Voll bnr. 6

Brudebilete av Henna Jakobsdtr. f. Emblemsvåg og Thomas Røssevoll. Det er teke av Sigvald Moa i 1914. Biletet tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnes

Thomas Hansen Røssevoll. Han vart første brukaren på garden Voll på Røssevollen når det vart frådelt farsgarden i 1920. Thomas var gift med Henna Jakobsdotter frå Emblemsvågen. (fotograf: ukjend)

Henna Jakobsdotter Røssevoll (f. Emblemsvåg). Henna var frå garden Sandvik i Emblemsvågen. Ho gifta seg med Thomas Hansen Røssevoll i 1914 (Fotograf: Ukjend)

Hjellhaugvegen 118 på Aksla. Delar av huset vart opphaveleg bygd med skredderverkstad for Reidar Krogsæter. Kjelde: Google Streetview.

 Dette vesle bruket finn ein ikkje att i nokon av folketeljingane som har vorte publiserte til no. Årsaka til dette er at Voll, med bruksnummer 6, ikkje vart utskild som eige bruk før i 1920. Fiskar og snikkar Thomas Bernhard Hanson Røssevoll(1) (1889-1975) var den fyrste brukaren. Garden har opphaveleg vore del av bruksnummer 1, som er Hansgarden. Samtlege av dagens gardsbruk har i si tid vorte delt frå dette hovudbruket. Tykjegarden og Pe-garden vart frådelte kring 1600, medan plassebruka Rognereiten og Nygjerdet vart rydda mellom 1850 og 1870.

Det er ikkje så lett å seie kvifor Voll vart eige gardsbruk i 1920. At Thomas var son av Hans Jacob Lauritz Larsen Alnes(8) (1856-1938) i Hansgarden, er nok ein del av forklaringa. Hans hadde gifta seg med jordajenta Tidemine Andrea Karoline Hansdotter (1851-1933), og ekteparet dreiv det godt med fleire båtar, og fiske som attåtnæring. Dei hadde dessutan klart å kjøpe garden attende i 1913. Faren til Tidemine heitte også Hans, og var son av Timann Spjelkavikgjerde. Hansgarden hadde også vore driven av same slekt på morsida det meste av tida som garden hadde vore i bruk. Røssevollen var ikkje særleg lønsam. Hans Bretanus Timannsen Røssevold(1) (1819-1906) hadde saman med Marthe Petrine Jørgine Mattisdotter Østrem(1) (1830-1910), frå Mattisgarden på Østrem, kjøpt bruket av borgundpresten i 1845 for 180 Speciedaler. Det hadde desverre ikkje gått i hop med økonomien, og i 1880 vart Hansgarden seld på tvangsauksjon. «Gravar-Bern» Blindheim frå Vigra. Hans fekk fortsette å drive garden som bygselsmann.

Hansgarden vart ikkje sjølveige bruk at før i 1913, og det kan vera årsaka til at at det tok så lang tid før Voll vart fråskild. Det var nemlig når garden var sjølveigen at dei to plassebruka vart rydda på 1800-talet. Det var nok dei økonomiske vanskane som resulterte i dette. Men den nye sjølveigaren, Hans Jacob Lauritz Larsen Alnes, hadde truleg ingen pengesorger i 1920. Derimot kan det vera at han ynskte å hjelpe sonen sin med å få seg eigen gard.

Thomas Bernhard Hansson Røssevoll(1) var tvilling, og eigentleg nest eldst i Hansgarden. Broren Harald Hansen Røssevoll var nummer fem i ungeflokken, og 6 år yngre. Problemet var derimot at faren deira dreiv Hansgarden heilt til 1938. Thomas ville med andre ord vere nesten 40 år før han kunne ta over, medan odelsguten Lars ville vore 58 år. Lars livnærte seg tidleg som fisker, og flytta til Ålesund. Han hadde gifta seg med Olivie Olsdotter alt som 19-åring i 1899. Ho dreiv strikkeforretning i byen, og dei hadde truleg ingen planar om å flytte attende til bygda. Han drog til amerika, og Olivie emigrerte etter i 1904. Du finn meir om dei u teksten om Hansgarden.  Thomas vart derimot verande på Emblem og slapp å vente på å få overta garden. Han fekk i staden frådelt ein del av farsgarden i 1920. Dette nye bruket fekk namnet Voll, bruksnummer 6 og ei skyld på 78 øre, medan Harald, som var fødd i 1895, fekk overta odelen frå brødrene sine. Han var 15 år yngre enn odelsonen og hadde også tid til å vente litt lenger. Dei to andre brødrene var Thomas Harald Olaus Røssevold(1) (1885-1888) som døydde tidleg av lungebetennelse, og tvillingbroren til Thomas Bernhard, som aldri rakk å verte døypt. Han var dødfødd.

Thomas fekk skøyte på Voll i 1922 for 700 kroner, og skøytet vart tinglst 10. mai det same året. Skylddelinga vart halde allereie den 24. oktober i 1920, så det er mogeleg at Thomas kan ha starta oppdyrkingsarbeid allereie før 1922.  Eigentleg var dette den gamle ysteteigen på farsgarden, men tidene hadde endre seg så pass at det var enklare å dyrke opp jorda. Ein kunne no få dyrkingslån og tilskot for kvart ny-dyrka stykke. Kunstgjødsel og sprøytemiddel gav stadig betre avlingar per kvadratmeter. Dermed var det mogleg å greie seg med mindre dyrkingsareal, om ein hadde andre inntekter attåt. Thomas tingleste pantobligasjon på eit brukslån på 3000,-, med sikkerheit i bruket, den samme dagen som han fekk skøytet tinglyst på månedstinget i 1922, med Joakim J Emblem og Harald Røssevold som vitner. Truleg har dette ein forbindelse med at han dyrka opp og bygde seg eige hus i 1923. Ny løe kom opp seinare, i 1927. Han gifta seg i 1914 med Hanna Petra Sina Jakobsdotter Emblemsvåg(6) (1894-1978) frå Sandane i Emblemsvågen. Giftermålet var kanskje grunnen til at faren ynskte å hjelpe Thomas. Saman fekk dei tre born. 

a) Jakob Sigurd (1915-1987) var ugift. Han er gravlagd 

i same grav på Borgund kyrkjegard som søstera.

b) Thelma Hanny (1920-2006) tok over bruket.

c) Severine Laura (1925-1941) var ugift. Ho er gravlagd 

i same grav på Borgund kyrkjegard som broren.

Som så mange gongar tidlegare, så vart det ei jordajente på Røssevollen. Thelma Hanny Røssevold(6) (1920-2006). Thelma gifta seg i 1942 med skreddar Reidar Arthur Krogsæter(6) (1917-1995), frå Vatne. Dei tok over Voll i 1957. Før det hadde dei bygd seg eit hus med skreddarverkstad inne på Aksla. Huset har i dag gateaddressa Hjellhaugvegen 118. Dei bygde seg ny hytte på Røssevollsetra, ved enden på deminga, og Thelma fekk tinglest varig burett på Voll i 1983. Garden er også kjent for interessante nyvinningar i gardsdrifta. Mellom anna ekstra "ark" med takmøne på midten av løa, der det var mogeleg å vinsje opp høyet frå markane nedanfor løa. Slåttemarkane var nemleg bratte, og då visste dei å utnytte kunnskapen frå fiskebuene langs kysten til eigen fordel. Eg er ikkje heilt sikker på kven som bygde denne løysinga. Eldstesonen, Terje, hadde også mekaniske interesser, og arbeidde i mange år som metalldreiar hos Pla-Ma Trading Ltd. i Vegsundet. Han var særs nøyaktig og dyktig til det. Dei var også fleire sambygdingar i den samme bedrifta. Av desse var det Terje, Magne Emblem og Olav Østrem som jobba der lengst. Hans i Fursetgarden arbeidde vegg i vegg hos søsterbedrifta Porolon a/s. Vi skal no attende til dei fire borna til Reidar og Thelma:

a) Terje Harald (f.1943) gifta seg i 1966 med 

Karin Pedersd. Sulebakk. Dei busette seg i 

Mauseidvågen på Sula.

b) Ingrid Gunnbjørg (f.1945) er busett i Spjelkavika.

c) Solbjørg (f.1947) gifta seg i 1967 med Johan 

Benjamin Lillevold, busett i Borgundfjordvegen

i Spjelkavika.

d) Torunn Randi (f.1955) tok over bruket .


Svigersonen Rune Oddvin Myklebust (f.1954) gifta seg med Torunn Randi Røssevoll(6) (f.1955). Ho  tok over bruket 1989, og er dagens grunneigarar. Torunn eig i tillegg Rognereiten,

a) Therese (f.1979) gifta seg i 2001 med Herman 

Helgesen,  busett Eidsnes.

b) Sylvia Mariann (f.1980) gifta seg i 2005 med 

Thorstein Sten Gjerde, busett Hatlehol.

c) Anette K.  (f.1983) er tvilling, Ho gifta seg i 2010 

med Anders Hoff, busett i Ratvika.

d) Margareth Helen (f.1983) er tvilling. Ho gifta seg i 

2014 med Are Henry Lund, busett Flisnes.

e) Tom-Ruben (f.1987) er busett i Oslo.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

03.09 | 19:07

Takk igjen. Det tek meg vidare.

...
03.09 | 18:30

Her er lenke til Ørskog gjennom tidene: https://www.nb.no/items/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?page=591&searchText=bygdebok%20%C3%B8rskog

...
03.09 | 18:27

Tyge-namnet spredte seg på Emblem. Du skal til Ørskog, og Vestre der. 19b er plasseringa i bygdeboka der

...
03.09 | 15:42

Takk for svaret.
Tyge er eit såpass uvanleg namn at det burde vere mulig å spore han opp. "Vestre" må vel vere i Vestrefjorden i Haram, eller?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE