BNR. 5/31 BERGSETT

Bergsett, slik det såg ut kring 1962 i si opprinnelege utgåve. Biletet er utlånt av Arne Nowak
Bergsett, slik det såg ut kring 1962 i si opprinnelege utgåve. Biletet er utlånt av Arne Nowak
Biltransportskipet "Norse Carrier" frå Odd Goddagers Rederi vart bygd i 1956 i Uddevalla. Skipet hadde ein bruttotonnasje på 13192,34 og var nesten 165 meter langt. Det vart nytta til å frakte bilar og hadde plass til omlag 1600 bilar per tur. Eg veit ikkje heilt sikkert kvar båten transporterte frå, men eg vil tru at det kan ha vore amerikanske bilar dei første åra.
Biltransportskipet "Norse Carrier" frå Odd Goddagers Rederi vart bygd i 1956 i Uddevalla. Skipet hadde ein bruttotonnasje på 13192,34 og var nesten 165 meter langt. Det vart nytta til å frakte bilar og hadde plass til omlag 1600 bilar per tur. Eg veit ikkje heilt sikkert kvar båten transporterte frå, men eg vil tru at det kan ha vore amerikanske bilar dei første åra.
Stefan saman med tvillingsønene Svein og Arne. Biletet er utlånt av Arne Nowak
Stefan saman med tvillingsønene Svein og Arne. Biletet er utlånt av Arne Nowak
Arna Nowak saman med tvillingane Arne og Svein. Biletet er utlånt av Arne Nowak
Arna Nowak saman med tvillingane Arne og Svein. Biletet er utlånt av Arne Nowak
Stefan med tvillingsønene Svein og Arne framom huset. Biletet er utlånt av Arne Nowak
Stefan med tvillingsønene Svein og Arne framom huset. Biletet er utlånt av Arne Nowak
Bergsett slik det ser ut i våre dagar. Biletet er utlånt av Arne Nowak
Bergsett slik det ser ut i våre dagar. Biletet er utlånt av Arne Nowak
Bergsett, slik det ser ut i våre dagar. Biletet er utlånt av Arne Nowak
Bergsett, slik det ser ut i våre dagar. Biletet er utlånt av Arne Nowak
Bergsett ligg ved vegen oppe i høgre hjørne. Huset som ligg nær sagt vegg i vegg like til høgre er tomta som Svein Nowak fekk skilt frå Bergsett tidleg på 1970-talet. Han bygde huset, som stod ferdig i 1988. Kjelde: www.Gulesider.no
Bergsett ligg ved vegen oppe i høgre hjørne. Huset som ligg nær sagt vegg i vegg like til høgre er tomta som Svein Nowak fekk skilt frå Bergsett tidleg på 1970-talet. Han bygde huset, som stod ferdig i 1988. Kjelde: www.Gulesider.no

Mange av tekstane som du finn her på www.emblemsbygda.com handlar om dei største gardane og dei mest kjende husmannsplassane. Til no har me satsa på å grave i den eldre historia åt bygda, men det er minst like viktig å ta vare på den nære historia om dei enkelte husa og menneska som anten er, eller har vore ein del av bygda vår i nyare tid. Det me skriv ned og dokumenterar i dag er faktisk morgondagens historie.

Den første plassen frå nyare tid heiter eigentleg «Bergsett», men er for dei lokalkjende helst omtala som «Nowak-huset». Takka vere gode opplysningar frå dagens eigar, Arne Nowak, kan eg no fortelle litt av historien om både huset og Nowak-ætta i Emblemsbygda. Det er ikkje like enkelt å samle slik nyare informasjon i skriftlege kjelder og arkiv, for det meste er enno ikkje tilgjengeleg for offentlegheita. Eg er difor særs takksam for at Arne har vald å fortelle det han veit og dele dokumenta på eigedomen som han no har i sitt eige.

Opphaveleg kjem tomta frå bruket Elvemyr, bruksnummer 8 under matrikkelgarden Nedregooten. Dette var opphaveleg eit kårstykke som Guttorm Knutsen skilde frå Guttormgarden kring 1857. Det var også etter han at hovudbruket vart heittande «Guttormgarden» fram mot våre dagar. Oldebornet og kaptein Johan Hjalmar Sivertsen Nedregotten (1903-1990) var ifølge 1910-tellinga det tredje bornet i ungeflokken på Elvemyr, og den eldste sonen. Han var først matros og deretter kaptein. Johan vart  gift to gonger. Først med Edel Helen Edvardsdotter Nyborg frå Sykkylven (1903-1955). Ho var opphaveleg fødd på Stranda og dei gifte seg den 28. mars 1926. I 1929 kjøpte dei farsbruket av Elias A. Giskeødegård og Andreas A. Terøy for 1350 kroner. I kontrakta fekk faren behalde bygselsretten og festeretten til husa som han sjølv hadde sett opp. Eit av desse var gamlehuset frå Øvste-Aksla som han kjøpte og sette opp kring 1913 ein gong. Då var det i alle fall sett opp eit nytt hus på Aksla, og det vert fortalt at aksla-folket nytta låven til overnatting medan nyhuset vart reist. Johan og Edel tok opp eit lån på 2400 kroner det same året. Truleg var dette lån til både gardskjøp og kanskje ei skjerv til søskena óg. Dette var i alle fall vanleg hjå sjølveigarar, men sidan faren var bygselsmann på festa tomt så var det nok ikkje snakk om dei store verdiane. Eg trur at dei starta å pusse opp i staden, for Salsprospektet for hovudhuset, som nyleg vart publisert, fortel at det skal ha vore ei utviding kring 1929. Ein trong nok meir plass om både kårfolk og den nye familien skulle få plass i den vesle stova. Året etter lånte Johan ytterlegare 4000 kroner. På samme tid var det fleire i bygda som gjekk saman om kjøp av større fiskebåtar med overbygg. Det er mogeleg at pengane vart nytta soleis, eller til oppdyrking og vedlikehald på garden. Eg har ikkje funne nokon kjøp av jord til utviding av bruket i pantebøkene. Av ein eller annan grunn så vart ikkje Johan verande som gardbrukar på Elvemyr så veldig lenge.

I 1947 fekk han frådelt ein parsell frå Elvemyr som fekk namnet «Bergsett» og vart skyldsett til 2 øre. Skylddelinga vart halde den 17. desember. Frå naboane møtte berre Steffen Nedregotten på Tryggeset opp. Skylddelingsformannen Karl O. Emblem frå Steffågarden skreiv i det tinglyste dokumentet at det ikkje var fleire som var interesserte. Formannen fekk hjelp av sambygdingane Hans Austrem og Georg Emblemsvåg, som erklærte at alt hadde gått rett føre seg og etter beste skjønn. Tomta grensa mot Elvemyr i sør, aust og nord og var på omlag 43 x 49 meter i gjennomsnittleg lengde og bredde, men ingen av dei parallelle grensene var like lange. Det vart også påpeikt at gjerdeplikta skulde haldast etter at tomta var frådelt.

På Bergsett bygde Johan og Edel seg eit flott nytt hus ved hjelp av byggelaget P&K Nedregotten. Etter frådelinga overlet han Elvemyr til veslebroren John Lois Nedregotten (1914-1998). John nytta ikkje mellomnamnet sitt i dei offentlege dokumenta. Han nytta heller S, som er ein rest av ein tidlegare namneskikk der farsnamnet også var med. S-en står altså for Sivertson, eller Syver, som han skal ha bli kalla på folkemunne. Denne tradisjonen er framleis levande på Island. I 1955 døydde Edel. Kaptein Johan vart dermed enkemann. Han fortsette å bu på Bergsett fram til 1961. På denne tida hadde han på ny funne kjærleiken. Helga skreiv også under på salspapira med etternamnet Nedregotten, så dei var gift på det tidspunktet. Av ein eller anna grunn så valde dei å flytte frå bygda vår.

Med salet av Bergsett kjem det ein ny familie utanbygds frå. Fru Arna Nowak (1927-2000) betalte i følge skøytet frå 8. oktober 1961, 55 000 kroner og fekk dermed skøyte på eigedomen med eigedomsmeklar Arthur Paulsen som vitne.

Arna Nowak vaks opp på Vartdal. Foreldra heitte Hans Eliasson Vartdal (1890-1974) og Anna Vartdal (1896-1982). Dei var busett på bruket Løbakk, bruksnummer 12 på Vartdal. Hans kom frå Knutegarden, bruksnummer 2, men fekk frådelt Løbakk i 1923. Han hadde då vert gift med Anna frå Veibust på Sula i 7 år. Hans livnærte seg som fiskar og gardbrukar. Saman fekk dei 8 born, der Arna Vartdal var den femte i flokken. Når den Andre Verdskrigen var over drog Arna til Oslo. Ho fekk seg arbeid som sjukepleiar på Aker Sjukehus. I Oslo møtte ho den tidlegare polske soldaten Stefan Nowak (1919-1974) frå Poznan. Han var her i Norge då krigen tok slutt. Då dei møttest hadde han fått arbeid som sveisar på Aker Mek. Dei gifta seg i 1955 og tok samstundes hyre på same båt i utanriksfart. I følge sonen Arne Nowak skal ein av dei første båtane ha vore «MT Johs. Stove» tilhøyrande Stove Shipping, som var ein del av Lorentzen Rederi Co. Stefan arbeidde då som reparatør medan Arna hadde ansvar for vaskeri og messe. Dei arbeidde i utanriksfarten i 7 år til 1962, og var heime berre to gongar i løpet av alle desse åra. Dei var ikkje heile tida i det same rederiet, men arbeidde også ombord på «Norse Carrier» som tilhøyrde Odd Goddagers Rederi, som frakta omlag 1600 bilar per tur, og hadde ei tid Wilhelmsens Rederi som arbeidsgjevar også. Utanriksfarten var ein god måte å spare pengar på. Ombord fekk dei alt dei behøvde inkludert husrom.

I løpet av desse åra vaks truleg lysta til å gå i land att og få sin eigen heim. Mest av alt ynskte dei å flytte heimatt mot Arna sine heimtrakter på Sunnmøre. Problemet var at det ikkje var så mange ferdigbygde hus til sals på byrjinga av 1960-talet. Faren, Hans fekk dermed oppdraget med å vere på utkikk etter hus som var til sals. I 1961 fann han tre hus som kunne passe. Det eine låg i byen, eit stod på Myrland, men det var huset på Emblem som fall best i smak. Sidan Stefan og Arna framleis var i utanriksfart, så vart det faren til Arna som kjøpte huset for dei i Arna Nowak sitt namn. Det stod soleis tomt i omlag eit år før dei flytte inn på Emblem i 1962. Det var ikkje mange i bygda som ikkje hadde nokon tilknytning i det heile. Familien vart kanskje ein av dei første i nyare tid.

Noko anna som også var uvanleg på den tida, var adopsjon. Borna Arne og Svein vart nemleg adopterte frå Polen. Det var ikkje så enkelt å adoptere på den tida, men sidan Stefan var polsk, så gjekk det seg til. Med to born å ta seg av, så slutta Arna å arbeide og vart heimeverande husmor i staden. Stefan tok opp att sitt tidlegare yrke som sveisar på Liaaen og deretter Pla-Ma på Myrland i Vegsundet. Dette var søsterbedrifta til Porolon og oppretta av Laurits Sunde for å konstruere og bygge maskinene som Porolon trong for å lage skumgummimadrassar. Eit par år på byrjinga av 1970-talet arbeidde han også på Uddevalla verftet i Sverige. Han pendla dit i eit par år, for der var det gode pengar å tene. Stefan vart ikkje så gamal. Han døydde berre 55 år gamal i 1974, og då vart det Arna som vart eineforsørgar i familien. Svein og Arne var kun 12 år på denne tida. Ho fekk seg nokre småjobbar opp gjennom åra før ho vart pensjonist. Mellom anna arbeidde ho på butikk i byen og på gartneriet på Furmyra.

I alle desse åra fortsette familien å bu på «Bergsett» mellom Tryggeset og Elvemyr. Sonen Arne valde etter kvart å gå i foreldra sine fotspor på meir enn ein måte. Han arbeider i dag til sjøs, men i langt meir heimlege strok som matros på Tideekspress, tilhøyrande Norled a/s. Han har også tatt over Bergsett etter mor si. Huset framstår i våre dagar som eit oppussa, moderne og velhalde hus, som ikkje liknar like mykje på det huset som mellom anna Bjarne Nedregotten ein gong var med på å byggje. Broren Svein fekk skild ut ei tomt Gnr. 5 Bnr. 100 tidleg på 1970-talet. Han bygde seg hus på denne tomta, som stod ferdig i 1988. Foreldra Arna og Stefan er begge begravd på Vartdal saman med resten av slekta til Arna. Men takka vera opplysningar frå sonen Arne, så lev dei framleis vidare i tekst og bilete her på www.emblemsbygda.com .