Gjallarhorn

Gjallarhorn 1955. Fremste rekke: Per Kristoffersen, Magne Emblem, Helge Larsen, dirigent Ivar Flydal, Jostein Flydal og Bjarne Sæter. Bak fra venstre: Johan E. Emblem, Trygve Emblem, Øyvind Emblemsvåg, Fredrik Emblem, Lars M. Akslen, Oddvar Ramsvik, Sigbjørn Sæter, Odd Larsen og Harry Bjørkavåg. Det har enno ikkje lukkast å finne ut kven fotografen er.

Biletet er teke på 1950-talet ein gong, utanfor Ungdomshuset. Det er sannsynleg at det er 17.mai. Ivar Flydal dirrigerar iført korpset si fyrste uniform, den kvite hua. Per Kåre Østrem har hjelpt til med namn på nokre av musikantane: Lengst til venstre: Johan Emblem. ørste rad frå venstre: Bjarne Sæter, ukjent, Jostein Flydal, ukjent. På bakerste rad er fleire skjulte, men til høgre bak Jostein kan du sjå Odd Larsen.

Bilde av Gjallarhorn ein gong på 1960-talet. !7.mai toget passerar kommunegarasja på Skaret og er snart framme på festplassen ved ungdomshuset og gamleskulen, som låg like bak fotografen. Den nærmaste karen på biletet er S-lagsbestyrar Arne Liaklev og på stortromma se du Oddvar Ramsvik. Foto: Aslaug Østrem

Harry Bjørkavåg går først som dirigent for Gjellarhorn i 17. maitoget. Foto: Aslaug Østrem

17. mai ein gong mellom 1960 og 1972 for her har ikkje Gjallarhorn fått uniformer enda. Blåskulen synes i bakgrunnen og det liknar litt på Ivar Flydal som går uten instrument ved sida av korpset. Han fekk avløysing i 1961. Foto: Gunvor "Tulla" Nedregotten. Biletet tilhøyrer Arne Nedregotten.

Gjallarhorn i toget 17. mai 1977. Foto: Gunvor "Tulla" Nedregotten. Biletet tilhøyrer Arne Nedregotten.

Gjallarhorn spelar utanfor Blåskulen 17. mai 1977. Det ser ut som om det er Kåre Kvangarsnes som dirigerar. Foto: Gunvor "Tulla" Nedregotten. Biletet tilhøyrer Arne Nedregotten

gjallarhorn ein gong tidleg på 1970-talet. Biletet er tatt ved blåskulen på Emblem og fotografen er Magne emblem. biletet er utlånt av Lidvar A. Emblem

Gjallarhorn ein gong på 1970-talet foran blåskulen på Emblem. Fotografen er Magne Emblem og biletet er utlånt av Lidvar A. Emblem

17. mai og folketog med Gjallarhorn i spissen. Årstalet er ikkje endeleg bekrefta. Kopi av foto utlånt av Ragnar Ulstein

"yngres avdeling" i Gjallarhorn. Årstalet er enno ikkje avklart. Biletet er lånt ut av Jenny Mine Ulstein. Fotografen er ukjend

Gjallarhorn tidleg på 1970-talet. Fotografen er Magne Emblem og biletet er utlånt av sonen, Lidvar A. Emblem

Gjallarhorn ein gong seint på 1970-talet eller tidleg på 1980-talet. Her er dei gule skjortene i bruk, men inga uniformsjakke. Foto: Marit Dale Østrem

Biletet er utlånat av Per Kåre Østrem. Eg er enno ikkje sikker på kva årstal og annledning dette er. Kan det vere eit jubileum?

Her er uniformsjakkene på plassog eg trur at året er 1983. Foto: Marit Dale Østrem

Eg trur at året er kring 1985. Det er 17. maifeiring utanfor emblem Skule. Foto: Aslaug Østrem

Ein stilstudie av Gjallarhornuniforma kring 1984. F.v.: Bjørg Østrem, Per Kåre Østrem og Marit Akslen med flagg i bakgrunnen.

Biletet vart teke i Grieghallen under NM for Brassband

Sommertur til Gøteborg Juni 1992. Saman med Vestnes Musikklag vann me marsj-konkurransen og fekk pris i konsert-nummer konkurransen i Konserthuset i Gøteborg.

F.v.: Svein Ove Østrem og Per Kåre Østrem. Eg hadde ei heller kort tid i på slagverk, eller "kjøkkenavdelinga", som Harald Førde kalla oss. Onkel Per vart medlem få år etter oppstarten av korpset, og er enno med. Biletet er tatt i 1999, den gong graset var ekte på Ebbemyra Stadion.

Eit nyare bilete av Gjallarhorn frå 2009. Biletet er tatt av Charles Wiese og lånt ut av Siri Teialeret

EI KORTFATTA HISTORIE OM MUSIKKLAGET GJALLARHORN

Det heile starta ein 17. mai der Oddvar Ramsvik og Ivar Flydal gjekk ved sidan av kvarandre. Begge sakna gleda av å høyra eit korps i toget på nasjonaldagen. Truleg fortalde Ivar óg litt om erfaringa som korpsmusikant i Hornmusikken dei åra han budde på Stranda. Det heile endte i alle fall med at Oddvar leigde inn korps for eiga rekning den påfølgande grunnlovsdagen i 1953. Dette gav meirsmak for langt fleire enn dei to, og ein kan ikkje påstå anna enn at emblemsbygdarane var kjappe i vendinga. På seinsomaren vart interessa lodda hjå sambygdingane. Superveteranen i korpset, Per Kåre Østrem, minnest at Harald Reiten kom innom Østremsgardane for å høyra om kven som kunne ha interessa av å byrje i korps.

Onsdagskvelden den 11. november 1953 vart det kalla inn til skipingsmøte på Borgheim, Ungdomshuset i Emblemsbygda. Målet var å diskutere idéen og tanken om eit korps i bygda. Oppmøtet seiest å ha vore godt og det heile enda med eit vedtak om å starte musikkkorps. Dei valde óg eit styre beståande av Trygve Emblem som formann, Oddvar Ramsvik som kasserar og Ivar Flydal som styremedlem.

Instrument vart bestillt, og tirsdagskvelden den 5. januar 1954 kunne forhåpningsfulle musikantar møte opp og hente instrumenta sine. Kvelden etter hadde korpset sin aller første øving med Ivar Flydal som dirrigent. Dei første øvingane vart haldne i kjellaren på ungdomshuset, og i skulehuset som låg vegg i vegg. Korpset si første besetning bestod av følgande medlemar:

Dirigent: Ivar Flydal

B kornett: Jostein Flydal, Sigbjørn Olsen og broren Jostein Olsen

Althorn: Leon Emblem, Harald Reiten, Trygve Emblem

Tenor: Odd Larsen

Basun: Johan E. Emblem

Baryton: Fredrik Emblem

Bass: Oddvar Ramsvik

Esshorn: Magne Emblem

Småtromme: Per Kristoffersen

Stortromme: Erling Emblem

Korpsnamnet kom til etter ein utlyst namnekonkurranse i bygda. Resultatet vart som kjent Gjallarhorn, etter forslag frå Eli Marie Emblem (seinare gift Reiten) og Harry Akslen.

17. mai 1954 kunne Gjallarhorn endeleg ta plass i toget og syna fram det dei hadde lært seg for første gong. Nasjonaldagen vart korpset sin aller første opptreden og dei vart godt tatt imot av sambygdingane i toget som den gongen endte på festplassen mellom den gamle skulen på Skaret og Ungdomshuset. Året ette byrja Per Kåre Østrem i korpset og han er den einaste som enno er medlem i 2011, 56 år etter! Dei første åra budde han fortsatt på guterommet med instrumentet liggande under senga. Mora, Aslaug Østrem sukka visst tungt når 17. mai nærma seg og ho skulle ta fatt på pussinga av det store instrumentet.

I 1971 søkte korpset medlemskap i Sunnmøre Kristelege Songarlag og var medlem der i 9 år, før dei vart medlemmar av Sunnmøre Hornmusikklag i 1980.

Uniformer fekk Gjallarhorn for fyrste gong 17. mai i 1972, men det var ikkje før 17. mai 1980 at alle hadde lik farge på skjorta. Den var då knall gul og med slips som hadde same purpurfarge som resten av uniforma. Tidlegare var det kun den kvite musikanthua som vart brukt dei 18 første åra.

Ivar Flydal vart avløyst som dirrigent av Harry Bjørkavåg etter 7 år i 1961. Ivar hadde lagt ned eit banebrytande og trufast arbeid i og for korpset. Harry var ikkje ringare, og heldt taktstokken heilt til 1981 med tålmodigheit, pågangsmot og ei interesse som gav medlemane inspirasjon til å yte sitt beste. Lars Arve Emblem tok på seg å leiie korpset ei kort periode før Harald Førde tok over i 1981. I likheit med dei før han, så har Harald lagt ned eit imponerande stykke arbeid og han er kunnskapsrik, energisk og musikalsk. Harald vart óg dirrigent for Emblem Skulekorps. Det var med andre ord ein temmeleg lang tirsdagsskveld for han med begge korpsa etter kvarandre, utan det la nokon dempar på engsjementet og humøret. For den oppmerksomme musikant kunne mangt et verbalt krumspring som "her var det en ørliten feil som ikkje e heilt riktig", gi både godt humør og vidare pågangsmot for den som streva med vanskelege tonekombinasjonar. Dette var heller ikkje dei to einaste korpsa han hadde ansvar for. Ein dag kunne han vere i Langevågen, på Vestnes, Molde eller Sandsøya på dirrigentoppdrag. Øvingstaden vart etterkvart flytta til der dei øver den dag i dag, på scena i gymsalen på Emblem skule.

Styret vert vald kvart år på årsmøtet og tek seg av drifta, der formannen får det største ansvaret og ledelsen. Det er derfor på sin plass å nemna dei som i åras løp har tatt på seg dette utfordrande vervet:

1953-1957: Trygve Emblem

1957-1960: Harry Bjørkavåg

1960-1964: Oddvar Ramsvik

1964-1965: Terje Krogsæter

1965-1966: Helge Larsen

1966-1967: Tor Nedregotten

1967-1971: Per Kåre Østrem

1971-1972: Lars Arve Emblem

1972-1975: Kåre Kvangarsnes

1975-1977: Bjørn Larsen

1978-1979: Ingen formann

1979-1981: Terje Krogsæter

1981-1985: Ingrid Aasen

1985-1987: Torill Berge

1987-1991: Sigfred Sætre

1991-1993: Lars Arve Emblem

1993: Kjell Storeide

Musikklaget har vært en kjent og kjær deltaker på en rekke fester og tilstelninger av ulike slag arrangert av foreiningar og lag frå bygda. Korpset har óg stått for eigne faste tilstelningar med basar og den tradisjonsrike 1. mai konserten. Bygdefolket og støttemedlemar har møtt trufast opp og bidratt til å gje Gjallarhorn den finansielle ryggraden den har i dag. Likevel har det ikkje alltid vore like lett når korpset har stått framom store økonomiske løft med behov for nye og dyre instrument slik som då korpset gjekk over frå janitsjarkorps til å verte brassband i 1992. Ei auka satsing på nasjonale og internasjonale konkurransar krevde og sitt, men takka vere generøse gåver frå både bedrifter og sambygdingar så takla gjallarhorn utfordringa med glans, takka vere eit dyktig styre. Her var Kjell Storeide ein som særleg bør nemnast. Fleire lokale bedrifter lot seg overtale til å bidra med pengar til både S-tuba, pauker og slikt som kosta fleire titals tusen kroner stykket. Veteranar og støttemedlemmar, for ikkje å snakke om bygdefolket, deltok alle med sine bidrag år for år. Mange stillte trufast opp til musikklagets faste fonsertar og utlodningar i Emblemsbygda.

Ei auka satsing på konkurransar tok til i 1988 med Korpscup i Volda den 12. mars og deretter NM i janitsjar den 30. juni. Korpset deltok i 3. divisjon. Andre konkurransar som bør nemnast er:

27. januar 1990: Korpscup på Sjøholt

23. november 1991: Korpscup på Sjøholt saman med Vestnes Musikklag som eit prøveprosjekt

27. juni 1992: Gøteborg Music Festival saman med Vestnes Musikklag der korpset vann marsj-konkurranse og fekk pris i konsertnummer-konkurransen.

24. februar 1993: Brassfestival på Sjøholt

Vidare fortsette korpset med fleire turar til NM i brass i Bergen frå 1995. ei slik satsing krevde mykje tid og øving, men samstundes gav turane auka samhald i gjengen.

Harald Førde var dirrigent i både Gjallarhorn og Vestnes Musikklag på byrjinga av1990-talet og begge korpsa sleit med rekrutteringa. For Gjallarhorn sin del var vi på slutten stortsett ei rein brassbesetning med unntak av Berit Helen Brevik på tverrfløyte. Samarbeidet mellom korpsa var både triveleg og gav gode resultat i konkurransesamanhengar, men det vart slitsamt med den lange vegen til fellesøvingar på enten Vestnes eller Emblem, og det enda difor med at Gjallarhorn beslutta å endre seg til å verte brassband i 1992. I jubileumsåret i 1993 då korpset feira 40 års jubileum kunne ein tella 27 medlemmar i korpset.

__________________________________________________________________________

Teksten er basert på jubileumsheftet ved 40 års jubileet i 1993, avisutklipp frå Sunnmørsposten, samt tillegsinformasjon frå Per Kåre Østrem.


Har du bilete av korpset eller tillegsinformasjon som kan bidra til å fylle ut meir av historia til korpset så håpar eg at du tek kontakt med meg på sveostrem@hotmail.com

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE