Elvemyr bruksnummer 4

Elvemyr fotografert i slåtten rundt 1961. Fotografen er enda ikkje kjend. Biletet er utlånt av Anne Jensen

Skipper Johan Thorvik og hans første kone Marie Olsdtr. Løvik Borna erf.v.: Ole (f.1912), Agnes (f.1909) og John (f.1907). Fotografert av Johannes Sponland i 1913. (Informant til Fylkefotoarkivet: Aud Thorvik). Orginalen tilhøyrer og har arkivnummer AM-95003.021445

Proklama og arveinnkallese frå Norsk Kundgjørelsestidende 12. februar 1915 i forbindelse med Elise sin død.

Elvemyr br. nr. 4 under Nedregotten Garden vart rydda i 1860-åra av Karl Syversen Fremmerhus (1823-1882) som fekk skøyte på urydda mark frå Sirigarden i 1861. Stovehuset vart kjøpt inne i fjordane og gamal alt då. Einar Berg frå Ålesund kjøpte garden, men Skipper Martin Torvik og Kona Elise fekk skøyte frå 1941 ifølge Borgundboka bind 2

Frå kjøkkenet på Elvemyr br. nr 4 på Nedregotten kort tid før rivinga av heile tunet.

Eit av husa på bruket Elvemyr br. nr 4 på Nedregotten kort tid før rivinga av heile tunet.

Løa på Elvemyr br. nr 4 under Nedregotten kort tid før rivinga av heile tunet.

Utsyn frå stoveglasa på Elvemyr br. nr 4 under Nedregotten kort tid før garden vart jamna med jorda.

Husmannsplassen Elvemyr, bruksnummer 4, vart frådelt det no nedlagde gardsbruket Sirigarden gnr. 5 bnr 3 på Nedregotten. Tidligare var dette stort sett bømark mot grensa til Emblemsgardane, men frå 1850-åra vart det trongare om plassen då stadig fleire born vaks opp som følge av vaksinasjon og auka fokus på hygiene gjennom so kalla Sunnheitskommisjonar, leia av presten, kommunelekjaren og andre frå dei øvre lag. Emblemsbygda var ikkje noko unntak og den 2. juli i 1864 skreiv gardeigaren Claus Olsen Magerholm, med opphav i Negarden, under på skøytet til Carl Elias Syverson Framhus (1823-1884) frå garden Framhus på Stranda. frå det tingleste skøytet i 1868 kan ein mellom anne lesa følgande:

14. januar 1868
Skjøde

"(...) Claus Olsen Magerholm Eier af gaardparten Gotten nedre (..) Borgunds Sogn og Thinglag (...) til Carl Syversen Fremmerhuus et stykke udyrket bømark af (..) Gaardbrug (..) 80 - otti- speciedaler. Med kjøbet følger forholdsmessig andeel i hovedbrugets Udmark og tilligende i Forhold til den Skyld der vil blive avtalt paa Markstykket Samt (..) paa bømarken   Ved Skyldforretning (..)  Omkostninger betales av Kjøberen. (..)

Den første brukaren
Carl gifte seg i Ørskog prestegjeld den 29. juni i 1858 med Anne Caroline Larsdotter Hatlemark (1838-1907). Ho kom frå bruk 2 i Tussvika, som ligg rett over fjorden for Emblemsbygda og var del av Ørskog prestegjeld den gongen. Saman rydda dei stykket og dyrka opp jorda kring tunet. Den særmerkte stova på plassen vart kjøpt brukt ein stad i indre fjordstrok og kom kanskje frå området kring heimstaden til Carl på Stranda. Det vert fortalt at stova var gammal alt på den tida ho vart flytta. Den minner mykje på «Strandastova» som i dag er å finne på Sunnmøre Museum. Huset var ei gamal røykstove som kanskje opphaveleg hadde jordgolv, men som no vart sett opp på høgre murar slik skikken var på Emblem. Ei slik røykstove var vanleg byggeskikk frå 1600-talet og godt inn på 1800-talet. Karl fekk skøyte på husmannsplassen i 1964 for 80 Speciedalar pluss omkostningar og fekk bruket skyldsett til 14 skilling i 1867. Sonen "Rese-Karl" fortel seinare at faren starta ryddinga av plassen i 1860-åra, så det kan tyde på at han var ein driftig kar. Vegen frå husmann til sjølveigar vart temmeleg kort, men det er mogeleg at han hadde litt pengar på kistebotnen frå før av også. I tillegg så lånte han pengar i banken til nybygg.

I 1865-tellinga for Borgund, finn me att Karl og Anne Karoline. No nyttar dei nye førebokstavar i namna sine. Dei har på denne tida tre døtre og ein son. Anne Severine er eldst og fødd i Ørskog prestegjeld i  1857. Ho gifte seg i 1887 med enkemannen Ole Britanus Iversen Brandal (1832-1911) frå Hareid. Han var registrert som busett på Gjøsundsæther på Valderøya ved giftermålet. Nummer to i borneflokken var Elen Christiane (1860-1935). Ho vart fødd på Sjøholt i midten av februar, så då hadde familien enno ikkje flytta til Emblemsbygda. Elen fekk i 1885 ei dotter med tenesteguten Jonas Paulsen Hole (f.1862), før ho fleire år seinare gifte seg med enkemannen Sigurd Martinus Simonsen Flatnes (f.1858). Han kom frå Sæbø, men dei busette seg på Frydenlund, bruk nr. 10 på Blindheim. Staden har i våre dagar adressa Gamle Vegsundveg 23. Gurine Jacobine Karsld. Nedregotten (f.1862) finst der lite opplysningar om. Ho vart kun folketelt som 4 år i 1865-tellinga og døydde truleg ung.

Johan Laurtiz Marthinus (1865-1953) vart seinare brukar på ein del av Elvemyr 4 saman med broren sin. Han skal me kome attende til etter kvart. Det samme gjelder nestemann, Ole Martinus (1865-1939) som tok over småbruket etter foreldra sine.

Lisa Petrine Olivie (f.1872) var nummer 6 i borneflokken. Ho drog til Minneapolis og Amerika i 1893. Der gifte ho seg i 1897 i Seattle med sambygdingen Johan Peter Larsen Røssevold (1873-1945) frå bruksnummer 4, kalla "Nygjerdet" på Røssevollen. Broren Simon Elias Karls. Nedregotten (1876-1954) vart brukar på naboplassen til Elvemyr 4 som heitte Løvika og ligg nede ved sjøen med bruksnummer 7. Den nest yngste heitte Karl Andreas Karls. Nedregotten (1878-1970) og vart nesten hundre år gamal. Han fekk frådelt eit stykke som heiter Myrvang 10, eller "Reset" på folkemunne. Han livnærte seg som hovudsakleg som skomakar og telefonstyrar i bygda frå småbruket sitt.  Anne Mathea Karlsd. Nedregotten (f. 1881) var yngst. Henne veit me førebels ikkje meir om.

I 1865 hadde familien også ansvaret for legdslem Berte M. Rasmusdotter (f. ca.1813) Ho var enke frå Ørskog prestegjeld. Det kan stemme godt med Berte Marie Rasmusdotter Hatlemark som var mor til Anne Karoline og dermed mormor til dei 9 ovanfornemnde borna på Elvemyr. Der hadde ho nok truleg nok å henge fingrane i om ho var i stand til det, men mest sannsyneleg så var ho hjå dottera fordi ho var sjuk allereie då og døydde det påfølgande året.

Då Karl døydde, i 1882, var han berre 59 år gamal. Frå skiftet etter han var det ektemaken som fekk de meste. I tillegg fekk borna Lisa, Anna, Elias og Karl 26,89 kroner kvar. Det er underleg å merke seg at dei var fleire attlevande søsken som ikkje fekk noko. Kanskje var det alt då ein plan om at Johan og Ole skulle få ta over bruket?Anne Karoline gifte seg opp att med enkemannen Willem Andreas Hansen Hatlehol(2) (1818-1898) den 9. oktober 1887. Saman dreiv dei plassebruket i omlag 13 år til. Willem, eller Vilhelm kom frå Hatleholen Ytre der han hadde vore brukar frå omlag 1845. Han hadde vondt for å klare seg der, og måtte be om kår allereie i 1850, 31 år gamal. Vilhelm budde på Hatleholen til kona, Jørgine Andersdotter Dragsund, døydde i 1884. Etter omlag tre år gifte han seg opp att på Elvemyr. Dei fekk ingen born saman.

Ole tek over

Anne Karoline overlet småbruket i 1899 til den nest eldste sonen, Ole Martinus. Han vart gift i 1899 med Antonie Hanna Larine Henriksdotter Klombreholm (1877-1913) frå Notø i Herøy. Ho løyste innflyttelsesattest på nyttårsafta i 1898, omlag 4 månader før bryllaupet, så dei var truleg forlova allereie då. Det kan vera nærliggande å tru at dei kan ha møtt kvarandre medan Ole var på fiske ute ved kysten. Då kunne båtlaga vere vekke i dagesvis og leigde seg inn i sjøbu eller naust nærare fiskefelta. Dei to fekk ingen born, men i 1910-tellinga er ein pleieson nemnd. Det var Karl Erling Rudolf Simons. Nedregotten, frå Løvika. Han var nevøen til Ole og frå grannegarden. Ole døydde i 1939 på Borgund gamleheim ved Borgund kyrkje. Kor lenge han budde der er uvisst, men der finst ei salgskontrakt på Elvemyr der Ole sine framtidige kår vert nemnd. 

I 1900-tellinga budde også to av brødrene til Ole, Karl og Johan, fortsatt heime. Johan var fiskar, medan Karl var skomakar, og moglegeins telefonbestyrar alt i 1897. Rikstelefonoversikta frå januar 1998 vitnar i alle fall om privat telefonsentral på Nedregotten i 1898, og eg veit ikkje om nokon annan enn Karl. Han fortalde sjølv til bygdebokforfattaren at han hadde vore telefonbestyrar i «alle år». Kanskje heldt han til på heimgarden, eller så hadde han allereie fått leige seg plass i huset i Guttormgarden på Nedregotten. Først i 1910 fekk han frådelt ein eigen del av farsgarden oppe på Hjellhaugreset som fekk namnet "Myrvang 10". Han fekk då tilnamnet "Rese-Karl".

To familiar på Elvemyr

I 1910-tellinga er det berre Johan attende på plassebruket. Han dreiv fiske som attåtnæring og de verka som om han no hadde tatt over etter bror sin, men det finst ingen formelle papir i panteregisteret som bekreftar dette. Det er kun 1910-tellinga som oppgir Johan som husfar i huslyden på Elvemyr 4 det året. 0g at det var kun Johan sin vesle familie som var heimehøyrande på bruket det året. Men der finst eit folketellingskjema til. Der er Ole husfar. Han bur der saman med kona Antonie og eit oppfostringsborn som er frå Ålesund og heiter Karl Karlsen (f.1904). Det er uvisst om der i tillegg var nokon slektsforbinding. Der var med andre ord to familiar heimehøyrande på det samme gardsbruket og slik fortsette det å vere to hus på tunet. Det var den gamle røykstova og eit litt nyare hus like ved.Eg kan ikkje sjå at dei skreiv nokon formell avtale. Truleg var det slik at Ole framleis var den formelle eigaren av bruket. Det er også interessant å merke seg at Johan hadde gifta seg med med Elise Petrine Karoline Henriksdotter Klammerholm (1874-1913) frå Notø i Herøy. Ho var søstera til Antonie, før henne, og ho hadde mellom anna arbeidd som tenestejente hos ei anna søster på Giskegjærde før ho kom til Emblem. Dei fekk ikkje noko langt ekteskap. Allereie i 1912 vart familen råka av sorg.

Johan og Elisa fekk i alt 4 born saman. Karoline Johansd. Nedregotten (1910-1912) var eldst. Ho fekk ikkje oppleve den andre fødselsdagen sin. Den samme skjebnen fekk den neste Karoline, med tilleggsnamnet Brutva. Det kan verke litt underleg at ho fekk same namnet som storesøstera si, då slik namngjeving var mest vanleg dersom den eldste daottera allereie var død. Slik var det ikkje i dette tilfellet. Karoline Brutva Johansd. Nedregotten (1911-1912), men ser ein nærare etter i dåpspapira så vart Karoline døypt i 1912, etter at storesøstera allereie var død. Det kan då verke som om ho fekk eit nytt namn etter at storesøstera døydde den 22. januar 1912 av "hjernebetennelse". Dette var omlag ein månad etter Karoline Brutva kom til verda på sjølvaste julafta. Den 9. mai måtte Johan og Elisa følge også Karoline nummer to til grava. Ho døydde av lungebetennelse. Prøvelsane i den vesle familien stogga dessverre ikkje der. Dei fekk ingen fleire born og åert etter, i august 1913 vart han også enkemann. Dei hadde truleg visst ei tid at det bar mot slutten. Elise fekk nemleg lungetæring, også kalla tuberkolose. 

Det tok omlag 1 1/2 år før Johan gifte seg på nytt. Den utkåra heitte Oline Marie Rasmusdotter Østremsreit (1879-1947) og kom frå Stigeplassen i Emblemsbygda. Dei gifte seg den 25. januar i 1915. Det kan ikkje ha vore den enklaste årstida å feire bryllaup på. 3. desember 1915 fekk Johan nok ein knekk. Sonen Karl vart fødd, hastedøypt og døde den same dagen. Han vart døypt av jordmor Oluffa Mork frå Petersplassen med bruksnummer 5 i nabobygda Blindheim. Foreldra var dåpsvitne. På det fjerde forsøket fekk Johan endeleg ei jente som fekk leve opp den 20. november i krigsåret 2016. Det var (Lisa) Elise Hansine Petrine Johansdotter Nedregotten (1916-2004). Ho vart etter kvart kjend som Myre-Lisa

Frå heimebuande til å stå på eigne føt

Den 11. juli 1910 var småbruket Myrvang 10, kalla "Reset" frådelt og fekk tunstad ved Hjellhaugreset på bakken bak bedehuset. Parsellen fekk 10 øre i skyld og bruksnummer 10 på Nedregotten. Dit flytta altså broren, Karl med familien sin. Dei var no heile 5 i i det nye huset med eigne rom til skomakarverkstad og telefonsentral. Utanfor byrja etter kvart dei eldre mannfolka å "samle seg til børs" for å frette nytt. Du kan lese meir om dette i ein eigen tekst om småbruket Myrvang 10 og under næringsliv i venstremenyen, der historia om telefonstasjonen er publisert. 

Dei var no 4 brør busett på tre nabobruk omlag midt i bygda. Simon budde i Løvika, Ole og Johan i kvart sitt hus på Elvemyr 4 og Karl på Reset. Men heilt enkelt skulle ikkje livet verte. Karl måtte sette opp husa sjølv på Reset, i tillegg til investeringar i verkty, gjerder og sommafjøs oppe i fjellsida.Der finst ingen registrerte lån på eigedommn, men i 1913 gjekk det gale. Han vart skuldig 111,10 kr. til Albert Petersen i Bergen. Då han ikkje klarte å betale så enda det med tvangsauksjon 24. mars det samme året.

Deretter vart det ein rolegare periode utan særleg med tinglysingar på Elvemyr 4 før 1932 og 1933. I Løvika, derimot, måtte broren Simon Elias ta opp ein rekke lån for å klare seg. Dette var usikre tider der sjølv bankar gjekk over ende og innskytarane, som var folk flest, hadde mista det lille dei hadde til overs. Det var vanskeleg å finne jobb og etterverknadane etter dei vanskelege 20-åra prega fortsatt mange i bygda. Der var også dei som måtte gå frå gard og grunn. Det verkar som om Ole på Elvemyr klarte seg hakket betre enn dei to brødrene som heilt eller delvis måtte dyrke opp og bygge seg nye hus attåt. I 1932 var både Simon og Karl skuldig pengar til broren Ole, og dei makta ikkje å betale attende noko av det dei hadde lånt. Pengeboka var rett og slett tom. Det vart difor krevd utpanting i Løvika og på Reset. Det var ikkje snakk om så mange hundre kronene per mann, men omlag 500 kroner var mykje pengar den gongen. Alt for mykje til at Ole kunne ettergje slike summar i lengda. I følge pantepapira så let han vere å kreve verdiar som husdyr, skomakar-reiskap og båt. Alt dette var livsviktig om brørne skulle greie seg vidare. Ole krevde difor å få sikre eg medeigar-rett i bruka deira tilsvarande det skuldige beløpet. Soleis kunne han kreve sin del om gardane vart selde seinare. Han visste nok at der var reell fare for tvangsalg dersom andre kreditorar krevde det.

Tvangsalget

Samstundes vart Elvemyr 4 seld på tvangsauksjon, og her fekk brukaren sjølv, Ole Martinus Karlsen Nedregotten tilslaget på garden sin for 3000 kroner. Kvifor let han eigentleg garden sin gå på tvangsauksjon når han hadde pengar til å betale? Svaret er truleg at han sat i uskifta bu utan å få nokon skrifteleg kontrakt frå mor si før ho døde i 1907. På den tida budde jo fleire av brødrene heime fortsatt. Det an verke som om Johan og Ole vart buande i kvart sitt hus på garden, medan Karl fekk frådelt eit stykke av farsgarden. Sjølve frådelinga vart tinglest på han, men dei andre ordningane hadde dei nok berre avtalt innbyrdes for å spare ekstra utgifter til det offentlege. I so fall så var det ingen god idé på sikt.

Ole var heller ikkje den eldste sonen med odelsretten på si side, for det var Johan, og der var var no fleire brør som trong økonomisk hjelp. Faren var truleg reell for at kreditorane til Simon Elias og Karl kunne kreve verdiar og utpanting i Elvemyr 4 i staden. Av ein eller annan grunn så vart søskena ikkje einige om ein avtale der Ole vart juidisk eigar av farsbruket. Det einaste valet vart difor tvangsalg. Videre hadde Johan heile tida budd på garden, om enn i eigne hus. Situasjonen hadde nok vore grei mellom søskena i mange år, men med nedgongstider, så vart det truleg behov for ei meir formell ordning og dokumentasjon. Det verkar som om Johan støtta Ole.

Ein kan nok tenke seg at al dette ikkje fall i god jord hjå brørne. 30-talet var ei vanskeleg tid for svært mange i Norge. Mange gjekk arbeidsledige og handelsmenn sleit med å kreva inn det dei hadde seld på krita. Det kan verke som om Ole hadde vist omtanke med å ikkje kreve ut verdiar med det samme. På den andre sida så vart Karl og (Simon) Elias sett i eit dårleg lys for heile bygda. Det fortsette med rettsak om kven av dei som kunne kreve full eigedomsrett til farsgarden, Elvemyr 4. Det enda med at Ole vann rettsaka og fekk einerett på den garden som han hadde drive i mange år. Han stod også før desse to brørne i odelsrekka. Det enda med at saksøkarane vart skuldig pengar i mellom anna saksomkostningar til statskassa. Desse skulle att på til betalast innan 14 dagar.

Eg veit ikkje kva som hende vidare i detalj, men Ole skylddelte i alle fall ein parsell på omlag 3 mål med 5 øre i skyld til storebroren Johan den 6. februar 1934. tomta omfatta staden der han hadde det kvite huset sitt på gardstunet. Det kan verke som han ikkje betalte noko, men fekk det frådelt rettsleg så lenge han sjølv budde i sitt eige hus der. Etterpå skulle tomta gå attende til hovudbruket igjen. Den skylddelte tomta fekk namnet "Furly". Det kan verke som om dei kom godt ut av det med kvarandre og ei ryddig kontrakt kunne også hindre framtidig uvenskap. Johan var heller ikkje med på tvistemåla. 

Bruket på veg ut av slekta

Ole vart verande i berre 3 år på heimgarden i bygda. i byrjinga av 1936 selde han Elvemyr 4 til fattigvesenet i Borgund Kommune for 4000 kroner mot å få plass på den kommunale gamleheimen. Han nærma seg no 70 år. På den tida var det enno meir vanleg å selge til neste generasjon mot å få kårkontrakt der ein vart sikra mat og pleie av den oppveksande slekta. Slik vart det ikkje i dette tilfellet. Det kan verke som om Ole var føre si tid. Eg har ikkje funne den fullstendige kontrakta, men der må ha vore ein klausul om at Johan, og seinare dottera Elisa, eller "Myre-Lisa", fekk bu der så lenge dei sjølv hadde ynske om det. Dei fekk også disponere dei 5 måla med jord og driftsbygningane. Det omfatta mellom anna ein litan fjøs nærare grensa til nabobruket Tryggeset. Etter dei gjekk dette attende til hovudbruket igjen.

Etter kort tid, den 7. april 1936 selde så Borgund kommune ved ordførar H. M. Blomvik garden vidare til  Glasmeister Einar Anton Waldemar Berg (f.1867) og kona Lina Olsdotter Valdal (1883-1967?). for den same summen. Med salet fortsette dei same rettigheiter og forpliktelsane, som Ole tidlegare hadde sett i forhold til broren johan. I Kontrakta nytta kjøparane etternamnet Bergh, men det var truleg berre ei forfina form. 

Lina kom frå Megarden i Valldalen og var i følge bygdeboka for Norddal dotter til telegrafist og sersjant Ole Martinus Ols. Valldal(429c) (1850-1901) og hans andre kone, Else Olsdotter Valldal(174) (1862-1923) som var jordajente på dette bruket. Einar finst der også ein del opplysningar om. Han vart både født i Veøy prestegjeld i Romsdalen. Faren kom opphaveleg frå Trondheim og heitte Joackim Adolf Berg. Han var glasmeister av yrke og ein veit at familien kom til Kipervika i Ålesund før 1875. Mor til Einar heitte Karen Einarsdotter og kom frå Sølsnes i Veøy prestegjeld i Romsdalen. Det var nok etter morfaren sin han vart oppattkalla etter, og det var kanskje der dei hadde budd ei tid også. Einar gjekk ikkje automatisk i farens fotspor. Han hadde først gått i feiarlære og arbeidd ei tid som vaktmeister. Han hadde tidlegare vore gift med Petra Marie Severine f. Rodt (1865-1912) frå Ålesund sidan 1891. I 1900 var familien busett i Florø der han budde i eit forretningslokale i Strandgata og arbeidde som både feiar og vaktmeister. I 1912 var han "sundhedsbetjent" i Florø og flytte kanskje heim til Ålesund etter at Petra døydde av magekreft det året. I 1914 er han i alle fall busett i Ålesund igjen og fortsette med samme yrke der. Årsaka til flyttinga var truleg at der var familie og vener i Ålesund som kunne hjelpe ein enkemann. Dei fleste ungane var då store nok til å greie seg sjølv. Elles ville det nok vore uvanleg å vente i to år før han gifte seg om att.

Han hadde borna Bernhard (Nikolai) Berg (1891-1968) og Palma Kaspara Berg (1894-1984), som begge vart fødde i Ålesund. Yngstemann heitte Nils Henry Berg (1897-1969) og kom til verda i Florø. I tillegg hadde dei fått borna Joakim (1893-1893) og Emma (1894-1894) som ikkje levde opp. Familien budde der i 1910 også. Då hadde Einar vorte feiarmeister og "nattkonstabel", eller vektar. Familien budde framleis i huset i Strandgata som også vart nytta til rådhus. På eit eller anna tidspunkt vart Einar truleg enkemann og gift på nytt med Lina. Problemet er berre at desse opplysningane enno ikkje er funne. Heile familien flytte attende til Ålesund. Palma gifte seg med Ole Karl Jacobsen (1886-1957) medan Nils Henry gifte seg med Inga Søvik (1882-1958). Eldsteguten, Bernhard (Nikolai) Bergh (1891-1968) fann seg kone inne på Emblem. Det var Sofie Petrine Nedregotten (1896-1983) frå nabobruket Myrvang 10, som var dotter til Karl Andreas "Rese-Karl" Karlsen Nedregotten og (Lovise) Gurine Sevrinsdotter Nedregotten på nabobruket Elvemyr 8. Karl kom som kjent frå dette bruket, så dermed vart både gamal og ny elvemyr-slekt bunde saman via dette ekteskapet. 

Borna til Einar var alle saman godt vaksne då eigedomen på Emblem vart kjøpt. Eg veit heller ikkje om det var snakk om ei investering, eller at det var meininga å busette seg der. Einar var godt vaksen då han kjøpte Evemyr 4 på Emblem, og gardsdrifta vart hovudsakleg lagt ned på samme tid. 22. april 1939 fekk kona, Lina, overført eigedomen til sitt særeige frå Einar. Verdien vart då sett til 4000 kroner. Ho vart kanskje enke omtrent på den tida og selde bruket vidare til Skipper Johan Andreas Jakobs. Torvik (1884-1969) i 1941.

Torvikslekta kjem til bygda

Frå 1941 kom Torvik-slekta til bygda. Det er mogeleg at dei kjende familien Berg frå før via foreksempel pinsekirka i Ålesund. Bornebornet Arne Ivar Solbakk fortel at ei av døtrene til Einar Berg vart gift med eit søskenborn til mor til Arne. Det kan soleis vere at familen Beg og Torvik var godt kjende frå før. 

Johan kom opphaveleg frå Torvik i Vanylven Han var først gift med Marie Olava Oldsotter Løvik (1887-1924) frå Volda. Dei budde i Volda og fekk to born. Den eldste var John Andreas Thorvik (1907-1972). Han vart fødd i Løvik i Volda og  gift med Kjellaug (1911-1992). Dei busette seg i Ålesund.  Agnes Martha Thorvik (1909-1996) var nummer to. Ho vart fødd på Gjøsdal i Volda den 18. september, men også ho flytta til Ålesund. Agnes gifte seg med Ivar Karlsen Solbak (1905-1986) frå bruk 7 på Sørneset. Dei budde i Skuggen ved Nørvasundet då sonen Arne vaks opp. 

I tillegg fekk dei borna Ole Magnus Torvik (1912-1993) som gifte seg med Margret. Den neste var Ludvik Torvik (1914-1934) som døydde av tuberkolose. Deretter kom Malvin Johan Torvik (1917-1998) som var gift med Thora Oline Nordstrøm, og var krigsseglar. Søstera Solveig Torvik (1918-1943) døde også av tuberkolose og vart lagt inn på Kringsjå i 1940-41, men fekk også oppleve å sjå Elvemyr inne på Emblem to gongar. Ho vart då køyrt innover med drosjebil.  Skipper Torvik hadde altså 6 born kring 1920. Marie hadde med andre ord nok å henge fingrane i medan ektemannen var ute på fiske. Han var i tillegg Kaptein på D/S "Sælfangeren" på selfangst i mellom anna 1919 , 1920, 1921 og 1922. Då kunne han vere ute over lenger tid og i fleire omgongar det same året. 

 I slutten av 1921 vart eldstesonen konfirmert i Ålesund kirke. Då hadde familien flytta til Kolvikbakken, der dei skulle verte buande i ei rekke år. 1924 vart eit tungt år for Johan. Marie vart på våren lagt inn på Ålesund Sjukehus med tarmslyng. Det endte tragisk og den 5. mars vart Johan enkemann. Han sat att med borna i alderen 17 til 6 år. Dei eldste var konfirmerte og på den tida meir eller mindre som vaksne å rekne. Men dei kunne sjølvsagt ikkje ta over mora sitt ansvar åleine.

Den 24. februar 1925 gifte Johan seg på nytt. Den utkåra var Elisabeth Olsdotter Løvik (1901-1980) frå Volda. ho var svigerinna til Johan og veslesøster til Marie. Ho hadde ei tid arbeidd som "husbestyrerinde" på Nørve. og han vart også omskriven som busett på Nørve i vigselsprotokollen. Det kan difor vere grunn til å tru at ho hadde kome frå Volda for å hjelpe svogeren sin etter at han vart enkemann. Det var ikkje så lett å ta seg av familie og heim når arbeidsplassen var ute på sjøen. Dei fortsette å bu i Kolvikbakken, der dei tre neste borna kom til verda. Alle desse skulle dessutan verte emblemsbygdarar med tid og stunder. Frå vigselsprotokollen kan ein også sjå at presten har nytta skrivemåten Thorvik og ikkje Torvik. Det er omtrent det same som vart Einar Berg til del. Gradvis byrja også andre i slekta å nytte ein h i etternamnet sitt.

Maggy Torvik (1925-2012) var den eldste dottera til Elisabeth og Johan. I 1947 gifte ho seg med Knut Lauritz Akslen (1925-1998) som vart gardbrukar på Øvste-Aksla på Emblem. Den neste var Martin Mork Thorvik (1926-2004). han tok seinare over Elvemyr etter foreldra sine. Han fekk mork-mellomnamnet som den einaste i borneflokken. Det er nok truleg at han fekk det etter besteforeldra sine på søre Sunnmøre . Han skal eg kome attende til etter kvart. Einar Thorvik (1927-1999) var nest yngstemann og budde det meste av livet på Elvemyr 4 på Emblem. Han budde der faktisk lenger enn Martin. Han skal me også kome attende til. Den siste i ungeflokken var Rut, men ho døydde tidleg. nevøen, Arne Ivar Solbak, fortel at mora kalla henne en liten engel, men ingenting om dødsårsaka vart nemnd. Johan var med andre ord far til 10 og det var faktisk ikkje så uvanleg på byrjinga av 1900-talet.

Elisabeth byrja gradvis å nytte Elisa og Lisa i staden. Det kunne kanskje verte litt forvirrande når der etter kvart skulle verte to "Myre-Lisa" på samme bruket. Begge nytta også tidvis Elisa. Etter kvart flytte Thorvik-ætta frå Kolvikbakken til Ravika kring 1938-39. Der budde dei til dei kjøpte bruket på Emblem i 1941. Arne Ivar Solbakk minnes at det var kjekt å ha besteforeldra så nær dei første åra. Han sjølv budde i Skuggen og var ikkje like glad for at dei bestemte seg for å flytte heilt inn på Emblem. Men etter kvart så skifte han meining og har i dag mange gode minne frå nettopp "Myrane". Sidan mora vart fødd i 1909, så vart ikkje aldersforskjellen til dei to yngste onklane så alt for stor.

Skipper Torvik var 57 år gamal då han kom til Emblemsbygda. Elisabeth var berre 40. Dei busette seg i den gamle røykstova attmed Johan Lauritz Marthinus Karlsen Nedregotten (1865-1953), kona Oline Marie Rasmusd. Nedregotten (1879-1947) og dottera "Myre-Lisa" frå gamleslekta på bruket. Dei kom truleg godt ut av det med kvarandre, for den opphavelege kontrakta på 5 mål av Elvemyr skulle nok eigentleg berre gjelde for Johan Nedregotten si levetid. Men det enda med at også dottera fekk fortsette å bu der etter foreldra sine. Ho var omtrent like gamal som Maggy, Einar og Martin, og ein god granne. Med familien Thorvik vart det også litt gardsdrift att. Judith Kvangarsnes (f. Akslen) frå Skaret hugsar at Elisabeth (Elisa) setra i Torvikselet på Østremsetra på 1940-talet. Ho var også aktiv i helselaget og Jenny Mine Ulstein minnes at "fru Torvik" var ansvarleg for barnekontrollane på gamleskulen på Skaret kring midten av 1950-talet. Då hadde husmorlaget på Emblem kjøpt bygget og kalla det "Husmortun".

Martin tek over

Eg er ikkje heilt sikker på når sonen Martin tok over Elvemyr. Bygdeboka for Borgund og Giske er oppdatert fram til hausten 1961. Då var foreldra framleis grunneigarane på bruket. Årsaka til dette var truleg at Martin valde same yrket som faren. Han gifte seg med Elisabeth (1918-1984). Dei var begge ute på sjøen saman. Ei tid budde dei også like ved innkjøringa til "Ny-skulen" på Emblem, som nærmaste naboar til familien Hansen. På 1970-talet vart Emblemsbygda og Flisneset peika ut som framtidige tomtestadar for boligutbygginga i Ålesund kommune. Ein starta med byggefeltutbygging på Flisneset, og planla samtidig små felt i mellom anna Løvika og på Elvemyr 4. Dei gamle dyrkamarkane til Johan Nedregotten og delar av tunjorda til Skipper Johan vart no lagd ut til utbyggingsformål den andre halvdelen av 1970-talet. Kring 1980 finn ein namnet til Martin Thorvik som grunneigar på dei siste tomterfrådelingane. Det kan vere omtrent då Elisabeth skøytte frå seg bruket til eldstesonen. 

broren, Einar Thorvik (1927-1999), er truleg den dei fleste i nyare tid kan hugse på Elvemyr. Han arbeidde som målar og var ugift ugift. Einar tok over gamlehuset som hadde stått der heilt sidan bruket vart oppretta på 1860-talet. Tunet vart halde godt i stand og framstod nærast som ein historisk Oase midt i bygda. hovudbygningane låg fint i terrenget mellom bergknausane. Det store tuntreet gav ly for véret og ein kunstnarleg utforma portal vart sett opp ved inngangen til sjølve tunet. På fine sommarkveldar kunne dei næraste grannane høyre tonar frå Einar sitt trekkspel ute på tunet. Han var ein av dei mest trufaste supportarane til bygda sitt A-lag i fotball, og ein kunne møte han støtt og stadig langs vegen i bygda på sine eldre dagar. Han tok gjerne med seg sykkelen med påmontert trekasse over framhjulet.

Einar hadde mange gode vener i bygda. Olav og "Tulla" Nedregotten i  Løvika var to av dei han var mykje i lag med. Det hendte også at dei tok seg bilturar i kringom i distriktet saman. På sine eldste dagar vart det alt anna enn lett å bu heime åleine. Dei siste leveåra budde han i tilpassa leiligheit ved Ålesund Sykehjem ute i Borgundvegen. Det var kjente tomter for Einar, som budde dei første leveåra sine i Kolvikbakken.

Martin flytte attende til Elvemyr etter at han vart enkemann i 1984. Det var eit dødsfall som han tok svært tungt. Kvardagen vart ikkje det same utan Elisabeth. Dei siste åra selde han selet og delar av bruket. Han kom også til ein avtale om å selge bruket til Arvid Madsen og Berit Solnørdal i Guttormgarden. I 2007 selde Berit bruket vidare til Westre Distrikt a/s med ti års begrensa bruksrett og tillatelse til å skilje ut tomter frå bruket fram til 2017. Martin skilde seg ut ei boligtomt med bruksnummer 96 i byggefeltet like ved gamlehusa, men det vart ikkje bygd noko der før han døydde i 2004.

Frå gardsbruk til byggefelt

På 1970-talet byrja Ålesund kommuna å sjå seg ikring etter stadar som kunne nyttast til framtidig husbygging. Fleire husvere og tomter gav rom for fleire innbyggarar og økonomisk vekst for både distriktet og kommunekassa. Eg tviler på at nokon var i stand til å fatte den gongen kor store endringane skulle bli. I indre bydel var moglgheitene størst, men det krevde at mykje god landbruksjord vart lagt under asfalt og sement. Det er kanskje mest synleg for den som ser på bileta av dei store slåttemarkane oppe på Moa kring 1960. I våre dagar er det så og seie kun grøftekantane att som er grøne.

På Blindheim, Flisneset og Emblem fanst der også areal som ikkje berre var rein landbruksjord. Etter kvart vart også myrane fylt med pukk og erstatta med gater og eineboligar. Elvemyr tilhøyrde ikkje den kategorien, men bruket var ikkje lenger i drift, og slik hadde det vore ei god stund. Difor vart det også enklare å få tillatelse til å selge ut tomter på nedsida av tunet. Dei fleste vart selde frå 1978 til 1980. Elvemyrtunet fekk derimot stå i fred som ei lun oase og eit minne om ei anna tid i bygda vår. Her var det så visst ikkje nytta dynamitt til å jamne ut. Murane vart bygd fint inn i terrenget attmed berget som stakk opp i dagen akkurat der. Røykstova på Elvemyr er kanskje det eldste huset som framleis var i bruk nesten heilt til 2000. Det er i alle fall i god konkurranse med Auregardshuset og vart også mindre ombygd. Når Einar ikkje lenger klarte seg på eiga hand og flytta utover mot byen så vart også forfallet raskt synleg 

Westre Distrikt a/s hadde nok ingen planer om å restaurere og å ta vare på det særeigne tunet. Dei fleste husa var og så i så dårleg forfatning at dei vart  rivne hausten 2008. 

(Under arbeid)

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

ann-mari | Svar 01.09.2013 16.59

De møttes sikkert andre dager der også, men husker spesielt at min bestefar var kledd i svart dress og skipperlue. stengte varmen ute sa de. Kos med pipe/skrå

ann-mari | Svar 01.09.2013 16.53

Husker godt skomakeren. Han og min bestefar lå ofte søndagene tilbakelendt på gressbakken foran skomakerhuset i Resebakken, det var møteplassen deres.

Svein Ove 01.09.2013 20.45

Du finner en egen tekst om Telefonstasjonen og Rese-Karl under "Næringsliv" i venstremenyen

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE