Sandvik også kalla Sandane

Eit fint bilde av dei to stovene på Sandane i Emblemsvågen. Den nærmaste var det Lars Peter Larsen Glomset (1854-1917) og Ingeborg Laurentse Pedersd. Giske (1853-1919) som sette opp då plassen vart frådelt. Når Lars flytte til Ålesund i 1888 var det Jakob Andreas (1858-1944) Karolus Larss. Riksheimgjerde og Severine Henningsd Utgård (1863-1922) frå Sykkylven som tok over denne stova. Den eldste dottera til Jakob og Severine heitte Elisa Emblemsvåg (1886-1963). Ho gifte seg med (Jens) Jørgen Hanss. Gjævenes.

Eit artig gruppebilde som kan ha vorte tatt ved Sandane i Emblemsvågen. Bakerste rad f.v.: Jens Jørgen Emblemsvåg, f.1878, og kona Elisa Jakobsdtr., f.1886 frå Sandane. Frame f.v.: Lars Knutson Emblemsvåg og kona Karen Gundersd. frå Knutgarden. Kvinna lengst til høgre er enno ukjend, men det kan vere grannen Hansine Emblemsvåg. Biletet er lånt ut av Per Almar og Gunnvor (f. Flydal) Steinnes

Dette er Hans Johan Petterson Gjævenes, Sykkylven, (1833 - 1911) og kona Marte Jørgensdtr. Blakstad (1838-1912). Dei forpakta bruk 2 på Gjævenes i Sykkylven. Sonen (Jens) Jørgen Martinus (1878-1963). Han vart g.m. Elisa ("Lisa") Jakobsdtr. Emblemsvåg (1886-1963) og tok over det vesle bruket "Sandvik"/Sandane der. Biletet er ein reproduksjon laga av fotograf Simonnæs i 1916. Orginalen tilhøyrer Fylkesfotoarkivet: FAKf-100187.147896

Den eldste dottera til Jakob og Severine heitte Elisa Emblemsvåg (1886-1963). Ho gifte seg med (Jens) Jørgen Hanss. Gjævenes (1878-1963) i 1907. Dei budde truleg også i gamlestova (bakerst) i byrjinga, men dei må ha tatt fatt på nybygging temmeleg raskt. Eldstedottera, Signe Olga Emblemsvåg (1908-1973) er truleg fotografert i barnevogna framfor den kvite nystova. Ho vart fødd 25.7.1908. Kanskje vart det familiebildet teke i samanheng med barnedåpen 20. september? Sign

Gardsfolk og landliggarar frå byen framom Jakobstova, truleg 1935. Dei som er merkte med bokstavar er byfolk utan endeleg bekrefta namn. Dei heimehøyrande på garden er: 1: Signe Olga Jørgensd. Emblemsvåg (1908-1973), 2: Jakob Larss. Emblemsvåg (1858-1944), 3: Elisa Jensine Jakobsd. Emblemsvåg (1886-1963), 4: Jenny Jørgensd. Emblemsvåg (1913-2004) og 5: Jens Jørgen Hanss. Gjævenes (1878-1963). Biletet tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes

F.v. Severine Kanutte Henningsd. Emblemsvåg (f. Utgård i Sykkylven 3.6.1863), dottera Henna Petrine Sina (21.10.1894) og ektemannen Jakob Karolus Larsen Emblemsvåg (f. Riksheimgjerde i Sykkylven 12.11.1858) Fotografen er M. Svendsen, Parken i Ålesund. Biletet er utlånt av Per Almar og Gunnvor (f. Flydal) Steinnes.

F.v. Elisa fødd 12.8.1886 og Henna Petra Sina fødd 21.10.1892. Begge heitte Emblemsvåg til etternamn. Dei var søstre og foreldra var Jakob og Severine, som du også kan sjå bilete av i denne albumen frå Sandane. Biletet er lånt ut av Per Almar og Gunnvor (f. Flydal) Steinnes

Elisa (Lisa) Emblemsvåg i midten er omgjeven av to venninner ifølge biletalbumet der orginalen kom frå. Namna er enno ukjende. Biletet er utlånt av Per Almar og Gunnvor (f. Flydal) Steinnes

Bak f.v.: Elisa (“Lisa”) Emblemsvåg, f. 1886, Thea Hansine Karoline Emblem, f. 19.11.1886 og truleg Karoline Pedersd. Magerholm frå Pehaugen, født 1883. Biletet er utlånt av Per Almar og Gunnvor (f. Flydal) Steinnes.

Det var eit godt forhold mellom Elisa på nabogarden Sandane/Sandvik og Karen Myren, som vart gift med Lars i Knutgarden. Elisa var truleg i konfirmasjonsalderen då ho var hos Simonnæs i Ålesund og tok bilete av seg saman med Karen. Biletet og informasjonen kjem frå Per Almar og Gunvor Steinnes.

Brudebilete av Henna Jakobsdtr. f. Emblemsvåg og Thomas Røssevoll. Det er teke av Sigvald Moa i 1914. Biletet tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnes

Framme f.v.: mor Elisa, ­ Marie (konfirmant?), ­ far Jørgen. Bak f.v.: Jenny, ­ Signe og Margit. Marie vart konfirmert i Borgund kyrkje 9.9 1934. Kanskje er biletet frå det året. Fotografen er Sponland og biletet tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnes

Biletetsyner sommarfjøsen i heimeutmarka til Sandane i Emblemsvågen. Det er Jostein Flydal som hjelper tanta si, Marie Emblemsvåg (seinare gift Ruud) med å få kyrne inn i fjøsen. Sommarfjøsen låg på ein haug nedanfor riksvegen til Magerholm, omlag på høgde med huset til Arild Berstad, men litt lenger vest. Der låg eit lite vatten i nærleiken som heitte "Brenna". Kan det vere bakgrunnen for vegnamnet "Brennevegen" i byggefeltet? Vatnet vart i alle fall vekke i forbindelse med utbygging av nettopp dette "gamlefeltet" mot grensa til Emblemsvågen. Biletet kan vere frå 1950. Ei hjarteleg takk til Per Almar Steinnes og Gunvor Steinnes (f. Flydal)

f.v.: Signe Flydal med sonen Lars Ivar og Jenny J. Emblemsvåg (syster til Signe). Dei sit på trappa til Jakobstova. Biletet er truleg teke vinterhalvåret 1950-51. Biletet tilhøyrer Gunvor Flydal Steinnes

Julefeiring i stova med 3 av dei 4 døtrene til Elisa og Jørgen mot slutten av 1950-åra. F.v: Jenny (ugift), Margit (g. Solsletten), Marie (g. Ruud) , Elisa og litt av Jørgen i høgre biletkant. Fotograf: truleg mannen til Margit, Ole Solsletten. Biletet tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnes.

Elisa J. Emblemsvåg på veg til "Bøen" på Røssevollen for å besøke syster si, Henna, og ektemannen Tomas der oppe. Tak til Gunvor (f. Flydal) og Per Almar Steinnes

Familien til Ivar Flydal fotografert 17. mai 1949 vest for gamleskulen på Skaret, omlag der gamlebedehuset låg på den tida. F.v.: Signe (f. Emblemsvåg), Jostein (f. 1940), Lars Ivar (f.1948), Ivar og Gunvor (f.1937). Biletet tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnes.

Slåttetid på Myra ved Sandane i Emblemsvågen. F.v. kan ein sjå Elisa Jakobsdtr. Emblemsvåg, Signe, gift Flydal, ein ukjend ved gjerdet, Jørgen Emblemsvåg og Ivar Flydal heilt til høgre. Eksakt årstal er uvisst, men det kan vere frå før Ivar og Signe flytte heim att frå Stranda i 1948. Dei brukte då halve sommarferien sin til å hjelpe til på Sandane og resten av tida til å hjelpe Ivar sin bror, Karl Flydal i Flydalsgarden (Ytrebø på Østrem), før han gifte seg. Tilhøyr Gunvor og Per Almar Steinnes

Sandane med det påbygde bolighuset. Ivar med familie budde i den nye vestlegaste enden og Elisa og Jørgen i gamledelen mot aust som før. Stovevindua på denne delen er på biletet enno ikkje skifta ut til større, men det kom seinare. Til venstre ser ein gamlenaustet med garnskjykkja (turkeplass med skråtak og bak-”vegg”). Fotografen er truleg Marie J. Emblemsvåg (g. Ruud). Det er i alle fall henta frå hennar album. Gunvor Flydal Steinnes er dagens eigar.

Jørgen Emblemsvåg held på å renske garnet sitt. Det er ein stor krabbe som står for tur. I bakkant, eit enkelt men effektivt garnhenge (i godver). Ein ser her både garnkuler og sekkesteinar. Til høgre litt av skjykkja som hyser mange garn og taukveilar. Kanskje ein fin dag på etterjulsvinteren ?Fotografen er truleg Marie J. Emblemsvåg (g. Ruud). Det er i alle fall henta frå hennar album. Gunvor Flydal Steinnes er dagens eigar.

Garntørkeplass nede på berga. Her er Jørgen i arbeid med å henge opp eit av garna. På berget t.h. for Jørgen står eit fullt garntråg og ventar på tur. Berga utanfor v. biletkant vart brukt til turking av klippfisk. Fotografen er truleg Marie J. Emblemsvåg (g. Ruud). Det er i alle fall henta frå hennar album. Gunvor Flydal Steinnes er dagens eigar.

Tre kjekke karar frå Emblemsbygda. Kan dei vere på telttur på Emblemsanden? Frå v. : Nils Kristian Magerholm Øyvind Emblemsvåg Oddbjørn Aasen Fotografen er truleg Marie J. Emblemsvåg (g. Ruud). Det er i alle fall henta frå hennar album. Gunvor Flydal Steinnes er dagens eigar.

Lars Peter Larsson Glomset(Ø, 1) (1854-1917) fekk 1877 ta over plassen, som vart skyldsett til 1 ort  og 5 skilling, året i forvegen. Han hadde gifta seg 1876 med Ingeborg Laurentse Pedersdotter Giske(3) (1853-1919), og eldsteguten kom til verda på Synnes det samme året. Dei dreiv Sandane til  1888, før dei gav seg, og flytte vidare til Ålesund. I 1892 flytte dei til Rørstad(3) på Vigra, og dreiv bruket der til dei tok kår i 1904. Lars arbeidde ei tid som tømmermann i Ålesund. Familien budde i  Raadhusgata 1890.

a) Lars Andreas (1876-1916) gifta seg i 1902 med 

Oline Christine Johanne Martinusd. Blomvik(3), 

tenestejente på Roald. Dei tok over Rørstad(3), 

etter foreldra til  Lars. Han vart fødd på Synnes.

b) Petrine Iverine (1878-1956) gifta seg i 1909 med 

Elias Laurits Eliass. Hagen, brukar Rørstad(11),  Vigra. 

Petrine var den første som vart fødd på Sandane.

c) Ole Severin (f.1880).

d) Laura Inga (1888-1918) var tvilling og ugift. 

Ho døydde av lungebetennelse på Rørstad(3).

e) Karen Anna (f.1888) var tvilling, døypt i Ålesund.

f) Karoline Amalie  Kristine ( 1891-1944) gifta seg i 1915

 med Peter Johan Bastiansen Glomset(Ø, 2), brukar

Glomset(Ø, 2).


Jakob Andreas Karolus Larsson Riksheimgjerde(1) (1858-1944) gifta seg 1886 i Sykkylven, med  Severine Kanutte Henningsdotter Utgård(9) (1863-1922). Begge kom frå Sykkylven. Dei dreiv  plassen frå 1888 til 1907. Sidan har bruket vore i samme slekta.

a) Elisa Jensine (1886-1963) tok over bruket.

b) Olivie Birgitte  Olava ( 1890-1890) døydde om lag 

6 månader gamal.

c) Olivia Birgitte  Olava ( 1892-1893) døydde 2 månader 

gamal av lungebetennelse.

d) Henna Petra Sina (1894-1978) gifta seg i 1914 med 

Thomas Bernhard Hanss. Røssevold(1),  brukar Røssevoll(6).


Svigersonen (Jens) Jørgen Martinus Hansen Gjævenes(2) (1878-1963) kom også frå Sykkylven. Han  kjøpte bruket i 1916, og vart sjølveigar der. Jørgen er bror til 749 Hansine på Oshaugen, og gifte seg  1907 med Elisa Jensine Jakobsdotter Emblemsvåg(6) (1886-1963). Dei tok over bruket, og bygde  seg nytt hus etter kort tid. Jørgen og Elisa dreiv Sandane til oktober 1948. Då såg dei seg ikkje i  stand til å drive garden lenger.

a) Signe Olga (1908-1973) tok over bruket.

b) Margit (1910- 1978) gifta seg i 1948 med Ole Andreas Edvards. Solsletten, busett  Blindheimsbreivika.

c) Jenny (1913-2004) var ugift.

d) Marie Oddlaug (1920-2006) gifta seg i 1969 med 

Helge Martin Ruud, busett på Mysen.


Svigersonen Ivar Martin Flydal (1909-1998), frå «Flydalsgarden», Østrem(5) var båtbyggar, og  ei tid busett på Stranda. Han flytte dit tidleg på 1930-talet, etter landbrukskulen på Gjermundnes i  1929. Ivar gifta seg 1935 med Signe Olga Jørgensd. Emblemsvåg(6) (1908-1973), og tok  korrespondansekurs i båtbygging, før dei flytte heim att til bygda, for å ta over bruket etter foreldra  til Signe, hausten 1948. Båtbygginga var ei kjærkommen inntekt attåt småbruket, og båtane hans  hadde godt rykte som gode båtar. Ivar og Signe var aktivt med på bedehuset. Saman med Oddvar  Ramsvik, starta Ivar opp det første korpset på Emblem. Han hadde erfaring med dette frå Stranda, og  vart også dirigent i det nystarta korpset, som fekk namnet «Musikklaget Gjallarhorn». Ivar var også  medlem av «Emblem Kristelege Mannskor» i mange år. Han vart tidleg enkemann, og gifte seg opp  att i 1982 med enke sidan 1973, Emilie Hauge, Lerstad. Opphaveleg var ho frå Vestnes.

a) Gunvor Lovise (f.1937) gifta seg i 1973 med Per 

Almar Steinnes, Ørsta, busett Ørsta.

b) Jostein (f.1940) gifta seg i 1968 med Berit Synnøve 

Arntsen frå Moss, busett på Jeløya.

c) Lars Ivar (f.1948) tok over bruket.


Sonen Lars Ivar Ivars. Flydal (f.1948) gifta seg 1978, med Inger Johanne Lima (f.1954), frå Lima i  Ålgård, og bygde seg etter kvart nytt hus på bruket. Lars og Inger Johanne er dagens grunneigarar.  Lars Ivar har videreført farens interesse for korpsmusikk, i Musikklaget Gjallarhorn.

a) Lars Joon (f.1985) er busett i Ålesund.

b) Kristiane Soo (f.1989) er busett i Oslo.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

15.11 | 19:44

Takk for info. Der kjem snart oppdatering av denne teksten, som har avventa ferdig bygdebok.

...
15.11 | 19:35

Min farmor. Karoline Kristine Furseth (1879-1954), datter av Knud A.Karlsen Furseth, ble gift med bødker Ragnvald Johan Paulsen i Skutvika, Ålesund. 7 barn.

...
14.11 | 18:29

Dette var ei flott side.
Godt gjort Kjartan

...
10.10 | 13:11

Ja, der hadde det sneke seg inn ein feil i farta. Tusen takk for hjelpa

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE