KVA HEITER ELVANE OG GROVANE I BYGDA

Demninga og Langevatnet ein gong før 1923. Fotografen er ukjend og dagens bileteigar er Aalesunds Museum med referansen ÅM-95001.02375. Det vart opphaveleg publisert på s. 306 i Aalesunds Historie 1 av Kristian Bugge i kapittelet om vassforsyninga i Ålesund.  Dette var det til då dyraste prosjektet til Aalesund bykommune før 1902. Digital-kopien er også publisert på Digitalt Museum på nett.
Demninga og Langevatnet ein gong før 1923. Fotografen er ukjend og dagens bileteigar er Aalesunds Museum med referansen ÅM-95001.02375. Det vart opphaveleg publisert på s. 306 i Aalesunds Historie 1 av Kristian Bugge i kapittelet om vassforsyninga i Ålesund. Dette var det til då dyraste prosjektet til Aalesund bykommune før 1902. Digital-kopien er også publisert på Digitalt Museum på nett.
Parti av Eiteråna oppe i Magerholmdalen sommaren 2013. Det er ikkje akkurat ei stor elv. Foto: Svein Ove Østrem
Parti av Eiteråna oppe i Magerholmdalen sommaren 2013. Det er ikkje akkurat ei stor elv. Foto: Svein Ove Østrem
Storelva eller Østremselva. Det er i alle fall fint der om sommaren. Biletet er tatt litt ovanfor den gamle kvelvingsbrua i stein på Østrem
Storelva eller Østremselva. Det er i alle fall fint der om sommaren. Biletet er tatt litt ovanfor den gamle kvelvingsbrua i stein på Østrem
Gammalt og nytt. Sementbrua vart bygd oppå den gamle trebrua, så brukara er nok temmeleg gamle. I våre dagar er den lite synleg for den som tek nyvegen opp Grønevollen. Ein gong gjekk brua over elva for den som skulle opp til sommarfjøsane frå garane på Nedregotten. Foto: Svein Ove Østrem. Det er altså framleis snakk om Storelva, eller Østremselva
Gammalt og nytt. Sementbrua vart bygd oppå den gamle trebrua, så brukara er nok temmeleg gamle. I våre dagar er den lite synleg for den som tek nyvegen opp Grønevollen. Ein gong gjekk brua over elva for den som skulle opp til sommarfjøsane frå garane på Nedregotten. Foto: Svein Ove Østrem. Det er altså framleis snakk om Storelva, eller Østremselva

Underleg nok er det ikkje skrive noko om dei ulike elvane og grovene i Emblemsbygda. Eg har difor tatt fatt på dette arbeidet, i håp om å få hjelp og nyttige innspel frå dykk som les denne vesle teksten. Det er meiniga å oppdatere den etterkvart som nye opplysningar kjem fram. Det finst ei rekke småelvar og grover i bygda vår. For å skillje dei to begrepa, så har eg vald å halde meg til følgande enkle definisjonar.

Ei «grov» vert ofte nytta om ein liten bekk som ikkje har noko synleg utgangspunkt i eit vatn. Den stammar frå eit oppkome, ei myr eller underjordisk vassreservoar. Ei «elv» er som regel større og har utgangspunkt i eit vatn. Desse definisjonane er først og fremst mine eigne, for det er ikkje like enkelt i verkelegheita. Me vil også møte på eit problem i forbindelse med Eiteårna i Magerholmdalen. Målet med denne teksten har ikkje vore å definere dei ulike vasskjeldene, men derimot å finne fram til dei lokale namna. Eg vil soleis starte med å skrive om grovene, før eg byrjar på elvane. Eg har også skrive om dei i den rekkefølga dei har frå aust til vest i Emblemsbygda.

1) Grovene:

Sirigrova

Eg har vore vand med å seie Sirielva, men det korrekte namnet er «Sirigrova». Som tidlegare nemnd er grov ei småelv utan opphav frå noko vatn. Den stammar truleg frå eit oppkome i nærleiken av Koppen like nord for Stornakken. Her er det i alle fall vassig og små myrhøler der hjorten trivst godt. Lenger nede har Abrahamsgarden brønn og sjølv om grova ikkje er av dei største, så har den vore til god nytte for gardane ikring. På Reiten har den tidlegare gjeve kraft til saga i flaumtider, og truleg meir enn det også. I Steinsgarden på Austrem hadde dei ein fossekall nede i Sirigrova som var kobla til band som gjekk heilt opp på låven. Naboguten Alfred Østrem skal ha fortalt at den gongen han var gutonge i Abrahamsgarden, så hadde dei ein del moro med dette bandet. I austveggen på låven var det skore små hol til banda som vart festa til truskemaskina. Når den vart stogga, så stoppa også bandet å gå. I ein slik pause festa gutefantane ein lang hesjestaur på tvers i dette bandet. Når truskemaskina så var sett i gong igjen, så tok det ikkje lange stunda før stauren small i løveggen og kjipte dei på innsida. Dette var nok i Knut Østrem si tid som brukar.

Eg skal ikkje seie for sikkert at det ikkje har vore noko kvenn i Sirigrova i det heile, men dei eg kjenner til har berre stått i Storelva. På den andre sida så har den vore ei trygg vasskjelde. Mauritz Akslen frå Høla skreiv i si tid at den gongen han var born, kring 1920, så gjekk dei dit for å hente vatn når den næraste bekken var tom. Dette var som regel som følge av frost og kulde. Sirigrova passerar dagens hovudveg omlag der som undergongen og bilvegen ned til Løvika går i våre dagar. Grova renn ut i fjorden like aust for Steffånaustet i Østremsvika. Det er der som mellom anna Østremsgardane har nausta sine.

Litlegrova

Denne vesle grova stammar ikkje frå noko vatn. Kan hende er det snakk om eit eller fleire oppkome i fjellsida ovanfor Legane like vest for Rotanakken. Det er også mogeleg at det er vasom har vorte samla til ei småelv i heimeutmarka mellom Solvang og Fursetgarden. Grova kjem ned aust for tunet i Fursetgarden, forsett nedover markane som ein gong låg midt på stykket til Jakobgarden. Den rundar det øvste vestlege hjørnet av kunstgrasbana på Ebbemyra, passerar Ebbegardstunet før den renn omtrent inntil vestveggen av bygget som ein gong husa Emblem S-Lag og renn ut i Storelva før Fossheim og Trollfossen. Namnet finn ein mellom anna i Bygselskontrakta til Johan Elias Nikolai Nilsen Emblem si bygselskontrakt på Jakobgarden i 1871 og ved utskiftinga av heimeutmarka frå 1930. I den første ble alt korrekt skrevet i formelle termer. Namnet ble derfor «Lillegroven», medan det i utskiftingsdokumenta vart nytta folkeleg uttale og difor «Litlegrova». Uttalen av dette namnet har truleg vore noko slik som «Isjlegrovå».Namnet har kome bort dei seinare åra på både kart og folkemunne. Ingen som eg har snakka med hadde høyrt om noko namn på denne grova. Det er difor på tide at me byrjar å nytte namnet igjen.

Meierigrova?

Om noko slikt namn har vorte nytta, så har namnet hatt temmeleg kort historisk varigheit. Smørmeieriet på Emblem vart bygd på 1890-talet og nedlagd i 1906. Grunnen til at eg undrar meg på om nokon kunstig grov kan ha hatt eit slikt namn er at eg veit at ein laga fleire slike namn på Emblem. Ovanfor Skillingen låg det i si tid ein dam som vart nytta av emblemsborna til å gå på skeisser godt inn på 1900-talet. Det var truleg ein kunstig dam som vart kalla «Meieridammen» på folkemunne. Den vart seinare tørrlagd og dyrka opp av Ebbe-Elias. Vest for Ebbegarden, der meieriet ein gong låg, har eit myrlendt område fått namnet «Meierimyra». Det kan difor vera grunn til å tru at den kunstige grova som gjekk frå Meieridammen mot Røssevollelva kan ha fått namnet Meierigrova. Var den derimot lagd i rør, så har det kanskje ikkje vore noko grovnamn i det heile.

Emblemsvågsgrova?

Der er ei lita grov som byrjar ferda si ovanfor Auregarden, aust for Ystebøen. Det er mogeleg at dette er samme grova som også renn austover mot meieridammen og Røssevollelva like ovanfor Auregarden og Steffågarden. Problemet er at eg ikkje har funne noko namn på denne grova enno. Det er mogeleg at den har hatt eit praktisk namn etter ein nærliggande gard slik som Sirigrova (frå Sirigarden på Nedregotten) På den andre sida så har nabogrovene fått namn som Ystegrova og Litlegrova. Kan det vera at denne har hatt ein liknande eigenskap eller plassering? I så fall kan mellomstegrova ha vore eit høveleg namn, men her trengst det nitidig leiting i gamle bygselskontrakter og skiftepapir før ein kan nærma seg eit fullgodt svar. Er det nokon som har eit svar eller forslag, så er det berre å ta kontakt. Grova renn forbi Auregarden og passerar Sjursgarden på vegen mot Emblemsvågen og Jaktevika der nausta stend i våre dagar. Kanskje kan den ha hatt eit namn som Emblemsvågsgrova også, men dette er berre spekulasjon frå mi side.

Ystegrova

Denne grova har eg ikkje att i noko dokument enno, men den har vorte nytta på folkemunne i nyare tid og kan vere eit gammalt namn. Den kjem frå ein stad kring Eikenosa og renn ut i Emblemsvågen. Her er det heller ikkje noko opphav frå eit vatn. Det er også mogeleg at namnet har samanheng med at Ystebøen er er den «yste» garden på matrikkelgarden Emblem. I så fall kan namnet stamma frå tida kring utskiftinga på Ystebøen i 1834. Det samme namnet kan også stemme for gardane på Røssevollen som i si tid vart flytta frå fellestunet på Emblem.

2) Elvane:

Eiteråna

Denne elva kan per tidlegare nemnd definisjon vere ei grov i staden for ei elv. Størrelsen på Eiteråna oppe i Magerholmdalen kan også høve til dette. Eg har likevel vald å sette den opp som elv, for den har tidlegare vorte omtala som nettopp det. Ei elv kan også ha eit opphav utan noko vatn, slik som Eiteråna. Eg undrar meg på om oppkoma der elva tek til kan stamme frå Svartevatnet, men der er sjølvsagt mange andre mogelegheiter. Elva har del i ei artig lita historie frå den gongen Lars Flydal var lærar på Emblem Skule. Det var eksamen i geografi på folkeskulen, og ein av lærarane frå dei tilgrensande skulane skulle vere sensor medan Lars skulle stå for utspøringa. Slike eksamenar var ikkje noko som elevane tok lett på i dei dagar. Nervøsiteten var til å ta og kjenne på og når motet svikta, så kunne elevar verte ståande fast på sjølv sjølv dei enklaste spørsmåla. I dette tilfellet gjaldt spørsmålet namn på elvar i Norge. Karl O. Emblem frå Steffågarden fortalde den på følgande måte i si tid:

«Han visste at det var ei elv sør i Norge som hadde omtrent same navn som ei av elvane her i bygda - Sira (Sirielva) - men så var han snar og brende til: Eitråna! Ein flink gut forresten. Det røynte nokså hardt på nervane åt ungane å skulle vere oppe til desse prøvene. Enkelte fekk ikkje virkeleg vise kva dei var gode for. Me var alle sammen då. Men me var nå framskula då, dei fleste var då ferdige med si skulegang, berre sjeldan at noken gjekk vidare på andre skular.»

Storelva

er det namnet som eg er vand med å bruke på elva som kjem frå Setrevatnet og Melsvatnet. Den renn nedover ved Grønevollen og svingar vestover mot Emblem Skule før den renn vidare nedover via Trollfossen til Hatlebakken (Kaldhusgarden) og renn ut i fjorden på Emblemsanden. Dette er den største elva i bygda og det er truleg størrelsen som har gjeve elva dette namnet, som også er registrert på moderne kart i våre dagar, men eg kan ikkje finne hald i at dette namnet har vorte nytta i tidlegare tider. Eg vil tru at den har hatt eit anna namn og truleg fleire óg. Eg skal gjere nærare opplysningar om desse namna lenger ned i denne teksten.

Østremselva

Østremselvens vassdrag vert nytta i ei kontrakt som vart underskriven den 12. juni i 1917. Grunneigarane selde då fallretten til ein Kaptein Hamre. Kontrakta gav kjøparen rett til å utnytte både elva, tilstøtande elvar og vatn til oppdemming og produksjon av elektrisk straum. Det vart som kjend ikkje noko av denne utbygginga fordi ein valde å satse stort i Tafjordfjella i staden. Men namnet har truleg vorte nytta av i alle fall brukarane på Østrem og Nedregotten, og eg vil tru at namnet Østremselva vart nytta i resten av bygda også kring 1900. Det er mogeleg at brukarane hadde nytta namnet i sin barndom også, og då kan Østremselva ha vorte nytta lenger attende i tid.

Det er mogeleg at elvanamna kan ha tilpassa seg kva gard dei passerte. Det er i alle fall hald for denne påstanden i dette tilfellet. Det er også mogeleg at Den ein gong har heitt Østremselva heile vegen, for ved enden på elva nede i Kriken hadde Østremsgardane også ein opplagsplass for tømmer og enden på tømmerløypa si i eldre tid. Hatlebakken er ein nyare gard som vart sett saman av mark frå fleire gardar. På den tida tømmerløypa var i drift på 1600-talet, var Nedregotten ein del av Østremsgardane. Østrem hadde då grense mot denne elva heilt til sjøen. Det er difor mogeleg at den har heitt Østremselva, eller kanskje Østrimbselva i stil med danske varierande skrivemåtar på denne tida.

Emblemselva

Namnet dukkar opp i forbindelse med eit dokument frå 1932, der grunneigarane i Hatlebakken og Løvika skreiv under på ei kontrakt der dei godtok nedtapping av elva. Årsaka er truleg bygging av Røssevolldemninga og røyrleidningar. Namnet er kun nytta i forbindelse med desse to gardstuna og det er mogeleg at Østremselva skifta namn når den kom inn på emblemsgardane og Nedregotten sine områder. Kor lenge nmnet har vorte nytta er eg enno usikker på.

Røssevollelva

Kan ha samme opphav som Emblemselva og Østremselva ved at den får namnet frå garden den passerar. Det er også mogeleg at elva har fått dette namnet i nyare tid, men sidan dette namnet er med på dei dei offisielle gardskarta, så kan det ha eit eldre opphav. Namnet på elva kan ha skifta kring garden Elverum eller Trollfossen til Emblemselva som er nemnd ovanfor.