Østremsjø-plassane 

1700-talet må ha vore stort sett ein god periode for folkevekst i Emblemsbygda. Det er mogeleg at ein vert litt farga av at det er betre tilgong på opplysningar frå kirkebøker og folketellingar frå denne tida og frametter, men det er også dokumentert av mellom anna historikar Atle Døssland, i skriftet «Folketal og Næringstilgang på Sunnmøre 1660-1815» frå 1984, at folkeveksten i Haram og Borgund stod i ei særstilling, frå kring 1700 fram til omlag 1769. Dette til trass for fleire epidemiar og langt ei lavare vekst i nabokommunane. Eg skal ikke bruke så mykje tid på å vurdere årsakene, berre konkludere med at auka vekst i befolkninga førte til eit auka behov for noko å leve av og ikkje minst ein stad å bu. Det er på denne tida at dei to bruka på Nedregotten vert til både tre og fire bruk. Sjølv om bruka vart eigd av andre enn drivarane, så vart det familien til desse som også fekk bygsle dei nye frådelte bruka. Problemet var at ein ikkje kunne løysa utfordringane med å få seg leveveg på denne måten i lengda. Dei som no fekk halvparten så mykje jord å leve av skulle også ha areal til å kunne brødfø familien sin. Dette var tider der sjølvberging og ikkje pengehushald var grunntanken i samfunnet.

Det er kring 1750 at me kan spore eit tiltakande flyttemønster frå Emblemsbygda og vestover mot nyare husmannsplassar kring Ålesundet. Her må fisket ha vore brukbart godt, kanskje betre en utkomet frå jordbruket på den tida. Presten, Munthe, i Bud kunne foreksempel fortelle at det i 1742 hadde vore eit godt vårfiske og ikkje minst sildefiske like før jul. Kvalane som jaga henne inn mot Bud hadde tatt så hardt i at silda flaut opp daud og kunne plukkast med hendene. Jordbruket var det værre med. Der var det uår, lik året i forvegen. Folk såg kanskje at dei trong fleire bein å stå på, men samstundes var det nok fisket og nærheit til fiskebankane som lokka dei lenger ut mot havet. Det var særleg dei utan odelsrett som flytta, men det kunne også hende at dei eldste i ungeflokken kom i gifteklar alder før foreldra var klare for å ta kår, slik at det vart eit av dei yngre søskena som tok over farsgarden i staden.

Hans Strøm

Det var ikkje alle som såg like blidt på frådelinga av gardar og husmannsplassar. I følge Presten Hans Strøm og boka hans, «Physisk og Oceconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør» frå 1762 fanst det ikkje ein einaste husmann eller plassemann i heile Emblemsbygda, med unntak av ein stad inne på Magerholm som heitte «Sæteren» (truleg i Magerholmdalen), der det bodde ein plassemann og ein husmann. Han peikar også på det faktum at kirkesognet Borgund då hadde fått så «talrige Ungdom», men også mange «ubetenksomme Giftermaale». Han peika vidare på at fleire av desse giftermåla kom til ved oppdeling av gardsbruka, noko han meinte hadde gått alt for vidt. Andre giftermål kom i stand ved at ein delte frå husmannsplassar, til borna sine. Strøm sette spørsmålsteikn ved om landet var tjent med dette då dei «sielden ere i Stand til at give sine Børn den fornødne Oppdragelse og Underholdning, og volde altsaa, i Fald Fiskerierne (paa hvis Bestandighed alle Indbyggernes Velstand beroer, men i sær husmændenes) nogle Aar skulde slaae Feil, ufeilbarlig nødes at gribe til Bettel-Staven, og desuden fylde Landet op med Tigger-Unger.»

Han såg altså utfordringar med at bruka vart mindre og at folk vart freista til å satse for mykje på dei gode tidene. Samstundes gav ikkje presten Hans Strøm nokon løysing på problemet med kva ungdommane skulle finne på i staden, for det var ikkje lov å gå tiltakslaus om ein var konfirmert og dermed for vaksen å rekne. Ein del fortsette som «tenar» i eigen heim fram til dei gifte seg, men då måtte dei ha noko å leva av først. Ein vil tru at kanskje Strøm tenkte seg at det ville verte færre born dersom færre gifta seg, men han fortel vidare at auka omsetting av brennevin til omlag 500 tønners forbruk i året, også var ei årsak til uekte born og dermed ekteskap i all hast. Ein kan med andre ord kanskje sjå på deling av gardar og frådeling av humannsplassar som eit resultat av folkeveksten i samtida og ikkje som ei ønska utvikling, slik det vart hundre år seinare kring 1850 der både overklassa og landhusholdningsselskap med amtmannen i spissen såg på oppretting av husmannsplassar i utmarka som ein utmerka måte å dyrke opp og utvide produktiviteten i landbruket i fylket vårt.

Kor mange frå Emblemsbygda som leste boka og fekk nmed seg kritikken til Hans Strøm, veit eg ikkje. Emblemsbygderane kunne stort sett lese og dei var i ei særstilling i fylket vårt, når det gjaldt talet på bøker og religiøs litteratur per hustand i andre helvta av 1700-talet. Der hadde vore minst ei vekkelsebølge som hadde flauma inn over emblemsbygdarane. Dei aller fleste hadde no i alle fall ein eigen husbibel og gjerne nytestamente attpå. Bøker var kort sagt utruleg dyrt og ikkje noko allemannseige på den tida. Hans Strøm si bok tvilar eg på at nokon hadde i det heile og den vart i alle fall ikkje registret av borgundpresten då han var på husbesøk hjå kvar enkelt i soknet i 1780-åra.

1801-tellinga gjev betre oversyn

I 1801-tellinga finn me den første fullstendige oversikta over samtidige husmenn under Nedregotten, eller «Gotten Nedre» som det heitte då. Til trass for at det skulle ha vore 4 gardsbruk på denne tida, så finn eg berre 3 brukarar dette året. Desse var johannes Pedersen på Skaret, Lars Pedersen i Steffagaren og Guttorm Poulsen i Guttormgarden. Årsaka var at Lars hadde bygsla Sirigarden attåt sitt eige bruk og dreiv begge gardane fram til han døydde i 1806. På denne tida var det berre han som var sjølveigar på Nedregotten. Det kan verke som om Hans Strøm fekk rett i sine advarslar omlag 40 år tidlegare, for no finn ein også tre husmenn på Nedregotten, og innen av desse hadde jord slik at dei kunne dyrke noko som helst eller ha eigen buskap dersom dei ikkje leigde seg plass hos andre. Det var ein luksus dei færraste husmen i denne kategorien hadde. Det er vanskeleg å vite eksakt kvar plassane låg, for eg har enno ikkje funne nokon husmannskontrakt for desse, men nokre av dei kan ein med sikkerheit plassere likevel. Eg skal kome attende til dette. I utgangspunktet kan ein som regel sjå at det som seinare vart oppretta som husmannsplassar kring midten av 1800-talet kan også ha vore nytta til same formål tidlegare. Soleis kan det ha vore snakk om gjennopptaking av tidlegare plassar eller at desse har vore i drift lenger enn bygdeboka har funne prov for. Andre har vore så små at dei rett og slett ikkje har vorte nemnde i bygdeboka i det heile tatt. Desse husmennene har heilt klart vore i den siste kategorien når dei kun leigde seg nokre kvadratmeter til å sette stova si oppå.

Det kan vere grunn til å tru at ein husmann utan jord på Nedregotten budde i såkalla «strandstover» nede ved sjøen. Der kan ha vore ein og anna jekteskipper, men dei fleste var nok fattigslege med stort sett fiske som hovudnæring på den tida. Det verka likevel som om dei fleste klarte seg, til trass for prestens tidlegare åtvaringar og nauden som skulle kome med napoleonskrigane nokre få år seinare. Det er interessant å merke seg at dei var omlag jamngamle, fødde i 1740-åra og stort sett gift berre ein gong. Den eine av desse, Ole Arnesen på 64 år og kona hans, Guri Halvardsdotter, på 65, kan ha budd like bak eller ved, nausta i Østremsvika, dersom det er den same Ole som gifta bort sonen sin i 1834. Han oppga då Østrem som staden han kom frå/ budde og sonen nytta etternamnet «Østremsø» i kirkeboka. Dette kan stemme sidan dei i 1801 hadde ein heimebuande son med namnet Arne Olesen på 34 som var «afskediget soldat» og som kan høve, sidan eg ikkje finn nokon annan Arne i det aktuelle tidsrommet i kirkebøkene. Han venta sjølvsagt ikkje så lenge på giftermål, men gifte seg opp att det året og fortsette å bu ved sjøen i Østremsvika nokre år til.

Dei andre husmennene kan sjølvsagt ha budd på omtrent same stad, men det var berre nokre få av dei som nytta slike namn, med unntak av ein seinare Erik Hansen Østrem, som kan ha vore sonen til Hans Eriksen på 62 og Marta Knudsdotter på 44 frå 1801-tellinga. I so fall var han broren til Knut Hansen som budde heime i 1801. Det er mogeleg at ein eller fleire busette seg lenger vest mot Naustvika og Løvika, for der er fleire fine stadar i lé for ein husmann utan jord langs fjorden. Løvika kan soleis ha vorte rydda på nytt på ein enno eldre plass då «Båt-Nils» kom dit kring 1890. Han kan du lesa meir om i ein eigen tekst om Løvika. Eg skal no ta for meg dei ulike husmennene frå folketellinga og forsøke å følge dei etterkommande generasjonane så langt det let seg gjere. Vidare skal eg fortelle litt meir om ein som kom nokre år seinare og som kan ha vore anten den fjerde strandsittaren eller ein husmann med jord. Eg vel å ta han med fordi han må ha budd ved Østremsvika, kanskje omlag der som Kåre og Judith Kvangardsnes seinare bygde seg hus.

Husmannsplass nummer 1 (kanskje i Løvika?)

I 1801-tellinga kan me lesa om ein Peder Pedersen på 56 år som var oppattgift med Birte Olesdotter på 52 år. Dei hadde inga jord og festa soleis berre ei hustomt. Difor er det vanskeleg å finne dei att i nokon skrifteleg kjelde då det var truleg ikkje finst nokon tradisjonell husmannskontrakt slik som husmennene med jord fekk. Ved første augesyn kan ein stille spørsmålet om Peder var bror til Lars Pedersen på 66 som dreiv Steffågarden og Sirigarden, og kanskje far til Johannes Pedersen på 28 som dreiv Skaret også. Begge gifta seg til gard og grunn utan at bygdeboka kan fortelle kvar dei kom frå. På den andre sida så var dette vanlege namn og der finst ingen klare spor i den retninga, som eg har funne. Etter mykje søk i arkiva har eg heller ikkje makta å finne nokon Peder Pederson i kirkebøkene for Borgund i det aktuelle tidsrommet. Det er difor mogeleg at han kan ha kome frå ein annan stad. Eit søk på alle med namnet Peder i tidsrommet 1741-1749 gjev berre eit treff. Det er Peder Pederson Sætter, sonen til Peder Rasmus. Sætter som vart døypt 2. juli 1748. Det er ikkje heilt utenkjeleg at «Sætter» er det same som tidlegare nemnde «Sæther» og dermed ein av dei to plassebruka som truleg låg oppe i Magerholmdalen. Eg meinar å ha høyrd at der ein gong låg to plassar omlag der Daleplassen vart rydda på nytt kring 1820. Peder kan soleis ha vore husmannson der oppe og ikkje funne seg nokon betre livsveg i ei tid då det var kamp om gardane og småbruka. Som husmannson på ein plass som seinare knapt gav nok til berre ein familie, hadde han nok lite å tilby av pengar. Birthe er like vanskeleg å finne, men når eg søker i Borgund og nabokommunene så finn eg nokre kandidatar. Det er Birthe Olsdotter Lille-Nørve (f. 1747) og dottera til Ole Iverson Blindheim, Birthe Olesdotter Blindheim (f. 1748). Eg har ikkje klart å finne nokon born etter dei, eller den første kona til Peder. Det kan på si side forklare dei manglande treffa i kirkebøkene.

Husmannsplass 2 (ved Østremsvika?)

Ole Arnesen på 64 år og kona Gurri Halvarsdotter på 65 var begge gift kun ein gong. Sonen Arne Olesen var ugift soldat som hadde fått avskjed. Truleg var det fordi han var ferdig med soldatplikta si, då han var 34 år i 1801. At han var ugift var også ein peikepinn på at han kan ha vore soldat ei tid. Husmansønene fekk ofte oppdraget med å gjennomføre militærtenesta for meir velståande bønder mot betaling og utrustning. Arne kan ha vore ein av desse. Den 3. november det same året finn eg han att som brudgom. Arne gifta seg med Askeline Christiansdotter Giære. Eg vil tru at ho kom frå Sykkylven. Det er mogeleg at mora til Arne, Guri, kom frå Emblemsvågen, men det er like truleg at ho kom annan stads ifrå saman med mannen Ole, for eg klarar ikkje å finne dei i Borgund eller dei nærliggande prestegjelda Det er interessant å sjå at sonen nytta etternamnet «Østremsiø» ved giftermålet. Det var kanskje nettopp der, like bak dagens naustrekke, dei budde. Der finst ei gammal steinhelle over Sirielva som vitnar mykje om småbruene på postvegen frå kring 1809, så det er ikkje heilt utenkjeleg. Andre restar etter strandstova er nok nytta opp att i nausta, så der er neppe andre spor å finne. Eg finn ikkje nokon spor som kan tyde på at Arne og Askeline fekk born, og heller ingen spor etter kvar dei busette seg, men sidan Arne nytta Østremsø-namnet då han som enkemann gifte seg om att med enka Ingeborg Monsdotter i 1834, så er det grunn til å tru at han vart verande i bygda. Det er også mogeleg at han fekk frådelt eiga tomt eller plass også, sidan faren ikkje nytta «Østremsø». På den andre sida så oppga han i 1834 at han budde på Østrem, så det kan ha vore same staden, og då på det som framleis var Østremsgardane sitt beiteområde nede ved sjøen (før utskiftinga). Eg har ikkje funne born etter han.

Det er lite truleg at Ingeborg fekk fleire born etter 1834, men ho hadde minst 4 born frå sitt første ekteskap på Ystebøen med Klaus Nilsen Grøtt (1760-1819). Du finn meir om dette ekteskapet dersom du les teksten om Ystebøen her på www.emblemsbygda.com Dottera Nille (1816-1898) gifte seg i Larsgarden på Østrem, medan ei anna dotter, Oline, gifte seg med svogeren frå den same Larsgarden, Nils, som tok over slektsbruket i Solavågen, der faren kom frå. Dei tok seinare over Ystebøen også då Ingeborg gifte seg med Arne og flytte derifrå. Opphaveleg heitte ho Ingeborg Monsdotter Magerholm (ca. 1785-1860) og var gift tre gongar. Klaus var som kjent den første, medan Steffen Anderson Frøysa (ca. 1795-1832) var den andre. Han tok over drifta på Ystebøen etter Klaus, men Ingeborg overlevde begge to. Ho vart enke for tredje gong då Arne drukna på sjøen 22. februar 1836, berre to år etter at dei gifte seg. I kirkeboka stod det då at han var 62 år, så det er ein del usikkerheit angåande fødeåret, for det vart fortalt at han var 71 i 1834 ved bryllaupet og 34 år i 1801-tellinga. Han kan ha vorte fødd eller døypt anten i 1763, 1767 eller 1774. Utfordringa er at eg ikkje har funne han på nokon av desse årstala.

Husmannsplass 3 (ved Østremsvika)

Hans Eriksen (f. ca. 1739) skal ha vore 62 år i 1801 og kona Marta Knutsdotter 44. sonen Knut Hansen (f. ca. 1787) var 14 år og budde heime enno. Eg vil tru at Erik Hansson Østremsjø (ca. 1785-1835) også var sonen deira. Han vart truleg buande ved Østremsvika og kanskje på same staden som foreldra sine. Han var i alle fall registrert som husmann og «Østremsø» i forbindelse med registeringa av dåpen til borna sine og giftermålet til den eine dottera si. Det var på den tida vanleg å endre namn dersom ein flytta til ein annan stad. Av dei borna eg har funne etter Erik er Elen Marie som vart gift Bærent Luth på Store Nørve, Ingeborg Karen Marthe (f. ca. 1815 og gift med Hans Andreas frå Løset i 1842. Dei busette seg i Ålesund. Det er mogeleg at Peter, som vart far utanom ekteskap til Anne Jørgine Charlotte Wigholm i 1830 også var sonen til Mata og Hans.. Ho døydde 8 veker seinare. Den siste er Hans Peder som var ungkar og dreng. Han vart tvillingfar utanom ekteskap i 1828. Borna heitte Edvard og Ingeborg Anna. Han gifte seg ikkje og mora, Elen Rasmusdotter Rørhuus (Giske?), vart dermed titulert som «Tøs» då ho døydde ugift i Ålesund i 1833, 42 år gamal. Tvillingane var då berre 5 år gamle. Korleis det gjekk med dei veit eg ikkje. Erik Hansen Østremsø omkom året etter på havet den 13. juli 1835. Då var han framleis husman med Østremsjø til etternamn. Dette er litt rart fordi han skal visst ha gifta seg til namnet Drevik i 1807. Det er mogeleg at dette ekteskapet havarerte eller at ho døydde før 1828. Dei to siste borna til Hans og Marte som eg har funne er Knut Andreas (f.1787) og Ingebrigt (f. 1796). Eg veit ikkje om dei levde opp eller kvar dei vart av.

Faren Hans Eriksen kom ikkje frå Østrem eller Nedregotten, i likheit med dei andre plassemennene. Eg finn han derimot på Øvste-Aksla nokre år tidlegare. Hans (f. 1735) kom truleg frå Stige på Skodje og kona, Marta (1755-1813) Knutsdotter var jordajenta på dette bruket. Av ein eller annan grunn sa dei frå seg bruksretten og vart husmenn i staden. Myje tydar på at flyttinga var økonomisk motivert.

Husmannsplass 4 (Østremsvika)

Det er ein del som tyder på at der var minst ein husmannsplass til under Nedregotten. Det er sjølvsagt også mogeleg at denne brukaren berre tok over, men sidan dei tre første kun var snakk om strandstover utan jord, så er det mest truleg at der låg enno ein plass eller kanskje ei strandstove ved nausta i Østremsvika. Det kan i so fall ha vore plass nummer tre der. Nils Zachariasen Østremsø (ca. 1774-1838) er den som det har vore lettast å finne i arkiva. Sidan han levde samstundes med dei tidlegare brukarane er det difor mest truleg at dei levde side om side. Eg undrar meg på om ikkje Nils hadde jord attåt, for han fekk veldig mange born. Han var gift med Marte Sivertsdotter Giære, og ho var kanskje også i slekt med Askeline Christiansdotter Giære, som eg nemnde under plass nummer 2. Sonen Bærent vart fødd på Hole i 1801, noko som kan tyde på at Marte kom frå Sykkylven. Han gifte seg med Siri Ellingsdotter Vaksvik (f. 1817) i 1840, og dei busette seg i Ålesund. Nestemann var Guttorm Nilson (1806-1851). Han gifte seg i Remvika i 1845, men drukna berre 6 år seinare. Nils Andreas Britanus vart fødd i 1819 og gift på Aure i 1847. Petter Sevrin (f. 1820) vart truleg ikkje så gamal sidan neste mann fekk namnet Peter (1825-1881) Han busette seg på det som vart heitande Petersplassen på Blindheim etter han. Elen Marie (f. 1826) gifta seg med Ingebrigt Andreas Elias Slinningen i 1852 og flytte nok dit. Malene Nikoline og Sivert Andreas (f. ca. 1833) flytte begge til Buholmstranda. Ho fekk minst to born i 1851 og 1863, medan Sivert gifte seg med Maren Birgitte Aase i 1862. Den siste i borneflokken, Elias Jens Rasmus (f. 1836) var busett på Furnes då han gifte seg med Susanne Randine Sørensdotter Hoffseide i 1875. Det var altså ingen andre som tok over etter foreldra sine.

Avsluttning

Det er interessant å merke seg at nettopp strandsittarane ved Nedregot-sjøen ikkje har fått seg frådelt tomt som følge av slektband, slik som Hans Strøm peika på. På den måten skil husmannsfolket som ikkje hadde jord seg frå mange av dei husmenn som det har vore i bygda vår. No er det likevel ikkje heilt uvanleg, for det finst ei rekkje døme på husmannsfolk frå mellom anna Volda, Synnylven, Hjørundfjorden og Sykkylven i bygda vår men, det må likevel seiast å vere litt underleg når det fanst eit sopass stort ungdomsoverskot i vår eiga bygd. På den andre sida kan ein kanskje seie at det er positivt dersom dei hadde ressursar til å finna seg ein betre leveveg enn som strandsittar utan dyrkningsjord eller slitar med slåttemark der ein og annan tust kunne finnast, på nattestid på Emblemsfjellet. Ein skal ikkje gløyme at Martha kom frå Aksla og bygda vår, men det må ha vore særeigne høve som førte dei frå gard og grunn på ein sopass rik matrikelgard. Ein skal ikje sjå vekk frå mogelegheita for at desse husmennene utan jord valde å flytte frå si eiga bygd før dei ba audmjukt om ei slik lita festetomt. Det kan ha vore vanskeleg å sjå sambygdingane og slekta i augo om ein ikkje makta å få seg litt jord å dyrke. Eg skal ikkje seie for sikkert korleis dette vart oppfatta hjå bygdefolket i samtida, for ein var no klar over folkeveksten og dei problema dette medførte. På den andre sida skal ei beundra dei som ikkje gav opp og heller bøygde ryggen og tok fatt på arbeidet med å brødfø seg og sine. Eg vonar at eg etterkvart vil klare å samle enno meir opplysningar om dei små husmannsplassane under både Nedregotten og resten av bygda. Frå 1800 finn ein fleire slike plassar i bygda vår. Du kan også finne meir informasjon i to tekstar som eg skreiv for ei tid tilbake om husmenn kring 1800 og 1865. Du finn dei i venstremenyen på www.emblemsbygda.com under menyen «Sosiale forhold» saman med denne.

Det kan verke som om det var lite framtid i livet som strandsittar og husmann utan jord på Emblem. Festeavtalen var truleg berre for festaren og ikkje berekna på å vare over lenger tid. Likevel finst der spor som går over to generasjonar, men kring 1840 var det truleg slutt. Det skulle likevel ikkje gå så mange åra før nye humenn kom til Nedregotten, men desse var då truleg berre husmenn med jord. Kanskje var det hungerstida kring napolenstida som begrensa tilveksten ein kort periode. Målet med denne teksten har vore å få fram att kunnskap om det som har vorte gløymd for lenge sidan.

Kjelder:

www.arkivverket.no : Folketellingar, digitaliserte kyrkjebøker og pantebøker

Døssland, Atle: «Folketal og Næringstilgang på Sunnmøre 1660-1815» Skrift 10 Møre og Romsdal Distrikstsøgskule, Volda 1984

Døssland, Atle: «Med Lengt mot havet». Fylkeshistorie for Møre og Romsdal bind 1, 1671-1834. Det Norske Samlaget, Oslo 1990

Straume, Jakob: «Kristenliv på Sunnmøre og Romsdal: eit festskrift», Bergen: Lunde, 1950

Strøm, Hans: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør  Publisert av Sorøe og tryk hos Jonas Lindgren 1762

Øverlid, Ragnar: «Borgund og Giske band II, Gardsoge Gardsnr. 1-51», Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1961