I
denne teksten vil eg særleg ta for meg opphavet og dei første
generasjonane som budde på Elvemyr, men eg vonar óg å få tak på
meir kunnskap om dei seinare åra. Har du opplysningar eller bilete,
vonar eg at du seier frå.
Dette
vesle bruket, med tunstad på bakketoppen ved Bedhuset i bygda, har
hatt fleire folkelege namn opp gjennom åra. «Elvemyr» er soleis
kanskje det minst kjende blant bygdefolket, sjølv om dette er det
opphavelege. Det er brukarane som sidan skulle gje namn åt dette
kårstykket med opphav frå Guttormgarden. Husa på hovudbruket, ,
ligg truleg der dei alltid har lagt, på høgresida av gardsvegen opp
til Østrem, med Steffågarden på venstresida. Der låg dessutan
tunet til Skaret og Sirigarden også, men Skaret flytta tunet sitt
lenger vest etter utskiftingane mot slutten av 1800-talet og
Sirigarden er i våre dagar oppstykka og fordelt på grannebruka. Ein
kan soleis undre seg på kvifor Dette kårstykket vart liggande så
langt frå Guttormgarden. Svaret er kanskje at det var her
nybrotsarbeidet med rydding av gamal heimeutmark og drenering av
myrane tok fatt kring midten av 1850-åra. Det er soleis kanskje
ikkje så rart at ein nytta «Elvemyr»-namnet på to av dei nye
plassane. Dessutan finn ein namnet «Elvarum» på ein annan
nyrydding under Negarden litt lenger vest. Det er litt spesielt med
to nærliggande småbruk med same namn, men eg vil ein tru at dei
starta tidleg å nytte namn etter brukarane i staden for å skille
dei frå kvarandre i daglegtalen. For å gjere det heile vansklegare
så heitte begge plassemennene på dei to plassebruka Karl til
fornamn i 1865-tellinga. Eg skal kome attende til dei ulike brukarane
og namna på Elvemyr med bruksnummeret 8 etterkvart.
Opphavet
til plassen byrjar truleg med Guttorm Knutsen Nedregotten
(1816-1866), som ifølge bygdeboka gav namn til Bruk nummer 2 på
Nedregotten, slik at det for ettertida vart heitande «Guttormgarden».
Eg er på mi side ikkje like sikker på det, for der er ein annan
kandidat som også heitte Guttorm. Han var son av Paul frå Søvika
(ca. 1745-1815) og ein av dei første brukarane etter at Nedregotten
vart delt opp frå 2 til 4 bruk. Han var også bestefaren til den
tidlegare nemnde Guttorm Knutsen, som vart opptakalla etter han. Det
var truleg i Guttorm den eldre si tid at frådelinga av
husmannsplassar på dei gamle beiteplassane til Østremsgardane nede
ved sjøen byrja. Me kjenner til ein av desse kring 1800 der
plassemennene nytta «Østremsø» som etternamn i kirkebøkene. Den
siste av desse var svigersonen til Guttorm. Det betyr ikkje at der
ikkje fanst strandsitterar og husmenn på Nedregotten før denne tida
òg, men sidan Nedregotten opphaveleg var del av Østrem, så heldt
østremskarane på Beiteplassane sine nede ved sjøen ei god tid
etter frådelinga vart gjort. I dag er det berre retten til naust og
tilkomstveg som er attende.
Sjølve
Nedregotten-namnet er eit vitne om at Østremsfolket truleg hadde ei
«got», eller krøterveg gjennom det gamle klengetunet. Sidan dette
var den «nedre gota», så var der truleg ei «øvre got» også.
Kanskje det var del av vegen til fjellbeitet frå Østrem. Det har
synt seg ved revideringsarbeidet mitt av bygdeboka at der finst spor
av husmannsplassar i bygda som er langt eldre enn dei me finn nemnde
i Bygdeboka. Erfaringa mi tilseier at der kan ha lagt husmannsplassar
på omlag dei same plassane tidlegare også, men at desse kan ha
vorte nedlagde for så å verte rydda på nytt kring 1850-åra. Dette
kan ha samanheng med det som ein nærmast kan kalle ei lita
«folkevandring» frå Emblem kring midten av 1700-talet der mange
flytta mot Ålesundet og kysten. Eg vil tru at fiske kan ha vore ei
medverkande årsak. Samstundes må det påpeikast at det er først
frå 1800-tellinga at me får eit betre oversyn over kven som budde i
bygda og namna på heile huslyden, så det er lettare å følge spora
etter dei som vart fødde etter 1750. Desverre finn me ikkje spor av
dei eldre husmannsplassane i Panteregisteret.
Tunstaden
til Elvemyr er såpass god, med hellande bakkar at eg finn vanskeleg
å tru at dette kun har vore ruskemark før Guttorm den yngre fekk
det frådelt som kårbruk Dette hende omlag då Ole Andreas Olsen
Kongshaug (1826-1916) og Ingeborg Olsdsotter Østrem (1857-1891)
bygsla Guttormgarden i 1857.
Det
er likevel noko rart ved denne bygslinga av garden, for Guttorm
Knutsen var berre 41 år gamal då han vart kårkall. Han hadde tatt
over bruket som 20-åring i 1836 når faren, Knut Pedersen Skuset
(1780-1836) døydde, men kvifor gav han seg før ungane vart gamle
nok til å overta?. Svaret kan vere av økonomisk art. Familien åtte
ikkje Evemyr og då faren døydde vart det ingen ting attende etter
at skulda var betalt. Når så mora, Pauline Guttormsdotter
(1785-1840), gifte seg om att med Johannes Pedersen Rot, fekk Guttorm
enno fleire å brødfø. Det kan verke som om inntektene vart
dårlegare, eller at gjelda hopa seg opp. Husmannsplassen «Østremsø»
vart på denne tida drege inn att under Guttormgarden. Ved skiftet av
brukar eigde Guttorm berre eldhus og selet sitt sjølv. Dei hadde han
sett opp for eiga rekning i løpet av dei 20 åra han dreiv. Om
ovegongen til ny rolle som kårmann skuldast økonomiske årsaker, så
var han ikkje den einaste som hadde tronge kår i Emblemsbygda på
den tida. Det er nok ikkje heilt utan grunn at så mange
utmarksplassar kjem til i denne perioden heller. Det var kanskje
ikkje så mykje å hente økonomisk på å gje husmannskontrakter,
men nydyking og gratis arbeidskraft var godt å ha. Ein medverkande
årsak kan ha vore at han vart enkemann i 1856. kona Oline Johanne
med fødenamnet Grebstad, frå Sykkylven, var rett nok 14 år eldre
enn Guttorm, men med sine 54 år vart ho ikkje særleg gamal. Eg har
heller ikkje funne meir enn ei dotter, noko som kan ha påverka
besluttninga.
Eg
nemnde at Guttorm den yngre var leigetakar, eller «bygselsmann».
Guttormgarden høyrde på den tida til Terøy-ætta, som åtte garden
i over 100 år, frå omlag 1814. den 1. august 1863 fekk han tinglest
bygselskontrakta si frå Syver Larsen Terö, som var den første
eigaren frå denne ætta. Han hadde sjølv fått Guttormgarden
gjennom giftemål på Veibust. Kårkontrakta er det desverre
vansklegare å finne, men dei fleste kårkrava finn eg likevel igjen
i bygselskontrakta til Ole Anders i Guttormgarden i 1857. Her bit eg
meg merke i opplysningar om at namnet «Elvemyren» allereie er på
plass og at det var snakk om «Markestykke» på 1237 kvadratmeter.
Det var altså ikkje noko ruskemark han fekk. Videre måtte Guttorm
sette seg opp stove, og mykje tydar på at det ikkje var snakk om
noko stort hus. Det er truleg den som det er mogeleg å sjå på eit
bilete frå kring 1910 i albumet over, signert stavangerfotografen
Steinkopf-Wold. Når løa kom opp, veit eg ikkje, for det er mogeleg
at han som kårmann fekk ha dyra sine hjå Ole Andreas på
hovudbruket ei tid også.
I
1864 gifta dottera Karen Helene Lovise Guttormsdotter (1838-1910) seg
med Carl Sevrin Larsen Fremmerhus (1836-1905), som hadde kome til
bygda, truleg som dreng, omlag eit år tidlegare. Dei tok over
Elvemyr, og då hadde Helene allereie fått tinglest husmannskontrakt
på plassen året i forvegen. Eigaren var då Anders Eriksen Terø. I
kontrakta kan ein mellom anna lese at det var snakk om ein nyoppretta
husmannsplass på dyrkamark som omfatta farens tidlegare kårbruk på
«Elvemyren». Det var nok ikkje så vanleg at ei ugift ung kvinne
signerte ei husmannskontrakt på den tida. Eg vil tru at det kan ha
samanheng med at det var lettare å forlenge kårkontrakta til faren
på denne måten. Det er ting som tyder på at han ikkje var heilt
frisk heller, og Anders Terø hadde framleis ansvar for kårmannen på
garden som han åtte. Det vart difor eit godt tilbod for han om
dottera vart verande og tok seg av far sin. Dette kunne ho sjølvsagt
gjere ifølge den gamle kontrakta óg, men med dette fekk ho utvida
avtalen til å gjelde for hennar eiga levetid også. Med sikrare
livssituasjon kunne dermed Helene gifte seg med Carl Sevrin og bli
verande i bygda. Dette vart også ein god avtale om den vordande
ektemannen hadde lite å bidra med, reint økonomisk. Det er
sjølvsagt vanskeleg å finne ut av motiva etter so lang tid, men det
høyrest no ikkje heilt usansynleg ut.
Elvemyr
gnr. 5 bruksnr. 8 er i våre dagar sterkt avgrensa til delar av vegen
og grøftekanten som går vidare mot Tryggeset og Brauta, samt ein
litan hageflekk nærmare «Bergseth», men då grensene for
husmannsplassen vart sette gjekk grensa heilt opp til bygdevegen, som
låg omtrent der dagens hovudveg mot Magerholm framleis går. Bruket
omfatta også delar av staden der dagens Bedehus ligg, men det aller
meste er i våre dagar oppstykka i hustomter. Plassen grensa vidare
mot ein gangveg til «Naustvika» og låg truleg omtrent på samme
plass som dagens bilvegveg mot Tryggeset og Brauta. Vidare vart
grensa sett mot Steffen Andersen Nedregotten frå «Steffagaren» sin
Myrteig. Eg veit desverre ikkje kvar denne låg, men det var kanskje
ovanfor Tryssethaugen og i austleg retning mot Skaret. Den
avfotograferte kontrakta frå Digitalarkivet er ikkje særleg skarp,
og difor er det ikkje like lett å tyde all skrifta, men det ser ut
som om Helene skulle betale 27 Speciedalar for å få oppretta
avtalen og deretter 1 Speciedalar i årleg festeavgift, samt 4
arbeidsdagar. Brenseltorv fekk husmansfolket hente ovanfor plassen.
Det vil truleg bety at dette var nord for hovudvegen til Magerholm og
sør for Storelva, omtrent der dagens byggefelt ligg.
Helene
fekk vidare beiterett, fri nausttomt til ein færing i Naustvika.
Guttorm fekk rett til å sette stova si på plassen. Eg er ikkje
heilt sikker på om det kan bety at dette var forlenga festerett for
eksisterande bygg, eller om det var no han flytta eller sette opp
kårstova på Elvemyr. Salget av kleberhammeren vert også nevnt. Den
vart tidleg seld til private selskap i lag med utvinningsrett på
kalkstein nede ved sjøen. Guttorm vart også sikra rett på husrom
og pleie så lenge han ønska å bli buande på plassen. Kontrakta
vart signert 27. juli 1863 og tinglyst på Fredsberg 11. august det
same året.
To
år seinare vart det halde folketelling i bygda. Carl Sevrin, eller
«Søvrin» som han truleg vart kalla i daglegtalen, var no
registrert som husmann med jord og 31 år. Karen oppgav at ho var 28
år og presten hadde notert seg giftemålet året i forvegen. Årsaka
til at Karen hadde bede om husmannskontrakta som «ugift pige» i
1863, var truleg sonen Karl Johan Sevrinson på 2 år. Dette var
ikkje heilt uvanleg, og til dels sett på som greit dersom dei var
forlova. Bygdeboka nemner også at Karen hadde fått ord på seg som
den «finaste jenta innanfor Flisneset», men det vart ikkje nemnd
kvar denne informasjonen kom frå. I so fall var det drengen frå
Stranda som vart den heldige. I 1865-tellinga vert det notert vidare
at Guttorm var 52 år gamal Dette er eit godt eksempel på at
tellingane ikkje er heilt til å stole på, for Guttorm vart fødd i
1816 og var eigentleg 49 år gamal. Dei hadde 6 sauer, 2 kyr og dyrka
1/8 tønne med havre og to tønner potet. Dette verka ikkje som
særleg mykje, men det vart ikkje dyrka meir potet på ein storgard
som Magerholm dette året heller. På den andre sida hadde
magerholmfolket hest, meir dyr, bygg og til og med gjæss. Elvemyr
hadde derimot færre å brødfø, så utkomet var nok ikkje så
skrint.
Guttorm
hadde altså burett på plassen så lenge han ønska det, men det
varte ikkje så lenge, for allereie året etter folketellinga vart
plassefolket råka av ei trist hending. Han vart berre 50 år gamal.
I kirkeboka kan ein lesa at han vart funnen død utandørs dagen
etter at han hadde kome heim frå ein tur til Ålesund, i byrjinga av
mars. Ein meinte at han kanskje hadde frosse ihel.Eg finn ingen andre
opplysningar utanom kirkeboka som anten kan bekrefte eller avkrefte
påstanden.
Frå
1866 til 1895 finn eg ikkje noko opplysningar om humannsfolket på
Elvemyr. Dette året overlet (Carl) Sevrin , ifølge bygdeboka,
plassen til sonen, Sivert (Syver) Sevrinson Nedregotten (1871-1952)
då var helsa skrantande og han var for det meste sjuk dei siste
leveåra. Kona Karen Helene fekk ei værre skjebne. Ho vart spedalsk
og døde i 1910. Eg er ikkje heilt sikker på at opplysningane frå
bygdeboka er korrekte, for i 1900-tellinga er Sevrin og Karen Helene
framleis registrerte som drivarar av plassen og busette på garden.
Panteboka støtter opp om dette. Den 27. desember i 1904 skreiv i
alle fall Sevrin Larsen Nedregotten og Karen Helene Guttormsdotter
under på oppsigelsen av bygsels- og bruksretten sin. Enka og
eigaren, Andrine Terøy gav dei samstundes kårrettar på plassen.
Blant
dei registrerte på bruket i 1900-tellinga var dottera (Lovise)
Gurine (f.1866) var ugift og budde framleis heime der ho hjalp til på
plassen og i huset. Dotterdottera Sofie Petrine Karlsdotter på 4 år
og budde også på Elvemyr. Ho var registrert som pleiedotter. Slikt
var vanleg på den tida, om foreldra arbeidde i byen eller på
fabrikk, for barnehagar eller fritidsordningar eksisterte ikkje
utanom storfamilien på gardane. Det var ikkje tilfelle denne gongen.
Eg veit ikkje heilt kvifor ho vart nemnd som «pleiedotter», men det
er truleg fordi dette var ei offisiell telling. Mora var nemleg den tidlegare nemnde Lovise Gurine som var ugift. Faren var ungkar og
naboen Karl Karlsen Nedregotten, Seinare kjend som «Rese-Karl». Det
vart likevel ikkje dei to, men det verka ikkje som om dei ikkje var
vel forlikte, for ti år seinare bygde han seg hus med
telefonstasjon som næraste nabo oppe på Resebakken. Sofie Petrine
har eg fått opplysningar om at ho var seinare vart gift Berg i
Ålesund og hadde visst ein son som var politimann.
Sevrin
og Karen Helene fekk rett på 1,72 kg. Havre, 240 liter potet, 320
liter søtmjølk. Dei nye drivarane skulle sørge for stell og
beiteplass til en sau, og i periodar også eit lam. I den sør-austre
enden av bruket skulle dei ha rett på et mål dyrkamark i en
firkant. Ved skulle dei ordne sjølv så lenge dei makta det, men
etter det skulle brennfanget leverast i passande emner. Stova skulle
framleis ha fri tomt på Elvemyr, noko som kan tyde på at kårstova
skulle vere ei eiga stove. «ligesom Kaarfolkene skal have Ret til
Benyttelse af indtil Halvdelen af Bærtrærne paa vestre Kant af
Stuen; ligeledes skal Halvdelen af Potetesageren paa vestre Kant af
Husene være til deres Brug og Benyttelse.» totalkostnaden
på kårkrava for 5 år vart sett til 250 kroner og utgiftene kunne
avkortast med nær halvparten om den eine fall frå tidlegare enn den
andre. Dokumentet vart ført til pennen av lærar Knut Furseth og
underskriven av Andreas Andersen Terøy og Elias Andersen
Giskeødegaard, som truleg var broren hans. Dei hadde fått skøyte
på både Guttormgarden, Elvemyr og to bruk på Gamlemshaug i slutten
av august det same året når buet etter mannen hennar, Anders Terøy
skulle gjerast opp. Kjøparane var med andre ord sønene hennar.
Elvemyr fekk dei kjøpe for 500 kroner, medan Guttormgarden hadde
fått ein prislapp på 1800 kroner.
Sevrin
og Karen Helene fekk 5 born saman. Eldstesonen heitte, som tidlegare
nemnd, Karl Johan Nedregotten og vart fødd i 1864. og fiskar då han
gifte seg i 1892 med Ingeborg Petrine Laurense Johansdotter Skjong.
Året etter busette dei seg i Ålesund. Broren Johan (1865-1902)
busette seg også i Ålesund. Han var bryggearbeidar og budde i
Røysegata. Johan døydde i ei arbeidsulykke. Søstera Lovise Gurine
har eg ikkje funne noko registrert giftemål på. Det må ha vore
etter 1910, for ho var framleis busett på Elvemyr og ugift i den
tellinga. Den neste i søskenflokken var Andrine Caroline Agnethe
(1869-1869) som døydde av kikhoste før ho vart eit år gamal.
Sivert Elias Martinus (1871-1952) Budde også i Røysegata ei tid,
før han flytta heim og tok over bruket, medan den yngste søstera,
Berntine Andrine Severine (f. 1873) tok seg arbeid som «sypige» i
Ålesund og gifta seg i 1898 med Anders Knutsen Solli.
Med
Sivert (kalla Syver) fekk Elvemyr 8 namnet «Syvergarden» på
folkemunne. På denne tida vart den gamle stova bytta ut med
gamlestova på Øvste Aksla ein gong kring 1913. Dette årstalet er
ikkje heilt sikkert, for det er i bunn og grunn ingen som veit
nøyaktig årstal lenger. Likevel kan det vere eit spor at årstalet
1913 og namna Lisa og Knut vart måla på ein bjelke på nyhuset oppe
på Aksla. I september dette året tok også Syver opp eit lån på
500 kroner med sikkerheit i gamlehuset, løa og naustet som stod på
Guttormgarden sin grunn nede ved sjøen. Delar av dette huset stend
framleis, om enn i ei ombygd utgåve. På eit tidspunkt etter 1913
vart kårstova riven. Syver gifta seg med Marie Eline Thomasine
Johansdotter Longva (1873-1952) frå Haram. Garden hadde då vorte
skyldsett til 37 øre. Dei gifta seg i 1899 og var først busett i
Ålesund.
I
1910-tellinga vart det registrert 4 ungar. Dette var Klara Johanne
(1899-1982) som ikkje gifte seg. Ho budde seinare ei tid i Oslo og ho
var også pleiemor for dei tre borna til søstera Jenny, som døydde
tidleg i 194. Ho skal eg kome attende til. Frå ein gong på
1950-talet budde ho også på loftet på heimgarden. I 1901 vart Anna
fødd som den første på Emblem. Dei hadde med andre ord flytta frå
byen på den tida. Anna (1901-1920) vart heller ikkje gift og døydde
19 år gamal av tæring. Johan Hjalmar (1903-1990) var den første av
ungane som skulle ta over farsbruket. Han gifta seg første gong i
1926 med Edel Nyborg (1903-1955) frå Sykkylven. Han skal eg kome
attende til. Karl Sigvart Marius (1905-1924) var også ugift og
døydde også 19 år gamal av tæring. Jenny Agnes (1908-1941) vart
heller ikkje særleg gamal. Ho gifta seg med Nikolai Sortevik på
Sorte og etterlet seg tre små born. Til saman fekk Syver og Maria 8
born. Tre av desse vart fødde etter 1910. Dette var John Louis
(1914-1998) som tok over garden etter bror sin, Johan Hjalmar, som eg
nemnde tidlegare. Deretter kom Sverre (1911-1994) som bygde seg hus
på eiga frådelt tomt på Elvemyr som fekk namnet «Bergly» Han
vart gift to gongar, først med Olga frå romsdalsøya Sekken, og
deretter med Evelyn. Martin (1918-2002) var yngst og fekk også si
eiga frådelte tomt på fargarden. Den fekk namnet «Soltun». Han
vart også gift med ei jente frå Sekken som heitte Solveig. Martin
og Sverre var heller ikkje dei einaste frå Emblemsbygda som gifta
seg med jenter frå ei av øyane i Romsdalsfjorden. Ingvald inne på
Reiten vart foreksempel gift med Gurine frå Veøya og det har vorte
meg fortalt at fleire av giftemåla hadde hatt sitt utspring i eit
songarstemne på dei traktene. Om dette stemmer skal eg ikkje seie
for sikkert.
I
1929 tok sonen, Kaptein Johan Hjalmar Nedregotten, over garden. Han
fekk også skøyte og vart den første sjølveigaren i mai dette
året. Det var dei tidlegare nemnde Andreas A Terøy og broren hans,
Elias A. Giskeødegård, som selde bruket for 1350 kroner. Dette var
tre år etter at han hadde gifta seg med Edel i 1926. Saman fekk dei
borna Karsten som flytte til Ålesund og gifte seg med Randi, Erling
som bygde seg hus på farsgarden og var gift med Josefine, Magnhild
som gifte seg med Arne Storeide og flytte heimatt frå Stranda i
vaksen alder. Kari var yngst og gift med danske Sven Snerling. Dei
busette seg i Stordalen. Edel døydde i 1955 og Johan vart gift om
att kring 1960. Johan var ikkje gardbrukar særleg lenge. Den
viktigaste inntekta hadde han på sjøen, og det vart truleg krevande
å drive garden og ta seg av foreldra samstundes som han hadde vakter
som kaptein. Etterkvart bestemte han seg for å frådele seg ei
hustomt, kalla «Bergseth», medan broren John Louis fekk ta over
resten av Syvergarden. Du finn meir om Johan i ein eigen tekst om
historia til Bergseth her på Emblemsbygda.com.
John
Louis vart den siste frå Guttorm-ætta som budde i Syvergarden. Han
fortsette også å losjere søstera Klara Johanne på loftet. Han
gifta seg med Aslaug Stafsnes (f. 1922). Saman fekk dei borna Marie
(f.1955) som gifta seg med Jan Inge Sørbø og busette seg i Volda.
Jan-Asle (f. 1957) som busette seg på det som ein gong var
Jakobgarden på Emblem. Yngstesonen var Sigbjørn (1962-2013) som
først busette seg i eige hus på farsgarden før han flytta til
Volda i 1993. John bygde på huset kring 1964, slik at det fekk den
utforminga som det har hatt fram til våre dagar. Omtrent samstundes
kom den etterkvart så karakteristiske brunfargen på ytterveggane
også. Løa vart riven før 1973, og ein verkstad vart sett opp mot
skogkanten aust for huset. Her vart det ei tid også halde
sløydundervisning då «Blåskulen» vart alt for liten og nyskulen
enno ikkje var ferdigbygd. Gamleskulane var rett og slett ikkje bygde
for klassedeling etter årstrinn.
I
1973 vart huset i Syvergarden seld vidare til bygda sin nye
Samvirkelagsbestyrar, trønderen Arne Liaklev (1925-1994). Han hadde
budd i bygda sidan 1960, dels i leiligheita over Samvirkelaget og
dels på nabobruket Vestby. Årska til at John selde var at sonen
Sigbjørn hadde vorte påkøyrd ved Resebakken sommaren 1967 og lam.
Han vart liggande eit år på sjukehuet på Molde, før han var to år
på internatskule i Tønsberg, men då bestemte foreldra seg for å
hente han heimatt til Emblem. John bygde då verkstad på tunet slik
at han kunne vere heime og hjelpe sonen på skulevegen og i dei
bratte trappene i eit hus som var ueigna for rullestol. Han fekk også
laga teikningar på korleis huset kunne byggast om, men valde til
slutt å bygge eit nytt i den gamle frukthagen i staden. Arne Liaklev
kjøpte og flytta inn i gamlehuset då det nye stod klart. Kona til
John, Aslaug bur der framleis.
Arne
var gift med Sigrun Haldis (f. 1932) som kom frå Eresfjorden i
Nesset. Han hadde tidlegare vore bestyrar på Samvirkelaget på
Rausand. Saman fekk dei borna Stein Arne (1954-2008), Randi og Heidi.
Arne var den som har vore bestyrar lengst i Emblem Samvirkelag si
historie, med sine 27 år frå 1960-1987. Dei fortsette å bu i bygda
til Arne døydde i 1994. Det same året selde Sigrun huset og flytte
frå bygda. Ho busette seg etterkvart på Giske.
Jan-Asle,
son til den tidlegare eigaren, John Louis, kjøpte då huset attende
i slekta. Meininga var å pusse opp huset og busette seg der med kona
Helene Engeseth frå Magerholm og dei to borna, Christian og Håkon.
Faren var glad for at huset no kom attende til familien. Kledninga
vart teke bort slik at det gamle tømmeret kom til syne . På det
eine biletet i albumet kan du at sjå namnet hans har vorte måla på
den eine veggen. Alt gjekk ikkje heilt etter planen og oppussinga
vart ikkje fullført. Han budde allereie litt lenger vest, på
gamletunet til Jakobgarden, og bur der framleis. Han eigde huset i
Syvergarden heilt til det vart seld i 2013. det kan verke som om det
ne er oppussing på gong også. I so fall vil tømmeret frå det
gamle hovudhuset på Øvste-Aksla framleis vere del av huset i
Syvergarden. Det vert tidvis også kalla «Liaklevhuset» blant yngre
generasjonar som vaks opp på 1970-talet. Men sjølv om det vesle
bruket er delt opp, så lev litt av historia om husmannsplassen
Elvemyr framleis vidare i denne vesle teksten.