Om torvmyrane på Emblem

Gardane f.v.: er Solvang, Ytrebø og Vestrem. Dei vart etablerte i tidsrommet 1890-1937 på dei gamle heimeutmarkstykka til Steinsgarden, Abrahamsgarden og Larsgarden (nevnt frå venstre mot høgre. Midt på bilete finn ein torvløa og torvstykket til Ytrebø. Slåttemarka i framgrunnen ligg i bakkehellinga ned mot Storelva. Biletet kan vere frå seint 1930-tal eller 1940-talet. Det er enno uvisst kven som driv slåtten. Biletet tilhøyrer Par Almar Steinnes.

Eksempel på ei torvløe var bygd som ein "grindkonstruksjon" for Landbruksmuseumet på Gjermunes i 1995 av onkelen min, Jostein Sande. Løa manglar desverre torva på taket enno og veggar. Den er også sett rett ned i myra utan stein å stå på. (Foto: Svein Ove Østrem 2013)

"Vinkelspade", eller Torvspade frå oppland. Kjelde: http://www.digitaltmuseum.no/things/torvspade/NSK/SJF.12019?name=Under+jord&search_context=1&count=16&pos=0

Dette biletet vart laga til før eg fekk opplysningar om torvmyra til Tryggeset. Det vart heller ikkje plass til torvmyra på Grønevollen på dette biletet.

Torvtrillebår fra Fræna. Kjelde: http://www.digitaltmuseum.no/things/trillebr-til-torv/NF/NFL.21166?name=Trillebår+til+torv&search_context=1&count=1&pos=

Hatlebakkmyra og det som kan ha vore hyttemyrane ved Emblemsanden

Emblemsvågmyrane

Skaremyra og Tryggesetmyra

Den nyaste og mogelegeins ei eldre torvmyr tilhøyrande Østremsgardane på Grønevollen ved Frielebu

Myr og torv har hatt stor betydning for den nordeuropeiske kulturen heilt attende til førkristeleg tid og kanskje minst like lenge som det har vore fast busetting i landet vårt. Ein trur at enkelte myrområde har hatt stor sermoniell betydning, og frå Tyskland har ein også funne bosettingar i sjølve myrområdet. Myrene har dessutan vore ei viktig kjelde til kunnskap om fortida. Den sure og oksygenfattige myrjorda bryt nemleg ned biologisk materiale svært sakte og har difor verka mest som historiske arkiv for vår felles kulturarv.

Ei prøve frå myrene kan fortelle oss mykje om korleis klimaet har utvikla seg ved at ein sorterar kva slags planterestar og frø som er bevart på dei ulike djupnene i myra, men det kanskje mest spannande har vore funna etter menneskeskapte gjenstandar og mennesker som av ei eller anna grunn har vorte gravlagd nettopp der, truleg av rituelle årsaker. Nokre av desse ber spor etter menneskeofringar og kan såleis fortelle oss meir om at myrane kan ha hatt religiøse verdiar i tidlegare tiders samfunn. Kanskje har det vore slik ein tok kontakt med gudane sine her, som om dei var i eit forhistorisk naturskapt tempel?

Det er tusenvis av myrfunn som er registrerte, særleg av prydgjenstandar, men ein har også funne heile båtar som har vorte lagd ned i myra. Frå vår eigen region er funnet av Kvalsundskipet frå 600-talet på heile 18 meter eit av dei største funna so langt, men ein kan vera viss på at det framleis finst mykje spanande som enno ikkje har vorte avdekka.

I vår eiga bygd har det ikkje vore funne noko særleg med oldtidsfunn i myrene, men det har heller ikkje vore leita, og der er nok myrer å leite i. Det kan difor være meir interessant å sjå nærare på bruksverdien som våre eigne myrer har hatt i nyare tid. Men først kan det vere på sin plass med eit lite oppriss av det vi veit om bruken av torva og myrene i Emblemsbygda i eit historisk perspektiv.

Me veit at bruken av grastorv er minst like gamal som busettinga i bygda. Den vart først og framst nytta på tak. I tidlegare tider vart torva nytta dels utanpå vollar kring stein- eller treveggane på langhusa også. Torva gav god isolasjon mot vér og vind, samstundes som det var eit billig byggematerial. Sjølv etter at husa gjekk frå å vere lange grindkonstruksjonar til lafta tømmerveggar, vart det mest alltid torv på taket på våre kantar. Fram mot 1900-talet, og some stader, som i Sjursgarden, vart torvtak nytta enno lengre. Det var nok først og framst med innføringa av ferdiglafta kjøpehus frå Honningdalen på Glomset at skiferen vart meir populær kring 1901. Etter denne tida vart alle nye hus og løer bygd på denne måten, før Reitefolket tok til å produsera støpte steinheller til tak kring 1930.

På Larsgarden, gnr. 4 bnr. 2 på Østrem fann Olav Østrem slagg frå jarnutvinning nedanfor løa mot gardsgrensa til Høla for ein del år tilbake. Østrem er ein av dei eldste gardane i bygda vår, så dateringa er vanskeleg i dette tilfellet, men det har truleg vore gardsmie på Østrem i uminnelege tider. Knut Larsen Østrem (1856-1947) vaks opp i Larsgarden og gifte seg so til nabogarden, Steinsgarden. Han fann mellom anna ein liten ambolt, smiesté til finarbeid og ein særs godt brukt «Hvessesten» (Bryne) datert attende til omlag 800 e.kr. Alle funna vart kjøpt av rektor V. Voss i Ålesund og gjeve til Bergen Museum. Andre funn på garden har også omfatta reiskap til smie. Produksjonen av jarn i bygda vår har i all hovudsak vore henta frå jarnmalm i myrane. Ein kan finne «rustspor» som ber bodskap om slik malm over nestan heile Emblemsfjellet Delen av ei eldgamal jarnsaks, til klipping av sauder, som vart funne i den same gravrøysa ved gamletuna på Østrem kan soleis ha vorte produsert på garden, men det er også funne flotte sverd frå Frankrike og prydgjenstandar som er kjøpt andre stadar, der ein har spesialisert seg på å lage gode og solide våpen. Eg har ein teori om at klumpen med slagg kan ha vore frå ei tid då Storelva gjekk nedover omlag der Sirielva renn i våre dagar, altså fleire hundre år gamal, for staden har vore ideell med god tilgang på vatn, myr sand og det meste ein trong til utvinninga. Truleg kom myrmalmen ikkje frå sjølve bygda, med derimot frå fjellet.

Det er også kjend at det har vore mykje skog i både bygda og på fjellet før 1600-talet, når avskoginga tok til.På denne tida var dei store skogane lenger sør i Europa mest uthoggen, og stormakter som England og Nederland var i sterk ekspansjon. Det var eit skrikade behov for tømmer til nybygg, medan diker og byar vaks opp. I London var det dessutan fleire bybrannar som førte til behov for oppattbygging i tillegg. I Nederland var det store myrområder og tidlegare sjøbotn som trong diker, drenering, og husa i byane vart mange stader bygd på hundretals trepålar som vart slått ned i myrjorda i mangel på fast steingrunn. Oppkjøparar vende seg då mot Norge og segla inn i fjordane våre for å kjøpa alt dei kom over av skog og tømmer, til trass for handelsforbod. Fleire av dei første skipa var endå til utrusta med kanonar for å beskytte seg. Etter kvar var det byborgarar og embetsfolk som prestar og futar som krafsa åt seg dei pengane som det var å tene på sal av tømmeret. Dei kjøpte anten opp kyrkjebolsgods, eller utnytta og selde mest all skog på dei gardane som allereie tilhøyrde kyrkja. Etterkvart vart det sett opp flaumsager på fleire av gardane på Emblem, for ferdigskore tømmer var meir verdt. Desse jordeigarane hadde ikkje den same nærheita til bruka som vart tømde for skog og dei hadde heller ikkje den same bekymringa for mangel på skog til brensel og vedlikehald eller nybygg på gardsbruka,

Brukarane på Emblem trong erstaning for veden som dei truleg hadde nytta til brennsel i hundretals år. Skogen hadde tidlegare fyllt kvar ei øy og kvart eit nes på Sunnmøre. Der det i dag er myrar på Emblemsfjellet har det i mange tilfeller vore stor og kraftig skog. Nede i bygda finn ein framleis eit sagn om at då den første busette seg på Østrem, var skogen så stor at det var uråd å sjå at broren hadde rydda seg eit bruk på Eikenosa. Dette sagnet var nok særleg spanande å høyre for dei som vaks opp etter 1650-1700 når skogen var borte. Normalt vil skogen vere hoggbar igjen kring 50 år etter nyplanting, men det skjedde ikkje i vår eiga bygd den gongen. I staden vaks myrane, fleire stader i bygda var vassjuk, men drenering av myrer var ikkje påtenkt på den tida, og auka bart areal førte til at rovdyra kom mest bort i utmarka dei óg. Dermed vart det meir plass til beite og småfe, noko som førte til at det vart liten tilvokster av ny skog i over hundre år. Før 1850 veit ein av at det var mykje geitehald i bygda, og då heldt dei skogen nede også. Det var likevel nokre plassar som var anten for vanskelege å hogge heilt ut, lite eigna for husdyrhald, eller busett med framsynte brukarar, som no vart mest eineleverandørar av material til husbygging. Glomset var ein av dei. Sjølv i tida 1900-1910 kom dei fleste tømmerbygga i ferdige byggesett utover fjorden frå nettopp Honningdalen og Glomset. Gamleskulen på Skaret og Gamlehuset i Larsgarden på Østrem er to slike dømer på det, men stoppar du opp og ser deg ikring på Glomset, så ser du døme på fleire andre typar «ferdighus» som også har funne vegen til vår eiga bygd og frakta sjøvegen utover.

Med kaldare tider, mangel på brennfang og fleire myrar, måtte Emblemsbygdarane tenke nytt. Denne utfordringa var sams i heile distriktet, og løysinga kom kanskje med skottane som sende fleire skuter til Storfjorden for å hente nettopp tømmer. På dei britiske øyane var det meste av skogen uthoggen allereie, og ofte erstatta med svarttorv frå myrane kring bruka. Det er kanskje vanskeleg å forestille seg at nettopp torv kan brennast i våre dagar, men vart tørkeprosessen gjort på riktig måte, så vart det til godt brensel.

Bearbeidingsprosessen er til tider tung, men svært enkel. Først grov ein grøfter kring området der ein skulle grave ut torva. På den måten vart vatnet leia bort frå staden og myra drenert. Dei fjerna deretter det øvste laget med «grastorv» med anten torvspade eller ein form for kniv som vart kalla torvljå. No var det den svarte mosetorva som vart attende. Den hadde ein seig, fuktig, men fast konsistens, slik at den kunne delast opp i torvstykker omlag 15 X 20 cm i flatemål og 5-15 cm tjukke. For å få litt bedre arbeidskår, så grov dei først ei djup grøft slik at dei slapp å stå kun framoverbøygd når dei grov opp torva. Ein skar ofte ut eit større stykke i lengderetninga langs grøfta før ein grov ein ny lengd med 5-15 cm. Djupne. Slike utskjeringar vart kalla ein «benk», og kvart torvlag vart kalla benkar av di det etterkvart såg mes ut som ein lang kjøkkenbenk der skjerekanten frå dei tidlegare utspadde laga vart omlag som ein «vegg» imot den som grov. Ein nytta særskild utforma jarnspader til å skjere ut høvande stykker. Desse reiskapa kunne ha namn som vengjespade eller flyndrespade. Namnet kom frå forma på spada, der flyndre spada såg ut som ei flyndre med langt handtak og vengjespada var mest kvadratisk og flat med ein bøyd vinkel i framkant. Også denne vart festa på eit eige halvlangt handtak omtrent som på våre tiders spader.

Frå torvgropa vart stykka køyrt med ei torvtrillebåre der stykka låg to og to i høgda. Ein nytta oftst fjøler slik at hjulet skulle rulle godt utan å sette seg fast på veg mot tørkeplassar i nærheita som ofte var berg eller større steinrabbar. Ein slik stad vart kalla «Torvbell» på Jæren. Etter ein par dagar med tørking og snuing etter behov, vart torva «krakka». Då vart to stykker sett mot kvarandre, før to nye stykker vart sett intil dei første med eit stykke som «tak» oppå. I vår bygd vart denne tørkeforma ofte kalla kalla «å husa opp», og då måtte stykka vere passe stive først. Etter nokre veker med slik tørking vart torva anten stabla i pyramidar,ofte vart kalla «såte» eller «stakk», slik at stykka vart heilt tørre. På Skaret i Emblemsbygda vart den berre husa opp i staden. Til slutt vart torva lagt til lagring i eigne torvløer like ved staden der dei vart skorne og tørka. Desse løene kunne ha ulik form med eller utan veggar og byggemateriala var gjerne tilpassa staden der dei vart bygde. I vår bygd var det nok som regel nytta grindbygg med torvtak. Inne i huset vart det tradisjonelt nytta staur som vart lagt i tett rutemønster med nokre centimeters avstand i høgda slik at torva fekk god lufting.

Inge Akslen på Skaret fortel at ein tok til med torvspadinga mellom våronna og slåttonna, slik at ein fekk nytte den varmaste sommartida til tørkinga. Då måtte «alt folket» på garden vere med, gamal som ung. Den som ikkje makta å vera med på sjølve tungarbeidet kom met mat. Det vart som regel ei koseleg matøkt i lyngtuene ikring torvmyra, før ein måtte ta til med arbeidet att. Låg torvmyra nær husa, vart den køyrd til gards etter slåtten på hausten . Andre stadar måtte ein vente til vinteren og skareføre. Var det torv som ikkje var tørr nok enno, så måtte ein ta til å «husa» oppatt ein gong til og ein slik form for dobbeltarbeid ville ein gjerne unngå

Dei eldste torvmyrene

Eg har funne fleire stadar i bygda vår som har vorte nytta til torvteigar. Det gamle hovudbruket i bygda, Emblem, hadde torvteigar i Langhaugdalen utanfor Steffensen og Spilka. Det meste er i våre dagar fyllt att og drenert, men i tidlegare tider var dette eit særleg blautt myrområde. I si tid gjekk vegen frå bygda gjennom Langhaugdalen, eit folketomt område med tidvis svært dårleg køyreveg. Det hende også at bussar og bilar køyrde seg fast i gjørme i teleløysinga om våren. Du kan dessutan lesa om gulltransporten i 1940, der ein av bilane køyrde seg fast nettopp der då Norges Bank skulle evakuere frå Ålesund. Emblemskarane var mykje plaga av vatn i torvholene sine i Langhaugdalen. Grøftene klarte ikkje å ta unna alt vatnet, og då var det heller utriveleg å stå til knes i vatten og spa torv. Frå gamalt av trudde ein dessutan at det var troll der. Karl O. Emblem fortel soleis ei artig historie frå verkelegheita om Langhaugtrollet:

«Den vesle soga eg her skal fortelje er frå 1915/20-åra: Emblemskarane hadde torv og moldmyr på både sider av Langhaugen. Ein haustdag skulle to emblemsgutar hente torv eller mold i Langhaugdalen. Det var tidleg om morgonen og dei var modige karer. Dei skråla og ropte at nå kunne Langhaugtrollet berre kome for dei var ikkje redde. Då dei skulle køyre av vegen og burt på torvmyra vart dei vár to skapningar utan hovud og armar kome ned vestre Langhaugbakken. Det gjekk i ei viss fart å få snudd hesten andre vegen og det bar på heimveg det fortaste hesten kunne springe. Kome heim på tunet hivde dei frå seg taumane, storma inn i huset og for inn under bordet og gøymde seg. Dei to skapningane dei hadde sett, var han Myre-Ole og han Myre-Johan som hadde vore ute i Vågane for å få seg agnsild. Men vågekarane skulle ikkje take opp sild den dagen, dei måtte difor fare heim med tomme kaser. då dei såg og høyrde dei to modige gutane, kolvde dei kasene ned over hovudet og vart då utan både hovud og armar å sjå til.»

Kvar Emblemsvågen hadde torvmyr, er eg ikkje heilt sikker på, men det var truleg på same staden om Emblem opphaveleg. Røssevollen derimot henta torv på myrflatene på fjellet ovanfor gardane. Her var det fleire å ta av, så noko nøyaktig posisjon for torvholene har eg ikkje funne enno.

Nedregotten henta torv ein rekkje stader. Eg veit med sikkerheit at Skaret nytta myrane like vest og nord for tunet. Desse stadene er enten drenert og dyrka opp eller bebygd i våre dagar, men namn som Myrvang og Elvemyr frå 1800-talet i området sør for hovudvegen (frå Resebakken og vestover forbi Bedehuset mot Røssevollelva) er truleg namn knytta til eldre torvplassar før dei vart rydda til husmannsplassar frå omlag 1850-1910. Dei vart i alle fall nytta etter att Nedregotten vart frådelt Østremsgardane, men dei også vere enno eldre enn det. Det fanst også myrer nedover mot sjøen, men eg kan ikkje finne spor etter bruk av desse frå eldre tid i alle fall.

Den siste kjende felles torvmyra til Østremsgardane låg oppå Grønevollen på flata kring Frielebu. Om dette er den opprinnelege torvstaden er eg usikker på. Det fanst også egna stadar nede i bygda langs Storelva vest for steinbrua, men det er også mogeleg at myrane på Grønevolen var best eigna. Nærare brua og elva mot fellesbeitet er der fine tørkeplassar på bergrabbane til å tørke torva. Arthur Østrem fortel at der låg tre torvløer der oppe. Østremskarane nytta tørking med pyramidestabling eller såter før den vart lagra. Desse torvløene hadde veggar, for torva vart først kjørt til gards på vinterstid. I Abrahamsgarden hadde dei heimelaga småsledar utan styring eller bremser til dette arbeidet. Han hugsar at han og broren, «Kallen», tok turen opp dit og lasta opp sledane sine før dei sette av gårde på snødekte vegar nedover Gamlegrønevollen, ein veg som gjekk stortsett rett framover ned dei brattaste bakkane. Då kan du tru at det vart meir enn god fart nedover for den som klamra seg til kjelken og torvlasset. Eg er ikkje heilt sikker på kven dei andre torvløene tilhøyrde, men det er nok temmeleg sikkert at Mattisgarden hadde den eine, og kanskje var den tredje løa Larsgarden sin. Det må i så fall ha vore før dei flytte torvuttaket sitt nedatt i bygda. Den kan også ha tilhøyrd Steinsgarden, men som regel følgde rettane i Steinsgarden saman med Abrahamsgarden sidan bruket vart seint kjøpt ut til sjølveige frå dette bruket. Der fanst ikkje så mange myrar på Østrem etter at dyrkingslåna vart oppretta, og kring tuna var det stortsett sand istaden.

Aksla og Reiten hadde truleg sine gamle torvteigar nær Tudalen og grensa mot Magerholm. Dei var også betre stilt når det gjaldt tilgong til ved. Kring bruket var det fleire bratte områdar der det var vanskeleg å ta ut tømmer eller ha dyr på beite. Dei hadde tidleg registrert noko brennfang til ved, men som regel vart veden seld til andre i staden for å verte nytta i eigen omn. Sekkar med ved kunne gje god forteneste for den som likevel skulle ro til byen for å handle. Slik var det også på Magerholm og Hesseberg, men det var ikkje alle som fekk tilgong på denne veden og i ein periode trong dei skogen til kalkbrenninga på Magerholm.

Eg har ikkje funne ut kvar Magerholm har henta torva si, men i Magerholmdalen låg i alle fall forholda til rette. Er det nokon som har greie på dette, så er det fint om dykk tek kontakt.

Nyare torvteigar

I mellomkrigstida endra uttaket av torv seg i bygda vår. Det var truleg vansklegare å halde seg til nokre få områder per matrikkelgard, for nye eineboligar kom til og hyttetomter vart stadig meir populære å kjøpe i bygda vår. Dei første som bygde seg hytter hadde anten slekstskap med den som selde, eller slekt i bygda og mange var også fødde og oppvaksne her, før dei anten vart gifte eller drog mot Ålesund for å finne seg arbeid . Tidligare hadde dei som hadde gjort det godt økonomisk tatt seg råd til å leige seg husrom på gardane her inne for seg og familien sin, men etterkvart så vart gardbrukarane her inne mindre viljug til å flytte ned i kjellaren og overlate resten av huset til byfolket. Slektskapen vart óg meir utvatna medan det å byggje si eiga hytte vart meir populært. Opphaveleg hadde hytteeigarane lov til å ta seg torv på den garden der dei hadde kjøpt eller fått tomta, men dette gjekk ikkje i lengda. Det vart dermed meir vanleg å kjøpe seg torvrettar samstundes som mange gardeigarar i bygda ynskte seg torvmyr så nær tunet som mogeleg. På denne måten vart vegen kortare og behovet for eigne torvlager ved myra fall bort.

Ein kan omtrent seie at kvar ei dugandes myr i bygda vår vart no nytta fram mot byrjinga av 1950. Emblemsvågen nytta no myrane like nord og aust for den store gruslagde parkeringsplassen avkjøyringa til garden Sandvik. Derifrå gjeng det ein myrlendt dal ovanfor Emblemsanden og heilt inn mot innmarka i Kaldhusgarden, eller Hatlebakken som den eigentleg heiter. I denne dalen er det spor av ei torvmyr i kvar ende. Det er mogeleg at hytteeigarane oppe på kanten ovanfor Emblemsanden og like sør for dette myrområdet tok seg brenntorv lengst vest, medan Hatlebakken spadde torva si lengst aust i svingen før vegen endar opp i den vesle stien ned til sandvolleyballbana frå aust. Dette var dessutan grensa på innmarka til garden og kjørevegen ned til hyttefeltet var temmeleg god. Held me oss på ner-sida av hovudvegen, så kjem me vidare aust mot Nedregotten og Tryggeset. Tor Nedregotten minnest at Tryggeset-folket tok torv mot nord-aust der Erling Nedregotten sitt hus står i dag. På Skaret henta dei torva si nord-vest for Skare-tunet på ner-sida av dagens hovudveg, i området ved staden der kommunegarasja og Skulen og Ungdomshuset ein gong stod. Olav Østrem hugsar at der var ein høg myrkant og at dei tømde utedoa frå Ungdomshuset ned i den same myra. I våre dagar er dette området utstyrt med transformatorstasjon og hus, samt veg vestover mot Resebakken og «Liaklevhuset» før det går utforbakke ned mot bedehuset. Frå 1930-åra var både heimeutmark og utmarka delt opp med eigneområder til kvar gard, så det vart difor lettare å lage seg til torvmyr på eiga hand.

Fortsette ein mot Magerholm langs sørsida i forhold til hovudvegen, så var der ei god myr rett aust for vegen som går ned til Vedhaugen, ved Emleimskiltet innover mot huset til Harry Bjørkavåg og sjøvegen til Høla og Reiten. Området innanfor Gjerdet, der ein køyrer ned til Stigen og det vesle byggefeltet i Stampen, kan det også ha vore uttak. Det kan då ha tilhøyrd Gjerdet og Stigen. Kanskje var det her Steffen Magerholm inne på Pe-haugen fekk kjøpe seg rett til å ta ut torv mot ein sum på 100 kroner til brukaren på Øvste-Aksla, Desverre er beskrivelsen av kvar stykket lå alt for uklart til at eg kan vere sikker. Per dags dato kjenner eg ikkje fleire stadar med sikkerheit, men eg vil tru at der var fleire. Løvika og hyttetomtene der har nok også hatt rettigheiter i dette området, og det er fleire egna stader i nærheita. Sjursgarden, Skorene og Magnusplassen på Emblem er andre stadar med ukjent uttak, men Eg vil tru at «Gullmyra» nedanfor tunet til Agnes og Ingvald Flø i retning mot Emblemsvågen sine myrar kan ha vore eigna stad.

Tek ein turen utatt på Nordsida av dagens hovudveg, så er torvstaden til Magerholm og Magerholmvika ikkje kjend. Derimot er det framleis spor å finne like vest for Brennhaugen si nordvestlige innmarksgrense ovanfor gamlevegen (i dag kalla «Paratvegen») mot Akslastubben og Akslagjerdet. I tidlegare tider låg torvmyra i Tudalen, like ved, for dette området vart ein gong nytta som felles beite mellom Aksla, Reiten og Magerholm, men då nye husmannsplassar kom til kring 1850-åra, så vart mykje av denne utmarka gjerda inn slik at der ikkje fanst nokon naturleg passasje for dyra til Magerholm lenger. Jarle Reiten fortel at han hugsar torvmyrene til Reiten som låg like sørvest for Løa i Høla, der han og broren Reidar bygde seg hus seinare. Desse to tomtene grensar i våre dagar mot avkøyringa til Østrem, Nedregotten, Akslen og Reiten. Dei hadde ikkje noko torvløe der nede, men frakta den tørre torva heim att til garden og lagra henne i «Smalefjøsen».

På andre sida av vegen, like nord for den nye turparkeringa og Sirielva hadde Larsgarden torvmyra si til sist. Opphaveleg hadde dei nok henta seg torv oppe på flata ved Frielebu på Grønevollen, men etterkvart vart det raskare å hente seg torv «nede i myrane» mot grensa til det vestlegaste innmarkstykket til Høla. Det er i det samme området at kraftlinja går frå vegen opp mot Østrem og vidare austover mot vegen opp til Reiten. Det meste av dette stykket er i våre dagar skogdekt, men eg hugsar at då eg var mindre, så var der ei djup vassfylld hole på omlag 4-5 meters diameter der me laga oss «stubbebåtar» som me flytta over vatnet med lange trestokkar. Båten hadde som regel ein rest av ei grein ståande att, slik at me fekk tak med stokken. I dag er det vanskeleg å finne så tydeleg spor, men skjerekanten er godt synleg framleis. Far min, Olav Østrem var med på denne torvspadinga. Den siste tida tok dei torv lengst vest mot grensa til Mattisgarden. Han kan ikkje hugse at dei nytta nokon torvljå når topplaget skulle fjernast, men dei hadde «vingespade» (som tidlegare nemnd) og torvtrillebår med 10-15 cm breitt trehjul. Ein trong ikkje noko fjøl for å hindre at trillebora sokk ned i myra, for torvstykka var lette å temmeleg turre. Han minnest at torvstykka kunne vere omag 50-60 cm lange. Ein trong ikkje ta hensyn til størrelsen på omnen heller, for den tørre veden vart seinare skjert opp i høvelege stykke på garden. Den gamle trillebåra stod lenge i skylet som vart bygd inntil Larsgardløa si austlegaste kortende, men då bølgeblekktaket fekk hol, så rann det vatn inn og trillebåra måtte til slutt kastast. Torva vart brend i den mannshøge omnen i finestova i Larsgarden. Torva var fin brensel, men det vart mykje oske ta ho. Oska fekk likevel god nytte som gjødsel kring ripsbærbuskene på garden.

Abrahamsfjøsen frå Grønevollen enda sine daga på utsida av innmarksgjerdet ovanfor Abrahamsbakkane. Arthur flytta den uten å demontere løa. Han sette den på tvers på traktortilhengaren (i bjelkeretninga) og køyrde den ned vegen i gamlegrønevollen med traktoren sin.

Farfaren min i Larsgarden hadde mange søstre. Fleire av desse fekk seg eit stykke til hyttetomt «Ute i Marka» vestanfor Storelva like innanfor tunet til Knut Ramsvik på Vestrem. Dei fekk seg eit torvstykke nedanfor vegen mot Storelva. Dette stykket vart frådelt kring 1940. Det skulle vise seg at det ikkje vaær noko stort behov for nokon torvmyr, så den vart seinare seld til Bertil Humblen til fabrikktomt i staden, før Asgeir Flydal kjøpte den og dyrka opp. Den gamle gardsgrensa mellom Larsgarden og Steinsgarden gjekk nemleg i ei rett linje der grensa mellom Vestrem og Flydalsgarden går i dag. Grensa fortsatte rett over vegen, der det i alle år har stått eit stort tre nedanfor nyløa til Asgeir, og vidare ned til elva. Det var truleg ved dette treet at den opphavelege grinda og steingarden, som delte plassane, låg før 1900. Den første plassemannen på Vestrem, Marka-Hans kom frå Larsgarden opphaveleg og fekk frådelt denne plassen før oldefaren min frå Sjursgarden, før Lars Austrem tok over. Han fekk også nokre kvadrameter med jord nedanfor Markavegen frå Østrem og ut til Skulen, men den største delen av stykket nedanfor vegen og Vestrem var altså torvmyra til dei tidlegare nemnde hyttetpmtene.

Karin Eriksen (f. Hollevik) er søskenbarnet til faren min. Ho bygde seg hytte saman med mannen sin, Richard Eriksen, i 1962. Ho hugsar at ho alltid budde i Larsgarden saman med mor si og tvillingsøstrene sine om somrane, den gong ho var ei lita jente. Tantene var som regel alltid med og hjalp til med gardsdrifta om somaren. Dei samla seg også til dugnad på torvmyrane. Morfaren, Lars Austrem, og onkelen, Hans, (som seinare tok over Larsgarden) var også med. Dei spadde stort sett torv til bruk hjå besteforeldra inne på Østrem. Karin minnest ein gong ho var med frå barndommen kring midten av 1930-åra ein gong. Ho var kring skulealder og hjalp nok først og fremst med stabling av torva i hus eit par dagar etter at ho hadde vorte skore opp. Ho hugsar likevel godt den lange smale svarte spaden som anten Lars eller «onkel-Hans» stakk ned i myra. Dei andre sette torva «i hus». Karin var då ei lita jente. Ho hugsar at ho var redd for tusenbeina som kravla i myra.

Flydalsgarden, eller "Ytrebø" hadde torvplassen sin så og seie kant i kant med Larsgarden der "ute i marka". Stykket låg nedanfor smia til Karl Flydal på ei flate, før det gjekk unnabakke nedover mot Storelva som rann på tvers utover mot skulen. I denne bakkehellinga var det dyrka opp slåttemark tilhøyrande Larsgarden. Torvteigen er nemnd i utskiftingspapira attende til 1892 og faktisk enno lenger attende også. Det var nemleg slik at Abrahamsgarden på Østrem vart kjøpt ut til sjølveige i 1862 av båtbyggaren Peter Rasmussen Ødegård frå Volda. Han makta ikkje kårytingane til alle som hadde rett på dette på den tida. Han selde difor bruket til Johan Nilsen Emblem frå Ebbegarden og vart bygselsmann igjen. Sonen Andreas Petersen Østrem fekk kjøpe attende Abrahamsgarden i 1889, men Johan heldt då att på torvretten sin på dette heimeutmarkstykket, som stod ved lag då Iver "Kjøt-Iver" Karlson Furset fekk kjøpe jord til å etablere garden Ytrebø der i 1892. På 1940-talet stod der framleis ei torvløe som anten kan ha tilhøyrt Flydalsgarden eller Ebbegarden. Den er synleg i biletalbumet til denne undersida.

Fortsette me vidare vestover, så kjem me mot Toskhaugmyra. Den tok til like nedanfor Toskhaugen som låg rett ovanfor midtbana på dagens store kunstgrasbane, Ebbemyra, ved skulen. Torvmyra strekte seg godt innover mot midten på dagens bane, og her var det også ei naturleg skøytebane kring 1950-talet. Torvmyra og området ovanfor, omlag der runderenna på ski for dei minste har gått i alle år, vart seld til Andreas Emblem frå Ebbegarden på den forutsettning at Ebbegarden fekk fortsette med uttak av mold og torv der. Dette markastykket vart seinare kjøpt attåt garden Solvang som Alfred Østrem frå Abrahamsgarden fekk kjøpt seg jord til å dyrke opp. Eg vil tru at Jakobgarden tok seg torv på omlag same staden dei óg, men her har eg enno ingen sikre oplysningar om dette. Andre områder som truleg har vorte nytta til torvmyr er Auregardstykket som vart omgjort til kårstykke og fekk gardsnamnet «Myrane» nord for hovedvegen og midt mellom dagens vegar til Ystebøen og Røssevollen.

Her stoppar også mi vesle fortelling om torvmyrene opp i mangel på ytterlegare opplysningar. Eg har vald å publisera denne teksten sjølv om den er mangelfull, i håp om at nye opplysningar kan kome til frå den som les teksten og ser at det er noko som manglar. Veit du noko meir, så vonar eg at du tek kontakt med meg på følgande adresse: sveostrem@hotmail.com


Kjelder:

Inge Akslem (nedskrive av Magnar Gridseth/Emblem skule)

Olav Østrem (fortalt til Svein Ove Østrem i fleire omgongar 2012 og 2013)

Karin Eriksen (informasjon per e-post til Svein Ove Østrem 17.10.2013)

Arthur Østrem (fortalt til Svein Ove Østrem 26.7.2013)

Jarle Reiten (fortalt via Facebookmelding 18.10.2013)

«Torv til brensel» frå Lyngheisenteret på Jæren: http://www.lyngheisenteret.no/undervisning/12_torv_til_brensel_040505.pdf

http://nn.wikipedia.org/wiki/Myr

Digitalisert versjon av Per Fetts serie «Førhistoriske minne på Vestlandet:

http://www.dokpro.uio/arkeologi/fett/

Universitetenes arkeologiske gjenstandsamlinger , Bergen Museum:

http://www.unimus.no/arkeologi/forskning/

«Borgund og Giske» Bind 1 og 2 , Borgund og Giske Bygdeboknemnd, Boktrykk Bergen (1957 og 1961)

Ein rekkje kjelder frå fagtidskriftet «Historie» om diverse myrfunn i Danmark og Tyskland.


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Roy Johansen | Svar 07.05.2016 01.02

Husker som guttunge, vi dro på torv myra I Aasen på Vega på Helgelands kysten. Vi hjal med å reise de opp på kan for å törkes, og til slutt så stablet vi di opp

Svein Ove 09.05.2016 01.04

Svein | Svar 13.05.2014 22.14

Noen som vet om myra ble brukt terapeutisk mot sykdommer?
Torv skal ha god virkning på immunforsvaret. Man la seg i gytje-/torv-bad. Stoffer trakk inn i huden.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE