Ludvikplassen

Omlag midt på dette flyfotoet frå 1964 skal Ludvikplassen ha lagt. Vegen til plassen starta omlag midt mellom gardsvegen ovanfor Knutgarden og krysset der vegen til Emblemskaia skil seg frå vegen til Antonesgarden og badestranda Kjelde: www.Finn.no

Av ein eller annan grunn så er ikkje Ludvikplassen teikna inn på innmarkskartet til Emblemsvågen i 1907. Det samme gjeld Plassevågen, men vegen til plassen og grensa mot nabogardane i sør, nord og aust syner her. Kjelde: jordskifteretten

Du har kanskje høyrd om Ludvikdalen. I min barndom var dette namnet på ei av dei to gatene i det nye byggefeltet lengst vest i Emblemsvågen si utmark mot grensa til Flisneset. I våre dagar er mest heile dette neset vorte eit stort byggefelt. Namnet Ludvikdalen var ikkje noko som ein fann på mot slutten av 1970-talet i likheit med dagens overflod av vegar med bær og fuglenamn. I denne vesle teksten skal me sjå litt nærare på opphavet til dette gatenamnet.

For å finne opphavet til Ludvikdalen må me lenger attende i tid. På Valle, gardsnummer 13 finst det ein tidlegare husmannsplass som heiter Hatlen og har bruksnummer 7. Den vart først skyldsett som sjølvstendig gard i 1922. Den første plassemannen heitte Ingebrigt Erikson Ytrevik (1798-1865) og kom frå Indrevik, gardsnummer 12 mellom Valle og Glomset. Han vart i 1831 gift med Nikoline Petrine Olsdotter Ekornes (1802-1876) frå Sykkylven. Ingebrigt og Nikoline fekk 5 born, men berre ein av desse fekk ta over festet på plassen, så dei andre laut finna seg eit anna levebrød. Eldsteguten Ole Martinus Valde (1831-1912) gifta seg i staden med enka Oline Klausdotter Emblem frå Ystebøen den 7. oktober 1859, og dreiv bruket fram til 1869 når stesonen Klaus Nilson Emblem tok over. Han var kanskje rimeleg godt kjend på Emblem frå før, for forlovaren var Halvor Matiassen Østrem frå Mattisgarden. Årsaka til dette er eg ikkje heilt sikker på, men det er ikkje lange vegen mellom Glomsetmarkane og Østremsetra. Dei kan ha møtt kvarandre allereie i barndommen som gjetargutar på fjellet. Det finst og mange slektsforbindingar mellom Valle, Glomset og Emblemsbygda, eller det kan ha vore so enkelt at Halvor allereie var inngift i Ystebøslekta via Ingeborg Nilsdotter Emblem, eller at Ole som utanbygds frå fekk seg forlovar frå bygda av praktiske årsaker. Grunnen til at eg nemner Ole, er at han kan ha vore eit av bindeledda mellom Emblem og den vesle husmannsplassen Hatlen. To av dei andre sønene Peter Bastian og Knut fann seg også eit levebrød. Knut gifta seg til Glomset, medan Peter Bastian tok over etter faren. Då var det berre ein gut att, og det var han som eg skal fortelle om her, Ludvig Gregorius Valde.

Ludvig vart fødd 6. juli 1844 og døypt på Skodje 18. august. Den 12.7.1849 fekk han truleg koppevaksine. Årsaka til denne kalkulerte gjettinga er at Peder Johan Olaus Johansen på Hegebakk like ved vart datert dagen før og to born på Valle dagen etterpå. Det er ingen andre på konfirmasjonslista til Ludvik sitt kull som anten fekk sjukdomen eller vaksine det året. Kyrkjeboka er rett nok litt uklar på dette punktet sidan kolonna gjeld for båe variantane, men tida frå smitte til utbrot er 1-2 veker. Etter konfirmasjonsdagen den 30. oktober 1859, kan eg ikkje finne meir om kva Ludvik gjorde dei neste åra. Han var kanskje ikkje ein av dei som utmerka seg på skulen, for dei andre konfirmantane var eit år yngre, men han fekk likevel karakteren Godt i «Kristendom og Flid». Dette var trass alt midt på treet og den mest vanlege karakteren. Det var berre to som fekk betre skussmål medan tre fekk «ligesom». Kva Ludvig tok seg til dei komande åra veit eg ikkje så myke om. Han var vaksen no og ferdig med skulen. Det var på tide å klare seg på eiga hand og tena pengar om han skulle verte i stand til å få seg ein gard eller husmannsplass etterkvart. Det er ikkje heilt utenkjeleg at han gjekk i snikkarlære anten på Glomset eller Valle, men det er mogeleg at han tok seg teneste som dreng også. Han var nok ei tid i militæret, for småkårsfolket slapp ikkje like lett unna slike plikter.

På eit tidspunkt kring 1865 skal han i alle fall ha kome til Emblemsbygda. Eg føler meg rimeleg sikker på at storebroren Ole på Ystebøen hjelpte til, for Ole var enno ugift og ikkje nokon typisk nyryddingsmann, for dette arbeidet behøvde meir enn berre ein einsleg ungkar. Staden han fekk feste låg like nord for Plassevågen omlag der vegen «Ludvikdalen» byrjar, som ein av dei eldste og austlegaste delane av dagens store byggefelt på Flisneset. Området låg den gong i utmarka og like ved både utmark og sjøvegen til Ystebøen. Det forunderlege er at det i Borgundboka si gardsoge Bind 2 vert fortalt at Ludvik bygsla plassen frå Antonesgarden som er bruksnummer 5 i 1865. Han var rett nok brukar på garden men skøytet og juridiske rettar fekk han først i 1870 frå svigermor si.

Det var også dette året han gav bygselsetel til Ludvik. Likevel så veit me at Ludvik hadde busett seg i Emblemsvågen fleire år tidlegare. Etter litt meir leiting finn eg at Ludvik vart registrert i panteregisteret under bruksnummer 1 Knutgaren også. Problemet er at plassen aldri vart skylddelt, og fekk difor inga eigen registrering i panteregisteret. Det finst difor ingen oppramsing av alle registreringar som handlar om Ludvikplassen åleine. Vidare bit eg meg merke i at det i Skøytet til Antonius ikkje vert nemnd noko om Ludvik i 1870 og eg finn heller ikkje nokon registrert bygsling av grunn i Knutgaren. Det er difor mogeleg at hovuddelen av Ludvikplssen kom frå Antonesgarden til Antonius. Det kan bety at det kun var mindre bøter av utmarka til Knutgaren som Ludvik fekk bruke. Dette var likevel stort nok til at han vart nemnd i pantebøkene som del av garden.

Han var berre 21 år når han kom til bygda og fekk feste på markastykka «Reiten» og «Storketeigane», samt litt plass nede ved sjøen. Truleg var det slik at Reiten låg nærast Plassevågen og nausta, medan Storketeigane låg nærare Ludvikdalen. I den første folketellinga etter at husmannsplassen vart oppretta, vert staden også omtala som Reiten. Ludvik nytta både etternamnet Valde eller Walle, og byrja å bruke etternamnet Emblemsvåg på same tid. Byselsummen var eit eingogngsbeløp på 35 Speciedalar, 1 Speciedalar i årleg festeavgift samt fem arbeidsdagar i Antonesgaren kvart år attåt. Desse var fordelt på 3 dagar i slåtten, ein dag om våren og ein dag om hausten. Problemet var at Ludvik ikkje hadde pengar til å skaffe seg ein husmannsplass. Alt måtte settast opp frå grunnen av og han lånte 50 Speciedalar frå handelsmann og etterkvart også disponent i Søndmøre Dampskibselskab, Gunnar Øfstie (1848-1921), i Ålesund for å greie seg. Då hadde han truleg brukt opp pengane sine på husbyginga. Problemet var a han ikkje åtte noko jord å pantsette. Ludvik fekk likevel låne pengane sidan stova hadde både kammers, «fordørgang» og var taksert for 100 Speciedalar i Trondhiems Brandcasse. Renta var sett til 5% med fast avbetaling kvart halvår den 11. juni og desember. Lånepapira vart underskrivne 6. juli 1868 og tinglyst 8 dagar seinare. Problemet var at Ludvik trong meir pengar. Kvifor veit eg ikkje, men han lånte ytterlegare 167 Speciedalar frå ste-nevøen sin Klaus Nilsen Emblem (1846-1912) På Ystebøen. Broren Ole hadde nemleg gifta seg med enka til Nils Olsen Solavåg som også vart inngift på garden i si tid. Om desse låna var høgst nødvendig eller berre eit eksempel på ungdomeleg vågemot og optimisme skal eg ikkje seie for sikkert, men gale gjekk det. Allereie den 31. oktober det same året vart det halde eksekusjonsforretning. I papira står det ikkje kven som krevde dette, og det er lite truleg at det var Øfstie, for Ludvik hadde enno ikkje byrja på attendebetalinga. Det er er då ein annan mogelegheit. Eg har foreksempel ikkje klart å finne noko datering på lånet frå Klaus, og lånet frå Øfstie kom seinare enn 1865, så det var kanskje frå Klaus at Ludvik lånte pengar til å løyse ut bygselsbrevet. Summen kan og stemme overeins med anna byggeverksamheit på plassen. Lånet i 1868 på 50 Speciedalar kan ha vore for å redda stumpane og unngå eksekusjonsforretning fordi han ikkje greidde å betjene lånet til Klaus. Det kan også hende at Øfstie hadde oppdaga at Ludvik hadde fleire lån i etterkant. I alle fall så kan han ikkje ha latt vere å legge merke til at Klaus krevde eksekusjonsforretning den 28. august, litt over ein månad etter at han lånte vekk sine 50 Speciedalar. Ludvik miste mellom anna kua, 4 sauer, færingen, fiskeutstyret sitt og huset som han hadde pantsatt til Øfstie. Dermed var det ikkje nokon grunnlag att for å fortsette å låne Ludvik pengane, men no var det berre innbo og småtteri attende. Dermed måtte Øfstie kreve eksekusjonsforretning snarast råd for å få at mest mogeleg av pengane sine han óg.

Ludvik fekk seg ein alvorleg økonomisk knekk, men han fekk framleis bu på plassen og truleg fekk han bo i stova si og nytte både båt og fiskereiskap attåt, sjølv om Klaus åtte det heile. Han ville kanskje berre sikre seg at verdiane ikkje forsvann når han fekk vete at Ludvik hadde lånt pengar hjå fleire. Likevel er det eit drastisk skritt å ta ovanfor ste-onkelen sin. Men frå no av gjekk det meste mykje betre, reint økonomisk. Han var snikkar også og vart buande på Reiten heile livet. Plassen fekk seinare namnet «Ludvikplassen» på folkemunne. Han dreiv også med husflid og fekk tilnamnet «Ausskjer-Ludvig». Det var fleire husmenn som skaffa seg ei kjærkomen ekstainntekt på denne måten. Kristen Magerholm laga foreksempel «Krissenblå» riveskaft for sal. Kjærleiken gjekk det også betre med. Den 22. mai 1870 gifta han seg med Lovise Petrine Pedersdotter Riksheim (1842-1909) frå Sykkylven. Saman fekk dei borna Ingeborg Anne Nikoline Ludviksdotter Emlemsvaag (f. 13.3.1871) og Peter Martinus Ludvikson Emlemsvaag (f. 4.3.1875). Ved sida av plassebruket og fiske vart det pengar frå både snekkarverksemda og ausekara. Men Ludvik hadde vore i hardt vér tidligare og ein kunne ikkje vere vågal når ein hadde både kone og born å ta vare på. Då «Søndmøre Dampskibselskab» starta opp med stoppestad på fjorden utanfor Emblemsbygda, tok Ludvik etterkvart på seg ansvaret som ekspeditør. Kor lenge han dreiv med dette veit me ikkje, men han var i allefall registrert som «Expeditør for Søndmørskibene ved Emblemsvaag» i 1900-tellinga, 6 år før dampskipskaia i Emblemsvågen stod ferdig. Dermed måtte ein ro ut og borde skipa på fjorden i alt slags vér. Det var farleg, men nødvendig arbeid. Særleg farleg var det når levande storfe eller fleire hundre liter med sirup skulle lossast i høg sjøgang. Du kan lese meir om dampskipskaia her på www.Emblemsbygda.com. Lovise hadde truleg eit born utanfor ektekskap også, for ho var ugift før ho møtte Ludvik. I 1862 vart det i alle fall døypt ei jente som heitte Berte Jensine Bornåsen Riksheim. Lovise var då registrert som «Pige» medan faren var Bornå Bornåson Åsen frå Grytten. Berte vart buande på Riksheim og vaks opp hjå besteforeldra sine. Det må ha vore rart for henne om ho som 8-åring visste at mora budde rett over fjorden uten at det vart plass til henne der.

Av folketellinga for Borgund i 1900 kan ein også lesa litt meir om drifta av plassen. Dei hadde truleg både potet og korn. Folketellinga gjev ikkje noko eksakte mål eller svar på om dei for eksempel kun hadde potet. Likevel var det vanleg å vere sjølvforsynt med havre og bygg på denne tida. Ein ser også at gardane ikring hadde dette ifrå kårkrava heilt fram til 1920-åra, og i 1868 var det omlag dyrka like mange tønner korn som potet i den samla oversikten over avlinga for samtlege bruk i Emblemsvågen inkludert Reiten. Krøter, og fjørkré var også vanleg, men det er lite sansynleg at Ludvik og Lovise hadde særleg meir enn 1-2 kyr og ein kalv eller kvige. Kvardagsmaten på gardane var stort sett fisk, medan mengda med graut var på veg ned til fordel for grovbrød og potet Ein liten frukthage hadde dei óg. Nokre år tidlegare var ikkje dette så vanleg, og i alle fall ikkje på husmannsplassane. Ein liten frukthage på mest kvar einaste gard er eit anna spor som vitnar om overgongen til brødmåltid. Saft og sylte gav både godt pålegg og sunnare kost med frukt og bær heile året. Det var sjølvsagt ikkje i eit like stort omfang som i våre dagar, men det var lite plasskrevande og perfekt der det var dels steinut og dårlege slåttemarker. Det er mogeleg at dei hadde sau eller geit også, men det fortel tellinga ingenting om og framveksten av kratt og skog mot slutten av 1800-talet kan vitne om at småfe var på kraftig retur i Emblemsbygda. Stadig fleire la tidleg på 1900-talet om drifta til meir krøterhald. Smørmeieriet hadde også nyleg starta opp inne ved Ebbegardstunet i Røssevollelva. Når det kom til brennfang, så var det berre torv dei hadde i 1868 og ikkje nokon vedskog. Dette bedra seg truleg ein del dei neste tiåra.

I 1900 hadde borna flytta heimanfrå, men eg finn pleiedottera Lovise Wilhelmsdotter som vart fødd i 1893. Dette var bornebornet deira og dottera til eldstedottera Ingeborg Ludviksdotter som no heitte Gåseidnes til etternamn. Ho vart gift 11. juni 1894 med Wilhelm Gåseidness (1865-1951) og busatt i Klokkarsundet Han hadde ingen gard, men i 1910-tellinga var han registrert som «Jordarbeider, dagarbeider og pedell ved folkeskole». Pedell tyder at han var vaktmeister, men namnet på skulen er ikkje nemnd. Lovise var deira eldste dotter, og utan gard måtte dei begge truleg ta arbeid begge to for å klare seg. Dottera fekk difor vere hjå besteforeldra til ho var gamal nok til å greie seg meir på eiga hand, for på denne tida var det sjølvsagt ikkje barnehagar og SFO slik som i dag. Det var ikkje så rett få borneborn som difor vaks opp hjå besteforeldra sine i Emblemsbygda. Hadde ein budd på ein gard så ville der vore enklare løysingar med både kårfolk som kunne hjelpe samt arbeid som borna gradvis kunne ta del i. I 1910 finn eg att Lovise og Wilhelm i Klokkarsundet. Då har eldste dottera flytta heim att og er med på å passe dei 5 småsøskena sine. Det er mogeleg at den nest eldste broren, Ingvald Wilhelmson Gåseidnes som vart fødd 27.12.1896 også budde ei tid på Ludvikplassen, men han var 4 år i 1900-og det passar ikkje heilt med ei forklaring om at Lovise var på Emblem for at mora skulle ha moglegheit til å arbeide. Samstundes så veit me at også besteforeldra var pådrivarar for å hjelpe borna sine. Det er også mogeleg at det var økonomiske omsyn som førte fram til denne løysinga. Broren, Peter Martinus Ludvikson Emblemsvåg, vart gift 15. oktober i Borgund kyrkje med Marie Kristofa Helene Eliasdotter Furnes (f.1872). Ho budde då ute i Klokkarsundet og Peter busette seg også der som snikkar.

I 1909 Døydde den første kona til Ludvik, Lovise Pedersdotter Emblemsvaag den 22. november av «alderdom». Ho var gravlagd den 29 november. Ludvik var på denne tida 65 år, men gifta seg om igjen. Nok ein gong var han på friarføter i Sykkylven og den 17. oktober 1910 gifte han seg med Karen Sofie Petersdotter Klokk (1857-1916). Det underlege med dette giftermålet var at Karen sin forlovar var Klaus Nilsen Emblem på Ystebøen, ste-nevøen til Ludvik. Sjølv hadde han vald lærar og sambygdingen Knut Furseth. Karen og Ludvik fekk ingen born saman. I 1910-tellinga finn eg heller ingen andre enn Ludvik og Karen på husmannsplassen. Han hadde gjeve seg som ekspeditør sidan 1900-tellinga sjølv om det no var mykje enklare når dampskipskaia hadde kome på plass i Jaktevika like vest for nausta i Emblemsvågen. Pådrivar og landhandlaren Lars på Elvarum hadde tatt over ansvaret for ekspederinga på ny-kaia. Dei nygifte fekk ikkje så mange åra i lag, for allereie den 24.10.1916 døydde Karen, 59 år gamal. Ho vart gravlagd den 30. oktober. Ludvik var no 72 år gamal, men han gifte seg likevel enno ein gong. Den utkåra denne heitte Johanne Marie Toresdotter Lied ( 1872-1941). Ho var eit år yngre enn Ludvik si eldste dotter ute i Klokkarsundet ved den gamle Borgund Kaupangen. Dei gifta seg i 1917 og fekk 11 år saman før Ludvik døydde av kreft den 22. november i 1928. Han vart gravlagd og jordfest den 27. november i Borgund kyrkje. Etter han var husmannsplassen inndregen under Antonesgarden att. Det er truleg at Johanne fekk bo i Emblemsvågen livet ut, men kyrkjebøkene frå 1941 er enno ikkje frigjevne på nett, så eg kan ikkje bekrefte dette enno. Ho klarte seg truleg ikkje på eiga hand mot slutten. Det er mogeleg at borna eller borneborna til Ludvik hjalp til, men det er også mogeleg at ho måtte ty til fattighjelpa. Kjenner du svaret, så vil eg gjerne høyre frå deg på sveostrem@hotmail.com.

I tida etter 1941 veit me med sikkerheit at plassen vart nedlagd. Nye moglegheiter til å få seg arbeid avløyste etterkvart den gamle husmannsordninga. Spora etter plassen er framleis levande hjå fleire i bygda vår som fekk oppleve både plassen og Ludvik på sine eldre dagar, men dei vert færre og færre desverre. Eg skal kome attende med meir ved eit seinare høve. Sjølv om plassen er borte, så er det likevel kjekt at namnet lev vidare, om enn i eit gatenamn like ved.  

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.12 | 22:33

Veldig trivelig lesing, takk! Knut Salvesen Tjugen var onkel til min tipoldefar.

...
17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE