Steinsgarden

Østremstuna med Steinsgarden nærmast Foto: Ragnar Øverlid i 1961 for Borgund og Giske Bygdeboknemnd. Biletet er publisert i lavoppløst kopi med tillatelse frå bileteigaren Stiftinga Sunnmøre Museum. Biletreferanse frå DigitaltMuseum.no er: SM.F.001788

Steinsgarden er lengst til høgre på dette gamle flyfotoet frå omlag 1950. Biletet tilhøyrer Svein Ove Østrem

I øverste høgre hjørne kan du sjå delar av tunet i Steinsgarden, med sandtak og veg rett nedanfor hovudhuset. Det er ikkje mogeleg å sjå heile tunet på dette biletet, mn eg håpar å fp tak i betre bileter etter kvart

Inga Knutsdotter Østrem. Mor til Konrad Østrem.

Eg vil tru at dette er Elias Rolf Østrem (1884-1972). Han var både kontorist og etterkvart salgsrepresetant i Bergen. Elias er då son av Rasmus Martinusson Østrem, som vaks opp i Steinsgarden. Han miste far sin i ei drukningsulukke eitt år gamal i 1843. Det gjekk likevel bra med Rasmus, som vart handelsborgar i Ålesund og fekk mange born. Elias her er truleg ein av dei. Kjelde til dette biletet er: Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal FAKf-100530.247731

bryllaupsbilete av Kåre Østrem og Marit.

Steinsgarden er den yngste av dei 4 hovudgardane på Østrem og kan hende så ligg det også skjult ein skatt under hovudhusa. Sagnet fortel at då Olav den Heilage gjekk i land på Emblem så hadde han med seg ein gullstav som var så verdifull at den kunne tjene som skatt for heile riket i 7 år. Staven vart liggjande attende på Østrems østre reine då han måtte flykta vidare innover Storfjorden mot Sylte i Valldalen. Store delar av markene på Østrem har vorte vendt om opp gjennom åra og det har vore sandtak på fleire av dei mest trulege stadane, har sagnet har nokon truverde, så er den siste plassen ein kan leite under husa i Steinsgarden. Desse tomtene har vore urørte det meste av tida sidan garden vart utskild frå Abrahamsgarden i 1712. No er eg ikkje den som set særleg lit til nok eit Olavsegn, men det er no ein gong faktum at hovudgarden på Østrem låg der på den tida Olav rømde inn fjorden og den er truleg enda eldre også, for Østremsnamnet kjem av det enno eldre namnet Austrheimr, og slike heim-namn er av dei eldste ein kjenner til i Norge. Ein har funne fleire arkeologiske spor og gravrøyser frå tida kring vikingtida på garden som vitnar om at det har vore folk på garden temmeleg lenge.

Ole Andersen (ca 1665-1733) var den første brukaren og opphaveleg brukar i Abrahamsgarden også. I 1712 fekk nevøen hans, Anders Hansen (ca 1675-1749) og truleg son av ein Hans Andersen, bygsla Abrahamsgard-delen. Anders var ikkje oppvaksen på Østrem, men det var faren og onkelen Ole, som altså sat att med Steinsgarden. Tidlegare hadde desse gardane vore ein del av Larsgarden og Østrem hadde då vore delt i kun to delar. Men etter 1712 var det altså 4 gardar på staden. Ole dreiv Steinsgarden heile si levetid, og det er mogeleg at denne delinga kan ha vore ei hjelpande hand til Anders. I skiftet etter Ole Andersen finn ein mellom anna ein hest, 2 kyr, 1 kalv, 3 geiter, 2 sauer, naust, sel og eldhus. Dei tre bygga er då truleg sett opp av Ole sjølv, og difor i hans eige. Det som er merkeleg er at det ikkje er nemnd stove eller andre driftsbyggningar på garden. Truleg beheldt han dermed gardshusa han hadde hatt tidlegare, medan Anders måtte skaffe seg hus sjølv.

Kanskje kan staden der Steinsgarden har tuna sine i dag vera den opphavelege plassen for det samla tunet Steinsgarden/Abrahamsgarden frå kring 1606 til 1712. Kanskje vart tunet i Abrahamsgarden flytt dit dei i dag star allereie på den tida.

Den neste bygselsmannen i Steinsgarden var Steinar Olsen Straume (1700-49), som kom til bygda frå Sykkylven. Steinar var brukar i berre 16 år til han døydde 49 år gamal. Han var gift med Brite Akselsdotter Nedregota (1705-67). Skiftet etter Steinar synte at han hadde klart å skaffe seg eit overskudd på den vesle garden. Han hadde 62 rdl. i verdiar og 30 rdl. i gjeld. Eit anna symbol på at han hadde gjort det bra, var at han hadde eigen hest, ved sidan av 5 kyr, ei kvige, 4 geiter og 4 sauer.

Sonen Ole Steinarsen (1730-98) tok over som brukar 2 år etter at faren var død, og han var då 21 år gamal. Ole gifte seg med Kari Eriksdotter Hesseberg (1725-1806) Dei fekk kår på garden mot 3 vekers arbeidsplikt hos svigersonen Abraham.

Abraham Nilsen Holstad (1740-96) frå Hareid var brukar frå 1773 til han døydde. Han hadde gifta seg med jordajenta Ingeborg Olsdotter (1751-1822). Abraham hadde ikkje makta å gjere det like godt som svigerfaren sin. Han hadde riktig nok ein hest, han óg, men elles hadde han berre eit par kyr, og husa hadde ha ikkje halde i stand. På den andre sidan kan ein merka seg at det var mest fiskereiskap i boet og Abraham var truleg også mest interessert i fiske. Derfor er truleg kårkrava såpass omfattande, reint tidsmessig, slik at han kunne drive fiske også i dei travlegaste onnene på garden. Abraham kom frå kysten, så det er ikkje så rart at han valde sjøen framfor garden, men problemet var at det ikkje gav noko økonomisk gevinst. Gjelda tok heile buet og etterlet Ingeborg på bar bakke.

Ingeborg gifta seg oppatt med Lars Nielsen Røyset (1770-1822) som var brukar frå 1798-1818. Ingeborg hadde med andre ord klart seg på eiga hand i to år og det var truleg ikkje så lett å gifte seg om att når ein var meir eller mindre fallitt. Lars var 21 år yngre enn Ingeborg om ein nyttar 1801-tellinga som kjelde. Lars fekk nok av gardsfolk å ta seg av. Svigermora Kari var blind på dette tidspunktet og svigerinna Margrethe Olesdotter på 35 år var framleis gift og heimebuande. I tillegg budde niesa Petrine Olesdatter på 14 der og var tjenar på garden. Stemmer opplysningane så hadde Ingeborg minst ein bror som heitte Ole Oleson. Han tok ikkje over garden etter faren sin.

Ingeborg og Lars fekk kår hos Rasmus Pedersen Spjelkavikgjerde (1792- ca. 1845). Han var brukar frå 1818-1845, men eg er usikker på om han hadde nokon slektsforbindelse med Ingeborg eller ei. Borgundboka er den einaste kjelda her, og den fortel at han vart gift i 1817 med Olave Olsdotter (f. Ca 1773) Det står skrive at ho var enka til Salomond Knutsen Austrem, men eg finn han ikkje i 1801-tellinga eller i Borgundboka, som brukar på nokon av gardane. Kyrkjebøkene er heller ikkje til nokon hjelp for ei oversikt over gifte i 1817 og døydde i 1815-17 manglar i digitalarkivet og fødselsåret til Olave er heller ikkje stadfesta nokon stad. I 1835 vart det halde takstforretning i Steinsgarden. Rasmus hadde drive garden godt. Der var ei røykstove med innreidd kammers og på sørsida stod det nok eit stovehus som var nytt og ikkje ferdig innreidd enno. Garden hadde kombinert tømmerfjøs for både kyr og småfe, i motsetning til to skilte fjøsar, som var vanleg på den tida. Løa inneheldt også stall, elles var det stabbur og naust. Alle byggningane tilhøyrde truleg Rasmus sidan dei vart nemnd i taksten. Garden, husa og buskapen vart taksert til ein samla sum på 180 spd. Rasmus dyrka potet, men nesten like mykje på havre, bygg og blandkorn. Det var registrert hest, 6-7 kyr og 13-14 sauer på garden.

Frå 1839-1845 var det av ein eller annan grunn to bygselsmenn i Steinsgarden. Martinus Nilsen Flydal (f. 1810) var «medbygslar» desse åra. Kona til Martinus var Petrine Halsteinsdotter Hauge (f. 1813) frå Sunnylven, og det verkar ikkje som om dei var i slekt. Petrine gifta seg opp att med Rasmus Larsen Frøysa (1812-1885) som var den einaste brukaren frå 1845. Rasmus dreiv garden til 1883 og han finn ein att i 1865-tellinga. Om tala i folketellinga stemmer så var han 54 år i 1865 og då stemmer ikkje fødselstalet 1810. Samstundes skal ein merka seg at folk ikkje var like opptatt av årstal og fødselstal den gong som det er no, så eit år eller to i avvik er ikkje unormalt. Petrine er registrert som 53 år i tellinga og i såfall født i 1812, og ikkje i 1813, men her er det ingen 100 prosent sikre kilder i hverken folketelling eller bygdebok. Det er i 1865 3 born på garden. Kornelius G. Rasmussøn er 16 år, Hans Petter er 12, medan Berte er yngst, på 8 år. Det er mogeleg at Petrine også hadde eldre born som hadde flytta heimefrå på dette tidspunktet. Buskapen var litt mindre enn i 1835, med 6 stort kveg, 8 får, 1 svin og hest. Korndyrkinga heldt seg meir jamn med over 3 1/2 tønne såkorn av ulikt slag og 2 tønner såpotet. Kornelius rapporterte seinare inn gravfunn oppe i røysane til museet og er nemnd i den arkeologiske skriftserien til Per Fett frå universitetet i Bergen.

Rasmus hadde bygsel hos Kristian Sorte og skulle skulle betale årleg leige med to vågar bygg, 3 vågar havre og 6 døgns arbeidsplikt hjå eigaren.Rasmus skulle i tillegg finne beite til 2 hestar utenom sin eigen. Det gjekk ikkje så bra med Rasmus til slutt. Han døde som spedalsk.

Det vart ingen born av Rasmus overtok garden. Det var Martinus dotter, Ingeborg (1840-93) som fekk ta over, saman med ektemannen Knut Larsen Østrem (1856-1947). Knut var frå nabogarden Larsgarden, som hadde vorte kjøpt opp av Ole i Sjursgarden og gjeve i gåve til sonen hans, Lars Olsen Emblem. Lar flytte til Larsgarden etter kvart og endra etternamnet sitt til Austrem. Det var då ingen moglegheit for Knut å få bygsle eller kjøpa garden som han hadde vokse opp på. Ingeborg Martinusdotter var 16 år eldre enn Knut og døydde 53 år gamal, medan Knut var berre 37 år.

Han gifta seg difor eit år etter, i 1894, med Berte Knutsdotter Standal (1855-1934). Knut vart første sjølveigar på garden i 1884, for 1560,-.

Knut fekk derimot ikkje kjøpe heile Steinsgarden. Det var opphaveleg Peder Rasmussen og broren Ragnvald frå Abrahamsgarden som hadde kjøpt Steinsgarden to år tidlegare frå Kristian Sorte. I 1883 selde dei så garden vidare til Iver Karlson Furseth. Iver delte frå ein gardpart som fekk namnet Ytrebø, bruksnummer 5, og i 1892 vart denne delen skyldsatt til 0,77 skyldmark. Ytrebø vart seld vidare i 1909 til svigersonen, lærar Lars Petersen Flydal (1883-1938). Dette er garden som Asgeir Flydal eig og driv i dag. Resten av Steinsgarden selde han som kjent til Knut. Eg er ikkje sikker på kor mange born Knut og Ingeborg fekk, men i 1900-tellinga er det i alle fall registrert ei dotter som heitte Inga knudsdotter på 5 år. Eit søk i fødselsregistera gjev ingen resultat mellom 1900-1920 og dødsregistera i samme periode er like blanke. Truleg var Inga den einaste dottera til Knut.

I 1918 vart sonen til Inga født i Steinsgarden. Han heitte Konrad Ingvald og var son av fiskar Karl Thomassen Stave (f. 1890) frå Sykkylven. Inga og Karl tok ikkje over garden, men det gjorde derimot Konrad i 1934, når morfaren Knut gav seg. Konrad (1918-1979) gifta seg med Petra Aam (1911-1990) frå Ørsta. Sonen Kåre Østrem tok over garden, men busette seg ikkje der. Han leigde ut

bruket ei tid til Kåre Moen, før Oddmund Akslen tok over som drivar av garden og driv den fortsatt.


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Kåre Helge Østrem Østrem | Svar 02.04.2017 14.25

Hei! Har lest slektshist.om Steinsgarden.Har funnet at Knut og Ingeborg hadde en datter Kornelia .Ho var 9 år da mora døde.
K og Berte en dat. Inga 1895-1935

Svein Ove 02.04.2017 15.45

Tusen takk for respons. Har sendt deg eit oppdatert bygdebokutkast for bnr. 1 til 4 på Østrem på e-post (online-adressa di) Sei frå dersom den ikkje kommer fram

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.12 | 22:33

Veldig trivelig lesing, takk! Knut Salvesen Tjugen var onkel til min tipoldefar.

...
17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE