Minde bnr. 6

Minde anno 2013. Foto: Svein Ove Østrem

1889 gifte Hans Gabriel Larsen Akslen (1862-1949) seg med Inger Tobiasdotter Hove (1862-1925) frå Stordalen. Han delte frå kårstykket Minde. Biletet er lånt ut av Harry Akslen.

F.v. Hjørdis Akslen, gift med Tomas Akslen på nabobruket og mora Eline Akslen Dei står ved myrane rett vest for Akslasetra. Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v. Inge Akslen og Ruth Terøy. Bak Ruth er nok Standalhytta like ved garden. Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v. Reidar Hesseberg, Hjørdis Akslen, Inge Akslen og Randi Akslen. Foto: Karsten Terøy, lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Del av huset på "Minde" fotografert i 2007. Det lave påbygget er av nyare art, men så vidt som eg kjenner til så er resten av huset det opphavelege frå 1940-åra. Foto: Svein Ove Østrem

DELT FRÅ BNR. 2 AKSLAGJERDET

Hans Gabriel Larson Akslen(2) (1862-1949), frå Akslagjerdet, fekk denne parsellen delt frå etter ei  utskiftingsforretning i 1934. Eigedommen fekk rett på å hente torv frå hovedbruket, Øvste-Aksla, og  var pliktig å gjerde inn etter forskrift i gjerdelova, men var ellers utan rettar i utmarka. Dette var få  dagar før Hans selde Akslagjerdet. Han tenkte seg kanskje denne tomta som ei kårtomt, men slik vart  det ikkje. Sonen Thomas kjøpte att Minde på auksjon, og Hans bygde hus på ei anna tomt, som  Thomas også hadde kjøpt attende. Det var «Kveldly» bnr. 8 på Magerholm. Hans flytte dit i 1936.  Sjå meir om Hans som brukar under garden Akslagjerdet, Akslen(2) i venstremenyen her på www.emblemsbygda.com.  Bustadtomta Kveldly er ikkje med i denne utgåva av bygdeboka.


Sonen Thomas Gustav Akslen (1895-1966) gifta seg i 1939, med Hjørdis Amanda Akslen  (1909-1994), Østremsreit(2) frå nabobruket Stigen, også kalla "Stampen" på folkemunne. Småbruket var del av ein husmannsplass (Stigeplassen) som vart frådelt Øvste-Aksla, men vart overført til Østremstreiten etter utskiftinga i 1894. Thomas kjøpte tomtene Minde og Kveldly i 1937. Thomas og Hjørdis  bygde hus og busette seg på Minde. Faren fekk bygge hus, og busette seg på Kveldly inne på Magerholm på sine eldre dager. Han fekk då hjelp av sonen Lars, som hadde kjøpt andre halvdelen av den gamle Stigeplassen, kalla Gjerdet, Østremsreiten(3). Saman med Akslagjerdet, Gjerdet og stigeplassen, utgjorde Minde eit større samanhengande stykke frå den gamle hovudvegen (Hjellhaugvegen i våre dager) til fjorden. etter 1965 vart Minde og Akslagjerdet liggande mellom dagens riksveg og Hjellhaugvegen, medan Gjerdet og Stigen ligg nedanfor riksvegen til Magerholm. Der var mykje samkvem mellom desse bruka. Hjørdis slekta også til hovudbruket på Øvste-Aksla, like vest for Minde, og Reiten, Østremsreiten(1)

a) Inge Erling (f.1939) gifta seg med Else-Marie 

Nedregotten(9). Dei var brukara på Vestly, 

Nedregotten(9).

b) Liv Johanne (1941-2016) tok over huset og tomta.

c) Randi Marie (f.1945) gifta seg i 1967 med 

rørleggar Andreas Per Vik, Syvde, busett Syvde.


Liv Johanne Akslen (1941-2016) gifta seg ikkje. Ho tok over huset og kjøpte ut søskena sin part av  tomta i 1995, etter mora hadde gått bort. Kjøpet inkluderte også ein parsell med bruksnummer 15.  Liv arbeidde mellom anna som kontorleiar på fylkessjukehuset på Åse, og før den tid som tannlegeskretær i Ålesund.


Minde vart seld til Emblem Bygg Eigedom i 2015. Gamlehuset er no reve og erstatta av fleire nye hus. Dagens gateadresser er dermed Øvre Tudalsvegen 4 og 6, samt Hjellhaugvegen 132 og 134. Den gamle Minde-tomta ligg mellom vegane Leirajordet, Hjellhaugvegen og Øvre Tudalsvegen.


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

03.09 | 19:07

Takk igjen. Det tek meg vidare.

...
03.09 | 18:30

Her er lenke til Ørskog gjennom tidene: https://www.nb.no/items/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?page=591&searchText=bygdebok%20%C3%B8rskog

...
03.09 | 18:27

Tyge-namnet spredte seg på Emblem. Du skal til Ørskog, og Vestre der. 19b er plasseringa i bygdeboka der

...
03.09 | 15:42

Takk for svaret.
Tyge er eit såpass uvanleg namn at det burde vere mulig å spore han opp. "Vestre" må vel vere i Vestrefjorden i Haram, eller?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE