Historiske Bilete frå Emblemsbygda

Emblemspelet er eit nytt spennende stykke basert på lokalhistorie og sagn frå Emblemsbygda. Manus og plakat er laga av Arild Nedregotten. Dirigent Vidar Sæther og musikantane i Emblem Skulekorps har laga musikken, og både foreldre og musikantar i korpset er med i rollene.

Ein milepel er er i dag nådd. mlag kl. 20:40 torsdag 21. mars passerte vi utrulege 1 million treff på denne vesle nettstaden vår, med lokal historie frå Emblemsbygda. Kven hadde trudd at bygdesoge skulle vere så populært.

Det er på sin plass å takke alle dokke som har bidratt med tekst, informasjon og ikkje minst bilde til både nettstaden, bygdebokarbeidet og facebook-gruppa vår. Utan dokke hadde dette aldri vore mogeleg. Eg vil særleg takke min gode ven Arild Nedregotten, som har vore med heilt frå starten, og Bjørn Vidar Sæter, som tok initiativet til det heile med å etterspørre ei side for dei som ikkje var på Facebook. Dette hadde aldri vorte ein realitet utan dokke.

Det er oppløftande å grave og leite, når det ein finn får ein så utruleg respons! Men vi gir og sjølvsagt ikkje her. Rett nok har sida stått litt på vent, medan bygdeboka har fått mest oppmerksamheit dei siste åra. Dette er likevel berre ein midlertidig pause med gode tankar bak. Vi trur nemleg at dei komande tekstane om gardane i Emblemsbygda skal verte mykje betre og meir informasjonsrike etterpå. Då skal vi klare å femne om alle gardane i heile bygda attpå til. Det er nemleg så viktig å få samla inn kunnskapen om gardsoga og bilde til før det er for seint.

Det er også artig å kunne feire denne helga med premiere på det nyskrevne Emblemspelet frå Arild Nedregotten si hand. No er det berre å sette av søndag 24. mars. Emblem Skulekorps vil då framføre det nyskrevne musikkspelet, basert på bygdehistoria vår. Musikken er skriven av dirigent Vidar Sæther saman med medlemmane i korpset og både musikantar og foreldre skal bidra i rollene. kl. 16:30 startar det heile på Ålesund Folkehøgskole på Hatleholen. Håpar at vi alle møtest der.


Bruk gjerne følgande adresse for å kontakte oss, om du har bilde, opplysningar eller tekstar av lokalhistorisk interesse:   sveostrem@hotmail.com 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

geir nilsen | Svar 03.06.2016 13.46

Orientgruppa i Emblem IL skal ha et stort internasjonalt orienteringsløp på Emblemsfjellet 16. og 17.juli. Se på www.fjord-o.no/2016.

Svein Ove 06.06.2016 22.58

Takk for tipset! Teksten din er delt på facebooksida vår: "Gamle bilder fra Emblem" i dag

Tor Nedregotten | Svar 13.04.2012 21.43

Enig med Siggen, og han som sitter bak Ove Flø tror jeg kan være Per Brune.

Svein Ove 14.04.2012 00.23

Tusen takk for hjelpa. Eg har endra biletteksten no. Kan du sjå om eg har oppfatta alt rett?

sigbjørn sæter | Svar 13.04.2012 19.40

jeg tror det er Odd Østrem og ikke Olaf Hesseberg.Han i blå genser tror jeg er Ove Flø.han til vesstre nermest er Per Gunnar Hansen.

Ann Kristin Akslen | Svar 02.04.2012 16.40

Den kvinna du er usikker på mener jeg er min farmor Johanne Knutsdr.Akslen
( Furset-Johanne)

Svein Ove 02.04.2012 23.59

Takk for hjelpen

Jeanne Emblem Shada | Svar 12.08.2011 05.22

Hi from Santa Cruz California. I am Kristian Emblem Jensen's mother. I like your photos and knowing about Emblem. I am Jeanne Emblem Shada.

Per Einar Engesmo | Svar 29.05.2011 11.08

Ja, det er Egil og Solveig Hansen, videre Agnes og Ingvald Flø.

Unni Marit Solem | Svar 27.05.2011 00.51

Har mange fine minna om Emblem.. Har tante, onkel og et søskenbarn som bor i bygda, og e på besøk der ofte.... Artig med ei sånn side...

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

15.03 | 13:53

Takk for det. Alt er dessverre ikkje heilt oppdatert fordi eg har prioritert å få ut bygdebok dei siste åra. sjekk gjerne Gamle bilder fra Emblem på Facebook óg

...
15.03 | 08:30

Tusen takk Kjartan. Har du fleire bilder av bestefar ?

...
15.03 | 00:00

Kulturhistorie på sitt beste.

...
14.03 | 23:00

En liten kommentar til underteksten på bildet, - dagens bunader er mer eller mindre 'konstruerte', gjerne opp til en mannsalder etter bildet ble tatt.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE