Historiske personar

Søndagsettermiddag på Magerholmen under krigen. Ståande f.v.: Johan Emblem, Olger Garshol, Olaf Nedregotten, Harry Bjørkavåg, Leif Emblem?, mann bak med slips er ukjend, Karl Østrem, Oddvar Ramsvik, Arthur Østrem, Karl Akslen, Laura Akslen, Olga Østrem, Inge Emblem, Sverre Nedregotten, Erling Nedregotten (Stykkje?), Knut Akslen, Johanne (Jonna) Akslen, Nusse Lysfjord, Karsten Emblem, Judith Akslen (Kvangardsnes), Martin Torvik m/ hatt, Trygve Emblem, Ola og Leon Emblem. Biletet tilhøyrer Judith Kvangarsnes

Bilde av Hessebergfolket på besøk på Hatleholen kring 1904. Frame f.v.: Karl Hatlehol, Petter Olsen Hesseberg. 2. rekke f.v.: Ola Hesseberg og Rasmus Hatlehol. 3. rekke f.v.: Anne Hesseberg (1884-1916, Anne Hatlehol. Bakerst f. v. Kalla Hatlehol, Ukjent mann, som kan vere Matias Lillestøl. Forbindinga er som følger: Petter Og Rasmus hadde begge funne seg ektemake på Grebstad i Sykkylven. Petter vart gift med Thomassine (f.1860) medan Rasmus gifte seg med Anne (f. 1865) Biletet tilhøyrer Annie Hesseberg

Truleg er dette Johanne Hesseberg (1849-1938) frå Nerigard på Hesseberg.

Brudebildet til Asbjørg Nedregotten, gift med Karl Nedregotten. Her med to av sine søstre, Anna (t.v i bildet) og Ragna. Biletet tilhøyrer Eli-Janne Skaug

Lorentz Emblem med bornebarnet Ole Per Eiken ca 1972. Biletet tilhøyrer Eli-Anne Skaug

Lorentz Emblem med barnebarn Eli-Anne pa° fanget 1971. Biletet tilhøyrer Eli-Anne Skaug

Fritdjof Emblem med Runar Andersen pa° fanget ca 1984. Biletet tilhøyrer Eli-Anne Skaug

Monica Andersen og Gro Anita Emblem ca 1978. Biletet tilhøyrer Eli-Janne Skaug

Familien Storhaug på Emblem i 1930. Fotografen er Sverre Kvarme og han er sjølv avbilda her saman med Oda Petrine Storhaug og Marie Olsen. Biletet er utlånt av Stein Kvarme

BIlete frå konfirmasjonen til Liv Østrem (seinare gift Brevik) 10. desember 1962. Frå høgre: Kaspara Barstad, Petter Kalhusseter, Lida Kalhusseter, Mauritz Akslen og Herborg Akslen, personen lengst til høgre er ukjend.

17. mai toget og Gjallarhorn passerar kommunegarasja på Skaret og nærmar seg festplassen ved ungdomshuset og gamleskulen. Frame til høgre ser du Arne Liaklev og på stortromme er Oddvar Ramsvik

Musikkbarnehageavsluttning på Emblem 1981. Lærarinna var Synnøve Molnes

Lida Kalhusseter og Herborg Akslen i triveleg lag i Larsgarden på Østrem hos svigerinna Aslaug Østrem.

Marta Dale var frå Dalsbygda og born av "Fargar-Ivar" Tafjord. Ho tjenestegjorde på butikken til han Lars i 1913 og slutta då krigen stara . Ho fortalde ofte om ein gong Ivar Flydal (som gutonge) var innom for å handle for mor si. Etter fullførd handel baud ho han ei karamelle, men fekk fylgjande svar: "Ej he to store lomme men begge e det høl i"

Biletet er trulege teke i Abrahamsgarden ein gong seint på 1940-talet. Karen Marie Østrem (med kvit kjole) minnest eit likskue då ho var lita og at det var eit born som døde. Dette kan vere frå begravelsen. Nils Kristian Magerholm har fleire bilete frå same serien, og fortel at Petrus Magerholm var fotografen. det døydde bornet har forbinding med Kalla og Halvdan NIlsen, som står i første rekke lengst til høgre. Dei var onkel og tante til Aslaug Petrine Magerholm Østrem (nr. 2 f.v. i første rekke)

Ragna Teigen ved grautgryta på den tradisjonsrike haustaksjonen på Emblem Bedehus. Biletet er henta frå eit TV-opptak eg gjorde hausten 1998

17. maifeiring på "nyeskulen" på Emblem ein gong i første halvdel av 1980-talet. Her er det mange kjende som he kledd seg ut og er klar for fotballkamp.

Elevar og lærerkollegium på Møre Fylkes Landbruksskule 1934. Ein av elevane er Hans Austrem.

I hytteveggen på Østremsstra ein gong på 80-talet. F.v. Kjellaug Lundanes, Turid Dalen, Karin Eriksen og Marit Østrem

Det ser ut som om det er snakk om potetopptaking og plassen er vanskeleg å peike ut. Frå venstre: Gurine Iverdatter Flydal, Anna Iverdsdatter Røssevoll (f Furset 1891-1968), Karl (Kalle) Emil Larsson Flydal (1914-2001) som overtok farsgarden etter Gurine og Lars E.P. Flydal på Østrem. Kvinna lengst til høgre kan vere Johanne Knutsdtr. Akslen ("Furset-Johanne) eller Johanne Iversdatter Furset. Informasjonen kjem frå Per Almar og Gunvor Steinnes.

Bursdagsfeiring i Larsgarden på Østrem på 1980-talet. Frå venstre Klara Sigvarda Eriksen (1905-1992), Myre-Elise og Anne Wennesberg som kom frå Jakobgarden. Klara bodde i Mattisgarden og var gift med Øystein Eriksen. Saman dreiv dei fleire Gartneri i spjelkavika og på Østrem. Klara vart i daglegtalen kun omtala som Fru Eriksen og var til dagleg å finne i Gartneriet på Østrem. Foto: Aslaug Østrem

Klara Petersdatter Magerholm (f. Emblem) 1896-1974. Ho kom frå Ystebøen og gifta seg med fiskeskipper Peter Magerholm (1896-1950) fra Magerholmvika. Han forliste med båten "Torulf" av Bergen 2. november 1950 ved Sværholtklubben i Finnmark. Dei bosette seg i Spjelkavika etter giftermålet

Klara Petersdatter Magerholm (1896-1974) (f. Emblem på Ystebøen) Ho er flankert av døtrene f.v. Tora som gifte seg Indreseter med Ansgar og flytte til Paraten på Magerholm. På andre sida f.v. sit Aslaug Petrine som gifte seg med Hans Austrem i Larsgarden på Østrem og lengst til høgre ser du Solveig (Tulla) Aase som bosette seg på Åse og gifte seg med Ivar Aase frå Sykkylven. (far til Ivar kom frå Åse)

Opprinneleg var det bursdagsbornet i midten som var i fokus, men i denne anledninga er det mannen til høgre som eg vil flytte fokuset til. Alf Brevik er far til Arvid Brevik og var ein særs ivrig hobbyfiskar som pensjonist. Han budde dei siste åra i sokkelleiligheeita i huset til sonen og lånte Larsgardsnaustet nede ved sjøen. biletet er tatt 1981 og dei andre på biletet er Svein Ove Østrem og Aslaug Østrem

Borna til Klara (f. Emblem) og Peter Magerholm frå Magerholmvika. Dei busette seg i Spjelkavika. Bak f.v.: Tora, Olga, Solveig og Aslaug Petrine. framme f.v.: Klaus og Petter. Tora gifte seg med Ansgar Indresæter på Paraten på Magerholm og Aslaug Petrine med Hans Austrem i Larsgarden på Austrem. Foto: Annie Hesseberg

Dette albumet fokuserer først og framst på emblemsbygdarar, i både fjern og nær fortid. Eg er alltid på jakt etter fleire, og vil gjerne rette ei særskild takk til Eli-Anne som har nytta påskeferien til å finne fram spanande emblemsbilete. Fleire har bidrege med namn på deltakerane på S-Lagsfesten 1971, og det er eg svært takksam for. Du kan også nyte bileta frå Anny Hesseberg og Lillian Nedrelid i dette albumet, og eg håpar at også du kan hjelpa til på biletdugnaden, slik at vi kan få synt fram ein del av vår felles historie her på www.emblemsbygda.com Eg vil også rette ei stor takk til Per Almar og Gunvor (f. Flydal) Steinnes, som har gjeve god og grundig informasjon om Flydal- og Furset bileta, og Olaf Hesseberg som gjer eit kjempearbeid med å leite fram til namn og korrigere fleire av bilettekstane. Utan hjelp, er det vanskeleg å utvikle denne web-sida.

Du saknar kanskje nokre av bileta på denne sida etterkvart. Årsaka er at eg forsøker å flytte dei fleste over til eigne undersider, kategorisert etter gardar i bygda. Det er ikkje alle som dette passar heilt til, eller at det ikkje er nok informasjon og bilete enno til å flytta dei. Ta kontakt med meg på sveostrem@hotmail.com om du har bilete, så kanskje det er mogeleg å få til fleire undersider likevel. Målet mitt er ei underside per gard.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Peter Johannaes Magerholm | Svar 14.08.2011 09.27

Det var utrolig morro å sjå igjenn tanter og onkler.Spesielt bestemora mi,Klara,
som jeg vokste opp med øg hadde et nært forhold til.
Jeg bor i Vietnam.

lillian nedrelid | Svar 13.05.2011 16.42

Jeg har sett igjennom det .Flott svein ove .Har sendt ilbud til slektninger ,så de også får se .

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
03.04 | 23:02

Rødsetreiten er nok ikkje på Emblem, men ved Brusdalsvatnet.

...
03.04 | 22:52

Rødsetreit er med andre ord en husmannsplass under Akalen på Emblem ? Er på søk etter en formor Gjertrud Jonsdatter Rødsetreit født etter 1775. Noen hevder 1792

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE