INTERVJU MED BJARNE NEDREGOTTEN

AV SIGURD LANGLEITE

Intervju ved sigurd Langleite januar 1985:

BJARNE NEDREGOTTEN, fødd 1909

S.L.:  Du var med på ein spesiell tur du vil fortelle om?

Ja. første turen eg var på Ishavet, det var i 1927, så eg var fyllt 17 år. Eg var ikkje yngstemann om bord, der var ein som var knapt 17. Det var mykje gutongar dei samla med seg på desse ishavsskutene, der var svært lite pengar og hente, men til gjengjeld ganske mykje kjeft, så du fekk ein veldig god eksis. Det begynte med å laste, du tok ombord tankar, jerntankar, og dei var drevne med kol, så du måtte laste skutene heilt ned med kol. Det var nesten dekket i vatn når du gjekk ut. Dette var på "strete-tur" og då gjekk me som regel i mai månad. Vanlegvis hadde med fine overseglingar, gjekk på nordsida ta Island og bort under Grønlandskysten, du kom så langt bort du såg landet, då traff du isen. Då var det å bakse langsmed kanten og inni isen, dei såg etter fangst. Ein nybegynner hadde berre å gå og vere gapen, og sjå på. Men du måtte ta vaktene dine og rorstørna. Men for å spare på kola så var me sterkt avhengig av segl, me hadde full seglføring. - så gjekk me nå og daska i isen, mykje skodde der. Fangst kom me ikkje borti med det første, men her er i tjukk skodde me gjeng - i sånn halvslakk is, der i Streta er isen så veldig høg, han kan vere fleire meter tjukk, spesielt i førstninga mår du kjem bort, før han smelter - då treffer oss ei skute som låg meir enn nedlasta. Fullfanga aldeles. Ei skute frå Ålesund som hadde kjeme bort åleine og hadde fangsta fullt! Vi blei nå gåande vestover, der kom me borti nokke voldsom stor is, der var noke klappmys, men det var ikkje råd å fangste, for isen var så stor og trong at me kom ikkje fram. Blei berre liggandes. Men så rakla me nå nordover mot Hammar og Storfjorden, det var langt frå land, men du såg inn i fjella der. Der kom vi oppi litt fangst, så me fekk nokre hundre dyr, og då var det å få spekke dei av og få spekket nedpå tankane, då hadde me kola opp frå tankane kola og så hadde me spekket nedatt på. For å få opp kola, så var der bakseluker, det var vel ein 50-60 cm diameters runde hol, og så var tankeholet tilsvarande nedpå tanken igjen, så når du begynde å ta opp kola, så låg du mellom tanken og dekk, der var  ca 1/2 meter på grunn av bjelketjuknaden, låg med ein vanleg lita bysseskuffel og auste oppi ei bøtte. Halte kola opp i bøtta då. Når me hadde fått eit hol så stort at ein mann fekk renge seg nedpå tanken, så åla han seg nedpå tanken og så auste han oppi bøtta derifrå. Når det så blei meir plass nedpå tanken, så hadde oss kola i noke med kalte for ein slaggpøs, det var ein karbiddunk med hankar på som me brukte  å heise slagg frå maskina. Brukte den da, ho tok tre bøtter med kol. Så fyllte du oppi den. Då gjekk me også over til ei lita spiss-spade med ein ca 50 cm langt skaft på, og auste kol oppi desse pøsene. Og halte opp. På  denne måten tømde me tanken, drog det i stampar og tippa det attpå maskinbaksane. Når me så hadde fått opp kola, så var det å spyle ned tanken og gjere han rein og sementere dei, for å ha spekket nedpå. -

Skinna salta me i eit åpe rom i midten, for luka, og der plattsalta me skinna etterkvart. På denne måten rakla me og fangsta. Men når me hadde fått desse 4/500 dyra, då var me så uheldige at propellen hode veldig på ein isfor, lukka det var skipperen sjølv som var oppe i tønna, så han kunne ikkje bruke seg på nokken anna enn rormannen, og det var det ikkje noken hjelp i. ME slo av ein propellving! I Stretet brukte dei berre tovinga propellar, fordi dei fekk sette dei seglrett, når me stoppa maskina så sette dei propellen seglrett, slik at han stod rett og skulle ikkje hogge i isen. Men så hadde han vært for sein å slå stopp i maskinen og så hogde ho på ein isfot og slo av eine propellvinga. Nå hadde dei bestandig med seg reserve aksling og reserve propell, men i og med at han slo av berre eine vingen og ikkje propellen, så fekk me ikkje av den andre delen. Om han hadde slege ta heile då kunne me ha skifta. Så då måtte me berre fortsette, men me måtte til og surre alt laust i riggen, for det blei sånn forferdeleg risting når me gjekk med berre ei propellving. Av den grunn blei oss lite konkurransedyktige i lag med flåten. Det klakte seg opp ein 10-15 skuter på eit fangstfelt og der var ikkje vi konkurransedyktige. Så me måtte søke for seg sjølv, og det gav oss i grunnen god tur. Oss blei faktisk beste Brandals-skuta, skaut heitte "Brandalingen" og kolforbruket vårt - oss kunne ikkje gå med meir enn halv fart når det var spesielt vanskelege isforhold, ellers sakte fart, så dermed minka kolforbruket, slik at oss fekk ligge der turen ut - oss greidde å få tak i mellom 1600 og 1700 dyr og det vart rekna for ein uvanleg bra Strete-tur den gongen. Heimturen daska oss då med segl og denne eine propellvingen. Men når oss kom inn Staursundet og skulle inn til Brandal i svartestilla då, det var høgsommar, då var det kollaust, då hadde oss vore ned og feia baksane, og då brende oss alt laust treverk for å kome oss inn til Brandal.

S.L.:  Du nevnte at dokke fangsta på klappmys?

JA, klappmysen er ein stor selart, ein av dei største selartene. Hannane har som ei stor hette dei bles opp og dei vert kalla for "Hettakall". Ein Hetakall kan bli borti ein 3 meter lang. Eg kan tenke meg han veg ein ca 400 kilo eller så. Men vi flådde dei på isen, og ti feitare der ti lettare er dei å flå, så det er ikkje noe problem.

S.L.:  Kordan blei dei avliva?

Dei vart bestandig skotne. Det var farleg å gje seg ut med ein sånn ein. Eg kom ut for ein sånn, det var ukundigheit, dei bør ein helst halde seg frå, det er ikkje noko selskapsdyr!

S.L.:  Dei skaut dei vel mest på kloss hald då?

Ja, skuta gjekk då på hald, på sakte fart, der kunne ligge frå 8-10 dyr på eit flak og ned i enklingar, og når dei så kom på passeleg hald, så stoppa maskina og skuta seig og då skaut skyttarane. Eg la til merkes ein gong - førsteskytaren vr var flink å skyte, ein gong på eit flak der låg 14 dyr, samtlege 14 låg der då skuta støytte. I mange tilfeller skaut dei to skot på dyret, men vanlegvis var der ferre i flokkane. Men han skaut åleine 14 stykker på eit flak! Men skipparen der han hadde noe som eg aldri såg seinare, han skaut ifrå tønna! Hadde geværet med seg oppi tønna. Der blir eit heilt anna beregningsforhold enn når du skyter flatt. Eg veit ein gong eg kom springande til eit stort dyr eg skulle flå, kom fram til han og skulle flå, og vanlegvis så skulle me slå det over nakken for å sjå om dei levde. så kom eg fram, men så øyrde eg han ropte: Sjå opp der! Og då skaut han eit skot til på dyret. Han hadde vore redd at han levde. Men eg stod tett attmed.

S.L.:  Det skjedde ikkje noken ulykker med slikt?

Nei. 

S.L.:  Spekket og skinnet vart brukt, men kjøtet då?

Det låg igjen. Av fine små "Blueback" dei kalla, me kalte dei nå blårygg me, av dei tok vi ryggkjøtet og skar av, og så sveivar.

S.L.:  Er det labbane det?

JA, det er framlabbane. Dei brukte vi til middag, til kjøtkaker og til biff. Så me åt mykje selkjøt. Og så kom me vanlegvis borti bjønnakjøt, me traff vanlegvis bjørn i Streta. Vanlegvis blei der soten ein bjørn. Så du hadde bjønnakjøt. Dei me kalla blårygg, det var ungane til Klappmysen.

S.L.:  Kor mange turar hadde du bort?

Eg har vore 9 turar på Ishavet.

S.L.:  Det forandra seg vel underveis?

Ja, steamskutene fall meir vekk og det gjekk meir over til motor. Eg nådde i å få vere med motorbåtar.

S.L.:  Var det ein stor framgang?

Ja, arbeidsmessig. Når du tenker på arbeidet med kolinga på tankane. Skuta var nerlasta med kol og det skulle me hale opp i bøttevis!

S.L.:  Vart noken av skutene dokke var i lag med nedskrudd?

"Brandalingen" var eg nå med når ho vart nedskrudd. Det var i Kvitsjøen, året etterpå. I 1928 - det var nærmast eit uår opi Kvitsjøen, skruis, så der blei nedskrua ein 17-18 skuter.

S.L.:  Omkom der mange mann der då?

Nei, eg trur der omkom eit par mann.

S.L.:  Korleis verkar det?

Kvitsjøen og Stretet er to vidt forskjellige ting når det gjeld is. Eg har sett skuter som forliste i Streta med, men det foregjekk på ein heilt anna måte. I Kvitsjøen er så grunnsjøa, grunt vatn og sandbankar og stor forskjell på flo og fjøre, så der blir sånne voldsomme straumforhold. Dette skruvar og førar på isen, med til dels stor fart, så hvis du kjem inn i desse skruane, så kan du bli ihopeskrua. Du kan ligge der og drive mellom to fyrar på kysten der, Guardesk og Orlofff, att og fram med flo og fjøre, ut og inn og følje isen. I 1928 var det altså veldig mange som kom vekk, men det var mange små, som oss kalla hakkapikar som forliste, det var små Nordlandskuter. Av større skuter så var det 3 Sunnmørskuter, "Remøy" "Polarhav" og "Brandalingen", dei forliste der. Så var det ei stor motorskute frå Bodø som heitte "Storselen" som også forliste då. Men så var der ei honk med små Nordlandskuter, og fleire av dei var så små at dei ikkje hadde rorhus på dekk. Motorbåtar som hadde rorbås som dei stod i. Dei var meir utsette då, enn desse større, desse på 110 fot og sånn.

Eg var med då ja, det var ein sundag og me hadde fangsta og kommet ombord att når det var mørkt, me kunne vere i timesvis vekke frå skuta, langt borte på isen og fangste. Skuta kunne ligge fast då, men vi var altså kommen ombrd att og vi hadde fått oss 2200 dyr ombord som oss hadde fått ned og   så hadde me 800 liggande på isen framai skuta. Frivakta gjekk til køys og vakta dei kola. Det var normalt i Kvitsjøen. Ei vakt kola og ei låg. Og klokka 12 så skifta me. Og klokka var 10, då gjekk alarmen. då var det ikkje nokke meir, isen berre reiste seg inn gjennom sidene på henne så ho rann full. Men ho hang på isen eg tenker ei god time, førenn ho sank.

S.L.:  Dokke måtte berre hoppe inn på isen?

Ja. Du måtte berre plukke med deg det du i farten kunne få med, for lugaren rann full med vatn. Det var å plukke det du med rimelegheit kunne få med i farten. Og kome seg opp på isen, det var berre å gå over rekka. Då tok me ein fangstbåt som hang i davitane og slakka ned den og la nedpå isen og deroppi la vi klæpjaltrar oppi. Og då høyrde eg skipperen spurde maskinisten om det var fare for kjeleeksplosjon, og eg haurde han sa at det kunne han ikkje svare på. Då bles skipperen av kjelen på føyta. Surra fløyta, så der vart ei frykteleg læte. Det forårsaka at ei anna skute "Årvak" som låg i nærleiken, dei høyrde denne ulinga og skjønte det var noke galt, dei visste kven som låg der. Så derfrå kom skipperen og ein par mann til opp til oss førenn ho sakk. Dei heiv endå ein par hundre skinn som låg på dekk inn på isen, som dei rekna med dei skulle nå tak i seinare, men så sakk ho då med me heldt på med det. Så oss gjekk berre på isen og fekk vere ombord i "Årvak" om natta. Då var det å dele desse kleplagga og begynde å gå på isen for å få oss losji på andre skuter. Det blei å gå i timesvis det. Men der blei så fole med folk der oppe. Båtane var så overfylte. så den Kongelege Norske Marine sende et flott skip opp for å hente folk, "Michal Sars".så me kom oss ombord der og han for med oss og hadde oss ombord i over ei veke der oppe. Men der var for lite med køyplassar der ombord, der var 14 hengekøyer på banjeren, den fekk oss overta, men oss blei nå nærmare 40 mann. Så gjekk han inn til ei hamn på Murmanskkysten som heitte Jokansky - og då blei der litt uroleg blant oss, for det blei så mykje lus! Det var berre ei skute som hadde radiosendar, det var den som Marinen hadde forbindelse med. Og dei hadde fått beskjed om at "Storselen" var forlist og den hadde 22 mann ombord, og dei var det då "Michal Sars" skulle prøve å få tak i. så oss låg der innpå hamna der,men der gav maskinsjefen vår beskjed om at han fekk heller gå til Vardø med oss, for her var så fullt med lus nå: Når ein legg seg for å sove, så kan ein ikkje vite kor ein vaknar, for lusa reiser med deg! Ja, så gav dei beskjed til Vardø til avlusingsanstalten om at dei skulle ta imot ein ca 38 mann. Og oss tørna for å gå, då kom der ein Hakkapik inn med mannskapet frå "Storselen", så oss fekk med dei. Når oss kom til Vardø så fannst det ikkje ein brødsmule eller ein smørklatt igjen i "Michal Sars".

Men så i 1931 blei det bestemt at to skuter skulle prøve seg på kvalrosfangst. Det hadde ikkje vore forsøkt på lenge, før første verdskrig, då hadde dei antageleg fått noke fangst.  Så nå skulle "Gungnir" og "Hisø" - det var motorskute nå, frå Ålesund, dei skulle gå i Davies Stretet og forsøke etter kvalross. Eg blei med Gungnir. Me var 10 fangstfolk, to skyttarar, to maskinfolk og stuert. Ingen av oss hadde vore på kvalrossfangst før. Eg hadde vore med å fange ein kvalross oppe i Kvitsjøen ein gong, ein pinnande lita ei. - Så fangstmessig var det heilt ukjent for oss. Men utrustninga var jo kjendt. Motorskuter - og turen var rekna kunne vare ein 3-4 månader. Me gjekk frå Ålesund onsdag før påska, i slutten av mars. Så når oss gjekk frå Storneskaia gjekk alle desse rutebåtane med påsketuristar inn fjordane. Kom ut og fekk ruskever med ein gong. Grapsevær. Oss gjekk på sydsida ta Færøyane for oss skulle gå syd om Island. Då fekk Hisø maskinskade. Oss skulle halde i lag, den tid hadde me ikkje radio, så me hadde ingen forbindelse. Og Hisø blei blei liggande med maskinskade, og me blei liggande og bakke med segla då og venta på Hisø som hadde brent ned nokre lager. Det gjekk heile natta, og om morgonen då kom Hisø oppunder og då begynde oss å gå igjen. Grapsever og regntjukke, så oss hadde ikkje gått så mange timane, så såg oss ikkje Hisø meir igjen. Sikta var så dårleg altså. Og vi fortsatte og gjekk - storm og fælheit. Oss brukte 21 døgn frå Runde til Kapp Farvel. På den tida hadde oss ikkje fyr i kamina framme i lugaren på grunn av været og segla. Du var bestandig avhengig av å bruke segl for å spare på oljen. Og me fekk aldri sol. Dei hadde ikkje anna å rette seg etter enn solobservasjonar,og det hende ikkje på desse tre vikene at dei fekk ein einaste solobservasjon.Og ikkje fekk oss sjø ta dekket såpass at det gjekk å ha ut olje. Der var alltid sjø på dekk. Tredje uka trudde dei med var einkvan plassen mellom Island og Grønnland, - det var sånn storm - dei som låg i overkøya under presenning, mange i støvler og oljeklede, for dekket lak. Eg hadde heldigvis underkøye så eg låg turrt. Når det var vakt, så var det å klore seg att i byssa og fekk sitte der. Om dagen heldt me til oppe i bestikken. Dette pågjekk i mange døgn. Ei natt vart det eit volsomt rabalder, då hadde han prøvt å bakke med maskina - me bakka vanlegvis berre med segl. Men då slo han inn skansekledninga framme of attover sida nokke, og halve brua. så då reiste signalane på den sida. Og så slo han eine lettbåten utav krabba, så han hang i talja i daviten. Så måtte han bakke med segla igjen og prøve å fange nedatt fangstbåten og slå oppatt den. Det som var reist ta brua, det slapp ein å tenke meir på. Det var reist. Nokke etterpå gjekk staget på topplanterna, så det var ikkje råd å få den opp og ned, så etter det førte oss ikkje ei ljosgneiste til lanterner for heile tida.  Det var parafinlanternar, så me slapp å plagast med å passe dei! -  Så når me trudde oss nærma oss Grønnland så fekk oss ein ny hylert på tre døgn. Men då kom dei på det at dei la ut bølgedemparar og det viste seg å vere veldig effektivt. Me låg med nedreva storsegl, ror til bords og bølgedemparar og oss fekk ikkje eit brot over dekk! Slik låg oss i 3 døgn. Me berre halte inn desse bølgedemparane og fylte på dei og gav dei ut att. Bølgedemparar er ei segldukspose på ein halvmeters lengde, som du fyller med Solar og så slakkar du dei ifrå skutesida i tau - ein tre-fire stykkjer frå rekka og framover og så ligg dei ein 10-15 meter bortpå sjøen og siklar ut oljen, og då dempar det sjøen, så oss fekk ikkje eit einaste brot på grunn av dei. - Så løya på vinden etter tre døgn og då begynde me å daske å gå. Og ei natt med måneskin såg oss virkeleg fjell. Det var Grønnland, då hadde me baksa i 21 døgn.

S.L.:  Men den andre skuta?

Den såg ikkje oss. Så kom me på land da, og begynde å gå opp Davies Stretet, og eit lite grann opp så traff oss is. Og ein kveld så sat der då to kvalrossar som me skaut, og då tenkte me at nå berst det nå til. Me fekk nå flå desse med stort besvær, skinnet var så tjukt at me hadde nesten ikkje knivar å skjere det med. Men neste dag var det ikkje nokon å sjå, oss fekk ein blårygg, men sia var der ikkje fleire. Så reiste me opp gjennom Stretet og der låg oss og segla vike etter vike, for oss brukte segla då og segla att og fram mellom Grønnland og Baffins Land - att og fram. Og skaut ein og annan bjørn, for det var der. Oss begynte å bli leie ta det, for det er nokke pjaskearbeide å flå den. Oss fekk ein dag 3 stykkjer, det låg ein på ein strimmel og oss gjekk for å skyte den for å få kjøt. Det var viktig for maten. Men med det same me kom rundt odden, der treffer oss to bjørner som sprang opp på isen, og dei skaut me begge to. Så gjekk oss rundt og skulle ta den oss hadde sett først.

Kjøt var viktig for matforsyninga, det blei servert bjørnekjøt to gongar om dagen, anten biff til middag og kjøtkaker til kvelds, eller kjøtkaker til middag og biff til kvelds! Oss hadde rekna med å fiske der oppe, men det viste seg at me fekk ikkje fiskebein på ongel for heile turen. Oss hadde med oss litt klippfisk. Elles var det bjørnekjøt. Det vart då klippfisk ein dag for vika, elles bjørnekjøt, men sundagane var det fårekjøt - saltakjøt. Slik låg vi til i mai - då den 12. eller 13. då kom vi borti nokre kvalrossar. Og begynte å fangste, og den 17. mai hadde oss den første virkelege fangstdagen, då begynde der å bli kvalross. Den låg på isen, der var svært lav is. Så ho låg på isen, ofte på flak så du ikkje såg isen, det såg ut som ho flaut på vatnet. Enkle dyr. Oss begynde å fangste og det gjekk på den måten at me fangsta frå båt. Ei vakt låg og ei vakt fangsta, og då var skipper og skyttar i fangstbåten og ein av mannskapet var ombord og gjekk med skuta. Skuta heldt seg på lang avstand frå fangstbåten, for kvalrossen er veldig sky. Så me måtte ro, ein mann sat som hamlemann akter og når me nærma oss eit "hold" med dyr - det kunne vere 3 - 4 dyr -  så låg alle mann ned i båten, unntatt han som hamla, han hamla og skota og kvar gong oss såg vaktmannen - for kvalrossen ligg med vaktmann - eit dyr er vaktmann og dei andre dyra ligg heilt roleg. Så når vaktmannen reiste på hodet, så røyvde me ikkje nokenting, hverken årar eller noke. Og når ho legg nedatt haudet, så hamla du igjen så lenge til me kjem på nokså kort hald og då skyter dei. Og dei må treffast akkurat i haudet, elles er det ikkje noko von om å få noke. For dei viste seg at hvis du fekk gamle dyr - hannar hadde store kular over ryggen, mykje ta det var ta det dei hadde sleijast med tennene. Men hvis du skar ta ein sånn kul, så kunne du finne ei blykule, det var nokså vanleg. Kuler av alle slags fasongar, du kunne finne fleire blykuler i ein gammal hann. Slike som eskimoane hadde drevet og skote med. Og så hadde dei ikkje gått gjennom skinnet, men hadde berre kapsla seg inn. Ein gong fann oss ein harpun i ein- som var innkapsla - som ein eskimo hadde slete frå seg ein gong.

så då etter den 17. mai fangsta me - i eit nydeleg ver, sol og svartestille dag etter dag, du rodde ut når du gjekk på vakt - det var klokka 6 og klokka 12 du skifte vakter. Var ute og kom att lasta, det hendte me hadde båten så lasta det gjekk ikkje an å ro for skinn! På den måten fangsta oss i dagesvis då. Men så viste det seg at det blei vanskeleg. Det begynde å bli mykje kvalross då, der var flak me antok der kunne ligge både 300 og 400 dyr. Men det gjekk ikkje an å prøve på. Ein dag ville me prøve på eit flak der me antok der låg ca 100 dyr. Då rodde oss ut med 2 fangstbåtar og 4 mann som skaut og hamla kloss inn på dette flaket så dei skaut på kloss hald - det var omtrent som du hadde teke handa og ført utføre - alle dyre kom utføre på ein gong, der låg ikkje att eit dyr. Dei hadde ikkje truffet eit dyr så mykje at dei hadde skote eit einaste. Då kom dei oppatt og sto som noken "mannar" rundt båtane berre så det yste med dyr omkring oss. Men dei var ikkje nokon hjelp i å skyte på. Så det lønte seg ikkje å prøve hvis der var meir enn ein 6-7 dyr på eit flak. Det beste var om der var frå 2 til 4 dyr på kvart flak. då fekk du som regel alle.

S.L.: Det var skinnet dokke tok av dei?

Ja, skinnet, tenner og spekket. Det var tennene som kosta penger. Men dette var tunge dyr, dei vegde eit par tonn desse. Så det hende seg ofte at me måtte ta eit dyr frå eit flak om det var for trangt til at det gjekk an å flå det der, så hadde du med deg dregg og talje og talja.det over på eit anna flak for å få flådd det. Og når oss lasta det ombord då - der hadde oss veldig mykje å takke maskinisten for, kva han sparte oss av slit! Dette var ei motorskute og så hadde vi steamvinsj med dunkkjel. Dunkkjelen var oljefyrt og hvis du skulle fyre denne med olje, så hadde det ikkje gått an, for då hadde oss blitt oljelause fort. Men maskinisten hadde funne ut at ha kunne lade luft frå motoren - hovudmotoren - og på dunkekjelen med luft, så han sto bestandig full med luft. Og dette kosta ikkje noke, for den lufta tok han frå hovudmotoren når han gjekk på sakte - så det var overskudd. Motoren var ein 160 hestars Bolinder. Likedan når me hadde seglmanøver, du veit kva slit det var å slite opp storseglet, men då og fekk oss bruke luft på vinsja. Når du hadde flådd dyra, så skulle du ha med deg tennene, alle dyr hadde tenner, men ikkje alle hadde like mange. Det skulle vere to, men store hannar hadde ofte berre ei att!

S.L.: Kor store kunne desse tennene vere?

Me hadde eit par eksemplar på 78 cm lange! Det var største paret oss hadde, dei var like lange begge to, det var ein hanne som hadde greitt å behalde begge desse to store! Oss måtte hogge av framste delen av hodet. Me hadde me oss øks. Og så tok me det med oss saman med skinnet og spekket, som følgdest åt. Når du flådde desse kvalrossa var dei så store at du måtte sprette dei både frå byk og rygg, altså i to deler. Dei blei så tunge at du tok dei i to deler. Skinna var så tjukt, det kunne vere ein tomme på desse hannane.

S.L.: Kva blei dei brukt til?

Før i tida så blei dei brukt til reimar. Men så kom balater-reima. --

S.L.: Kor mange dyr vart det på den turen?

Oss hadde 450 kvalross, og det var det meste som nokon gong var teke på ein tur den gongen. Men Hisø som oss ikkje hadde hatt meir føling med, ein dag oss fangsta - då treffer oss Hisø. Då hadde me vore der eit par månader. Då hadde dei brukt 4 viker på den overseglinga. Dei hadde ligget ei vike på Vestmanneyar på Island når verste stormen var. så dei sparte seg ein lusing der. -så oss låg så og fangsta utover til jonsok omtrent, då var oss fullfanga. Der var så nydeleg vær, og i førstninga

då var der så mykje ærfugl, då skaut me og hadde til middag. Men så reiste dei inn mot land og hekka, - der var rev også som slang utpå isen. Og bjørn og isugle såg me ofte. Der var eit yrande liv. Og så kvitfisk var der masse i sjøen.

S.L.: Kvifisk?

Det er ei lita kvalart, du kunne sjå når me låg og rodde, og spesielt når me hamla - då kom dei i flokkar som gjekk tett oppunder båten. Han var ettertrakta ein gong i tida for skinnet sin del til reimar, men det er nå historisk. - På slutten av turen oss låg der, då traff oss eit kvalkokeri. Det var det første oss traff av fartøy, før oss traff Hisø. Då rodde oss ombord, det var eit norsk, og eg traff der nesten kjentfolk, ein ta skytterane var frå Ålesund. Der fekk oss ein full last med kvalkjøt, så me fekk noe forandring frå bjørnekjøtet. Dei låg og fanga kval "Norskehav" heitte kokeriet, som hadde ein 3-4 kvalbåtar. Ja, me blei nå fullfanga, og tok oss heimatt - og nedgjennom Stretet fekk me ein ramlande nordavind, såme hadde ein fart så det berre kosta etter. Og når me kom på Fylla Bank, der låg ein færøyværing og skaka, der prøvde oss å fiske og der fekk oss fisk! Fersk, men der var grunnsmak av han, så det var nå så, men det var nå fersk fisk då! - Då oss kom ned for Kapp Farvel då blei han svartestilla oppunder Færøyane, då brukte oss 15 døgn på oversegling frå Davies Stretet og heim. Oss fekk motvind, austvind, og då kom oss heim då først i juli. Og når oss skulle levere, då trudde me at det var ein god tur. Spekket leverte oss inne i Urkevika for 10 øre kiloen. 60 tonn. Skinna dei blei ikkje selde, dei skulle lagrast. Tennene var det einaste det var noke pris på. Dei fekk oss 3,50 for kiloen for. Men så var rederiet så skuffa, der var ikkje nok kilo tenner etter antall dyr. Så oss måtte til å forklare at det var sjeldan ein stor hann hadde ti heile tenner. Hoene hadde berre noken små tenner dei, tanna på ein hanne var vel ein 3-4 gongar så ung som tanna på ei hoe.  -så det økonomiske resultatet var ganske magert. Oss var vekke mellom 3 og 4 månader, og det blei ca. 300 kroner!

Ein gong - me rodde på eit hold med 6 kvalross. så skaut dei 5 som blei liggande atte på isen og den sjette gjekk i sjøen. Så sprang ein mann opp på isen med harpun og to med gevær. For dei rekna med at dyret som gjekk i vatnet kom tilbake, dei var nysgjerrige som berre det. Og det stemte, den kom att. Dei ligg bak desse dyra, to med gevær og ein med harpun. Så reiste dyret seg slik - det står som ein mann framføre deg. Så skaut desse to og harpunen blei drust avstad. Dei som skaut bomma og harpunen sette fast! der reiste dyret i ein rasande fart og alle mann - 6 mann - saug seg på lina og skulle halde att, den som satt fremst heldt på å skulle gå i sjøen. Men den som var attast han hadde teke tørn på handa, så dei blei på isen. Til slutt kom ho opp, og då fekk annenskyttaren nådd i og skaut han.

Du har fremdeles ikke lagt til bildet i fotoalbumet.