Amerikafarande 1900-1930

Avisutklipp frå Sunnmørsposten 17.3.1995. Harriet Leithe fortel historia om Johan Emblemsvåg i Amerika

Hogst av Redwood-tre på den amerikanske vestkysten var populært attåtarbeid for ungdomane i emblemsbygda kring 1910. Foto: Anders Beer Wilse frå staten Washington i 1900

Daniel Magerholm kom frå hovudbruket på Magerholm. Han drog til Amerika ei tid for å jobbe som tømmerhoggar på vestkysten av USA. Ein finn han der borte i 1910

Andreas Sigurd Johan Knutsen Emblem frå Magerholmdalen. Han reiste til Amerika i 1907 og kom heim ein gong før januar 1917. På dette tidspunktet gifta han seg nemleg i Borgundkirka. Foto: Enok O. Simonnæs 1906 Orginalen tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal FAKf-100187.205897

Thomas Hilmar Akslen frå Øvste Aksla. Han drog på arbeidstur til Amerika i 1911. Seinare gifta han seg med dottera til lærar Knut Furset og tok over Fursetgarden på Emblem Foto: Johannes Sponland 1913. Orginalen tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal Arkiv/samling: AM-95003.020676

Fredrik Østrem frå Mattisgarden reiste truleg til Amerika kring 1909. Han var odelsgut, men vart likevel verande i Amerika. Han tok nokre turar til heimlandet for å halde drifta i gong, men det freista truleg ikkje å vende attende for godt. Foto: Enok O. Simmonæs 1909. Orginalen tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal Arkiv/samling: FAKf-100187.152839

Ludvik Akslen frå Høla reiste over dammen i 1911. Han slo seg ned i Seattle. Foto: Johannes Sponland. Orginalen tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal Arkiv/samling: AM-95003.013918a

Anton emblemsvåg hos fotograf Sponland i Ålesund 1909. Dette var to år før han emigrerte til Minnesota for å få seg arbeid som snekkar. BIletet er merka AM-95003.009790 og tilhøyrer Fylkesfotoarkivet. Du kan lesa meir om han om du går til Emblemsvågen i venstremenyen på denne sida. Der finst også litt om han under Antonesgarden der

Olaf Ragnvald Peder Emblem frå Sjursgarden emigrerte til California, sjølv om han hadde ein god farsgard å drive i heimbygda.Om han planla å bli verande er usikkert. Til søstrene lovte han å kome heim, men det gjekk ikkje så bra med han, som naboen Anton Emblemsvåg. Han vart gift og deretter skilt, men den følge at han miste formua og huset sitt i oppgjeret. Foto: Enok O. simonnæs 1917. Orginalbiletet tilhøyrer Fylkefotoarkivet i Møre og Romsdal. Arkiv/samling: FAKf-100187.146340

Dette er Ole Johanson Nedregotten frå Skaret bnr. 1 på Emblem. Han skulle eigentleg overta farsgarden og drog til Amerika for å tene opp pengar til overtakinga. Slik gjekk det ikkje. Han datt ned frå ei skipsmast og omkom på siste arbeidsturen sin. Pengane han hadde spart forsvann på mystisk vis. foto: Johannes Sponland 1911. Orginalbiletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal Arkiv/samling: AM-95003.013952


Eit postkort frå Marie Ellingsdotter Emblem til sin kjære ektemann, Ole E. Knutsen Emblem i California. Slik starta interessa mi for historia til dei som reiste til Amerika. Eg beundrar denne gardskona i Steffågarden, som sat att med 7 born, frå 1 til 15 år. Attåt ungeflokken hadde ho både gardsdrifta og kårfolket å ta seg av. Historia om amerikafarten handler med andre ord like mykje om dei som vart att heime. I 1910-tellinga fann eg at 7 av emblemsbygdarane arbeidde i trelastindustrien på vestkysten av USA. Det var også mogleg å finne litt informasjon om kvar dei arbeidde. Det synte seg etter kvart at det ikkje var så mange som flytte til Amerika for godt, til trass for at mange reiste over dammen i dette tidsrommet. Eg fekk lyst til å forsøke å samle litt meir kunnskap om kven det var som reiste, og kvar dei kom frå.

Eit nybrottsarbeid

Amerikareiser har det vore lite fokus på i både bygdebok og på www.emblemsbygda.com. Eg har skrive litt om temaet under Negarden og Steffågarden, men nokon samla oversikt har eg ikkje klart å finne. Difor er det på sin plass å ta tak i dette forsømte emnet, i den grad det er mogleg å finne sambygdingane våre att i dei gamle registera. Det er ikkje meininga å skrive ein utførleg tekst, for det vil kreve år med nøye gransking. Eg har i første omgang berre forsøkt å finne dei att blant eit uttal passasjerar som reiste til Amerika mellom 1900 og 1930. Tanken er likevel at det skal vere mogeleg for andre å fortsette arbeidet med vidare innsamling av historisk kunnskap om kvar einskild, og korleis livet deira vart i USA eller Canada. Eg held sjølv på med kjeldsøk på dei som reiste til Albion kring 1910. Det er altså først og fremst tidsaspektet som forhindrar meg i å ferdigstille ein så omfattande tekst om samtlege emigrantar frå Emblemsbygda. Etterkvart har eg likevel eit håp om å kunne samle nok materiale til å kunne fortelle enno meir om kva enkelt av dei som drog. Då vil eg også ha behov for meir hjelp og informasjon. Du kan gjerne kontakte meg via denne nettsida om du har noko å fortelle.

I tida frå 1901 til 1910 emigrerte sunnmøringar i eit langt større antal en nokon gong tidlegare.  Ser ein på utvandringstala for Møre og Romsdal frå 1866-1920, så finn ein to tidsperiodar med langt høgare utvandringstal. Desse periodane var 1881-1890 og 1901-1910. I den første perioden reiste over 8000 frå fylket vårt, medan tala frå 1901-1910 var på nærare 12000. Ser ein litt nærare på desse tala, så var det over dobbelt så mange sunnmøringar som utvandra i den siste perioden. Over 4000 sunnmøringar utvandra i 1901-1910. Dette er nesten like høgt som som det samla talet på utvandra sunnmøringar heilt frå 1866-1900, og då skal ein ikkje gløyme at mange reiste i perioden 1891-1900 også. (J. Tvinnereim 1992). det finst ingen samla talmateriale på utvandringar som gjeld kun vår eiga bygd, men eg har likevel forsøkt å få samle ei lita oversikt i denne teksten.

Utferdstrong og mogelegheit til arbeid

Per dags dato har eg funne 65 amerikareisende som anten er fødde, inngifte, eller har nær slekt i Emblemsbygda. Desse reiste over Atlanterhavet i perioden 1900-1930. Talet kan verke høgt, når ein tenkjer over kor få gardsbruk som fanst på denne tida. Nyttar ein 1910-tellinga som målestokk, så fanst det til saman 61 registrerte gardar og husmannsplassar. (Hesseberg var enno ikkje del av Borgund). I 1900 vart det registrerte 52 gardar og plassebruk, og då var det i alt 7 husmannsplassar berre på Magerholm. Det var flest som reiste frå garden Emblem (27 reiser), Akslen (15 reiser) Nedregotten (10 reiser) Her er det kun registert ei reise per person, men ein veit at nokon reiste fleire gongar.

Fredrik Østrem frå Mattisgarden var foreksempel registrert som heimeverande i 1900-tellinga, som sagbruksarbeidar i Amerika i 1910-tellinga, og som heime på besøk i 1920. Det tyder på at han har reist minst to gongar til Amerika. Problemet er likevel at eg ikkje kan finne når han drog første gongen, for dette er ikkje nemnd nokon stad. Det kan vere mogeleg at han var sjømann og at han valde å gå i land i ei amerikansk eller canadisk hamn den første gongen. Statistisk sentralbyrå har sett nærare på dei som stakk av frå norske skip når desse låg ved utanlandske hamner. I tidsrommet 1900-1906 låg talet på rømte sjøfolk som regel på 500-talet ein stad, med 560 som det høgste funnet på eit einskild år. I tillegg til desse har ein også dei som kan ha tatt seg hyre for kun ein veg og det er mogeleg at nokon kan ha vore registerte seinare i forbindelse med søknad om amerikansk statsborgerskap.Ein kan difor ikkje seie med sikkerheit kor mange som drog, og eksakt kor mange som faktisk emigrerte til USA frå 1900-1930. No trur eg ikkje at Fredrik stakk av frå nokon båt. Eg har funne andre som reiste på vanleg måte, men som ikkje kan finnast i digitale søkeregister. Men samstundes er det på sin plass å vise til kor mange som også steig i land utan å registrere seg på vanleg måte.Det vil derfor bety at det kan vere fleire som drog i denne perioden, men som ikkje er funne enno.

Det finst truleg ikkje noko einsarta svar på kvifor folk, reiste frå bygda, men ein skal ikkje gløyme at barneflokkane på fleire av gardane var høge på denne tida. Øvste Akslen, Larsgarden på Østrem og Negarden var tre av gardane der det vaks opp meir enn 6 born. Totalt sett var det fleire born på dei sølveigde gardsbruka, men eit og anna plassebruk kunne også ha 5 born, pleieborna medrekna. Magerholmdalen var eit av desse.

Dei som drog var ikkje berre emigrantar. I 1910 var dei reisande hovudsakleg på veg for å arbeide, besøke slektingar, eller som den 21 år gamle tjenestejenta Inga Karoline Emilie Emblem frå Negarden, som rett og slett berre hadde «reiselyst». Inga kom frå Negarden og var den eldste dottera til Fredrik Larsen Emblem i Negarden. I reisepapira kan eg ikkje sjå at ho hadde planar om å bli verande i USA, men i eit brev frå faren til broren Jørgen i Santa Fe i 1936, vert det skrive at Jørgen må gå bort til Inga med helsing. Truleg er det den samme Inga, og ho vart verande i Amerika.

Eg har ikkje funne reisande frå alle bruka i bygda. Frå nokre bruk reiste fleire. Dette var hovudbruket på Magerholm Øvste-Aksla, Høla, Sirigarden, Steffagarden på Nedregotten, Negarden, Steffågarden på Emblem og Hansgarden på Røssevollen. På fleire av desse gardane var det mange born og dei fleste av dei som reiste hadde ikkje nokon odel. Men det fanst også odelsgutar, som Knut på Øvste Aksla, Fredrik i Mattisgarden, Olaf i Sjursgarden, Oluf i Plassevågen og Anton i Antonesgarden i Emblemsvågen. Av desse var det berre Knut som kom attende. Både Sjursgarden og Plassevågen vart delt opp i mindre bitar etter ei tid med forpakting. Fleire av desse hadde truleg ressursar til å kjøpe billett til amerikabåten, men dei fleste av desse hadde truleg fått løfte om arbeid av sambygdingar og vener alt før dei drog. Den som arbeidde i trelastindustrien fekk ofte gratistur til heimlandet mot å verve fleire. Det er truleg det som førte til at så mange ungdomar og jamnaldringar drog til sagbruket ved munninga til Albion River på vestkysten mellom 1909 og 1911.

Det var ikkje først og fremst fattigfolket som drog

Av husmannsfolket var det også nokre av dei fattigste som drog til Amerika, av rein og skjer nødvendigheit, men dei fleste var betre stilt økonomisk og yngste først og fremst å oppleva noko nytt og samstundes få betre betalt arbeid enn i heimlandet. For Johanne på Magerholmneset og gutane i Sirigarden var det ført og fremst for å klare seg utan å ende under fattigvesenet. Far til Johanne hadde vorte spedalsk og døde tidleg. For Johanne, søskena og mora som vart att var det snakk om stor armod på den vesle husmannsplassen. Eg skal sjå litt nærare på historiene til dei som reiste litt seinare i teksten.

Jon Tvinnereim har skrive den del av fylkeshistoria som dekkjer tidsrommet frå emigrasjonen starta og heilt fram til 1920. Han peikar på at det ikkje finst nokon heilheitleg forklaring på kvifor så mange valde Amerika som anten arbeidsplass eller ny heimstad. Det var ikkje på grunn av naud, eller fordi dei var fattige. På den andre sida kan ein finna ein samanheng der dei i indre delar av fylket reiste oftare enn dei som budde nærare kysten. Tvinnereim hevdar at hovudårsaka var at det opna seg ei mogeligheit til å få enno betre levevilkår enn det som var vanleg i bygdene på den tida.

Samstundes kan folk også ha vorte påverka av dei som valde å reise. Når levekåra i heimlandet auka og krig eller vanskar med å få opphald auka, då stogga også utvandringa. Mange av desse påstandene kan stemme temmeleg godt i vår eiga bygd også. Det finst dei som rett og slett søkte eit betre utkomme og betre betalt, slik at dei kunne få råd til å ta over farsgarden og løyse ut søskena sine. Andre ynskte å tene nok til å kunne skaffe seg eit betre livsgrunnlag på kort tid, og då var mellom anna hogst av dei digre redwoodtrea ein betre betalt jobb enn fiske i våre eigne heimtrakter.

Mine eigne funn kan til ein viss grad støtte opp om fleire av samanhengane som Jon Tvinnereim har vist til i arbeidet med fylkeshistoria. Det er ikkje så mange amerikareisande som kjem frå særs fattige kår, og dei fleste er ungdommar i arbeidsdyktig alder. At det er ei overvekt på reisande i aldrsgruppa 15-29 år, er dermed ikkje så overraskande. Eg har ikkje skild emigrantane frå dei som reiste til amerika for å arbeide i tala mine, og difor finn ein at flesteparten reiste frå bygda for å få seg arbeid. Reisekostnadane kan ha hatt påverknad for kven som drog og ein kan kanskje anta at dei som ikkje hadde tilstrekkelege ressursar kan ha funne andre løysingar, som å ta hyre og deretter forlate båten når dei var framme. Eg har ikkje funn som kan støtte den siste påstanden, men det syner seg at fleire av dei som kom frå husmannsplassar i bygda hadde førehandsbetalte billettar, slik som Johanne S. Magerholm frå Magerholmdalen. Utvandringa frå Emblemsbygda skil seg soleis ikkje så mykje frå tala frå Møre og Romsdal Fylke som heilheit.

Kven var det som reiste og kvar kom dei frå

Dei som reiste frå bygda i 1901 hadde alle Nedregotten til etternamn. Førstemann ut var Lars Larsen Nedregotten frå Steffagarden. I 1900-tellinga er han tredjemann i syskenflokken og arbeidde som fiskar. Sidan storebroren Elias Larsen Nedregotten (1873-1956) var jordagut, og den som tok over fars-bruket, trong Lars å finne seg ei anna inntekt. Han registrerte seg som emigrant når han reiste med «White Star Line» frå Liverpool til New York. Rederiet samarbeidde med «Wilson-Line», som hadde avgongar frå Trondheim via Kristiansund, Ålesund og Bergen til Hull kvar veke på vårparten i 1901. Frå Hull gjekk det tog til Liverpool. Det var denne ruta dei fleste emigrantane nytta på denne tida og togreisa kunne inkluderast i båt-billetten. Det er såleis mogeleg at Lars gjekk ombord i Ålesund på enten «S/S Salmo» den 17. januar, eller «S/S Spero» den 24. januar, forutsatt at båten brukte eit døgn frå Trondheim. Det er sansynleg sidan dei i ruteheftet rekna 2 døgn før overfarten frå Bergen til Hull. Det som eg er meir sikker på, er at han forlot Liverpool 28. januar og hadde tenkt seg til Dakota. Det verka som om det gjekk bra med Lars i USA, for allereie 8. mai same året var lillesøstera, Anna Larsdotter Nedregotten, på veg til USA. Ho reiste med «Allan-Line», som hadde avgang frå både Trondheim og Ålesund allereie på 1860-talet. Eg har ikkje klart å finne båten ho reiste med, men det er meir interessant at ho, i motsetning til broren, reiste med førehandsbetalt billett til Minesota. Det kan vere grunn til å tru at det var broren Lars i Amerika som betalte, men eg kan ikkje med sikkerheit konkludere soleis. Det har vist seg å vere vanskeleg å finne  så mange treff på Nedregotten frå denne tida. Det er mogeleg at dei som vart verande der borte endra etternamn til noko som var lettare å uttale på engelsk.

At Sevrin Jørgensen Nedregotten frå nabobruket, Sirigarden reiste nettopp til Dakota dagen etter Anna, den 9.mai med «White Star Line» forsterkar trua mi på at dei har fått eit eller anna godt nytt frå Lars der borte i Amerika, og at dei fann ein grunn til å søke lykka der. Sevrin var i likheit med Lars og Anna ikke den eldste av syskena i Sirigarden. Faren hadde gått bort omlag tre år tidlegare, og soleis skulle enten søstera Birgitte, eller Anna Oline ha vore gardkjerring for lengst, men Gardsoga for Borgund gjev interessante opplysningar om dette. Faren hadde vore sjukeleg av seg, og familien satt trongt i det. Mora, Marie Berntsdotter Ramsvik, sat att med minst 6 born og hadde drive bruket i tre år, heilt til ho vart sett på kår i 1901. I 1900-tellinga kan ein sjå at Sevrin og Ole budde heime og var ungkarar framleis, men ingen av borna tok over. Marie vart faktisk den siste brukaren på garden. Sevrin hadde med andre ord ikkje noko å ta over heime i bygda, så det var ikkje rart at han valde å søke lykka i staden, men eg kan ikkje finne om han faktisk emigrerte.

I 1904 kom i alle fall broren Petter Jørgensen Nedregotten etter til Amerika. Han drog den 31.august med «White Star Line» og skulle til Mineapolis. Petter var registrert som skomakerlærling i Kippervikgata Ålesund i 1900-tellinga, og no var han ein fullt utlærd skomaker. Ifølge passasjerlista så hadde han også «rodeseddel». Det tyder at han var ferdig med millitærtjeneste og utskriven frå millitæret sine innrulleringslister. Det var også ein fjerde person med Nedregotten til etternamn, men ho var oppvaksen i Langevågen og difor ikkje frå bygda. Foreldra jobba på Devold-fabrikken.

1902 vart ikkje noko stort reiseår for emblemsbygdarane. Faktisk så var det berre ei, med namnet Johanne Sivertdotter Magerholmfrå den no nedlagde husmannsplassen Magerholmneset. Ho nytta ein førehandsbetalt billett med «Allan Line» til Canada den 16. april. Johanne var tenar, og dessutan niesa til Kristen Magerholm, og bornebornet til «Parat-Ole», som hadde drive hovudbruket Magerholm etter svigerfaren ei tid før han rydda Bøen, også kalla Paraten. Far til Johanne hadde døydd i 1876, berre 40 år gamal, medan mora hadde makta å drive plassen som best ho kunne til 1903. Då fekk ho flytte til den andre dotter si, Oline S. Magerholm på Ludviksplassen ute i Breivika. Johanne emigrerte ikkje, men kom attende til fedrelandet i 1907. Ho var då gift med Thomas Severinsen Honningdalsnes (1877-1932). I følge innflyttingsregisteret til Borgund Prestegjeld ved attkomsten, hadde dei gifta seg i Amerika allereie 19. juni 1902. Kanskje var dette grunnen til at dei drog? I 1904 hadde Johanna fått dåpssattest på dottera Anna Sophie frå «Sions Lutherske Menighed» i Winnipeg Manitoba. Det er mogeleg at dei budde der heilt til dei drog heim att. Thomas rydda naboplassen til Ludvikplassen, i Breivika, som fekk namnet «Bredeli» eller «Lia» i 1900.

Veslebroren til Sevrin Jørgensen Nedregotten frå Sirigarden heitte Ole Jørgensen Nedregotten , og følgde etter broren sin 9. mars i 1903. Han drog med Cunard Line til enten New York, eller Boston, og derifrå truleg med tog mot endestaden, Wisconsin. Han var allereie ved avreisa registrert som Emigrant. Kanskje var det nettopp i Wisconsin at storebroren hadde slått seg ned.? No var det snart ingen ting att av Sirigarden. Mora døydde i 1906 og etter kvart vart bruket delt opp og seld til nabobruka av eigarane som var Ole Larsen Nedregotten på Skaret og Lars Rassmussen Spjelkaviknes,(1822-1910). Lars var gift med Johanne Larsdotter Nedregotten ( 1828-1913). Ho var truleg dottera til Lars Petter Johannesen Nedregotten, som var ein tidlegare eigar på Skaret.

Den siste som reiste i 1903 var Lars Kornelius Hansson Røssevoldpå 23 år. Han vart fødd på Alnes på Godøya, der faren, Hans Larsen Alnes kom frå, men familien flytta til Hansgarden på Røssevolden kring 1883. Mor til Lars heitte Tidemine Andrea Karoline Hansdotter Røssevold, og kom derifrå, så Lars fekk det meste av oppveksten sin på Emblem. Faren var fiskar og eigde eigne båtar. Lars fekk truleg maskinistutdanninga si hjå faren. I 1900-tellinga var han registrert på Røssevolden, men bodde då i Ålesund og livnærte seg som fisker. Kona til Lars heitte Olivie Olsdotter og dreiv strikkeforretning i byen. Lars hadde fått ein førehandsbetalt billett, og kanskje det var Tideman Røssevold som hadde gifta seg der borte i 1880-åra som hadde betalt reisa? Han reiste i alle fall med White Star Line mot New York og hadde Dakota som endemål. I 1904 kom Olivia etter med eldstebornaHans og Ingeborg på 4 og 2 år. Dei hadde truleg fått førehandsbetalte billettar med Lars og no var reisemålet Mayville i Nord Dakota, Eg finn ingen klare bevis for at dei utvandra, men det er truleg at dei reiste med eit håp om å få betre livsvilkår der borte. Yngstedottera Lilly, på eitt år, vart att i Norge som pleiedotter hjå besteforeldra på Røssevolden. Av ein eller anna grunn så kom ho ikkje etter til Amerika før i 1925, når ho var 22 år gamal. Då fekk ho endeleg førehandsbetalt billett, slik at ho kunne få besøke foreldra sine. Det kan verke som om dette var første gongen også.

I utflytterregisteret til Borgund kirke for 1903 finn eg Berthe Johanne Rasmusdotter Østrem . Ho var fødd i 1870 og meldte utflytting til Amerika den 18. september dette året. Ho kom truleg frå Steinsgarden på Østrem. Foreldra var Rasmus Larsen Frøysa (1812-1885) og Petrine Halsteinsdotter Hauge (f. 1813) frå Sunnylven. Petrine var først gift med Martinus Nilsen Flydal og oppattgift med Rasmus. På denne tida hadde Kristian Sorte kjøpt bruket av postmester Tonning. I bygselskontrakta vart det stilt krav om ei årleg avgift på 2 vågar bygg, 3 vågar havre, 6 dagars arbeidsplikt og beite for to hestar. Rasmus døydde i 1885 som spedalsk, når Berthe var 15 år gamal.  Sidan mora var gift før, så var det ei 30 år eldre søster søster, Ingeborg Martinusdotter Østrem (1840-1893), som vart jordajente i Steinsgarden. Ho gifte seg med naboguten Knut Larsen Østrem frå Larsgarden (1856-1947). Utan gard å ta over, så måtte ho finne seg ei anna inntekt. 33 år gamal valde ho å reise til Amerika.

Den siste som reiste i 1904, har eg mindre informasjon om. Ho heitte Helene Johansdotter Emblem og hadde arbeid som meierske i heimlandet. Ho var 28 år når ho reiste med «White Star Line» til Clarefield i Minesota. Eg finn ho ikkje i 1900-tellinga på Emblem, i Borgund eller Ålesund. Eg finn ho heller ikkje i kirkebøkene. Eg har likevel funne eit temmeleg sikert spor. I Emigrantprotokollen er det ei med namnet Marie Emblem(1887-1983) på 17 år som tek den same båten frå Å lesund og skal nett den same vegen. Ho vart året etter gift med Hellick J. Glein. Dette er eit nyttig spor, for eg har fått tak i minneorda etter Marie i 1983. Ho var ifølge papira storesøstera til Anton Emblemsvåg (1890-1992) som skulle emigrere nokre år seinare i 1911. Det vert fortalt at Marie reiste til Clarkfield Minnesota saman med tanta si. Sidan faren til Marie ikkje var frå Emblemsbygda, så er det lite tvil om at Helene kom frå Ebbegarden og var søstera til Ebbe-Elias på Skillingen og Anne Eline (1866-1943) som gifte seg med enkemannen Sevrin Rasmusson Kvalen ( 1856-1952) og vart stemora til Marie. Dei to hadde også meir felles, for dei vart begge registrerte som meierske når dei drog. Kanskje hadde dei jobba på meieriet på Emblem også? Mykje tydar på det. Dei vart ikkje registrerte ved Ellis Island då dei kom, så det er litt vanskeleg å vite kvifor dei drog nettopp dit. Eg finn framleis Emblemsnamn der borte, så det er godt mogeleg at der kan ha vore fleire Emblemsbygdarar før 1904.

1905 var eit viktig år i norsk historie, men det stoppa ikkje reiselysta .Dette året var det fire nye som forlet Emblem og Hesseberg. Hesseberg høyrde då til Skodje kommune, men vart i 1916 i overført til Borgund. Albert Hesseberg f. 1886 kom frå Oppigard på Hesseberg. Han var eldste sonen til Peter og Tomasine Hesseberg. Han var berre 19 år når han steig i land på Ellis Island. Han vart registrert der den 11 mai. Albert fortalde at han skulle besøke tanta si, Agnete Olsdatter Hesseberg f. 1861 og mannen Lars Eidsvik frå Tennfjord. Agnete reiste til Amerika i 1886 saman med søstera Ingeborg f.1867. Albert reiste som ung mann, og kom aldri heim til gamlelandet Han var ansatt i Jernbanen det meste av tida.

Daniel Hesseberg kom frå Nerigard på Hesseberg og var son av Karl Larsen Hesseberg og Johanne Nilsdotter Hesseberg Då Daniel reiste frå Southampton med S/S Olympic i 1912, så fortalte han at han skulle til bror sin som heitte Andreas i Bottineau i Nord Dakota. Dette var storebroren Andreas Martinus Johan Hesseberg (1887-1967). Eg finn Andreas registrert i 1910-tellinga i USA. På dette tidspunktet har han allereie fått sin eigen heim i Eidsvold Township i Bottineau. Han livnærte seg som gardsarbeidar og er ikkje den einaste frå Norge i nærleiken. Enkemannen Lars Glomset på 46 år har vore i Amerika i minst 19 år, for alle dei 8 borna vart fødd der, i Nord Dakota. Han var ein av dei aller nærmaste naboane til Andreas. I følge denne tellinga så kom Andreas til Amerika i 1907. Han valde ein annan veg via Canada frå England. Andreas kom forresten heim att, kjøpte Brennhaugen og gifte seg i 1929 med Petra Anna Marta Nikoline Sivertsen Nilsen (1908-2000) frå Ålesund. Han hadde også tent såpass at han kunne hjelpe søstera si, Karen Hesseberg, med å kjøpe seg tomt og bygge eige hus i Nylandvegen 17 ved Lillevatnet i Spjelkavika i 1935. Ho arbeidde då mello anna som fabrikkarbeidar og var ugift heile livet. Broren Daniel har eg også funne i dei amerikanske folketellingane frå 1930 og 1940. Han busette seg ikkje i Eidsvold Township som broren. Eg finn han i Rolette Baxter og deretter i Rolette Township i Nord Dakota. Her livnærte han seg som bonde og korndyrkar. Det verkar som om han eig sin eigen gard i 1930, medan han i 1940 er «farm operator». Det kan vere ei etterverkning av dei harde 30-åra. Han vart gravlagd på Turtle Mountain Lutheran Cemetery den 21. januar 1971.

To månader etter Albert, la Karoline Østrem frå Steinsgarden i veg. Ho var dottera til Knud Larsen Østrem, som var fødd på nabobruket Larsgarden og var broren til Hans Larsen Østrem, eller «Marka-Hans» som han vart kalla på folkemunne. Hans hadde fått rydda seg ein husmansplass unders farsgarden, som fekk namnet Vestrem. Den nye eigaren av Largarden, «Sjurs-Ole», hadde nemleg vald å gje bruket i gåve til Lars Olsen Emblem. Det vart altså ikkje mogeleg for den gamle larsgardsætta å få fortsette å bygsle, men dei fleste fekk nye plassar å bu i nærleiken. Ein annan bror, Vedhaug-Kristian busette seg på Midthaug, eller Vedhaugen like sør for innmarka i Larsgarden. Kornelia hadde likevel ingen gard å ta over. Faren hadde rett nok fått mogelegheita til å kjøpe delar av Steinsgarden frå Iver Karlson Furset (Kjøt-Iver) etter at ein del av garden hadde vorte skil ut som nytt gardsbruk med namnet Ytrebø. I dag er dette brukt ofte kalla Flydalgarden, etter Lærar Lars Flydal, som gifta seg med dottera til Kjøt-Iver og kjøpte dette ny-bruket i 1909. I Steinsgarden var det broren til Kornelia som heitte Konrad Østrem og Petra Aam frå Ørsta som skulle ta over.Kornelia emigrerte til USA, med håp om å få meir betalt der borte. Ho kom minst ein gong attende på sine eldre dager.

Tjenestejenta Kristine Karoline Johansdotter Akslen (Høla?) vart fødd 1. februar 1880. Ho var truleg tanta til Mauritz Akslen og søstera til Johan og Ludvik som også forlot gamlelandet. Den 21. september vart presten orientert om at ho emigrerte til Amerika. Eg finn ho ikkje i passasjerlistene, men i kyrkjeprotokollen for utflytta innbyggarar i Borgund Herred.

Margrethe Kornelia Magerholm var den siste som reiste i 1905. Ho kom frå Magerholmvika og var dottera til Knut Andreas Olsen (1840-1887) og Thomasine Nilsdotter Rødsetreit (1839-1925). Knut Andreas drukna ved Tussvika då han var på veg til dampbåten D/S Robert den 8. august, saman med mellom anna gullsmed Stamnes og broren Kristen Magerholm. Tomasine vart sittande att med  6 born. Etter at Knut var død, måtte Tomasine ta kår hos Peter Petersen Apalset (1855-1941). Margrethe hadde arbeidd som trygerske og tiener før ho drog til USA. Ifølge reisepapira så var endestaden ubestemt ved avreise.

I 1906 finn eg Elias M. Larsson Østrem , som var stesonen til Marka-Hans på plassebruket Vestrem.  Elias var sonen til Marte Hansdotter Akslen frå Øvste-Aksla. Han var søskenbornet til Karoline som reiste året før, og storebroren til Hans L. Hans. Østrem (reiste 1909), Lars Karl Bernard Østrem (reiste 1912). Samtlege av brødrene var truleg berre på tidsavgrensa arbeidsreiser, men Lars registrerte for presten at han ville utvandre. Elias og Hans jobba på sagbruk i Albion nord for San Fransisco i 1910 og veslebroren Lars la også vegen om San Fransisco då han reiste i 1912. Det var truleg den gode løna i redwood-skogane kring Albion River som freista han også. På dette tidspunktet var det mange nordmenn i California, og det var enda til Sykkylvingar som hadde bygd opp eigne sagbruk i nærleiken av Albion. Kring 1910 var det særs mange frå bygda vår som fann seg arbeid nettopp der. Historia om sagbruksarbeidarane skal eg kome tilbakte til seinare i ein eigen tekst om sagbruket i Albion.

Arbeid i Amerika – ikkje berre for ungdomen

I likheit med 1905, så var talet på reisande frå bygda vår nok ein gong på tre stykker i 1906. Elias har eg allereie nemnd. 10 dagar seinare, den 29. mars drog Jakob Rasmusson Akslen (1876-1938) frå husmansplassen Stigen under Reiten. Han var i motsetning til dei fleste andre amerikareisande både gift og gardbrukar på det som inntil 1907 heitte Stigeplassen. I 1906 rakk altså Stigeplassen heilt frå Akslagjerdet og ned til sjøen. Rasmus hadde kjøpt plassebruket allereie i 1894, etter utskiftinga på Akslen og Reiten. I 1907 vart det halde skylddeling på garden. Jakob og faren delte bruket i dei to delane som i dag kallast «Stampen»/ Stigen og «Gjerdet». Jakob hadde før 1906 rydda Stampen nede ved sjøen, medan faren fekk behalde det gamle tunet på stigeplassen, som no heitte Gjerdet. Så vidt som eg kan sjå, så fortsette denne ordninga heilt til broren Edvard tok over farens del i 1915. Stemmer opplysningane i Borgundboka, så fortsette Jakob som brukar i Stampen heilt til 1935. Men ser ein på passasjerlista frå 1906 så er han registrert som utvandrar. Kan det vere at han hadde tenkt å utvandre? Eg fogså andre opplysningar som kan støtte denne påstanden. I Borgund Kirke sin protokoll over utflytta sokneborn har Jakob registrert seg som emigrant 25. mars 1906. Eg finn likevel ikkje bevis for at kona, Eline Knutsdotter Akslen (1880-1943) eller borna følgde etter Jakob til USA. Derimot så finn eg at han var registrert på Ellis Island 8. mars 1909 , og han er registrert som avdød i kyrkjeboka til Borgund Kyrkje i 1938. Han var med andre ord på minst to turar til Amerika og han var heimkomen før han døydde. Dottera Ragna Jakobsdotter Akslen (1904-) vart også verande i bygda. Ho gifta seg med Emil Karlsen Terøy (1895-) og dei busette seg i Stampen, eller Stigen, og tok over i 1935. Eg lurer litt på om Jakob ikkje hadde nokon tankar om å bli verande i USA. Han drog nemleg til Washington på ei tid når vinterfisket stort sett var over. Han hadde også vald endestad på førehand og det var ein plass med ein god del tømmerhogst også. Det har synt seg at dei som drog mot vestkysten valde noko kjend å arbeide med. Det var hardt arbeid med truleg betre betalt enn liknande arbeid i heimlandet.

Sistemann som reiste i 1906 var Hans Knutsen Akslen . Han oppga yrke som tømmermann og drog med Cunard Line 12 dagar etter Jakob. Hans valde derimot ikkje tømmerhogst på vestkysten. Han drog heller til Minesota og oppga at han var emigrant ved avreisetidspunktet. Han hadde også vore i Borgundkyrkja i same ærend, for eg finn ei tilsvarande registrering 6. april 1906 i kirkeboka. Hans kom frå Øvste Aksla og var ein av mange born. Berre i 1900-tellinga finn eg 8 born på garden. Det merkelege med opplysninga i reisedokumenta er at Hans (1881-1940) var eldst i flokken, og normalt odelsgut. Han kom også attende og tok over garden i 1927. Fire år tidlegare hadde han også gifta seg med Lisa Karoline Myklebust frå Stranda, så eg tvilar på at han kan ha vore der så veldig lenge. Det var mange i syskenflokken som reiste over Atlanterhavet på arbeidsturar på omlag eitt år av gongen, så det er ikkje heilt usannsynelg om Hans gjorde det samme. Tre år seinare drog brødrene Lars K. Akslen og Knut Akslen til San Fransisco i 1909 og av desse var også Lars registrert som utvandrar. Denne informasjonen verkar truverdig, for Las var vekk i fleire år, før også han kom attende og kjøpte handelslaget til Hans Ivarson Furset på Magnusbakken kring 1922. Den nye butikken fekk namnet L.K. Akslen, eller «Aksla-Buda». Då Lars kom heim så var han sjukeleg. Dette kan ha påverka valet, for han var ugift heile livet. Broren Knut hjalp til med drifta og tok etterkvart over verksemda når Lars døydde av tæring i 1927. Du vil finne meir informasjon om Aksla-Buda og tømmerhogst-turane til Albion i eigne tekstar på www.emblemsbygda.com etter kvart.

Thomas Hilmar Akslen kom også frå Øvste-Aksla og hadde lagt turen til California i 1911. Eg veit ikkje om han også fekk arbeid på sagbruket i Albion, som brødrene, men det er i alle fall sansynleg.  Han vart heller ikkje verande så lenge der borte. I 1925 gifta han seg med Johanne Knutsdotter Furset frå Nybø (seinare kalla Fursetgarden på folkemunne). Ho var dottera til omgangskulelærar Knut Furset som var frå Stranda og broren til Kjøt-Iver på Eikenosa og Skørene. Dei tok over Fursetgarden i 1926.

I 1907 reiste Andreas Sigurd Johan Knutsen Magerholm frå Magerholmdalen. Han var den nest eldste i ungeflokken på fire. Storesøstra heitte Karoline og gifta seg med Ole Ødegård i Puskhola, som starta både snikkarverkstad og karrosserifabrikk. Det var med andre ord mogleg for Andreas å ta over drifta oppe i Magerholmdalen, men det er grunn til å tru at han ikkje ville det. Husmansplassen var liten og tungdreven. Faren dreiv den også heilt til 1927, men årsaka til det kan også ha vore at ingen av borna ville ta over. Broren Knut flytte foreksempel til Spjelkavika og fekk seg arbeid på fabrikk. Andreas oppgav at han reiste til slektingar i Amerika, ved avreisa. Eg har ikkje funne kven dette var, men han drog i alle fall til Nord Dakota og hadde rodeseddelen i orden. Han var med andre ord utskriven av dei millitære registera. Ein kan kanskje synest at det var litt i tidlegaste laget når han var berre 18 år, men det kan vere eit teikn på at han hadde eit ynske om å emigrere. Eg finn også hald for dette i Borgund kirke sitt register over dei som melde flytting/emigrering frå Borgund Kommune. Andreas registrerte seg for presten den 17. april 1907. Det er vanskeleg å seie med sikkerheit kor lenge Andreas var i Amerika. Nevøen Kåre Magerholm skreiv i si tid at han var der heilt til 1918, men det stemmer truleg ikkje. Han vart i alle fall gift med Mari Pauline Marta Kolbeinsdotter Rudi frå Rot i Vartdal den 18. januar 1917. I tillegg skulle bryllaupet forbereiast, og ein skal ikkje gløyme at dei også må ha vore forlova ei stund, eller i det minste vore kjærastar ei tid før giftermålet. Dei kan sjølvsagt ha møtt kvarandre i USA også, men eg finn ho ikkje i nokon passasjerliste, så det er nok meir mogeleg at Andreas kom heim før 1917 ein gong. Samstundes så veit eg at desse listene er mangelfulle og at mange emigrantar reiste frå England uten å registrere emigrasjon i Norge. Det finst også fleire eksemplar på at imigrantar gifte seg med nokon frå eige land. Andreas var ei tid i Nord Dakota, og der var det ein god del nordmenn og sunnmøringar også. Eg veit ikkje kva som fekk han til å skifte meining og flytte heim att, men kjærleiken kan sjølvsagt ha vore ei medverkande kraft. Andreas yngste truleg ikkje å ta over i Magerholmdalen no heller, til trass for at han truleg hadde pengar på bok. Han kjøpte i staden Hansgarden, som var bruk nummer 1 på Flisneset i 1918. Lykka vart desverre kortvarig for Mari og Andreas. Den 2. november 1918 døydde han av spanskesjuka. Den verdenomspennande sjukdomen hadde råka Borgund, og på nokre få dagar måtte 8 bøte med livet berre i Borgund. I tillegg ser eg at nesten alle andre dødsfall på den same sida i kyrkjeboka skuldast lungebettennelse. Av 33 dødsfall frå 12. oktober til 4. november, var det berre 4 dødsfall som hadde andre årsaker, medan resten skuldast lungebettennelse, spanskesjuke og bronkitt. Nær sagt alle var unge menneske eller born, og mange var enten fødd på 1900-talet eller like før århundreskiftet. Maria selde Hansgarden i 1919 og flytte til Barstadvika, der etterkommarane truleg bur enno.

Frå Hatlebakken reiste det to. Den første var Karoline Magnussen Emblem(f. 1869), som var dotter av Hans Magnus Iversen Nedregaard (18 -1912). Hans var den første brukaren på plassebruket, og den som rydda plassen for fyrste gong. Karoline reiste med «White Star Line» 21. mars 1907 og det er mogeleg at ho gjekk ombord i Ålesund På S/S Salmo, for den gjekk frå Trondheim dagen før. Båten tilhøyrde eigentleg Wilson Line, men dei samrbeidde tidvis om ruta frå Norge til Hull. Deretter gjekk det tog til Newcastle. Karoline fortalde at ho var ein reiselysten strikkerske ved avreisa. Målet var i første omgong San Fransisco. Storebroren, Johan Magnussen Emblem (f. 1858)  finn eg ikkje i tidsrommet 1900-1930. Det er grunn til å tru at han reiste tidlegare, eller at han nytta anna reisemåte enn amerikabåtane frå England. Dermed er han vansklegare å spore også.

Arbeid i trelastindustrien brer om seg

Frå 1907 til 1910 var det hovudsakleg Lars K. Knutsen Akslen, Knut Knutsen Akslen frå Øvste-Aksla og Hans L. Hansen Østrem frå Vestrem som reiste over for å arbeide. Desse har eg allereie fortalt litt om tidlegare i teksten, men det kan vera nyttig å minne deg på dei, for saman med gutane Daniel og Karl på hovudbruket på Magerholm, så vart truleg også Fredrik Østrem frå Mattisgarden på Østrem inspirert til å følge jamnaldringane over til Amerika. Det kan vere grunn til å tru at brev og fortellingar frå sambygdingane i California hadde gjeve inntrykk. Fredrik var odelsguten på eit av dei mest framsynte og veldrevne bruka i bygda. Nokre få år seinare bygde faren til og med sitt eige elektrisitetsverk med vasskraft på garden, og snart vart både komfyr og vaffeljern elektrisk.

Dei andre husmødrene i bygda var nok litt misunnelege på mor til Fredrik som ikkje behøvde å fyre opp ein gong for å lage seg kaffi om morgonen. Fredrik hadde truleg høyrt både Knut i Steinsgarden og Marka-Hans fortelle om korleis borna hadde opplevd å kome til Amerika. I motsetnad til mange andre så skulle ikkje Fredrik vere særleg engsteleg for hverken framtida, eller inntekt på gardsbruket som var nydyrka og klar for enkel innhausting med hesteslåmaskine lenge før dei andre i bygda. Det var nok først av alt eventyrlysta som lokka han av garde. Fredrik var i 1910 sagbruksarbeidar i Albion, saman med både Hans, Lars K. og Knut, men i motsetning til dei andre så valde Fredrik å bli verande i Amerika. Han var rett nok fleire gongar attende på besøk, men det vart Amerika og etterkvart både Vancouver og Seattle som heimstad I 1920 var han heime på besøk. Då tok han portrettbilete hos fotograf Sponland i Ålesund og oppga Vancouver som endestad på heimreisa. Faren Mathias (Mattis) Halvorsen Østrem (1852-1936) og mora Pernille Pedersdotter frå Viddal, fekk ettekvart mykje spanande å syne fram i gjestebod. Far min, Olav Østrem frå Larsgarden, hugsar som gutonge på 1940-talet at Det var både eit General Electric kjøleskap med avrunda hjørne, og ein stor indianarpryd med spyd attåt på veggen i stova. Dette var riktig nok etter Mattis si tid, men ein kan likevel tenkje seg kor framad og eksotisk desse tinga må ha verka på bygdefolket den gongen. Foreldra overlet bruket til Fredrik, men han flytte aldri heim att. Han hadde etterkvart gått gradene til kaptein og var delaktig i marinen under den 2. verdskrigen. Slektningen Ole Viddal dreiv bruket ei tid, men etter kvart så gav han seg han og´.

Unggutane frå bygda fekk også selskap av ein eldre kar på 43 år, på sagbruket i Albion. Dette var Ole Elias Knutsen Emblem , som dreiv Steffågarden på Emblem på denne tida. Ole reiste fleire gongar til Amerika for å jobbe. Frå postkorta som kona Marie Ellingsdotter Emblem sendte til han, så kan ein sjå at han var ved sagbruket i Albion både i 1910 og 1913. Sonen Karl O. Emblem fortel også at faren var i USA når han var kring 20 år. Det kan ha vore kring 1927. Det er godt mogeleg at han hadde vorte freista av dei same amerikabreva som Fredrik. Slike livsteikn vart gjerne gjenfortalt og sendt rundt bygda til slekt og vener. Dei vart ofte samtaleemne både på butikken og i festlege lag. I 1910 hadde Ole både kone, seks born, tjenestejente og kårfolk å forsørge. Det er ikkje utenkjeleg at han vart freista av å tjene meir pengar enn det som fisket ga. Samstundes skal ein ikkje gløyme Marie som vart verande attende med ansvaret for alt som var heime. No var ikkje det så uvanleg i fiskesessongane om vinteren, men det var langt tøffare når sommaren og onnene stod for døra. Eldsteonen Olaf var rett nok 15 år i 1910 og Klara 12, men yngstedottera, Margit var berre nokre månader gamal og Karl O. var berre 3 år, så det var nok å henge fingrane i. Ole var ikkje den einaste frå Steffågarden som tok seg arbeid ei tid i Amerika.

Året etter kom broren Martin, som tidlegare hadde vore sjømann ifølge 1910-tellinga. Martinus J. Knutsen Emblem var ugift, budde fortsatt i Steffågarden og hadde ingen forpliktelsar utanom å livberge seg sjølv. Han hadde nok høyrt broren fortelle, og fekk lyst til å kome etter. Arbeidet med hogst av Redwoodtrea vart hardt arbeid, men lønsamt for ein nordmann og dei trong alltid fleire folk. Det er godt mogeleg at Martinus såg for seg ei varig framtid i USA. Han registerte seg i alle fall som utvandrar då han reiste. Det er interessant å merke seg at han kom attende og gifte seg med Thea Emblem frå nabogarden i 1917. Dette var det samme året som Andreas Magerholm hadde gifta seg. Ein skal ikkje sjå bort frå at dei begge kom heim ved byrjinga av den første verdskrigen.

Med eitt var det ikkje så trygt å ferdast ute i verda lenger, men Norge var nøytralt og det vart nok å gjere her heime også som leverandør av varer og tjenester til stormaktene. Særleg var frakt av varer med den norske handelsflåten innbringande reint økonnomisk. Martinus og Thea budde ei tid i Auregarden etter giftermålet, men i 1936 kunne dei overta Negarden som hadde vorte seld. Svigerfar til Martinus hadde truleg vore med å kjøpt garden til dei.

Frå Oppigar drog også Ludvig Oluf Martinus Hesseberg (f.1891) mot Nord Dakota og onkelen Lars J. Eidsvig i Cathryn i Barnes County. Han drog i juni saman med søskenbornet Rasmus Rasmussen Hatlehol og svogeren Mathias Lillestøl. Rasmus skulle også arbeide hos Lars Eidsvig den sommaren. Eg veit ikkje kor lenge Ludvig vart i Amerika eller om han kom heim att.

I kirkeboka for Borgund finn eg ei som heitte Nikoline Martha Karoline Magerholm. Ho vart fødd den 26. oktober 1876, og døypt 1. januar 1877. Ho var dottera åt plassemann Peter Steffensen på 42 år frå hjørundfjorden, og Anna Andersdotter Magerholm på 36 år. Dei hadde vore gift i 12 3/4 år.

Nikoline kom altså frå Nygjerdet på Magerholm og var i slekt med dei på Tryggeset. Den 2. september 1910 registrerte ho seg som varig utflyttar til Amerika, for presten i Borgund. Eg veit ikkje kvar ho drog og om ho kom heim. Ho eksisterar ikkje i andre dokument eller passasjerlister. Eg finn ho heller ikkje i 1900-tellinga, eller ved andre digitale søk. Det er vanskeleg å fastsette med sikkerheit om ho vart verandre i Amerika.

Den siste frå Steffågarden som eg har funne, er Olaf Olsen Emblem. Han var sonen til Ole og drog etter i 1913 for å jobbe i Albion saman med faren. Mora Marie sende kort til Ole og fortalde at Olaf skulle reise med båt til Trondheim, ta toget til Kristiania, og deretter ta turen over Atlanterhavet med amerikabåten «Scandinavian». Billetten hadde han kjøpt sjølv og i passasjerlista kan eg finne nok eit prov på at endestaden for reisa var Albion i California. Olaf var ikkje den einaste av sønene til Ole som reiste til Amerika. Jeanne Emblem Jensen Shada er dottera til Kristian Olsen Emblem (1902-1960) og søskenbornet til Eli Reiten. Ho fortel at Kristian kom til USA i 1922 og vart verande der. Han gifta seg med Jenny Andreassen som hadde foreldre som utvandra frå Lofoten og Kopervik og møtte kvarandre i Astoria i Oregon. Kristian og Jenny gifta seg i Oakland California i 1934. Staden ligg ved San Fransisco Bay på andre sida for San Fransisco. Dette var eit populært område for nordmenn på denne tida. Etterkommarane etter Kristian bur framleis i USA. Det er godt mogeleg at fleire frå Steffågarden tok turen over til Amerika for å arbeide ei tid, men eg finn ikkje passasjerlister som støtter opp om dette,

Inga K. E Emblem var den siste som reiste frå gamlelandet i 1910. Ho kom truleg frå Negarden og skulle til Sør Dakota. Ho er den første som eg har funne med «reiselyst» som årsak ved avreise.

Den største utferdsbølga frå Emblemsbygda

I 1911 kjem me til eit av dei store utferdsåra. Eg har funne 16 stykke frå Emblemsbygda i passasjerlistene dette året. Alle var ugifte og betalte reisa si sjølv og mange reiste i lag. Den 25. januar reiste Brørne Karl og Daniel Magerholm frå hoveudbruket på Magerholm (nemnd tidlegare i teksten), søskena Olaf Knutson Furset og Olga Knutsdotter Furset , frå Fursetgarden og borna til den no pensjonerte omgangskulelæraren på Emblem, Knut Furset. I tilleg så reiste Johan A. Joh. Akslen frå Høla, Jørgen O. Fredrikson Emblem frå Negarden og Anton R. P. S. Emblemsvåg . Dei fleste av desse oppgav at dei var emigrantar. Magerholmkarane drog som kjent til Albion i California, medan lærarborna drog til Washington saman med Johan frå Høla. Storebroren Kristian Furset hadde stege i gradane til arbeidsfomann i eit skogkompani i Tacoma i Washington, og sjølv om eg ikkje finn han i nokon passasjerliste, så er han registrert i 1910-tellinga som borte i over et år. 

Ein eg saknar på lista er Johan Ingvald Emblemsvåg (1892-1946) frå Oshaugen i Emblemsvågen. Det er mogeleg at han drog over dammen litt tidlegare, men der finst eit bilete av han i Canada i  1911 (sjå biletalbumet til denne teksten) og dottera fortel at han drog dit i 1910. Ein del emigrantar er vanskelege å finne att på grunn av reiserutene dei valde, eller simpelt hen fordi dei berre gjekk i land frå båten dei hadde hyre på. Takka vere Harriet Leithe kan me framleis fortelle litt av historia om faren Johan. Etter ei tid som tømmerhoggar drog han videre til Alaska for å satse på fangst saman med ein indianar, aust for Nome. Slikt vart det pengar av og han kjøpte deretter part i ein båt som han dreiv kveite- og laksefiske med. i 1920 hadde han lagt seg opp eit betydeleg beløp av 18000 kroner, men fekk heller lita glede av fortjenesta. Han reiste heim att til Emblemsbygda for å satse vidare på kjøp av ei frakteskute, men slik gjekk det ikkje. Han hadde sett pengane i Aalesund Landmandsbank i påvente av ei skute han kunne kjøpe. Banken gjekk over ende i bankkrisa i 1922/-23. Det var også verst tenkelege tidspunkt, for då var han gift og dottera Harriet (f.1946) var på veg. Johan busette seg i Ålesund saman med si utkåra, Lovise Snefrid Ask. Dei klarte seg eterkvart brukbart godt, sjølv om pengane var tapt.

I 1915 vert Olga registrert i giftemålsregisteret den 27. oktober i staten Washington. Då gifta ho seg med Andrew Nelson. I 1940 bur ekteparet fortsatt i Tacoma. Dette året har dei registrert ein son på 20 år som heiter Arthur, og ei dotter på 14 år, som heiter Marjory. Begge bur heime. Arthur er truleg det eldste bornet, for eg finn kun han i 1920-tellinga for Washington også. Truleg så er Nilsen eller Niealsen det opphavelege etternamnet til Andrew, for han er registrert som norsk imigrant i folketellinga frå 1920. Det opphavelege fornamnet er eg mindre sikker på, men han kom i alle fall til Amerika det same året som Olga. I 1920 er han fiskar med eigen båt, og 20 år seinare så står han kun oppført som fiskebåteigar. Kanskje var han fiskebåtreiar. Eg veit ikkje heilt eksakt kor lenge ho levde, men eg finn i alle fall ei Olga Nelson som døydde i Seattle i 1969 og ei som døydde i mars 1984 på Fox Island. Problemet er at ho kan ha flytta frå Washington også, og då vert det vansklegare å finne henne.

Jørgen frå Negarden drog også til California og saman med søstera, Inga, som drog i 1910, så busette dei seg etter kvart i Santa Fe. Faren Fredrik hadde også vore i Amerika tidlegare, og i 1936 skreiv han brev til Jørgen. Det kjem fram at broren til Fredrik, Olaf S. Emblem også budde i Santa Fe i Arizona. Han gått i land frå dampbåten han jobba på i 1901 og etter kvart så utvikla han også viktige instrument og balanseror som den dag i dag er i bruk i flyindustrien. I likheit med onkelen Olaf, så vart også Jørgen og Inga verande livet ut i Amerika. Jørgen var i 1936 gift med Carmen og Inga med ein som heitte Albert. I 1930-tellinga finn eg Jørgen og Carmen i Santa Fe. Jørgen har endra namn til George F. Emblem. Det var nok fordi dette vart enklare å uttale for amerikanarane.

Han arbeidde på den tida som mekanikar. Kanskje vart han sysselsatt i onkelen i enten bilforetninga eller flyproduksjonen. Du kan lesa meir om Olaf S. emblem påwww.emblemsbygda.com. Eg finn namnet til George F. Emblem i avisa «Santa Fe Mexican» den 9. og 23. februar 1962. Jørgen var då nylig død og det vart opplyst at eventuelle krav på arv og liknande skulle rettast mot kona Carmen, som hadde fått ansvaret for effektueringa av Testamentet til Jørgen, eller George som han heitte no.

Anton Emblemsvåg var den siste i flokken som reiste med White Star Line 25. januar 1911. Han kom frå Antonesgarden i Emblemsvågen og var sonen til Sevrin Rasmussen frå Sande, som hadde gifta seg til garden med Karen Antoniusdotter Emblemsvåg.(1859-1897) og oppattgift med Anne Eline Johansdotter Emblem. Anton kom aldri heim, sjølv om han overtok Antonesgarden på papiret. Systera Sofie Severinsdotter Emblemsvåg dreiv garden fram til ho overdrog den til systersonen Odd Ørbeck i 1950. Han registrerte seg også for presten i Borgund som varig utflyttar før han drog.

det var altså fleire amerikanske statsborgerar av dei som reiste i den 25. januar i 1911. Men Johan A Johansen Akslen frå Høla kom i alle fall attende. Han var sonen til Johan Nilsen Hesseberg og Johanne Larsdotter Akslen, og broren til Lars som hadde tatt over morsgarden på Emblem. Johan flytte difor til Spjelkavika og gifta seg med Ane Valde frå gardsnr. 13 på Valle i Skodje kommune. Han budde der til han døydde i 1964. Johan var ikkje den einaste frå Høla som reiste til Amerika. Dagen etter finn eg at broren broren Ludvik O. Johansen Akslen reiste med White Star Line, med endestad California. Brødrene reiste altså til ulike stader i Amerika, og dei valde også ulik framtid. Ludvik fortsette med fiske på vestkysten av USA og bodde i Seattle resten av livet. Han gifta seg med Karen Hjelle frå Sykkylven den 28. august 1916 i staten Washington. Han hadde bestemt seg for å emigrere før han drog over, og registrerte seg for presten først. Det kan bety at det ikkje var snakk om jobbreise. Den siste som eg har funne med barndomsheim i Høla, er Jon Larss. Akslen Han var broren til Mauritz Akslen og nevøen til Johan og Ludvik som reiste i 1911. Jon reiste mykje seinare, i 1925, men også han vart verande i USA.

Det er verdt å merke seg at det reiste 7 frå bygda 25. januar med White Star Line, og allereie neste dag var 5 nye på veg. Eg har ikkje klart å finne ut om det gikk to forskjellige skip so tett etter kvarandre, men eg kan ikkje finne hald for det i nokon av kjeldene mine. Truleg er det snakk om det same skipet som kan ha gått frå to ulike stoppestadar. Soleis er det mogeleg at båten gjekk 25.1. frå Kristiania, og deretter frå Liverpool neste dag. Eg finn ikkje at det gjekk båt forbi Sunnmøre dette året. I so fall kan nokon ha gått ombord i Trondheim, medan andre kom på i Ålesund. Dette ville i so fall ha verka litt rart, om nokon fann på å betale for reise til Trondheim, dersom båten likevel gikk innom Ålesund. Det er også mogeleg at datoane kan ha vore feil, eller at passasjerlistene kan ha vore skrivne på to forskjellige dagar.

Eg skreiv litt om dei som drog frå Høla. Eg finn også ei reise på ein frå Reiten. Dette var Rasmus Johannes Iversen Østremsrei t, broren til odelsguten Ingvald Iversen Østremsreit, som drog saman med Ludvik og tidlegare nemnde Thomas Hilmar Akslen frå Øvste-Aksla den 26. januar. Med på reisa var også Karl Joh. Iverson Eikenaas , som var sonen til Kjøt-Iver på Eikenosa/skørene. Og hadde morsslekta frå Øvste-Aksla.sistemann den 26. januar var Ole D.L. Johanson Nedregotten, seinare svoger til Nils Johansen Akslen frå Høla, som gifte seg med Olave Johansdotter Nedregotten frå Skaret og tok over bruket der. Med unntak av Karl, så var Ludvik og Ole like gamle (fødd i 1891) og Tomas og Rasmus like gamle (fødd i 1892) Ser ein på dei som vart registrert dagen før, så var Olga fødd i 1891 og Jørgen i 1892. dei fleste av ungdomane hadde dermed gått i same klasse på skulen også. Eg kan ikkje seie med sikkerheit kvar alle var av, men Karl kom truleg heim i likheit med Magerholmbrørne Daniel og Karl. Reisestaden var også noko anna som fleire av ungdomane hadde saman. Fursetsøskena, Karl Eikenaas og Johan frå Høla drog til Washington, medan dei andre drog til California og stort sett til sagbruket i Albion. Anton frå Emblemsvågen var den einaste som skillde seg ut, og reiste til Mineapolis i staden. Rasmus, Tomas og Ole hadde planlagt å flytte for godt til Amerika, men me veit no at Tomas endra meining etter kvart.

Dei siste som drog i 1911, reiste til kvar sine tider. Andreas E. Jakobus Johansen Emblem reiste 15. mars med same selskap som dei andre. Han hadde også med seg utvandringsattest frå Krigskommisjonen, når han la turen til Seattle. Han var fødd i Ebbegarden i 1875 og sonen til Johan Elias Nilsen Emblem og Karoline Petrine Olsdotter.frå Roald på Vigra. Eg finn ikkje noko prov på att han kom heimatt.

Den 13. mai var det Karl Oluf Ingvald Nedregotten frå Guttormgarden sin tur. Han hadde også med seg rodeseddel og la turen til San Fransisco og California. Han hadde imeldt utflytting på førehand hos presten i Borgund, men det utvikla seg truleg berretil ein arbeidstur med 1-2 år i Amerika, før han kom attende. Registreringa syner også at han på dette tidspunktet ikkje hadde sett seg ut nokon jente i Emblemsbygda, og at målet ikkje var først og fremst å samla kapital til å få seg eige gardsbruk og gifte seg. Uansett så var han brudgom den 7. mai i 1920 i Borgundkyrkja. Den utkåra heitte Oline Birgitte Emblem som kom frå Auregarden. Dei må difor ha møtt kvarandre på eit seinare tidspunkt.

Martinus frå Steffågarden har eg allereie nemnd tidlegare, så den siste som drog i 1911 var Oluf B. Knutsen Emblemsvåg frå Plassevågen. Oluf var sonen til Knut Knutsen og Jacobine Kolbeinsdotter Eikremsvik. Oluf kjøpte Plassevågen i 1912, men vart ikkje buande der. Han vart truleg verande i USA. Heimplassen vart leigd ut til andre, og til sist vart plassen delt opp i hyttetomter.

I 1912 var talet på reisande drastisk redusert. Eg finn berre Daniel Hesseberg frå Nerigard som reiste til Bottineau i Nord Dakota for å møte broren Albert som drog i 1905. Daniel vart også verande livet ut i Amerika og vart gravlagd på Turtle Mountain Lutherian Cemetery den 21. juni 1971. Den siste dette året var Lars Østrem, som var sonen til Marka-Hans og nemnd tidlegare i teksten. Året etter, i 1913 var det ting på gong i Europa. Dette året var det berre Olaf frå Steffågarden som drog til Albion, der faren allereie arbeide det året.

Krigsår og utvandringstopp

I tidsrommet 1914 til 1920 finn eg berre tre amerikareiser. To av desse var ekteparet Jens og Emilie Røssevold. Kvar dei budde før 1914, veit eg ikkje. Eg finn dei ikkje i andre digitale kjelder, med unntak av Jens, som er registrert i fødselsregisteret i kirkebøkene for Borgund. Foreldra hans dreiv Hansgarden, bruksnummer 1, på Røssevollen. Faren var Hans Tidemansen (1819-1906) som var fødd på garden. Mora var Marte Mattisdotter Østrem (1830-1910). Jens var hadde ein tvillingbror som heitte Hans. Det var storesøstra deira, Tidemina, som fekk overta garden på Røssevolden. Det er vanskeleg å fastslå med sikkerheit om dei utvandra, men det er ei mogelegheit for det. Eg kan i alle fall ikkje finne fleire spor som knyttar dei til heimbygda etter 1914.

Under den første verdskrigen stoppa utvandringa frå Emblem og Sunnmøre opp. Det einaste eg kan finne er ein som heitte E. Emblem var servitør ombord på skipet Allianca. Han var registrert som amerikansk, når skipet legg til kai ved New York, på veg til Christobal den 14. juni 1917. Det er ikkje så rart at folk kvia seg. I Nordsjøen og Atlanteren gjekk både krigskip og ubåtar til åtak på sivile farty. Fleire av Amerikabåtane som hadde lagt frå kai i Ålesund eller Liverpool tidlegare på 1900-talet vart no torpedert eller senka. Her heime var det også ein god del å gjere for den som ynskte seg arbeid. Frakteflåten til nøytrale Norge var av den største i verda, og med eitt spratt rederia opp som paddehattar, med håp om rask fortjeneste. Det var livsfarleg å vere sjømann på denne tida, men samstundes lønsamt for den som overlevde. På denne tida ser ein at fleire av dei amerikareisande kjem heim, eller vert verande heime og fann seg ein gard i staden.

Det skulle ta fleire år før amerikareisene tok seg opp att. Kring 1920 byrja folk å merke dei økonomiske ettervirkningane av krigen i vårt eige land også. Det er fleire med etternamnet Emblem og Røssevold som reiser på denne tida, men eg kan ikkje knyte dei til Emblemsbygda. Nokre vaks truleg opp i Ålesund eller Langevågen. Først den 11. oktober 1921 kan eg finne ein som kom frå Hesseberg og Oppigard. Dette var Gustav I P. Hesseberg på 30. år. Han var yngstebroren til Rassmus Hesseberg som tok over garden på Hesseberg. Han oppgav seg sjølv som utvandrar ved avreisa med Den Norske Amerikalinje, og la turen til Minesota. Eg finn Gustav som leigetakar i Galveston City i Texas i 1930-tellinga. Han er då ugift og den einaste nordmannen i nærleiken. Gustav skifta også namn til Gus Hesseberg. På denne tida tok han ulike arbeidsoppdrag og hadde ingen fast arbeidsplass. Etter 1930 finn eg ikkje spor etter hverken Gusta eller Gus Hesseberg i amerikanske register. Dei fleste av dei 7 søskena til Rasmus, som levde opp reiste også til amerika. Desse var Albert, Gurine (Gina), Ole og Ludvig i tillegg til Gustav. Dermed vart det Rasmus som tok over farsgarden på Hesseberg, sidan han var den einaste guten som vart att. Ole Hesseberg kom først attende til Emblem i 1932, og var den einaste som kom heim att. (Du finn litt meir om Albert tidligare i denne teksten)

Den siste som reiste i 1921 var Knut Emblemsvåg på 19 år. Eg er ikkje så sikker på om han gjekk av båten og stogga i USA. I reisepapira vert han omtala som sjømann ombord på båten Haugarland, som kom til New York frå Palermo i Italia. Det er mogeleg at han berre hadde landlov ei kort tid, før båten igjen la i veg til ei ny hamn i Europa.

Olav Knutsen Furset frå Fursetgarden var den einaste frå bygda som eg kan finne i digitale arkiv som reisande i 1922. Hanreiste også til Washington, men han var allereie registrert som utvandra til Amerika, og berre på besøk i heimbygda. Eg veit likevel at også Kristian Olsen Emblem frå Steffågarden drog dette året, og han har eg skrive litt om tidlegare i denne teksten.  Det var forresten to andre som også drog over Atlanteren. Dei var ikkje opvaksne i bygda, eller busatt her, men dei kan vere verdt å nemne likevel, fordi dei skulle besøke Onkel Tidemann Røssevold i Chicago. Dei to heitte Astrid M. og Olave Røssevold, og reiste på førehandsbetalte billettar.

Utferdstrongen tek seg litt opp att

I 1923 tok utreiselysta seg litt opp att. Førstemann var Hans B. Nikolaisen Emblemsvåg frå Osehaugen. Det står i papira at han var ugift og emigrant, men det stemte ikkje heilt. Allereie i 1929 vart det registrert giftermål mellom Hans og Anna Petersdotter Emblem frå Ystebøen. Dei slo seg ned på Osehaugen, men allereie det same året døydde Anna i barselseng. Barnet overlevde og fekk namnet Anna Harriet Emblemsvåg. Dette vart eit hardt slag for Hans som snart reiste attende til Amerika. Dottera, Anna, vaks opp med morfaren og mormora på Ystebøen. Hans vart verande i fleire år i USA, men no og då kom han likevel heim for å besøke dottera si. Anna vart seinare gift i Fursetgarden.

Den 14. februar 1923 la også Olaf Ragnvald Peder Emblem frå Sjursgarden i veg med Cunard Line til British Columbia i Canada. Kanskje var han på veg til Vancouver, eller for å finne arbeid som fisker., sidan det var dette han oppgav som yrke då han reiste. Begge foreldra døydde tidleg, og allereie som 19 åring, i 1917, måtte han ta over faren sin del av Sjursgarden. Då han døydde brått. Mora var død to år tidlegare.Med eitt hadde Olaf fått ansvar for både kårfolk og syskena sine. Saman med storesøstera Anna, måtte dei ta ansvar for småsøskena sine også. Agnes var yngst og berre ti år når faren døydde. Det vart bestemt at Agnes skulle få bo i Sjursgarden til ho vart 15 år. I 1923 var det pålagde ansvaret til Olaf mindre. No var alle søskena konfirmerte og som vaksne å rekne. Truleg hadde også Olaf hatt utferdstrong når han såg at andre ungdommar søkte lykka i Amerika. No kunne også han prøve seg. Farfaren Sjurs-Ole døydde i 1922, og det var truleg grunnen til at han ikkje reiste allereie det året. Harry Akslen fortel at søstrene gjekk å venta på at Olaf skulle kome att snart, men utan hell. Olaf kom aldri heim, Anna dreiv Sjursgarden vidare ei tid, medan Olaf gifte seg med Wernie Judge i San Pedro i California i 1935. (Du kan lese meir om han under Sjursgarden på www.emblemsbygda.com). I 1940 finne eg Olaf og Wernie i King County i Seattle. Dei har ingen born og Olaf er på dette tidspunktet fiskar.

Den siste reisande som eg med sikkerheit kan knytte til emblemsbygda i 1923, er Ole Elias Knutson Emblem frå Jakobgarden. Han var sonen til Knut Bernt Olsen Emblem og Emma Sivertsen Vegsundrabb. Om han vart verande i USA veit eg ikkje, men han var i alle fall ikkje odelsguten, for det var Karl K. Emblem som tok over farsgarden. Ole hdde i alle fall utvandringsattest og drog med Den Norske Amerikalinje til New York, og deretter til Minesota.

I 1924 brer besøksturar til Amerika meir om seg. Johan Knutson Akslen og Else K. Akslen frå Brennhaugen var to av desse. Dei oppgav «til barna» som årsak for reisa som tok til etter slåtten og grønsaksinnhaustinga den 24.9.1924. Eg kan ikkje finne kvar dei drog, eller kva båt dei nytta, men eg finn at Johan i Registera på Ellis Island den 7. oktober det same året. Då finn eg at han kjem med Bergensfjord og skal til dottera Christine Johnsen i Seattle. Dette kan vere dottera Kristine Karoline som vart fødd i 1880. Ho finst ikkje registrert som heimebuande verken i 1900-tellinga eller i 1910-tellinga. Enten så var ho ein annan stad i tjeneste i 1900, eller så hadde ho allereie reist til Amerika.

Det var kanskje den siste gongen ho fekk sjå foreldra sine i 1924, og kanskje den fyrste gongen sidan ho drog også. Else og Johan hadde klart å spare nokre ekstra slantar som dei nytta til denne turen. Kor mange born dei hadde i Amerika er enno litt usikkert, men eg har funne sonen, Adolf, i Tacoma i Washington i fleire amerikanske folketellingar. I 1930-tellinga hadde han tre born som heitte Ethelind (19), Jewel (16), og John (14). Han var gift med Agnes som også kom frå Norge opphaveleg. Dette året var Adolf vaktmester på skulen i byen. I Folketellinga står det kun «City school», så det er mogeleg at det var ein barneskule. Agnes tok klesvasken for folk og er registrert som «seamstress», så ho var syerske i tillegg. I denne tellinga finn eg også at han imigrerte til USA i 1903. Det er ikkje heilt utenkjeleg at Johan og Else kanskje hadde eit håp om at enten Adolf, eller Kristine skulle kome heim å ta over Brennhaugen også, men det vart ikkje slik. Ingen av borna tok over. Tre år seinare vart bruket seld til Andreas K. Hesseberg og Petra Anna Nilsen (i 1927). Turen var likevel ikke bortkasta. Dei fekk moglegheita til å treffe borna og borneborna sine.

Dette året reist også Sigvald Nedregotten frå Tryggeset. Han var ugift, og det var storebroren Knut som skulle overta garden. Sigvald reiste til onkelen Petter Vold i California med Stavangefjord den 29. september.

I 1925 reiste altså Lilly Røssevold for å møte foreldra sine for truleg den første gongen. Dei hadde emigrert i 1904, når ho var kun eitt år gamal, og latt henne vere attende på Røssevolden med besteforeldra i Hansgarden. Eg har også skrive om Jon Larsson Akslen frå Høla tidlegare i denne teksten. Han var bror til Mauritz Akslen og utvandra til Amerika dette året.  Inga Eline Joachimsdotter Emblem har eg derimot ikkje skrive om tidlegare. Ho vart fødd 17.7. 1902 og var dottera til Joachim Johannesen og Elisa Ivardotter Emblem på Garsendhaugen Mora var dottera til Kjøt-Iver som hadde budd både på Eikenosa og Skørene. På Garsendhaugen dreiv Joachim både som skomaker og postopnar i kjellaren på hovudhuset, etter at Lars Olsen på Elvarum la ned butikken kring 1921. Ho oppgav arbeid som årsak til reisa, og var ein av få som betalte reisa kontant ved avreise.

To meir usikre registreringar

Dei to neste hadde mindre tilknyttning til bygda ved avreisa. I 1926 drog Martin O. Karlsson Engeset over til Canada. Han var også på jakt etter arbeid, men det er ikkje så sikkert at han nokon gong budde i bygda. Faren Karl flytte nemleg til Emblemsbygda frå Engeset i Norddalen på denne tida. Om Martin kom attende til bygda er eg mindre sikker på. Den andre er Oskar Thomasson Kaldhussæter. Faren kom frå Kaldhussetra og familien budde ei god stund i Dalsbygda i Norddal, der faren forpakta prestegarden på Engeset. Eg har ikkje klart å finne eksakt år for flyttinga til Emblem, men det er ei viss sannsynlegheit for at Oskar kan ha bodd litt på Emblem før han drog.  I alle fall så er det rimeleg sikkert at søstera, Beate Kaldhussæter , bodde litt på Hatlebakken før ho reiste til amerika tre år seinare i 1929.

Annanias M. Karlsson Nedregotten er den siste som eg har funne, og kan seie med sikkerheit at han kjem frå Emblem. Han var sonen til tlefonbestyrar Karl Karlsen Nedregotten på Resebakken. Han hadde førehandsbetalt billett når han drog over dammen den 21.3.1927. Yrket han oppgav var gardsarbeidar, og målet med reisa var å finne seg arbeid. Om det var langvarig arbeid er eg meir usikker på. Uansett så sto den stor økonomiske krisa snart for døra, og sjølv håpets land, USA gjekk ned i ein økonomisk depresjon. Etter 1929 var det nok ikkje så lett å finne arbeid. Annanias kom heim att og han tok i alle fall over Reset og bruksnr. 11 ein gong før 1960.

Metodiske utfordringar

I forarbeidet til denne teksten har eg forsøkt å finne fram namna på dei som drog frå bygda vår i tida 1900-1930. Dette har vore vanskelig. Bygdeboka gjev ingen oversikt over borna til gardbrukarane i bygda vår, og mange mindre plassar er heller ikkje med. Folketellingane gjev eit betre bilete, men dei er det ikkje så mange av. Det er eit stort spenn i tid mellom folketellinga frå 1865 og den neste i 1900. 1910-tellinga gjev derimot ei betre hjelp, men det er også den siste som er publisert. Eg har forsøkt å samenfatte funna med kirkebøkene, og særleg gravferdsregistreringane, men mange av dei som reiste levde såpass lenge at det vil vere vanskeleg å kontrollere om dei kom heim att. Kyrkjebøker av nyare dato er ikkje tilgjengeleg for offentlegheita i digital versjon enno. Ein kan med andre ord ikkje gjere gode nok landsøk for å finne dei som busette seg utanfor bygda vår. Gravmineregistreringa til DIS-Norge gjev likevel nokre svar, men det er ein god del graver som ikkje er fornya etter at vernetida gjekk ut.

Den neste neste hovudutfordringa har vore å finne tak i alle som drog. Digitalarkivet har samla eit stort antal emigrant- og passasjerlister på nettet, men desse har vist seg å ikkje vere fullstendige.  Eg har i hovudsak funne flest reisande via registeringar ved avreise i Ålesund, medan det har vore heller få registeringar på hamner som Kristiania (Oslo) og Bergen. Det var mange som reiste den vegen også, og eg har også leita etter enkeltpersonar som eg kjende til frå før utan hell. Årsaka til dette har vore at fleire har nytta andre hamner enn dei norske. Olaf Emblem frå Steffågarden var ein av desse. Eg hadde kopi av eit postkort som stadfesta reiserute og datoar, men eg fann han ikkje att i Dgitalarkivet. Seinare skulle det syne seg at han ikkje tok amerikabåten frå Norge likevel. Han reiste først til England, og gjekk ombord der. Eg fann han til slutt i imigrantprotokollen frå Ellis Island i New York. Problemet er at ikkje alle kom i land på dette berømte mottaksenteret Flesteparten frå bygda vår gjorde ikkje det. Nokre av åra er også ankomstregisteringa så mangelfull, at eg ikkje veit kva fornamnet var, kva båt dei kom med og kvar dei skulle. I ei rekke av funna står det heller ikkje om dei er imigrant, ansatt på båten, periodearbeidar eller på besøk. Akkurat dette har gjort arbeidet mitt særs tidkrevande. Eg har likevel tru på at mange av emblemsbygdarane er funne, om dei fortsatt nytta sitt eige etternamn under reisa

Reisenamnet er den siste store utfordringa i eit arbeid som dette. Nokre kan ha vore gift Emblem, og ikkje fødd med dette namnet. Andre kan ha flytta, eller gifta seg og bytta namn før dei reiste. Då er dei vanskelege å finne. Det største problemet er kva stavemåte som vart nytta ved ankomst til USA. Var det for eksempel Rossevold, Rossevol, Rossevoll eller noko anna. Østremsnamnet finn ein også ei rekkje andre stadar, med langt høgare utferdstrong enn på Sunnmøre. Eg kan med andre ord ikkje gå god for at alle emblemsbygderane er funne og registrerte enno. Likevel vil det ikkje påverke teksten så mykje, for eg har vald å følge dei som eg er heilt sikre på, og først og fremst skrive om dei som eg finn sikre opplysningar om. Dette er heller ikkje meint å vere ein fullstendig fagtekst og er ikkje basert på årevis og nitidig granskingsarbeid. Målet er først å fremst å gje eit namn til nokre av dei som reiste, og forsøke å fortelle ein liten flik av historia deira.

Soleis har mange registreringar med etternamn som Røssevold, Emblem, Nedregotten og Østrem vorte forkasta i kjeldesøk-fasen. Dei fleste av desse kan sporast til Langevågen eller Ålesund i minst to generasjonar. Det tyder at dei ikkje har budd på Emblem. Andre har ikkje hatt nok informasjon til at eg kunne finne dei att. Slike eksempel er «E. Emblem» som reiste frå England uten at fødselsdato eller båten har vorte registrert. Då er det ikkje mogeleg å kvalitetsikre namnet. Ein annan heitte Nedregotten, reiste i 1907, var 17 år og kom frå Borgund. Reisepapira fortel at formålet var arbeid i Amerika. Problemet er at det ikkje finst nokon nedregotten på det aktuelle årstallet for fødselen. Finn eg ikkje nokon som kan passe i kyrkjeboka året før eller etter heller, så vert denne registreringa forkasta. Det samme vil skje dersom det er fleire som kan passe til beskrivelsen og der minst ein av desse er busett andre stadar. Eg har dermed satsa på dei som eg med sikerheit kan fastslå at dei har tilknyttning til bygda vår. Eg har berre gjort to unntak. Den eine gjeld Oskar Kaldhussæter og Martin Engeset. Desse er det mogeleg at dei knapt har budd i bygda i det heile tatt på det tidspunktet eg kan registrere ei reise på dei til Amerika. Dette er borna til to kjende innflyttarar på Hatlebakken og Magerholm med varig slekt i bygda etter den tid.


Kjelder:

Tvinnereim, Jon: "Grotid i grenseland 1832-1920" Fylkeshistorie for Møre og Romsdal bind 2, Samlaget Forlag 1992

Digitalarkivet.no:  

(folketellinger, kirkebøker, emigrantprotkoller)

www.archives.com: Amerikansk variant av digitalarkivet.no

http://www.ssb.no/a/histstat/artikler/art-2000-08-30-01.html

http://www.norwayheritage.com

Ulvestad, Martin: "Nordmænnene i Amerika" (dig. utgave) http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesinnhald&bokid=ulvestad&innhaldid=

http://www.ellisisland.org

Leithe, Harriet: Info og bilete av johan Emblemsvåg i Sunnmørspostens "for noen tiår siden"  17.3.1995

Rasmussen, Janet E.: "New land, new lives : Scandinavian immigrants to the Pacific Northwest". Northfield, Minn : Norwegian-American Historical Association ; Seattle : University of Washington Press, 1993

http://sykkylven.sogenemnd.no/dokument/Utvandrane_fra_Sykkylven.pdf

"Albion-history of a Mendocino redwood logging & railroad town": http://www.mendorailhistory.org/1_towns/albion/albion.htm

Muntlege kjelder:

Harry Akslen

Olaf Hesseberg

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE