BNR. 1 ØVSTE-AKSLA

Emblemsbygda har hatt fleire gode forekomstar av kalk nede ved sjøen. Våren og sommaren 1897 reiste ein kar frå Kristiania, som titulerte seg som «translantør», ikring i bygdelaga i Borgund kommune og kjøpte opp retten til å ta ut steinmassar av verdifulle slag mot ei fast årsavgift på 100 kroner, og deretter nokre kroner per kubikk med masse som vart fjerna. Grunneigarane på samtlege matrikkelbruk på Emblem og Blindheim selde rettane sine til denne Lorents Lorek. Om det vart funne noko av verdi skal eg ikkje seie for sikkert, men i tida frå 1890-åra til 1930 var der mange som forsøkte å tene pengar på å kjøpe vassfallrettar, kalkforekomstar, og felt der det kunne finnast edlare metall eller edelsteinar. Kristen Magerholm på Kristenplassen på Magerholm vart også bitt av basillen, men han hadde ingen ressursar slik desse nyrike hadde.

Som ein kan sjå så var det ikkje lange stunda mellom kvart born og der var ingen tenarar på garden heller, så ein hadde nok god hjelp av Lars, som heimeverande dreng. Folketeljinga gjev også andre nyttige opplysningar om gardsdrifta. Dei hadde korn, potet, krøter, fjørkré og eigen frukthage, så det må ha vore lunt oppunder fjellet. Vi veit desverre ikkje kor mykje dyr dei hadde, og eg vil anta at der var både hest og småfe attåt. Den gamle bygdeboka (Øverlid 1961) fortel at det skal ha vore eit hestedrive korntreskeanlegg, som truleg vart eigd av fleire gardar saman. Ti år seinare bur dei fleste heime, er framleis ugifte og registrerte på garden. Maria er «tenestepike i huset», Antonette er «tenestepike og budeie», Thomas og Karl var begge tenarar på Øvste-Aksla, men Karl gjekk også på den nyoppretta fortsettelsesskulen på kveldstid. Thea var enno ugift, medan Lars og Knut arbeidde ved sagbruket i Albion i California og var borte i minst eitt år av gongen. Etter kvart skulle dette endre seg. Lars og Knut kom etter kvart heim, kjøpte Akslabuda på Korshaugen av Henrik Maude i 1926 og tok til som handelsmenn under namnet L.K. Akslen a/s. 2. august det samme året. Dei var ikkje så heilt ukjende med handel, for Lars hadde i alle fall arbeid hjå den forrige eigaren, Hans Iversen Furset, som bygde butikken i 1920. Medan Knut gifte seg med Anna Gurine Pettersdotter Myklebust (1898-1965) frå Stranda, var Lars var ungkar heile livet, og døydde av tæring i 1929. Det er mogeleg at han vart smitta i Amerika, for han var ikkje heilt frisk då han kom attende. Marie gifte seg i 1918 med Tomas Karl Bastian Olson Grindvik på Skodje. Dei kjøpte halvardgarden på Apalset i Ørskog og flytte dit. Tomas dreiv fiske, medan Maria dreiv bruket når han var vekke. Thea gifte seg med Petter Andreasen Østrem (1897-1962) i Abrahamsgarden. Antonette, eller «Anti» som ho seinare vart kalla, var også ugift all sin dag. Det vert fortalt at ho tok seg av veslebror sin, som skal ha skada seg, då han fall ned frå betane i løa som gutonge. Han vart lam, og Anti tok seg av han så lenge han levde. Det var Karl, som døydde i 1941. Han skada seg i 1931. Som takk for hjelpa fekk ho hjelp til å kjøpe "Akslabuda" med leiligheit- og butikkbygg på Korshaugen. Ho budde der sjølv for det meste, og leigde ut dei fleste romma til ei butikkjente og fleire familiar. Du kan les meir om Anti og huset i ein eigen tekst om Akslabuda her på www.emblemsbygda.com . Thomas drog også til Amerika ei tid, men kom attende og vart etter kvart gift Johanne, som var dottera til lærar Knut Furseth på Nybø (også kalla Fursetgarden i våre dagar.)

Eline Thomassine Knudsdotter Akslen (1880-1943) vart døypt i 1880, men vart ikkje registrert i 1900-teljinga. Det er ikkje så rart sidan ho var 20 år på den tida. Eline var kanskje i teneste ein stad. I 1904 er ho igjen å finne i digitalarkivet. Dette året gifte ho seg med Jakob Rasmussen Østremsreit (1876-1938) frå Reiten. Saman tok dei over ein del av husmannsplassen som heitte Stigeplassen. Etter dette vart plassen delt i dei to bruka Gjerdet, der Harry Akslen tidlegare bygde seg nytt hus og var eigar til 2019, og Stigen nede ved sjøen (også kalla Stampen) som Jakob og Eline dyrka opp.

Husa på garden

Eg har enno ikkje funne ut når dagens  løe på garden vart bygd, men eg merkar meg at Knut lånte 500 kroner i 1899, og 1000 kroner i 1901 utan at bruken av beløpa vart nemnd nokon stad. Det er ikkje heilt utenkjeleg at det er ein samanheng der. I 1908 selde Knut ein rett til å stikke og tørke torv frå Øvste-Aksla sin torvteig i 20 meters bredde, med grense til Hølå sin teig for 100 kroner. Kjøparen var Steffen Magerholm på Pe-haugen, og han fekk dessutan rett til å gå over Aksla si jord når han skulle dit eller når brenntorva skulle fraktast heim. Eg veit ikkje nøyaktig kvar den låg, men det var truleg aust for innmarka til Akslen og kanskje i nærleiken av Tudalen eller Brennhaugen. kring 1913 kom dagens gardshus opp på garden. Det gamle vart seld til Syvergarden, også kalla Elvemyr 8, Nedregotten. Bruket låg på haugen ved bedehuset og Reset. mange knyttar i dag namnet "Liaklevhuset" til dette gardshuset som nyleg vart rive og erstatta av to nye hus.

Med Hans Julius Knutson Akslen(1) (1881-1940) starta også ein meir stabil tidsepoke på drivarsida. Han vart kalla opp etter bestefaren sin, og ein har stort sett veksla mellom namna Hans og Knut i denne ætta. Hans d.y. tok over bruket den 6. januar i 1927, men kunne ikkje syne til like mange år som gardbrukar. Han var rett nok 46 år då han tok over, så det var ikkje så rart at det berre vart 13 års drift før han døydde. Hans gifta seg i 1923 med Lisa Karoline Pettersdotter Myklebust(210c) (1896-1977). Ho var søstera til Anna Gurine Pettersdotter Myklebust  som var gift med broren Knut. Den eine søstera deira, Helene, gifta seg til husmannsplassen «Steinane» under Haugengarden på Stranda. Det var på denne plassen at ho vart stukke ihel i si eiga seng natta mellom 3. og 4. april i 1929, av ei sinnsforvirra kvinne som deretter tende på låven. Du kan sjå eit bilete frå begravelsen i albumet, ei drapshandling som fekk mykje medie-oppmerksamheit i samtida.    Lisa tinglyste skøyte på garden til sonen i 1952.

 a) Knut Lauritz (1925-1998) tok over bruket.

b) Laura Karoline ( 1927-2018) gifta seg i 1951 med 

snikkar Oddvard Martin Ramsvik(2) (1925- 1993), 

bygde hus på bruket, nedanfor bilvegen.

c) Petter Norvald (1932-2003) gifta seg i 1955 med 

Ingrid Haukeberg, bygde hus på garden, like ved

søstera Laura. Han arbeidde som sjåfør.

Ved overtakinga hadde garden ei skyld på 2 mark og 65 øre. Salgsummen vart sett til 4500 kroner. Men eit markastykke som heitte "Storhaugen" var ikkje del av dette salget. Denne biten skulle Lars Knutsen Akslen og Karl Knutsen Akslen ha til eige bruk så lenge dei levde. I den samme kontrakta vart det stadfesta at Storhaugen vederlagsfritt skulle gå attende til garden når dei anten var ute av stand til å bruke stykket, eller at dei var døde. Lars døydde i 1929 og Karl, som hadde vorte lam etter eit fall på låven døydde i 1941. Kårkontrakta til foreldra var kort og konsis. Hans skulle betale foreldra og arvingane deira 1000,- årleg. I 1931 vart kåret revidert til ein femårig sum på 1500 kroner for Knut og 2000 kroner for Lisa.

Det tok noken år før sonen Knut Laurits Hansen Akslen (1925-1998) tok over. Den andre verdskrigen var truleg ein del av årsaka, men i følge bygdeboka, skulle det gå heile 12 år frå farens død, før han tok over Øvste-Aksla. Knut gifta seg i 1947 med Maggy Thorvik (1925-2012) frå Elvemyr 4, Nedregotten.   Dei fekk skøyte på garden frå mor til Knut for 8000 kroner i 1952. 2500 kroner  av desse var for dyr og reiskap. I Knut si tid vart den gamle hovudvegen gjennom tunet, opp  Akslabrauta, flytta slik at den vart flatere og lagt i ein sving rundt haugen, der tunet ligg. Gardsdrifta  vart lagt ned etter dei

a) Sylvi Ragnhild (f.1948) tok over bruket  saman  med broren.

b) Hans Lidvard (f.1949) tok over bruket saman med søstera.

c) Ellinor Johanne (f.1951) gifta seg i 1989 med 

Svein Roger Giskegjerde, busett på Emblem.

d) Unni (f.1953) er busett på Blindheim.

e) Johan Kåre (f.1958) gifta seg først i 1986 med 

Aud Berit Wedum, Øyer. I 2017 gifta han seg på nytt

med Vibecke  Pedersen frå Ålesund. Johan bygde eige 

hus ved garden.

f) Tone (f.1967) er sambuar med Per Ove Godø, 

busett i Hatlane.

Sonen Hans Lidvard Akslen(1) (f.1949) gifta seg i 1975 med Solbjørg Oddny Aasen (f.1951), frå  Folkestadbygda, og bygde seg nytt hus like ved tunet. Han var i mange år aktiv fotballspelar på A-laget  til Emblem I.L. Tunet vart etter kvart delt frå garden som ei eiga hustomt. Han tok over halve garden.

 a) Frode (f.1976) tok over husa og hagen på garden.

b) Linn Kristin (f.1982) gifta seg i 2010 med Terje 

F. Hoel, busett på Emblem.

c) Stine Mari (f.1986) er sambuar med Eirik Rørvik, 

busett ved tunet.

Søstera Sylvi Ragnhild Akslen(1) (f.1948) tok over garden saman med broren, Hans. Ho gifte seg  1968 med sambygdingen Sigbjørn Harald «Siggen» Sæter (f.1945). Dei bygde nytt hus ved tunet på  garden. Sylvi tok over halve garden.

 a) Monica (f.1969) gifta seg i 2000 med Jarle 

Nygard-Sture, busett utanfor Bergen.

b) Terje (f.1971) gifta seg i 2007 med Anna-Martha 

Åkernes, busett ved tunet.

c) Bjørn Vidar (f.1974) gifta seg i 2014 med Tone 

Aarseth (f.1974). Dei bygde nytt hus ved tunet. Bjørn Vidar

er har engasjert seg sterkt i bygdas ve og vel, gjennom merking

av turstiar på fjellet, engasjert seg i treningsanlegget til EIL, og

stått på for å oppgradere friluftsområda ved Emblemsanden. Vidare er han initiativtakaren til denne nettstaden. www.emblemsbygda.com.

Sonen Frode Aasen Akslen(1) (f. 1976) er forlova med Siw Margrethe Hessen (f.1974) frå Drøbak.  Dei tok over hovudhuset, løa og stabburet, samt hagen, og pussa først opp huset, før han fortsette med ny kledning på løa i 2020.

a) Ida Marie (f.2004) er tvilling.

b) Knut Elias (f.2004) er tvilling.

c) Ådne (f.2011).

Knud Hansen Akslen og Lise Larsdatter Emblem fotografert i 1925. den digitale kopien av biletet er først publisert på nett i www.digitaltmuseum.no og tilhøyrer stiftinga sunnmøre museum med arkivnr.: SM.F.001173
Knud Hansen Akslen og Lise Larsdatter Emblem fotografert i 1925. den digitale kopien av biletet er først publisert på nett i www.digitaltmuseum.no og tilhøyrer stiftinga sunnmøre museum med arkivnr.: SM.F.001173
Øvste-Aksla i 1908. Alle på bildet er ikkje identifiserte enno, men dama bak med lys stripa kjole er Eline Knutsdatter (f. Akslen) Østremsreit, den høge mannen med bart er ektemannen Jacob Østremsreit (dei bodde på Stigen som ofte vart kalla Stampen). Kvinna til høgre for Jacob er svigerinna Antonette "Anti" Akslen. (f.1888) Det eldre ekteparet som sit er Hans og Lisa Akslen. Dei dreiv Øvste-Aksla til 1940. Jeg vil tro at de to som står lengst mot venstre er Karl Knutsen Akslen (f.1895) og Maria Knutsen Akslen (f.1886) som var tener hos foreldrene i 1910 i alle fall. Det er mulig at ungjenta som står lengst til høyre er Tea Knutsdatter Akslen (f. 1897). de to borna i kvitt, mellom besteforeldra er truleg Lovise og Ragna Jacobsd. Østremsreit. Orginalbildet tilhører Bjørn Vidar Sæter
Øvste-Aksla i 1908. Alle på bildet er ikkje identifiserte enno, men dama bak med lys stripa kjole er Eline Knutsdatter (f. Akslen) Østremsreit, den høge mannen med bart er ektemannen Jacob Østremsreit (dei bodde på Stigen som ofte vart kalla Stampen). Kvinna til høgre for Jacob er svigerinna Antonette "Anti" Akslen. (f.1888) Det eldre ekteparet som sit er Hans og Lisa Akslen. Dei dreiv Øvste-Aksla til 1940. Jeg vil tro at de to som står lengst mot venstre er Karl Knutsen Akslen (f.1895) og Maria Knutsen Akslen (f.1886) som var tener hos foreldrene i 1910 i alle fall. Det er mulig at ungjenta som står lengst til høyre er Tea Knutsdatter Akslen (f. 1897). de to borna i kvitt, mellom besteforeldra er truleg Lovise og Ragna Jacobsd. Østremsreit. Orginalbildet tilhører Bjørn Vidar Sæter
Lengst til høgre sit Lars Kornelius Knutsen Akslen (1884-1929). Han er fotografert saman med mellom anna Hans Iversen (Furset) lengst til venstre som starta handelen på Korshaugen. Frå kring 1925 tok Lars og broren Knut over denne butikken under firmanamnet (L.K. Akslen a/S). Fotostatkopien frå 1987 tilhøyrer Emblem Skule
Lengst til høgre sit Lars Kornelius Knutsen Akslen (1884-1929). Han er fotografert saman med mellom anna Hans Iversen (Furset) lengst til venstre som starta handelen på Korshaugen. Frå kring 1925 tok Lars og broren Knut over denne butikken under firmanamnet (L.K. Akslen a/S). Fotostatkopien frå 1987 tilhøyrer Emblem Skule
Marie Knutsdotter Akslen (1886-1971) og Tomas Karl Bastian Ols. Grindvik (1887-1974) frå Skodje  hos fotograf Johannes Sponland i Ålesund 1918. Dei gifte seg i Borgundkyrkja dette året og kjøpte Halvardgarden på Apalset i Ørskog. Orginalplata tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal med arkivreferanse AM-95003.038938
Marie Knutsdotter Akslen (1886-1971) og Tomas Karl Bastian Ols. Grindvik (1887-1974) frå Skodje hos fotograf Johannes Sponland i Ålesund 1918. Dei gifte seg i Borgundkyrkja dette året og kjøpte Halvardgarden på Apalset i Ørskog. Orginalplata tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal med arkivreferanse AM-95003.038938
Hans Larsen Østrem (1858-1942) frå Larsgarden som var gift med Marte Hansdatter Akslen(1856-1934).  Dei kjøpte og fekk utskilld br. nr. 6 Vestrem frå Larsgarden br. nr. 2 på Østrem i 1909. Hans og Marte dyrka opp stykket frå grunnen av.
Hans Larsen Østrem (1858-1942) frå Larsgarden som var gift med Marte Hansdatter Akslen(1856-1934). Dei kjøpte og fekk utskilld br. nr. 6 Vestrem frå Larsgarden br. nr. 2 på Østrem i 1909. Hans og Marte dyrka opp stykket frå grunnen av.
Øvste-Aksla. Kanskje før bilvegen opp Akslabrauta vart lagt om? Kan det vere doktorskyssen eller drosja til Alfred Østrem? Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
Øvste-Aksla. Kanskje før bilvegen opp Akslabrauta vart lagt om? Kan det vere doktorskyssen eller drosja til Alfred Østrem? Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
Lisa Karoline Pettersdotter Myklebust (1896-1977) frå Stranda. Ho gifte seg med Hans Knutsen Akslen(1881-1940) som dreiv garden 1927-1940
Lisa Karoline Pettersdotter Myklebust (1896-1977) frå Stranda. Ho gifte seg med Hans Knutsen Akslen(1881-1940) som dreiv garden 1927-1940
Kopien av dette utskiftingskartet vart forenkla og opphaveleg prenta i gardsoga for Borgund og Giske band II 1960. Orginalkartet tilhøyerer jorskiftedomstolen si arkivsamling. Avfotografering: Svein Ove Østrem
Kopien av dette utskiftingskartet vart forenkla og opphaveleg prenta i gardsoga for Borgund og Giske band II 1960. Orginalkartet tilhøyerer jorskiftedomstolen si arkivsamling. Avfotografering: Svein Ove Østrem
Antonette (Anti) Akslen (1888-1957)
Antonette (Anti) Akslen (1888-1957)
Thea Akslen(1897-1980). Ho gifte seg på Nabobruket Abrahamsgarden med Petter Andreasen Østrem (1897-1962). Fylkesfotoarkivet har orginalplata til det same biletet. Der har det arkivnummer FAKf-100530.236006 og opplysningar om at fotografen er Sigvald Moa i 1917
Thea Akslen(1897-1980). Ho gifte seg på Nabobruket Abrahamsgarden med Petter Andreasen Østrem (1897-1962). Fylkesfotoarkivet har orginalplata til det same biletet. Der har det arkivnummer FAKf-100530.236006 og opplysningar om at fotografen er Sigvald Moa i 1917
Jakob Iver Olaus Rasmussen Østremsreit frå Reiten og Eline Thomassine Knutsdotter Akslen frå Øvste-Aksla gifte seg i Borgund Kyrkje i 1904. Dei fekk frådelt ein halvdel frå Stigeplassen i heimbygda Emblem. Denne plassen låg under dei to gardane som dei kom ifrå. Jakob og Eline sin part nærmast sjøen fekk namnet Stigen, medan den gjenverande parten med den opphavelege plassemannen vart heitande Gjerdet. Dette biletet finst også i fylkesfotoarkivet med arkivreferanse AM-95003.000533 Foto: Eckroll i 1904
Jakob Iver Olaus Rasmussen Østremsreit frå Reiten og Eline Thomassine Knutsdotter Akslen frå Øvste-Aksla gifte seg i Borgund Kyrkje i 1904. Dei fekk frådelt ein halvdel frå Stigeplassen i heimbygda Emblem. Denne plassen låg under dei to gardane som dei kom ifrå. Jakob og Eline sin part nærmast sjøen fekk namnet Stigen, medan den gjenverande parten med den opphavelege plassemannen vart heitande Gjerdet. Dette biletet finst også i fylkesfotoarkivet med arkivreferanse AM-95003.000533 Foto: Eckroll i 1904
Karl Elias Knutsen Akslen (1895-1941) Han var medeigar i Aksla-buda samman med broren Lars under namnet L.K. Akslen a/s frå 1925 til ca 1935. Karl vart lam etter ei fallulukke på låven på Øvste-Aksla. Det var truleg medverkande årsak til at han etterkvart avvikla aksjeselskapet og overlot butikkdrifta til andre. Til slutt fekk søstera "Anti" overta huset med utleigemogligheitene, som takk for at ho hadde tatt seg av Karl etter ulykka. Fotograf: ukjend. Fotostatkopien tilhøyrer Emblem Skule
Karl Elias Knutsen Akslen (1895-1941) Han var medeigar i Aksla-buda samman med broren Lars under namnet L.K. Akslen a/s frå 1925 til ca 1935. Karl vart lam etter ei fallulukke på låven på Øvste-Aksla. Det var truleg medverkande årsak til at han etterkvart avvikla aksjeselskapet og overlot butikkdrifta til andre. Til slutt fekk søstera "Anti" overta huset med utleigemogligheitene, som takk for at ho hadde tatt seg av Karl etter ulykka. Fotograf: ukjend. Fotostatkopien tilhøyrer Emblem Skule
Øvste-Aksla anno 2013. Foto: Svein Ove Østrem
Øvste-Aksla anno 2013. Foto: Svein Ove Østrem
Kan det vere Ragna Terøy sittande til venstre? Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
Kan det vere Ragna Terøy sittande til venstre? Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
Kanskje den siste bursdagsfeiringa av Lisa Akslen 25. juni 1935? Ho sit fremst på ein stol. Det er litt usikkert kven alle er enno men det kan vere bakerst f.v.: Petter Østrem og Thea Østrem, kanskje Marie Grindvik, Peter Norvald Akslen?, Antonette Akslen og ukjend. Framme f.v.: Trygve Østrem?, Knut Akslen, Lisa Akslen og kanskje Laura Akslen? Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
Kanskje den siste bursdagsfeiringa av Lisa Akslen 25. juni 1935? Ho sit fremst på ein stol. Det er litt usikkert kven alle er enno men det kan vere bakerst f.v.: Petter Østrem og Thea Østrem, kanskje Marie Grindvik, Peter Norvald Akslen?, Antonette Akslen og ukjend. Framme f.v.: Trygve Østrem?, Knut Akslen, Lisa Akslen og kanskje Laura Akslen? Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
Kan det vere f.v.: Lovise og Ragna Terøy? Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
Kan det vere f.v.: Lovise og Ragna Terøy? Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
frå bryllupet til Knut Lauritz Akslen og Maggy Thorvik. Dei tok over garden. Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
frå bryllupet til Knut Lauritz Akslen og Maggy Thorvik. Dei tok over garden. Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
Selskap på Øvste-Aksla? Her er dei fleste namna enno usikre, men f.v.: står i alle fall Thea Akslen g. Østrem med eit barn på handa, Antonette Østrem, Hjørdis Terøy g. Akslen, kanskje Lovise g. Emblem, ukjend, Ragna Akslen g. Terøy? og ei enno ukjend. Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
Selskap på Øvste-Aksla? Her er dei fleste namna enno usikre, men f.v.: står i alle fall Thea Akslen g. Østrem med eit barn på handa, Antonette Østrem, Hjørdis Terøy g. Akslen, kanskje Lovise g. Emblem, ukjend, Ragna Akslen g. Terøy? og ei enno ukjend. Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
Øvste-Aksla. Kan det vere f.v.: Lovise Emblem og søstera Ragna Terøy? begge vaks opp på Stigen, også kalla Stampen. Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
Øvste-Aksla. Kan det vere f.v.: Lovise Emblem og søstera Ragna Terøy? begge vaks opp på Stigen, også kalla Stampen. Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
Naboar og gode vener på Aksla. Ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
Naboar og gode vener på Aksla. Ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.
Hovudhuset på Øvste-Aksla. Kan det vere Karsten Terøy som er fotografen? Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal
Hovudhuset på Øvste-Aksla. Kan det vere Karsten Terøy som er fotografen? Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Hovudbruket på Aksla har fått namnet sitt frå Akslanakken, som kneisar over garden. Skråninga bak gardshusa på hovudtunet er bratt og full av stein og laus jord, så det er ikkje heilt farefritt å gå kring foten av Akslanakken til tider. 

Garden grensar mot Magerholm i aust og Østrem og Nedregotten i vest, der Sirielva er grenseelv. Namnet «Aksla» kjem truleg frå det gamalnorske ordet «oksl» som igjen har utspring frå namn på lekamsdelar. I ein periode har slike namn vore flittig brukt, og ein finn fleire slike eksempel i vår eiga bygd, samt i områda ikring. Akslanakken består soleis av dei to ledda «aksel» og «nakke», som begge er lekamsnamn. Vidare utgjer Akslanakken, Mellomstenakken og Stornakken, ei markant lita fjellrekke som vert kalla «Nakkane», og som på mange måtar kan seiast å vere det geografiske kjennemerket på bygda for den som kjem frå vest. Vassnakken ved Akslasetra er eit anna eksempel på denne gamle namngjevinga. Historisk sett skal Aksla og Reiten, tidlegare kalla Østremsreit, ha høyrd saman. Det var først kring 1640 at Reiten vart skylddelt som ein eigen gard. Reiten fekk då 1 våg skyld, medan Aksla fekk tilsvarande mindre, til 1 1/2 våg. Dei to gardane hadde teigbytte på innmarka og hadde felles utmark heilt fram til utskiftinga i 1894.

Det er nærast umogeleg å seie med sikkerheit kor gamal garden er. Det er ikkje funne fornfunn enno som kan gje oss spor heller. Gardsnamn og kunnskap om grannegardane kan bidra til ein påstand om at garden vart rydda kring vikingtida, for så å verte lagd aude etter Svartedauden. Truleg vart garden teken opp att ein gong på 1500-talet saman med dei fleste andre audegardane i distriktet. Frå 1603 finst der skrivne kjelder som vitnar om at garden var i drift, og at der var 2 brukarar. Mykje tyder på at Reiten vart rydda igjen først i 1620 og fråskild Aksla kort tid etter dette.

Eigarane

Øvste-Aksla har frå 1626 vore underlagd Borgund prestebord og var framleis ein del av dette godset heilt til garden vart kjøpt ut i 1832. Kven som åtte garden tidlegare er det vanskeleg å finna gode svar på, men det var truleg skogen som var årsaka til at presten kjøpte bruket på byrjinga av 1600-talet. På denne tida kom både hollandske, engelske og skotske skuter til norskekysten for å kjøpa opp alt tømmer som dei kom over. Borgundpresten let seg ikkje be to gonger, og han sette dessutan opp flaumsag for å få enno betre betalt for tømmeret. Det må ha vore ei temmeleg stor drift med mange i arbeid, for Det kan ikkje ha gått så mykje meir enn om lag 20 år før all skogen var nedhoggen og flaumsaga borte igjen. Det er mogeleg at den vart flytta videre, eller seld etter 1630, men ein veit lite om ho no i ettertida. Vi veit ikkje ein gong kvar ho stod, sjølv om det er grunn til å tru at dei nytta Sirielva til å drive saga. Det finst enno stadar med namn som «Akslaløypa» og «Reiteløypa» der det har vore nokre av dei mest egna stadane å frakte ned tømmeret frå Nakkane og fjellet ikring garden. Kanskje kan det ha vore i nærleiken av desse, om lag der dagens sag på Reiten står? Løypene var i alle fall i drift på 1800-talet.

Dei første brukarane

Erik er den første brukaren, som vi kjenner namnet på. I følge bygdeboka skal han ha vore her i frå 1603 til 1605. Det var i hans tid at garden Høla vart delt frå Øvste-Aksla. Den neste var Ole Jonsen, som var brukar frå 1606 til 1620. Han kan ha vore bror til Endre Jonson i Høla. bruka delte nok tunstad på den tida. Den tredje brukaren var tidlegare husmann under Aksla, og det kan hende at også han var bror til Ole, for han heitte i alle fall Jon Jonson. Han bygsla Øvste-Aksla frå 1620 til 1630. Han kan ha vore husmann på Østremsreiten, seinare gardsnummer 3 og bruksnummer 1. Ikring 1630 vart Aksla driven som ein samla gard att av Jon Endreson i «Høla». Han var kanskje nevøen. Han har fått æra for å ha rydda Østremsreiten etter Svartedauden, men han kan ha vorte forveksla med Jon Jonson, som er nemnd tidlegare i denne teksten. Du kan lesa mei om han under Reiten. Det er mogeleg at dei aller første husmannsplassane hadde tuna sine i samme klyngetunet dei óg, men Dei veit vi hverken namn på, eller kva stad dei låg, i motsetning til dei som kom til frå 1800-talet. Etter 10 år som eit felles bruk vart garden delt att i 1640 og no er det ein Elling som dreiv hovudbruket.

I 1650-åra finn vi ein som heitte Lars på garden. Det kan ha vore Lars Endreson på Østremsreiten. Han kan ha vore bror til ein tidlegare brukar her på Øvste-Aksla. I 1658 vart Lars skattlagd for ein hest og fem kyr. 

Knut Pederson Akslen (ca.1635-1696) var den neste i rekkja. Han sat på Øvste-Aksla frå ca. 1660 til 1696. Han gifta seg med Marite Arnesdotter (d.1701), og gav kår til dei av brukarane før han som enno levde. Dei fekk behalde kårettane livet ut. Dei siste åra dreiv han både Øvste-Aksla og Høla.  Skiftepapira syner at han hadde mellom anna hest, 8 kyr, 6 saure, 2 geiter, part i kaste og søkkjenot. Han hadde også brend 8 tønner tjøre.  Ein kjenner til to born etter han.

a) Agata (ca.1685-1746) gifta seg i 1712 med Thyge Pederson Vestre(19b), som hadde vore tenar på Østremi 1701. Dei vart brukara i Høla.

b) Marithe (ca.1687-1753) tok over bruket seinare.

Enka, Marite Arnesdotter Akslen (d.1701) vart gift  oppatt  med legdsoldaten Arne Knudson (f. ca. 1664). Han var einebrukar på Aksla til 1711. Dette året vart garden delt i to igjen, og Arne beheldt Øvste-Aksla fram til han tok kår i 1730. I 1701 finn ein også tenaren Peder Olson på garden.

a) Knud (1698-1750) gifta seg i 1736 med enka Magnille Pedersd. Stadsnes, brukar Stadnes.  Forlovaren, Tyge Axlen(4), var svogeren til Knud, og brukar  i Høla, Akslen(4).

b) Gunilde (dp.1701-1765) gifta seg i 1743 med enkemann Sivert Jørgens. Kurset(2). Dei budde også på  Veibust(1) og Tørlen(II), før dei flytte til Hatlen(Y,1). Der  budde ei dotter frå Sivert sitt tidlegare ekteskap.

Svigersonen Arne Arneson(ca.1704-1778) gifta seg i 1730 med Marithe Knudsdotter (ca.1687-1753). Den 2. februar 1730 døypte dei det som truleg var eldstesonen deira, Knut Arneson Akslen i Sykkylven. På lista over fadderar finn vi Gjervald Larsen Østrem, Steen Olsen Østrem, Thyge Larsøn Axlen, (Giertrud Knudsdatter?) Axlen og Gunilla Knudsdatter Axlen. Gjertrud og Gunilla var truleg søstrene til Marithe, og dermed tantene til dåpsbornet. Ein kan dessutan merke seg at dei framleis nytta etternamnet Akslen. Om Knut var først fødd, så vart han i alle fall ikkje eldst, for allereie den 17. juni 1731 vart ein ny Knut Arneson ført til døypefonten. Det tydar på at storebroren allereie var død på det tidspunktet. Denne gongen stod dåpen i Borgundkyrkja, og fadderane var Peder Larsson Østrem, Ole Pederson Nergotten, Knud Axelson Emblem, Aagaat Knutsdotter Axelen og (....) Larsdotter Emblem. Det var denne Knut, som seinare skulle overta bygselskontrakta på Øvste-Aksla etter foreldra sine. Kor mange søsken han fekk, og kor mange som vaks opp, er det vanskeleg å seie heilt sikkert, men eg har i alle fall funne ei som heitte Anne Arnesdotter. Ho vart fødd 13. juni i 1734. Her var det nok ein gong eit nytt sett med faddera frå nabogardane: Rasmus Povelson Østrem, Ole Gierwaldson Østrem, (Hilla?) Erichsdotter Nedregotten, Anne Hansdotter Østrem, Ragnhilld (Hansdotter?) Axelen. Det same året finn eg også ei Gunnill Arnesdotter Axelen som var fadder på Østrem. Det er mogeleg at ho også kom frå Øvste Aksla. Ein veit ikkje eksakt kvar Arne kom frå, men forlovarvalget kan ha samanheng med at bruda var søstera til Tyge Pederson Vestre. Ho vart også gift med enkemannen på nabobruket, Østremsreiten.  Tyge var i tillegg Arne sin svoger. Arne dreiv garden saman med Marithe frå 1730 til 1753. Arne gifte seg opp att i 1755 med Birthe Arnesdotter Østrem(2) (1709-1784) frå Larsgarden like ved. Han var då kårmann

Frå gardsbruk til plassefolk utan jord

Sonen, Knud Arneson (1731-1785) tok over bruket. Han dreiv garden frå 1754 til 1782. I 1754 gifta Knud seg med nabojenta Inger Larsdotter Østremsreit(1) (dp.1719-1798), det same året som han overtok. Ved ein feil vart ho ved gravferda kalla enke Inger Arnesdotter Axlen.

a) Marte (dp.1755-1813) tok over bruket.

b) Birthe (dp.1761-1762) døydde 20 veker gamal.

c) Anniche (dp.1763) vart fødd utanfor eksteskapet. Mora var Magnille Arnesdotter Røssevold(5). Presten skreiv:  «et døv og dum født kvinnfolk som nu 2. den gang har begått  leieårmål». Dette var harde ord.

d) Arne (1765-1793) var legdslem. Årsaka er ukjend.

Svigersonen Hans Erichson Fausa (ca.1739-1811) kom frå garden Stige på Fausa. Han var truleg sonen til Erik Monson (f.1714) der. Han er den tiande i rekkja av kjende brukarar på Øvste-Aksla, og hadde ei søster i Antonesgarden i Emblemsvågen. Johanne Erichsdotter Fausa vart nemleg gift dit. Hans .    Hans gifta seg 1782 med jordajenta Marte Knudtsdotter Akslen(1) (dp.1755-1813).  I tidsrommet 1783 til 1794 skal Hans si søster, Anne, også ha budd på Øvste-Aksla. Dei dreiv bruket  frå om lag 1782 til 1795, og var dermed ikkje særleg gamle når dei sa frå seg bygselsretten på Øvste-  Aksla. I 1801 kan ein i staden finne dei som husmenn utan jord ein stad nær naustrekka i  Østremsvika. Kanskje budde dei oppe i bakken like bak? Marta sette spor etter seg med namna  «Martaplassen», om lag der Kåre og Judith Kvangarsnes seinare bygde seg hus, og staden  «Martasetet», som ligg ute i fjorden, like utanfor nausta. Sjå meir om dei på  husmannsplassen «Martaplassen», lenger bak i boka. Årsaka til at dei sa frå seg bruket er enno  uvisst. Ho døydde som legdslem på heimgarden, men det var ein rimeleg vanleg måte å gå ut av livet på den gongen, om ein ikkje hadde kår på ein gard. Som husmenn utan jord måtte ein heile tida arbeide for å klare seg, og når ein vart sjuk, eller gamal, så var det gjerne familie eller legdordninga som livberga ein mot slutten. Det er interessant å merke seg at ho ikkje hadde kår frå Øvste-Aksla. Det kan bety at Marta og Hans måtte gå frå gard og grunn.  Dei hadde heller ingen jord i Østremsvika slik at dei kunne livberge seg av det dei kunne gro sjølve. Det kan bety at fiske og båten vart næringsvegen for dei. Sjølv om sonen tok over husmannsplassen, og Hans døydde to år før Marta, så var der truleg ikkje nok inntekt til at Marta kunne fortsette å bu på Martaplassen. Sjølv om der var fleire slike strandsittarar, og ingen attverande spor etter tufter, så har namnet "Martaplassen" like vel halde seg heilt fram til våre dagar. Området var også forbunde med spøkelse, uvisst av hvilken grunn, og på fjorden rett utanfor naustrekka finn ein stadnamnet "Martasetet". dit er det nesten mogeleg å vasse på fjøre sjø. Eg vil kanskje tru at Hans og Marta måtte gi seg på Øvste-Aksla på grunn av økonomi. Ein finn at neste brukaren sleit like mykje, og der var tidvis høg skyld å betale til eigaren i bygselsavgift.

a) Erich (dp.1783-1835) gifta seg i 1807 med Anne Iverina Pedersd. Drevik. Han tok over som  husmann , der foreldra 

budde ved  Østremsjøen i 1809. Han fekk ei dotter med Hilde (Veibust?)  1805, og tvillingar. Erich budde der heile livet, 

til han omkom  på sjøen.

b) Knud Andreas (dp.1787) døydde 1801, 14 år gamal.

c) Ingebrigt (dp.1796-1796) døydde 3/4 år gamal.

Det verkar som om Østremsreiten har hatt eit tunstykke og eit sjøstykke mot Nedregotten. Frå 1800, og sikkert tidlegare også, var det eit gjerde mellom dei to tuna. Alle brukarane og plassemennene skulle bidra til å halde dette gjerdet i stand. Akslabruka var så småbytte i eit lappeteppe av teigar at ein i 1824 forsøkte å få til ei utskifting: Men «man kunde ingen udsigt se til at gaardens parter kunde samles i et stykke». Jorda var rett og slett alt for ulik, og brukarane fekk i staden kvar sin del av dei 14 engstykka og dei 6 åkrane. Denne løysinga vart ikkje godkjend av overoppsynet så ein måtte gjera eit nytt forsøk i 1833. Det vart no bestemt at brukarane skulle få kvar sin halvdel av innmarka delt med ei skillelinje frå sjøen. Denne bestemmelsen vart ikkje gjennomført, for det fanst framleis ein rekkje teigar ved den offentlige utskiftinga i 1894.

Ei særmerkt enke

Den neste var Peder Pederson Furnes (dp.1766) og Anne Rasmusdotter Frøysadal(1) (dp.1761-1823). Dei gifta seg i 1794 og dreiv Øvste-Aksla frå 1795 til 1802. I 1798 klarte han ikkje dei økonomiske forpliktelsane sine til handelsmann Mechlenburg. Peder var då skuldig 58 riksdaler, og måtte pantsette eigedomane sine, inkludert hest, to kyr, ukse, kvige, tre sauer, kje og eit sel. Dei tok kår hos neste brukar.

a) Brithe (dp.1795-1799) vart døypt Furnes. 

Ho døydde  på Aksla.

b) Rasmus (dp.1798-1868) gifta seg i 1819 med 

Guri Hansd. Stokke(1) frå Sunnylven, brukar på

Furnes i Sunnylven. Begge omkom i eit snøskred.

c) Ingebrigt Carolus (dp.1801-1842) gifta seg i 1828 

med Femina Larsd. Åsen(6). Dei var husmenn på 

Slettebakk/ Moltubakk.

d) Karel (dp.1802-1803) var busett heile tida på Furnes. 

Han døydde 4 veker gamal.

e) Petrine (dp.1804-1867) gifta seg i 1829 med 

Anders Larss. Åsen(6), brukar Åsenneset, Åsen i

Sunnylven.

Peder Larson Grande (dp.1766-1818) dreiv Øvste-Aksla frå 1802-1815. I Panteregisteret kan ein lese at han løyste bygselseddel hjå prost Peter Daniel Baade (1737-1823) i Borgund prestegjeld. Den vart tinglest 10. juli i 1802 mot 12 speciedaler i avgift. Peder gifta seg i 1801 med Berte Maria Olsdotter Homlung(2) (1775-1868). Ho dreiv bruket etter mannen sin heilt til 1820, før ho tok kår. Det er uvanleg. Berthe gifta seg på ny i Geiranger i 1824, med husmann Thomas Olson Gjørvad (f.ca.1764). Ved dødsfallet vart ho nemnd som kårenka frå Akslen, men død på Giskeødegård. Det var truleg hos dottera.

a) Lars Olaus (dp.1801) var heimedøypt, og truleg 

død før 1805.

b) Lars Olaus  Andreas ( dp.1805-1846) tok over 

bruket seinare.

c) Petrine Birgithe  Andrine ( f.1818) gifta seg i 1842 

med Peter Gullik Johan Martinuss. Giskeødegård(6),

brukar Giskeødegård(6). Ho vart gift opp att i 1873 

med Peter Lauritz  Olss.Ytterland(2).

Ole Pederson Fannemel (Eid) (dp.1789-1848) vart 1813 gift med Oline Joensdotter Rognes (Eid)  (dp.1787-1874). Dei kom frå husmannsplassen Hjellhaugen, under Fannemel i Horningdal, og

forsøkte seg som forpaktarar på Øvste-Aksla frå 1819 til 1822. Eigaren var borgundpresten. I  vigselsprotokollen kan ein sjå at begge signerte med «paaholden pen». Dei kunne nok ikkje lese eller  skrive. Ole hadde også forsøkt seg ei tid på Klokkarhaug, i Sykkylven, frå omlag 1815 til 1819. Det  vert fortalt at   Knut Tjugen i Magerholmdalen óg skal ha prøvd seg som brukar på Øvste-Aksla,  når han først kom til bygda, men med to kårfamiliar vart det ingen inntekt til å leve av. Knut måtte  derfor ta tilleggsarbeid som tømmerkøyrar på Magerholm, hos   Halvor Pederson Magerholm.  Dermed vart han heller husmann oppe i Magerholmdalen. Ole gav også opp, og flytta heller attende  til Fannemel med familien sin.

a) Peder (dp.1814-1872) gifta seg med Anne Sjursd. 

Svarstad. Husmenn på Ospegjerdet, under  Grodås(10).

b) Joen Andreas (dp.1816-1886) gifta seg i 1847 med 

Pernille Malene Olsd. Engebø(1). Husmann på Engebø

i Hornindal.

c) Anne Marie (f.1818) gifta seg med J. Lindvik, fødd Klokkarhaug i Sykkylven. Konfirmert  1834.

d) Ole Martines (1821-1907) gifta seg i 1875 med 

Brite Olsd. Solheim, husmann på Holmøy.  Ingeborg 

Malene dp.1824-1910 1855 g.m. Hans Jons. Holmøy(2), 

brukar Utigard Holmøy(2).  Fødd på Fannemel

e) Bottolf (dp.1827) gifta seg i 1864 med Martha 

Kristensd. Aaland, frå Innvik, brukar på  husmannsplassen 

Myra, Kongsvik.

f) Peder Andreas (1830-1913) gifta seg i 1863 med 

Oline Marie Olsd. Lillestøl(4), busett husmannsplassen

Hjellhaugen, Lillestøl.

Utfordringa var no at det var to kårfamiliar på bruket, og presten fekk difor vanskar med å bygsle bort garden. Det vart freista med forpaktarar og toårs-kontrakt utan hell. Dei som forsøkte, måtte gje seg i tur og orden og gå frå gard og grunn, fattige etter kårytingane. Lars Olaus Pedersen (1801-1847), sonen til Peder Larsen Grande, bygsla i slutten av 1820-åra. Frå taksten på garden i 1825 har ein følgande opplysningar om drifta: Hest, 6 kyr og 10 sauer. Utkomet var på 4 tønner bygg, 12 tønner havre og 7 tønner med potet. Det er interessant å merke seg at dei allereie var i gong med potetdyrkinga på Øvste-Aksla. Truleg hadde presten som jordeigar hatt ein viss påverknad, men det var nok også internasjonale politiske årsaker som også hadde spela inn.    Lars fekk fortsette som bygselsmann, til han omkom i  orkanen i 1846. Den skjebnen delte han med fleire i bygda. Plassemannen  Anders Rasmusen på nabo-plassen  Midthaug/Vedhaugen, under Østremsreiten og Knut Iverson i Magerholmvika var to av dei. Lars gifte seg med Anne Marte Larsdotter  Gjørva(3) (1802-1868). Ho fekk kår, og gifta seg om att i 1848 med Knud Martinus Knudson  Magerholm(II) på Pe-haugen, Magerholmvik(3). Ein veit ikkje av born etter Lars.

Det må ha vore vanskeleg å brødfø sin eigen familie, to kårfamiliar, og betale leige til presten attpå, men det var nok ei hending på byrjinga av 1800-talet som gjorde gale til verre. Under Napoleonskrigane kom Danmark/Norge på feil side og støtta den franske keisaren. Som eit resultat vart norske og danske hamner blokkerte av dei allierte. På den tida var vi svært avhengige av kornimport frå Danmark. Når kornfrakten vart stogga med makt, vart det hungersnaud i landet vårt. Matvareprisane steig i takt med mangelen på korn. Dei fleste av oss har nok høyrd om Terje Vigen, og det fanst dei som fann det tvingande nødvendig å reise i ly av nattemyrkret med småbåtar heilt frå våre eigne trakter også. Fleire måtte dessutan bøte med livet på si vågale ferd, nokre av desse er å finne att i Sykkylven, på andre sida av Storfjorden. Det er godt mogeleg at ein reiste frå vår eiga bygd også, men eg har ikkje funne nokon frå denne garden. Ein vart med eitt klar over kor sårbar ein vart om ein skulle lite så mykje på korn og kornhandelen sørfrå. Grønår kom med jamne mellomrom i eit land som ikkje var det beste for kornproduksjon. Øvste-Aksla var ein gard som opplevde slike grønår fleire gongar på byrjinga av 1800-talet, men poteta treivst godt på våre trakter. Ein skal ikkje gløyma at gardane på denne tida forsøkte å vere mest mogeleg sjølvhjelpte med det ein trong til livsopphaldet, og pengehushaldning var enno ein fjern tanke for dei aller fleste. Det vart fortalt om poteta sin unike eigenskap sjølv frå talerstolane i kyrkjene kringom i landet og sakte men sikkert kom den i bruk på mest kvar einaste gard. Den var derimot tander mot frosten, så det måtte gravast frostsikre potetkjellara først.

Vi veit også kva slags hus som stod på Øvste-Aksla kring 1825. Der var ei stove, stabbur, løe med hestestall, fjøs og matstove, men ikkje noko naust, sel eller kvenn. Eg vil tru at der må ha funnest i alle fall eit naust, for fiske var livsnødvendig, men det er mogeleg at kårfolket hadde sett opp nye hus og at dei framleis åtte desse ved takstforretninga, slik at dei ikkje kom med i rekneskapen. Dei som var nemnd var i alle fall sett opp før Lars Pedersen kom dit, for alle var i dårleg forfatning, Det tydar på at det var gardeigaren som åtte dei, og få ynskte å bruke for mykje pengar på andre sine hus. Frå andre gardar i bygda kan ein også sjå at husa som dei ikkje åtte sjølv forfall raskt på denne tida. Rett nok var det krav om dette i bygselsbrevet, men i dei vanskelege tidene var det ikkje lett å få bygselsmenn i det heile tatt, så ein kunne ikkje vera for kravstor. For leigetakarane var dårlege hus grunn til å sette ned leiga, samtsundes som dei kunne unnskylde seg med at dei ikkje hadde midlar til å vedlikehalde godt nok. Eg vil tru at Lars kan ha utnytta dette, for det det var verdt ein del då han kjøpte garden i 1832, og fekk Kongeleg skøyte. Frå takstrapporten kunne han vise til at jorda var «foragtet». Han baud difor godt under takst med 100 speciedaler. Han måtte seinare heve budet til 140 speciedaler før Stiftet gav han skøyte på Øvste-Aksla, med Nils Martinus Sørensen Rødsetreit (1805-1883), frå Rødsetreiten, som kausjonist.

Lars forsøkte truleg å koma seg ut av det økonomiske uføret ved å verte sjølveigar, og sleppe bygselskrava attpå, men det var truleg ikkje den beste avgjerda, for han hadde framleis to kårfamiliar å forsørge. Lars var i tillegg temmeleg fattig og klarte ikkje forpliktelsane til skyldnaren sin ute på Rødsetreiten. Den 5. juni 1838 måtte han difor skøyte garden til Nils Martinus Rødsetreit mot 140 speciedaler, og vere bygselsmann resten av livet. Frå bygselskontrakta, som vart tinglest 1. juni dette året, kan ein lesa at bruket bestod av hus, løe og naust. Teksten er temmeleg utydeleg, men det verkar som om Lars skulle betale landskylda på 3 ort og 2 skilling årleg. Eg kan ikkje sjå at Lars vart pålagd å delta i slåtten eller anna arbeid hjå Nils på Rødsetreiten. Han slapp dessutan kårytingane. Ifølge Bygdeboka var bruket hefta med ei tønne bygg kvart år, i tillegg til bygselsavgifta, men totalt sett så vart det nok dyrare å ta opp lån for å kjøpa garden. Kona Anne Marte Larsdotter fekk kår hjå Nils når ho vart enke  i 1847 . Ho fekk dermed rett på mellom anna 7 vog havre, 7 vog bygg, 2 tønner potet, brennfang og pleie. Det vart sett opp enno fleire krav, men desse er for dårleg scanna til at dei er lesbare.

Nye husmannsplassar 

Hans Jørgen Siverin Knutson Nedregotten(3) (1815-1887) kom frå Sirigarden på Nedregotten, og dreiv Øvste-Aksla i tidsrommet 1847-1871. Han var bygselsmann all sin dag, og gifta seg i 1879 med Else Karine Mattisdotter Østrem(1) (1822-1871) frå Mattisgarden, bruksnummer 1 på Østrem 20. juni, det same året som han tok over garden. Året etter lånte han 30 speciedaler frå gardeigaren, Nils. Hans Jørgen var ikkje den einaste bygselsmannen på Aksla under Nils Rødsetreit. I 1848 løyste også Paul Olsen Kvien på Brennhaugen bygselsbrev hjå han, og i 1856 vart ein ny husmannsplass oppretta på Øvste-Aksla. Dette skal eg kome attende til.

a) Knut Laurits (1849-1927) tok over bruket.

b) Ingeborg Marie  Lovise ( 1851-1936) gifta seg i 

1877 med    Iver Karlss. Furseth, Stranda. Sjå også

Skorene, Emblem(10), Østrem(5), Eikenosa og 

Torevågen.

c) Marthe Petrine  Lovise ( 1856-1934) gifta seg i 

1889 med   Hans "Marka-Hans" Nicolai Larss. 

Østrem(2). Ho fekk i 1886  sonen Elias med Lars 

Peter Rasmuss. Blindheim(2), brukar  Blindheim(2). 

Dei var husmenn, på «Vestrem», Østrem(6).

Sjå meir om dei der.

Takka vere folketeljinga frå 1865, så veit vi litt meir om dei som budde på Øvste-Aksla det året. Dei hadde framleis kun tre heimeverande born på denne tida, der Knut Laurits var den eldste på 17 år. Ingeborg Marie Lovise. Var den mellomste i flokken, på 15 år, medan Marte Petrine Lovise var 10 år og yngst. Dette stemmer brukbart over eins med kyrkjebøkene, om dei vart døypt året etter fødselen. Kvifor alle budde heime fortsatt er det vanskeleg å seie, men det er mogeleg at dei berre er registrerte som fødde på garden, og at i alle fall Ingeborg var i teneste hjå andre på den tida. Mellom fadderane til Ingeborg finn ein bestefaren Mattias, og tanta Marte Mattiasdotter Røssevold i Hansgarden på Røssevollen. Å gå etter konfirmasjonsalderen uten å ha arbeid, var uloveleg ifølge lausgjengerlova på den tida. Det er også mogeleg at både Knut og Ingeborg hjalp til heime på garden, men slikt var ikkje så vanleg i ein familie der ein hadde dårleg råd. Det er mogeleg at tidene hadde bedra seg sidan det ikkje var kårfolk att på garden, men det heile vert dels spekulasjonar sidan teljinga ikkje gjev konkrete svar. Marte fekk ein vanskeleg start på kjærleikslivet. Ho vart gravid, og fekk sonen Elias i 1886 uten å vere gift. Slik var ikkje enkelt i dei dagar. Faren var tjenestedrengen Lars Peter Rasmussen Blindheim, men dei vart aldri gifte. Plassemannen Hans Larsen Østrem frå Larsgarden forbarma seg derimot over henne og dei gifte seg i 1889. På denne tida hadde han også fått seg ein husmannsplass på Østrem, med god hjelp frå mellom anna «Kjøt-Iver» Furseth, som var ein velhalden mann og svogeren til Marte via inngifte i akslaslekta.

I Hans Jørgen og Else si tid vart det også oppretta ein husmannsplass på Øvste-Aksla si innmark. Denne plassen fekk namnet «Akslagjerdet» med bruksnummer 2. Det var Lars Petter Larsen Frøysa (1824-1889) frå Endrebruket på Frøysa og kona hans, Regine Berntsdotter Midtgard (1826-1903), som kom frå Sunnylven. Dei fekk festebrev i 1856 mot ei eingongs festeavgift på 18 speciedaler og ei fast årleg leigeavgift på 1 speciedaler. Dei var ikkje det einaste paret som kom utanbygds frå på jakt etter ein plass å rydde på den tida. Regine hadde etter kvart søsken på dei nye husmannsplassane Rognereiten og Nygjerdet på Røssevollen. Ho kom frå Oaldsbygda, medan Lars var frå Frøysa og han var på langt nær den einaste plassemannen i bygda som kom frå Frøysa kring 1850. Det er interessant å merke seg at dei truleg var fattige, i likheit med søskena sine. Dei fekk derfor hente seg skog til hustømmer i skogen som tilhøyrde Øvste-Aksla, og truleg oppe på sjølve «Aksla», nakken som gav namn til garden. Det var lite skog på denne tida, og gardeigaren Nils Martinus Sørensen frå Rødsetreiten let derfor Hans på Øvste-Aksla få eigedomsrett på desse husa. Det kan verke rart no i ettertid, men den gong var tømmer ei verdfull vare som dessutan kunne flyttast og selgast.

Gardbrukar i 56 år

Sonen Knut L. Hansen Akslen (1849-1927) dreiv bruket heilt frå 1871 til han døydde plutseleg av slag i 1927. Ei imponerande økt på heile 56 år. Han var berre 22 år då han tok over, men han var til gjengjeld 78 år då han gav seg. Knut gifta seg i 1879 med Lisa Tomassine Larsdotter Emblem(9) (1854-1936), og dei var sjølveigarar all sin dag, for dei hadde kjøpt garden frå Nils Rødsetreit når dei tok over. 

a) Else Petrine  Knutsd. ( 1872-1959) fødd på 

Reiten, Østremsreit(1). Mora var Berthe Johanne

Pedersd. Hatlemark(1) frå Sykkylven. Dei gifta seg 

ikkje. Ho gifta seg i  1909 med Jørgen Mathias Eliass. 

Eidem, Volda,   busett Lille  Kalvøy(4) frå 1818.

b) Eline Thomasine (1880-1943) gifta seg i 1904 med 

Jakob Iver Olaus Rasmuss. Østremsreit(1),  brukar på 

Stigen, Østremsreiten(2).

c) Hans Julius (1881-1840) tok over bruket.

d) Lars Kornelius (1884-1929) var ugift handelsmann 

på «Akslabuda». Han kalla bedrifta «L.K.  Akslen a/s», 

og stod for den daglege drifta. LArs døydde av tæring.

e) Marie (1886-1971) gifta seg i 1918 med fiskar 

Tomas Karl Bastian Ols. Grindvik(3),  Skodje, brukar 

Apalset(5), Ørskog.

f) Antonette «Anti»  Birgitte ( 1888-1957) var ugift. 

Ho kjøpte «Akslabuda» frå enka til huseigar og 

handelsmann,  Henrik Maude på Sjøholt i 1950. 

Ho fortsette med utleige. Sjå  meir om Akslabuda på www.emblemsbygda.com .

g) Knud Laurits (1890-1964) gifta seg i 1930 med  

Anne Gurine Petersd. Myklebust(210d), brukar

Vestrem, Østrem(6) til 1958. Sjå meir om han der.

h) Thomas Hilmar (1892-1974) gifta seg i 1925 med 

Johanne Knudsd. Furseth, Emblem(4), b rukar i 

Fursetgarden, Emblem(4).

i) Karl Elias (1895-1941) brakk ryggen etter ei 

fallulukke i løa i 1931, og vart sengeliggjande.

Søstera, Antonette. stelte for han i 10 år, til han

døydde. Som takk fekk ho hjelp frå søskena til å kjøpe

Akslabuda, for å sikre seg inntekt på sine eldre dagar.

j) Thea Karoline (1897-1980) gifta seg i 1923 med 

Peter Kornelius Andresass. Østrem(3), brukar

Abrahamsgarden, Østrem(3).

I bygdeboka for Borgund (1861) finst det ein kopi av innmarkutskiftingskartet frå 1891. Den gjev ein peikepinn på talet på hus og oppdeling av jorda. Bruka var på denne tida delt inn i ei rekkje mindre bøter enno, sjølv om gardshusa til Østremsreiten og Høla var flytta ut frå den gamle tunstaden oppe på haugen, der Øvste-Aksla ligg framleis. Så vidt som eg kan sjå, hadde garden på denne tida kun stabbur, løe og stove, medan Høla og Reiten hadde minst to små bygningar attåt. Dei to småhusa til Høla låg framleis oppe på haugen. Eit av desse var truleg geitefjøset. Åkrane låg der jord og solhellinga var best. Frå størrelsen å døme, låg kornåkrane til Øvste-Aksla stort sett nord for tunet, langs vestsida av posvegen frå Aksla til Østremsreiten, og om lag der familien Hustad har huset sitt i dag, ved steingarden som i våre dagar skiller Høla frå Reiten (Østremsreiten). Ein anna stor åker låg like aust for huset til Harry og Marie Bjørkavåg, i hellinga ved sjøvegen like nedanfor dagens hovudveg. Eg vil tru at den passa særleg godt til korn, medan åkrane nærast Østremsreiten kan ha vore potetåker. Det finst desverre ingen beskrivelse av desse bøtene lenger, men dei er likevel spor etter verkeleg gamle åkrar som sikkert hadde eigne namn også. Dette kjenner vi att frå emblemsgardane. Eg har lagt ein kopi av dette kartet i albumet, slik at du kan studere det meir nøye på eiga hand.

Aksla og Østremsreiten hadde sams utmark fram til 1890, då heimeutmarka (som låg mellom innmarka på Aksla i vest og Magerholm i aust) vart utskifta. Skogen var delt i teigar, medan opplagsplassar for tømmer og beiteplassane var felles. Før 1890 hadde også Magerholm vore del av dette beitefelleskapet, men det tok slutt kring 1840, når dei nye plassane Brennhaugen, Joplassen og Nygjerdet vart oppretta, og inngjerda slik at dei stengde dei gamle krøterstiane i den nedste utmarka mot sjøen. På denne tida vart også slåttemarka oppe på nakkane inngjerda og utløer vart sett opp kring 1880-åra, for å lagre dette høyet fram til vårknipa.