BNR. 2 AKSLAGJERDET

Rolf K. S. Skodjereite 24.10.2022 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

sveinung _vegsund@hotmail.com 03.04.2018 20:52

Rødsetreit er med andre ord en husmannsplass under Akalen på Emblem ? Er på søk etter en formor Gjertrud Jonsdatter Rødsetreit født etter 1775. Noen hevder 1792

Sveinov 03.04.2018 21:02

Rødsetreiten er nok ikkje på Emblem, men ved Brusdalsvatnet.

Eit flott flyfoto av Akslagjerdet frå 1950-talet. Det som er ekstra kjekt her er dei nye husa nedanfor Øvste-Aksla. Biletet er vel dermed frå etter 1953. Eg har enno ikkje sjekka byggedato på alle desse husa. Biletet tilhøyrer Karin Leira Solvang
Eit flott flyfoto av Akslagjerdet frå 1950-talet. Det som er ekstra kjekt her er dei nye husa nedanfor Øvste-Aksla. Biletet er vel dermed frå etter 1953. Eg har enno ikkje sjekka byggedato på alle desse husa. Biletet tilhøyrer Karin Leira Solvang
Regine Berntsdotter Midtgard (1826-1903) med eit av borneborna på fanget. Ho kom frå Sunnylven saman med ektemannen Lars Petter Larsen Frøysa  Bildeeigar: Lars Andreas Akslen
Regine Berntsdotter Midtgard (1826-1903) med eit av borneborna på fanget. Ho kom frå Sunnylven saman med ektemannen Lars Petter Larsen Frøysa Bildeeigar: Lars Andreas Akslen
1889 gifte Hans Gabriel Larsen Akslen (1862-1949) seg med Inger Tobiasdotter Hove (1862-1925) frå Stordalen. Bildet er lånt ut av Harry Akslen.
1889 gifte Hans Gabriel Larsen Akslen (1862-1949) seg med Inger Tobiasdotter Hove (1862-1925) frå Stordalen. Bildet er lånt ut av Harry Akslen.
8.mai 1945. Frigjøringsdagen !!!! Norge er fritt Far har sett seg ut et tre i skogen som skullle brukes til flaggstang når freden kom. En tante i Oslo som var her på besøk og Syste følger med på begivenheten. Bildet tilhører Karin Leira Solvang
8.mai 1945. Frigjøringsdagen !!!! Norge er fritt Far har sett seg ut et tre i skogen som skullle brukes til flaggstang når freden kom. En tante i Oslo som var her på besøk og Syste følger med på begivenheten. Bildet tilhører Karin Leira Solvang
Lovise Johanne Larsdotter Akslen (1865-1952) gifte seg med Nils Petter Sjøholt og følgde etter storebrødrene sine til Sjøholt. Lånt ut av Harry Akslen
Lovise Johanne Larsdotter Akslen (1865-1952) gifte seg med Nils Petter Sjøholt og følgde etter storebrødrene sine til Sjøholt. Lånt ut av Harry Akslen
Ole Martinus Larsen (Akslen) med borna Regine og Ludvig. Han var bror til Hans Akslen som tok over dette plassebruket under Aksla. Ole Martinus gjekk bakarlære i Ålesund og flytte til Sjøholt der han gifte seg og starta si eiga bakarverksemd i 1880-åra. Bildeeigar Lars Andreas Akslen
Ole Martinus Larsen (Akslen) med borna Regine og Ludvig. Han var bror til Hans Akslen som tok over dette plassebruket under Aksla. Ole Martinus gjekk bakarlære i Ålesund og flytte til Sjøholt der han gifte seg og starta si eiga bakarverksemd i 1880-åra. Bildeeigar Lars Andreas Akslen
"Baker Ludvik huset". Far til Ludvik, Ole Martinus Larsen Akslen hadde bakeri i kjellaren og bolig oppe i andre høgda. Bakeriet vart drive på slutten av 1800-talet og først på 1900-talet. Fotograf Aud Flos ca. 1948
"Baker Ludvik huset". Far til Ludvik, Ole Martinus Larsen Akslen hadde bakeri i kjellaren og bolig oppe i andre høgda. Bakeriet vart drive på slutten av 1800-talet og først på 1900-talet. Fotograf Aud Flos ca. 1948
Bernt Severin Larsen (1860-1921) var bror til bakar Ole Martinus Larsen (Akslen) på Sjøholt og Hans som tok over plassen under Akslen. Bildeeigar: Lars Andreas Akslen
Bernt Severin Larsen (1860-1921) var bror til bakar Ole Martinus Larsen (Akslen) på Sjøholt og Hans som tok over plassen under Akslen. Bildeeigar: Lars Andreas Akslen
Eit anna utsnitt av bakeriet til Ole Martinus Larsen (Akslen) på Sjøholt som syner kvar det ein gong låg (lengst til høgre). Grana og Gamle Sjøholt hotell står der framleis. Biletet er frå 1963 og fotografert av Jens Viset.
Eit anna utsnitt av bakeriet til Ole Martinus Larsen (Akslen) på Sjøholt som syner kvar det ein gong låg (lengst til høgre). Grana og Gamle Sjøholt hotell står der framleis. Biletet er frå 1963 og fotografert av Jens Viset.
Eldstemannen Lars (1854-1933) vart fødd i Sunnylven før dei flytta til Emblemsbygda. Han gifta seg i 1883 med Anne Marie Petrine Paulsdotter Veddegjerde. I 1886 kjøpte dei Lauritsgarden i Vegsund, og endra etternamn til Vegsund. Borna er ikkje ferdig namnsette enno. Bildekopien er lånt ut av Harry Akslen
Eldstemannen Lars (1854-1933) vart fødd i Sunnylven før dei flytta til Emblemsbygda. Han gifta seg i 1883 med Anne Marie Petrine Paulsdotter Veddegjerde. I 1886 kjøpte dei Lauritsgarden i Vegsund, og endra etternamn til Vegsund. Borna er ikkje ferdig namnsette enno. Bildekopien er lånt ut av Harry Akslen
Hovudhuset på Akslagjerdet anno 2013.
Foto: Svein Ove Østrem
Hovudhuset på Akslagjerdet anno 2013. Foto: Svein Ove Østrem
Løa til Akslagjerdet anno 2013
Foto: Svein Ove Østrem
Løa til Akslagjerdet anno 2013 Foto: Svein Ove Østrem
Gardskart over innmark og utmark tilhøyrande Akslagjerde i 2013. Bruket var opphaveleg større, men ein god del av markane er seld ut til hustomter i eit eige lite byggefelt som har fått namnet "Leiragjordet" Kjelde: Norske gårdskart.
Gardskart over innmark og utmark tilhøyrande Akslagjerde i 2013. Bruket var opphaveleg større, men ein god del av markane er seld ut til hustomter i eit eige lite byggefelt som har fått namnet "Leiragjordet" Kjelde: Norske gårdskart.
Eit litt større bilete som syner kvar Akslagjerdet ligg i forhold til nabobruka Øvste-Aksla og Brennhaugen
Eit litt større bilete som syner kvar Akslagjerdet ligg i forhold til nabobruka Øvste-Aksla og Brennhaugen
Hovudhuset på Akslagjerdet anno 2013.
Foto: Svein Ove Østrem
Hovudhuset på Akslagjerdet anno 2013. Foto: Svein Ove Østrem
Epleslang var visst ei meir alvorleg sak i 1935. Då vart saka anmeldt. I vårer dagar er visst ikkje frukta like dyrebar lenger. (Kjelde nb.no)
Epleslang var visst ei meir alvorleg sak i 1935. Då vart saka anmeldt. I vårer dagar er visst ikkje frukta like dyrebar lenger. (Kjelde nb.no)

Akslagjerdet har i dag gardsnummer 2 og bruksnummer 2 under matrikkelgarden Aksla i Ålesund kommune. Bruket ligg ovanfor hovudvegen til Magerholm lengst aust på Aksla si gamle innmark. Bruket er i dag seld ut til hustomter for det meste. Plassen grensar opp mot Høla og Øvste-Aksla i vest og har også eit utmarksområde oppover det bratte berget heilt til toppen av Akslanakken, like ved den gamle tømmerløypa til Aksla-gardane. Aust for Akslagjerdet tok den gamle utmarka til. Den endte med området som i dag heiter Brennhaugen mot grensa til Kristenplassen, Pe-haugen og Magerholmvika. Dette utmarkstykket har truleg vore med på å gje namn på dei to plassebruka «Gjerdet» og «Akslagjerdet». Sidan sistnemnde var utskild frå dei gamle innmarksbøane til Øvste-Aksla, så må grinda og gjerdet ha gått langs austgrensa til denne garden. Den gamle postvegen gjekk over stykket omlag der dagens «gamleveg» mot Magerholm, med det dels misvisande namnet "Paratvegen" gjeng i dag. Den gjekk tidlegare opp gjennom tunet på Øvste-Aksla, der "Akslastubben" ligg i dag, og vende så mot Reiten og deretter Østrem. Seinare vart vegen lagd om slik at den gjekk ned den bratte Akslabrauta like bak staden der huset til Lars Akslen i Høla stend i våre dagar. Slik gjekk også vegen fram til 1930-talet. Kring 1934 vart akslabrauta avløyst av ein utsprengd vegstubb nedanfor Aksla-tuna og er framleis i bruk. Delar av den gamle vegen er i dei seinare åra tatt i bruk igjen like aust for Øvste-Aksla under namnet «Akslastubben» i forbindelse med husbygging ovanfor Akslagjerdet.

Akslagjerdet var i si tid rydda som eit plassebruk. Det var Lars Petter Larsen Frøysa (1824-1889) frå Endrebruket på Frøysa og kona hans, Regine Berntsdotter Midtgard (1825-1903), som kom frå Sunnylven og fekk festebrev i 1856. Dei var ikkje det einaste paret som kom utanbygds frå på jakt etter ein plass å rydde på den tida. Regine hadde etter kvart søsken både på dei nye husmannsplassane Rognereiten og Nygjerdet på Røssevollen. Dei gifta seg i 1854 og Lars    livnærte seg som smed og småbrukar. Akslagjerdet ligg  lengst aust på den gamle innmarka til hovedbruket, med grense mot heimeutmarka til Aksla og  Magerholm. Brennhaugen, (Akslen(3+5), var også rydda og delt frå Øvste-Aksla. Opphavleg var der  eit beitefelleskap nede i bygda mellom Aksla og Magerholm. Det tok slutt når begge gardane  oppretta nye husmannsplassar i samme område, frå 1850-åra. At Lars Petter fekk eit stykke i 1855,  som dels var innmark, er ikkje så vanleg. Han fekk festebrev i 1856, med årsavgift på en speciedaler,  ein arbeidsdag på hovudbruket om våren, 4 arbeidsdagar i slåtten og den 6. arbeidsdagen på hausten.

Lars og Regine fekk rett til å hogge seg nok tømmer til å sette opp løe og fjøs. Eigaren transporterte i  tillegg tømmeret, mot å få eigedomsretten. Resten av husa eigde Lars og Regine sjølve. Det var ei  gammal påbygd røykstove og ei smie. Røykstova vart nok kjøpt ein stad, og sett opp her, men kvar  den kom frå er usikkert. Truleg vart den kjøpt litt lenger inne i Storfjorden, slik fleire av dei andre  nye husmennene på Emblem gjorde. I 1868 hadde dei 7 mål dyrka jord, 16 mål natureng, fødde 2 kyr  og 6 sauer, avla 2 tønner bygg, 6 tønner havre og 5 tønner med potet.    I tidsrommet 1866 til 1881, var Akslagjerdet slått saman med «Indre Brennhaug», før den tidlegare  husmannsplassen vart sjølvstendig bruk att. Garden fekk ei revidert skyld på 49 øre i 1890. Lars var

plassemann heilt til han døydde av magesår i 1889. Han hadde mykje slekt på Emblem. Ein finn  brødrene Rasmus i Steinsgarden, Østrem(4), og Lars Martinus i Magerholmvika. I tillegg  kom Lars, på Magerholm, Laurenze på Skaret, Nedregotten(1) og Margrethe i Guttormgarden,  Nedregotten(2), som også kom frå Endrebruket, men var søsken til Lars sin bestefar.

a) Lars (1854-1933) gifta seg i 1883 med Anne 

Marie Petrine Paulsd.Veddegjerde(6), brukar

Lauritsgarden, Vegsund(4). Ho vart fødd i Sunnylven.

b) Ole Martinus (1857-1944) gifta seg i 1885 med 

Karen Marie Petersd. Giskemo(pl.) i Ørskog kyrkje,

brukar Sjøholt(35). Han var bakarlærling hos Ole Ols. 

Emblem i  Ålesund i 1875, og starta opp eige bakeri 

på Sjøholt der han kalla seg  bakar «M. Larsen». Huset 

med bakeri vart reve i 1989.

c) Bernt Severin (1860-1921) gifta seg i 1892 med 

Johanne Petrine Bergitte Olsd. Lid(4) i Ørskog

kyrkje. Bakarlærling hos Ole Ols. Emblem i Ålesund 

1875. Bernt v ar også bakar og bygde seg hus rett ved 

bror sin, Ole, på  Sjøholt. Fekk sonen Lars Peter Johan, 

som døydde av  tuberkulose i 1927.

d) Hans Gabriel (1862-1949) tok over bruket.

e) Lovise Johanne  («Øyra-Lovise») ( 1865-1952) 

gifta seg i 1891 med Nils Peter Martinus Andreasen 

Apalset(14) i  Ørskog kyrkje, brukar Sjøholt(6).

f) Ingeborg Marie (1867-1867) døydde 11 veker gamal.

Festekontrakta til Lars var temmeleg standardisert med 1 speciedaler i årsavgift og seks pliktdagar på hovudbruket. Desse var delt inn i ein dag om våren, 4 dagar i slåttonna og ein dag om hausten. Detta var litt fleire dagar enn dei krevde på Røssevollen, men så låg garden både lavare og jorda var ferdigdyrka for det meste. Ordninga med hogst var derimot litt spesiell. Lars og Regine fekk hogge tømmer til hus og løe i skogen som høyrde Aksla til, og dei fekk tømmeret levert av Hans Jørgen Knutsen frå Nedregotten (1815-1871) som dreiv Øvste-Aksla på denne tida. Men då skulle husa vere Hans sin eigedom til trass for Lars sin arbeidsinnsats med hogging og tømring. Kva som var årsaka til denne ordninga er det litt vanskeleg å seie for sikkert, men eg vil tru at Lars og Regine hadde heller lite å tilby av pengar når eingongsummen på feste av plassen var betalt. Det stod i alle fall ikkje så godt til, reint økonomisk, med søskena til Regine då dei kom til bygda i det same tidsrommet. Lars hadde truleg ikkje hest og Hans Jørgen kan enten ha ynskt å hjelpe til, eller så var det gardeigaren på Aksla som hadde bestemt at slik skulle det vere. På denne tida var både Amtmann, prest og byborgarar ivrige pådrivarar for nyrydding av jord ved hjelp av oppretting av fleire husmannsplassar i utmarka. Fleire var aktive med i eigne hushaldingselskap som skulle fremme nye tankar og kunnskap om meir og betre gardsdrift. I dette tilfelle var det ikkje nokon rik kar som åtte jorda. Nils Martinus Sørensen Rødsetreit (1805-1883) hadde likevel nokre ekstra kroner på kistebotnen. Han hadde opphaveleg vore kausjonist i 1832 åt den førre brukaren på Øvste-Aksla, Lars Pedersen (1801-1847). Men Lars klarte ikkje å handtere gjelda si samstundes som han hadde to kårfamiliar som kravde sitt. Etter kvart måtte han gje seg og søke bygsel hjå Nils i staden. Det er mogeleg at den nye eigaren søkte fleire bein å stå på ved hjelp av opprettinga av ein ny husmannsplass på garden. Eg trur i alle fall ikkje at han var medlem av hushaldningsselskap i alle fall. Eg trur derimot at han var framsynt når han fekk Lars og Hans Jørgen til å samarbeide om husbygginga, og difor fekk Hans Jørgen eigarskap på husa som løn for strevet. Etterkvart fekk Lars råd til å sette opp hus som han sjølv åtte. Dette var ei gamal røykstove som han skøytte på, ei smie og naust nede ved fjorden. I 1865-tellinga finn eg at det vart registrert ei avling på 1 1/8 tønne havre og 1 1/2 tønne potet på plassen. I tillegg hadde dei 3 kyr og ein gris. I 1868 var utkomet enno betre. Lars fekk no eit utkome på 2 tønner bygg, 6 tønner havre og 5 tønner poteter. Han rådde på denne tida over 7 mål dyrkamark, 16 mål natureng og hadde ein buskap på to kyr og seks sauer.

I 1866 vart Akslagjerdet slått saman med delar av Brennhaugen, og dermed skyldsett til 1 ort og 17 skilling. Av denne skylda kom 12 skilling frå det som då vart kalla «Indre Brennhaug». Årsaka til denne samanslåinga har eg ikkje funne heilt svar på. I forbindelse med arveskifteoppgjer datert 29. mai 1872 etter Gullaug Jetine Thorsteindotter Rødsetreit (ca 1805-1862) får dottera Anne Gurine Nilsdotter Rødsetreit (1843-1866) og ektemannen Johan Peterson Spilkevignes (1844-1915) part i Brendhaugen og Akslagjerdet i arv frå foreldra sitt felles bu. Anne Gurine var dottera til den tidlegare nemnde Nils Martinus Sørensen Rødsetreit som åtte Øvste-Aksla. Denne garden fekk broren til Anne Gurine, Nils Nilsen Rødstreit. Faren levde enno nokre år, og Gullaug var død ti år i forvegen, men det er truleg arveoppgjerdet etter broren hennar, Nils Nilsen Rødsetreit som døde på Reknes hospital det året, som er årsaka til at også foreldra sitt bu vart tinglyst i samme slengen. Frå denne teksten kjem det fram at Akslagjerdet vart skylddelt 14. juli og allereie då eigd av Johan. Det tyder dermed på at sjølve arveoppgjeret vart gjennomført før juli 1866, men at tinglesinga lot vente på seg. Det var 9/10 av Brendhaugen som Johan no eigde attåt Akslagjerdet. Paul Olsen (Kvien) Akslen (1827-1912) var bygselsmannen til Johan på Brendhaugen, medan Lars Petter Larsen Frøysa fortsette å bygsle Akslagjerdet, så sjølv om bruka vart slått saman var dette kun på eigarsida. Dei to plassebruka fortsette å verte drivne kvar for seg. Johan overtok også ei «ladebygning» på Akslagjerdet, som truleg er den same som Hans Jørgen, bygselsmannen på Øvste-Aksla hadde ått tidlegare. Dei andre husa på dei to plassane var i brukarane sitt eige. Det betyr at desse bygga truleg vart sett opp av Paul og Lars. Ved arveoppgjeret fekk søskena til Anne Gurine, Thomas og Thomasine rett på sin del av desse eigedommane i form av ei utbetaling på 50 og 10 Speciedaler frå svogeren Johan, medan faren Nils fekk 60. Johan og Anne Gurine måtte dessutan videreføre retten til bygsel og bygselskontraktene til Paul og Lars med ektefeller. Det var vanleg å gje meir til brødre enn døtre på denne tida. Ingeborg Thomasine Nilsdotter Rødsetreit (1839-1925) var dessutan gift til gard og grunn med Knut i Magerholmvika.

Den 26. juli 1872 vart det avvikla nok eit skifteoppgjer for Akslagjerdet. Johan Petersen Spilkevignes var no enkemann. Dei gjenverande 60 Speciedalarane som Johan og Anne Gurine sat att med vart no delt med dottera Anne Gurine Johansdotter (f. Rødsetreit) I 1881 vart Akslagjerdet eit sjølvstendig bruk delt frå Brennhaugen igjen, og frå 1890 hadde bruket fått revidert skylda til 49 øre. Lars dreiv plassen så lenge han levde.

Den 10.6. 1889 gifte sonen Hans Gabriel Larsen Akslen (1862-1949) seg med Inger Tobiasdotter Håve (1862-1925) frå Stordalen. Broren, baker Bernt Larsen Akslen var forlovaren til Hans, medan Inger fekk Hans R. Østrem som forlovar. Dei vart gifte i Borgund kyrkje, og det kan synast som om det var ein tradisjon i dei dagar at forlovarane vart henta frå den same bygda der bryllaupet vart halde, og det var truleg brudgomens ven som fekk æra over å vera forlovaren til bruda. Det var også desse som sette opp husa som vart ståande fram mot vår eiga tid.

a) Lars Thomas (1890-1890) døydde i første leveår.

b) Lovise Johanne  Ingeborg ( 1891-1921) var ugift. 

Ho fekk dottera Lina Marie Akslen med Sivert Magnus

Olaus Knuts. Rekdal(8) i 1914. Lovise døydde av tuberkulose.

c) Lars Thomas (1893-1983) gifte seg først i 1918 med 

Laura Olsd. Emblem(9) frå Auregarden,  brukar på  Myrane, Emblem(13). Han gifte seg opp att i 1932 med Karen Petra

Petersd. Skorpen Bringsvord(7), Sande. Dei kjøpte

Gjerdet, Østremsreit(3). Lars dreiv fiske og var mellom anna kaptein på skuta  «Skarbak».

d) Thomas Gustav (1895-1966) gifta seg i 1939 med 

nabojenta Hjørdis Amanda Jakobsd. Akslen (1909- 1994), Østremsreit(2). Dei kjøpte Minde og Kveldly, og busette

seg på «Minde», Akslen(6). Han gav Kveldly attende til 

faren.

e) Ragna Marie (1898-1992) gifta seg i 1925 med 

Peder Nilsen Strømmen(12), brukar Indre Berg(8),

Skodje. Tenar på Pe-haugen, Magerholm(3) i 1910.

f) Hans Ingvald (1899-1930) var ugift sjømann. Han 

døydde av tæring på Kringsjå Sanatorium i  Ålesund.

g) Elise (1903-1922) var ugift. Ho døydde av tuberkulose.

I 1889 fekk Hans  skøyte på farsgarden for 800 kr. mot å gje kår til mor si, Regine. Faren Lars døde det same året av «mavesår». Akslagjerdet gjekk no frå å vere husmannsplass til å verte sjølveigd småbruk. Plassen hadde vore i Johan Spilkevignes og ætta etter han sitt eige heilt fram til no. Plassen hadde også hatt gardsnummer 3 og bruksnummer 4 slik som Brendhaugen så lenge dei hadde vore samla. No vart dette endra ved skylddelinga til gardsnummer 2 og bruksnummer 2 sidan plassen opphaveleg var utskild frå Øvste-Aksla. I skøytet vart også kårkontrakta nedskrive. Her gjorde Regine krav på fór, husrom for ei ku, 126 kg havre, to tønner med potet, halvparten av frukta frå to epletre, ferdig brennfang, fritt husrom, tilsyn og kjærlig pleie. Skøytet med kårbrev vart underskrive den 1. oktober og tinglest den 18. oktober det same året. I april 1890 vart det registrert nok eit dødsfall på Akslagjerdet. Denne gongen var det eit bornedødsfall. Lars Thomas Hanson Akslen heitte guten som fekk eit særs kort liv. Heimedåpen vart gjennomført dagen etter fødselen den 16. april og Lars var død allereie før heimedåpen vart stadfesta 17. april. Årsaka var ikkje kjend og lege vart heller ikkje tilkalla. Det er grunn til å tru at bornet var heller skralt eller at tilstanden forverra seg kort tid etter fødselen.

Den 2. juni 1890 vart lånepapira tinglest. Hans måtte låne heile beløpet til gardskjøpet av Alv Olsen Rørvik mot 3,5% rente og tre månader med gjensidig rett til oppsigelse av lånet. Rørvik veit eg enno ikkje så mykje om, men det er tydeleg at han hadde fleire økonomiske interesser, for den same dagen vart også ei bygselskontrakt frå Alv til Knut Simondsen Nedregotten tinglest. Dette er Knut Simonsen f. Hole (1843-1910) som kom frå Hjørundfjorden og bygsla Tryggeset. Det kan difor vere grunn til å tru at Alv var investor av eit eller anna slag. Kanskje var han kjøpmann også? Hans hadde truleg ikkje særleg med pengar på kistebotnen på denne tida, for elles ville han truleg ha lånt minst mogeleg. I 1892 måtte Hans auke lånet sitt med 200 kroner. No var det Ole Olsen Rørvik som var lånegjevaren. Han hadde då truleg tatt over lånet frå Alv, sidan det var snakk om ei «påteikning». Hans tok på seg ekstraarbeid der slikt var å finne. Kort tid etter at den første skulestova vart sett opp på Skaret finn eg at han vart leigd inn for å kjette kammerset til læraren og måle skulen utvendig. Han fekk 42 kroner for dette arbeidet.

I 1900-teljinga får vi eit betre oversyn over kven som var busett på garden. Dei dreiv framleis med korn- og potetdyrking i likheit med alle dei andre bruka i bygda vår på den tida. Krøter og frukthage hadde dei óg, men talet på småfe veit me ingenting om. Det einaste som med veit med sikkerheit er at der ikkje var registrert nokon kjøkkenhage eller fjørkré. Dei var 8 som var heimehøyrande på Akslagjerdet når tellinga vart gjort. Hans og Inger hadde no 5 born som budde heime. Bestemora, Regine, var framleis buande på garden som føderådsenke og døydde tre år seinare av «alderdomsvaghed». Dei ulike kjeldene varierar når dei nemner Regine. Ein del plassar står det for eksempel «Rigine», men eg held på namnet Regine, slik bornebornet Harry Akslen nytta. Det er difor dette som har vore namnet som slekta nytta i daglegtalen. 

Hans fortsette å ha kontakt med søskena sine. Når han skulle på besøk til Sjøholt så var det åt ta føtene fatt. Det fant ikkje nokon samanhengande veg frå Magerholm til Sjøholt den gongen. Han gikk difor over fjellet, kom ned til Solnøvika og leigde seg ro båt over til den andre sida. Derifrå var det ein tidvis god veg å gå vidare på mot Sjøholt. Etter at bestefaren var død, fortsette slekta å halde kontakta. Sonesonen,Harry Akslen, var ein av dei som tok turar til Sjøholt og besøkte mellom anna tanta, Øyra-Lovise, men Hans var nok den einaste som gjekk heile vegen.

11. september 1909 vart lånet på nytt påteikna med 250 kroner. Ein stor del av den opprinnlege summen på til saman 1000 kroner fordelt på to lån var nok nesten nedbetalt på dette tidspunktet. I alle fall så var alle dei tre låna innfridd i 1914. Hans var det året så heldig å få ei uventa inntekt. H. Gjøsund og Peter Brandal reiste nemleg ikring i Emblemsbygda, og sikkert enno fleire andre bygder også, for å kjøpe opp kalkforekomstar. Hans åleine fekk seld sin del på akslagjerdet for 4500 kroner. Dette var mykje pengar i samtida. Men salet av desse rettane forplikta også. Kjøperane fekk med det lov til å bygge kaier, opplagsplassar, vegar, hus og kalkomnar på garden. Det råda stor optimisme i bygda vår på denne tida. Fleire reiste ikring før 1920 for å kjøpe opp fallrettar også, men etterkvart kom nedturen og konkursane. Det vart difor ikkje noko stor kalkverkdrift på Akslagjerdet, sjølv om ein kan finne spor etter ein liten kalkomn like ved på nabobruket Gjerdet si tomt. Den var derimot langt mindre enn dei som ein gong stod inne ved Magerholmvika. Kanskje var det denne gryande optimismen som fekk Hans til å investere i fleire små eigedomar ikring seg han óg. Men nedturen i etterkrigstida vart hard Den 10. mars 1923 måtte Hans låne på nytt. Denne gongen var det Ørskog sparebank som var kreditoren. Kanskje var det søskena på Ørskog som gav råd om gode vilkår der inne? Årsaka til fleire av låna var kostnaden på det nye huset. 

I 1910 var dei ikkje lenger så mange på Akslagjerdet. Hans og Inger dreiv framleis garden, men no var det berre dei to yngste borna, Hans på 11 år, og Elise som vart fødd 31. januar i 1903. Den 9. desember i 1925 døydde Inger av ein kombinasjon av tæring og hjertefeil. Ho vart 63 år gamal. Det må ha vorte ei tung julefeiring det året. Hans gifte seg ikkje opp att, og fortsette å drive Akslagjerdet, men no byrja det å gå nedover reint økonomisk. Mellomkrigstida var ei hard tid for mange og for Hans var det ikkje noko unntak.

Den 20. april 1934 vart det halde utskiftingsforretning på ein parsell frå Akslagjerdet. Lars Austrem, Joakim J. Emblem og Elias J. Emblem var innleigd som utskiftingsmenn frå Borgund Kommune, med Lars som formann. Her finn ein at den nye eigedommen, som med namnet Minde» fekk tillatelse til å hente mold på «indbruksteigane» til hovudbruket, Øvste-Aksla i Tudalen og var pliktig til å gjerde inn etter forskrifta i «gjærdeloven». Men det følgde ikkje med nokon rett til å nytte utmarka. ,Skylda vart sett til 0,02 øre og var med andre ord ikkje særleg stor i forhold til Akslagjerdet som hadde ei attverande skyld på 0,47 øre. Tomta låg også på kvar side av den gamle hovudvegen som i våre dagar er erstatta med hovudvegen nærare fjorden. Eg trur at den vart tenkt som anten ei slags kårtomt, eller kanskje tomt for seinare sal.  Den 23. april selde han nemleg Akslagjerdet til Ålesund Handels og kontorfunksjonærers Feriehjem for 10.000 kroner. I skjøtet går det fram at det er snakk om eit gardsbruk og ikkje ei tomt eller «parcel», og prisen tyder på det same. «Minde» var kort og godt ei lita hustomt med hage. Huset er no reve, og var sist i bornebornet Liv Akslen sitt eige.

Hans hadde truleg behov for ein del pengar. Den 17. desember det same året vart han nemleg saksøkt av sonen sin, Thomas Akslen, som hadde eit krav på 1895 kroner med renter. Her kjem det fram at Hans hadde to eigedomar på dette tidspunktet. «Kveldly», bruksnummer 8, som låg under Magerholm og altså Minde med bruksnummer 6 og tidligare del av Akslagjerdet. I tillegg hadde han tatt opp lån på 2000 kroner med pant i eigedomen Akslagjerdet. Av verdiar sat han med eigedomar til en verdi av 2300 kroner og ein pantobligasjon på 2000, som var deponert hos Ragnvald Rødseth i Spjelkavika. Gjelda var på 2800,- sjølv om det var kort tid sidan han skal ha fått 10.000 kroner på konto for Akslagjerdet. Kva var det eigentleg som hadde skjedd?  Vi veit at det var ei rekke tvangsauksjonar på denne tida. Når det gjekk gale med bygdefolket, fekk heller ikkje handelsmennene betalt for varene sine. I Spjelkavika også gjekk sambydingen Hans Iversen konkurs. Han hadde tidlegare investert i mellom anna fallrettar til vermavassdraget og var med på å kjøpe fossen på Trollstigen, samman med handelsmann Tollaas i Ålesund. Med nye lover og Tafjord Kraft si utbygging, så gjekk det ikkje særleg bra.

Seks dagar tidlegare hadde Hans vore gjennom ein liknande prosess med avsetningsforretning på Kveldly utan at han greidde å betale. Thomas var også her saksøkaren. I følge panteboka var gjelda på 2800 kroner tatt opp i oktober det same året. Långjevaren var «Ålesund Handels og Kontorfunksjonærar». Det er mogeleg at Thomas frykta at han ikkje skulle få at pengane sine, og når det kom til fleire långjevarar, så kan han ha fått kalde føtter. Årsaka til at Hans enda opp i dette uføret var det nye hovudhuset som han hadde bygd på garden. Det vart både stort og dyrt, alt for dyrt for den beskjedne inntekta som han fekk på småbruket sitt. Det hjelp ikkje at han dreiv med både vinterfiske og som malar. I fleire år var han også med på malingsarbeid på fyrstasjonane langs Norskekysten.

Det var nok ikkje nokon langsiktig plan at Akslagjerdet skulle selgast ut av bygda. Harry Akslen fortel at far hans, Lars Hansen Akslen (1893-1983), som var den eldste sonen og påtenkt som den som skulle overta. Det hadde visst vore diskutert også. Han gifta seg om att etter ei tid som enkemann i 1932, men då trong dei hus og gjerne litt til. Etter at Harry og søstera, Mary, hadde mista mor si, Laura Olsdotter (f. Emblem) hadde dei budd hjå besteforeldra sine i Auregarden. Men det vart ikkje nokon overtaking av Akslagjerdet likevel. Hans hadde nok behov for kapital raskt, og på om lag same tid miste Henrikka Johansdotter Akslen på naboplassen Gjerdet mannen sin. Ho var ikkje frisk og ynskte då å flytte til slekta si i Høla. Ho valde difor å selge bruket til Lars. Dermed flytta den vesle huslyden inn på Gjerdet seinhausten 1933 i staden.

I Panteboka for Nordre Sunnmøre finn ein svaret på korleis det gjekk med Hans. Den 30. mars 1936 vart både «Minde» og «Kveldly» seld på auksjon i regi av Nordre Sunnmøre namsrett. Thomas Akslen fekk tilslaget på begge desse tomtene for 300 og 2000 kroner. Han hadde budd ei tid på Magnusplassen, og hjå Ebbe-Elias etter salet av Akslagjerdet, for han måtte flytte der ifrå kort tid etter salet. Veggar kring den opphavelege stova vart fjerna for å få plass til dansegolv. Ei stund etter auksjonen kjøpte sonen Lars Hansen Akslen på Gjerdet «Kveldly» frå bror sin. Faren trong ein stad og bu samt eit hus til å bu i. Lars var sjømann, kaptein og hadde dermed økonomi til å betale for den vesle plassen Thomas hadde trass alt betalt heile 2000 kroner på auksjonen og ville nok ha att litt av summen som faren skyldte han. I tillegg måtte faren ha ein stad å bu. Han budde stort sett i dette huset resten av livet sitt, men han vart etter kvart sjuk og måtte flytte til gamleheimen like ved Borgund Kyrkje i Borgundgavlen.

Kristian Rasmusson Leira (1904-1990) kjøpte Akslagjerdet frå Aalesunds Handelsfunksjonærers Feriehjem i 1938, med god hjelp og truleg også pengar frå onkelen Edvard Leira, som var medlem i foreininga i Ålesund. Harry Akslen fortel at det vart arrangert ei rekkje tilstelningar og dansar på Akslagjerdet på den tida bruket vart drive som ferieheim. Etter kvart utvikla det seg i negativ lei med ein god del bråk. Dette gjekk først og framst ut over dei næraste naboane. Kan hende var dette litt av årsaka til at ferieheimen vart avvikla etter berre nokre få år.

Kristian  fekk skøyte på Akslagjerdet 29. april 1938. Han kom frå garden Leira Gnr. 22, bruksnummer 7 i Hjørundfjorden, og var nummer seks i borneflokken på 8. Det var registrert 7 born ved folketeljinga i 1910, men då var den nest yngste broren berre nokre månader gamal. Foreldra heitte Rasmus Olsen og Kanutte Kristiandotter. Truleg vart han oppattkalla etter morfaren sin. Dette året var onkelen Edvard Olsen og tanta Anna Olsdotter også busatt på garden Leira, og det var nettopp Edvard som Kristian tok etternamnet sitt etter. Dette var på ei tid der folk flest hadde gått vekk fra å endre etternamnet sitt når dei flytte til ein ny gard. Kristian gifta seg i 1933 og kona Tora Børstad (1910-1998) kom frå Sør- Odalen. Dei budde på Akslagjerde resten av si levetid, og dreiv frilandsgartneri der dei dyrka planter, avskårne blomar, grønsaker, frukt og bær. Varene vart seld på Kipperviktorget i ålesund, men også til bygdefolket og den som tok turen til Emblem for å handle. I Larsgarden på Østrem handla dei foreksempel kålplanter. Om vinteren vart det stillare i vekstnæringa. Då var han enten på vinterfiske, eller arbeidde på Rieberbuda i Ålesund. G. C. Rieber var opphaveleg ein grossisthandel for skinn, med avdelingskontor i Trondheim, Oslo, Stavanger, Tromsø og Ålesund. Etterkvart satsa dei også på garveri og skoproduksjon. På Kristian si tid var også selfangst, drift av isbrytarar makrellfilét og fiskeolje viktige næringar. Kristian og Thora fekk to døtre.

a) Rigmor Inge (f.1934) tok over halve bruket.

Ho er busett i Oslo.

b) Karin Torhild (f.1946) tok over halve bruket.

I 1973 vart Akslagjerdet overført til døtrene 

Dottera Rigmor Inge Reitan (f.1934) tok over halve huset og halve bruket. Ho er busett i Oslo.

Dottera Karin Torhild Leira (f.1946) tok over halve huset og halve bruket. Ho er gift med Tor Solvang (f.1949). Dei bygde seg nytt hus ved sidan av gamletunet og eig framleis dei delane av bruket som ikkje er seld ut til byggefelt. 

 a) Siw Solvang (f.1968) er busett ved tunet.

b) Arild Solvang (f.1980) gifta seg i 2014 med 

Katrina Guina Cosme, busett Nørve, Ålesund.