EMBLEMSBYGDARAR OG DEI FØRSTE BANKSKØYTENE 1860-1900

Bankskøyter i Brosundet. Foto: Margrethe Svendsen (fotograf frå 1890-1907)
Bankskøyter i Brosundet. Foto: Margrethe Svendsen (fotograf frå 1890-1907)

Den unge byen Ålesund har mykje å takke fiskeria på sunnmøre for. Utan fisken hadde det ikkje vore særleg stort behov for ein kjøpstad der ute i havgapet kring midten av 1800-talet. Storegga er ein av dei velkjende fiskebankane, vel 7 mil utanfor kysten. Der fell sjøbotnen brått frå 100-200 meter nedover mot djupner på omlag 900 meter. Det er særleg lange, kveite og brosme som trivst godt i store mengder. Vårtorskefisket i Borgundfjorden var noko av det som gav sunnmøringane litt ekstra kontantar å rutte med. Fram mot slutten av 1800-talet var det stort sett sjølvbergingstanken som var gjeldande i jordbruket. Ein forsøkte å anten dyrke, fiske eller lage sjølv det ein trong. Med omlegginga til pengehushaldning satsa fleire på å dyrka meir av det som anten vaks godt eller dei fekk god avsetning på og selje overskotet slik at ein fekk pengar til å skaffe seg resten. Produkta kunne variere ut frå kor langt ein budde frå næraste by. For den som budde nær bystrok, var fersk mjølk og kjøt noko som gav litt ekstra forteneste. Fisket var ei annan viktig inntektskjelde. I fyrstninga nytta bøndene dei opne robåtane dei hadde, men etterkvart vart det vanlegare å leige seg plass på ein større båt, eller ta hyre. Det var gjerne øyafolket som hadde slike storbåtar, og ved kyndelsmesse søkte dei etter folk til å bemanne desse. Frå 1850 vart det stadig vanlegare å fiske utanfor djupet «på bankane». Ein Romsdaling skal ha fortalt at det vart reine utvandringa av alt karfolket som skulle på «auksjonen» i Ålesund. Desse kom helst frå vårt eige fylke og gjerne frå indre strok. Dei tok seg arbeid som rorskarar, tranbrennarar eller fiskeflekkarar. Med på lasset følgde ungjentene for å koke maten, eller bearbeide fangsten. Med desse båtane gjekk ein utover i 4-5 tida og kom heim til kysten når natta fall på. Vårtorskefisket varde til marimesse, før ein roa ned fram mot sommarfisket ute på Storegga. Dette «utrorsfisket» varde fram mot slåtten kring jonsok. Var ein uheldig på vinterfisket og mangla eigen gard, så var storeggafisket ei naudsynt inntekt.

Mot slutten av 1800-talet kom «revolusjonen» med overbygde bankskøyter berekna på heilårsfiske. Med desse kunne ein overnatte på fiskefelta. Utover byrjinga av 1900-talet vart soleis utrorsfiske meir ein heildagsjobb for spesialistar. Det hadde skapt oppstyr då dei første overbygde fartya kom frå Sverige kring 1861, men snart hadde sunnnmøringane tatt etter. Ei slik bankskøyte hadde gjerne minst to master og var seglfarty med ein glansperiode dei siste 40 åra på 1800-talet. Sjølv om mange av emblemsbygdarane framleis var med på fiske, så fall stadig fleire av dei opphavelege notlaga på bygdene vekk. Det var rett og slett ikkje behov for dei. Der fant framleis opne storbåtar på Emblem etter 1900, men då tok ein også til å kjøpe dyre motorkuttarar. Slike båtkjøp var ikkje noko for folk flest. Nokre av dei som vart med på denne nyvinninga med bankskøyter på slutten av 1800-talet kom frå Emblem, eller hadde etternamnet og røtene sine der. I teksten nedanfor har eg samla opplysningar om nokre av desse. Opplysningane om båt og mannskap er det Knut Måseide som har samla inn (sjå kjelderegisteret), medan eg har forsøkt å finne dei at i ein meir slektshistorisk samanheng.

TORDENSKJOLD var ein slupp-galeas med lasteevne på 7,0 kl. Kl. står for rommålet «kommerselester». 7,0 tilsvarar 7 x 12 tønner. Det var altså plass til 84 tønner ombord. Båten vart bygd i 1860, men byggestaden er enno ukjend. Den første reiaren var L. Watøe, før O. Røssevold tok over ein gong før 1870. I 1864 vart båten registrert med samla fangst på 27 405 vog lange, 3288 vog brosme, 76 vog torsk, 75 vog kveite, 269 tønner med lever og 60 tønner med rogn. Den samla verdien var på ca 12710 Speciedalar.1 Begge var kanskje også kapteinar til kvar si tid. Frå registera finn ein i 1862 eit målebrev datert 9.8.1860 og Storegga. I 1864 er O.R. Oppførd som eigar medan L. Watøe var kaptein frå 1860-66 og O. Røssevold frå 1870-1876. I 1876 er båten sist registrert. Kven denne Røssevold var, skal eg ikkje seie for sikkert. Det er også mogeleg at kaptein O. Røssevold og reiaren O. Røssevold kan vera to ulike personar. Der fanst i alle fall ein Ole Tidemandsen Røssevold som vart fødd i Hansgarden på Røssevold, og var handelsborgar i Ålesund. I 1883 budde han i «Maler Olsens Gaard ved Kirken» Dette året var sonen Lauritz Johan Andreas Røssevold konfirmant. Ein kan ikkje sjå heilt bort frå mogelegheita for at Det er den same Lauritz som seinare vart eigar av skøyta «Pauline» (i neste avsnitt). Eg kan ikkje finne at handelsmannen Ole var fiskar eller skipper på noko tidspunkt, men midlar til å kjøpe ein Slupp-galeas hadde han sikkert. Det er også mogeleg at han var bevisst på å nytte handelsborgar-tittelen i staden for kaptein, men eg held det for litt lite sansynleg at han var meir enn kun eigar. I Tykjegarden på Røssevollen finn me ein annan kandidat, som heitte Ole Mathias Jensen Røssevold (f. 1843) Han var femte generasjon på bruket og skulle etter kvart ta over der. Han tok over bruket i 1866, så det er mogeleg at han ikkje var så mykje på fiske. På den andre sida så var dette tidsbegrensa fiske og brukarane på Røssevollen har i mannsaldrar dreve med fiske. Kort sagt så er det ikkje like lett å vite heilt sikkert kven dette var, eller om det var den same mannen, men tilknytninga til Emblemsbygda er det lite tvil om.

PAULINE var ei skøyte, registrert i Ålesund. Lasteevna og byggeåret er ukjend, men eigaren var Lauritz Røssevold. Ein finn den i panteregisteret i 1902. Her er det fleire mogelegheiter. Der finst ein registrert ungkar og «sømand» som heitte Laurits Hansen Røssevold og vart fødd i 1854, men det er nok mest sannsynleg snakk om Hans Laurits Hansen Røssevold i Ålesund. Han vart fødd i 1862 og vaks opp på Røssevolden, som son av Hans B Tidemandsen Røssevold og Marte Mattisdotter Østrem i Hansgarden. Hans Laurits finst det mange registreringar på i vaksen alder som fiskar busatt i Ålesund. Det er den samme Hans Laurits som var skipper i 1902, og det er interessant å merke seg at ein av fadderane i dåpen til dottera Marie i 1887 er Jakob Storhaug. Han skal eg kome attende til. Han var gift med Berit Anne Petersdotter Vaage (f.1862). Då dei gifte seg den 27.9 i 1887 var den same fiskeren Jakob Storhaug trulovar. Dei budde i 1900 i Røysegata. Dette året hadde dei 4 born som budde heime. Jenny var 10 år og eldst, Peder var 9 år, Borghild 3 år og Solveig berre eit halvt år. Eg skal ikkje sei at eg er hundre prosent sikker på at dette er rett person, men det er meir enn sannsynleg at Hans Laurits er den rette.

NORNEN var heimehøyrande i Ålesund og hadde ei lastevekt på 10 registertonn. Meir veit ein ikkje, men Johan Nedregotten var skipper under skreifisket i 1899. Dette er einaste registrering. Her er eg heller ikkje heilt sikker på kven det kan vere. Ei mogelegheit er Johan Olsen Nedregotten (f. ca 1863) frå Steffågarden på Emblem, men han finn eg att som gardbrukar i Honningdalen på Glomset i 1910. Det andre alternativet er Johan Laurits Marius Karlsen Nedregotten (f.1868-1939) frå Elvemyr, bruksnummer 4 under Nedregotten. Det er grunn til å tru at det kan ha vore den siste av dei. Han fortsatte i alle fall som sjømann og kaptein etter 1900, og fiskar i 1910. På denne tida budde han på Evemyr saman med den fyrste kona si, Elise Henriksdotter (1877-1913) frå Klombreholm i Herøy, og dottera Karoline som vart fødd i september det året. I 1915 var Johan framleis registrert som fiskar og gardbrukar. Han gifte seg for andre gong med Oline Marie Rasmussdotter Akslen (f. 1879)

NYEGGEN av Ålesund hadde ei lastevekt på 34 registertonn og vart bygd i Ålesund kring 1880 hos Hammeraas i Steinvågen. Emil F. Rasmussen var reiar. Båten deltok på Skreifisket 1893-98. Blant skipperane var Ole Emblemsvaag. Nyeggen forliste 16. februar 1907 ved Bud på vei til Lofoten med salt og tomtønner. Dette var altså ei storskøyte på kring 55 fot. Eg vil tru at denne Ole er Ole A. Emblemsvaag, fødd kring 1855 i Borgund. I 1900 var han busatt i eige våningshus i Kirkegata i Ålesund , var gift med den 4 år yngre Karoline. Saman hadde dei dottera Olivie Emblemsvåg (f. 1882) Dette året står det at han var vognmann. I 1910 finne eg ein Ole Emblemsvåg som er fiskar, fødd i 1855 og busatt i våningshus i Kirkegata 11. Han var no enkemann og budde saman med dottera Oline (g. Torholm), som vart fødd i 1882. Dette vart litt for mange tilfeldegheiter til at det kan vere to ulike personar. Han var altså ei tid vognmann, men stort sett anten fiskar eller kaptein. Svigersonen Ole Torholm var også på sjøen og maskinist på fiskebåt.

I 1890 miste Ole sonen Anton Marius Kristian Emblemsvåg, som vart gravlagd berre fire år før sin eigen treårsdag. Her nytta han namnet Antonussen. I 1895 var han fadder og då var han også «Kjører» medan han i dei andre registreringane mellom 1885 og 1910 var fiskar. Foreldra til Ole heitte Antonius Johansen Emblemsvåg (1825-1920) frå Spjelkavikneset og Maren B. Larsdotter Emblemsvaag (1826-1889) frå Nedregård i spjelkavika. Dei leigde først garden av faren til Maren, som kjøpte garden i 1841 utan å drive den sjølv. I 1870 fekk dei kjøpe bruket for 350 Riksdalar og det er altså etter Antonius, far til Ole at «Antonesgaren», bruksnummer 5 i Emblemsvågen fekk namnet sitt. Ole var ikkje odelson på garden og det kan vera årsaka til at han trong finna seg eit anna arbeide. Det er likevel ei litt betre forklaring att faren dreiv bruket heilt til 1886, og då var Ole i meir enn gifteklar alder. Det vart difor yngstesøstera, Karen (1859-1897) og svogeren Sevrin Rasmussen Kvalen (1856-1952) frå Sande som tok over bruket på Emblem.

NORDEGGEN var også ei storskøyte. Ho var heimehøyrande på Hareid og seinare Ålesund fra 1883. 32 registertonn. Den vart bygd som bankskøyte i 1879 på Vestnes. Reiarane var frå begynnelsen av Ole Teigene m/fl. Frå 1883 tok Emil F. Rasmussen over. Det var Hammeraas som bygde båten til skreifisket. Nordeggen vart mellom anna ført av Ole Emblemsvaag, Ole Flaathe, Johan P. Skarbakk og Kolbein Kvitnes i tidsrommet 1893-1899. Den ble solgt til Kr. sund i 1898? og ombygd til Ingrid G. På Kyrkjesæterøra i 1940. Emil hadde også ein skonnert frå 1882. Ole kom frå Antonesgaren i Emblemsvågen. Les meir om han i teksten om «Nyeggen» i kapittelet ovanfor. Ole Teigene kan vere Ole Johannes Tobias Johanneson Teigene (1846-1916). Far til Ole kom frå Lassegarden på Sula, så han var søskenbornet til Sjurs-Ole i Sjursgarden på Emblem. Onkelen, Knut var nemleg inngift til Sjursgarden med enka Andrine Arnesdotter Embem (1799-1862), fødd Nedregotten på garden Skaret. Ole var også medeigar i ei guanomølle. I 1902 skatta han 2150 kroner og betalte 291 kroner i byskatt. Han hadde då ei registrert formue på 2000 kroner attåt garden og andre eigedomar.

MOFAT av Ålesund på 18 registertonn har ukjent opphav og alder, men på skreifiske fra 1897-99 vart båten ført av mo.a. Nils Aursnes og Johan Storhaug. Eg finn ikkje Johan i forbindelse med Emblem og Storhaugen, men eg kan heller ikkje avvise denne vesle hypotesa enno.

HENNY av Ålesund var på 18 registeretonn, bygd hos Liaaen i Ålesund i 1887. Reiaren var Peter Meldahl og «Henny» deltok på skreifiske i perioden 1893 til 1899. Ein av førerene var Elias L. Nedregotten (1873-1956). Han kom frå Steffågarden på Nedregotten og var lenge ungkar. Mora, Johanne Steffensdotter Nedregotten (1839-1924) var oppvaksen på denne garden, medan faren Lars Einarsen Nedregotten (1834-1915) kom frå Bjørge. I 1900-tellinga var borna Elias, Ole og Lars og Anna heimeverande og ugifte. Elias var den eldste og 27 år, medan Ole var tre år yngre, Lars 5 år yngre og Anna kun 19 år. Ho arbeidde på garden, medan brørne var fiskarar alle saman. I 1900 vart Elias også folketelt ombord på «Henny». Han var då skipper medan Thomas Blindem (f. 1872) frå Haram og Jakob Volden (f. 1978) frå Volda var mannskap I den same tellinga var «Drektighet» på 19 registertonn. I 1910-tellinga er han framleis registrert i Steffågarden, men no var han «Husfader», gift med Kristina Petersdotter Åkre (1881-1945). Dei hadde tre born. Den eldste var Lars (f. 1905), Klara (f. 1907) og Per, som vart fødd i 30.12.1908 og tok over garden. I følge bygdeboka skal han ha kjøpt bruket frå faren i 1911. Det var han som bygde løa som framleis står på garden per desember 2013, men som skal rivast. Der finst óg ei registering i 1901 på ein fadder med same namn og arbeid som fyrbøter, men eg er ikkje sikker på om det er den same.

FORSØG, av Ålesund, var ein slupp på 18 registeretonn. Båten vart bygd ved Rosendahl verft i 1893 og ått av Jacob Storhaug. Bygda av Skaaluren og deltok først på torskefiske 1894-99 Den vog 30 bruttotonn og ført av Storhaug sjølv pluss knud Hanken. Denne Jakob kan ha forbinding med Storhaugslekta på Emblem, men eg kan ikkje seie det heilt sikkert enno. Han var i alle fall på besøk på Røssevollen, for han var ven med Hans Laurits Hansen Røssevold frå Hansgarden. Jakob var både fadder til Marie Røssevold of trulovaren til Hans Laurits. Du kan sjå meir om Hans Laurits lenger oppe i teksten som omhandlar båten «Pauline».

FISKERJENTEN var ein slupp registrert i Ålesund og eigd av Andreas Olaus Kristoffer Olsen Emblem i 1895. Meir veit ein ikkje om båten. Andreas er truleg den same Andreas Olsen Emblem (f. 1854) som vart registrert i 1885-tellinga i Ålesund. Gatenamnet er ikkje med, men han var huseigar og sjømann. I tellinga var han registrert som «Hovedsageligst Fisker». Andreas var gift med Gurine Andersdatter frå Ørsta (1849) som hadde eit barn frå før. (Johan Absalonsen, født i 1872) Dei hadde også tre born saman på denne tida. Dette var Agnes (f. 1880), Ole (f. 1882) og Ragna som vart fødd det same året som tellinga vart halde. Familien budde i første etasje og hadde ein losjerande sjømann frå Sverige i tillegg til ein Kristian Olsen Emblem, som kan vere Andreas sin yngre bror. Det einaste som ikkje stemmer ved første augekast er at Kristian vart fødd i ålesund, medan Andreas vart registert i Borgund. Kristian vart fødd i 1865 og sjømann han óg. Dette kan stemme godt overeins, for i 1865-tellinga finn eg Andreas og Kristian att som brødre og busatt i Ålesund. Faren Ole Elias Olsen Emblem var då 48 år og Agneta 38. Begge skal ha vorte fødd i Borgund. Ole var huseigar i byen, skipper og sjømann, men addressa utover bygardens nummer (124) har eg ikkje. Dei eldste borna var den tidlegare nemnde Andreas, i tillegg til Stina på 8 år og Caroline på 6 år. Desse vart fødd i Borgund, medan Fredrikke på 3 år vart fødd i Ålesund i likheit med Kristian på 1 år. Familien må derfor ha flytta frå Emblem ein stad mellom 1859 og 1862. Det budde ytterlegare 10 menneske i dette huset. Det var fire familiar og bestod av ein handelsborgar, to bøkkermeistrar og ein «Bryggemand» i tillegg til ein ugift bøkkersvend. I 1910-tellinga finn me att Andreas i Molovegen 1. Han var no registrert som «Kjentmand til Søs» med Tromsø som den mest trulege opphaldstaden under tellinga.

Det er skrive at han vart fødd den 8 september 1854 og at kona heitte Anna og kom frå Ørsta. Anna og den tidlegare nemnde Gurine er same person Ho heitte eigentleg Anna Gurine Andersdotter Velle. Ifølge vigselspapira så vart ho fødd 30.3.1848. Dei vart gift 23.10.1879 i Ålesund kirke. Yngstesonen, Ole er no regitrert som fødd 10. juni i 1884. Han var den einaste sonen som budde heime. Ole var ugift og framleis buande heime. Han livnærte seg som stymann. Eg vil tru at Faren til Andreas kom frå Negarden. Det er truleg Andreas som er registrert som «Opfostringsgut» på 12 år hjå besteforeldra Nille K. Ingebrigtsdotter og Ole Olsen, som var kårfolk på denne garden og 76 år gamle i 1865-tellinga. I kyrkjeboka vart mellom anna bakaren O.O. Emblem nemnd som trulovar. Det er Ole Olsen, som også kom frå Negarden. Eg finn heller ingen andre på Emblem som kan passe. Andreas vart altså 2. generasjons emblemar.

EMILIE var frå Ålesund, men av ukjend type. Lastevekta var på 17 registeretonn og dreiv skreifiske frå 1893-1899. Kapteinane ombord var mellom anna Bernt Sunde, Lars Haram, Ole Haavold, Joachim Larsgaard og Nils Emblem. Reiaren er enno ukjend. Nils Emblem finn eg att som fiskar på Skjong, gardsnummer 186 bruksnummer 1 på Giske. Han var framleis fiskar og stemmer datoen i folketellinga, så kan han ha vorte fødd 13. juni 1864. Kona, Karen Larsdotter (f. 13. oktober 1865) er frå Giske og det er mogeleg at ho er søstera til Hans Larsen Skjong som var sølveigar og fiskar på denne garden. Til saman var dei då 16 registerte på bruket, så her må det ha vore minst to hus. Hans hadde også ti heimeverande born på garden, så dei trong nok ekstra hjelp, sjølv av dei vaksne ungane sine. Nils hadde på denne tida ei dotter på fem år, som heitte Aasta. Ho bodde også på garden. Nils var altså både fiskar og skipper. Emilie var heller ikkje den einaste båten han førde på fiskebankane. Eg finn ingen registreringar i folketellingane der han nyttar farsnamnet. Derimot finn eg ein trulovar som heitte Nils Emblem og var skipper den 24.11.1901. Det var Berthe Jensine Emblem som gifte seg med Peder Olaus Martinus Ekrem i Ålesund kirke det året. Ho vart fødd i 1873 og er difor eldre enn Nils. Brura sin far heitte Johan Nilsen Emblem og kan soleis vera far til Nils óg. Dette stemmer godt overeins med ein tekst som eg tidligerar skreiv om Ebbegarden på Emblem. Der finst det ein Nils B. Johansen på to år i 1865. Denne Nils hadde også ei søster som heitte Berthe og han flytta også til Giske, etter å ha hatt mellombels bustad i Ålesund. Nils vart altså ein førstegenerasjons emblemar. Ebbegardsfolket dreiv ein god del med fiske som attåtnæring og Fredrik Emblem fortalde i 2013 at dei skal ha hatt eige ishus på garden også. Isen vart henta frå elva og myra ved huset. Ebbegardsbåten var også ein av dei største i bygda etter 1900.

DAGNY kom frå Ålesund. Lastevekta var på 19 registeretonn og ho var registrert på skreifiske i perioden 1893-1899. Johan Honningdal og Nils Emblem var to av skipperane i denne perioden. Han kom frå Ebbegarden. (sjekk teksten om båten Emilie ovanfor).

ASPØ var ein slupp-galeas frå Ålesund som opphaveleg vart bygd i Yarmouth i England i 1880. lastevekta kunne komme heilt opp i 42 registeretonn. I 1891 vart båten kjøpt frå England under namnet «Edith Mary» og reiaren frå 1895 var Johan Westvig. Båten var med på skreifisket frå 1893-1899 og kapteinane var mellom anne Ole Emblemsvog, Jakob Bøe, Nils Øien og Laurits Rødseth. I 1898 vart båten seld til G. Robertson i Hammerfest. Eg vil tru at denne Ole er Ole A. Emblemsvaag, fødd kring 1855 i Borgund. I 1900 var han busatt i eige våningshus i Kirkegata i Ålesund , var gift med den 4 år yngre Karoline. Saman hadde dei dottera Olivie Emblemsvåg (f. 1882) Dette året står det at han var vognmann. I 1910 finne eg ein Ole Emblemsvåg som er fiskar, fødd i 1855 og busatt i våningshus i Kirkegata 11. Han var no enkemann og budde saman med dottera Oline (g. Torholm), som vart fødd i 1882. Dette vart litt for mange tilfeldegheiter til at det kan vere to ulike personar. Han var altså ei tid vognmann, men stort sett anten fiskar eller kaptein. Svigersonen Ole Torholm var også på sjøen og maskinist på fiskebåt.

I 1890 miste Ole sonen Anton Marius Kristian Emblemsvåg, som vart gravlagd berre fire år før sin eigen treårsdag. Her nytta han namnet Antonussen. I 1895 var han fadder og då var han også «Kjører» medan han i dei andre registreringane mellom 1885 og 1910 var fiskar. Foreldra til Ole heitte Antonius Johansen Emblemsvåg (1825-1920) frå Spjelkavikneset og Maren B. Larsdotter Emblemsvaag (1826-1889) frå Nedregård i spjelkavika. Dei leigde først garden av faren til Maren, som kjøpte garden i 1841 utan å drive den sjølv. I 1870 fekk dei kjøpe bruket for 350 Riksdalar og det er altså etter Antonius, far til Ole at «Antonesgaren», bruksnummer 5 i Emblemsvågen fekk namnet sitt. Ole var ikkje odelson på garden og det kan vera årsaka til at han trong finna seg eit anna arbeide. Det er likevel ei litt betre forklaring att faren dreiv bruket heilt til 1886, og då var Ole i meir enn gifteklar alder. Det vart difor yngstesøstera, Karen (1859-1897) og svogeren Sevrin Rasmussen Kvalen (1856-1952) frå Sande som tok over bruket på Emblem.

AVANCE var ein skøyte-galeas på 34 bruttotonn, med ein lastekapasitet på heile 30 registeretonn, som vart bygd hos Liaaen i Ålesund i 1884. Båten var truleg først registrert på Aukra, før den vart registrert som heimeverande i Ålesund i 1892. Det er mogeleg at det var ein av reiarane, Knut Paulsen Gåsø som flytte på seg, for han er framleis medeigar i 1892, saman med P. Pedersen og Mathias Østrem. frå Abrahamsgarden på Emblem. Dei selde båten i 1899 til Peder Viddal. Avance var med på skreifisket frå 1893-1894 og ført av mellom anna Knud P. Rekdal, P. Pedersen og Peder Viddal som kjøpte båten til slutt. Frå 1903 var Sevrin E. Liavåg ein av kapteinane og Avance forsøkte seg også på ishavet frå 1905. Båten forliste ved Island under sildefisket i 1907. Mathias, eller Mattis som han vart kalla på folkemunne, dreiv det stort i Mattisgarden på Østrem. Han var den første som starta storstillt oppdyrking av innmarka slik at den vart betre egna til hesteslåmaskin og anna hjulreiskap for hest. Før den tid vart det meste frakta med sledar på somarstid óg. Mattis var verkeleg framsynt og tok til seg av kunnskap og nyare teknikkar. Han sette også opp eit lite kraftverk på garden og vart såleis den første som fekk innlagd elektrisitet og lys i bygda. Nede ved sjøen bygde han seg brygge og sjøhus på berga like aust for østremsnausta. Han starta direktehandel med tørrfisk til Spania óg. Det er ikkje så usannsynleg at Avance tok vegen sørover mellom fiskeonnene. Negardsfolket tok også etter med storstillt tørking og sal av fangsten på eiga hand. Eg vil etter kvart skrive meir om Mattis i teksten om Mattisgarden på Østrem.

Kjelder:

Andersen, Joak: «Aalesund og omegns historie i ældre og nyere tid». Nyere opptrykk Ålesund 1973

Måseide, Knut: «Bankskøyta – et snart glemt pionerfartøy i norsk hvfiske» Årbok for Sunnmøre 2013

SNL: Storegga http://snl.no/Storegga

Vollan, Odd: «Omlegginga av fisket i Ålesund» Ålesunds Museum skrift nr. 3. Utgitt av Fiskeridirektøren 1942 som særtrykk av Fiskeridirektoratets skrifter serie fiskeri bind 1 nr. 1

Østrem, Svein Ove: «Historia om Ebbegarden»; http://www.emblemsbygda.com/113642088

Østrem, Svein Ove: «Historia om Nygjerdet»; http://www.emblemsbygda.com/194400006

Øverlid, Ragnar: «Borgund og Giske Band II Gardsoge 1-51» Borgund og Sula Bygdeboknemnd, L.L. Boktrykk Bergen 1961

1Andersen, Joak: «Aalesund og omegns historie i ældre og nyere tid» s. 92