Kalkomnen på Magerholm

Peder Magerholm ved Restane av kalkomnen kring midten av 1980-talet. Lysbildefoto: Sigurd Langleite

Restar av kalkomnen

Bilete av korleis kalkomnane ein gong kan ha sett ut. Foto: Sigurd Langleite

Restar av kalklageret. Foto: Svein Ove Østrem

Restar av den eine kalkomnen. Foto: Svein Ove Østrem

Skisse som syner tversnitt av ein kalkomn

Peder Magerholm fotografert ved sidan av kalklageret kring midten av 1980-talet. Foto: Sigurd Langleite

Kalkåra gjennom bygda er tydeleg for den som går nede på svaberga ved fjorden. Dette biletet er frå Østremsjøen lenger vest. Foto: Svein Ove Østrem

Fleire stader ligger kalksteinen fritt på berga. Ikkje rart ein vart freista til å utnytte denne viktige ressursen. Foto: Svein Ove Østrem

Historia om Kristen Magerholm og kalkomnane på Magerholm.
av Svein Ove Østrem


Du har kanskje sett restane av gråsteinmurar i sjøkanten eit lite stykke utanfor fergekaia på Magerholmen. Det er ikkje lett å sjå i dag kva som ein gong har vore der.

Borgundpresten Hans Strøm beskriv alt i si bok: "Physisk og Oekonomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør" frå 1762 at det "hist og her" på Sunnmøre finst ei samanhengande Marmor-kalkstein-åre som kjem for dagen ei rekke stader på Sunnmøre. Denne kalkåra kan ein spore heilt frå holmar i Ellingsøyfjorden, via Spjelkavik, Humla, Blindheim, til Magerholm og vidare under Storfjorden til Sykkylven. Den geologiintresserte presten var og på Magerholm og ved Klebershammeren, men nemner ikkje kalkåra eller moglegheiter for utvinning og brenning av kalk, slik han nemner andre stader i distriktet og i Spjelkavika. Andre stader i Norge er kalkbrenninga nemd allereie i middelalderen og i eit dokument fra 1336 vert alle skogar og almenninger i Asker og Bærum  lagd under Mariakirka i Oslo for å halde i gang "limovner" og teglovner til kirkens behov.

Kva vart kalken nytta til i gamle dagar

Limstein er eit eldre ord for kalkstein og på plassar med hard marmorkalkstein kunne ein utvinne god byggestein for kirkebygg. Det var slik stein ein nytta til bygging av dei gamle steinkirkene i Borgund-Kaupangen. Ein kjenner dessutan til brend kalk som byggemiddel heilt attende til antikkens Hellas og i ei rekkje gamle kyrkjebygg attende til 1100-talet Brend kalk vart nytta som bindemiddel i mørtel når kalkpulveret vart blanda med vatn. Det engelske ordet "limestone" eller limstein kjem av at mørtelen "limar" steinane saman. Dette vart særs mykje nytta før sement vart teken i bruk, eller som kalkmaling av steinbygg slik som Borga på Østråt. Bøndene nytta kalk både på markane og på innerveggar som ei slags desinfisering av trefjøsa før dyra kom attende frå setra. I industrien vart kalk nytta både i papirproduksjon og ved smelteverka. Ei kalkåre kunne med andre ord gje ei kjærkomen ekstrainntekt til den som visste å gjere seg nytte av henne.

Kring andre halvdel av 1700-talet vart det leita etter gode utvinnbare områder på Sunmøre for blant anna jernmalm og det tyder på at fleire vart klar over mogligheiter for inntekt frå slike ressursar. Sunnmørsfogd og Kammerråd Ole Alsing gjorde seg soleis særs upopulær blant bøndene på Sunmøre og i Romsdal då han kjøpte opp nær sagt kvar brukbare tre i Romsdalen og nekta å selge treverk til bøndene i Amtet slik at dei kunne byggje hovedframkomstmiddelet, båten, eller byggje og reparere husa sine. Han skulle nemlig ha alt sjøl til den store Masomnen ved smelteverket sitt i innerst i Fannefjorden i Romsdal. Alsing sikra seg einerett til å utvinna jernmalm på Fiskå og Bergsøya, samt kalk i Ulsteinvik på Søre Sunnmøre. Han fekk frakta kalken og malmen nordover av dels utkomanderte bønder ei eit storstillt industriprosjekt til eiga vinning. like etter Alsing døde i 1780 vart smelteverket nedlagd og gruvene seld, men det sette nok eit støkk i dei som fekk oppleve konsekvensane.

Kristen Magerholm

Kristen Olsen Magerholm (1843-1932), på Krissenplassen på Magerholm, var ein mann med interesse for for geologi. Han fortel sjølv at han hadde vore mykje med på skjerp og leita etter mellom anna jern i fjella kring Magerholm. Han var på jakt etter sølv i Hessebergneset. og fortel vidare at eit "konsortium på  mann skjøt ut jernmalm i Eitråsen i 3-4 måneder og at han har funne jernmalm på Ørskogfjellet. Det er soleis ikkje så uventa at han starta med kalkomn på Magerholm saman med Klaus Olsen Magerholm (1820-1907) på hovedbruket og Anders Akselsen (1816-1879) på det vesle plassebruket Pe-Haugen. Som plassemenn hadde Kristen og Anders stort behov for ekstrainntekter for å få endane til å møtast. Dei var to av i alt 6 husmenn og ein dagarbeider som forsøkte å klore seg fast på berga kring Magerholm. Klaus hadde vore heldigare og gift seg til velstand hos enka Olave Gjetmundsdotter på hovedbruket og vart registrert som brukar På Magerholm i 1845. Borgundboka fortel at Kristen slapp innfestingsavgift på Krissenplassen mot å sette opp hus, men at han måtte betale kår til Berte Ellingsdatter, enka etter den forrige husmannen på bruket. Han skulle også betale årsavgift på 2 spesidaler til henne6. Han trengde med andre ord pengar til hus, avgift og  andre skattar og avgifter til konge og Amtet.

Det må ha vore ein litt rar oppleving for kristen å verte husmann på ein plass som faren hans, Ole Knudsen åtte og la inn under garden sin i si tid. Ole var sjølveigar og eide både Magerholmvik og naboplassen Nygjerdet som seinare fekk namnet Pe-Haugen. Bestefaren, Hallvard Abelset var den rikaste på Sunnmøre i si tid og skal ha kjøpt heile 18 gardar på ein gong. Kristen fortel P. Stensager at gardane til faren, Ole, Magerholmvika og Nygjerdet vart seld til Lars Straumgjerde på auksjon men fortel ikkje meir om årsaka. Borgundboka bidreg med informasjon om at faren overlet bruka til eldstesonen Halvor, som var sjukeleg og døydde som spedalsk. Halvor skal ha tatt eit slags kår hos Lars, truleg på grunn av helsetilstanden, men at Lars ikkje hadde makta forpliktelsane og at ein annan bror av Halvor og Kristen hadde bygsla garden. Halvor fekk bruke den eine stova og eit jordstykke. som ein del av bygselsavtalen. Kristen sin plass i arverekkefølga medførte dermed at han forblei husmann.

Kanskje var det nettopp dei ringe kåra som husmann og viten om at han var frå riksmannsætt som var del av drivkrafta til Kristen. Om han ynkste seg rikdom veit eg ikkje men det kan verke slik og han gjer fleire mislukka forsøk med leiting etter etter både sølv og krystall inne ved Hesseberg. Han fekk og eit tilbud på det som den i den tid var den enorme summen på kr. 5000,- for å selge ein marmorhaldig haug på plassen sin til en "Kristiania mand". Dei skreiv kontrakt på salet, men Kristen kunne ikkje gjennomføre salet uten at han fekk kjøpt plassebruket,og det sa eigaren Klaus Magerholm nei til. Om Kristen fortalde Klaus kvifor han ville kjøpe plassen veit eg ikkje noko om, men dei vart i allefall ikkje uvener av dette og dessutan samarbeidspartnarar på Kristen sitt neste prosjekt.

Kalkomndrifta


Kristen, Anders og Klaus starta kalkbrot og bygde kalkomn ved sjøen nedanfor husa på Pe-Haugen i 1867. Kristen var nok initiativtakaren, men han kunne ikkje realisere planane utan at jordeigaren tillot det heile eller selde staden, og det veit me at han ikkje ville. Kanskje følte Kristen at det var tryggast at Klaus var medeigar slik at det ikkje skulle verte like lett å stoppe drifta utan vidare. Klaus var også den einaste av dei som hadde pengar til å bygge for. Anders var Plassemann på Pe-Haugen og den som vart direkte ramma ved at ein måtte byggje annlegsveg, 2 omnar, kai og 2 lagerhus langs heile strandlina som Anders elles kunne ha nytta til beite og dermed eiga livberging.Det føltes kanskje også litt tryggare å vere 3 om arbeidet og utgiftene. Ragnar Øverlid  skriv i gardsoga for Borgund og Giske Band II at det var sakfører Ludvig Daae som skaut inn kapitalen og leigde ut verksemda inlkudert fraktebåt til Dei tre magerholmkarane for 200,- per år. Kva som er årsaka til at Klaus ikkje tok investeringsbyrden og dermed meir av inntekta, vei eg ikkje, men det er truleg at han ikkje forsto seg heilt på dette med kalkdrift og moglegheitene for fortjeneste slik som Daae tydlegvis gjorde. Ei anna forklaring kan vere at han var forsiktig med pengane og ynskte heller å investere på sikrare inntektskjelder slik som gardsbruk og eigedom.

Carl Bugge beskriv kalkåra der verket låg slik i 1905: "I bruddet som ligger ved Storfjorden lige nedenfor husene på Magerholm, ligger kalksten(...) mægtigheten i bruddet er ca 5-6 m (dvs. den synlige) med 0,5 m skifer imellem, men en ulempe ved dette brudd er, at man må borttage de skiferlag hvorunder kalklagene for en væsentlig del stikker. Fra bruddet sænker kalklagene sig med blottede lagflader ned til fjorden. I bruddet er levninger etter to ovne og disse ligger nogle få meter over søens nivå. dobbelt slettesystem dannede en vinkel lidt under 90

Peder Magerholm, som er oldebornet til den eine drivaren, Anders Akselsen, meiner at dei nytta krutt til å løyse kalksteinen frå skiferlaga før dei slo den sund. i mindre bitar for hand med slegge.  Den omnklare kalksteinen var i knytnevestore bitar, noko som ikkje er så reint lite krevande med kun handemakt å lite på. Vart bitane for små så lot dei seg ikkje flytte med greip og det var såleis ein god del kalksteinsingel som var attende etter at drifta vart lagd ned. Om sjølve brenninga fortel han at det første laget i botn av omnen var eit lag "tennved". Den vart sett på høgkant slik at han stod og formålet var å få god varme i begynnelsen. Oppå tennveden la dei lag på lag med kalkstein og trekol om kvarandre heilt til omnen var full. Det brende i ca 8 dagar i den minste omnen mens den største kunne bruke dobbel så lang tid på å brenne heilt ut. Då det hadde kjølna tilstrekkeleg, måtte dei hente ut kalken og som regel så leska dei han og. Då sette dei til vatn slik at han pulveriserte seg Kristen Magerholm fortalde kring 1920 at dei brende 100 tønner i gongen og at det tok kring ei veke å få kalken ferdig. Dei gjekk fram på følgande måte: "Først la de et par lag med svære kubber. Derefter en favnbjørkeved,hvorpå igjen kul, så sten, så en kuld?å,så igjen sten og slik forattes til ovnenvar fuld. Kalken tok de så ut i bunden av ovnen.Dette stemmer godt overeins med det Peder hadde høyrt seinare.

Sjølve omnen var temmeleg enkelt tillaga med tørrmurar av grovhogd stein frå plassen. Den omnen som stod nærast flomålet ved sjøkanten vart kalla "Storomnen" og var plassert nærmast mulig  kalksteinsåra der dei tok steinen med eit eige pakkhus der dei samla opp den ferdigbrende kalken, før det var nok til å  frakte eit lass, sjøvegen til Ålesund. Daae leigde ut fraktebåt, men eg veit ikkje kva type. Det kunne for eksempel ha vore ei Sunnmørsjekt som var svært vanleg til frakt av varer på den tida.  Peder fortel at dei frakta både leska og uleska kalk, så det må ha vore ein måte å skilje dei to typane frå kvarandre på. Likeeins veit me at Flisfjorden har fleire farlege straumar, så dei trengte finever om dei skulle frakte varene sikrast mogeleg til byen. Dei kjøpte med seg steinkol på veg attende frå byen.

Slutten på kalkdrifta

I følge Kristen Magerholm, dreiv dei kalkomnen på Magerholmen i 20 år, men han fortel ikkje kvifor dei slutta. I 1885 var Klaus Magerholm 65 år, men han var kanskje ikkje den mest aktive av dei tre i den daglege drifta. Anders var derimot 69 år og 20 år med manuel drift med steinknusing med slegge, må ha satt sine spor for ein aldrande kar. Kristen på si side var berre 42 og det er meir uforklarleg kvifor ikkje han fortsette for dei andre hadde vel tillete det når kalkverket tross alt stod der klar til bruk. Dei ansette i tillegg husmenn og gradbrukarar i området til å hjelpe seg med drifta, så dei var ikkje åleine om det. Eg finn eit spor og mogleg forklaring i intervjuet som  Sigurd Langleite gjorde med ein aldrande Peder Magerholm på 82 år i 1985. Her fortel han at kalkomnen såg likeeins ut då han var gutonge som den gjer no, med berre nokre små restar attende. Ein liknande omn  av omtrent lik utforming og alder stod i motsetning temmeleg fint på Blindheim når Magne Flem fotograferte han i 1935. Kva var det som var årsaka? Den same Peder hadde høyrt at det kom ein orkan som øydela kalkomnane og sopte pakkhuset på sjøen. Fraktebåten forliste i det same styggeveret. Det er mogeleg at dette vart spikaren i kista for kalkverket, men det forklarar ikkje det faktum at det vart sett opp andre omnar i nærleiken etterpå. Anders vart seinare drivar av kalkomnen på Blindheimsnes og Kristen sette opp den første omnen på Larsnes før han var med å bygde to i Ørsta. Kanskje er forklaringa at det var kalkbrotet på Magerholm som var for tungvindt, slik C. Bugge dels antyder. Eg veit i allefall at Anders hadde overlatt gardsdrifta til sonen når kalkverket på Magerholmen vart sett i gong, så han hadde inga rettrettmoglegheit. Han slo seg ned på Blindheim og dreiv vistnok Kalkomnen der så lenge han levde, og døde der i 1879. Samstundes så er det noko som ikkje stemmer heilt, for eg finn framleis Kalkverket på Magerholm i Addresseboka for Romsdals Amt i 1900. Det kan sjølvsagt vere slik at dei skipa ut kalkstein etter at omnane var øydelagde også. Kanskje vart steinen frakta over fjorden eller ut til Blindheim, men det verkar likevel litt rart. Det er også ei mogelegheit for at Anders trekte seg ut av den daglege drifta på Magerholmen før drifta på anlegget vart avslutta, og kanskje før omnane vart øydelagde også. Han hadde verdifull kunnskap om kalkomnane som også andre ynskte å utnytte.

Om Kristen veit eg at han sat på bygsel så lenge han levde. 2 år etter at han døde, i 1935, vart Kristenplassen lagt inn under Pe-Haugen som barnebarnet til Anders, Steffen Pedersen (1863-1948) hadde bygsla og kjøpt nokre år etter 1900. Han vart nok ikkje særleg rik, Kristen. Klaus ville riktignok ikkje selge, men svigersonen Lars Danielsen Honningdal var kanskje ikkje like avvisande då han tok over Magerholm i 1877og Den neste brukaren, Karl Engeseth, selde iallefall frå seg Krissenplassen og Pe-Haugane før Kristen døydde, så moglegheita var der nok om finansane eller viljen hadde vore til stades. Då Kristen vart intervjua kring 1920 verkar han fortsatt opptatt av dei gamle eigedomsforhalda. Kanskje var han mannen med visjonane men med uhell med finansane? Det var i hvert fall ikkje meir kalkutvinning på Magerholmen, men verksemda bidrog til at fleire starta opp kalkdrift i nærheita og den som dreiv lengst var nok han Heinrich Schmidt som fekk tyske murarar til å sette opp eit moderne prakteksemplar av sorten nedanfor Blindheimsbakkane i Sykkylven i forbindelse med bybrannen i Ålesund i 1904.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE