SEGNER OG LIVSMINNE

Troll og likkister

Sagn og forteljingar nedteikna av Karl O. Emblem frå Steffågarden på Emblem

Bestemor var flink til å fortelje. Ho var fødd her på garden i 1840. Ho fortalde om bjørnen, vargen (ulven) og huldre. Det er ikkje so mykje som sit att av det ho fortalde, men litt er det. At her var bjørn i gamle dagar, treng ein ikkje tvile på, det fortel namn som Bjønnanakken, Bjønnaloga og Bjønnahiet eller Hiet.

Bjørnen på Timbregøten

Bestemor fortalde ein gong:  Ho Ryssevold-Hjartrud kom ein dag frå Røssevollen og skulle ned til Emblem. då ho var koma ned på Timbregøtene (ei legd ovafor Aurehusa) møtte ho bjørnen. Ho var med barn og no var gode råd dyre. Ho hadde høyrd at det skulle vere å ta av seg kleda. Ho so gjorde. då vart bjørnen fynten og luska vekk. Hjartrud var fødd i 1819 og budde i Pe-garden. då ho møtte bjørnen kunde ho vere i 20 - 30-åra alderen. Dersom soga er sann, og det trur eg ho er, så var her bjørn i bygda så seint som i 1840 - 1850-åra-

Huldreflokken

Bestemor trudde på huldre. Ho fortalde at ein gong ho satt på kvile, ein kvileplass i Breiskaret, og såg nedover Emblemsdalen og bort i Nonshaugen, såg ho ein flokk kyr fare inn over ræsene mot den dengong nye Emblemsætra. då alle kyr var nedtekne frå fjellet, trudde ho fullt og fast at dei dyra ho såg, var huldrekyr. Eg kan godt tenkje meg at det ho såg var ein hjorteflokk, endå dette visstnok var sjeldne dyr på våre kantar den tida.

Når det gjaldt skrymt så var det mange fårlege stadar der folk likte så måteleg å gå etter at det vart mørkt. Eg kan nemne Nergotsjøen, Storebrua, Leite og Langhaugen eller Langhaugdalen. den siste staden vart av oss borna rekna for den fårlegaste for der budde Langhaugtrollet. 

Langhaugtrollet

Den vesle soga eg her skal fortelje er frå 1915/20-åra: Emblemskarane hadde torv og moldmyr på både sider av Langhaugen. Ein haustdag skulle to emblemsgutar hente torv eller mold i Langhaugdalen. Det var tidleg om morgonen og dei var modige karer. Dei skråla og ropte at nå kunne Langhaugtrollet berre kome for dei var ikkje redde. Då dei skulle køyre av vegen og burt på torvmyra vart dei vár to skapningar utan hovud og armar kome ned vestre Langhaugbakken. Det gjekk i ei viss fart å få snudd hesten andre vegen og det bar på heimveg det fortaste hesten kunne springe. Kome heim på tunet hivde dei frå seg taumane, storma inn i huset og for inn under bordet og gøymde seg. Dei to skapningane dei hadde sett, var han Myre-Ole og han Myre-Johan som hadde vore ute i Vågane for å få seg agnsild. Men vågekarane skulle ikkje take opp sild den dagen, dei måtte difor fare heim med tomme kaser. då dei såg og høyrde dei to modige gutane, kolvde dei kasene ned over hovudet og vart då utan både hovud og armar å sjå til. 

Likista

Vi ungane var heller ikkje så høge i hatten når vi skulle på kaia og hente dei tomme mjølkespanna om haustkveldane. Vi måtte då passere Leite og det var ikkje hyggeleg. Men endå verre var det å kome ned til sjøen for vi visste at på betane i eit av nausta sto det ei likkiste. Det var ein gamal mann - ikkje langt derifrå - som eigde ho. Ein dag eigaren av naustet heldt på å reparere taket, vart det eit fælt rabalder nede på naustbetane. Han kom seg ned av taket i ein fart og skulle sjå kva det var som bråka, men såg ingenting. Komen opp att på taket, tok levenet til att, men då samla han saman reiskapen, låste dørene og gjekk heim. På vegen heim fekk han vite at han som åtte kista akkurat då var død.

Det var ikje uvanleg at gamle folk rådde seg til kiste medan dei levde. Han gamle Brendhaug-Pål hadde kista si oppe på loftet. Han brukte kista til å sove middag i. Når han hadde skuta seg godt til rette i kista, sa han: "Her skal Pållinj søve gøtt".

Det gjekk elles mange jysjer om føringar og nåljos m.m. som vi borna høyrde på og som gav kalde ilingar ned etter ryggen.

Soga om Trollkjerring-Alet

Alle ungane på Emblem vart ofte skremde med ho Trollkjerring- Alet. Dei sa ho budde i ei djup berghole nokre meter frå Steffastova. Ho som vi kalla Trollkjerring-Alet levde verkeleg og levde på Emblem i første halvdel av det syttande hundradåret.

Sogegranskaren Peder Fylling fortel i si bok: "Folkesagn og historiske optegnelser om Alet Emblem: Alet Emblem bodde på garden Emblem i første halvdel av forrige århundrede. Hun var bekjent for å være den værste troldkone og hun gjorde reiser til Heklefjeld hver jule- og St. Hansnatt, i forening med andre troldfolk. En julenatt havde Alet redet til Heklefjeld på en av naboens kyr, hvilket man havde de tydeligste beviser for, da naboen kom ned i fjøset om morgenen var koen skumsvett av rittet om natten. Manden tillagde Alet sagen, men hun tilstod intet, og så henvendte han seg til stedets præst, Hr. Peder Strøm, og fortalte denne hele sagen. For at overbevise seg om dette, bød han manden tage den klave som koen stod bundet med hin julenatt, og lægge denne under en Dørhelle som han visste at Alet gikk ind og ud av, når hun var i Borgund Kirke, og bød han manden tillige, at stille sig i nærheden deraf for at iakttage sagens udfald. Da Alet næste søndag skulde gå ind i kirken, blev hun stående ligsom fastnaglet på Dørhellen hvorunder klaven lå gjemt, uden at hverken fik gå frem eller tilbake. Tilsidst udstødte hun et forferdelig Brøl som en ko, og nu var man sikker på at Alet virkelig var Troldkvinde. Hun slap dog for videre straf end at Præsten i hele Almuens Nærværelse gav både Alet og manden en god irettesættelse for Deres tåbelige Tro på Troldom."

Denne Hr. Peder Strøm var ingen hvem som helst. Han var prest i Borgund i tida 1721 til 1742. Han var far til den vidgjetne Hans Strøm som skrev "Søndmørs Beskrivelse". Peder Strøm hadde ord på seg for å kunne svarteboka. Etter at han hadde studert i Wittenberg, studerte han i 5 år for å lære seg "de sorte kunster", eller som det også kaldtes, "at gjennomgåe svarteskulen".

Borneskrik, skrømtet og den svevande dama

Eg skal ikkje påstå at eg er like flink til å fortelle som farmora mi, ho Aslaug Petrine Østrem, fødd Magerholm (1920-2002). Det var ikkje så reint få kveldar eg sat i gamlestova i Larsgarden medan ho Besta fortalde om stort og smått frå gamle dagar.

Det har gått ein del år no, så det er desverre mykje som er heilt eller delvis gått i gløymeboka. Likevel skal eg forsøke å fortelle nokre av desse historiene slik som eg hugsar dei.

Bornegråten

Karl O. Emblem har tidlegare nemnd at sambygdingane ikkje var like glad i å gå ned til Nergotsjøen når det var mørkt. I denne historia gjorde dei det, men det var på den lysaste sommarstida, så då vaks truleg motet nokre hakk attåt. Ein gjeng med ungdomar hadde vore ute på sjøen ein laurdagskveld. Dei hadde vore i triveleg lag og nokre var nyforelska så då gjekk timane fort. Vel inne i støa i Østremsvika vart robåten lagt vel tilrette før dei la på veg oppatt i bygda medan det tok til å lysne av dag. Det var heilt stillt i bygda og fuglane hadde ikkje byrja på morgonsongen enno. Følgjet la vegen på skrå opp bakken ovanfor staden der Bjørn Larsen har sitt særmerkte naust med plen i våre dagar. Oppe på toppen av denne skråninga skulle der seinare verte reist ei raud hytte omlag der plenen til Kopperstad ligg i dag. På denne tida var der korkje plen eller hytte, men derimot berggrunn. 

På veg opp denne skråninga vart dei med eitt vár ein sår bornegråt o det verka som om den kom ut or berget. Gjekk dei litt fram eller attende, så vart lyden vekke. Ingen var å sjå, og elles var det pikkande stillt i heile bygda. Ungdomane var ikkje særleg høge i hatte, og då ei kvinnestemme byrja å bysse, så fekk dei nok og la på sprang det dei greidde.

Så skummelt som det enn måtte opplevast, så fanst det ei slags forklaring på det heile. På skaret skulle det vera små born på denne tida, og det er ikkje eit heilt ukjend fenomen at lydar kan bere langt gjennom fjellgrunn når forholda ligg til rette for det. Eg har sjølv opplevd å stå ved Resebakken og høyre stemma til folk som eg veit var i selskap på Ystebøen, medan dei snakka roleg, men berre på særskilde stader. Likeleis kan lyd frå Emblemsanden høyrast betre nokon stader enn andre, sjølv om dei ligg lenger ifrå.

Spøkelset ved Storelva

Hans Austrem var ikkje ein som trudde på skrømt eller det overnaturlege, med sjølv han vart i  tvil nokre gongar. Den eine gongen var han på veg "Ut i marka"

til innmarkstykka vestanfor Storelva. Det var i skumringa han gjekk der i sine eigne tankar med småøksa i den eine handa. Då han nærma seg kvelvingsbrua over elva vart han med eitt forferda. Inn på vegen kom det eit mest kvitt og nestan lysande vesen. Det gjekk på to bein som eitt menneske, men han vart raskt overbevist om at dette kunne vere noke overnaturleg. Redd som han vart gøymde han seg i eit kratt ved vegen, med øksa heva og klar til å forsvare seg.

Han høyrde skritta av nok som kom nærmare og han torde knapt sjå. kanskje tenkte han at angrep var det beste forsvar, men det vart det ikkje noko av, for idét han skulle til å hoppe fram med øksa, så såg han med eitt kven det lysande vesenet var. Det var Fredrik Østrem frå Mattisgarden som hadde vore opp i kvenna si og mole korn. Kombinasjonen av svette frå arbeidet og mjølet som kvervla ikring hadde resultert i det som på avstand kunne sjå ut som eit drivkvitt skrømt.

Den svevande dama

Ein kveld i skumringa skulle Hans Austrem frå Larsgarden på sjukebesøk på Øvste-Aksla. Han la i veg den gamle postvegen gjønå reitetunet, over reitebøen mot utmarksgrinda til Akslabruka. Før han kom fram måtte han gå over ei slåttemark som gjekk frå steingjerdet mellom Aksla og Reiten og vidare mot løa på Øvste-Aksla. Graset stod enno halvhøgt og venta på på slåttekarane og rakstedeiene. Postvegen skar gjennom slåttemarka og grastustane midt på den smale vegen var trakka ned. Idét han hadde passert grinda mot Reiten vart han med eitt oppmerksam på eit menneskje som kom svevande bort etter vegen mot han. Hans kolva seg ut for vegen og gøymde seg i graset. Kan hende hadde dette overnaturlege ikkje oppdaga han? Men rett som han låg der mellom grastustane, så såg han kva det var. Dette var ikkje noko skrømt, men derimot sjukesøstra på Aksla, som var på veg i retning Reiten i eit eller anna ærend. Det kvite forkléet utanpå skjørtet og dei svarte knehøge strømpene hadde fått det til å verke som om ho flaug av garde, eit retteleg synsbedrag.

Olav-segnet

"Efter at kong Olaf hadde gjennemseilet Vegsund og var kommen med sine Skibe ind paa Flisnæsfjorden, holdt Kongeskibet sig nærmere det nordre Land Øxenølandet, og da Veiret fremdeles var varmt og Solen skinede, kjedede Kongen sig betydeligt, hvorfor han befalede at man skulde rede ud deres Fiskeline, for om mulig at faa fersk Fisk til Middag. Som sagt saa gjordt. Men da man skulde gjentage Linen befandtes den at være saa sammenviklet, at da Kongen syntest at det tog formegen Tid med Greidingen, end den Tid og Leilighed han kunde afse, befalede han at opphøre med Arbeidet og lade Linen gjenligge der paa Svadberget, og bad han da en af sine Mænd at sende ham Madbommen hans, da han var sulten og saa sig nødt til at spise uden noget Tilskudd af Fisk. Den Mand som skulde lange frem Madbommen til Kongen, tog Bommen, kastede den uforsigtigt til Kongen, hvor han sad i Løftingen, hvor den traf Skibsrellingen med en saadan Fart, at ei allene Laaget gik af den, men baade dette og Bommen med innhold faldt i Søen, og de drev iland paa Øxenøen; Bommen paa et sted, og laaget paa et andet, og ingen turde røre ved nogen af Delene. Udpaa Høsten, det næste Aar, da man sandspurgte, at Kong Olaf var falden paa Stiklestad, skulde man efterse og tage i Forvaring de nevnte Kongens gjenliggende Sager; men hvilket Syn. Baade Fiskelinen, Madbommen og Laaget af denne, var blevet forvandlet til Sten, saaledes som de endnu er at se her ude ved Stranden udenfor Gaarden Hesseberg i Skoue Sogn, og kaldes de endnu af Almuen for sager, der har tilhørt St. Olaf, men som bleve gjenjagte her, ved den nævnte anledning

Velkommen til hjemmesiden vår

Faster og håret hennar

ein sommar var syster hans far i Emblemsbygda og gjætte. Ein dag ho var i marka, sat ho og sydde. Då kom eit underjordisk kvinnfolk bort til henne og sa: "Å for alt det fine hår du hev! Sel håret ditt du, til syster mi som skal stå brur!"

Men faster ville ikkje selje håret sitt, og då kom kvinnfolket vekk.  (Truleg fortalt av Petter Johan Rødal)

Sagnet er henta frå Grunn og Gror Norddal Bygdebøker  band IV  Kultursoge  av Ivar Kleiva 1976 (s315)

(Red. anm.) Ein kan undre seg over kvar faster til Petter kom frå, og kvar ho tente på Emblem. I Nedste Rødalen finn ein Petter Johan Olson Rødal (1831-1924) som var bonde der, og gift med Kristiane Fredrikke Sylfestdotter Tafjord (1833-1924). Far til denne Petter var Ole Paulson Dale (1787-1878) Han kom frå Torebruket i Dalsbygda i Norddal. Han hadde fleire søstre. Den eldste var Synnøve (f.1777) ho var i 1801 tenestejente på Møll i Geiranger, og gifta seg der. Den andre søstera var Anne Marthe Dale (1785-1832) ho gifta seg i samme bygda, og er registrert på Paktargarden på Engeset. Yngste søstera er Synneve (1792-1876). Ho var plassemannskone under garden Dale i heimbygda. 

Sagnet kan soleis stamme frå slutten av 1700-talet eller tidleg 1800-tal. Ingen av dei omtala har kjente slektsband til Emblem, men det kan vere verdt å merke seg at brukara frå både Knutgarden i Emblemsvågen, på Flisholmen, og i Negarden kan vere aktuelle. På dei to førstnemnde bruka er der mest tilknyttning til Valldalen, men jamnaldringar, oppvaksen i Negarden, gifta seg både til Valldalen og Tafjorden. Ei gifta seg til Kaldhusdalen, og ei til Tafjorden. Begge gardane er nær Rødalen, dit far til Petter altså flytta.

Har du fleire historier?

Eg vil gjerne høyre frå den som har ei og anna gamal historie frå bygda om segn, hulder eller anna. Ta gjerne kontakt med meg på følgande e-post: sveostrem@hotmail.com

ann-mari 23.09.2013 19:42

Morsomt å lese om hvor overtroen levde i bygda. Husker forresten din kjære farmor veldig godt, veldig hyggelig dame som det bestandig var hyggelig og treffe .