Landskapsbilete

Emleimsbygda, sett frå markane like aust for grdshusa på Ystebøen. Her er det mange historiske hus å finne. Bedehuset står på sin opprinnelege stad attmed Resehuset og "kråkeslottet" ,som var den første handelsbua til Sevrin Emblem, er óg godt synleg. Er det nokon som veit kva årstal dette biletet er frå?

Utsyn over Emblemsbygda tidleg på 1900-talet. Lengst opp til venstre er Ystebøen. Eg er enno litt usikker på kva gard dei gamle husa lengst ned i høgre del av biletet er frå. Postkortet erfotografert og produsert av stavangerfotograf A.T. Steinkopf-Wold som var på desse trakter frå 1906-1915. Postkortet er stempla i 1910.

Oversikt over delar av bygda ein gong på 1950-talet før Borgundboka bind 1 gjekk i trykken 1957. Foto: Knut Fylling

Postkort frå Emblemsbygda ein gong på 1950-talet eller byrjinga på 1960-talet

Gardane på Østrem kring 1904. Det var lite skog å finne i fjellsida på denne tida. Du kan så vidt skimte murane på den nye løa i Larsgarden som stod ferdig i 1904. Dei gamle driftsbyggningane stod på omlag same plassen og var rivne når dette biletet vart teke. mykje tyder på at den nye løa vart bygd om somaren før dyra skulle takast inn til hausten. Legg óg merke til kor snau fjellsida var på denne tida. Postkortfotografen er ukjend

Elvarum br. nr. 15 på Emblem med Ebbegarden br. nr. 8 i bakgrunnen. Årstalet for biletet er tidleg på 1900-talet og fotografen er A.T. Steinkopf-Wold som var på desse trakter frå 1906-1915. Lars Olsen Emblem dreiv landhandel på Elvarum og styrte meieriet som låg ved elva like utanfor Ebbegardsløa frå 1860-åra til Mork starta meieri i Ålesund. Meieriet vart fjerna og endte som del av nyløa på garden Bjørkavollen like utanfor Ødegård Bil i Puskhola

Biletet syner garden Steffågarden br. nr. 5 på garden Nedregotten i Emblemsbygda i framgrunnen og delar av dei yngste Østremsgardane. Dette er eit flyfoto og då er det grunn til å tru at det kan vere frå Widerøe som fotograferte store delar av Norge frå 1950-1960. Denne avfotograferte utgåva er lånt ut av Britt Janne Abelset

Et utsnitt av Emblemsbygda slik den eingong såg ut.Årstallet er ukjend, men biletet er tatt ved Kvilesteinen oppe i Grønevollen. faren min fortel at det ikkje var steinen som var det opprinnelege stoppestaden, men derimot ei liten slette like ved (på vestsida av vegen?) Her kunne fleire finne hvile og sette frå seg den tunge lasten utan fare for at den skulle ta turen utfor bakken igjen. Denne sletta er grodd igjen no. For min del var det Kvilesteinen som var målet. Ein bergflekk med et slags sete utforma på toppen. Her var det godt å sitte og sjå utover bygda. No er det ikkje like mykje utsikt igjen.

Handkolorert flyfoto av Hålå og Østrem. Fargane er nok ikkje heilt samstemd med virkeligheita den gang. Nedanfor Larsgarden og Steinsgarden kan du sjå sandtaka der dei to brukarane selde sand for å spe på inntekta. Spora er godt synlege den dag i dag. husa i Steinsgarden stend på den opprinnelege staden, mens markane nedanfor husa ligg mange meter lavare. Biletet er avfotografert frå ein innramma kopi som heng på garden.

Bilete frå Østremsetra påska 1961. Den næraste hytta tilhøyrer Larsgarden og ligg lengst aust på stølen. Foto: Olav Østrem

Bildet er sannsynlegvis frå setrevollen nedenfor Skareselet på østremsetra før hytta til Larsgarden vart bygd. På biletet ser du fra venstre: Inge Emblem, Inger Johanne Emblem (på fanget til Inge), Johanne Emblem med Målfrid Emblem på fanget, Liv Brevik (f. Østrem) og Per Kåre bakerst. Dei to vaksne i lyse klede er Aslaug Petrine Østrem (f. Magerholm) og mannen Hans Austrem

Skileik i Emblemsbygda. F.v. Arne Nowak, søskenbornet Harald Isaksen, Stefan Nowak og Svein Nowak ca 1965. Biletet er utlånt av Arne Nowak. Han har lagt ut enda fleire bilete på Facebookgruppa vår: "Historiske bilder fra Emblemsbygda"

Busstopp på gamlevegen ved Skorene på Emblem Bussen er T1143, en Volvo B-615 Det er mogeleg at fotografen er Oskar O. Emblem som var både bussjåfør og busett i huset like bak.

Raana som var den første ferga på sambandet mellom Aursnes og magerholm. Eg vil kome tilbake med et eige kapittel om fergedrifta seinare Fotograf ukjend.

Gamle-Grønevollen. Vegen er i ferd med å vaskast ut og gro igjen så her trengst det dugnad. Foto: Svein Ove Østrem

Ein flott oppmura køyreveg ved Pe-Haugen på Magerholm. Dette er like ved den gamle kalkomnen. Foto: Svein Ove Østrem

kopiert bilete av eit maleri av Daleplassen i Magerholmdalen. Kunstnaren er Kåre Magerholm

Restar av plassebruket Magerholmdalen. Biletet er frå slutten av 1950-åra og av dårlig kvalitet. Det gjev likevel eit inntrykk av korleis det ein gang var. Bruket låg på stupet ned mot Eiteråna og blei rydda kring 1830 av Knut Salvesen frå Loen i Nordfjord. Han kom frå eii anna bruk på Solevågseidet og fekk ein festeavtale. Han hadde arbeidsplikt seks dagar i veka. Han fekk rett til å ta seg ved og never samt hogge hasselskog til å laga hasselband. Huset på biletet blei satt opp av han og plassebruket fekk namnet Ramsdalsgjerdet. Neste brukar var Ingebrigt Larsen Emblem, han kalla bruket Rognestølen og starta å dyrke Havre, bygg og poteter på markane kring tunet. Bruket blei fråflytta 1927. Den siste brukaren var nærare 70 år når han måtte flytte til svigersonen på Eikenosa. Det blei sagt at den aldrande mannen gret det meste av turen med flyttelasset og at han ikkje ynskte å forlata bruket. Det var ikkje akkurat latmannsliv på garden. Dei siste brukarane hadde ikke eingong råd til en hest og det betyr at dei måtte dra plogen med handemakt om dei ikke klarte å få låne ein hest av naboene, når åkrane skulle pløgast på vårparten. Ikkje så rart at ein da valgte å la treplogen stå igjen når bruket blei fråflytt. Kolbrenning av intil 12 tønner kol per år var mogleg om det var nedfallskog og brukaren hadde rett til å tørke fisk på berga rett innanfor den gamle fergekaia på Magerholmen.

Den fyrste ferjekaia på Magerholmen i 1949. Ferja er "Trygge" som var for ein meir sporadisk gjest å rekne på dette sambandet. Du kan óg skimte ein del av den fyrste kiosken i venstrebiletkant.

Et artig bilete av Emblemsbygda. Det er truleg "Legene" du kan sjå nærmast fotografen med nokre små hus. Det ser ut som sommarfjøsar. Så vidt eg veit har det tidlegare vore ein samlingsplass for ungdomar i bygda på Legane kring olsok og kanskje oftare óg? Fotografen og året er førebels ukjend men det skulle ha vore fjøsar der på 1960-talet

Eit postkort signert handelsmann Sevrin J. Emblem. Eg vil tru at det vart seld på landhandelen hans i bygda også. Årstalet er enno litt usikkert. Biletet tilhøyrer Kari Mette Hjelseth

Her er det berre å kose seg med landskapsbilete i fleire kategoriar. Sida og biletalbumane er enno i opprettingsfasen så nye bilete vil kome til etterkvart, saman med bilettekstar.
Nokre stadar har det kome inn so mange bilete at dei vil få sin eigen album etter kvart.
Når du opnar albuma, kan du stoppe biletframsyninga med å klikke på pauseknappen og der er ein eigen knapp der du kan få fullskjermvisning på dei største bileta med høgst oppløysing.
Sit du med bilete eller tekstar som du ynskjer å dela med sambygdingane dine, så håpar eg at du tek kontakt med meg. Du kan gjerne bruke kontakt e-posten som høyrer med til denne heimesida eller fylgjande addresse:  sveostrem@hotmail.com

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
25.05 | 17:31

Skulle gjerne visst mer om Johan, min bestefar.

...
11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE