Den store nordiske krig 1700-1720

Soldatar frå Emblemsbygda under den stor nordiske krig  1709-1719  Militær utskriving frå Bergens stift

-Svein Ove Dale Østrem-

Historikaren Atle Døssland skriv i fylkeshistoria for Møre og Romsdal om perioden 1705-1720 som ei tid prega av den store nordiske krigen meir enn noko anna. Denne krigen hadde for Danmark- Norge sin del starta allereie før 1700 og inkluderte både Russland og Preussen. Det var nemleg ikkje slik at Danmark-Norge først kom med i krigen mot millitærmakta Sverige i 1709, over 10 år etter. Danskekongen måtte derimot bøye seg for den svenske overmakta i august 1700 med freden i Travendal. Når so Sverige, kom på vikande front i 1709, fekk Danmark-Norge moglegheita til å verte deltakar i krigen att. Difor hadde den militære innrulleringa av soldatar og matrosar auka mange år i forvegen av 1709, og som ei følge av krigen vart også skattane tidvis meir enn fordobla. Berre i 1716 vart det utskrive 167 mann frå sjølegdene på Sunnmøre åleine. Eg har i denne teksten sett litt nærmare på kven som lot seg verve som frivillig, og kven som vart registrerte som soldatar eller matrosar frå Emblemsbygda i perioden frå 1709 til 1719. Årsaka til denne tidsavgrensinga er at ein i denne perioden har temmeleg godt kildegrunnlag med bevarte innrulleringsdokument frå mellom anna Bergen stift. I arbeidet med denne teksten, kom eg også over nokre so pass interessante opplysningar om dei som verva seg at eg valde å utvide perioden eg skriv om frå 1701 til 1719. Dette skal eg kome attende til.

Med tanke på åra som har gått, og vanskar med å få ei heilt nøyaktig oversikt, vil eg likevel slå fast at det ikkje var så mange frå Emblemsbygda som fekk oppleve direkte krigshandlingar. Dei store utskrivingane for fylket, som Døssland skriv om, verkar ikkje å vere heilt representativefor vår eiga bygd. Eg har ikkje funne døme på at godt vaksne eller gardbrukarar vart utkommanderte slik at kvinnfolka vart åleine om gardsdrifta. Det var dessutan slik at det var mest frivilljug innrullering i marinen og det var berre nokre svært få gardar som stod for heile «leveransen» av både soldatar og frivillige sjømenn til marinen. Det stemmer i alle fall ikkje at nærast kvar tenestedyktig ungdom over 19 år vart sendt i krigen. Derimot var det mange som verva seg på eit tidspunkt der det ikkje var krig og ei rekkje andre goder i staden.

Det var ikkje slik at den norske hæren var i beredskap under heile den Nordiske krigen frå omlag 1699, men marinen var for alvor i beredskap etter at danskekongen sendte ut ei eiga forordning om innrullering den 16. oktober 1703. For å få fleire til å verve seg gratis lovde han fleire fordelar til sjøfolk som verva seg og vart innskriven i militærrullane. Dei skulle mellom anna få sleppe militærteneste på omtrent 9 år, om dei stillte seg til rådigheit for marinen. Dette kan verke litt underleg når dei trass alt skulle gjere teneste på krigskip som kunne komme i kamp, men forskjellen var at dei ikkje hadde plikt på seg til å sloss. Det var det «landsoldatane» ombord som skulle gjere. Dette må ha verka freistande på fleire frå vår eiga bygd , for dei fleste frå Emblem vart matrosar, og særleg dei som vart innskrivne i rullane i 1704. Dette var dessutan 5 år før ein kom med i krigen for alvor og då visste ein at Danmark-Norge hadde stogga krigføringa fleire år i forvegen. Desse hadde truleg teneste fram til krigsutbrotet i 1709 og kanskje kom dei aldri ut i krigen heller. Sjømanslivet verka meir spanande enn å tenestegjere i hæren. Likevel var det for få som verva seg slik at kongen måtte utvide løfta allereie i 1705. No kunne ein i tillegg få betalt om ein hadde namnet sitt innskreve i rullane. Det kan difor ha vorte sett på som ein særs god avtale då den kom. Særleg kan dette ha verka freistande for unggutar i tenestedyktig alder, for dei var pålagde å avtene militærplikta før dei tok over eller bygsla noko gardsbruk. No vart også ventetida kortare. Til slutt var omlag 1880 innskrivne i 1709. Mesteparten arbeidde etterkvart på orlogsflåten medan andre kan ha vore ombord på utenlandske skip. Sjøinnrulleringa vart mindre populært etter at Danmark-Norge vart med i krigen igjen frå 1709. Dei vart no sendt av garde til mellom anna København, der maten på kasernene var dårleg, og lønna var mindre å trakte etter når det no vart alvor. Ein kunne risikere både epidemiar og død. Krigsflåten hadde utgangspunkt i København, som mellom anna opplevde pest kring 1711. Heile den frivillige ordninga vart avvikla kort tid etter krigen til fordel for fast bemanning i 6 år i staden

Dei færraste av dei innrullerte frå Emblemsbygda var plassemenn, kort og godt fordi der knapt fanst nokon husmannsplass i det heile kring 1701. Flisholmen og Plassevågen var stort sett dei einaste, men det betyr ikkje at resten vart sølveigande bønder. I 1701-manntalet finn eg for eksempel kun «bygselsmenn», eller leigetakarar. Dette kan saman med størrelsen på gardane ha hatt påverknad på kor mange som vart kommandert i krigen. I utgangspunktet var det slik at 2 "fullgardar" skulle utruste og betale reisa for ein soldat. Fanst der ikkje så mange, vart finansieringa delt opp i ei legd med 4 «halvgardar» eller endå til 8 «kvartgardar». Det var ei ordning der gardar med minst 58 mål åker, og mat nok til å fø minst 16 kyr vart rekna som ein fullgard. Slike bruk måtte betale full skatt. Dei som hadde minst 14,4, mål åker og kunne fø 4 kyr vart rekna som halv gard. Dei betalte då halv skatt. Ordninga vart seinare endra slik at skattane vart utlikna frå «skylda» som kvar gard vart verdsatt til. Ingen av bruka på Emblem kunne dermed reknast som fullgardar, hverken i 1667 eller 1714, men til saman kunne bruka på Emblem og Østrem utstyre kvar sin soldat. Eg vil difor tru at Emblemsbygdarane skulle utstyre maksimalt to soldatar. I 1700 og kanskje tre frå 1717. Soldatane skulle ha uniform, våpen mat for to månader og betalt reise. Det skulle bygselsmennene i kvar legd betale. Dette kan stemme rimeleg godt med 1701-manntalet der det er tre Legdmenn frå Magerholm til og med Rødset. Då er nok Blindheim og kanskje også Spjelkavika tatt med. Desse legdmennene var Arne Axlen på 37 år, Didrich Emblem på 39 år og Rasmus Ødegaard på 45 år. Rasmus kom frå Puskhola. Arne Knudsen Akslen finn eg at som brukar på bruksnummer 1, Øvste-Aksla, Didrik Villumsen Emblem vart seinare brukar på bruksnummer 5,Ystebøen, medan Rasmus Anderson Ødegård truleg vart drivar på bruksnummer 1, Utigar. Dette var velhaldne bruk, så det var ikkje fattige unggutar legdene sendte av garde akkurat. Det kan verke som om dei anten var eller vart odelsøner og ikkje ein som var utan arverett eller bygselsrett. Vidare var det 4 andre som hadde innrullert seg sjølve. Dette kan verke som mange på ein gong, men ein skal hugse at dette var kort tid etter at Danmark-Norge måtte bøye seg for svenskane og be om ein fredsavtale. Eg skal kome attende til desse 4 lenger ned i teksten.


DEI IKKJE-STRIDANDE LEGDMATROSANE I MARINEN

Dei som har kode «Gap» var matrosar frå sjølegdene og soleis innført i «Galleibogen». Det var med andre ord dei som Emblemsbygdarane var pliktige å utstyre og sende av garde på øvingar eller ved eventuell mobilisering til krig. I tidsrommet 1709-1719 var det to slike legdsmenn. Om dei nokon gong tenestegjorde i København, veit eg ikkje heilt sikkert, men eg vil tru at dei vart sendt av garde. Emblem låg ved fjorden og nær kysten, så eg vil tru at dei kan ha vorte rekna som ei «kystlegd» som hovudsakleg skulle levere sjøfolk til den militære flåten. Dei to som eg har funne i dei militære rullane for Bergen stift er Olle Pers. Magerholm og Hans Flisnæs.

Olle vart registrert som «GAp079» med tillegskoden «16SMO60 «. Det fulle namnet var Ole Pedersen Magerholm. Han var 8 år gamal i 1701, ifølge 1701-tellinga, og dermed fødd i 1692. Ole kom frå bruk II på Magerholm og var truleg ein av dei eldste i ein ungeflokk på 9. Faren heitte Peder Olson Våtmyr og døydde allereie i 1702, berre 35 år gamal. Mora var Kari Klementsdotter Magerholm og døde i 1736. Foreldra hadde tatt over bygselskontrakta etter far til Kari, Klement Jakobson Magerholm i 1691 og Ole vart altså fødd kort etter den tid. Eg veit ikkje kvar alle søskena vart av, med untak av Dorte (død 1776) som gifte seg på Jyljebøen, Isak (1898-1773) som rydda plass i Magerholmvika, samt Ole og Paul som tok over farsbruket etter tur seinare. Det var ikkje så vanleg at gardbrukarsøner verva seg frivillig. Kanskje vart Ole utkomandert, eller så var det vanskeleg å finne livsgrunnlag på andre måtar når søskenflokken var så stor.

Hans Hansen Flisnes hadde kodane «Gap098» og «16SMO59». Ifølge militærrullane døydde han 5. januar.1717 på «Trosvig Søelasarett». Eg vil tru at det er snakk om Trosvik i Glemmen Prestegjeld ved Fredrikstad. Der var det i alle fall framleis eit Lasarett i 1910. Hans kom frå Hansgarden, bruksnummer 1 på Flisneset. Det var truleg faren, Hans Torsteinson (f. ca. 1650), som gav bruket dette namnet på folkemunne. Hans Hansen vart fødd etter at faren bygsla garden kring 1690. Mora døydde berre 44 år gamal i 1706, og då fekk han ei stemor som truleg kom frå Rasmusgarden på Flisneset. Det verkar ikkje som om det var ringe kår i Hansgarden for dei hadde ein litan hest ifølge arveskiftet. Ifølge 1701-manntalet var Hans Hansen 5 år og dermed fødd eller døypt i 1696. Stemmer årstalet i forlketellinga var han 21 år då han døydde.


DEI FRIVILLIG INNRULLERTE MATROSANE

Vervinga av matrosar til flåten frå Bergen vart leia av vervingsjef Kommandør Frantz Trojel  og mønsterskrivar Espen Lund. Den kongelege forordninga av 16/10 1703 og 26.1.1704 om sjøinnrullering i Norge medførte at 1597 mann frå Bergen by, samt 266 mann på landet i Bergens stift verva seg. Desse skulle nyttast i flåten i «påkommande tilfelle» og oversikta skal vere komplett i millitærrullane som enno eksisterer for Emblem sin del. Ingen av dei omskrivne nedanfor har rulleringskode KAP, og var difor neppe i Københamn ved krigsutbrotet i 1709.  Det var marinegastar frå frå Bergen by som fekk oppleve det. Dei iverva vart tekne ut til månadsteneste på den danske krigsflåten og forsyningskipa. Så lenge dei vart nytta som matros, slapp dei å sloss, men ein skal ikkje kimse av at dei trass alt var ombord i eit krigskip for det meste.

Det var heile 10 emblemsbygdarar som lot seg verve og av desse var det 6 som var matrosar. Samtlege seks matrosar verva seg i 1704 og vart dimmiterte før det kom til krigshandlingar. Seks av desse verva seg 23. juni. I motsetning til legdsmatrosane var ingen av desse anten odelsøner eller registrerte som seinare bygselsmenn på Emblem. Dei fleste var derimot husmennsøner og tenarar, som kanskje såg nok ein mogelegheit til å sleppe unna med kortare vervingstid og ei rekkje andre goder. Det var truleg også grunnen til at det var såpass mange som verva seg på ein gong. Eg har samla litt fleire opplysningar om desse i dei kommande avsnitta.

Matros «LA0176» Olle Olsen Østrem Borgund vart fødd i 1687, og det er truleg den same Ole som vart registrert i 1701-tellinga på Østrem. Han vaks opp i Mattisgarden og var sonen til Ole Hansen Østrem (1645-1709) Det var søstera, Inger Olsdotter (død 1765, 87 år) som tok over bygselskontrakta på dette gardsbruket. Eg veit ikkje kvar det vart av Ole etter at han kom heim att.

«LA0177» Jens Olsen Emblem Borgund fødd 1682. I likheit med Ole i avsnittet ovanfor, kan eg ikkje finne opplysningar om og når han drog til København eller kva skip han tenestegjorde på.  Han var truleg sonen til Ole Ingebrigtsen Emblem i Auregarden, for det er den einaste

gardbrukaren på Emblemsgardane som kan høve. Jens var heller ikkje den einaste i familien med millitær karriere, Faren var innrullert i 1701, ifølge folketellinga, i ein alder av 56 år. Det kan verke som om det er snakk om ei feilregistrering, sidan broren til Jens, Ingebrigt Olson Emblem var 23 år det året og heimeverande. Han kan nok høve betre. Eg vil tru at hverken Jens eller Ingebrigt vart med i sjølve krigen dersom dei ikkje forlenga kontrakta si meir enn dei trong gjere, men då hadde dette vore innskrive i militærrullane. Det er mogeleg at det også er veslebroren til Jens, Ole Olsen Emblem, som har innrulleringsnummer 0798 og koden LA0170. Han vart registrert på skipet «Havfruen» den 9. september 1719. Han var i so fall omlag 31 år ved den registreringa. I 1701-manntalet finn eg han som tenar, eller rettare sagt dreng, på nabobruket som heitte Steffågarden. Og det endar ikkje der, for eg har også funne ein Knut Olsen Emblem på 24 år i 1701-tellinga som også var i marinen. Han var også tenar på Ystebøen det same året. Ut frå desse opplysningane kan ein nesten hevde at auregardsfolket var som ein «militærfamilie» å rekne.

I den same 1701-tellinga finn eg ein ung Peder Pers. Emblem på 26 år, som var registrert som «Marin». Han er ikkje nemnd i militærullane frå Bergenhus, og var truleg ferdig med si teneste før krigen. Det var Peder Pederson Emblem (1675-1748) som hadde fått bygselsetel i Ebbegarden. Han var ikkje oppvaksen der og truleg ikkje i slekt med den forrige brukaren heller. Han hadde truleg gifta seg omlag då han tok over bruket i 1700. Det er ikkje registert andre enn menn og gutar i mantallet, men frå bygdeboka for Borgund finn eg at den fyrste kona hans , Anne Pedersdotter døydde i 1701. Det kan vera grunn til å tru at det kan ha vore i samband med anten svangerskap eller fødsel. Dei var truleg ikkje gifte særleg lenge. Peder far også svigerfar til den neste brukaren, Ebbe Knutsen Hovden (ca. 1705-ca. 1770) som truleg kom frå andre sida av fjorden ved Hundeidvika.

Matros «LA0181» var Tideman Olsen Axelen Borgund. Også han hadde innrulleringsdatoen 230604. Tideman var truleg fødd i 1683. Han er registert under Bergen verving, men utan opplysningar om utskriving eller avgang. Tideman var sonen til Ole Anderson Akslen, som bygsla på bruksnummer 2, «Hølå» fram til garden i 1680-åra vart slege saman med bruksnummer 1 «Øvste-Aksla» i nokre år. Frå 1701-tellinga finn eg at tenaren Peder Olsen Akslen (f. ca. 1651) på dette bruket hadde vore soldat tidlegare. Tidemnad fekk lønn for å stå i militærrullane, men kom truleg ikkje i kamp. I 1701 var han tenar på Bruk I på Nedregotten, som seinare skulle delast i Steffågaren og Sirigarden. Han var då 19 år, og registrert som husmannson.

«LA0185» Biørn Olsen Flisholm Borgund vart fødd i 1688. Videre opplysningar om tenestetida hans finst ikkje. Han var truleg broren til Christen Olsen Flisholm, med innrulleringsnummeret «GA000»som også var registrert soldat under den Nordiske krig. Frå 1701-manntalet finn eg at dei truleg var busatt på husmannsplassen på Flisholmen. Faren, Ole, var då omlag 62 år og det vart fortalt at han var tønnemakar. Christen var ikkje heime på den tida, medan Bjørn var nemnd som yngst av tre registrerte gutar med sine 9 år. Det er truleg slik at alderen har vorte bytta om på brørne. Broren Ole på linja ovanfor var nemleg 19 år og det kan høve litt betre. Utfordringa er likevel at han i så fall har vorte dobbelført feil, for der finst også ein tenar med namnet Olle Olsen Flisholm på 19 år på Humla i 1701. Det er difor mogeleg at der var to brødre som heitte Bjørn og att fødselsdatoen i innrulleringa var korrekt sett til 1688 på den eldste Bjørn Olsen Flisholm. Han var i so fall 13 år i 1701 og 16 år då han verva seg. Den eldste i rekkja var nok uansett Lars på 24 år. I følge 1701-manntalet var også han innrullert i marinen det året. I tillegg var han dreng på Godøya. Eg veit ikkje kor det gjekk med Christen, men Bjørn var nok den same som Bygdeboka for Borgund nemner som neste husmann på Flisholmen. Han tok i så fall over i 1710, noko som kan passe godt for Bjørn verva seg i 1704 og då var han truleg dimmitert i 1709, slik forordninga frå kongen hadde lova i 1703. Han gifta seg også med ei Ragnhild Jensdotter. Det var ingen familie som tok over etter han. Det kan verke som om gutane på Flisholmen var anten like flinke til å verve seg som gutane i Auregarden, eller like interessert i godene det resulterte i. Det er i allefall ikkje sannsynleg at dei tok på seg dette for andre. For Bjørn var nok løfte om løn og fritak frå landvernet etter dei pålagde 5 åra viktige argument. Han endte nok heller ikkje i krigshandlingar i 1709, for han kom heim att.

Lars Ifuersen Flisnæs Grytten, med registreringskode «LA0197», var den einaste av dei nemnde som verva seg 26. juni 1704, tre dagar seinare. Han vart fødd i 1680 og var i Marinen, men eg finn han ikkje att i 1701-tellinga i Borgund. Det kan tyde på at han hadde slekt på Flisneset, men der finst ingen Iver i Bygdeboka. Han var registrert frå Borgund i 1704, men eg har ikkje klart å finne meir om han enno. Eg lurer bå om han kan vere frå ein annan Ødegard utnafor Emblemsbygda. Det kan også forklare at han har ein annan vervingsdato, tre dagar seinare.


SOLDATANE I LANDVERNET

Det var desse som skulle i kamp for å sloss. Desse var det naturleg nok ikkje så mange av. Truleg deltok alle tre i kamp.

Anders Rasmusen Emblem var innrullert som nummer 0800 med koden «LA0175», som stod for landvernet. Han fekk ingen god skjebne. Ein kan berre undre seg over kva følgende registrering i militærrullane for Bergen stift kan bety: «Kasseret 17.5.1718 Been istøcker slagen» Ein ting er i alle fall sikkert. Han vart kjend udyktig og sendt heim 17. mai 1718 etter å ha vore i kamp. Dette kan vere den same Anders Rasmussen Emblem som ein annan stad vart omskriven som «Quest på Fyen». Kan det bety at han vart kvesta på øya Fyn i Danmark? Det kan sjølvsagt ha andre tydingar også. Anders finst ikkje i manntalet på garden Emblem, men der er derimot ein Anders Rasmussen i Emblemsvåg i 1701 som kan høve. Han var sonen til Rasmus Emblemsvåg, som var den første husmannen i Plassevågen. I så fall så hadde han brødrene Peder på 16 år, Knut på 12 år og Lars på fire år i 1701. I den same tellinga vert Anders registrert som tenar på bruk II på Nedregotten (seinare delt i Skaret og Guttormgarden), medan broren, Peder, tente på Emblem.

Soldat nummer 044, Olle Ifversen Hesseberg, vart verva den 28. oktober i 1709. Ole Døde 10. mars 1717 i Søen. Eg er usikker på om det betyr at han drukna, eller om han fall død overbord.  Han var med i det «Faste Sundmørske kompani» Ole kom frå Nedigard på Hesseberg og var sonen til Iver Hesseberg, som bygdeboka nemner som brukar på Nedigardi 1650-åra uten at ein veit sikkert kor lenge. Broren Bertil Iverson Hesseberg (1635-1709) tok over bygselen på farsbruket, så det er mogeleg at Ole var ein god del yngre, sidan han var soldat. Han kan neppe ha vore meir enn 30 år då han vart innrullert i 1709, så han vart kanskje fødd eingong i 1680-åra. Det er kanskje også årsaka til åt han lot seg verve, sidan han ikkje hadde nokon odel. Då Bertil døde, nettopp i Ole sitt vervingsår, var det søstera Mali som tok over garden. Den normale vervingstida var stort sett 5 år, men Ole var framleis soldat då han døydde i 1717. Dette talar også for at han kan ha vorte fødd seint på 1680-talet. Det finst desverre ingen opplysning om kvar han tenestegjorde eller kvar han døydde. Ole var forøvrig onkelen til Engebregt Bertelson Hesseberg, frå den samme garden som også verva seg som soldat. Han skal eg kome attende til i neste avsnitt. Det er mogeleg at Ole var ledmann òg. Hesseberg var på denne tida ikkje del av Emblemsbygda, og han var truleg del av «Valle landlegd», som hovudsakleg leverte soldatar i motsetning til Emblemsbygda. Ein finn også fleire eksempel på at gutar herifrå tok seg betalt for å stille i soldattjeneste på vegne av gardfolket på mellom anna Gudmundset litt lenger aust mot Glomset.

Engebr. Bertelsen Hesseberg innrullert nummer «022» vart vervat som soldat den 17. mai i 1710, eit år etter onkelen, Ole Iversen Hesseberg, som vart omtala i avsnittet over. Det einaste ein veit om krigsdeltakinga er at han vart registrert i Christiania den 15. september 1717. Det kan tyde på at han var stasjonert der på den tida. Kanskje tenestegjorde han på Akershus festning? Det var nok behov for auka bemanning med tanke på den svenske beleiringa året i forvegen. Engebregt hadde minst 6 søskem og hadde mista faren sin året i forvegen. Han hadde 2 eldre brødre, men det var tanta, Mali som fekk overta bruket i staden. Av dei tre søstrene var det berre Tyri som eg har funne giftermål på. Til gjengjeld døydde ho allereie i 1713 og då var ho gift for andre gong inne i Vaksvika. Søstrene Eli og Anne var det året 30 og 28 år, men ugifte. Det er mogeleg at dei vart gifte dei òg, men det kan ikkje ha vore så store medgifta mora kunne bidra med, og brukarane på garden fekk heller kort tid som brukarar på denne tida. I likheit med onkelen, verva Engebregt seg på eit tidspunkt der Danmark-Norge hadde vorte med i krigen, så det kan ikkje ha vore like freistande. Det er meir truleg at dei ikkje hadde så mange andre val. Kanskje vart dei utskrivne, men sidan dei var med i det «Faste Sundmørske Kompani», så kan det tyde på at dei sjølve valde å la seg verve til militærtenesta. I så fall kan det ha vore av økonomiske årsaker.

Heilt til slutt vil eg nemne Endre Jetmundsen Østremsreit (f. ca. 1645). Han Dreiv gardsbruket Reiten og hadde også militær bakgrunn. Han var innrullert som korporal og hadde «verit Soldat» ifølge manntalet i 1701. Kanskje hadde han ei rolle i arbeidet med å få fleire til å verve seg etter at han kom heim og tok over farsgarden kring 1690?. Det finst i alle fall liknande døme på at offiserar av lavare grad fekk slike oppdrag. Han hadde ingen andre militære oppdrag frå 1709.


SLUTTNING

Det var altså ikkje berre dei vansklegstilte husmansønene som verva seg eller stillte som legdsoldatar frå Emblemsbygda. Det var mange ungdommar på gardane på denne tida, men heller få av desse deltok i den Store Nordiske krig frå 1709. Ein kan sjå eit slags skille der husmannsøner stort sett verva seg då dei fekk tilegne seg ekstra goder eller pengar uten at Danmark-Norge var i nokon krig i det heile tatt. To av dei tre landsoldatane som faktisk deltok i krigen gjekk det ille med, medan det maksimalt kan ha vore ein matros som hamna på sjukehus. Han var det altså ikkje hald for å påstå at han faktisk kom frå Emblemsbygda. Det er vanskeleg å finne ut kvar dei vart av etter 1709. Historikar Atle Døssland skriv i Fylkeshistoria for Møre og Romsdal at dei færraste som verva seg til marina og drog til København kom attende til heimbygda. Det var nok først og fremst fordi dei då hadde fått smaken på den store verda og sjømannslivet. 5 eller 9 år var også sopass lenge at fleire gifta seg andre stadar enn her heime. Kanskje var det også nokon av dei ovanfornemnde som verva seg i den nederlandske handelsflåten etterpå. Den store Nordiske krig påverka difor ikkje folketalet på Emblem nemneverdig.


KJELDER:

1910-tellinga for Glemmen herred: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01036355010591

Døssland, Atle: «Med lengt mor havet: 1671-1835, Fylkeshistorie for Møre og Romsdal», Samlaget Oslo 1990

http://no.wikipedia.org/wiki/Beleiringen_av_Akershus_festning

Manntalet 1705 for Sunnmøre: http://folk.ntnu.no/ivarse/avskr/mt1701_Sunnmore.htm

Norske Inteligenzseddler 24.2.1779

Sogner, Sølvi: «Krig og fred: 1660-1780» Aschehoug, Oslo 1996

Østrem, Svein Ove: Arbeidsutkast til oppdatert bygdebok for Emblemsbygda, Molde 2014

www.digitalarkivet.arkivverket.no

Øverbø, Egil: «I kongens teneste: militær utskriving frå Bergens stift under Store nordiske krig 1709-1719» Riksantikvaren 1996

Øverlid, Ragnar: «Borgund og Giske Band II, Gardsoge 1-51», Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1961







Du har fremdeles ikke lagt til bildet i fotoalbumet.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.12 | 22:33

Veldig trivelig lesing, takk! Knut Salvesen Tjugen var onkel til min tipoldefar.

...
17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE