på nytt, men då hadde dei fått seg ein ny råhøyflekk å arbeide med, så dei hadde båte råhøy og turrhøy å arbeide med kvar dag så lenge det varde. elles var det høytrakking og høykøyring kvar godversdag. Slåtten varde som regel 4 - 5 veker etter som veret var. for dei som hadde mykje småhøyslått kunne slåtten vare både 7 og 8 veker.

Om Forfattaren

Karl O Emblem var fødd i 1907 bruksnr. 6, Steffågarden på Emblem. Han overtok garden i 1942, Både Karl O og kona Sanna Kvassnes (1905) var særs intresserte i bokleg lærdom og nytta det meste av fritida til nettopp lesing. Karl skreiv også ein heil del og var særlig interessert i historie. Han har skrive ein rekkje av tekstane som du finn på denne websida. Desse bidraga er ei uvurderleg kilde til kunnskap for dei av oss som kjem etter.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

R Emblem | Svar 21.07.2014 22.43

jeg liker denne siden

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE