Knutgarden bruksnummer 1

eit artig bilete frå Emblemsvågen før 1923. Frame f.v. sit Lars Knutsen Emblemsvåg (1872-1923) og Karen Marie Gundersdotter Emblemsvåg (f. Myren i Valldalen) (1878-1962) kona lengst til høgre på er truleg Hansine Emblemsvåg. Bak f.v.: Jens Jørgen Emblemsvåg (1878-1963) og kona Elisa Jakobsdotter (1886-1963) på Sandane. Biletet tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes

Det var eit godt forhold mellom Elisa på nabogarden Sandane/Sandvik og Karen Myren, som vart gift med Lars i Knutgarden. Elisa var truleg i konfirmasjonsalderen då ho var hos Simonnæs i Ålesund og tok bilete av seg saman med Karen. Biletet og informasjonen kjem frå Per Almar og Gunvor Steinnes.

Knutgarden ligg lengst mot venstre ved sida av Antonesgarden. Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes

Lars og Marit Emblemsvåg. Biletet er utlånt av Roar Emblem

Vinterbilete av Knutgarden lengst mot venstre og Antonesgarden. Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes

Knutgarden. Løa vart bygd etter 1907 like vest for den gamle som stod på tvers i forhold til denne. Foto: Svein Ove Østrem 2015

Kathrine Flydal og kua i 1972. Ho er dottera til Jostein I. og Berit (f. Arntsen) Flydal Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes

Knutgarden våren 2017 med huset som Lars Emblemsvåg bygde. Foto: Svein Ove Østrem

Emblemsvågen er ikkje så gamal som einskild gard. Den vart truleg utskild frå hovudgarden Emblem ein gong på slutten av 1500-talet, men der finst spor etter folk heilt attende til folkevandringstida, og det er også eldre funn attende til steinalder både aust og vest for garden. Dei 7 gamle gravrøysene ved vågsbotnen var såleis bygd for brukarane på garden Emblem kring jernalderen. Emblemsvågen var då sjøstykket til denne garden.

Frå utskilljinga av Emblemsvågen til eigen gard og fram til 1712 var det kun eit bruk her. Innmarka var teigbytt heilt fram til utskiftingsprosessane i 1907. Det gamle tunet låg oppunder hamrane mot grensa til Emblem og jorda var oppdelt i 20-30 teigar. Dei fleste åkrane låg nært tunet i hellinga, men der fanst også nokre nede på sletta ved den vesle bekken som rann ut i fjorden ved dagens innerste naustrekke.

Knutgarden fekk bruksnummer 1 ved oppdelinga i 1712, og det er omlag her denne teksten tek til. Frå omlag 1650 hadde de vore småstellt der nede i «Vågen». Brukar og smed, Anders Olsen hadde vorte dømd for «løsagtighed» og fekk bot for ikkje å møte opp og skysse futen. Bøtene greidde han ikkje å betale, og stort betre gjekk det ikkje med arvtakaren, Hallvard Sjursen. Han greidde ikkje å betale tiendeskatten til kyrkja. Hallvard døydde i 1699 og åtte då berre 2 kyr, 3 geit og 3 sauer. Husa må då ha tilhøyrd gardeigaren, borgundpresten Christoffer Hjermann. I 1699 selde han bruket vidare til Johann Frimann. Det kan verke som om bruket ikkje var like attraktivt lenger. Kanskje var det slik at eigarane fleire gonger måtte ta pant i gardshusa. Dette var omtrent det einaste ein bygselmann hadde som sikkerheit om han hadde sett dei opp sjølv. Tok gardeigaren frå dei garn eller dyr og avling, så vart også håpet om seinare inntekter lavare. Enka til Hallvard var Siri Ottesdotter Muri(206c) (ca.1658-1752). Ho gifte seg om att kring 1700 med Jon Knudsen (f. ca.1667), og det var på hans tid at Emblemsvågen vart delt i bruka som seinare skulle heite «Knutgarden» og «Antonesgarden» på folkemunne.

Det kan verke underleg at gardeigaren valde ei slik løysing når brukarane ikkje makta å finne nok inntekstsgrunnlag på heile garden. Her kan det vere fleire mogelege orsaker. For gardeigaren kan det ha vore ein måte å sikre at det i alle fall kom litt inntekter i kassa, og at det no var to som kunne dele byrdene og utgiftene. Den nye brukaren i Antonesgarden var nemleg svigersonen til Hallvard ovanfor. Han kunne dermed ta på seg kårytingane, og der vart færre kårfolk per bygselsmann. Det ser i alle fall ut som om dei klarte seg betre enn forgjengarane no. Betring av klimaet kan truleg også vere ei medverkande årsak. Jon og Siri sat att med det som skulle verte «Knutgarden». Også dei klarte seg betre no.

Ein veit ikkje eksakt når Jon døydde, men Siri var i alle fall registrert som enke i kyrkjeboka i 1752. Dei fekk tre born. Den eldste var Knud (dp.1701-1701) som vart berre tre veker gamal. Den neste guten fekk også namnet Knud, slik namneskikken var den gongen. Han døydde berre 22 veker gamal og vart gravlagd 22. oktober i 1702. Anne (1703-1782) vart den siste i rekka. Ho vaks opp og vart jordajenta i Knutgarden, heile 80 år gamal skulle ho bli. Bygdeboka for Norddal nemner Jon og Siri under Omneås(40) i Valldalen, der Siri sin bror vart gardbrukar. Det stemmer truleg ikkje at dei har budd der. Ein finn også det som truleg er feilregistreringar ved introduksjonen av Siri sine born i Borgund kyrkje. I 1701 vert knut kalla Ole, og i 1703 står det Amund, medan det ved dåpen er korrekt namn som er ført. Jon tok kår i 1731.

I 1731 tok svigersonen, Knud Joensen (ca.1705-1787?) over bygselskontrakta på garden. Underleg nok så gifte han seg ikkje med Anne Jonsd. Emblemsvåg(1) før den 22. juni i 1732. Han er mellom anna nemnd som medhjelpar og lagrettemann i folketellinga. Ved vigselen vart dei kalla Anne Jansdatter og Knud Jensen. Det er funne tre born etter dei. Det verkar nesten som ein byrjande tradisjon når også deira førstefødde vart kalla Knudt. Han vart truleg oppkalla etter bestefar til Anne. Knudt Knuds. Emblemsvåg (dp.1734-1772) tok ikkje over farsbruket. Han gifte seg med Siri Nilsdotter Hoff(I) (dp.1734-1778) og vart brukar på Bjørge(3) før foreldra var klare til å verte kårfolk. Det vart dermed den neste i arverekkefølga, Joen Knuds. Emblemsvåg (dp.1736-1804), som tok over bygselskontrakta. Jens Knuds. Emblemsvåg (dp.1740-1776) var den yngste i borneflokken. Han gifte seg i 1766 i Borgund kyrkje med enka Maren Knudsd. Nedregotten, som då sat som gardskone i Steffågarden, Emblem(6+7). Dette var ein gard som seinare skulle delast i «Steffågarden» og «Jakobgarden». Steffågarden fortsette å ha husa sine på den same staden som dei stod i det gamle klengetunet, medan Jakobgarden fekk seg nytt tun austanfor Røssevollelva. I Jens si tid var alle gardane under matrikkelgarden Emblem samla i eit klengetun omtrent der Seffågarden og Skillingen har tuna sine i dag. Du kan lesa meir om han der.

Sonen til Knudt heitte Joen. Det var ein variant av namnet Jon. Han tok over Knutgarden i 1764 og dreiv kanskje bruket saman med faren ei tid, før han forlova seg den 6. januar 1767. Her kan ein nestan tenkje seg at det hendte i eit juleselskap eller ei liknande begivenheit, omtrent som i den gamle norske filmen om Tante Pose. Verklegheita var nok mindre romantisk og meir praktisk retta for den som ikkje var sjølveigande bonde. Men på den andre sida var faren i alle fall godt skrivefør slik at borna fekk ein dugeleg skulegong og teoretisk lærdom med seg heimanfrå. I følge presten kunne han i alle fall lese i 1769, og han var skikkeleg opplyst med fleire gode bøker i heimen sin. Den slags var ikkje nokon kvardagskost på denne tida. Joen gifte seg med nabojenta, Anne Jonsd. Emblemsvåg(7) (dp.1746) frå husmannsplassen «Plassevågen». Joen følte seg med andre ord ikkje heva over plassemennene ikring seg. Forloverane var Jens Siversen Emblem(9) frå Auregarden og Hans Arnesen Emblemsvåg(5) frå Antonesgarden.

Joen og Anne fekk 4 born. Dette var Joen (dp.1770) som gifte seg med pige Brit Arnesd. Nordang(1) (f.1772). Dei vart brukarar på Åse(5). Nestemann var nok ein Knud (dp.1776-1850). Han gifta seg 1805 med Dorthe Olsdotter Blindheim(8) (dp.1783) dei tok over Åse(5) etter storebroren til Knud. Anne (Marie) (dp.1782-1856) var den neste i syskenflokken. Ho gifte seg først i 1816 med enkemannen Ole Olsen Godø(12) (dp.1763-1827) og vart brukarar på Remvik. I 1828 gifte ho seg opp att med Knud Styrkerson Søvik (dp.1774-1842). Bernt Magnus (dp.1786-1786) var den yngste i søskenflokken. Han vart berre 1/4 år gamal. Av ein eller annan grunn tok ingen av dei overlevande søskena over bygselskontrakta på bruket etter far sin.

I 1788 tok Halvor Halvarsen Eikenosødegård(3) (dp.1763-1818) over Knutgarden. Han dreiv bruket på bygsel til 1817 året før han døydde. Halvor var sonesonen til Jakob Rasmuss. Emblemsvåg(5), ein tidlegare brukar på nabobruket Antonesgarden. I 1788 gifte han seg med Synneve Nilsdotter Valderhaug(33) (dp.1766-1831) Dei fekk etter kvart 8 born.

Den eldste var Johanna (dp.1789-1789). Ho levde berre i to veker. Den neste var Anne (dp.1790-1881) Ho fekk ein uekte son, Lars Henrik Elias Knudsen Veibust(5) (f.1816) med Knud Ole Andreas Larsen Blindheimsnes(3) (dp.1796-1834), brukaren på Veibust(5). Dei gifte seg aldri. I 1831 finn me ho derimot som tenar hjå kjøpmann Carl Rønneberg i Korsen i Ålesund. Året etter gifte ho seg med enkemann Gunner Gregoriussen Røssevoll(1) (dp.1786-1844) og i 1845 vart ho gift for andre gong med Guttorm Nilsen Østrem(sjø) (dp.1806-ca.1855). Dei var brukarar på Remvik(Digernes).

Nille Johanna (dp.1792 -1876) fekk to uekte døtre. Den første var Agathe Olsd. (f.1818) med Ole Pedersen Fjørtoft. I 1826 kom Henninge Ivrine Catrine (f.1826) til verda. Ho var dottera til Ole Hansen Hunsvær og gift til Bjørkavåg(8). Nille tente på Oksebåsen i 1831, før ho gifte seg i 1836 med enkemann Abraham Martini Jetmundsen Lerstad(1) (dp.1768-1843). Dei vart brukarar på Lerstad(1). Nille endte livet som lægdslem hos søstra i Eikenosvåg(3).

Broren, Halvard Martinus (dp.1795-1801), vart derimot berre 5-ó år. Den femte i søskenflokken var Severina (dp.1798-1876). Ho tjente i Barstadvik 1831, og fekk ein uekte son i 1820 med Knud Knudsen Romestrand(4) (f.1803). Det var Karl. Severina gifte seg i 1838 i Borgund kyrkje med enkemann Ole Andreas Eriksen Kvasnes(1) (dp.1798-1874). Dei dreiv bruket Kvasnes(1).

Søstera, Henninga Martha (dp.1800-1872), gifte seg i 1842 med enkemann Peder Andreas Amundsen Mek Fureholm (f.1798-1871). Han var fødd på Mek i Volda. Dei dreiv Fureholmen, med bruksnummer 3 i Eikenosvågen. Den nest yngste i søskenflokken vart kalla opp etter faren. Han fekk namnet Halvard Martinus Andreas (dp.1803-1847) og vart berre 43 år gamal. I 1827 hadde han gifta seg i Borgund med Anne Berthine Henriksd.Gamlemshagen(14) (dp.1799) og bygsla Søvik(9). Dei fekk sonen Halvar Bretannus (f.1828)  Rasmus (dp.1806-1895) var den yngste i borneflokken. Han tente på Ytterland i 1831. Dei fleste av søskena var gså i teneste det året. Han gifta seg i 1838, omlag ein månad etter søstera Severine i Borgund kyrkje med Henninge Rasmusdotter Store Nørve (1809-1877), Dei flytte til Bjørgeholm ved Ellingsøya. Dette var ikkje så veldig langt unna Halvard i Søvika og Anna i Remvika ved Digernes i ei tid der ein nytta båten som framkomstmiddel.

I 1817 vart det på ny slektskifte på Knutgarden i Emblemsvågen. Ingen av borna til Halvor tok over. Jens Olsen Tafjord(511b) (1787-1858) gifte seg 1815 i Norddal med Annike Ingebrigtsd.Emblem(1) (dp.1787-1863) frå Negarden. Dei dreiv bruket i kun tre år, før dei flytte attende til Norddal. Begge budde på garden Hjelme i Valldalen når dei døydde. Årsaka til at dei flytte så raskt er ikkje kjend, men klima og dei vanskelege åra med napoleonstid, krig og barkebrødtid i forvegen førte mange på flyttefot etter betre kår. Det kunne verke fornuftig å komme seg nærare fiskefelta, men det skulle vise seg at levekåra likevel var betre i indre fjordstrok i denne perioden. Ein kan sjå at dei forsøkte seg fleire stadar. I 1815 budde dei i Tafjorden, i 1824 forsøkte dei seg på Korsneset, før ein finn dei på Hjelme i 1837.

Jens hadde tre uekte born frå før han gifte seg. Dette var Ole (f.1812) med Pernille Larsd. Ringdal(1) (f.1785) frå Sunnylven, Jørgen (1813-1823) med Maren Paulsd. Gjerde(418c)   (1790-1855), som drukna i ein brønn, og Ragnhild (1813-1875) med Christi Knudsdotter Korsnes(67c) (dp.1785-1843). Ragnhild giffte seg i 1850 med Martinus Frederik Olsen Lille-Årset(2) (dp.1810-1883). Dei vart brukarar på Vestre(6). Det kan verke som om Jens var populær hos ungjentene når han fekk to born det samme året.

Innanfor ekteskapets rammer fekk han 4 born. Dette var Oline (1815-1885). Ho gifte seg i 1855 med Magnus Andreas Haagensen Alstadsæter(203a) (1821-1884). dei vart brukarar på  Alstadsæter(204). Den neste var Ingebrigt Elias (1817-1870). Han gifte seg først med Susanne Gregoriusd. Engeset(314d) (1819-1865) i 1846. dei slo seg ned som brukarar i Valldalen. (sjå Valldal(280). Etter omlag tre år som enkemann gifte han seg opp att i 1868 med Ingeborg Maria Syvertdoter Døving(36a) (1828-1913). Cecilie Inger (1820-1909) var den neste i ungeflokken til Jens og Annike. Ho gifte seg 1849 i Skodje kyrkje med Johannes Britanus Villeikson Flåte(6)  (1822 -1892). Den yngste i borneflokken var Ole (1824-1896). Han gifte seg med Karen Marte Pedersdotter Gjerde (1830-1906), opphaveleg frå Dalhus i Norddal. Dei vart brukarar på Myklebust(16) i Valldalen.

Den neste bygselsmannen i Knutgarden kom også frå Norddalen. Dette var Knud Knudsen Korsnes(67a) (dp.1779-1866). Han vart heile 91 år gamal. I hans tid som brukar fram til 1833 var det særs vanskelege og tronge kår på bruket i Emblemsvågen. Han hadde gifta seg med Anne Marthe Thorsd. Storstein(1) (dp.1783-1825) i 1803. Det kan verke som om han hadde bytt gard med Jens før han, Dei fekk tre born. Dette var Anne Regine (dp.1805-1825). Ho vart berre 20 år gamal. Søstera Karen (1807-1895) tok over bruket etter foreldra sine, og Petter Carl (dp.1811-1845). Han var ugift dreng i Emblemsvågen når han døydde. Frå skiftedokumenta etter Anne Marthe kan ein lesa at dei berre hadde hest, 2 kyr, ei kvige og ein sau. Både såkornet og avlinga på 4 tønner med havre var allereie oppbrukt til mat når april kom. Dette var fleire månader før neste avling, men dei gav seg ikkje av den grunn. Knud Knudsen gifte seg opp att i 1826 i Norddal kyrkje med enka Anne Eriksd.Korsnes(66c) Hauge(127) (f.1775). Dei fekk ingen barn

Dottera Karen Knudsd.Emblemsvåg(1) (1807-1895) tok over bruket i 1833 og gav kår til foreldra sine. Ho dreiv garden til 1866. Ho hadde då ei uekte dotter, Anne Maria (1830-1883), med Haaver Siversen Vedde(2) (1806-1838) Anne Marie gifte seg i 1852 med enkemannen Rasmus Albrigtsen Ytre-Hovde(7) (1818 -1884) og flytte til Ytre-Hovde(7) i Ørsta.

Mora, Karen, forlova seg i 1834, og gifte seg det same året med Ingebrigt Carolus Iverson Emblem(9) (dp.1796-1866) frå Auregarden. Dei fekk 6 born saman. Den yngste var Lars Johan (f.20/4-1835). Ein veit ikkje meir om han. Broren, Knut Andreas (1839-1917), vart neste brukar i Knutgarden. Søstera Elen Petrine (1844-1846) vart berre 3 år før ho døydde. Det gjekk ikkje så mykje betre med dei to neste. Ingebor (1846-1846) vart 8 dagar, medan Carl (1846-1846) døydde etter 13 dagar. Yngsteguten, Peter Karl Elias (f.1848), veit ein ikkje skjebnen til enno.

I den gamle omgongskuleprotokollen frå skuleåret 1859 til 1860 kan vi likevel lese litt om både Peter Karl Elias og skulegongen. Han var innmeld i Emblem Krins som omfatta Emblem, Emblemsvågen og Røssevollen. Skuleåret varte frå 27. oktober til 15. november og 26. april til 22. mai. Dei ulike brukarane delte på å låne ut stova si til skulen. Tidsrommet 7. til 9. november 1859 var det Knutgarden og faren Ingebrigt sin tur til å huse skuleborna. Peter var no i konfirmasjonsalder og presterte på det jamne i dei fleste faga. Eg veit ikkje kva som var høgste karakter, men eg finn i alle fall ikkje noko betre enn karakteren 4. Det kan verke som om karakteren 2 er bestått. Dei fleste låg stortsett på 2 og 3. Nokre var så heldige å ein karakter på 4, men ytterst få hadde fleire. Ole Pederson Røssevoll, seinare brukar i Pe-garden på Røssevollen, var beste elev med heile tre karakterar på 4 og resten på 3. Peter låg ikkje så langt bak med fleire karakterar på 3, og karakteren 4 i bibelhistorie, men katekismen og staving sleit han meir med. Her var karakteren 2. Dei andre emna som dei vart vurdert i var mellom anna historie, lesing, rettskriving, geografi, skriving av bokstvar og bibelhistorie.

16. november 1865 vart det halde skifte etter gardeigaren, Knud Halvorsen Blindheim. Han åtte ein gardpart i Knutgarden som han hadde kjøpt av den tidlegare nemnde Lars Larson Nedregård som hadde eigd garden frå 1833. Frå ekstrautskrifta i 1866 kjem det fram at skiftet gjaldt alt, med unntak av naustet, kvernhuset og ei bygning til som var bortbygsla til «Leilending Ingebrigt Iversen og Kone beheftet med Vilkaar til Knud Knudsen». Det kan bety at alle husa tilhøyrde gardeigaren. Det var nemleg slik at dersom ein bygselmann sette opp eigne hus så beheldt han eigedomsretten til desse. Slikt var veldig vanleg og det motsette kan tyde på at det ikkje stod like god til med økonomien på denne tida. I 1865 finn ein også namnet på ei av tenarane i Knutgarden. Det var den ugifte tenestejenta Randine O. Olsdotter (f.ca.1810) frå Hjørundfjorden.

Sonen, Knut Andreas Ingebrigtsen Emblemsvåg(1) (1839-1917) hadde meld flytting til Roald på Vigra, som den gong var del av Haram Prestegjeld, då han gifte seg i 1865. Men opphaldet var særs kort. Allereie i frå 1866 var han brukar på farsgarden og fortsette med det til 1902. Han gifte seg i 1865 på Vigra med pige Oline Jørgine Sevrine Nilsd.Blindheim(3) (1837-1912) Dei hadde møtt kvarandre på Haram der dei begge var tenarar. Året etter giftermålet kom Knut heim og kjøpte farsgarden av arvingane etter Knut Halvorson Blindheim, som døydde i 1865. I den tingleste skøytet finn ein at dette var døtrene Severine og Nicoline Knutsdotter Blindheim og Elias Giskeødegård. Kjøpsummen var på 700 speciedalar. Han klarte seg mykje betre enn besteforeldra sine. I 1868 hadde han hest, 9 kyr, 12 sauer og eit utkome på 4 tønner bygg, 23 tønner havre og 28 tønner md poteter. Likevel valde han å selge garden til Anders Olsen Giskegjerde kring 1870 og verte bygselmann i staden.

Ein kan truleg spore årsaka til det seinare salget i pantebøkene. Det var først med Knut Andreas at ein kan spore frådelingar og sal av jord som opphaveleg tilhøyrde Knutgarden. Først vart det frådelt ein jordlapp til ein husmannsplass i heimeutmarka mot vest. Den fekk etterkvart namnet «Ludvikplassen» på folkemunne etter husmannen Ludvig Gregorius Ingebrigtson Valle. Det var han som fekk frådelt dette stykket for si levetid, saman med eit større stykke frå Antonesgarden. Det er truleg at han fekk hjelp av bror sin som vart godt gift til garden Ystebøen like ved. Knut Andreas trong nok både nyrydding, inntekter, men det var Antonius på nabogarden som fekk arbeidshjelpa i onnene. Så mykje pengar til å betale ned på gjelda fekk han ikkje ut av ein husmannsplass. Det kan verke som om Ludvig kom omtrent samtidig med at Knut Andreas kjøpte farsgarden. Det gjekk ikkje så bra med Ludvig dei første åra. Allereie i august 1865 vart det eksekusjonforetning på plassen. Han makta ikkje å betale avdraga til Claus Ingebrigtsen Emblem for eit lån på 167 Speciedalar,med pant i den vesle stova han heldt på å sette opp. Dette var heller ikkje det einaste lånet han hadde.

I 1869 måtte Knut låne 50 Speciedalar frå Jørgen Sørensen Voldsdal, mot pant i garden. Her kjem det også fram at han hadde seld eit stykke av bruket til Hans Magnus Iversen Emblem i Hatlebakken, Emblem(3) også, men dette var enno ikkje var tinglest. Hans hadde fått rydde seg ein plass mot austgrensa til Emblemsvågen nokre år i forvegen, og vart seinare svigerfar til Knut Andreas si eine dotter. Skylddelinga og skøytet på dette stykket, som fekk namnet «Ytre Hatlebakke», vart først tinglest i 1870. Det var på den tida Knut selde farsgarden. Han fekk 144 Speciedalar for denne delen. Det var tydeleg at Knut trong pengar no. I 1870 selde han husmannsplasen «Oshaugen» til brukaren der, Nils «Båt-Nils» Rasmunson Løset frå Volda. For 250 Speciedalar. Men det var rett og slett ikkje nok. Han måtte selge halve garden med andel i husa, unntatt «Nøst, Kornhus og Seterhusene» til Andreas Olsen Giskegjerde for ytterlegare 200 Speciedalar før 1870 var omme. For dette fekk han bygselskontrakt på det same stykket. Ein kan undre seg på om Knut hadde feilrekna eller vore for optimistisk då han kjøpte farsbruket. Han klarte i alle fall å unngå tvangsalg og utpantingsforretning, men pengane rakk berre i to år. I 1872 måtte han selge det som var igjen av garden til same kjøpar for 1200 kroner og i tillegg låne 100 Speciedalar til av Johan Cornelius Giskegjerde. Det kan verke som om den som dreiv fiske langs kysten hadde pengar å investere, men Knut fekk truleg ikkje del i denne rikdommen frå havet.

Knut Andreas og Oline fekk 4 born. Det var Caroline Severine Eline (1866 -1900). Ho gifte seg i 1892 med Iver Andreas Henrik Olsen Nedregotten(2) (1866-1925) frå Guttormgaren. Dei vart også brukarar der på Nedregotten(2). Nicolai Andreas (f.1868) var den neste. Han drog til Amerika 20. april 1887 frå Ålesund med Allan-Line til Minnesota. Han var då 19 år og ugift sjømann. Søstera, Anna Olivia (1870-1926) gifte seg i 1897 med skomaker Andreas Britanus Magnussen Emblem(3) (1864-1925) Dei busette seg i Hatlebakken, Emblem(3) og dreiv bruket der. Lars Karl (1872-1923) var yngstemann i borneflokken i Knutgarden og neste bruker. Frå skuleprotokollen i 1880 kan ein sjå at Lars gjorde det brukbart på skulen. Karakterane varierte frå 2,5 til nærare 4. No vart elevane vurdert med karakter i følgande emne: bibelhistorie, katekisme, forklaring (til katekismen?), utvalde stykker i leseboka, staving, lesing, sang, skriving, rettskriving, regning, flid og ved avsluttande eksamen når dei var klare for konfirmasjon og overhøyring. Han hadde ikkje eksamen det året. Han hadde også møtt opp flittig. Der var kun ein begrunna fråversdag.

Frå det siste tingleste Skøytet på garden kan ein lesa følgande:

«Underskrevne Knud Andreas Ingebrigtsen Emblemsvaag sælger, skjøder og afhender herved til Andreas Olsen Gidskegjære den anden Halvdel af det mig tilhørende brug Emblemsvaag (...) med tilliggende Herligheder og paastaende Huse, dog saaledes at herfra er untaget: a) den Part av Gardbruget som jeg ved Skjøde af 25. Juni 1868 har solgt til Nils Rasmusen Løset hvilket Skjøde er oplæst for Kjøberen. b) Nøstet, Kværnhuset og Sæterhusene, hvilke Eiendomsparter ikke for nogen Del er inbefattede i Salget. Den omkontraherede Kjøbesum er 1200 Kroner, der er mig betalt. Af det Gardbrug paaheftede Kaar til min moder Ksren Knudsdatter overtager Køberen nu ogsaa den anden Halvpart. ForudenKøbesummen har jeg betinget mig Ret til for min og Enkes Levetid at bruge den solgte Gaardpart mod Svarelsen af 12 Kroner aalig Afgift men uden Bygselsens Erlangelse og ansettes denne Brugsret til en verdi af 200 Kroner derom vil Bygselseddel idag blive udskrevet. I Overenskommelse med forestaaende skal den solgte Gardpart herefter følge og tilhøre Kjøberen til Odel og Eiendom. (...)»

Kjøparen la på si side til følgande krav i bygselskontrakta:

«1) Han rydder dyrker og forbedrer Jordveien saaledes som til enhver tid udkreves til Oppholdelse af Fordringerne til en forsvarlig Brugsmaade, hvorledes han holder Huse og Gjorder i (..) Stand. Han er i ethvert tifelde ansvarlig for Husene, ligesom han er pligtig til at opføre nye Huse naar e ældre ikke lenger er tjenelige. Til Gardbrugets Huse tilhøre ikke Nøst, Kværnhus og Seterhuse.

2) Svarer han a) det Gardparten paahvilende Kaar til hans Moder. b) Alle offentlige samt kommunale Ydelser som ere eller vorde paabudne samt Tiende.

3) Husmand eller Inderste maa ikke indtages paa Eiendommen uden Jorddrottens Samtykke.

4) Erlegger han i aarlig afgift til Jorddrotten 12 – tolv – Kroner, der betales inden hver Jul, først gang i dette Aar under forhøielse med en fjerdepart.

5) Iøvrigt gjælder Lovgivningenes Bestemmelser om Leilendingsforholdet.»

Det kan verke underleg at også han var så opptatt av naustet, kvernhuset og seterhusa. Ei forklaring kan vere at dei ikkje tilhøyrde han på denne tida. Knut omkom på tragisk vis i 1902. «Søndmørsposten» kunne fortelle at han fall overbord frå ein dekksbåt utanfor Ålesund: «Ulykken skede, idet der skulde læggæs ind et Reb. Mændene stod herunder og la sig over Storseilbommen. Pludselig gik Skjødet løst, og Bommen tog de to Mænd overbord. En tredie havde nær gaaet samme Vei, men blev holdt igjen i sidste Øieblik.» Meldinga om drukningsulukka denne natta vart trykt i fleire aviser.

I 1867 vart kårbrevet til mora, Karen tinglest. Av tenestefolk i 1865 kan nemnast Peter Bastian Johan Larsen Jarnes(7) (f.1886) frå Sykkylven. Han var kjørslegut og er registrert i 1900-telliga og drog i april 1906 til Minnesota i USA. Han døydde ugift der kring 1907, og er gravlagd i Hoquiam. I den same tellinga finn me Anna Karlsd.Hatlemark(1) (1873-1956) Også ho kom frå Sykkylven,. Ho gifte seg i 1903 med Johan Tusvik(2)

Frå 1902 til 1943 var det Lars Karl Knudsen Emblemsvåg(1) (1872-1923) som var gardbrukaren i Emblemsvågen. Han hadde vore i Amerika mellom anna i 1895 og kjøpte att bruket. Han gifte seg i 1902 i Norddal kyrkje med pige Karen Marie Gregoriusd.Myren(219b) (1878 -1962). Dei fekk heile 10 born.

Eldstemann var Knut Georg (f.1903) Han er innskriven på Ellis Island 27. januar 1922. Eg veit enno ikkje kvar han vart av. Karoline Olea (1904-2000) gifte seg med Lars Kornelius Olsen Emblem(9) (1897-1952) frå Auregarden. Dei tok over farsbruket til Lars. Georg Oskar Lorentsen (1906-1969) tok over Knutgarden etter foreldra sine. Ragna Petra (1907-1984) vart nemnd hjå tanta, Anna Olivia på Hatlebakken, Emblem(3) i 1910-tellinga som pleiedotter. Ho gifte seg med Ole Johannes Helø (1904-1954). dei busette seg i Volda. Den femte i ungeflokken er Leo Castberg (1909-1979). Han gifte seg med Lisa Olivia Larsd. Akslen(4) (1914-2011) frå Høla. Dei fekk frådelt ei hustomt, Emblemsvåg(15), ovanfor gamletunet og bygde seg hus der. Søstera, Nella (f.1912) gifte seg med Thorstein Halvorsen. Nummer 7 var Solveig Tordis (f.1913). Ho var gift med Olav Sæthre. I 1916 kom Anna (1916-2007) til verda. Ho gifte seg i 1955 med Rasmus Oskarsen Støverstein (1918- 1980) frå Storsæter(1) på Skodje. Dei forpakta Borgund prestegard, og var busett på Vilhelmsplassen, Furmyr(9) i Breivika. Den nest yngste var Olga Marie (f.1918). Ho vart gift med Håvard Opheim.

Yngstemann, Peder Greg Emblemsvåg (1921-1989) var ein vidgjeten kar. Han drog til Shetland i 1941 og verva seg til motstandskamp under 2. verdskrigen. Det vert fortalt at han også vart trent til teneste i Kompani Linge, men det var nok helst som Milorgmann og medverka til oppbygginga av Milorg i Gudbrandsdalen. Han var med i milliære treffningar både i 1940 og våren 1945. Han fortsette med ei millitær karriere etter 1945 også. Han var mellom anna oberst og sjef for Brigade Nord. Han gifte seg med Tora og var sist busett på Elverum.

Lars fortalde i eit intervju kring 1925 til P. Stensager om funn av ei oval «bombe» i tre utanfor Ystebøen. Den var laga med tønnestavar og hadde ein tønnestav som lokk på omlag 22 tommar i breidda. Stensager fortalde vidare: «Den skal efter fortællingen være fundet i en røis på Ystebøen. Hans Bestefar arvet den. Hans forgjenger, antakelig faren, skulde ha fundet den med penger eller sølvsaker i. Der hadde før værert fattigdom, men efterat de hadde fundet bomben, blev det pludselig velstand i garen, og dette skulde da skyldes fundet av kisten og den skat den indeholdt.. Lars far var sikker på beretningens sandhet og holdt trofast på kisten.». Ole Knutsen Emblem, eller «Sjurs-Ole» fortalde i eit samtidig intervju med Stensager om at «En av mændene på Auregarden fandt en middagsykt et skrin med sølv i en røis utenfor Ystebøen. Han reiste til Bergen med det, men nogen rikdom vet ikke Ole av at der blev.» Desse historiene kan sjølvsagt vere sanne, og dei fekk Stensager til å undersøke meir. Det endte med ei arkeologisk utgraving og funn av fleire graver like utanfor husa på Ystebøen. Ingen av desse kan truleg ha samanheng med sølvet. Kanskje er det meir truleg at brukarane i Emblemsvågen fann verdiar i gravhaugane nede ved sjølve vågen. Slikt var i so fall plyndring av verdiar som tilhøyrde staten. Slikt finn ein fleire eksempel på i bygda vår, der funnstaden kan ha vorte endra, slik at det skulle verte vanskeligare å stille nokon for retten i ettertid. Det er i alle fall lite som kan tyde på at far til Lars hadde tilgong på slike verdiar. Far hans var rett nok frå Auregarden, men han var bygselsmann all sin dag. Alternativt kan det vere som i Sjurs-Ole si fortelling om at der vart funne noko, men at der ikkje vart noko rikdom derfrå. Det kan i so fall stemme med dei andre funna på Ystebøen, at dei var meir av praktisk art. «Sjurs-Ole fortalde også at far til «Vågs-Ingebrigt» skulle ha hatt eit spyd på over ei famn som var spiss i den eine enden. Det passar ogå med tida der dei første gravrøysene i sjølve Vågen vart utgravde og deretter jamna ut.

Om kvardagen i Knutgarden finst det eit nedskrive barndomsminne, signert Harriet Leithe i Ålesund. Far hennar kom opphaveleg frå ein av nabogardane i Emblemsvågen, og familien leigde seg inn som «landliggarar» hjå Karen om sommrane på 1920- og 1930-talet. Dei var to familiar som leigde seg inn i skuleferien for to månader. Dei betalte til saman 80 kroner for opphaldet. Dette var tidlegast frå 1924, etter at Karen vart enke. Inntekta var soleis kjærkomen for ei ti-borns mor. Minst halvparten var så små at dei truleg budde heime på denne tida. Dei flytte då ned i kjellaren og overlet resten av huset og stabburet til byfolket. Ho var ikkje den einaste i bygda eller Emblemsvågen som dreiv med dette. Det var ei særs populær ferieform for dei frå middelklassa som hadde råd til ferie. Mannfolka vart att i Ålesund for å jobbe, men kom innover i helgane. Ein veit at der var minst to familiar på bruket Sandane (Sandvik) litt nærare badeplassen på denne tida. Mest kvar einaste gard i bygda gjorde det same. Byfolket averterte i avisa etter plass i førstninga, men fortsette gjerne å leige med dei same fleire år på rad. Mange hadde slektsforbinding med bygda og frå 1934 byrja også Karen å selge hyttetomter. Fleire heiv seg på den nye trenden som etterkvart utkonkurrerte innlosjeringa.

Om hovudhuset fortalde Harriet at tre- og murveggar i huset var kvitmalte med breie vinduskarmar, fyllt med geranier i alle fargar. I kjellaren var det grue og ein svar komfyr. Der stod to vassbytter med vassause ved sidan av som alle drakk vatn frå, så der var nok ikkje innlag vatn på den tida. På veggane i kjellaren hang hyller med kapper på. Dei var fyllte med «rosete» koppar og fat. På golvet låg heimevevde filleryer og der var eit trekvitt langbord med tilhøyrande slagbenk. Ungane sov på stabburet om sommaren. Det var eit rom for gutar og eit for jentene. Utanfor kjelaren låg ei stor steinhelle som benk. Den var lagt slik at dryppande vatn frå torvtaket ikkje skulle nå mjølkespannene når dei stod til tørk. Der var også eit gjerde der dørslag og dørslag vart hengt til tørk. Det er ikkje nemnd om dette var stakittgjerde.Karen var ei triveleg dame med krølla hår og rull i nakken. Dei fekk tidleg lære seg å ikkje springa på attlegane der slåttegraset skulle få veksa seg høgt.

Kyrne beita som regel ved Emblemsanden i aust eller vest for tunet. Dei stod som regel ved grinda og venta på mjølking. Det kan verka som om dei ikkje setra i Knutgarden på den tida. Kanskje var det allereie nok beite og nydyrka slåttemark nede i bygda, eller kan hende var det for dyrt å drive seterhushald no som ho var enke. Mjølka skulle uansett fraktast til Ålesund med båt frå dampskipskaia i Emblemsvågen og byfolket skulle ha sine rasjonar med mjølk for 10 øre literen. Sjølv byfolket laga «rjomekolle» i store brune fat. Den vart eten etter tur med skei rett frå lagringsfatet. Når kyrne var kalvtunge måtte dei oftare hentast ute i Løkane eller Brendhaugane. Det vart fortalt at der var ei hulder i furuskogen, som ongane var redde for då haustmyrkret kom. Der var også eit troll på Langhaugane i nærleiken av staden der fabrikken til Spilka ligg i våre dagar.

I 1943 tok sonen Georg Oskar Larsen Emblemsvåg(1) (1906-1969) over farsbruket. Han gifte seg med Lovise Kristiane Olea Pedersdotter Flåen (1910 -1997) frå Stordalen. Han vart ein av pionerane i Emblem Idrettslag, og truleg ei viktig årsak til at laget fekk leige plass til fotballbane på Emblemsanden dei første åra. Han overtala mor si til å leige ut ei bot omlag der dagens strandvolleyballbaner ligg. Då hadde laget arbeid ei god stund med å få seg ein stad å spele kampane sine. I likheit med dei fleste andre småbrukarane på Emblem var også Georg ansatt i arbeid for Borgund Kommune etter krigen. Han omkom i ei ulukke, då ei grøft rasa saman over han.

Georg og Lovise fekk borna Lars Karsten (f.1940) og Marit (1943-1990). Ho er gravlagd på Hatlehol. Medan Lars tok over bruket etter far sin. I hans tid vart bruket lagd ned og seld til søskenbornet og naboen, Hallvard Emblemsvåg i 2005. Då var hovudhuset frådelt.

Dagens grunneigar er Hallvard f.1950. Han er framleis busett på den fråskilde hustomta,Emblemsvåg(15), som faren, Leo Castberg Emblemsvåg (1909-1979) fekk frådelt. Han er yngst i ein ungeflokk på tre. Søskena er Liv Karin (1942-1998), gift med Kåre Bjørdal og tidlegare busett like ved, og Øyvind Emblemsvåg (f.1944), busett i Alta. Mora er Lisa Olivia Larsd. Akslen(4) (1914-2011), som kom frå Høla. Hallvard er gift med Herdis Einarsd. Blindheim(3) (f.1951). Begge er særs aktive i Emblem Indremisjon, og Hallvard var også fleire år ansvarleg for ungdomsarbeidet med mellom anna In*Puls på Emblem Bedehus. Han driv sitt eige fysikalsk senter på Blindheim. Dei har 4 born. Det er Jo Einar (f.1976), Dag-Leo (f. 1977), som gifte seg i 2011 med Karianne, Margrethe (f. 1980) busett i Ålesund, og til slutt Helga (f. 1982) som er aller yngst. Ho er busett i Oslo. Det er artig at Hallvard framleis held i hevd gamle tradisjonar med mellom anna litt hesjing for moro skuld. Det er det ikkje så mange som kan lenger.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Trygve Krohn | Svar 10.01.2016 16.25

Dette er interresant.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.12 | 22:33

Veldig trivelig lesing, takk! Knut Salvesen Tjugen var onkel til min tipoldefar.

...
17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE