Digitaliserte småtekstar om Emblem Indremisjon

Emblem Musikklag. Biletet er frå eit misjonstemne, truleg i Spjelkavika etter like krigen. Bakerst f.v.: Martin Emblem, Harry Akslen, Karsten Emblem, Karsten Nedregotten og Jon Nedregotten med fele. Andre rekke f.v.: Gudrun Flydal, Marie Emblemsvåg, Randi Olsen, Ruth Emblem, Emma Larsen. Framste rekke f.v.: Inga Flydal, Laura Akslen, Jofrid Akslen og Margit Flydal. Biletet tilhøyrer Judith Kvangarsnes

Misjonskvinneforeininga 1958. Frame frå venstre: Lovise Hesseberg, Herborg Akslen, Jofrid Emblem og Anna Emblem. 2. rad frå venstre: Berta Rønning, Lisa J. Emblemsvåg, Laura Magerholm, Laura Akslen, Lisa Nedregotten og Emma Nedregotten. 3. rad frå venstre: Signe Flydal, Anna Røssevoll, Johanne Akslen, Anna Akslen, Kristine Emblem, Klara s. Nedregotten og Emma Larsen. 4. rad frå venstre: Magnhild Flydal, Anna Østrem, Lisa Akslen, Klara Nedregotten, Thea Emblem og Lisa Emblemsvåg.

Bibelkurset i Ørsta 1932. Lars Olsen Austrem var ein av deltakarane. Foto: Ukjend

Frå søndagskuletur til Langvassteigen ein gong tidleg på 1970-talet. Karl Flydal sit bak borna i bakken medan Leon Emblem og Jorun Akslen omkransar flanellografen. Den leiaren som står med ryggen til veit eg ikkje namnet på enno. Foto: Lidvar A. Emblem

Søndagskuleborn på tur til Langvassteigen tidleg på 1970-talet. Biletet er utlånt av Lidvar A. Emblem

Bilen til Hoel transport som tok seg en tur på eiga hand.Truleg var dette i 1983. Forsikringssummen på 30 000,- var med å sette fart på planane om eit nytt bedehus. Foto: Arne Nowak.

Det var det året dei bygde om Resebakken Arne Nowak meina at det var i 1983. Forsikringssummen etter ulukka sette fart på planane om eit nytt bedehus. I tillegg vann forsamlinga ei rettsak mot vegvesenet og fekk 75000 kroner attpå. Foto: Arne Nowak

Frå venstre: Arne Nowak , Jarle Målø som er søskenbornet og Svein Nowak. Det gamle bedehuset i bakgrunnen. Foto: Arne Nowak

Oppstarten av ei eiga mediegruppe på In*Puls 1989 eller 1990. Deltakarane vart avbilda i ein pause i filminspellinga. Avisutklippet er utlånt av Arild Nedregotten

Biletet er frå gamlebedehuset på emblem og eg trur at det var i 1990. Biletet er saksa frå Menighetsbladet.

Mannskoret unnderheld hausten 1998. Foto: Svein Ove Østrem

Ragna Teigen er ansvarleg for grautgryta på Haustaksjon på Emblem bedehus 1998. Biletet er henta frå eit TV-opptak. Foto: Svein Ove Østrem

Emblem Bedehus med Stornakken i bakgrunnen. Foto: Svein Ove Østrem

Teksten er Bruddstykke av historiesnuttar av Maurits Akslen og Ivar Flydal kring 1984 og jubileumsboka om søndagskulens 100 års jubileum frå 1997 og spennande informasjon om kristenlivet i bygda frå Jak ob Straume si festskrift om Kristenliv på Sunnmøre, utgjeve av Sunnmøre og Romsdal krins av Norsk Luthersk Misjonssamband frå 1950

1) Jakob Straume fortel:
Det har vore fleire vekkelsesbølgjer i bygda vår. Lenger nede kan du lese litt om "Sandstormen" på slutten av 1800-talet. Straume fortel om ein vekkelse som kom over hundre år tidlegare. I 1730-40 fortel biskop Bang at det gjekk ei vekkelsesbølge mest over heile landet. Truleg vart det vekkelse i Emblemsbygda også for det vart lagt merke til at ein kjøpte svært mange nytestamente og biblar i bygda vår på denne tida. Danskekongen og kyrkja såg ikkje med glede på denne nye lekmannsrørsla. Allereie i 1706 hadde det kome forbod for privatpersonar mot å halde religiøse møter. Brot på lova gav både tiltale og straff. Den 9. april 1737 skreiv kongen: At fruentimmer og mandfolk kommer sammen for at bede er uordentlig, og kan ikke tåles. Dermed var det forbod mot bønemøte. I 1781 vart det halde rekneskap over kor mange religiøse bøker som fanst i heimane i Borgund. Då stod Emblemsbygda i ei særstilling for der hadde mest kvar einaste gard i bygda vår sin eigen bibel eller nytestamente. I fleire heimar hadde dei jamvel begge.

I Straume si bok er det stort sett Kinamisjonen som vert omtala. I 1948 var Ludvig Berntzen omtala som leiar for "Emlem Kinalag". Han bodde på Magerholm og du kan lesa litt meir om Ludvik på undersidene til Magerholm.
Kinalaget hadde også eige barnelag i 1948 som vart leia av lærarinne Signe Vigestad. Namnet var "Vårbude barnelag".

Jakob Straume fortel også litt om Ludvik på Hesseberg. Han var son av Lars og Anne Kjemphol frå Sykkylven. Foreldra var aktive i misjonssaka. Han fortel at "Lars døydde i førtiårsalderen, men kona, Anne, levde meir enn dobbelt så lenge, og var sers gudfryktig. Og dei seks borna deira gjekk i same spor, og bygde kristne heimar. Sonen Knut Kjempehol budde på Aure. Nils budde på garden, Ludvig budde på Hesseberg i Borgund. Han var ivrig etter å vitna om Gud på to manns hand. Det hende han leita opp folk ved kyrkja på Aure tok dei med bak ein vegg for å snakka med dei om Gud. Den same tru og iver gjekk over til dottera Olivia. Og begge døydde i førtiårsalderen."

Stemmer opplysningane i Borgundboka, så er det snakk om Ludvik Larsen Kjemphol (1850-1890) som overtok garden Bryggjå, bruksnummer 3 på Hesseberg i 1874. Det var i hans tid at garden vart eige matrikkelbruk. Kona var heller ikkje opphaveleg frå denne garden. Ho heitte Petrine Magnusdotter. Det var svigersonen deira som tok med seg Blindheim-namnet til Hesseberg. Det er med andre ord slektsband frå Ludvig heilt fram til dagens brukar.

1) Maurits skriv:
Frå gamalt av var det berre kyrkja og presten som sto for den kristne aktivitet. Men frå rundt hundreårskiftet vart dei første frie misjonsorganisasjonar skipa i bygda. Det var då ikkje bedehus, så møta vart haldne i heimane eller kanskje i ei løe. Ei av misjonsforeiningane var soleis skipa i Mattisløa på Austrem. Den første ute var Det norske Misjonsselskap som seinare vart kalla gamlemisjonen då Kinamisjonen og Indremisjonen og Santalmisjonen vart skipa. Det var pålag same tid det vart bygd bedehus og mitt minne gjeng ikkje lenger attende enn til bedehuset.

Tida før det blei høve til fri nattverd var det vanleg at presten kom inn 2 ganger om året og heldt gudstjeneste med altergang for dei gamle og sjuke som ikkje kunne kome seg til kyrkje, då det var ei tung reise dit den tida. Desse samlingane var på ein kvardag klokka 11 og då var det vanleg at heile grenda tok fri. Der var ikkje orgel på huset den gongen, men eg hugsar godt den kraftige allsongen frå den tid.

Bedehusbasarane
Basarane som dei ymse foreningane skipa årleg var også i den første tid eg hugsar haldne kl. 11 på kvardag. Det var mest som ein festdag. Folk møtte jamt opp. Utanom det vanlege møtet var der då auksjon over innleverte varer. Eg hugsar godt den haugen som låg rundt på plattforma. Det var for det meste gardsprodukt og heimelaga ting: Mange posar med ull - 1 mark eller 2 mark- ( 1/4 kilo eller 1/2 kilo) trådhesper, vottar, strømper, ullbuler, grevskaft, river, balletrau, kaser og meir slikt.
Det var då vanleg at ein fekk den mest humoristiske til auksjons-mann og forsamlnga ga bud. To anstendige menn skreiv ned kjøpar og sum, det vart seinare samla inn ved eit bud som gjekk rundt på bygda. Seinare kom bruken av utloddning til og det første som vart lodda ut var eit vaskevannstell med mugge, fat og såpefat!


2) Ivar Flydal skriv:
Når det no er samla trekk av bygdesamfunnet her på Emblem så er det meste kome med. Likevel vantar den åndelege og abstrakte sida ved bygdelivet.

Sand-stormen

Først det kristne arbeidet. Fram mot 1900-talet var her lite misjonsarbeid eller møteverksemd. Folk reiste av og til til kyrkje, men det var langt og tungvindt, så det var ikkje kvardagskost. Vi høyrde aldri ei kyrkjeklokke her i bygda. dei som budde inst i bygda reiste stundom til Sykkylven kyrkje. Åndeleg verksemd i fri legmandsånd var lite nytta før hundreårskiftet. Det hende her kom reisande folk som hadde husmøter. sist i nittiåra tok dei store vekkjingane til utover Sunnmøre, med noko av "Sand-stormen" som breidde seg utover bygdene og også her inne. Lars Austrem var ein av dei som var mest påverka av denne forkynninga. Eitt og anna møte vart halde i bygda, helst som husmøter, men også i løer. Blant anna vart der skipa eit misjonslag i Mattisløa på Austrem, visstnok "Kinamisjonen" som det heitte då.

Det første bedehuset i bygda
Straks etter hundreårskiftet tok dette fastare former og Indremisjonen vart skipa og i 1902 vart bedehuset oppsett. Dette var ikkje utan motstand av some. Soknepresten i Borgund mislikte det sterkt og nokre av bygdefolket nekta å gå inn der. Bedehuset vart bygd ganske fort etter forholda, og modellen var den vanlege typen som vart brukt rundt byen. Plassen det sto på vart Hjellheim-reset og tomta var ei lita snippe av to småbruk, akkurat husstørrelsen og heilt inn til bygdevegen. Byggemåten var enkel og billeg, men eg trur nok at møtelyden brukte meir klær den tida, for det var smått med varme ofte, endå den runde omnen nedmed døra gjorde sitt beste. Og så måtte det fyrast minst ein time før møtet. Vika-Petter (Magerholm) var nokså trufast å fyre opp. Han kom med ei kase ved på ryggen, gjerne med litt kveikje også. Elektrisk lys vart ikkje innlagt før i 1927. ein privatmann kjøpte eit lite orgel til bedehuset før 20-årene og ei ung jente frå Eikenosa spela. Ho døydde tidleg og då var der ingen musikk nokre år. Frå ca 1922/23 var det to smågutar som skifta om jobben i fleire år.

Bedehuset vart flittig rukt i vinterhalvåret. Serleg hausten var folk mykje heime og dreiv litt med jordbryting og heimefiske. Om kveldane var det mange som tok turen på bedehuset, både unge og eldre, ja born og. Der var tilreisande talarar frå ymse samskipnader med mange gode møter. Av og til var der vekkjande ånd over samværa, som i 1938 og 1943. særleg omfattande var den i 1943, mange av dei som kom med då har stått i leiinga til denne dag. Ole K. Emblem heldt sundagskule mest alle sine dagar, etter 30-åra fekk han hjelp av ymse folk. Nå er sundagskulen godt utbygd med fleire leiarar og god søknad, særleg av små.

Basarane

Fire misjonsgreiner har hatt kvinneforeiningar, truleg sidan huset vart bygd. Stundom heldt dei til i heimane. Desse foreiningane brukte vanleg å halde ein basar kvar sin gong i året. Det var som høtidsdagar å rekne. Alltid var det yrkedagar som vart brukt. i den første tida begynde dei kl. 11, seinare vart mest kl. 2 brukt. Tenarane fekk fri og skulen heldt opp og det var alltid stort frammøte, og tilreisande talar var med, han heldt lange talar både først og sist. Innimellom var det lang matykt. Sjølve innsamlinga var alltid auksjon av gåver og gjenstandar som folk tok med seg. Det kunde vere frå levande lamb, ullaposar og strikka bruksgjenstandar. Alt vart auksjonert bort, utlodning vart lite brukt. Denne innsamlingsformen vart mest brukt til fram mot krigstida. Seinare gjekk dei over til vanlege kollektar. Ut i femtiåra vart basarar oppatteke, serleg når bedehuset skulle ombyggast.

Flytting og utviding av bedehuset
I femtiåra vart det snakka litt om huset, opp-pussing eller ombyggast - noko måtte gjerast. Lite kunne gjerast der det stod for vegmyndigheitene nekta alt. Så fekk vi ei ny tomt av Jon Nedregotten omlag hundrede meter lenger mot vest, og fekk då trekke huset bort frå riksvegen, slik at vi unne bygge på.Der vart utgravd tomt og sett opp murar så høge at det vart brukande kjellaretasje. Vegkontoret var så raus at dei betalte nokre få tusen kroner, nok til å flytte huset. Det var eit arbeidslag frå Stordalen som tok seg av flyttinga, det vart rulla nedover bakken og fram på murane i heil tilstand. Samstundes vart vestveggen laussaga og flytta 4-5 meter ut så huset vart større.kjellarroma med sal, kjøken og klosett vart sett i stand straks og vart brukt i to år. Då vart andre etasje ferdig innreidd. Det vart då eit ganske pent hus, serleg inne. Benkane vart sett ut og stolar anskaffa, orgel og piano kom på plass og vi trivdes bra. Det var visstnok fullt ferdig og innvia i 1963 på forsommaren.

Litt om arbeidet
Soleis var det då høve til regelmessig arbeid, både religiøst og kulturelt. Mange varmhjerta medarbeidarar har lagt ned eit stort arbeid i bygda. Sjølvsagt alt utan løn eller godtgjerdsle av noko art. Den åndelege verdien kan ikkje målast men den er stor I åra 1905-1930 var der også drive losjearbeid i I.O.G.T. - Av og til var der blandakor i gang, soleis i frå 1912 til 1915 og litt i 1924/25, og noke i 40-åra. Dette var heller vanskeleg for ungdomen måtte reise bort ifrå bygda etter levemåten. Seinare når rutebiltransporten vart meir vanleg fekk både arbeidsfolk og skuleungdom bo heime, og det hadde stor verd for lagsliv og fritidsaktivitet. På bedehuset har der mest alltid vore "musikklag" i seinare tid er det mest heilt unge som er med, og dei brukar mange moderne instrument til. Siste 4-5 åra har vi også hatt eit mannskor på 12-14 medlemmer. Elles kan nemnast dei mange jentelag og gutelag som har teke seg v barn og ungdom under skiftande kår.

Litt om søndagskulen dels basert på boka "Søndagskuleliv på Sunnmøre" (red. Karin Holt) som har Marita Flydal som kjelde

I 1901 starta søndagskulen på Emblem. Jeg er ikke sikker på hvor de holdt til de første åra, for hverken skule eller bedehus var bygd enno. Lars Magerholm vart den første leiaren og det heile starta etter sekretær Krogsvik hadde vitja bygda. Kanskje er det nettopp husproblematikken som påverka det videre arbeidet, for det vart lagd ned etter ei stund.

I 1904 tok dei fatt igjen og i møteboka for Emblem Indremisjon kan ein finne at følgande meldte seg frivilleg til å vere med på dette arbeidet:  Lars Austrem, Ole K. Emblem, Peter K. Emblem, Lars Magerholm, Sevrin Emblemsvåg, Peter Røssevold, Pernille Østrem og lærer K. Furset. No gjekk det betre. I 1906 var Furset leiar og dei var 5 vaksne med ansvar for ein ungeflokk på 50. I 1943 vart det leirabytte mellom to av dei mest markante leiarane i søndagskulehistoria i Emblemsbygda. Ole K. Emblem overlet leiar-vervet til Karl Flydal som heldt fram heilt til 1980. Han fekk óg
kongens Fortenestemedalje i 1987 for utrulege 44 år med kontinuerleg innsats.Fleire av søndagskulelærerane heldt også på i mange år. Leon Emblem var med i 18 år frå 1950-talet, medan Jorun Akslen, Liv Karin Bjørdal og Marie Bjørkavåg har vore med mellom 12 og 20 år dei óg. Slik eg sjølv hugsar søndagskulen, kring 1980, var det samling i storsalen for dei minste med Magne Emblem ved pianoet og under kyndig leiing av Asbjørg Gjertsen, anny Hesseberg, Marie Bjørkavåg og Liv Karin Bjørdal. så vidt eg hugsar så var det enten Karl eller Gjert Gjertsen som leia søndagskulen for dei eldste i kjellaren, medan Anny og Asbjørg dirigerte Søndagskulekoret ved større anleiingar. Sølvfisk-klistremerke for god oppførsel og oppmøte var ein av dei store hendingane for oss minste, ilag med fortellingane ved flanellografen. Det var nok ikkje like lett å sitte stille på sundagsmorgonen, så dei vaksne måtte ha ein god porsjon tolmod vil eg tru. i 1989 vart det nye bedehuset innvia. Dette gav meir rom for søndagskuleaktivitetane og etterkvart tok nye leiarar over arbeidet.  Karin Aspehaug Bjerkan har minst 9 års erfaring og andre som bør nemnast er Marita L. FLydal, Svanhild Farstad og Bjørg Clausen Flydal.  Liv Karin Bjørdal var leiar frå 1980-1986, medan Marita var leiar frå 1986 og var samtidig leiar i 1997. Søndagskulen held framleis fram med arbeidet i eit nytt hundreår.



Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Marie Nedregotten Sørbø | Svar 19.05.2014 21.37

Om flytting av bedehuset: den nye tomta var frå min heimegard, Elvemyr 8, gitt av far min John Louis Nedregotten.

Marie Nedregotten Sørbø | Svar 19.05.2014 21.27

Eg saknar eit namn under søndagsskulen: Ivar Flydal. Han hadde søndagsskule saman med Karl Flydal i min barndom på sekstitalet.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE