Antonesgarden

Antonesgarden ligg lengst mot høgre ved sida av Knutgarden. Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes

Truleg er dette tidlegare landliggarar som var evakuerte til Knutgarden frå Ålesund sommaren 1940. Mange vart evakuerte til anten slekt eller tidlegare utleigerar denne sommaren. Den eldre mannen er Severin Kornelius Martinus Rasmuss. Emblemsvåg (1856-1952) og ikkje Emblem, som det står i teksten. I bakgrunnen står eit uthus tilhøyrande Knutgarden med mellom anna vedskot. Sevrin kom opphaveleg frå Rovde og dreiv Antonesgarden. Han var enkemann og nabo til Karen i Knutgarden.

Ein lavoppløyst biletkopi frå Fylkesfotoarkivet, AM- 95003.021973, teke 1913, der Karn Emblemsvåg sit i stolen og systera Sofie står bak henne. Opplysningane om dei fotograferte er gjevne av Par Almar og Gunvor Steinnes

Utskiftingskartet av innmarka frå 1907. Den observante lesaren kan sjå at det vart merka dels feil. LK stend for Lars Knutsen og bruknummer 1 som er Knutgarden, medan SR står for Sevrin Rasmussen og er Antonesgarden bruk nummer 2. Bruk nummer 5 er Vågsplassen og ikkje med på dette utskiftingskartet slik som Sandvik og Oshaugen. På denne tida ser ein tydeleg klengetunet markert. Knutgardsløa som i dag ligg ved vegen til Emblemsanden var då enno ikkje bygd. Gamleløa stod med endeveggane motsett veg.

Anton Ragnvald Peder Sevrinsen Emblemsvåg (1890-1987) Han emigrerte til Amerika i 1911. Då han fekk skøyte på farsgarden i 1939, men det var systera, Sofie som dreiv bruket fram til 1950. ho overlet bruket til Odd Ørbeck (f. 1920) og Helga Ødegård (1926). Odd var systersonen til Helga.

(Hanne) Anna Karoline Marie Antoniusdotter Emblemsvåg (f.1872) vart først gift med Ole Larsson Fylling som omkom "Solon-natta" 1901. Ho gifte seg opp att med søskenbornet til Ole, Knut Steinsvik frå Herøy (f.1880), som er fotografert på dette biletet frå 1910. Guten er Ole (f.1902) som er oppattkalla etter far sin. Anna var nemleg gravid då han døde. Ole tok etternamnet til stefaren og vart snikkar og skipper, busett i Langevågen. Biletet er lavoppløyst digital kopi frå Fylkesfotoarkivet

Litt nyare Vinterbilete der Antonesgarden ligg lengst mot høgre ved sida av Knutgarden. Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes

På veg til Skopshornet ca. 1960-62. F.v.: Ivar Flydal frå Sandane, Marit G. Emblemsvåg frå Knutgarden, Lars Ivar og Gunvor Flydal (g. Steinnes), Hallvard L. Emblemsvåg, seinare eigar i Knutgarden, Odd og Helga Ørbeck frå Antonesgarden. Biletet tIlhøyrer Gunvor Steinnes. Fotografen var truleg Lars. G. Emblemsvåg.

Anton Emblemsvåg på besøk i heimlandet ein gong kring 1967. Her er han fotografert framom Høybråten kirke på besøk med barndomsvenen Karl Johan Iversen (f.Furset) som vaks opp på Skorene og deretter Eikenosa. Fotografen er ukjend, men dei fotograferte er f.v.: Hjørdis Oline Hansd. Iversen (f. Bjørneset i Volda), Anton si første kone ( svenske Mathilda f. Klingsberg?), Anton og deretter Karl Johan Iversen som dreiv landhandel på Høybråten.

Antonesgarden med det nybygde gardshuset på tufta etter gamlehuset i framgrunnen og taket på huset som Odd og Helga bygde i bakgrunnen. Foto: Svein Ove Østrem 2015

Antonesgarden med det nybygde gardshuset på tufta etter gamlehuset i framgrunnen og taket på huset som Odd og Helga bygde i bakgrunnen. Foto: Svein Ove Østrem i 2015

Kathrine Flydal og kua i 1972. Ho er dottera til Jostein I. og Berit (f. Arntsen) Flydal Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes

Nyhuset er bygd på same plass som det gamle og klassisk stil. Det kan sjå ut til å ha omlag same grunnflata også, men med ark og litt annan farge. Foto: Svein Ove Østrem

Antonesgarden er bruk nummer 5 i Emblemsvågen. Bruket vart utskild i 1712 frå Knutgarden og frå den tid eit av to hovudbruk i Emblemsvågen. Matrikkelgarden Emblemsvåg er truleg det opphavelege sjøstykket til garden Emblem, som igjen er det eldste gardsbruket i bygda. Emblemsvågen og områda like ved er rik på funn frå både folkevandringstid og heilt attende til steinalderen, men Emblemsvågen vart truleg eige bruk først etter reformasjonen. Me finn ein namngjeven Paul i Vågen i 1603. Du kan lesa meir om dei første brukarane i Emblemsvågen i teksten om bruk nummer 1, Knutgarden, her på www.emblemsbygda.com

Historia om Antonesgarden startar altså på byrjinga av 1700-talet. Den første brukaren var Sjur Torsen (d.1716). Han var svigersonen til Halvard Sjursen som var den siste brukaren av heile Emblemsvågen. Halvard hadde slite med å greie seg og makta ikkje å betale tiendeskatten til kyrkja.

Då han døydde i 1699 var det kun 2 kyr, 3 geiter og 3 sauer attende. Enka, Siri Olsdotter Muri (d.1752) gifte seg opp att med Jon Knutsen og det var i deira tid at garden vart delt.

Det kan verka underleg at gardeigaren, prost Finde, valde å dela garden når det var vanskeleg å klare seg der for ein bygselsmann. Det kan vere mogeleg at det var brukaren sjølv som yngste denne løysinga for det var dottera til Siri, Ragnhild Halvardsdotter Embemsvåg (1689-1744), som fekk frådelt denne gardparten. På den tida måtte ein ha noko å leva av om ein skulle stifte familie og det var som regel ein gardpart eller ein husmannsplass. Før ein klarte å skrape saman midlar til å betale anten husmannsavgift eller bygselsavgift måtte ein framleis vere ugift og i teneste på andre gardar. Siri var 23 år på den tida ho fekk ein bit av farsgarden og kunne gifte seg same året. Det er funne ein son etter dei. Dette var Thore Sjurson Emblemsvåg (dp.1714-1719) han døydde som liten gut og var truleg oppkalla etter farfaren sin.Det kan også vera ei anna årsak til at hovudbruket vart delt i to. Halvsøstera, Anne Jonsdotter Emblemsvåg frå mora sitt andre ekteskap fekk Knutgarden, sjølv om ho eigentleg var etter Ragnhild i arverekkefølga. Kanskje var det dermed slik at garddelinga vart eit resultat av at ei overeinskomst i familien?

I likheit med dei fleste gardsbruka på Emblem vart også Emblemsvågen seld frå Niels Wind til kjøpmann Johan A. Heide. Antoniusgarden skifte soleis eigar i 1781 for 160 riksdalar. På denne tida vaks også folketalet. Stadig fleire levde opp og det vart vansklegare å finne seg ein leveveg. På denne tida valde stadig fleire frå Emblemsbygda å flytte nærare havet og fleire vart husmenn kring Ålesundet. Andre vart husmenn utan jord og livnærte seg primært av fiske og handtverk. Dette kan vera litt av årsaka til at bruk med dårleg innkome likevel vart delt opp. Det kan óg verke som om klimaet vart litt varmare og at det ein fekk stadig litt meir utkome frå gardsdrift og fiske. Storfolk som prestar og amtmenn byrja å interessere seg meir for korleis ein kunne auke avlingar og buskap ved hjelp av ny kunnskap om gardsdrift. Det tok lenger tid før bøndene kunne endre vanar. Dei rike hadde fleire bein å stå på, medan for folk flest så kunne mislukka eksprimentering føre til svelt i hel. På den andre sida skulle det syne seg at øvrigheita si interesse for nye vekstar og vitenskap også skulle komme den vanlege bonden til gode det komande hundreåret.

Ragnhild og Sjur fekk ikkje så mange år saman. Han døydde allereie i 1716. Ho gifte seg då opp att med husmannsonen og naboen Jakob Rasmussen Emblemsvåg (1677-1754) frå Plassevågen. Dei dreiv garden frå 1717 til 1743. Det verka som om dei klarte seg brukbart. Ved skiftet etter Ragnhild i 1744 hadde dei 1/2 hest, 4 kyr, kvige, og ei sau. Hest var dyrt, og noko som ikkje husmenn hadde råd til. Det kan difor vere slik at brukarane i Knutgarden og Antonesgarden delte på hesten. Dei var i slekt og såg truleg nytta av samarbeidet. Gardshusa låg samla opp under hamrane mot grensa til Emblem og Skorene med åkrane i hellinga nedanfor Truleg var dette samme plassen der tuna framleis skulle ligge ved utskiftinga i 1907 og i våre dagar. Ragnhild og Sjur fekk minst 6 born. Dette var, i stort sett stigande rekkjefølge: Berite (dp.1718-1784) som gifte seg med Ole Thygeson Akslen frå Høla i 1748. I 1750 vart ho gift på ny med enkemannen Ole Larsen. Dei fortsette bygselskontrakta i Høla. Den neste var Rasmus (dp.1722-1755) som tok over Antonesgarden. Han skal eg kome attende til. Halvor (1725-1797) var den tredje i ungeflokken. Han gifte seg i 1748 på Eikenosødegård(3) litt lenger vest i bygda. Sonen vart seinare brukar på nabobruket Knutgarden i Emblemsvågen. Siri (dp.1728) og Daardi (dp.1734) vart ikkje nemnd i arveskiftet etter mor si, så dei var truleg døde før 1745. Midt imellom dei kom Anne (dp. 1731-1775). Ho gifte seg i 1768 med Jens Nilsson Hoff(1) frå bruk nummer 2 på Bjørge.

Ragnhild og Jakob tok seg kår hjå sonen Rasmus Jakobsen Emblemsvåg (1722-1755) som gifte seg med Anne Jensdotter Røssevoll (1711-1787). Han seiest å vere ein dyktig kar. Skifteoppgjeret i 1755 syner eit overskot på 150 riksdalar, noko som kunne samsvare med verdien av eit brukbart gardsbruk. Det omfatta ein buskap på 4 kyr, 2 kviger, sau og geit. I tillegg hadde han sjølv sett opp og åtte kverna og naustet på garden. Han hadde ein færing og ein liten båt som var bygd på garden, 23 vågar tørrfisk til ein verdi på 10 riksdalar og 3 riksdalar i lommeboka. Kverna stod truleg i nærleiken av Plassevågen der ei småelv kjem ned bakkane mot sjøen. Den vart også demma opp etterkvart omtrent der Spilka har fabrikk oppe ved hovudvegen. Dammen kan óg ha vore nytta til sagbruksdrifta og kanskje ha vore bygd allereie på 1600-talet. I våre dagar er det ikkje spor av dammen og det var det heller ikkje ved heimeutmarksutskiftinga i Emblemsbygda i tidsrommet 1885 til 1887.

Rasmus og Anne fekk 6 born. Jacob (ca.1734-1801) var eldst. Han gifte seg med enka Maren Alnes(3) og tok over bruket der. Seinare flytte han til Klokkarsundet der han også døydde. Det var fleire frå bygda som busette seg i det området ved Borgunkyrkja og mange av dei var fattigfolk. Torsten (1744-1803) flytte også frå bygda. Ein veit ikkje sikkert kven han gifte seg med først, men han vart i alle fall gift på ny med enka Ingebor Rasmusdotter Østrem(2) frå Larsgarden på Østrem. Dei dreiv bruk nummer 6 på Humla, så det er kanskje der han vart gift den første gongen også. Gunhild (dp.1746) tok over farsgarden seinare. Randi (1748-1748) vart berre to veker gamal medan Jon (dp.1750-1765) ikkje vart meir enn knapt konfirmert. Synnøve (dp.1753) var yngst og levde opp. Ho vart busett som brukar på Haugen(1) på Fiskerstranda.

Anne gifte seg på nytt i 1756 med Hans Arnesson (Sul-)Øygard(1) (1735-1777) frå Hareid, men fekk ingen fleire born. Dei fortsette å drive garden til dei tok kår i 1771. Dottera Gunnhild Rasmusdotter Emblemsvåg (dp.1746) tok over bruket. Ho gifte seg med Ole Ebbesen Emblem(8) (f.1744) frå Ebbegarden. I tredje generasjon på rad finn ein 6 born i familien. Dei veit me ikkje så veldig mykje om. Morten (1772-1772) var eldst men døydde berre 7 veker gamal. Karen (1773-1847) vart mykje eldre og døydde 74 år gamal på Blindheim. Om Ragnhild veit me berre at ho vart døypt i 1775. Martha (dp.1778-1779) døydde 1 1/4 år gamal. Sivert Martinus (dp.1781) kan ha vokse opp, medan yngstemann, Hans (dp.1783-1790) kun vart 6 år. Det er med andre ord mogeleg at det berre var Karen som vaks opp. Dei dreiv garden til 1786 før dei tok kår. I 1801 vert Gunnhild omtala som innerst i Emblemsvågen som «nyder amisse af sognekassen». Ho døydde visst på Røssevollen og då truleg på farsgarden hjå slekta si.

Den nye bygselsmannen heitte Jens Anderson Skjortenes (dp.1751-1786) Han kom opprinneleg frå Stranda, der han var fødd på Langlo. Familien flytte til Skjortenes i Stordal kring 1755. Jens hadde ei søster, Birthe, som budde i Ebbegarden, på Emblem(8). I 1786 gifte han seg i heimbygda med pige Johanne Erichsdotter Fausa (dp.1752-1825) Dei flytte til Emblem og bygsla Antonesgarden det same året. Dei fekk ikkje lange stunda saman. Jens omkom på havet og vart gravlagd året etterpå den 28. mai 1787. Dei fekk ingen born.

I 1788 kom Ole Mogensson d.y. Hundeide(1) (1758-1823) frå andre sida av fjorden og tok over både bygselskontrakta og kårplikta. I hans tid vart garden seld frå enka til tidlegare nemnde handelsmann Heide til Knud Danholm for 345 riksdalar i 1809. Knud kjøpte også ei rekke andre gardar i bygda. Bygselsmannen Ole gifte seg med enka etter Jens, Johanne Erichsdotter. Ole var ein av mange som vart forhøyrd etter borgundopprøret i 1816, der Stephen Stephenson Emblem frå Steffågarden vart henta ut av fengselet i Kolvika. Ole fortalde som mange andre at han vart motvillig med. Han fekk følgeleg lite straff etter dette. Ole fekk 4 born med Johanne, men berre to levde opp. Dei to eldste var Jens Carolus (1789-1789) som berre vart 7 veker og Ingebor Karina (dp.1790-1790) som døydde etter 8 dagar. Det tredje bornet fekk same fornamnet, Ingebor Katrine Marie (dp.1792-1831). Ho vart gift i 1814 med Ole Paulson Festøy(2) og brukar der. Den yngste dottera var Helena Andrina (dp.1796-1863) og tok over bruket. I tidsrommet 1792 til 1794 vert tanta deira, Anne Eriksdotter Fausa nemnd på Øvste-Aksla.

Ole og Johanne tok kår i 1820 hos svigersonen Anders Rasmussen Rørhus (1795-1875). Han kom frå Hjørundfjorden og forlova seg i 1820 med Helene Andrina. Dei fekk 8 born saman. Ole Johanes (dp.1821) og den tredje i flokken, Johanne Maria (f.1824) veit ein ikkje meir om. Rasmus Emmanuel (1822-1858) tok over bruket seinare. (Ole) Johan Andreas (1826-1906) gifte seg med Ane Gurine Ludvigsen Hesseberg(2) og vart brukar på Oppigar, Hesseberg(2). Den neste i ungeflokken var Ingeborg Marie (1828-1881). Ho gifte seg i 1851 med Rasmus Olsen Søvikhaug frå Øvre-Søvik(3). Dei vart brukarar på Hatleholen-Ytre, Hatlehol(2). Elen Johanna (1830-1906) gifte seg i 1860 med Ole andreas Olsen Stokkereit. Dei budde i 1900 i Buholmgata i Ålesund. Elen døydde i Bergen. Ingeborg (1833-1892) er registrert som død fattiglem i Ålesund. Den yngste dottera deira heitte Hellene (1838-1838). Ho vart berre 6 dagar gamal.

På eit tidspunkt etter 1838 vart Helene spedalsk.Ho vart registrert i lepraarkivet, men fekk truleg ein mildare variant. Ho vart ikkje sendt til hverken lepasjukehuset i Bergen eller til Molde. Helene døydde heime på garden i 1863. Anders gifte seg opp att året etterpå i 1864. Anders gifte seg om att med Isachine Olave Olsdotter Akslen (1819-1896) frå Høla. Han var ikkje meir enn 54 år gamal då han tok kår i 1849. Han vart nemnd som fattiglem då han døydde. Isachine døydde som legdskone på Nedregotten. Dei fekk ei dotter i lag. Dette var Eline Olivia Birgithe Marie (f.1866). Ho er nemnd som hushalderske i Guttormgarden, Nedregotten(2) i 1900.Kanskje var det der mora døydde?

Anders fekk bygselsbrev med Knud Danholm, i 1820 og dreiv garden til 1849. I 1840 gjekk skøytet på garden frå enkefru Marie Bruun født Danholm til Ole Peter Larsen Gjørvad for 185 Speciedalar. På denne tida vart fleie av bruka på Emblem kjøpt til sjølveige frå Bruun, men det skulle enno ta mange år før Antoniusgarden vart eit sjølveigd bruk. Det gjekk heller ikkje så bra med Anders. I august 1850 kom lensmann Landmark til Antonesgarden for å halde eksekusjonsforretning. Tinglysningsrotokollen er dels uleseleg, men ein kan tyde at det er ein A. Landmark var kreditor. Dette var kanskje den tidlegare futen og fogden på Sunnmøre. Anders hadde ikkje noko særleg å betale for seg med. Han var no kårmann og hadde seinast året i forvegen lånt 76 Speciedalar. Truleg var det desse pengane med renter som no skulle inndrivast når han ikkje makta avdraget.

Sonen Rasmus Emmanuel Andersson Emblemsvåg (1822-1858) tok over bygselskontrakta etter far sin, men han vart ikkje verande lenge. Han gifte seg med Massi Eriksdotter Bjerke(5) (1822-1849) frå Hjørundfjorden. Ho døydde i barselseng, 26 år gamal og året etter sa han frå seg bygselskontrakta.

Den tiande kjende brukaren på garden heitte Antonius Britanus Johannesen Spjelkaviknes(3) (1825-1920) Det er etter han at garden har fått sitt noverande namn på folkemunne. Han tok over omlag 1850 og dreiv bruket til 1886. Kona, Maren Larsdotter Nedregard (1826-1889) kom også frå Spjelkavika. Dei gifte seg i 1849. Det var far til Maren, Lars Larsen Nedregård som var gardeigar i Antonesgarden etter at han kjøpte det for 148 Speciedalar i 1841. Antonius fekk kjøpe garden frå svigermor si i 1870 etter at ho vart enke for 400 speciedalar. Av desse skulle 50 speciedalar betalast til hans eldste dotter, Lovise, i følge kjøpskontrakta Det var kanskje hennar arv etter bestefaren. Videre vart 90 speciedalar omgjort til obligasjon som kjøparen vart skuldig svigermor si. Han måtte også ta over kårytingane til faren Anders. I tillegg lånte han 150 Speciedalar frå Borgund overformynderi, eit lån det skulle ta berre 6 år å betale attende.

Dei fekk 8 born saman. Dette var Lovise Marta (1849-1924) Ho er nemnd som fosterdotter hjå besteforeldra sine på Nedregård i 1865. Ho var ugift og arbeidde som pleiar for dei spedalske i Bergen. Ho vart sjølv smitta og døydde der ho tidlegare hadde vore ansatt. Johan (f.1853) Han gifte seg i 1882 med Sara Amalia Kristiansdotter Nygaard frå Davik. Dei flytte til Ålesund. Sara er nemnd som enke i «Torvgade» 1900. Lars (1853-1907) gifte seg 1880 med (Berthe) Maria Johanne Eliasdotter Spjelkavikgjerde(5) og brukar der. Dei flytte til Ålesund i 1883. Lars døydde der, mens Maria emigrerte til Canada og deretter Seattle. Ho døydde der i 1937. Ole Andreas (f.1855) gifte seg med Caroline Petrine Knutsdotter Skarbø(1) i 1882. Dei budde først i Olevågen, Eikenosvåg(2), før dei flytte til Ålesund i 1885. I 1900-tellinga er Ole registrert som vognmann. Maren Johanne Karoline (1859-1897) var nummer 5 i ungeflokken. Ho tok over farsbruket, så ho skal me kome atende til. Amalie Sophie (f.1866) gifte seg i 1888 med Kristoffer Olavius Larsson Søvik(2) dei busette seg i Søvika. Peter Andreas (f.1869) var nest yngst. Han veit me ikkje meir om. (Hanne) Anna Karoline Marie (f.1872) var den yngste dottera til Antonius. Ho fekk ein uekte son med Joachim Thomas Peder Johansson Emblem(2) på Garsendhaugen i 1899. Han fekk namnet Anton og døydde ved fødselen. To år seinare gifte ho seg med Ole Martinus Larsson Fylling(6). I 1905 vart ho gift på ny med Knut Ragnvald Harald Hansson Steinsvik. Dei busette seg i Langevågen.

Truleg var det behov for ein del kostbare i standsettingar av husa og kanskje nybygging også. Gardshusa hadde nok forfalle når Anders dreiv garden. Med dårleg råd var det mest uråd å halde forpliktelsane sine. Antonius tok opp lån på 100 kroner frå Borgund Overformynderi i 1878 mot 5% rente. Det var same kreditor som han i 1870 hadde lånt 150 kroner av. Det lånet var ikkje ferdig nedbetalt enno, men han syntest å klara seg rimeleg godt likevel. Antonius selde bruket vidare til svigersonen Sevrin Rasmussen Kvalen (1856-1952) frå Rovde mot kårkontrakt i 1886. Der kan ein mellom anna lese følgande:

Jeg underskrevne Antonius JohansenEmblemsvåg sælger, skjøder og overdrager hervedtil min kjære svigersønSevrei Rasmussen Emblemsvog mit ifølge Skjøde af 24 de Juni 1870, thingl. 19De December (..)eiende Gaardebrug i Emblemsvog, (..)for omforenet Kjøbesum Kr. 1200. tolv Hundrede Kroner, som er betalt saaledes: kontant betalt 1100 (elve Hundrede) Kroner og overtaget en Panteobligation til Borgund Overformynderi, stor 100, et Hundrede Kroner. Men saa forpligtelse han herhos til at svare mig og min Kone Karen Larsdatter Emblemsvog for vores Levetid følgende aarlige Føderaad: 1) 144 K; er et Hundrede fire og firti Kilogram Byg (8 Vog), 288 K; , to hundrede otte og otteti Kilogram Havre (16 Vog) og 560 Liter. Fem Hundrede og seksti Liter, Potetes, Alt af Gaarden almindelig Avling ... tilleveret i Løbet af Høsten og Vinteren saaledes som god Skik og Brug tilsiger. 2) Foder, Grædsgang, Agt, Tilsyn og Mælkning til 2 – to- Kjør og 4 – fire- Smaafæ (Sauer) og forsaavidt der af disse sidste er Lam skal de ogsaa fremfodres om Vaaren. 3) Fornødent Husrom for os og vort ... obekvemmeligheder skal være i Lillestuen med Loft over og Kjelderen under og med Kammer, samt i Feldesskab med Kjøberen Fordør og Kjøkken. 4) 3 – tre- Kander Olie som Belysningsmiddel, tilberedt i ordentlig Tid. 5) Brendfang til Fornødenhed af samme Slags, som Kjøberen selv bruger. Jeg besørger selv Brændefanget tilavet og hjembragt saalenge jeg føler mig istand dertil, men ellers skal det færdigt tilbringes os og, om det i noget Tilfælde skulde blive nødvendigt, skal det ogsaa ophugges og bringes til Behov endog til vort Ildsted. 6) Kjærlig dengang til alle Tider, og kjærlig Tilsyn og Pleie, naar behøves, fornemndig i Alderdommen og er os udvist og har bestemte Grændser, og kan der i den Stand det nu ligger, avles omtrent 36 – seks og tredve – kilogram tørt Hø, paa sammen. Muld og Gjødsel til sammen svares os ogsaa, men som vi selv paakjøre, saa længe vi føler os istand dertil, ellers paakjøres det for os. Formaling af Føderaadskornet naar vi selv ikke ere istand til at formele det. 9) Fornøden Brug af Hest, paa de Tider det ikke medfører for stor Uleilighed for Kaaryderen. 10) Føderaadet, der hefter paa Bruget i hvis ... eller Besidderen dette end maatte komme, skal i det Hele og i det Enkelte være godt og forsvarligt i enhver Henseende, ligesaa det ogsaa skal leveres i ordentlig Tid saaledes som god Skik og Brug tilsiger. Føderaadets Verdi for 5 – fem- Aar er efter bedste Skjønn ansat til Kr. 851, otte Hundrede en og femti Kroner. 11) Naar et af Føderaadsfolkene ved Døden afgaar, bortfalder for den Længstelvende: 72 -to og sytti- Kilogram Byg, 108, et Hundrede og otte Kilogram Havre, 280 og to Hundrede og otteti Liter Poteter, 1 -et – Kofoder, 2, to, Smaafæfoder. Naar den Længstlevende ikke skulde selv være istand til at bruge Markestykket falder ogsaa dets Brug bort. 12) Skulde vi finde forgodt at borflytte fra Bruget, bortfalder Husrom (dog ikke for Foderkræaturene) ... Brændefanget Tilsyn og Pleie, Brugen af Marstykket, Brugen af Hest og Formaling af Føderaadskornet. Vi afhende i saa Fald vort Føderaad selv til ordentlig Tid. # Dette var altsaa om Føderaadet til os # I den herved solgte Eiendom ligger en uskyldsat Plads, «Reiten», der beboes af Ludvig Ingebrigtsen Emblemsvoog, hvis fæsteret forbeholdes ham efter hans Fæsteseddel (Pladsen følger naturligvis med i Kjøbet) # Thi skal ovennævnte Brug i Emblemsvog med de sammen tilhørende Herligheder, Rettigheder og Tiliggelser, men ogsaa med Byrder og Forpligtelser, herefter følge og tilhøre velmeldte Kjøber hvis Hjemmelsmand jeg forbliver efter Loven – Aalesund d. 11De januar 1886 – Antonius Johan Emblemsvog m.f.P. Vedtages Sieverin Rasmussen Emblemsvog. Til Vitterlighed.

Sevrin hadde gifta seg i 1885 med (Maren) Karen Johane Karoline Antoniusdotter Emblemsvåg (1859-1897). Dei fekk 4 born. Marie Anna Sofie (1887-1983) var eldst. Ho hadde tent litt pengar som budeie då ho emigrerte til USA i 1904, 17 år gamal saman med tanta si frå Garsendhaugen, Helene Johansdotter Emblem på 28 år. Helene hadde arbeid ei tid som meierske på smørmeieriet på Emblem. Det låg rett vest for Ebbegardsløa, bygd midt i Røssevollelva mot grensa til Garsendhaugen . Dei to drog først til Marie si tante i Clarkfield, Minnesota med «White Star Line» over Atlanterhavet. Dette kan vere kona til Siverin Julius Martinnus Johanson Emblem (f.1867) frå Garsendhaugen som emigrerte i 1893 til Minnesota. I so fall er det underleg at dei ikkje oppgav han i staden. Det er mogeleg at han var død og at enka etter han trong hjelp til gardsdrifta.

Marie flytta etter kvart til St. Paul og deretter Minneapolis. I oktober 1905 gifte ho seg med læraren og gardbrukaren Hellick J. Glaim i Swede Prairie township. Han var frå ei av dei eldste nybyggarslektene der og arva bruket etter far sin. Dei fekk 7 eigne born og eit fosterborn. Anton (1890-1892) var nestemann i borneflokken. Han emigrerte også til Amerika, men tok i tillegg over garden på papiret i 1939. Drifta var det søstera, Sofie Karoline Emilie (1894-1963) som tok seg av. Det kan også verke som om ho tok over skøytet på garden etter bror sin etterkvart også. Karn Lovise Josefine (f.1897) var yngst i borneflokken. Ho skal eg kome attende til. Sevrin og Karen fekk ikkje så mange åra i lag før Sevrin vart enkemann. Karen Johane døydde i barselseng i 1897. Sevrin gifte seg etter kvart opp att med Anne Eline Johansdotter Emblem(2) (1865-1943) frå Garsendhaugen. Det var hennar søster som Marie drog til Amerika i lag med

I 1900-tellinga hadde Sevrin «antatt oppholdsted Aalesund», men registrert i Antonesgarden ved tellingstidspunktet. Han var truleg på fiske i lag med dei fleste andre mannfolka i bygda. Det ver togså opplyst i tellinga at han var «Leverandør af Sand til Aalesund». Det var kansje snakk om støypesand og han gav seg med det før 1910. Heime var det Anne som dreiv bruket saman med kårkallen Antonius. Med born på 3, 6 og 13 så kan ein nok rekne med at ho fekk hjelp av eldstedottera Marie til å passe dei yngste. I tillegg var søstera hennar, Scharlotte Johansdotter Emblem frå Garsendhaugen registrert som tenar «sysselsat del med Kreaturstel, dels med Husgjerning». Scharlotte var 37 år og allereie enke på dette tidspunktet.

I 1907 vart det halde utskifting i Emblemsvågen. Til den tid hadde matrikkelbruket vore teigbytt med 10-15 teigar på kvar av dei to hovudbruka, Knutgarden og Antonesgarden. Resten var tidlegare plassebruk som gradvis fekk sjølveige. Dei fleste åkrane låg oppe under hamrane mot grensa til Emblems-gardane. Der hadde også husa lagt i ei klynge i eldre tider og dei ligg omtrent på same plassen den dag i dag. Grensa mellom Knutgarden og Antonesgarden vart sett midt gjennom dette klengetunet, der Antonesgarden fekk den austlege halvdelen der husa allereie stod. Soleis sparte dei kostbar flytting også. Dei fleste gamleåkrane vart dermed liggande på Antonesgarden sin eigedom, men det vart også ein god del av myrene, så dei vart nok vel forlikte likevel. Dei hadde rås til fjellutmarka vestanfor innmarksgrensa til Emblem og Røssevollen og inngjerda heimeutmark på Emblemsanden, mot Lisje-Helvete og vestanfor Plassevågen der den vestelgaste delen av byggefeltet på Flisneset ligg i våre dagar.

I 1910-tellinga hadde Marie reist til Amerika, medan dei andre borna framleis var heimeverande. Antonius vart registrert som Antones Jonassen så han møtte truleg ikkje opp personleg på tellestaden som truleg var skulen i bygda. Anton dreiv som tenar med forskjellig arbeid på garden, medan Sofie tok seg av husarbeid på bruket. På den tida var det ikkje vanleg at eldre born gjekk heime, så dei vart som regel registrerte som tenarar i staden. Anton hadde einno ikkje byrja som tømrar, men det var ei vanskeleg tid for unge å få seg arbeid på. Mange ungdommar reiste difor til Amerika for å arbeide i tømmerindustrien på vestkysten eller til slektningar. Det vart løysinga for både Marie og Anton etter kvart.

Anton Severins. Emblemsvåg (1890-1992) var fiskar og tømrar. Han fekk skøyte på garden i 1939, men dreiv det ikkje sjølv. Han reiste til Clarkville Minnesota i 1911. På den tida var det mange som reiste over dammen. Det var vanskeleg å finne seg arbeid i heimlandet på den tida og løfter om gratis reise mot eit års arbeid i mellom anna tømmerindustrien på vestkysten lokka mange frå Emblemsbygda. og endra etternamnet til Emblem. Anton fekk seg raskt arbeid som snikkar, då han allereie hadde litt erfaring med husbygging i Spjelkavika før han drog. Om det var planen at han skulle kome heim att veit eg ikkje sikkert. Han fortel sjølv at USA den gongen var eit betre land å bu i og arbeidet var mykje betre betalt. Han gifte seg etterkvart også der borte, og då var nok avgjerdsla tatt. Først gifte han seg med svenske Mathilda Klingsberg i Lake County i 1929. Deretter gifte han seg om att med Viola Myrtle Conger (1903-1999) i 1973. Han var fleire gongar attende til gamlelandet på besøk, og fekk vittjing den andre vegen óg. Han var ven med sambygdingen Hans Iversson Furset frå Skorene/Eikenosa, som var handelsmann på Høybråten i Oslo. Der var han fleire gonger innom på sine vel seks besøk i heimlandet. I sitt 92. år vart han intervjua av Ålesund Arbeideravis i forbindelse med turen heim for å feire søskenbornet Gunnvald Myren i Spjelkavika. Det var første besøket på vinterstid. Han gleda seg til å prøve eg på torskefangst i Borgundfjorden og dreiv då framleis litt som snekkar i pensjonistbyen Kings City, sør for Portland. Anton døydde i Portland, Oregon

Yngstesøstera, Karn Lovise, kalla seg sjølv Karen. Ho flytte Oslo etter 1910 og gifte seg der med Leon Ørbeck. Han var opphaveleg fødd Harald Leonhard Ørbeck (f.13.12.1888) og frå Ørbeck på Eidsvold. I 1910 vart Harald registrert som busett i ei bakbygning i Bjerregaardsgata 13 saman med mor si, enka Petra Hansdotter Ørbeck (f.1865) og ei ugift syjente frå Nord Odalen som heitte Olina Thorgersen. Petra var 45 år gamal på dette tidspunktet ansatt ved «automat». Ho vart tidleg enke, for ho var enno ugift i 1900. Harald Leonard livnærte seg som «malersvend». Om Olina var i slekt veit eg ikkje, men med ei leie på 20 kr i månaden så trengte dei kanskje å ta inn losjerane. Både Harald og Helga er fødd på Eidsvold. Helga var også uekte fødd og busett på garden Ørbeck (191/1). Der budde ho først hjå besteforeldra sine og deretter hjå tanta og onkelen på samme gard. Ho tente litt attåt på handarbeide og forsørga sonen sin på det. I 1900 er ho også registrert som utmeld av statskyrkja, så det er ikkje sikkert at det er mogeleg å avklare heilt sikkert om ho gifte seg. Det er mogeleg at dei var medlemmar av eit uavhengig kyrkjesamfunn utanfor statskyrkja, men det kan også ha vore enklare å vere registrert som enke enn ugift mor når ho ein gong etter 1900 flytte til Oslo. Harald Leonard nytta sjølv namnet Leon, som ei forkorting for Leonard. Leon og Karen gifte seg truleg i 1919. Nok ein gong er det vanskeleg å finne bryllaupsregistreringa. Det kan også tyde på at dei vart gift utanfor statskyrkja og til dømes var metodistar eller i frikyrkja, men det er ikkje funne prov på akurat det enno. Dei fekk gutane Odd (1920-1985) og Arvid (1922-1988). Dei kom til Emblemsvågen og hjelpte tanta og bestefaren med gardsdrifta om sommaren. Arvid emigrerte til Amerika.

Sofie Karoline Emilie Sevrinsdotter Emblemsvåg gifte seg aldri. Ho dreiv bruket for bror sin frå 1939 i lag med faren. Då dei ikkje makta drifta lenger, flytte Odd frå Oslo for å ta over i 1950. Det var nok ikkje så lett å greie seg på gardsdrifta åleine, så han fekk arbeid på Ødegårds Karosserifabrikk i Puskhola og gifte seg med dotteratil eigaren der, Helga Johanne Olsdotter Ødegård (1926-1977). Svigerforeldra var Ole og Karoline Ødegård. Karoline var fødd og oppvaksen i Magerholmdalen. Odd og Helga fekk borna Linda Karin (f. 1960) og Ole Leon (f.1961). Og bygde seg nytt hus på garden.

I 1964 vart Antonesgarden sin del av friområdet på Emblemsanden seld frå Odd Ørbeck til Borgund Kommune for 120 000 kroner. Saka hadde då pågått i omlag eit år. Det var mellom anna friluftsnemnda til Borgund kommune som tok initiativet til å kjøpe 23,6 dekar av Emblemsanden frå Antonesgarden til friområde og badestrand før heile området vat seld til hyttetomter. Det vart peika på at dette var eit av dei finaste områda i kommuna. Det hadde dessutan vore nytta til badestrand temmeleg lenge og fotballanlegg i over 30 år. Odd sa seg villjug til å selje sitt stykke frå austenden av parkeringsplassen til utløået av Storelva i Kriken. Han åtte også neset på andre sida av elvemunningen. Resten av området tilhøyrde stort sett Knutgarden i Emblemsvågen. Statens friluftsråd stilte raskt størstedelen av summen til rådvelde, medan både bygartnaren og kommuneingeniøren var positive til at Ålesund og Borgund i fellesskap skulle spleise på resten av beløpet det ville koste.

Begge borna tok over Antonesgarden etter foreldra sine. Eldstedottera Linda Karin gifte seg med Roar Arnvidsen Opsahl (f.1961) i 1988 og reiv det gamle våningshuset for å bygge nytt. Dei fekk borna Sunniva(f.1990) og Sondre (f.1992). Yngstesonen, Ole Leon, er sambuar med Anne Irene Lilleeide (f.1964) Dei har gutane Eirik (f.1992) og Anders (f.1999). Ole Leon tok over huset som foreldra hadde bygd ved tunet. Det er i dag ikkje lenger gardsdrift i Antonesgarden.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.12 | 22:33

Veldig trivelig lesing, takk! Knut Salvesen Tjugen var onkel til min tipoldefar.

...
17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE