Stigeplassen også kalla "Stampen"

Jacob Iver Olaus Rasmussen Østremsreit frå Reiten og Eline Knutsdotter Akslen frå Øvste-Aksla gifte seg i 1904. Dei fekk frådelt Stigeplassen, som først låg under Reiten. Etter kvart vart bruket del av Akslen og då skifte Jacob og Eline namn til Akslen. Orginalbiletet og høgoppløyst kopi finst i mellom anna Fylkesfotoarkivet.no under etternamnet Østrem.

Biletet er teke hos fotografen i 1920. Lovise framme til høgre var konfirmant det året. jenta framme til venstre er Ragna, som seinare vart gift Terøy, og tok over bruket på Stigen. Bak står f.v. tantene Tea Knutsdotter Akslen (gift Østrem i Abrahamsgarden) og Antonette "Anti"Knutsd. Akslen.

Familiebilde i Stampen. Framme f.v: Eline Østremsreit (f. Akslen) og Jacob Østremsreit. Bak f.v.: døtrene Lovise (g. Emblem, busett på Myrane) Hjørdis (g. Akslen, busett på Minde/ Akslagjerdet) og Ragna som tok over bruket (g. Terøy) Bakerst sit truleg mor til Eline, Lisa Thomassine Larsd. Akslen. Ho kom frå Auregarden på Emblem og gifte seg på Øvste-Aksla. Biletet tilhøyrer Roar Emblem

Framme f.v.: jordajenta Ragna Østremsreit (1904-1981) gift Terøy med sonen Karsten på fanget, Lovise K. Østremsreit (1905-1987) gift Emblem med sonen John. Den gamle dama bakerst er enno ukjend. Eg tvilar på at det er mor deira, Eline, for hun verkar litt for gammel her. Truleg er det bestemor deira, Lisa Thomassine Larsdatter f. Emblem (1854-1936), frå Øvste-Aksla. John ble i alle fall født i 1932, så det er ikke helt umogeleg. Ragna tok over bruket, medan Lovise gifte seg med Oskar Emblem og busette seg på Myrane. Biletet tilhøyrer Roar Emblem

Emil Karlsen,Karsten og Ragna Terøy framfor huset i Stampen. Året er truleg 1932 eller 1933. Ragna var jordajente på plassen Stigen, som låg under Reiten etter utskiftinga i 1894. Emil og Ragna tok over bruket i 1935. biletet er utlånt av Roar Emblem

Emil Karsten Terøy kring 1920.

Bryllupsbiletet av Ragna Østremsreit og Emil Terøy i 1930. Dei tok over Stigen/ Stampen etter Eline og Jacob. Biletet tilhøyrer Roar Emblem

Borna framme f.v. Kari Terøy, Nils Petter Scheldrup og eit ukjent born som snur seg mot Ruth Terøy. Karin Scheldrup er bakerst Familien hadde hytte like ved. Foto: Karsten Terøy lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Julefeiring i Stampen. Emil med eldste barnebarnet, Oddgeir Fiskerstrand, og Ragna Terøy med Jan Egil Sunde på fanget. Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Ragna Terøy med døtrene Kari og Ruth. Fotograf ukjent. Lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v. Karsten Terøy og mora Ragna Terøy på trappa. Dei to andre er Frank Scheldrup og kanskje mor hans? Hunden heiter Stella. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Kista til Eline Knutsdotter Akslen frå Øvste-Aksla. Ho gifte seg på Stigen med Jakob Østremsreit. Den er lite brukt og kanskje ei bryllupsgåve? Den står i dag i Vaksvika hos barnebarnet Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal. Foto: Svein Ove Østrem

Antonette Akslen med den eine kua. Foto: Karsten Terøy? Lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Emil Terøy og hunden Bamse Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v. Karsten Terøy og svogeren Jostein Fiskerstrand i slåttonna. Bildet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v. Hjørdis Akslen, gift med Tomas Akslen på nabobruket og mora Eline Akslen Dei står ved myrane rett vest for Akslasetra. Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v. søstrene Hjørdis og Lovise hos fotografen. Søstera Ragna har klipt vekk seg sjølv. Biletet er lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v. Inge Akslen og Kari Terøy. Foto Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v. Inge Akslen og Ruth Terøy. Bak Ruth er nok Standalhytta like ved garden. Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v. Randi Akslen og Kari Terøy med hunden Bamse. Fotograf ukjend. Delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Eit sjeldent bilete av alle tre søskena samtidig. Kari, Karsten og Ruth Terøy. Ukjent fotograf. Delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v. Ruth Terøy og Randi Akslen. Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Bryllupsbiletet til Ruth Terøy og Jostein Fiskerstrand i offisielt handkolorert utgåve. Foto: Alv Dale, delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Hunden Bamse og Karsten Terøy ved rosehekken. Ukjend fotograf. Delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Huset i Stampen. Foto Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

John og Olav Emblem frå Myrane kanskje fotografert på Myrane eller i Stampen. Ukjend fotograf. Delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Kaffislaberas. Kan det vere byfolk som evakuerte til Stigen i begynnelsen av krigen? Dei budde i bestestova. Nr. 3 frå venstre er Emil Terøy og Ragna Terøy sit truleg med Ruth Terøy (f.1939) på fanget. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v.: Oddgeir Fiskerstrand og bestefaren Emil Terøy som tek opp potet. Dottera Ruth budde heime med borna i tre år før dei flytta til Sula. Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Karsten Terøy i bussjåføruniform og hunden Bamse. KArsten kjørte Strandaruta i mange år. Ukjend fotograf. Delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Karsten Terøy nr. 2 frå venstre i ingeniørvåpenet i forsvaret. Her fekk han mekanikeropplæring og tjeneste. Ved sidan av han på panseret sit kameraten Johan Strandemann. Foto: ukjent. Lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Karsten Terøy med heimelaga barnevogn. Fotograf ukjend. Delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v. Reidar Hesseberg, Hjørdis Akslen, Inge Akslen og Randi Akslen. Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Stampevika, sommer. F.v. Erna Østrem, Inger Andreassen, Kari og Ruth Terøy, Karin Leira og Otto Andreassen bakerst. Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Snarvegen opp på Gjerdet. Foto Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Ragna Terøy i godstolen ved radioen i kvardagstova på garden. Smijernslampa har Karl Flydal laga. Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v.: Ruth og Kari Terøy fotografert på 17. mai. Årstalet er kanskje 1962. Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Ruth Terøy går på ski og strikkar på markane på Stigen saman med Liv Akslen. Tunet i bakgrunnen. Bildet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Ruth Terøy og hunden Bamse ved rosehekken 17. mai og kanskje 1962. Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Ruth Terøy på trappa heime. Dette biletet hadde Emil Bestandig i lommeboka si. Han var mykje ute på fiske. Biletet er lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Slåttonn på Stigen. Antonette Akslen med ølmuggen i ein matpause. Brygging av svakt lettøl til slåttonna var vanleg i tidlegare tider. Fotografen er truleg Karsten Terøy. Biletet er lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Stampevika 1962. F.v.: Karsten Terøy og svoger Jostein Fiskerstrand i Karsten sin båt. Fotograf ukjend. Lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Stampevika. Emil Terøy samlar rekved til brensel Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Tunet på Stigen/ Stampen. Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Ved huset. F.v.Ragna Terøy, Karsten Terøy og Lovise Akslen. Fotograf er ukjend. Delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Ved Scheldruphytta like ved Stigen. F.v. Kari og søstera Ruth Terøy. Fotograf ukjend. Bildet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Ungdommar på sykkeltur. Framme f.v. Elise Akslen, Laura Akslen gift Ramsvik og Olga Østrem gift Skrede. ak f.v. Trygve Østrem og Alfred Hesseberg

Stigeplassen/Stampen anno 2013. Foto: Svein Ove Østrem

Stigen er skyldsett til 42 øre og har gardsnummer 3, med bruksnummer 2. Bruket ligg i dag under Reiten. Husa ligg sør for Akslagjerdet på nedsida av dagens bilveg mot Magerholm og nedanfor bruket Gjerdet, med bruksnummer 3. Opphaveleg var staden der husa på Gjerdet ligg i våre dagar, tett inntil hovudvegen, det opphavelege tunet til Stigeplassen. Husmannsplassen vart sidan delt i bruksnummer 2 og 3. Det er dermed på sin plass å skrive litt om både Stigeplassen og Gjerdet i Denne teksten.

Det var Rasmus Karolus Andersson (1843-1927) som rydda plassen i fellesutmarka til Aksla og Reiten i 1860-åra. Tidbolken frå 1850-1860 var den perioden då flest nye husmannsplassar vart rydda i Emblemsbygda, og Stigeplassen var ein av desse. Rasmus vart fødd på Reiten den 29. januar og heimedøypt der den 13. april. Truleg var det ikkje helsa som var årsaka, men heller verforholda denne våren. Dei fleste av dei som vart fødde i Borgund på same tida vart nemleg heimedøypte dei óg. Fadderane var Martinus Pederson Østrem, Lars Pederson Akslen, Ole Rasmusen Østremsreit, Siri Madsdotter Nedregotten og Marte G. Olsdotter Nedregotten.

Faren heitte Anders Rasmusson (ca. 1813-1846) og mora heitte Sofie Kristofersdotter Østremsreit (1812-1859). Eg veit ikkje nøyaktig kvar dei kom frå, men eg merkar meg at Hans Rasmussen Myrhaug (1790-1865) og Kirsti Kristofersdotter som eigde og dreiv Reiten hadde same farsnamn som Anders og Sofie. Sidan namna elles ikkje passar med namn på Reiten eller Aksla, kan det hende at dei kom utanfrå og at nokon var i slekt med dei nye eigarane på Reiten. Det eg derimot veit er at Anders var plassemann på Reiten, men det finst ikkje opplysningar om kvar denne plassen låg. Anders omkom under ein orkan på sjøen den 17. mars 1846. Han var truleg på fiske, for dei var minst tre frå bygda som er registrerte som omkomne og stilt saman med ei klamme i kyrkjeboka. Teksten er diverre vanskeleg å tyde, men det er i alle fall to til som eg med sikkerheit kan seie at dei kom frå bygda vår. Den eine var plassemann Knut Iversen Magerholmvik på 60 år, og den andre var drengen Lars på 21 år frå Magerholmvika. Det er interessant å merke seg at Anders blir oppført som Anders Rasmuss. Gjerde Østremsreit. Enten så kan fødestaden ha vore ein gard med namnet «Gjerde», eller så kan det fortelle oss noko om kvar han budde i 1846. Det kan vere grunn til å fundere litt på dette, for det var sonen og borneborna hans som seinere skulle ta i bruk gardsnamnet Gjerdet i 1907. Det er i alle fall lov til å tenkje seg at det er ein samanheng. Kanskje var det Anders som starta å rydde det som seinare skulle verte garden Gjerdet? Samstundes er det fleire moglegheitar.

I 1847 vart Sofie oppattgift med Erik Larsen Navelsaker (1825-1898) frå Hornindal, som hadde vore dreng på Reiten. I bygdeboka fekk han æra for å ha rydda plassen Vedhaugen under namnet «Midthaug», men kanskje var det der Anders hadde budd først? Det er mogelrg at han aldri kom så langt at han fekk registrert nokon festekontrakt. Eg har i alle fall ikkje funne klare prov for at Anders budde på hverken Midthaug eller Stigeplassen, men me veit at han var husmann på Reiten og då er der ikkje så mange alternativ. Eg har også funne delar av namnet åt far til Sofie i kyrkjeboka ved bryllaupet med Erik den 20. juni i 1847. I følge presten i Borgund kyrkje heitte han Kristofer Nygaard. Det kan tyde på at Anders kom frå Eid og dermed same plass som eigarane på Reiten, men det finst også ein plass med dette namnet i gamle Borgund kommune.

Rasmus måtte truleg tidlig i arbeid som dreng på Reiten. I 1865 var han registrert som tømmermann og «logerende» på hovudbruket. På denne tida var det ein del skog på Akslanakken, men ikkje noko flaumsag lenger. For den som var ugift, var det å ikkje vere sysselsatt eit brot på lausgjengarlova, med påfølgande straff. For dei unge utan erfaring eller god stand ville det å få seg teneste vere heilt vanleg. Dei fleste tente på nabogardane frå komfirmasjonen mot kost og losji, medan dei fattigaste husmannsborna ofte måtte i teneste fleire år tidlegare. Ein finn også eksempel på dei som ikkje fekk nokon skulegong i det heile. Truleg stod det ikke så gale til med Rasmus. Om han arbeidde dels saman med Hans på hovudbruket, er ikkje heilt utenkjeleg, for begge var bygningsmenn, og Rasmus gjekk truleg i tømrarlære også. I 1865 hadde dei to tenarar på Reiten, og sidan Rasmus no hadde gått frå å vere tenar til å leige husrom, så må han også ha hatt inntekt på tømrarverksemda. Medan han budde på Reiten vart han forlova med Anne Inger Severine Petersdotter Hjorthol (1835-1907) frå Sykkylven, som var tenestejente på garden. Då dei gifte seg i Ørskog kyrkje 17. juni i 1866 hadde dei også behov for å finne sin eigen plass og inntekt. Husbonden på Reiten fann råd og det endte med at dei fekk rydda seg eit plassebruk i fellesutmarka til Aksla og Reiten. Årsaka til at Rasmus valde å flytte kan verke opplagd, sidan han gifta seg, men avgjerda kan også ha vorte påverka av at Hans døde i 1865, og eg finn ikkje spor som kan tyde på at sonen Rasmus Hansen (1826-1890) fortsette med tømring slik som faren. Derimot ser eg at han var forlovaren til Rasmus i 1866, så dei var truleg vel forlikte, om det ikkje var meir som ein gest ovanfor sin framtidige utleigar. Stefaren til Rasmus, Erik Larsen på plassen Midthaug var forlovaren til Anne. Eg trur ikkje at forlovervalet med odelsguten på Reiten var nokon høfleg gest, for dei måtte gifte seg. Det samme året hadde Anne og Rasmus vorte foreldre, og det å få eit «uekte» born på den tida var alvorleg. Det er mogeleg at det var dette som tvang fram eit ekteskap, men det er lite som tydar på at dei ikkje treivst ilag i åra som skulle komme. Eg har per dags dato klart å finne seks born: Hansine Marie Sophie (f. 1866) , Peter Johan Christopher (f. 1868), Anna Karoline Petrine (f. 1870), Edvart (f. 1874), Jakob (f. 1876), Oline Marie (f. 1879) og Marie Eline (f. 1882). Oline vert forresten nemnd i ein tekst av Mauritz Akslen som fast bakstekjerring i Hølå saman med Myre-Gurine. Det var på den tida vanleg at nokre av kvinnene i bygda reiste rundt på gardane og baka ut løfseemna før jul mot betaling.

I 1884 lånte Rasmus 366 kroner og 20 øre frå P. H. Gåseide. Som sikkerheit hadde han «1 Stuebygning, 1 Ladebygning og 1 Nøst med mur og nagelfaste Indretninger. Men husa kan ikkje ha vore så store eller verdifulle, for attåt måtte han dessuten garantere for lånet med «alt Tilbehør saaledes som Husene nu ere eller herefter med Tilbygninger maatte befinde. Ligesaa pantsættes med samme Prioritet Husenes Assurancesum eller de Bygninger, der i Husbondens tilfælde opføres.» Krava frå lånegjevaren var høge, men kanskje berettiga, for allereie i 1887 vart det halde eksekusjonsforretning på plassen. Lånet med renter hadde no auka til 387 kroner og 80 øre. Gåseide fekk no eigedomsretten til både huset og løa. Frå no av gjekk det likevel betre. Eg finn ikkje fleire økonomiske utfordringar dei neste åra. Mot slutten av 1800-talet hadde pengehushaldninga byrja å verte merkbar kontra den eldgamle tanken om sjølvbergingsjordbruk. Det vart meir vanleg å ta hyre på båt, satse meir på kjøt og mjølkeproduksjon eller å finne seg ei attåtnæring som tømrar og liknande. Kanskje var det difor størrelsen på Stigeplassen fekk mindre betydning. Dei første åra rakk plassen heilt frå Akslagjerdet, med bytestein omtrent der hovudvegen går i våre dagar, og vidare heilt ned til sjøen. Ved utskiftinga i 1894 vart plassen ein del av Reiten og skyldsett til 84 øre. Det same året vart plassen kjøpt av Jakob Rasmussen Østremsreit. Denne Jakob må ikkje forvekslast med Jakob Rasmussen (1876-1938), sonen til Rasmus Anderson Østremsreit som hadde rydda dette plassebruket. Den nye eigaren av Stigen var fødd og oppvaksen på Reiten, sonen til Rasmus Hansen (1826-1890). Med to Jakob Rasmuson som tidvis nytta Østremsreit og deretter Akslen, er det litt vanskeleg å halde oversikta. Sjøl bygdebokforfattaren ha bomma der. Jakob Iver Olaus (1877-1938) frå Reiten gifta seg med Eline Thomasine Knutsdotter Akslen (1880-1943) frå Øvste-Aksla. Saman reiv dei plassen i mange år i lag.

I 1900-tellinga budde det 6 menneske på plassen, og namnet var framleis «Stigen», eller «Stigeplassen». Rasmus Anderson Akslen og Anne Petersdotter var framleis registrerte som «Gaardbruger, Tømmermann, Fisker» og «Gaardbrugerkone». Sønene Jakob (1876-1938) og Edvart (1874-1933) var framleis ugifte og dreiv med fiske og tømmring. Edvart var på denne tida busett i Ålesund, med det var truleg berre midlertidig i forbindelse med fiske. Søstera Anna Marie (f.1882) «holdes hjemme som Pige, sysselsat del med Kreaturstel og dels i Huset» . Der var også ei jente som heitte Marie Rasmusdotter frå Eikrem som var «Tjenestepige». Det er mogeleg at Rasmus var mykje vekke heimanfrå, sidan dei hadde to jenter med hjelpande hender på garden. Eg merkar meg at Anna var meir enn gifteklar med sine 30 år i 1900, men eg trur også at tellinga er misvisande. Rasmus og Anne hadde nemleg ei dotter som heitte Marie og vart fødd i 1882, så at denne Mari skulle vore fødd på Ekrem, kan ikkje stemme. Frå folketellinga kjem det også fram at dei hadde korn og potet med krøtter attåt. Kjøkkenhage, frukthage eller fjærkré var der ikkje noko av dette året.

I september 1901 vart det tinglyst ein forteikning av kva dei enkelte gardane skulle betale i løn til sogneprestembetet i Borgund. Der finn ein to bidrgsytarar på Reiten. Den eine er Iver på hovudbruket, og den andre er Jakob Rasmussen. Iver skulle betale 2 kroner og 25 øre, medan Jakob slapp unna med 45 øre. Denne ekstraskatten avlest 23.3.1908.

Den 25 juni vart det halde skylddelingsforretning på Stigen «af Reiten» med skyld på 0 mark og 84 øre hadde skild ut ein parsell frå bruket til Jakob Rasmussen Akslen til Edvard Rasmussen Akslen. Følgande rettar følgde med:


  1. det ved forudnevnte utskifting Stigeplassens tillagte (...)stykke nordenfor Tudalen

  2. Ret til havning i udmarken efter skyldforhold

  3. Ret til brug af de samme veie som hovedbruget. Parcellen skal dessuden have ret til vei fra «Stampevigen» over slukten ovenfor Stempebergene til en østenfra disse udlagt nøsttomt med fornøden grund til baadstø. Nøsttomten er 8 meter dyb og 6 meter bred og betidig afmerket.

  4. Den over hovedbruget og parcellens nu brugelige gangsti fibeholdes til gjensidig brug. Efter foretaget syn og sjøn besluttedes enstemmig af avsette parcellen der fik navnet «Gjerdet» og brugsnummer 3 til 38/84 mod hovedbruget og en skyld af 0 mark 38 øre»


skylddelinga vart underskriven av melom anna skulelæraren Knut Furset og Johan N. Emblem .  I den samme slengen vart også skøytet på Gjerdet frå 11. juli 1907 tinglyst den same dagen som skylddelinga den 12. juli 1907. Edvard laut betale 650 kroner for Gjerdet.

Med skylddelinga og frådelinga av Gjerdet fekk også Stigeplassen eit nytt namn. Det nye namnet vart «Stigen» med ei skyld på 0 mark og 46 øre. I 1910-tellinga finn me Jakob og Lina på bruket saman med døtrene Ragna som vart fødd i 1904, Lovise som vart fødd i 1905 og Hjørdis (1909-1994). Lovise Karoline (1905-1987) vart seinare gift med Oskar Emblem (1902-1995) frå Auregarden. Han var ein av grunnlegjarane av Emblemsruta og dei busette seg på eit tidlegare utskild kårstykke frå Auregarden, som heitte Myrane, hausten 1933. Ragna vart seinare jordajenta på Stigen.

I 1914 selde Jakob kalkrettane sine til H. Gjøsund og Peter S. Brandal. Han var ikkje den einaste, for heile bygda gjorde det same. Tidlegare hadde det stått 2 kalkomnar på Magerholm, men ein orkan skal ha gjordt ende på heile forretningseventyret og rassert omnane. I tillegg hadde fraktebåten gått ned. Gjøsund og Brandal hamna i ei lang rekke optimistiske investorar som søkte å utvide kapitalen sin. Det fanst mange av desse kring den 1. verdskrigen. Det vart ikkje noko av verken kalkdrift eller anleggsvegar, men dei 500 kronene fekk Jakob behalde. Seinare kjøpte ein kaptein Hamre rett på oppdemming og vasskraftsutbygging i Østremselva. Dette vart det heller ikkje noko av, for omlag samstundes tok utbygginga av kraftanlegga i Tafjorden til.

Eg har ikkje så mykje opplysningar om Jakob eller kvardagslivet på Stigen enno, men det har vorte nemnd i ein tidlegare tekst om gamleskulen på Skaret at det var ein del i bygda som hadde ekstra strevsam veg til skulen. Dei som hadde lengst veg var folket i Magerholmdalen, men Jakob på Stigen hadde litt å stri med om vintrane han óg. Det vart ikkje brøytt vegar slik som no før Emblemsruta tok til. Mjlka vart køyrd med hest og slede i staden. Hadde det lava ned mykje snø, så måtte foreldra gå føre og brøyte veg for skuleongane. Når Ragna og Lovise gjekk sine aller første år på skulen, så kunne det vere så gale med snø at Jakob måtte bere begge to det meste av vegen. Det var enda godt at han var ein kraftkar.

Jakob og Eline selde Stigen den 12. desember 1935 for 3500 kroner. I skøytet er også kårbrevet skrive inn. Det vart verdsett til 1000 kroner for 5 år og var som følger:  «...en liter melk um dag og 225 kg poteter um aaret, samt husly, som begrenses til en stue, et loftrum, et rum i kjelleren, og adgang til aa benytte kjøkenet sammen med eieren, likeså halvparten av nøstet. Kaarfolkene skal have det nødvendige brendfang hjembragt og hugget ferdig til benyttelse. Vedlikehold av husene paahviler eieren. Skulde Kaarfolkene fraflytte Eiendommen blir kaaret aa yde efter overenskomst.»

Kjøparen var Emil Karlsen Terøy (1895-1982) frå Terøy gardsnummer 178 og bruksnummer 1 i Borgund. Han vart fødd i 1895 og eldsteguten på 4, som vart registrerte som heimeverande på garden Terø i 1910-tellinga. Faren Karl kom frå garden og dreiv fiske attåt, medan mora, Berta, var frå Sykkylven. Emil hadde gifta seg med jordajenta Ragna Jakobsdotter Akslen (1904-1981)frå Stigen

I 1936 tok Emil og Ragna opp eit lån på 2500 kroner i Borgund Sparebank. Dette hadde truleg samanheng med kjøpet av garden og passar såleis høveleg når 1000 kroner i kår vart trekt ifrå.

I 1937 stoggar oppføringa i panteregisteret som er tilgjengeleg på nett. Dei siste åra vart dei tidlegare nemnde kalkrettane overført til først Alf Gjøsund i 1936, og deretter til Margrethe, Harald og Hans Gjøsund i følge tinglysning frå 1838.

Til resten av historia om Stigen må eg ha hjelp. Om det er nokon som har opplysningar,kopi av skøyte eller liknande, så er det fint om de tek kontakt med meg anten på telefon nr. 71251983 eller mob. 95801801. du kan også nytta følgande e-postaddresse: sveostrem@hotmail.com



Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Astri Molvær Lindquist | Svar 16.02.2018 18.22

Er dette garden Stigane som min oldefar "Stige Rasmus" kom ifrå? Han heitte Rasmus Akslen f.1884 og vart gift med Inger Anna Hjorthol frå Sykkylven.

Svein Ove Østrem 27.02.2018 23.24

Om du tenkjer på Rasmus fødd 1843 g.m. Anne Inger S. Larsd. Hjortdal fødd 1837 så er du på rett stad (Stigeplassen).

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.08 | 12:51

Det er noe som er utelatt fra Peder Greg Emblemsvågs tidslinje. SJ/ BN II/ N. 1964 til 1966. Deretter dro han til IØIII/ Steinkjer.
Han var min sjef, rådgiver

...
20.06 | 22:18

Send meg en e-post til sveostrem@hotmail.com så ordner vi det 🙂

...
20.06 | 22:05

Hei, Takk for morsomme sider. Min oldefar Karl Olaus Hatlehol er fødtl i 1852. Han ble senere tannlege i Oslo. Jeg skulle gjerne visst mer om forfedrene hans.

...
27.05 | 11:12

Dette er ikke Jakob Rasmussen Akslen ( senere Molvær). Jakob flyttet til Molvvær i Langevåg og giftet seg med Gina Molvær.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE