TEKSTAR FRÅ UNGDOMSLAGSBØKENE "INNAUMNESINGEN"

21.12.1930

Gode Innaumnesing

Innsendt

De er klart som bølgeblikk at i ei bygd som denne maa et upoletesk blad som Innaumnesingen leda av underærnering for det hender so lite nyt her i bygda no um dagane, at korrespondentane maa føle sig fattig i aanden og lite skjikka til aa fylla spaltene i vort kjære ungdomsblad. Ein skuld tru at dei store hende utanfor bygda skulde skaka lit opp i senna ogsaa her inne, men de er nok ikkje tilfelle, for tenkje se til at storsildfisket som hev vore den store sensasjonen i kolega Sunnmørsposten dei siste dagane, ikkje har havt stort anna verkning paa bygda her en at kvindeforeningen gjorde streik uten varsel, og at vore unge lovande fordringsmenn i leketøisbransjen brende inne med fiskekake pylse og hakkakjøt.

Politiet melder at sidan den store sak som Innaumnesingen hadde ein sensasjonel artikkel om i site nummer hev det vore stilt og roleg. Likevel ser det ut til at saka fer et etterpel for dei tvo saksøkte for artikkelen (...), ja beint fram injurierende, og dei hev lova dyrt og heilagt at slike skumle skriverier skal hemnast.

Fyllearresten stade tom sidan initiativrike men reiste på fote losje Heimatt. Desverre hev desse men faat lite tak for de store og gode saka, men utakk er verdens lære, og mot opposisjonslysten kvinnfolk er det vanskeleg aa kjempe. At saka hev havt vedergaaende fyljer kan ein spaa berre ved og kika lit i a/s Vinmonopolets sin rekneskap. Den viser at intekte hev svikta med et par tusen kroner. Dette kjem fyr en stor del av at Emblemsbygda importlag hev godt konkurs, og deler ut som devstende til uprioriterte fordringar 0,92% . At planen um aa bygga ny fyllearest med serskjelt avdeling for kvinder er gaat i vasken er sjølvsakt.

Kva skal ein gamal unkar finna paa anna en hate kvinnfolka og filosofere over ekteskapet ja dette hørest vel nokka inkonsekvent ut, men at ungkarar filosoferer over ekteskapet er en kjendsgjerning. Dei filosoferar sjølvsagt over andre ting ogsaa men ekteskapet er det sentrum all andre tankar kjem attende til. Ved siden av ekteskapet filosoferer eg ein god del over tida vi lever i. Eg kan ikkje sla me te ro me at ein børsspekulant i Wal Stret i New york fin at tedarne hev tendens til bedring, nei eg hev mine egne merke og dei sler aldri feil. Et godt merke paa opegaaende og bedre tide er at mannen søkjer kvinna og kvinna søkjer mannen med formål ækteskap notede vei.

Skal ein gaa ut ifraa at desse symptomer spaar ret kan vi gladeleg gaa ut ifraa at Børspekulanten hev ret. En maa nokk gaa langt attende i almanakka for aa finna en slik tilstand som her er no i bygda. Gjeng du paa vegen laurdags sundags og got og vel torsdags kvelden såå ser du at kråke søker make alle stader sidan eg stend i Dyrebeskyttelsen kan eg ikkje anna end synes synd i desse unge som gjeng og dreg kvarandre i olbogslykjaa. At desse ikkje filosoferer er sikkert for ein filosof styrar ikkje i ækteskapet med opne augo som desse og hjarta fult av enbelt kjærleik.

Husk de gutar at om tiderne hev tendens til aa gaa op no, so kjem dei ein gong til aa gaa ned, og husk paa gutar lat dykk ikkje daara av elskhugs fylte draumar om et paradis innan ækteskapet, for der er en slange og de er kvinna, difor ver ikkje berre dyk sjølve, men ver dykk sjølve nokk.

Vyrdlaust

Kandidat Philosof Unkar Philosofus

"leserinnlegget" var truleg skrive i humoristisk ordelag av bladstyraren sjølv, Harald Røssevold, men heilt sikker kan ein sjølvsagt ikkje vere. Uansett så beskriv det ei stemning i bygda på slutten av året i 1930 og det er interssant at Avhaldslaget var tatt med.

Det aller første innlegget i Innaumnesingen er frå november 1904 ved stiftinga av ungdomslaget

God kveld innaumnesinga og vel møtt

Innaumnesing er eit namn so me alle so er inomnese altid heve følt os bindige to aa haurt, jamt det same , det heve vore i song eller gledje. Og naar me heve haurt de namna vorte nemnt, so heve me altid fått liksom ei slag kjensle ta kjerligheit til dei so heve kalja seg med det namna. No heve eg so nybaka mor sine det byrdige namna komen innomnese, for om muligt

aa rekkje dyke ei hand te hjelp i dykkar nye fyretagende, sa eg paa same tid vil helse dyk te lykke me. Naar me no heve stifta os eit ongdomslag her i Emblemsbygden aa paa same tidi heve bestemt os paa eit handskrive blad so heve faat namne Innaumnesingen aa so ikveld for fyrste gong presenterer seg fyr Emblemsbygden ongdomslag aa so fyrst i stykka snakke te os. Men no vil eg iønaa blae snakke me ongdomslage, eller fyrst te blana.

Eg vil fyrst be blae velkoome te laga, aa ynskje at det maa trivast og vekse seg stort ilag med me laga. No vil eg snakke nokre or me laga. Fyrmaale me ongdomslage aa me blana, er etter mi meining te aa lære og fyrstaa kvarandre.

Derfor so jelde det fyrst aa fremst aa vere einige, inkje so aa fyrstaa at me skal være einige om det emne so me skal ha ordskjifte om nei longtifraa det er ikkje mi meining, fyr er me einige om emne vaart so bli det kleint ordskjifte, te me daa fær nei daa er det omaagele at me ere snaksame so me kan halaa fram vaare meininger om dei er aldri so galne for det er omaagjere altid aa auka ordskifte so det bli baade longt aa heit, men i vore brev og bladskrivning maa me alltid vara fyrsigtige, fyr da kan me so snart sete eit ord so inkje jere godt, sjølv om me inkje meine noko gale med det:

Her maa ikkje noken misforstaa mie, eg meine paa ingen maate at me ikkje skal skriva, nei langt i fraa me maa skrive baade lit og mykje, men lat altid grunntankjen vor være einigheit fyr einigheit gir sterk sun ordtame og det er eit sant ordtam fyre naar tvo eller tjue er einige aa tek et tak so vinj det det dei vil. So det som er nærast er det er me skal love aa førstaa kvarandre her er det me skal lære at aa framsei vaare meininger her er det me kal love og rette os etter andre her er det me skal ad aa lyfte alt kva so er stort aa høyt her ska me lære og ta trauste framste tak so me ser det mand nær takja er uttikne. Her skal me indprænte aa framdyne ei kjerleik til kvarandre ei kjerleik so me kan framsyne først og ikkje (...) naar ho behøvst men daa bræn som et fukst gaad til en kvar tid.

Lat me konje vise at ho kan gro og trivast i ongdomslage aa hjaa ongdoma i trua.

Med det formaal vil eg tru at me heve stifta lage vort i alfald heve eg vaju og sifta og skrive meg in i lage med det formaal so før næmt lat me prøve og altid være einige og staa saman so mykje so muligt kan (..) , ja lat os ta en mon atpaa so ska eg spaa om inkje lenje frukta ta vaart arbeide

Bladstyrar Andreas J. Emlem

Det er mogeleg at dette er bilete av Andreas Johansen Emblem, frå Ebbegarden. Han var fødd i 1875 og livnærte seg som snekker og fisker. Andreas var nest eldst og dermed ikkje odelsgut på garden. Han var enno ikkje gift når 1910-tellinga vart gjennomført og eg finn han ikkje som gift i kirkebøkene fram mot 1912 heller. Eg er ikkje sikker på om han vart verande i bygda etter 1910, eller om han gifte seg, men interessert i ungdomslagsarbeidet var han i alle fall.

Kva var eigentleg Innaumnesingen

"Inaumnesingen" er ei eiga skriftsamling med fleire bøker med handskriven tekst som vart skrivne av medlemmane i Emleim Frilynde Ungdomslag. Det var eigne "bladstyrarar"som hadde ansvaret for dette arbeidet. Store og små hendingar, eller dikt og noko somminner meir om skulestilar fylde permane i mange år frå skipinga i 1904 og fram mot 1970-talet då ungdomslagetvart nedlagd.

Eg har berre fått sett ei av desse bøkene som var vasskada - ein dårleg lagnad for ei bok med blekkskrift. Dei andre bøkene håpar eg at dei kan kome fram i lyset igjen, slik at dei kan verte til glede for bygdefolket nok ein gong.

"Emleimsbygda om 100 år" skrive i 1930

Når du i dag den 15 okt. 1930 tek deg ein tur gjennom Emleimsbygda gjeng alt stilt og roleg etter den gamle bygdevegen er der liten ferdsle Berre einkvar fotgjengaren no og då kanskje ein hest eller sykkel av og til, og so dei tvo bilrutene som riv op lufta eit par gonger om dag. Med forretningslivet er det usselt berre tvo små forretningar som for det meste handlar berre på tobak, drops, kaffi og smør. Folket strevar med det dei eig, bryt op ruskemarka og lagar nytt land. I dag er her i bygda rundt sirka 60 tun men kor mange tun og hus vil det vera i 2032? Ja det er eit spursmål som somme set for seg. Korleis vil her vera um 100 år? Skal folkeoplysninga og kulturen vekse eller skal komunistane kome til magta og rive ned at både det som me og forfædrene hev bygt? 

Eit er no sikkert ferdslen og foretningslivet vil vekse. Ein spiritist 

hev sett bygda um 100 år i fylgjande trekk. Bilane vil då skynde seg avgarde etter dei regulerte gater gjeng på kross og tvers gjenom bygda eller byen som det då vil heita. Rutebilar med påskrifta: Harøy, Giske, Vigra, Aalesund, Magerholm, Ekornes, Aure, Nysetra, Stranda, Hellesylt, Geiranger, Grotli, Dombås, Ørsta vil dagle farte gjenom bygda. Det vert nokk eit langt rutenamn, men bilane blir so lange at det er rikeleg plass til namnet. Like eins vil dei 2000 personinge bilane til Emblems-billag aldri kome burt for auga dine.På drosjehaldeplassen ved skulehuset vil der vera parkert ca 100 bilar stødig. Skal du då ta deg ein tur ja om ikkje lenger en til næraste småhus, hev du berre å ringe på den trådlause telefon og bilen er der i same stunde og køyrer deg dit du vil. Tek du deg ein tur inn på Paraten som det no heiter ein sundagsjå mykje rart. 

På Magerholm er der øyredøyvande liv. Fergesignala vil

skrike gjenom lufta ustanseleg og bilhorna vil blande seg i musikken som den beste pikkolo. 4 ferger er på veg til Korsneset og på retur til M. holm 3 vil liggja ved den 250 m lange kaia på M. holm og 2 ved den 200 m lange kaia på Korsneset. Bilane vil kome gjenom foretnings-strøket Magerholms lunda med 2 m millomrom og forsvinde ombord i fergene. Petter Toresen Veik vil stå som ekspeditør og hans sønner og sønnesønner fører dei stolte fergene med plass for 100 og 1000 personar Fergene vert drivne med elektrisitet som vert tilført gjenom ein trå sum er strekt frå Magerholmstranda til Korsneset.

På Jakjemneset vil der verta bygt store svære murhus på 12-14 etager og likeeins ut heile Magerholmstranda. Jakop Engeset i 4.ledd vil verta indehaver av landets største slakteriforetning med eithovudkontor på Jakjemneset. Steffen Pedersen kjem nogså godt etter med si store bakeriforetning som hev 50 svenner og 10 mestra i kake , og omset 50.000 brød 40.000 blautkaker 190.000 vinerbrød og bekymringskaker pr dag. Kristen Holms smiforetning på Brauta vil vekke voldsom opsikt med sine svere dimensjoner. 

Karl Holms blad"Greftens Rambukk" vil kome ut i 10.600.000 ekspl. for dag frå redaksjon og trykkeri på Paraten. K. Hansen og Co kolonialforetning på Garsneset vil vere landets næst-største foretning i den bransje. Lars Larsens buntmakerforetning ved Brendhaug vil trekka landets fornemste folk for firmaets vare vert verdenskjende.Knut Tamsens sko foretning ved Brendhaug vil omsette ca 36.000par sko pr dag. Karlsons våpenfabrikk vil stå på reset og han vil også ha i arbeid ein knippe flokk arbeidlause i arbeid. Hansens bryggeri i Storebodalen vil verte landskjent for sin stordrift og gode produkter.

På Austrem vil ein av landets største flygeplassar verte anlagt, med store verkastader og fortøyningsmastre og hangarer. Abraham Alfredsen vil bli foretagenes tillitsmand. Posthuset vert også byt på Austrem då al post skal reise og kome gjenom lufta. På Nedregotten vert ei stor kirke med tårnet 100 meter gjenom lufta. Presten vert Lars Hansen. Vidare vert der mange store bygverk og foretningar. (...) heile bygda og det heile vert ein øyredøyvande sjau heile døgnet. Stakars dei som vil fred år 2032"

Bladstyrar

Mauritz Akslen

Det er ikkje heilt enkelt å tyda alle tekstane i Inaumnesingen. fukt eller vatn har fått blekket til å spreie seg på sida

Lesarbrev til Innaumnesingen frå 1930

Denne utgåva starter med eit dikt. ( "Melkeveien" av Zacharias Topehus) og  endrar deretter form til eit slags brev til bladstyraren. ( vanskelig å vite dette med sikkerheit desverre)

"Ein vitjar i Emblemsbygda:

ein laurdagskveld var eg komen op i bilen som skulde inn i emblemsbygda, eg skulde dit inn for å vitja var tanken. Det gjekk i strykande fart innover dei flate fine vegane, men herlagdomen vart snart slutt, den siste helvta av vegen var vel snarare meint som avnaglings kur enn som biltur, for stundom var oppe under taket med hovudet og i neste sekund kasta nedatt på setet på ein mindre blid måte. Men det gjekk og om ikkje lenge stoppa bilen oppe på ein bakke. Der stod eit kvitt hus som etter alle ytre og indre merke måtte vere ei handelsbud.

Eg gjekk inn og skulle kjøpa noko ungemat. Inne på buda var det fullt av folk varer og tobakksrøyk. Især den siste sorten var godt representert, han la seg som ei blåskodde over alt og alle. Her var det diskutert og fortalt skrøner som var meir og mindre trulege. Men eg hadde ikkje stunder til å høyre so mykje etter, eg fekk det eg skulde ha og gjekk. Seinare på kvelden skulde eg saman med ei par andre gjenter ut å ture. eg hadde før på kvelden sett ein heil del gutar rett nokre strammingar som hadde frakkar og kvite høge snippar, og eg tenkte med meg at her var det ikkje fårlegt enn sjangs!! Men eg  vart skuffa for såg eg ikkje hysen av dei meir. Eg spurde om gutane her i bygda var so snobbete at dei tok på seg kjyrkjeklede for å gå  ned på buda o å kjøpa sigarettar, og sidan gå heim å leggja seg? et nei det var nok ikkje slik heller, men dei var nok komne til byen allereie dei. Ja so? kva gjer dei der då? At dei skal vel ut i Skansen for å sjå på  eit lynnedslag att. Lynnedslag i Skansen? Det har eg aldri høyrd, men det var vel lite å reisa so langt for. At det er nok ikkje bærre før de dei reiser heller. Tek du deg ein tur på "Turnhallen" eller "Folket" finn du vel ein heil del der, og du kan tru dei har fint fylgje. Ja eg treng vel ikkje fortelje deg kvaslags gjenter det er desse måla og pudra tingestane som held seg på slike stadar.

Snakk ikkje meir om det, bad eg, lat oss heller halde lit kaule med han Karlsen å gjengen hans, det er morosamt å sjå kor vaksna dei vil vera slike knastar. Soleis gjekk den kvelden. Dagen etter laurdag  plar vere sundag og slik var det denne gongen og. Den sundagen tok eg meg ein tur ut gjennom bygda for å sjå korleis ho tok seg ut i dagsljoset. Eg såg snart at her måtte vera fagert om sumaren når dei vene gardane låg innkransa av sumarskledd bjørkaskog. Men fagrare kunde her vera dersom fjeldet var kledd med fager skog, eg tenkte at her måtte vera ei fager oppgåve for ungdomslaget og for einskildmannen óg.

Då kvelden kom skulde eg vera med på ungdomsmøtet,vi møtte fram til den fastsatte tid, og her traff vi vor gode ven frå i går kveld. Han Karlson i ferd med å kveikje op. Det såg ikkje ut for at folk hadde let so ( unnvint ? red anm.) med å møta fram til rett tid, det kom da ein klikk og då ein annan slengjande, og endelegt so vart det byrja. Men då viste klokka eit anna tal enn ette som eg hev frett skulde vere fastsatt.

Programmet skulde vera som vanlegt, men det var ikkje det eg fesste meg so mykje med eg såg meir på korleis folket førde seg under møtet. Det var særleg ein ting eg fesste meg ved og det var allt snakket både under songen og under oplesinga, det skjemde mykje ut. Det underlege var at då han som heldt møtet bad folk uttala seg om eit eller anna då vart det heilt stillt, då var det ingen som hadde noko å segja.

Ein annan ting undra eg meg og mykje over og det var den uro som var utfør veggen. Eg trudde at ungdomslaget var for all frilynd ungdom i bygda, og eg trudde ikkje at nokon skulde ha interessa av å stå utanfor å halde leven, men det er vel so her som i andre bygder at det er ein klikk som held seg for god til å vera saman med andre "aldmindelige dødelige".

Å, ja san, det vert vel mykje av kritikk dette av ein framand, men eg kan trøyste dykk emblemsbygdarar med det at det er gale andre stadar og sumestadar betre og sumestadar verre. Eg såg ikkje berre det som var gale, det var mykje som var gildt óg. Eg såg at ungdomslaget hadde mange gode krefter, men desse var unge og uprøvde. Eg trur at desse unge kreftene i laget dykkar har ein lovnad i seg som spår godt for framtida. No gjeld det at laget driv  på det beste dei kan og lerer op desse unge kreftene til å verte gode lags (...?..) og glade samfunnsborgarar. So vil eg til slutt gjennom inaumnesingen sende ei hjertleg helsing til alle samen.

Veslemøy.

Protest mot å forlate gullstandarden (fra Innaumnesingen 7. januar 1934)

"Som dykk alle veit, har Noreg i likheit med Danmark Sverige, Finland, Holland og England gått burt frå gullstandarden som mynt (..). Som protest derimot, hev heile 15 par av ungdomen gått til direkte aksjon, og symbolet dei brukar er å bera ein glatt gullring på høgre handi. Avsetnaden av gull hev i Ålesund gått strykande, so ei ny forretning måtte åpnast. Ho ligg midt i centrum, og skal av Amors pilberar vera lett å råka. Innaumnesingens erfarer like ved at bladet skal "gå i trykken" at her i bygda skal vera i "gjære" å stja igong sympatistreik, hvis ikkje Noreg innan utgongen av 1934 vil gå attende til gullstandarden. Rebus: Kor månge par nyforelska vil det verta ved neste nyår, hvis Noreg fastheld sin påstand.

Bladstyrar Sevrin J Emblem"

Dikt til Emblemsbygda (Inaumnesingen 26.12.1931)

Her hev mine fedrar butt
i mange, mange år.
Her livde dei sitt liv so trutt
i trange, trange kår.
Det inga soge skrive er
om deira liv og kav,
ingen bautastein dei fær
på si gløymde grav.

Avgøymd, avgløymd bygda låg
i mellom fjord og fjell.
Herinne våre fedrar såg
so mang ein helgakveld.
Helg og yrkje stille rann
burt med småe steg,
og snart dei øyddest mann for mann
no er det du og eg

Dei denne bygda oss hev gitt
med hus og heim og bø.
Og difor eig vi henne fritt
frå fjell og ned til sjø.

Her hev vi levd vår barndoms tid
og våre ungdoms år,
og etter kvart som tida skrid
fær vi våre manndoms kår.

Mange ting er annarleis
mot kva det var ein gang
Mange hev fått ein annan sveis
i gjennom tida lang.
Men lell ho er vår Emblemsbygd
vår arv på denne jord.
Og vi fær yrkje her i trygd
i glans frå tid som for.

Og lat vi yrkje meire traust
og hugnad kring oss så.
Til meir du ofrar kjærleik raust
til meir du att kan få.
Og lat vi sidan få den dom
at vi var fagnafolk.
Att vi fyllte godt vårt rom
i denne tidas bolk.

Og lat vi alle saman stå
og hjelpe bygda fram,
då kan vi ut i verda gå
forutan sorg og skam.
Lat kvar ein gjest i denne kveld
få kjenna band som bitt.
Og gjer at landet alltid held
og sterknar heller litt.

Bladstyrar
Karl O. Embl

"Innaumnesingen sine julegaver" Skrevet av Karl O Emblem 26. desember 1931

( Her er det en del karer fra bygda som er omtalt. Er du i tvil om hvem så kan du spørre dine foreldre. Det skal finnes litt slekt her...)

"Innaumnesingen hev i år gitt nokre av leserane sine julegåver.
Vi gjer oss so fri å offentlig gjere nokre av desse.

Han Harald fekk eit brillepar
med inskripsjon: til bestefar.

Han Karl fekk eit helsingskvad
skrive på eit næpeblad

Han Sevrin fekk ein måne ny
difor gjeng han no so kry.

Han Johan fekk si store korg
full av gamal hjartesorg.

Han Georg, han fekk den idé
at han snarast vil gifte seg.

Han Mauritz fekk den eigenskap
å halde andre folk til ap.

Han Peder fekk ein juledramm
og merkje er de: opp og fram.

Han Lorents fekk lit sympati
for uheld med sitt frieri.

Han Lars fek lit kjærlegheit
difor er han no alreit.

Han Hans fekk ein dokkemann
og glad som fuglen vart nok han.

Han Alfred fekk naturligvis
ein leikebil til nedsett pris

Han Konrad fekk eit bølgeblekktak
til å gøyme nasen bak.

Han Egil fekk ein gamal vits
og læreboka jui jits.

Han Jørgen fekk ein fribelett
til Sandvika han strauk med ett.

Han Oskar fekk eit styltrepar
so no er han og vaksen kar.

Han Tore fekk i fergestil
Ei uniform med luftventil.

Frå Innaumnesingen 11.1.1931

Den første utgåva av Innaumnesingen våren 1931 vart ført til pennen av bladstyrar Karl O. Emblem. Han åpna det heile med eit dikt før han skreiv dei to tekstane som eg no har skrive av. Teksten er ikkje endra frå slik den opphaveleg vart skriven inn for hand i ungdomslaget sitt medlemsblad og lest opp søndag den 11. januar:

På siste ungdomsmøte var det ordskifte om «Kvifor eg gjeng på ungdomsmøte» Diskusjonen var som vanleg, ei tri fire som diskuterte over emnet, ein flok diskuterte privat, eit par stykkjer slost og resten gjorde ingenting.Sidan eg er ein av desse stakkarane som har vanskeleg for å snakke, og difor ikkje legg meg op i diskusjonen, vil eg i staden for munnen bruka pennen og beda Innaumnesingen om plass for eit innlegg i diskusjonen.

Eg kunde naturlegvis byrja der dei andre slutta, og fortsetta med å rakka ned på kvinnfolka; Men eg tykkjer at emnet og kvinnfolka heng lite saman, difor vil eg forlate kvinnfolka og skrive om meir alvorlege ting. Dersom nokon spurde meg kvifor eg gjeng på ungdomsmøte, so vilde eg svare. Eg gjeng på ungdomsmøte for å treffa kamerater og jamnaldringar og hyggast saman med dei i godt venelag. Eg gjeng for å høra folk lesa, syngja, diskutere, og høre på kva dei skriv. Men for fullt ut å kunne gjera meg nytte av ungdomsmøta, so må eg sjølv vera med på alt dette. Vidare, fær eg låna bøker, gode bøker, og gjennom dei utvikla mitt ånds og tankeliv. Med andre ord, eg gjeng på ungdomsmøte for å få ei vidare utvikling på grunnlag av det som eg lærde på folkeskulen. Ei slik utvikling er heilt naudturveleg, for vor tid krev at ein mann skal kunne tenkja sjølvstendigt, og setja tankane sine om i ord soleis at han kan målbera seg på ein sømeleg måte.

Vel er det nok slik at ikkje alle hev like lett for snakka; men skulde ikkje fleire kunne snakka enn dei som diskuterer på ungdomsmøta her, ja då er det jammen dårleg stellt med ungdomen her i bygda. Vår tid krev at ein mann skal vera skrivedykttig. Ikkje berre slik at han kan skriva bokstavane ABC Men slik at han kan skriva ned sine tanker på en flytande fri og naturleg måte. Alt dette kan det indre lagsarbeidet hjelpa oss til å læra, og fær vi ikkje læra det der, so vert det vant å læra det nokon annan stad, for dei som ikkje hev høve til å gå på andre skuler enn folkeskulen.

Den mann som ikkje kan, i dette, som i alt anna, fylje si tid og stetta dei krav som tida krev, ja han vert snart sett ut av konkuransen og må finna seg i at andre gjeng framum han. Dersom ein tok det indre lagsarbeid på denne måten og såg på det som ein annan framhaldskule der kvar og ein er sin eigen og andre sin lærar, då vilde dette vera fulstendigt nok for eit lag å arbeide med.

Men ungdomslaga stend saman i ein sams organisasjon som og hev sitt å arbeida for. Det denne arbeider med er kulturell, nasjonale og sosiale spursmål, som vi og ved å stå i samskipnaden, fær arbeida for, direkte og indirekte. Dette vert vårt ytre lagsliv. Samskipnaden gjer meir enn dette, den er med å hjelper fram det indre lagsarbeid i einskildlaga og, for det er sikkert at er ikkje det indre i orden so vert det og stakkarslegt med det ytre. Det ytre lagsarbeid skal soleis skapa idear å arbeida for, og det indre lagslivet skal gjeva ideane studna og ved eit sams arbeid føra dei fram i livet.

For alt dette er det eg gjeng på ungdomsmøte, kort og godt, eg gjeng på ungdomsmøte for å hjelpa fram og læra av det indre lagsarbeid og for å stydja dei gode saker som laget er med å styttar i det ytre lagsarbeid.

Av Innaumnesingen om hundre av år.

Laurdag den fyrste oktober 2031, vert ein merkjesdag i Emblemsbygda ungdomslag si histori. For då skal ungdomshuset innviast tanken om ungdomshus er no 125 år gamal so arbeidet må sgjest å vera godt fyrebutt. Men endeleg er den draumen som vore Tippoldeforeldre, Oldeforeldre, Besteforeldre og foreldre, drøymde, gått i oppfylling. Som ein kuriositet kan nenast at det hev vore valt 57 byggjekomitear. Bileta av desse kan ein få sjå i ungdomshuset sit bilætgalleri. Der heng det og ei teikning som viser korleis dei var tenkt å byggja i 1931. Det huset hadde vorte akkurat o stort som sena og orkesterplassen i det ungdomshuset som no er byggt. Væl møtt då på festen som skal opnast med denne songen:

At far min kunde gjeara, det som meg no hev gjort Ja det skal sikkert vera; men han kom til kort. Det art med bere pratet, og drøymeri og pjatt. Han hugsa matfatet, og let so tungen att.

Bladstyrar Karl O. Emblem

Biletet syner ein del av den første sida i den første utgåva av Inaumnesingen frå november 1904

For deg som vil vite meir om ungdomsrøyrsla og ungdomslaga

Anne Kristin Moe skreiv ein spanande tekst om bunadane si mogelege opprinning og samenhengen med dei frilynde ungdomslaga i Sunnmøre historielag si årbok for 2009.
Her hentar ho kunnskap frå blant anna historikaren Jon Tvinnereim som har skrive
historia om den frilynde ungdomsrøyrsla på Nordvestlandet.I denne teksten finn du óg
meir kunnskap om Emblemsbygda Frilynde Ungdomslag.
http://www.sunnmore-historielag.no/?p=930
Vil du vite meir så er tittelen på Tvinnereims bok:

"Ei folkerørsle blir til. Den frilyndte ungdomsrørsla på Nordvestlandet"