Elvemyr 8 / "Syvergarden"

Biletet syner gamlehuset på Elvemyr kring 1910 (markert med raud ring). Det er truleg frå 1910 og i alle fall før 1913. Eg har for sikkerheits skuld sett på namn på fleire av dei andre gardsbruka ikring, slik at det skal vere litt enklare å kjenne seg igjen. Huset som ein kan sjå kortenden på rett til høgre for Elvemyr er gamlebedehuset i si opprinnelige form og på si første plassering midt mellom to bruk. Elvemyr/Syvergarden var den eine av desse. Foto: Steinkopf-Wold

"Syvergarden" (Elvemyr 8) sett frå hagen på "Bergsett". Dei to gutane er tvillingane Arne og Svein Nowak. Her kan du sjå både huset og løa. Biletet tilhøyrer Arne Nowak

Modifisert utgåve av gardskartet som syner kva som er igjen av Elvemyr 8 i 2013. Områda er markert med rosa. Hovudhuset er ved Elvemyr-namnet. Kjelde: http://gardskart.skogoglandskap.no

Biletet er frå omlag 1973, den siste sommaren før Arne Liaklev kjøpte huset. Biletet er tatt av Marie Nedregotten Sørbø, som også har lånt ut biletet.

Blomsterbedet vart planta av Aslaug Nedregotten (f.Stafsnes). Biletet er tatt av Marie Nedregotten Sørbø, som også har lånt ut biletet.

Våren 1964 eller 1965. "Syverhuset", som opphaveleg var hovudhuset på Øvste-Aksla, er no påbygd og utvida ytterlegare mot nord og sør og var ikkje måla enno. Gråninga kan tyde på at kledninga har vore på ei stund. Borna til John og Aslaug Nedregotten, som bodde der på denne tida, er f.v.: Marie, Sigbjørn og Jan-Asle . John var fotograf. Biletet er lånt ut av dottera hans, Marie Nedregotten Sørbø

Sigbjørn Nedregotten framfor Løa på garden. Den vart seinare riven. Faren, John Nedregotten tok biletet som er lånt ut av dottera hans, Marie Nedregotten Sørbø

Dette biletet er ikkje frå Syvergarden, men frå tunet på tomta "Bergly", der bror til John Nedregotten, Sverre Nedregotten bygde seg eige hus på heimgarden. John sit lengst til venstre med borna Sigbjørn i leikebilen og Jan-Asle på benken. Sverre sit nærast fotografen, som kan ha vore kona hans, Olga Nedregotten. biletet er enten frå sommaren 1967, eller 1968. Biletet er utlånt av Marie Nedregotten Sørbø

På plenen på "Bergsett". F.v.: Stig Hoel, Astrid Nedregotten, Arne og Svein Nowak , Anna Vibeke Høeg Krohn, Evy Nedregotten og Ragnhild Høeg Krohn. I bakgrunnen ser du hovudhuset i "Syvergarden" med den karakteristiske brunfargen. Biletet tilhøyrer Arne Nowak

Skileik i bakkane rett vest for "Syvergarden". Her er løa riven. I bakgrunnen ligg "Resehuset" (Myrvang) der Karl Nedregotten dreiv Telefonstasjon frå 1910 til sentralen vart automatisert og flytt til eit nybygd hus på Elvarum. Biletet tilhøyrer Arne Nowak

Sindre Myklebust og Sigbjørn Nedregotten i 1982. Arbeidet med å bygge ny bru med undergong hadde byrja. Framleis står skiltet med fotgjengerovergongen der og vegmerkinga like så. Det brune huset i bakgrunnen er Samvirkelaget med det velkjende oransje "S"-merket på taket. På denne tida var det styraren der, Arne Liaklev som budde i huset i Syvergarden. Biletet tilhøyrer Arne Nowak

Bilete signert fotograf Steinkopf-Wold frå omlag 1910. Stova nederst mot høgre hjørne, der me kan sjå heile huset, er truleg den gamle kårstova til Guttorm på Elvemyr 8 (seinare kalla "Syvergarden") Det vart rive nokre år seinare og bytta ut med gamlehuset på Øvste-Aksla som også er grunnstammen i dagens påbygde hus. Rett til høgre for Elvemyr-stova skimtar me så vidt kortveggen mot sør på Gamlebedehuset i si opphavelege form og på sin opphavelege stad frå et var nybygd nokre år tidlegare. Det kvite huset over taket på desse tidlegare nemnde bygningane er hovudhuset i Ebbegarden. Det nermaste huset mot nedre venstre del av biletet er Vestly, som verkar temmeleg nybygd på den tida. Tømmeret vart vel kjøpt brukt og flytta til bygda. Gjenbrukstanken var med andre ord populær på Nedregotten.

Biletet av det gamle tømmeret frå huset på Øvste-Aksla som vart bygd opp att i Syvergarden. Her kan du sjå namnet til Jan-Asle Nedregotten som kjøpte huset attende frå Sigrun Liaklev i 1994. biletet er henta frå det digitale salsprospektet på huset i 2013, utarbeidd av Notar og meglar Ole Christian Walderhaug.

Frå venstre Klara Nedregotten og Marie Nedregotten (g.Sørbø) fotografet to år etter at dei flytte fra gamlehuset på Emblem. foto: sigbjørn Nedregotten.jpg

Klara Nedregotten. Biletet er frå omlg 1975 etter at gamlehuset vart seld til Arne Liaklev Foto: Marie Nedregotten Sørbø

I denne teksten vil eg særleg ta for meg opphavet og dei første generasjonane som budde på Elvemyr, men eg vonar óg å få tak på meir kunnskap om dei seinare åra. Har du opplysningar eller bilete, vonar eg at du seier frå.

Dette vesle bruket, med tunstad på bakketoppen ved Bedhuset i bygda, har hatt fleire folkelege namn opp gjennom åra. «Elvemyr» er soleis kanskje det minst kjende blant bygdefolket, sjølv om dette er det opphavelege. Det er brukarane som sidan skulle gje namn åt dette kårstykket med opphav frå Guttormgarden. Husa på hovudbruket, , ligg truleg der dei alltid har lagt, på høgresida av gardsvegen opp til Østrem, med Steffågarden på venstresida. Der låg dessutan tunet til Skaret og Sirigarden også, men Skaret flytta tunet sitt lenger vest etter utskiftingane mot slutten av 1800-talet og Sirigarden er i våre dagar oppstykka og fordelt på grannebruka. Ein kan soleis undre seg på kvifor Dette kårstykket vart liggande så langt frå Guttormgarden. Svaret er kanskje at det var her nybrotsarbeidet med rydding av gamal heimeutmark og drenering av myrane tok fatt kring midten av 1850-åra. Det er soleis kanskje ikkje så rart at ein nytta «Elvemyr»-namnet på to av dei nye plassane. Dessutan finn ein namnet «Elvarum» på ein annan nyrydding under Negarden litt lenger vest. Det er litt spesielt med to nærliggande småbruk med same namn, men eg vil ein tru at dei starta tidleg å nytte namn etter brukarane i staden for å skille dei frå kvarandre i daglegtalen. For å gjere det heile vansklegare så heitte begge plassemennene på dei to plassebruka Karl til fornamn i 1865-tellinga. Eg skal kome attende til dei ulike brukarane og namna på Elvemyr med bruksnummeret 8 etterkvart.

Opphavet til plassen byrjar truleg med Guttorm Knutsen Nedregotten (1816-1866), som ifølge bygdeboka gav namn til Bruk nummer 2 på Nedregotten, slik at det for ettertida vart heitande «Guttormgarden». Eg er på mi side ikkje like sikker på det, for der er ein annan kandidat som også heitte Guttorm. Han var son av Paul frå Søvika (ca. 1745-1815) og ein av dei første brukarane etter at Nedregotten vart delt opp frå 2 til 4 bruk. Han var også bestefaren til den tidlegare nemnde Guttorm Knutsen, som vart opptakalla etter han. Det var truleg i Guttorm den eldre si tid at frådelinga av husmannsplassar på dei gamle beiteplassane til Østremsgardane nede ved sjøen byrja. Me kjenner til ein av desse kring 1800 der plassemennene nytta «Østremsø» som etternamn i kirkebøkene. Den siste av desse var svigersonen til Guttorm. Det betyr ikkje at der ikkje fanst strandsitterar og husmenn på Nedregotten før denne tida òg, men sidan Nedregotten opphaveleg var del av Østrem, så heldt østremskarane på Beiteplassane sine nede ved sjøen ei god tid etter frådelinga vart gjort. I dag er det berre retten til naust og tilkomstveg som er attende.

Sjølve Nedregotten-namnet er eit vitne om at Østremsfolket truleg hadde ei «got», eller krøterveg gjennom det gamle klengetunet. Sidan dette var den «nedre gota», så var der truleg ei «øvre got» også. Kanskje det var del av vegen til fjellbeitet frå Østrem. Det har synt seg ved revideringsarbeidet mitt av bygdeboka at der finst spor av husmannsplassar i bygda som er langt eldre enn dei me finn nemnde i Bygdeboka. Erfaringa mi tilseier at der kan ha lagt husmannsplassar på omlag dei same plassane tidlegare også, men at desse kan ha vorte nedlagde for så å verte rydda på nytt kring 1850-åra. Dette kan ha samanheng med det som ein nærmast kan kalle ei lita «folkevandring» frå Emblem kring midten av 1700-talet der mange flytta mot Ålesundet og kysten. Eg vil tru at fiske kan ha vore ei medverkande årsak. Samstundes må det påpeikast at det er først frå 1800-tellinga at me får eit betre oversyn over kven som budde i bygda og namna på heile huslyden, så det er lettare å følge spora etter dei som vart fødde etter 1750. Desverre finn me ikkje spor av dei eldre husmannsplassane i Panteregisteret.

Tunstaden til Elvemyr er såpass god, med hellande bakkar at eg finn vanskeleg å tru at dette kun har vore ruskemark før Guttorm den yngre fekk det frådelt som kårbruk Dette hende omlag då Ole Andreas Olsen Kongshaug (1826-1916) og Ingeborg Olsdsotter Østrem (1857-1891) bygsla Guttormgarden i 1857.

Det er likevel noko rart ved denne bygslinga av garden, for Guttorm Knutsen var berre 41 år gamal då han vart kårkall. Han hadde tatt over bruket som 20-åring i 1836 når faren, Knut Pedersen Skuset (1780-1836) døydde, men kvifor gav han seg før ungane vart gamle nok til å overta?. Svaret kan vere av økonomisk art. Familien åtte ikkje Evemyr og då faren døydde vart det ingen ting attende etter at skulda var betalt. Når så mora, Pauline Guttormsdotter (1785-1840), gifte seg om att med Johannes Pedersen Rot, fekk Guttorm enno fleire å brødfø. Det kan verke som om inntektene vart dårlegare, eller at gjelda hopa seg opp. Husmannsplassen «Østremsø» vart på denne tida drege inn att under Guttormgarden. Ved skiftet av brukar eigde Guttorm berre eldhus og selet sitt sjølv. Dei hadde han sett opp for eiga rekning i løpet av dei 20 åra han dreiv. Om ovegongen til ny rolle som kårmann skuldast økonomiske årsaker, så var han ikkje den einaste som hadde tronge kår i Emblemsbygda på den tida. Det er nok ikkje heilt utan grunn at så mange utmarksplassar kjem til i denne perioden heller. Det var kanskje ikkje så mykje å hente økonomisk på å gje husmannskontrakter, men nydyking og gratis arbeidskraft var godt å ha. Ein medverkande årsak kan ha vore at han vart enkemann i 1856. kona Oline Johanne med fødenamnet Grebstad, frå Sykkylven, var rett nok 14 år eldre enn Guttorm, men med sine 54 år vart ho ikkje særleg gamal. Eg har heller ikkje funne meir enn ei dotter, noko som kan ha påverka besluttninga.

Eg nemnde at Guttorm den yngre var leigetakar, eller «bygselsmann». Guttormgarden høyrde på den tida til Terøy-ætta, som åtte garden i over 100 år, frå omlag 1814. den 1. august 1863 fekk han tinglest bygselskontrakta si frå Syver Larsen Terö, som var den første eigaren frå denne ætta. Han hadde sjølv fått Guttormgarden gjennom giftemål på Veibust. Kårkontrakta er det desverre vansklegare å finne, men dei fleste kårkrava finn eg likevel igjen i bygselskontrakta til Ole Anders i Guttormgarden i 1857. Her bit eg meg merke i opplysningar om at namnet «Elvemyren» allereie er på plass og at det var snakk om «Markestykke» på 1237 kvadratmeter. Det var altså ikkje noko ruskemark han fekk. Videre måtte Guttorm sette seg opp stove, og mykje tydar på at det ikkje var snakk om noko stort hus. Det er truleg den som det er mogeleg å sjå på eit bilete frå kring 1910 i albumet over, signert stavangerfotografen Steinkopf-Wold. Når løa kom opp, veit eg ikkje, for det er mogeleg at han som kårmann fekk ha dyra sine hjå Ole Andreas på hovudbruket ei tid også.

I 1864 gifta dottera Karen Helene Lovise Guttormsdotter (1838-1910) seg med Carl Sevrin Larsen Fremmerhus (1836-1905), som hadde kome til bygda, truleg som dreng, omlag eit år tidlegare. Dei tok over Elvemyr, og då hadde Helene allereie fått tinglest husmannskontrakt på plassen året i forvegen. Eigaren var då Anders Eriksen Terø. I kontrakta kan ein mellom anna lese at det var snakk om ein nyoppretta husmannsplass på dyrkamark som omfatta farens tidlegare kårbruk på «Elvemyren». Det var nok ikkje så vanleg at ei ugift ung kvinne signerte ei husmannskontrakt på den tida. Eg vil tru at det kan ha samanheng med at det var lettare å forlenge kårkontrakta til faren på denne måten. Det er ting som tyder på at han ikkje var heilt frisk heller, og Anders Terø hadde framleis ansvar for kårmannen på garden som han åtte. Det vart difor eit godt tilbod for han om dottera vart verande og tok seg av far sin. Dette kunne ho sjølvsagt gjere ifølge den gamle kontrakta óg, men med dette fekk ho utvida avtalen til å gjelde for hennar eiga levetid også. Med sikrare livssituasjon kunne dermed Helene gifte seg med Carl Sevrin og bli verande i bygda. Dette vart også ein god avtale om den vordande ektemannen hadde lite å bidra med, reint økonomisk. Det er sjølvsagt vanskeleg å finne ut av motiva etter so lang tid, men det høyrest no ikkje heilt usansynleg ut.

Elvemyr gnr. 5 bruksnr. 8 er i våre dagar sterkt avgrensa til delar av vegen og grøftekanten som går vidare mot Tryggeset og Brauta, samt ein litan hageflekk nærmare «Bergseth», men då grensene for husmannsplassen vart sette gjekk grensa heilt opp til bygdevegen, som låg omtrent der dagens hovudveg mot Magerholm framleis går. Bruket omfatta også delar av staden der dagens Bedehus ligg, men det aller meste er i våre dagar oppstykka i hustomter. Plassen grensa vidare mot ein gangveg til «Naustvika» og låg truleg omtrent på samme plass som dagens bilvegveg mot Tryggeset og Brauta. Vidare vart grensa sett mot Steffen Andersen Nedregotten frå «Steffagaren» sin Myrteig. Eg veit desverre ikkje kvar denne låg, men det var kanskje ovanfor Tryssethaugen og i austleg retning mot Skaret. Den avfotograferte kontrakta frå Digitalarkivet er ikkje særleg skarp, og difor er det ikkje like lett å tyde all skrifta, men det ser ut som om Helene skulle betale 27 Speciedalar for å få oppretta avtalen og deretter 1 Speciedalar i årleg festeavgift, samt 4 arbeidsdagar. Brenseltorv fekk husmansfolket hente ovanfor plassen. Det vil truleg bety at dette var nord for hovudvegen til Magerholm og sør for Storelva, omtrent der dagens byggefelt ligg.

Helene fekk vidare beiterett, fri nausttomt til ein færing i Naustvika. Guttorm fekk rett til å sette stova si på plassen. Eg er ikkje heilt sikker på om det kan bety at dette var forlenga festerett for eksisterande bygg, eller om det var no han flytta eller sette opp kårstova på Elvemyr. Salget av kleberhammeren vert også nevnt. Den vart tidleg seld til private selskap i lag med utvinningsrett på kalkstein nede ved sjøen. Guttorm vart også sikra rett på husrom og pleie så lenge han ønska å bli buande på plassen. Kontrakta vart signert 27. juli 1863 og tinglyst på Fredsberg 11. august det same året.

To år seinare vart det halde folketelling i bygda. Carl Sevrin, eller «Søvrin» som han truleg vart kalla i daglegtalen, var no registrert som husmann med jord og 31 år. Karen oppgav at ho var 28 år og presten hadde notert seg giftemålet året i forvegen. Årsaka til at Karen hadde bede om husmannskontrakta som «ugift pige» i 1863, var truleg sonen Karl Johan Sevrinson på 2 år. Dette var ikkje heilt uvanleg, og til dels sett på som greit dersom dei var forlova. Bygdeboka nemner også at Karen hadde fått ord på seg som den «finaste jenta innanfor Flisneset», men det vart ikkje nemnd kvar denne informasjonen kom frå. I so fall var det drengen frå Stranda som vart den heldige. I 1865-tellinga vert det notert vidare at Guttorm var 52 år gamal Dette er eit godt eksempel på at tellingane ikkje er heilt til å stole på, for Guttorm vart fødd i 1816 og var eigentleg 49 år gamal. Dei hadde 6 sauer, 2 kyr og dyrka 1/8 tønne med havre og to tønner potet. Dette verka ikkje som særleg mykje, men det vart ikkje dyrka meir potet på ein storgard som Magerholm dette året heller. På den andre sida hadde magerholmfolket hest, meir dyr, bygg og til og med gjæss. Elvemyr hadde derimot færre å brødfø, så utkomet var nok ikkje så skrint.

Guttorm hadde altså burett på plassen så lenge han ønska det, men det varte ikkje så lenge, for allereie året etter folketellinga vart plassefolket råka av ei trist hending. Han vart berre 50 år gamal. I kirkeboka kan ein lesa at han vart funnen død utandørs dagen etter at han hadde kome heim frå ein tur til Ålesund, i byrjinga av mars. Ein meinte at han kanskje hadde frosse ihel.Eg finn ingen andre opplysningar utanom kirkeboka som anten kan bekrefte eller avkrefte påstanden.

Frå 1866 til 1895 finn eg ikkje noko opplysningar om humannsfolket på Elvemyr. Dette året overlet (Carl) Sevrin , ifølge bygdeboka, plassen til sonen, Sivert (Syver) Sevrinson Nedregotten (1871-1952) då var helsa skrantande og han var for det meste sjuk dei siste leveåra. Kona Karen Helene fekk ei værre skjebne. Ho vart spedalsk og døde i 1910. Eg er ikkje heilt sikker på at opplysningane frå bygdeboka er korrekte, for i 1900-tellinga er Sevrin og Karen Helene framleis registrerte som drivarar av plassen og busette på garden. Panteboka støtter opp om dette. Den 27. desember i 1904 skreiv i alle fall Sevrin Larsen Nedregotten og Karen Helene Guttormsdotter under på oppsigelsen av bygsels- og bruksretten sin. Enka og eigaren, Andrine Terøy gav dei samstundes kårrettar på plassen.

Blant dei registrerte på bruket i 1900-tellinga var dottera (Lovise) Gurine (f.1866) var ugift og budde framleis heime der ho hjalp til på plassen og i huset. Dotterdottera Sofie Petrine Karlsdotter på 4 år og budde også på Elvemyr. Ho var registrert som pleiedotter. Slikt var vanleg på den tida, om foreldra arbeidde i byen eller på fabrikk, for barnehagar eller fritidsordningar eksisterte ikkje utanom storfamilien på gardane. Det var ikkje tilfelle denne gongen. Eg veit ikkje heilt kvifor ho vart nemnd som «pleiedotter», men det er truleg fordi dette var ei offisiell telling. Mora var nemleg den tidlegare nemnde Lovise Gurine som var ugift. Faren var ungkar og naboen Karl Karlsen Nedregotten, Seinare kjend som «Rese-Karl». Det vart likevel ikkje dei to, men det verka ikkje som om dei ikkje var vel forlikte, for ti år seinare bygde han seg hus med telefonstasjon som næraste nabo oppe på Resebakken. Sofie Petrine har eg fått opplysningar om at ho var seinare vart gift Berg i Ålesund og hadde visst ein son som var politimann.

Sevrin og Karen Helene fekk rett på 1,72 kg. Havre, 240 liter potet, 320 liter søtmjølk. Dei nye drivarane skulle sørge for stell og beiteplass til en sau, og i periodar også eit lam. I den sør-austre enden av bruket skulle dei ha rett på et mål dyrkamark i en firkant. Ved skulle dei ordne sjølv så lenge dei makta det, men etter det skulle brennfanget leverast i passande emner. Stova skulle framleis ha fri tomt på Elvemyr, noko som kan tyde på at kårstova skulle vere ei eiga stove. «ligesom Kaarfolkene skal have Ret til Benyttelse af indtil Halvdelen af Bærtrærne paa vestre Kant af Stuen; ligeledes skal Halvdelen af Potetesageren paa vestre Kant af Husene være til deres Brug og Benyttelse.» totalkostnaden på kårkrava for 5 år vart sett til 250 kroner og utgiftene kunne avkortast med nær halvparten om den eine fall frå tidlegare enn den andre. Dokumentet vart ført til pennen av lærar Knut Furseth og underskriven av Andreas Andersen Terøy og Elias Andersen Giskeødegaard, som truleg var broren hans. Dei hadde fått skøyte på både Guttormgarden, Elvemyr og to bruk på Gamlemshaug i slutten av august det same året når buet etter mannen hennar, Anders Terøy skulle gjerast opp. Kjøparane var med andre ord sønene hennar. Elvemyr fekk dei kjøpe for 500 kroner, medan Guttormgarden hadde fått ein prislapp på 1800 kroner.

Sevrin og Karen Helene fekk 5 born saman. Eldstesonen heitte, som tidlegare nemnd, Karl Johan Nedregotten og vart fødd i 1864. og fiskar då han gifte seg i 1892 med Ingeborg Petrine Laurense Johansdotter Skjong. Året etter busette dei seg i Ålesund. Broren Johan (1865-1902) busette seg også i Ålesund. Han var bryggearbeidar og budde i Røysegata. Johan døydde i ei arbeidsulykke. Søstera Lovise Gurine har eg ikkje funne noko registrert giftemål på. Det må ha vore etter 1910, for ho var framleis busett på Elvemyr og ugift i den tellinga. Den neste i søskenflokken var Andrine Caroline Agnethe (1869-1869) som døydde av kikhoste før ho vart eit år gamal. Sivert Elias Martinus (1871-1952) Budde også i Røysegata ei tid, før han flytta heim og tok over bruket, medan den yngste søstera, Berntine Andrine Severine (f. 1873) tok seg arbeid som «sypige» i Ålesund og gifta seg i 1898 med Anders Knutsen Solli.

Med Sivert (kalla Syver) fekk Elvemyr 8 namnet «Syvergarden» på folkemunne. På denne tida vart den gamle stova bytta ut med gamlestova på Øvste Aksla ein gong kring 1913. Dette årstalet er ikkje heilt sikkert, for det er i bunn og grunn ingen som veit nøyaktig årstal lenger. Likevel kan det vere eit spor at årstalet 1913 og namna Lisa og Knut vart måla på ein bjelke på nyhuset oppe på Aksla. I september dette året tok også Syver opp eit lån på 500 kroner med sikkerheit i gamlehuset, løa og naustet som stod på Guttormgarden sin grunn nede ved sjøen. Delar av dette huset stend framleis, om enn i ei ombygd utgåve. På eit tidspunkt etter 1913 vart kårstova riven. Syver gifta seg med Marie Eline Thomasine Johansdotter Longva (1873-1952) frå Haram. Garden hadde då vorte skyldsett til 37 øre. Dei gifta seg i 1899 og var først busett i Ålesund.

I 1910-tellinga vart det registrert 4 ungar. Dette var Klara Johanne (1899-1982) som ikkje gifte seg. Ho budde seinare ei tid i Oslo og ho var også pleiemor for dei tre borna til søstera Jenny, som døydde tidleg i 194. Ho skal eg kome attende til. Frå ein gong på 1950-talet budde ho også på loftet på heimgarden. I 1901 vart Anna fødd som den første på Emblem. Dei hadde med andre ord flytta frå byen på den tida. Anna (1901-1920) vart heller ikkje gift og døydde 19 år gamal av tæring. Johan Hjalmar (1903-1990) var den første av ungane som skulle ta over farsbruket. Han gifta seg første gong i 1926 med Edel Nyborg (1903-1955) frå Sykkylven. Han skal eg kome attende til. Karl Sigvart Marius (1905-1924) var også ugift og døydde også 19 år gamal av tæring. Jenny Agnes (1908-1941) vart heller ikkje særleg gamal. Ho gifta seg med Nikolai Sortevik på Sorte og etterlet seg tre små born. Til saman fekk Syver og Maria 8 born. Tre av desse vart fødde etter 1910. Dette var John Louis (1914-1998) som tok over garden etter bror sin, Johan Hjalmar, som eg nemnde tidlegare. Deretter kom Sverre (1911-1994) som bygde seg hus på eiga frådelt tomt på Elvemyr som fekk namnet «Bergly» Han vart gift to gongar, først med Olga frå romsdalsøya Sekken, og deretter med Evelyn. Martin (1918-2002) var yngst og fekk også si eiga frådelte tomt på fargarden. Den fekk namnet «Soltun». Han vart også gift med ei jente frå Sekken som heitte Solveig. Martin og Sverre var heller ikkje dei einaste frå Emblemsbygda som gifta seg med jenter frå ei av øyane i Romsdalsfjorden. Ingvald inne på Reiten vart foreksempel gift med Gurine frå Veøya og det har vorte meg fortalt at fleire av giftemåla hadde hatt sitt utspring i eit songarstemne på dei traktene. Om dette stemmer skal eg ikkje seie for sikkert.

I 1929 tok sonen, Kaptein Johan Hjalmar Nedregotten, over garden. Han fekk også skøyte og vart den første sjølveigaren i mai dette året. Det var dei tidlegare nemnde Andreas A Terøy og broren hans, Elias A. Giskeødegård, som selde bruket for 1350 kroner. Dette var tre år etter at han hadde gifta seg med Edel i 1926. Saman fekk dei borna Karsten som flytte til Ålesund og gifte seg med Randi, Erling som bygde seg hus på farsgarden og var gift med Josefine, Magnhild som gifte seg med Arne Storeide og flytte heimatt frå Stranda i vaksen alder. Kari var yngst og gift med danske Sven Snerling. Dei busette seg i Stordalen. Edel døydde i 1955 og Johan vart gift om att kring 1960. Johan var ikkje gardbrukar særleg lenge. Den viktigaste inntekta hadde han på sjøen, og det vart truleg krevande å drive garden og ta seg av foreldra samstundes som han hadde vakter som kaptein. Etterkvart bestemte han seg for å frådele seg ei hustomt, kalla «Bergseth», medan broren John Louis fekk ta over resten av Syvergarden. Du finn meir om Johan i ein eigen tekst om historia til Bergseth her på Emblemsbygda.com.

John Louis vart den siste frå Guttorm-ætta som budde i Syvergarden. Han fortsette også å losjere søstera Klara Johanne på loftet. Han gifta seg med Aslaug Stafsnes (f. 1922). Saman fekk dei borna Marie (f.1955) som gifta seg med Jan Inge Sørbø og busette seg i Volda. Jan-Asle (f. 1957) som busette seg på det som ein gong var Jakobgarden på Emblem. Yngstesonen var Sigbjørn (1962-2013) som først busette seg i eige hus på farsgarden før han flytta til Volda i 1993. John bygde på huset kring 1964, slik at det fekk den utforminga som det har hatt fram til våre dagar. Omtrent samstundes kom den etterkvart så karakteristiske brunfargen på ytterveggane også. Løa vart riven før 1973, og ein verkstad vart sett opp mot skogkanten aust for huset. Her vart det ei tid også halde sløydundervisning då «Blåskulen» vart alt for liten og nyskulen enno ikkje var ferdigbygd. Gamleskulane var rett og slett ikkje bygde for klassedeling etter årstrinn.

I 1973 vart huset i Syvergarden seld vidare til bygda sin nye Samvirkelagsbestyrar, trønderen Arne Liaklev (1925-1994). Han hadde budd i bygda sidan 1960, dels i leiligheita over Samvirkelaget og dels på nabobruket Vestby. Årska til at John selde var at sonen Sigbjørn hadde vorte påkøyrd ved Resebakken sommaren 1967 og lam. Han vart liggande eit år på sjukehuet på Molde, før han var to år på internatskule i Tønsberg, men då bestemte foreldra seg for å hente han heimatt til Emblem. John bygde då verkstad på tunet slik at han kunne vere heime og hjelpe sonen på skulevegen og i dei bratte trappene i eit hus som var ueigna for rullestol. Han fekk også laga teikningar på korleis huset kunne byggast om, men valde til slutt å bygge eit nytt i den gamle frukthagen i staden. Arne Liaklev kjøpte og flytta inn i gamlehuset då det nye stod klart. Kona til John, Aslaug bur der framleis.

Arne var gift med Sigrun Haldis (f. 1932) som kom frå Eresfjorden i Nesset. Han hadde tidlegare vore bestyrar på Samvirkelaget på Rausand. Saman fekk dei borna Stein Arne (1954-2008), Randi og Heidi. Arne var den som har vore bestyrar lengst i Emblem Samvirkelag si historie, med sine 27 år frå 1960-1987. Dei fortsette å bu i bygda til Arne døydde i 1994. Det same året selde Sigrun huset og flytte frå bygda. Ho busette seg etterkvart på Giske.

Jan-Asle, son til den tidlegare eigaren, John Louis, kjøpte då huset attende i slekta. Meininga var å pusse opp huset og busette seg der med kona Helene Engeseth frå Magerholm og dei to borna, Christian og Håkon. Faren var glad for at huset no kom attende til familien. Kledninga vart teke bort slik at det gamle tømmeret kom til syne . På det eine biletet i albumet kan du at sjå namnet hans har vorte måla på den eine veggen. Alt gjekk ikkje heilt etter planen og oppussinga vart ikkje fullført. Han budde allereie litt lenger vest, på gamletunet til Jakobgarden, og bur der framleis. Han eigde huset i Syvergarden heilt til det vart seld i 2013. det kan verke som om det ne er oppussing på gong også. I so fall vil tømmeret frå det gamle hovudhuset på Øvste-Aksla framleis vere del av huset i Syvergarden. Det vert tidvis også kalla «Liaklevhuset» blant yngre generasjonar som vaks opp på 1970-talet. Men sjølv om det vesle bruket er delt opp, så lev litt av historia om husmannsplassen Elvemyr framleis vidare i denne vesle teksten.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Marie Nedregotten Sørbø | Svar 22.06.2014 02.13

Takk for fint historisk blikk på heimegarden min!

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
25.05 | 17:31

Skulle gjerne visst mer om Johan, min bestefar.

...
11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE