Historia om Øvste-Aksla bruksnummer 1

Knud Hansen Akslen og Lise Larsdatter Emblem fotografert i 1925. den digitale kopien av biletet er først publisert på nett i www.digitaltmuseum.no og tilhøyrer stiftinga sunnmøre museum med arkivnr.: SM.F.001173

Øvste-Aksla i 1908. Alle på bildet er ikkje identifiserte enno, men dama bak med lys stripa kjole er Eline Knutsdatter (f. Akslen) Østremsreit, den høge mannen med bart er ektemannen Jacob Østremsreit (dei bodde på Stigen som ofte vart kalla Stampen). Kvinna til høgre for Jacob er svigerinna Antonette "Anti" Akslen. (f.1888) Det eldre ekteparet som sit er Hans og Lisa Akslen. Dei dreiv Øvste-Aksla til 1940. Jeg vil tro at de to som står lengst mot venstre er Karl Knutsen Akslen (f.1895) og Maria Knutsen Akslen (f.1886) som var tener hos foreldrene i 1910 i alle fall. Det er mulig at ungjenta som står lengst til høyre er Tea Knutsdatter Akslen (f. 1897). de to borna i kvitt, mellom besteforeldra er truleg Lovise og Ragna Jacobsd. Østremsreit. Orginalbildet tilhører Bjørn Vidar Sæter

Lengst til høgre sit Lars Kornelius Knutsen Akslen (1884-1929). Han er fotografert saman med mellom anna Hans Iversen (Furset) lengst til venstre som starta handelen på Korshaugen. Frå kring 1925 tok Lars og broren Knut over denne butikken under firmanamnet (L.K. Akslen a/S). Fotostatkopien frå 1987 tilhøyrer Emblem Skule

Marie Knutsdotter Akslen (1886-1971) og Tomas Karl Bastian Ols. Grindvik (1887-1974) frå Skodje hos fotograf Johannes Sponland i Ålesund 1918. Dei gifte seg i Borgundkyrkja dette året og kjøpte Halvardgarden på Apalset i Ørskog. Orginalplata tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal med arkivreferanse AM-95003.038938

Hans Larsen Østrem (1858-1942) frå Larsgarden som var gift med Marte Hansdatter Akslen(1856-1934). Dei kjøpte og fekk utskilld br. nr. 6 Vestrem frå Larsgarden br. nr. 2 på Østrem i 1909. Hans og Marte dyrka opp stykket frå grunnen av.

Øvste-Aksla. Kanskje før bilvegen opp Akslabrauta vart lagt om? Kan det vere doktorskyssen eller drosja til Alfred Østrem? Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.

Lisa Karoline Pettersdotter Myklebust (1896-1977) frå Stranda. Ho gifte seg med Hans Knutsen Akslen(1881-1940) som dreiv garden 1927-1940

Kopien av dette utskiftingskartet vart forenkla og opphaveleg prenta i gardsoga for Borgund og Giske band II 1960. Orginalkartet tilhøyerer jorskiftedomstolen si arkivsamling. Avfotografering: Svein Ove Østrem

Antonette (Anti) Akslen (1888-1957)

Thea Akslen(1897-1980). Ho gifte seg på Nabobruket Abrahamsgarden med Petter Andreasen Østrem (1897-1962). Fylkesfotoarkivet har orginalplata til det same biletet. Der har det arkivnummer FAKf-100530.236006 og opplysningar om at fotografen er Sigvald Moa i 1917

Jakob Iver Olaus Rasmussen Østremsreit frå Reiten og Eline Thomassine Knutsdotter Akslen frå Øvste-Aksla gifte seg i Borgund Kyrkje i 1904. Dei fekk frådelt ein halvdel frå Stigeplassen i heimbygda Emblem. Denne plassen låg under dei to gardane som dei kom ifrå. Jakob og Eline sin part nærmast sjøen fekk namnet Stigen, medan den gjenverande parten med den opphavelege plassemannen vart heitande Gjerdet. Dette biletet finst også i fylkesfotoarkivet med arkivreferanse AM-95003.000533 Foto: Eckroll i 1904

Karl Elias Knutsen Akslen (1895-1941) Han var medeigar i Aksla-buda samman med broren Lars under namnet L.K. Akslen a/s frå 1925 til ca 1935. Karl vart lam etter ei fallulukke på låven på Øvste-Aksla. Det var truleg medverkande årsak til at han etterkvart avvikla aksjeselskapet og overlot butikkdrifta til andre. Til slutt fekk søstera "Anti" overta huset med utleigemogligheitene, som takk for at ho hadde tatt seg av Karl etter ulykka. Fotograf: ukjend. Fotostatkopien tilhøyrer Emblem Skule

Øvste-Aksla anno 2013. Foto: Svein Ove Østrem

Kan det vere Ragna Terøy sittande til venstre? Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.

Kanskje den siste bursdagsfeiringa av Lisa Akslen 25. juni 1935? Ho sit fremst på ein stol. Det er litt usikkert kven alle er enno men det kan vere bakerst f.v.: Petter Østrem og Thea Østrem, kanskje Marie Grindvik, Peter Norvald Akslen?, Antonette Akslen og ukjend. Framme f.v.: Trygve Østrem?, Knut Akslen, Lisa Akslen og kanskje Laura Akslen? Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.

Kan det vere f.v.: Lovise og Ragna Terøy? Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.

frå bryllupet til Knut Lauritz Akslen og Maggy Thorvik. Dei tok over garden. Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.

Selskap på Øvste-Aksla? Her er dei fleste namna enno usikre, men f.v.: står i alle fall Thea Akslen g. Østrem med eit barn på handa, Antonette Østrem, Hjørdis Terøy g. Akslen, kanskje Lovise g. Emblem, ukjend, Ragna Akslen g. Terøy? og ei enno ukjend. Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.

Øvste-Aksla. Kan det vere f.v.: Lovise Emblem og søstera Ragna Terøy? begge vaks opp på Stigen, også kalla Stampen. Biletet er tatt ved Øvste-Aksla av ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.

Naboar og gode vener på Aksla. Ukjend fotograf. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.

Hovudhuset på Øvste-Aksla. Kan det vere Karsten Terøy som er fotografen? Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Hovudbruket på Aksla har fått namnet sitt frå Akslanakken som kneisar over garden på både godt og vondt. Skråninga bak gardshusa på hovudtunet er bratt og full av stein og laus jord, så det er ikkje heilt fårefritt å gå kring foten av Akslanakken til tider. 

Garden grensar mot Magerholm i aust og Østrem og Nedregotten i vest, der Sirielva er grenseelv. Namnet «Aksla» kjem truleg frå det gamalnorske ordet «oksl» som igjen har utspring frå namn på lekamsdelar. I ein periode har slike namn vore flittig brukt, og ein finn fleire slike eksempel i vår eiga bygd, samt i områda ikring. Akslanakken består soleis av dei to ledda «aksel» og «nakke», som båe er lekamsnamn. Vidare utgjer Akslanakken, Mellomstenakken og Stornakken ei markant lita fjellrekke som vert kalla «Nakkane», og som på mange måtar kan seiast å vere det geografiske kjennemerket på bygda for den som kjem vest ifrå. Vassnakken ved Akslasetra er eit anna eksempel på denne gamle namngjevinga. Historisk sett, skal Aksla og Reiten, tidlegare kalla Østremsreit, ha høyrd saman og det var først kring 1640 at Reiten vart skylddelt som ein eigen gard. Reiten fekk då 1 våg skyld, medan Aksla fekk tilsvarande mindre, til 1 1/2 våg. Dei to gardane hadde teigbytte på innmarka og hadde felles utmark heilt fram til utskiftinga i 1894.

Det er nærast umogeleg å seie med sikkerheit kor gamal garden er, og det er ikkje funne nokon fornfunn enno som kan gje oss noko spor heller. Gardsnamn og kunnskap om grannegardane kan bidra til ein påstand om at garden vart rydda kring vikingtida, for så å verte lagd aude etter Svartedauden. Truleg vart garden teken opp att ein gong på 1500-talet i likheit med dei fleste andre audegardane i distriktet. Frå 1603 finst der skrivne kjelder som vitnar om at garden var i drift og at det var 2 brukarar. Mykje tyder på at Reiten vart rydda igjen først i 1620 og fråskild Aksla kort tid etter dette.

Eigarane

Øvste-Aksla har frå 1626 vore underlagd Borgund Prestebol og var framleis ein del av dette godset heilt til garden vart kjøpt ut i 1832. Kven som åtte garden tidlegare er det vanskeleg å finna gode svar på, men det var truleg skogen som var årsaka til at presten kjøpte bruket på byrjinga av 1600-talet. På denne tida kom både hollandske, engelske og skotske skuter til norskekysten for å kjøpa opp alt tømmer som dei kom over. Borgundpresten let seg ikkje be to gonger, og han sette dessutan opp flaumsag for å få enno betre betalt for tømmeret. Det må ha vore ei temmeleg stor drift med mange i arbeid, for Det kan ikkje ha gått så mykje meir enn omlag 20 år før all skogen var nedhoggen og flaumsaga borte igjen. Det er mogeleg at den vart flytta videre eller seld etter 1630, men ein veit lite om ho no i ettertida og me veit ikkje ein gong kvar ho stod, sjølv om det er grunn til å tru at dei nytta Sirielva til å drive saga. Det finst enno stadar med namn som «Akslaløypa» og «Reiteløypa» der det har vore nokre av dei mest egna stadane å frakte ned tømmeret frå Nakkane og fjellet ikring garden. Kanskje kan det ha vore i nærleiken av desse, omlag der dagens sag på Reiten står?

Dei første brukarane me kjenner

Erik er den første brukaren, som me kjenner namnet på. I følge bygdeboka skal han ha vore her i frå 1603-1605. Den neste var Ole Jonsen som var brukar frå 1606 til 1620. Den tredje brukaren var tidlegare husmann under Aksla og det kan hende at han var bror til Ole, for han heitte i alle fall Jon Jonsen (br. 1620-30). Frå 1630 vart Aksla driven som ein samla gard av Jon på det andre bruket som seinare fekk namnet «Høla» Dei to gardane låg samla opp på Aksla. Det er mogeleg at dei aller første husmannsplassane hadde tuna sine der dei óg. Desse veit me hverken namn på eller kva stad dei låg på i motsetning til dei som kom til frå1800-talet. Etter 10 år som eit felles bruk vart Garden delt att i 1640 og då er det ein Elling som driv hovudbruket.

I 1650-åra finn me ein som heitte Lars på garden. Bygdebokforfattar Øverlid meiner at det kan ha vore den same Lars Endresen som tidlegare dreiv Reiten. I 1658 vart Lars skattlagd for ein hest og fem kyr. Knut Pedersen (ca. 1635-1696) var den neste i rekkja. Han sat på Øvste-Aksla frå ca. 1660 til 1696. Knut bygsla garden kring 1660. Lars Endresen fekk kår og vart verande som innerst til han døydde. Knut gjorde det godt og dreiv mot slutten heile Aksla åleine. Skiftepapira syner at han hadde mellom anna hest, 8 kyr, 6 saure, 2 geiter, part i kaste og søkkjenot. Han hadde også brend 8 tønner tjøre. Enka, Marit Arnesdotter (ca. 1690-1753) vart oppattgift med Arne Knutsen (f. ca. 1665) han var einebrukar på Aksla til 1711. Dette året vart garden delt i to igjen, og Arne beheldt Øvste-Aksla fram til 1730.

Den neste kom utanfrå, og truleg frå Sjøholt.Han heitte Arne Arnesen(1705-1778), var gift med Marit Knutsdotter (ca. 1690-1753) og dotter til Knut Pedersen og Marit Arnesdotter. Den 2. februar 1730 døypte dei det som truleg var eldstesonen deira, Knut Arneson Akslen i Sykkylven. På lista over fadderar finn me Gjervald Larsen Østrem, Steen (eller Stein?) Olsen Østrem, Thyge Larsøn Axlen, (Giertrud Knudsdatter?) Axlen og Gunilla Knudsdatter Axlen. Gjertrud og Gunilla var truleg søstrene til Marit, og dermed tantene til dåpsbornet. Ein kan dessutan merke seg at dei framleis nytta etternamnet Akslen. Om Knut var først fødd, så vart han i alle fall ikkje eldst, for allereie den 17. juni 1731 vart ein ny Knut Arneson ført til døypefonten. Det tydar på at storebroren allereie var død på det tidspunktet. Denne gongen stod dåpen i Borgundkyrkja, og fadderane var Peder Larsøn Østrem, Ole Pedersøn Nergotten, Knud Axelsøn Emblem, Aagaat Knutsdatter Axelen og (....) Larsdatter Emelem. Det var denne Knut, som seinare skulle overta bygselskontrakta på Øvste-Aksla etter foreldra sine. Kor mange søsken han fekk, og kor mange som vaks opp, er det vanskeleg å seie heilt sikkert, men eg har i alle fall funne ei som heitte Anne Arnesdotter, som vart fødd 13. juni i 1734. Her var det nok ein gong eit nytt sett med fadderar frå nabogardane: Rasmus Pvelsøn Østrem, Olle Gierwaldsøn Østrem, (Hilla?) Erichsdatter Neergotten, Anne Hansdatter Østrem, Ragnhilld (Hansdatter?) Axelen, Det same året finn eg også ei Gunnill Arnesdatter Axelen som var fadder på Østrem. Det er mogeleg at ho også kom frå Øvste Aksla.

Frå gardsbruk til plassefolk utan jord

Arne vart enkemann og oppattgift med Birte Arnesdotter Østrem (1709-1784) frå Larsgarden i 1755, eit år etter at han vart kårmann på Aksla. No var det sonen, Knut Arnesen (1730-1785) som tok over. Han dreiv bruket frå 1754-1782 og gifta seg med Inger Larsdotter Reiten (1730-1790) det same året som han overtok. Hans Eriksen (f. ca.1735) er den tiande i rekkja av kjende brukarar. Han var svigersonen til Knut og truleg frå Stige i Skodje kommune. Han gifta seg med jordajenta Marte Knutsdotter (1755-1813). Det gjekk ikkje så bra med dei. Etter eit tid måtte dei gje frå seg bruket og ein finn dei som plassefolk ved "Østremsiø". Det er vika der nausta til østremsgardane ligg den dag i dag. Dei hadde ingen jord der slik at dei kunne livberge seg av det dei kunne gro sjølve. Marta sette særleg spor etter seg. Sjølv om der var fleire slike strandsittarar, og ingen attverande spor etter tufter, så har namnet "Martaplassen" halde seg heilt fram til våre dagar. Området var også forbunde med spøkelse, uvisst av hvilken grunn, og på fjorden rett utanfor naustrekka finn ein stadnamnet "Martasetet". dit er det nesten mogeleg å vasse på fjøre sjø. Ho døydde som enke og fattiglem hjå slektningar på Øvste-Aksla, den garden ho vaks opp på og ein gong dreiv. Eg har funne tre av borna til Hans og Marte: Erik var kanskje den eldste og døypt 20.april 1783. Den neste var Knut Andreas i 1787 og deretter Ingebrigt i 1796. Det var truleg fleire born i flokken også, men dei har eg ikkje klart å finne enno. Erik tok ikkje over garden. Han gifta seg med Anne Iverina Pedersddotter Dreviig 3. mai 1807. Hans og Marte dreiv bruket frå 1782-1795, før dei sa frå seg garden.

Det verkar som om Reiten har hatt eit tunstykke og eit sjøstykke mot Nedregotten. Frå 1800, og sikkert tidlegare også, var det eit gjerde mellom dei to tuna. Alle brukarane og plassemennene skulle bidra til å halde dette gjerdet i stand. Aksla-bruka var så småbytte i eit lappeteppe av teigar at ein i 1824 forsøkte å få gjennomført ei utskifting: Men «man kunde ingen udsigt se til at gaardens parter kunde samles i et stykke». Jorda var rett og slett alt for ulik og brukarane fekk i staden kvar sin del av dei 14 engstykka og dei 6 åkrane. Denne løysinga vart ikkje godkjend av overoppsynet og ein måtte derfor gjera eit nytt forsøk i 1833. Det vart no bestemt at brukarane skulle få kvar sin halvdel av innmarka delt med ei skillelinje frå sjøen. Denne bestemmelsen vart ikkje gjennomført, for det fanst framleis ein rekkje teigar ved den offentlige utskiftinga i 1894.

Ei særmerkt enke

Den neste var Peder Pedersen Furnes (f. ca 1765) og Anne Rasmusdotter. Dei dreiv Øvste-Aksla frå 1795 til 1802. I 1798 klarte han ikkje dei økonomiske forpliktelsane sine til handelsmann Mechlenburg. Han var då skuldig 58 Riksdalar og måtte pantsette eigedomane sine inkludert hest, 2 kyr, 1 ukse, 1 kvige, 3 sauer, 1 kje og eit sel. Han tok kår hjå Peder Larsen Grande (1765-1815). Pedersen dreiv Øvste-Aksla frå 1802-1815. I Panteregisteret kan me lesa at han løyste bygselseddel hjå prosten Peter Daniel Baade (1737-1823) i Borgund prestegjeld. Det vart tinglest 10. juli i 1802. mot 12 speciedalar i avgift. Peder var gift med Berte Olsdotter (f. ca 1775). Ho dreiv bruket etter mannen sin heilt til 1820, før ho tok kår. Det er uvanleg.

Utfordringa var no at det var to kårfamiliar på bruket og presten fekk difor vanskar med å bygsle bort garden. Det vart freista med forpaktarar og to-års-kontrakt utan noko hell. Dei som forsøkte måtte gje seg i tur og orden og gå frå gard og grunn, fattige etter kårytingane. Lars Olaus Pedersen (1801-1847), sonen til Peder Larsen Grande , bygsla i slutten av 1820-åra . Frå taksten på garden i 1825 har me følgande opplysningar om drifta: Hest, 6 kyr og 10 sauer. Utkomet var på 4 tønner bygg, 12 tønner havre og 7 tønner med potet. Det er interessant å merke seg at dei allereie var i gong med potetdyrkinga på Øvste-Aksla. Truleg hadde presten som jordeigar hatt ein viss påverknad, men det var nok også internasjonale politiske årsaker som også hadde spela inn. Det må ha vore vanskeleg å brødfø sin eigen familie, to kårfamiliar og betale leige til presten attpå, men det var nok ei hending på byrjinga av 1800-talet som gjorde gale til værre. Under Napoleonskrigane kom Danmark/Norge på feil side og støtta den franske Keisaren. Som eit resultat vart norske og danske hamner blokkerte av dei allierte. På den tida var me mellom anna svært avhengig av kornimport frå Danmark. Når kornfrakten vart stogga med makt, så vart det hungersnaud i landet vårt. Matvareprisane steig i takt med mangelen på korn. Dei fleste av oss har nok høyrd om Terje Vigen og det fanst dei som fann det tvingande nødvendig å reise i ly av nattemyrkret med småbåtar heilt frå våre eigne trakter også. Fleire måtte dessutan bøte med livet på si vågale ferd, nokre av desse er å finne att i Sykkylven, på andre sida av Storfjorden. Det er godt mogeleg at ein reiste frå vår eiga bygd også, men eg har ikkje funne nokon frå denne garden. Ein vart med eitt klar over kor sårbar ein vart om ein skulle lite so mykje på korn og kornhandelen sørfrå. Grønår kom med jamne mellomrom i eit land som ikkje var det beste for kornproduksjon. Øvste-Aksla var ein går som opplevde slike grønår fleire gongar på byrjinga av 1800-talet, men poteta derimot treivst godt på våre trakter. Ein skal ikkje gløyma at gardane på denne tida forsøkte å vere mest mogeleg sjølvhjelpte med det ein trong til livsopphaldet og pengehushaldning var enno ein fjern tanke for dei aller fleste. Det vart fortalt om poteta sin unike eigenskap sjølv frå talerstolane i kyrkjene kringom i landet og sakte men sikkert kom den i bruk på mest kvar einaste gard.

Me veit også kva slags hus som stod på Øvste-Aksla kring 1825. Der var ei stove, stabbur, løe med hestestall, fjøs og matstove, men ikkje noko naust, sel eller kvenn. Eg vil tru at der må ha funnest i alle fall eit naust, for fiske var livsnødvendig, men det er mogeleg at kårfolket hadde sett opp nye hus og at dei framleis åtte desse ved takstforretninga, slik at dei ikkje kom med i rekneskapen. Dei som var nemnd var i alle fall sett opp før Lars Pedersen kom dit, for alle var i dårleg forfatning, Det tydar på at det var gardeigaren som åtte dei. Frå andre gardar i bygda kan me sjå at husa som dei ikkje åtte sjølv forfall raskt på denne tida. Ein såg seg truleg ikkje ork med å vedlikehalde det som dei ikkje åtte sjølve. Rett nok var det krav om dette i bygselsbrevet, men i dei vanskelege tidene var det ikkje lett å få bygselsmenn i det heile tatt, så ein kunne ikkje vere for kravstor. For leigetakarane var dårlege hus grunn til å sette ned leiga, samtsundes som dei kunne unnskylde seg med at dei ikkje hadde midlar til å vedlikehalde godt nok. Eg vil tru at Lars kan ha utnytta dette for det det va verdt då han kjøpte garden i 1832 og fekk Kongeleg skøyte på garden. Frå takstrapporten kunne han vise til at jorda var «foragtet». Han baud difor godt under takst med 100 Speciedalar. Han måtte seinare heve budet til 140 Speciedalar før Stiftet gav han skøyte på Øvste-Aksla, med Nils Martinus Sørensen Rødsetreit (1805-1883) frå Rødsetreiten som kausjonist.

Lars forsøkte truleg å koma seg ut av det økonomiske uføret ved å verte sjølveigar og sleppe bygselskår attpå, men det var truleg ikkje den beste avgjerda for han hadde framleis to kårfamiliar å forsørge. Lars var i tillegg temmeleg fattig og klarte ikkje forpliktelsane til skyldnaren sin ute på Rødsetreiten. Den 5. juni 1838 måtte han difor skøyte garden til Nils Martinus Rødsetreit mot 140 Speciedalar og vere bygselsmann resten av livet sitt. Frå bygselskontrakta, som vart tinglest 1. juni dette året, kan ein lesa at bruket bestod av hus, løe og naust. Teksten er temmeleg utydeleg, men det verkar som om Lars skulle betale landskylda på 3 ort og 2 skilling årleg. Eg kan ikkje sjå at Lars vart pålagd å delta i slåtten eller anna arbeid hjå Nils på Rødsetreiten. Han slapp dessutan kårytingane. Ifølge Bygdeboka var bruket hefta med ei tønne bygg kvart år i tillegg til bygselsavgifta, men totalt sett så vart det nok dyrare å ta opp lån for å kjøpa garden. Kona Anne Marte Larsdotter fekk kår hjå Nils i 1847 når ho vart enke. Ho fekk dermed rett på mellom anna 7 vog havre, 7 vog bygg, 2 tønner potet, brennfang og pleie. Det vart sett opp enno fleire krav, men desse er for dårleg scanna til at dei er lesbare.


Nye husmannsplassar 

Hans Jørgen Knutsen (1815-1887) kom frå sirigarden på Nedregotten og dreiv Øvste-Aksla i tidsrommet 1847-1871. Han var bygselsmann all sin dag, og gifta seg med Else Mattisdotter Østrem (1822-1871) frå Mattisgarden, bruksnummer 1 på Østrem 20. juni det same året som han tok over garden. Året etter lånte han 30 Speciedalar med gardeigaren, Nils. Per dags dato har eg funne følgande born som vart døypte i Borgund kyrkje: Knut Laurits i 1847, Ingeborg Marie Lovise i 1852, Marthe Petrine Lovise (1856-1934) Hans Jørgen var ikkje den einaste bygselsmannen på Aksla under Nils Rødsetreit. I 1848 løyste også Paul Olsen Kvien på Brennhaugen bygselsbrev hjå han, og i 1856 vart ein ny husmannsplass oppretta på Øvste-Aksla. Dette skal eg kome attende til.

Takka vere folketellinga frå 1865, så veit vi litt meir om dei som budde på Øvste-Aksla det året. Dei hadde framleis kun tre heimeverande born på denne tida, der Knut Laurits var den eldste på 17 år. Ingeborg Marie Lovise. Var den mellomste i flokken på 15 år, medan Marte Petrine Lovise. Var 10 år og yngst. Dette stemmer brukbart overeins med kyrkjebøkene, om dei vart døypt året etter fødselen. Kvifor alle budde heime fortsatt, er det vanskeleg å seie, men det er mogeleg at dei berre er registrerte som fødd på garden, og at i alle fall Ingeborg var i teneste hjå andre på den tida. Mellom fadderane til Ingeborg finn ein bestefaren Mattias og tanta Marte Mattiasdotter Røssevold i Hansgarden på Røssevollen. Å gå etter konfirmasjonsalderen uten å ha arbeid, var uloveleg ifølge lausgjengerlova på den tida. Det er også mogeleg at både Knut og Ingeborg hjalp til heime på garden, men slikt var ikkje så vanleg i ein familie der ein hadde dårleg råd. Det er mogeleg at tidene hadde bedra seg sidan det ikkje var kårfolk att på garden, men det heile vert dels spekulasjonar sidan tellinga ikkje gjev konkrete svar. Marte fekk ein vanskeleg start på kjærleikslivet. Ho vart gravid og fekk sonen Elias i 1886 uten å vere gift. Slik var ikkje enkelt i dei dagar. Faren var tjenestedrengen Lars Peter Rasmussen Blindheim, men dei vart aldri gift. Plassemannen Hans Larsen Østrem frå Larsgarden forbarma seg derimot over henne og dei gifte seg i 1889. På denne tida hadde han også fått seg ein husmannsplass på Østrem, med god hjelp frå mellom anna «Kjøt-Iver» Furset som var ein velhalden mann og svogeren til Marte via inngifte i Akslaslekta.

I Hans Jørgen og Else si tid vart det også oppretta ein husmannsplass på Øvste-Aksla si innmark. Denne plassen fekk namnet «Akslagjerdet». Med bruksnummer 2. Det var Lars Petter Larsen Frøysa (1824-1889) frå Endrebruket på Frøysa og kona hans, Regine Berntsdotter Midtgard (1826-1903), som kom frå Sunnylven og fekk festebrev i 1856 mot ei eingongs festeavgift på 18 Speciedalar og ei fast årleg leigeavgift på 1 Speciedalar. Dei var ikkje det einaste paret som kom utanbygds frå på jakt etter ein plass å rydde på den tida. Regine hadde etter kvart søsken både på dei nye husmannsplassane Rognereiten og Nygjerdet på Røssevollen. Ho kom frå Oaldsbygda, medan Lars var frå Frøysa og han var på langt nær den einaste plassemannen i bygda som kom derifrå kring 1850. Det er interessant å merke seg at dei truleg var fattige i likheit med søskena sine. Dei fekk difor hente seg skog til hustømmer i skogen som tillhøyrde Øvste-Aksla, og truleg oppe på sjølve «Aksla» som gav namn til garden. Det var lite skog på denne tida, og gardeigaren Nils Martinus Sørensen frå Rødsetreiten lot difor Hans på Øvste-Aksla få eigedomsrett på desse husa. Det kan verke rart no i ettertid, men den gong var tømmer ei verdfull vare som dessutan kunne flyttast og selgast.

Gardbrukar i 56 år

Sonen Knut L. Hansen Akslen (1849-1927) dreiv bruket heilt frå 1871 til han døydde plutseleg av slag i 1927, ei imponerande økt på heile 56 år. Han var berre 22 år då han tok over, men han var til gjengjeld 78 år då han gav seg. Knut var gift med Lisa Tomassine Larsdotter Emblem (1854-1936) og dei var sjølveigarar all sin dag, for dei hadde kjøpt garden frå Nils Rødsetreit når dei tok over. I bygdeboka for Borgund finst det ein kopi av innmarkutskiftingskartet frå 1891. Den gjev ein peikepinn på talet på hus og oppdeling av jorda. Bruka var på denne tida delt inn i ei rekkje mindre bøter enno, sjølv om ardshusa til Reiten og Høla var flytta ut frå den gamle tunstaden oppe på haugen der Øvste-Aksla ligg framleis. Så vidt som eg kan sjå, så hadde garden på denne tida kun stabbur, løe og stove, medan Hølå og Reiten hadde minst to små bygningar attåt. Dei to småhusa til Hølå låg framleis oppe på haugen. Åkrane låg ikring der jord og solhellinga var best. Frå størrelsen å døme, så låg Kornåkrane til Øvste-Aksla stort sett nord for tunet langs vestsida av posvegen frå Aksla til Reiten og omlag der Hustad har huset sitt i dag, ved steingarden som i våre dagar skiller Høla frå Reiten. Ein anna stor åker låg like aust for huset til Harry og Marie Bjørkavåg i hellinga like nedanfor dagens hovudveg. Eg vil tru at den passa særleg godt til korn, medan åkrane nærast Reiten kan ha vore potetåker. Det finst desverre ingen beskrivelse av desse bøtene lenger, men dei er likevel spor etter verkeleg gamle åkrar som sikkert hadde eigne namn også. Dette kjenner me att frå Emblemsgardane. Eg har lagt ein kopi av dette kartet i albumet, slik at du kan studere det meir nøye på eiga hand.

Aksla og Reiten hadde sams utmark fram til 1890, då heimeutmarka (som låg mellom innmarka på Aksla i vest og Magerholm i aust) vart utskifta. Skogen var delt i teigar, medan opplagsplassar for tømmer og beiteplassane var felles. Før 1890 hadde også Magerholm vore del av dette beitefelleskapet, men det tok slutt kring 1840, når dei nye plassane Brennhaugen, Joplassen og Nygjerdet vart oppretta og inngjerda slik at dei stengde dei gamle krøterstiane i den nedste utmarka mot sjøen. På denne tida vart også slåttemarka oppe på nakkane inngjerda og utløer vart sett opp kring 1880-åra for å lagre dette høyet fram til vårknipa.

Emblemsbygda har hatt fleire gode forekomstar av kalk nede ved sjøen. Våren og sommaren 1897 reiste ein kar frå Kristiania, som titulerte seg som «translantør» ikring i bygdelaga i Borgund kommune og kjøpte opp retten til å ta ut steinmassar av verdifulle slag mot ei fast årsavgift på 100 kroner, og deretter nokre kroner per kubikk med masse som vart fjerna. Grunneigarane på samtlege matrikkelbruk på Emblem og Blindheim selde rettane sine til denne Lorents Lorek. Om det vart funne noko av verdi skal eg ikkje seie for sikkert, men i tida frå 1890-åra til 1930 var der mange som forsøkte å tene pengar på å kjøpe vassfallrettar, kalkforekomstar og felt der det kunne finnast edlare metall eller edelsteinar. Kristen Magerholm på Kristenplassen på Magerholm vart også biten av basillen, men han hadde ingen ressursar slik desse nyrike hadde.

1900-tellinga

I 1900-tellinga finn me 8 born på garden. Hans Julius (1881-1940) var eldste og arbeidde som snekker og fiskar. Han var odelsguten og skulle seinare ta over bruket etter ei tid i Amerika. I 1900 var den nest eldste broren, Lars Kornelius (1884-1929) på 16 år heimeverande og «sysler med jordbrugsarbeide», medan dei neste i ungeflokken var under konfirmasjonsalderen, og difor ikkje som vaksne å rekne. Dette var Knut (1890-1964), Thomas Hilmar (1892-1974), Karl Elias (f. 1895), Marie (1886-1971), Antonette (1888-1957) og Thea Karoline (1897-1980). Som ein kan sjå så var det ikkje lange stunda mellom kvart born og der var ingen tenarar på garden heller, så ein hadde nok god hjelp av Lars som heimeverande dreng. Folketellinga gjev også andre nyttige opplysningar om gardsdrifta. Dei hadde korn, potet, krøter, fjørkré og eigen frukthage, så det må ha vore lunt oppunder fjellet. Me veit desverre ikkje kor mykje dyr dei hadde, og eg vil anta at der var både hest og småfe attåt. Bygdeboka fortel at det skal ha vore eit hestedrive korntreskeanlegg, som truleg vart eigd av fleire gardar saman. Ti år seinare bur dei fleste heime, er framleis ugifte og registrerte på garden. Maria er «tenestepike i huset», Antonette er «tenestepike og budeie», Thomas og Karl var begge tenarar på Øvste-Aksla, men Karl gjekk også på den nyoppretta fortsettelsesskulen på kveldstid. Thea var enno ugift, medan Lars og Knut arbeidde ved sagbruket i Albion i California og var borte i minst eitt år av gongen. Etter kvart skulle dette endre seg. Lars og Knut kom etter kvart heim, kjøpte Akslabuda på Korshaugen av H. Maude kring 1926 og tok til som handelsmenn under namnet L.K. Akslen a/s. Dei var ikkje så heil ukjende med handel, for Lars hadde i alle fall arbeid hjå den forrige drivaren, Hans Iversen Furset, som bygde butikken i 1920. Medan Knut gifte seg med Anna Gurine Pettersdotter Myklebust (1898-1965) frå Stranda, var Lars var ungkar heile livet, og døydde av tæring i 1929. Det er mogeleg at han vart smitta i Amerika, for han var ikkje heilt frisk då han kom attende. Marie gifte seg i 1918 med Tomas Karl Bastian Olson Grindvik på Skodje. Dei kjøpte halvardgarden på Apalset i Ørskog og flytte dit. Tomas dreiv fiske, medan Maria dreiv bruket når han var vekke. Thea gifte seg med Petter Andreasen Østrem (1897-1962) i Abrahamsgarden.Antonette, eller «Anti» som ho seinare vart kalla, var også ugift all sin dag. Det vert fortalt at ho tok seg av veslebror sin, som skal ha skada seg, då han fall ned frå betane i løa som gutonge. Han vart lam og Anti tok seg av han så lenge han levde. Eg er enno ikkje heilt sikker, men eg lurer på om dette kan ha vore Karl. Som takk for hjelpa fekk ho kring 1936 overta det nybygde leiligheit- og butikkbygget på Korshaugen, etter brørne sine. Ho budde der sjølv for det meste, og leigde ut dei fleste romma til ei butikkjente og fleire familiar. Du kan les meir om anti og huset i ein eigen tekst om Aksla-buda her på www.emblemsbygda.com. Thomas drog også til amerika ei tid, men kom attende og vart etter kvart gift Johanne som var dottera til lærar Knut Furset på Nybø (også kalla Fursetgarden i våre dagar.)

Eg fann også ei som heitte Eline Thomassine Knudsdotter Akslen (1880-1943). Ho vart døypt i 1880, men vart ikkje registrert i 1900-tellinga. Det er ikkje så rart sidan ho var 20 år på den tida. Eline var kanskje i teneste ein stad. I 1904 er ho igjen å finne i digitalarkivet. Dette året gifte ho seg med Jakob Rasmussen Østremsreit (1876-1938) frå Reiten. Saman tok dei over ein del av husmannsplassen som heitte Stigeplassen. Etter dette vart plassen delt i dei to bruka Gjerdet, der Harry Akslen bur i dag og Stigen nede ved sjøen (også kalla Stampen) som Jakob og Eline dyrka opp.

Husa på garden

Eg har enno ikkje funne ut når dagens  løe på garden vart bygd, men eg merkar meg at Knut lånte 500 kroner i 1899 og 1000 kroner i 1901 utan at bruken av beløpa vart nemnd nokon stad. Det er ikkje heilt utenkjeleg at det er ein samanheng der. I 1908 selde Knut ein rett til å stikke og tørke torv frå Øvste-Aksla sin torvteig i 20 meters bredde, med grense til Hølå sin teig for 100 kroner. Kjøparen var Steffen Magerholm på Pe-haugen, og han fekk dessutan rett til å gå over Aksla si jord når han skulle dit eller når brenntorva skulle fraktast heim. Eg veit ikkje nøyaktig kvar den låg, men det var truleg aust for innmarka til Akslen og kanskje i nærleiken av Tudalen eller Brennhaugen. kring 1913 kom dagens gardshus opp på garden. Det gamle vart seld til Sevringarden, også kalla Elvemyr 8. Bruket låg på haugen ved bedehuset og Reset. mange knyttar i dag namnet "liaklev-huset" til dette gardshuset som nyleg vart rive og erstatta av to nye hus.

Med faren Hans starta også ein meir stabil tidsepoke på drivar-sida. Etter Knut var det sonen Hans Knutsen Akslen (1881-1940) som tok over. Han vart kalla opp etter bestefaren sin og ein har stort sett veklsa mellom namna hans og Knut i denne ætta. Hans d.y. Tok over bruket den 6. januar i 1927, men kunne ikkje syne til like mange år som gardbrukar. Han var rett nok 46 år då han tok over, så det var ikkje så rart at det berre vart 13 års drift før han døydde. Hans vart gift med Lisa Karoline Pettersdotter Myklebust (1896-1977) i 1923. Ho var søstera til Anna Gurine som var gift med broren Knut. Den eine søstera deira, Helene, gifta seg til husmannsplassen «Steinane» under Haugengarden på Stranda. Det var på denne plassen at ho vart stukke ihel i si eiga seng natta mellom 3. og 4. april i 1929 av ei sinnsforvirra kvinne som deretter tende på låven. Du kan sjå eit bilete frå begravelsen i albumet, ei drapshandling som fekk mykje medieoppmerksamheit i samtida.

Ved overtakinga hadde Aksla-garden ei skyld på 2 mark og 65 øre. Salgsummen vart sett til 4500 kroner. Men eit markastykke som heitte Storhaugen var ikkje del av dette salget. Denne biten skulle Lars Knutsen Akslen og Karl Knutsen Akslen ha til eige bruk så lenge dei levde. I den samme kontrakta vart det stadfesta at Storhaugen vederlagsfritt skulle gå attende til garden når dei anten var ute av stand til å bruke stykket, eller at dei var døde. Lars døydde i 1929 og Karl, som hadde vorte lam etter eit fall på låven døydde i 1941. Før han døydde overdrog han Akslabuda med utleigeleiligheiter til søstera "Anti", som hadde teke seg av han etter ulukka.  Kårkontrakta til foreldra var kort og konsis. Hans skulle betale foreldra og arvingane deira 1000,- årleg. I 1931 vart kåret revidert til ein femårig sum på 1500 kroner for Knut og 2000 kroner for Lisa.

Det tok noken år før sonen Knut Laurits Hansen Akslen (1925-1998) tok over. Den andre verdskrigen var truleg ein del av årsaka, men i følge bygdeboka, skulle det gå heile 12 år frå farens død, før han tok over Øvste-Aksla. Knut var gift med Maggy Thorvik (f.1925) frå Elvemyr gardsnummer 4 under Nedregotten. Etter dei kom det ein ny Hans, med mellomnamnet Lidvard, som bygde seg hus attmed hovedhuset til foreldra sine. Gardsdrifta på Øvste-Aksla er no nedlagd. Hans har også vore ein særs aktiv fotballspelar på bygdas A-lag i fotball, med eit imponerande tal kampar bak seg. I våre dagar er det Frode Akslen (f.1976) som har flytta inn i gamlehuset og pussa opp. Nye bustadar har kome til langs gamlevegen ned Akslastubben mot Akslagjerdet dei seinare åra og skjølv Akslabrauta ned mot Høla er nok ein gong synleg igjen.


Har du ytterlegare opplysningar så set eg pris på å høyre frå deg. Du kan gjerne nytte følgande kontaktmåtar: sveostrem@hotmail.com, melding til Svein Ove Østrem via Facebook eller mob.: 95801801

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE