BNR. 4 Nygjerdet

Severine (Sylla) Emblem, gift Bjørkavåg med eldsteborna sine. f.v.: Harry, Olga (Mosse) og Lovise (Molla) fremst står Anton Bjørkavåg. Han er far til Elisabeth Bjørkavåg som har lånt ut biletet. Det er kanskje teke Lundberg som vart frådelt Negarden.

Nygjerdet avmerka på dagens gardskart over Røssevollen. Oppe i venstre hjørne ser du Ivar Aasen hytta og kring røssevoll-namnet på kartet kan du sjå vegen ned til bygda. Kjelde: gardskart.skogoglandskap.no

Nygjerdet er den andre husmannsplassen som i si tid vart rydda på Røssevollen. Rognereiten var den første og låg høgst oppe mot utmarka og fjellet. Nygjerdet vart dyrka opp på den vestlegaste delen av Tykjegarden like nedanfor Rognereiten.

Lars Samuelsen Storstein (1836-1927) var den første som fekk feste på Nygjerdet i 1865. Han kom frå garden Storstein og var broren til Anne Marie Samuelsdotter Storstein (1832-1892), som flytte til Rognereiten på Røssevollen. Truleg var det via henne og svogeren han fekk tak på denne husmannskontrakta.

Lars var fjerdemann i borneflokken og sonen til Samuel Pedersson Storstein (1809-1894) på bruksnummer 3 på Storstein i Sunnylven. Samuel var den beste felespelaren i distriktet. Han livnærte seg som sagar og var mellom anna heilt til Skjåk for å sage hustømmer. Der fekk han ein gong spele i lag med «Loms-Jakup», som skal ha vore ein av dei største spelemenn på 1800-talet . Dei prøvde kvarandre i mange slåttar og ein av dei som var med på arbeidslaget til Samuel, Ole Hole, meinte at det var Samuel som stundom var den beste.

Søstra til Lars hadde kome frå Stranda til Rognereiten omlag 7 år tidlegare med mann og born. Dei må ha klart seg rimeleg godt, sidan Lars fekk lyst til å prøve seg ham óg. Rognereiten vart opparbeidd på Hansgarden (bruksnummer 1) si jord, medan husmannsplassen Nygjerdet vart festa under bruksnummer 3, som var Tykjegarden. På denne tida skulle Ole Matias Jensen (f. 1843) akkurat ta over garden etter far sin, Jens Annaniasen Røssevold. Ole var femte generasjon på dette bruket. Kva som var årsaka til at husmannsplassen vart oppretta det same året, veit ein sjølvsagt ikkje heilt sikkert, men det kan verke opplagt at Ole ynskte seg meir onnehjelp og at 40 Speciedalar for festesetelen var kjærkomne pengar for Jens som no vart kårmann. Den årlege festeavgifta på 1 Speciedalar var kanskje ikkje så mykje, men den kom nok også godt med, sjølv om dei 4 dagane med arbeidsplikt på Tykjegarden kanskje var dei viktigaste for Ole på sikt. Lars var berre 29 år då han kom og difor ein mann i sin beste alder når det kom til å gjere nytte for seg på hovudbruket. Kona til Lars, Ane Håkensdotter Frøysa (1832-1922) var 4 år eldre og sterk som få.

Om Ole hadde hatt andre planar for utmarkstykket, så hadde han uansett ikkje noko val, for faren krevde at Lars skulle få fortsette som husmann og det vart også tradisjonen tru nedskrive i skøytet på garden saman med kravet til kårytingar. Det var også vanleg at festekontrakta til husmannen var skriven slik at den som overtok hovudbruket laut ta over og vidareføre festekontrakta frå den forrige brukaren. Eg har funne fleire eksempel på at husmenn på slike små plassar kunne kreve å få bu der resten av livet om dei klarte forpliktelsane sine. Eg har ikkje funne den opphavelege festekontrakta frå 1865, men derimot ein panteobligasjon frå Jens til Ole Johan («Sjurs-Ole») Knutsen Emblem frå Sjursgarden på 50 Speciedalar frå 1856, som også vart tinglest i 1866. Det er ingen opplysningar om når lånet vart avløyst. I Panteregisteret finn eg berre skøyte på Nygjerdet frå 1877 som den første registreringa, og Panteregisteret for Tykjegarden gir heller ikkje noko svar.

Lars og Ane hadde lite å hjelpe seg med då dei kom til Røssevollen. Etter at festegifta var betalt hadde dei berre 20 Speciedalar att. Av dette skulle dei rydde seg eit plassebruk og bygge driftsbygningar frå grunnen av. Det var heller ikkje billig. Men hus slapp dei å bruke pengane på, for dei hadde allereie kjøpt seg ei gamal stove inne i fjordane. Likevel var økonomien heller skral. Dei måtte selje den eine napperya si for å få råd til å frakte tømmerstokkane til Emblemsvågen. Transporten på fjorden var ein ting, verre var det når huset skulle flyttast heilt opp på Røssevollen. Her er det arbeidshugen til Lars og Ane kom til syne for alvor. Bygdeboka fortel at Ane bar stokkane opp frå sjøen om kveldane på kveldstid, medan Lars sette i hop den vesle stova på natta.

Det kan verke rart at det var Ane som bar stokkane dei bratte bakkane, men det vert fortalt at ho fekk hjelp av «Emlemskarane». Kven dette var, fortel ikkje kjeldene noko om, men det var truleg mange som hadde sympati med nykomlingane og stilte opp på dugnad. Kan det ha vore Ole i Tykjegarden som sende bod på naboane sine, eller var det kanskje svogeren Ole og søstra til Lars, Anne Marie på Rognereiten som baud inn til dugnad? Dei visste kva som måtte til når ein ny plass skulle ryddast, og hadde truleg fått ein del vener i bygda etter 7 år. Dei visste nok også kor dårleg råd nygjerde-folket hadde. I 1865 finn eg i alle fall ein Knut Larsen Emblem og ei Karen Larsdatter Emblem mellom fadderane til dottera deira, Berthe Lovise Røssevold. Desse var truleg søsken og frå Auregarden litt lenger nede i «Røssevoldbakkane». Lars var også fadder til niesa på Rognereiten og på dette tidspunktet kallar han seg allereie Røssevold. Eg vil tru at aurefolket stilte på dugnaden, og dei hadde igjen mange bekjente i bygda. Når arbeidet vart gjort på kvelden, så gjekk det ikkje ut over noko anna arbeid på gardane.

I folketellinga det same året finn eg den vesle familien på husmannsplassen «Nygaard» på Røssevollen. Då hadde dei ein gut på 1 år som heitte Hans P. Larsen og var fødd i Sundelvens Prestegjeld. I det første året hadde dei klart å skaffe seg to kyr og fått både korn og såpotetene i jorda på den nye plassen sin. I den same folketellinga hadde dei i alle fall klart å hauste både ei tønne havre og ei halv tønne potet. Det kan tyde på at dei kom tidsnok til våronna og at huset kan ha vorte frakta opp kring påsketider.

Lars og Anne fekk i alle fall 3 born som levde opp. Det er litt vanskeleg å få ei fullstendig oversikt sidan dei kom til bygda i 1865 og den neste folketellinga var først i 1900. Eg har funne svært lite om dei i søkbare register, og gravsteinen er borte, så det er kun ei fullstendig gjennomlesning av kyrkjebøkene frå dette tidsrommet som kan avdekke om dei fekk fleire born. Eg håpar å kome attende til dette etter kvart.

Hans Peder Larsen Røssevold (1865-1947) var den eldste sonen, ifølge 1865-tellinga. Han vart fødd før familien flytte til Røssevollen. Han kjøpte seinare gardsbruket som Nygjerdet vart skild ut ifrå. Han fekk skøyte på Tykjegarden i 1892. Hans gifte seg med Ingeborg Marie Britanusdotter (1856-1933) frå Ytre Ekroll på Skodje den 26. juni det same året. Dei skal eg kome attende til i ein eigen tekst om Tykjegarden ved eit seinare høve.

Samuel Larsen Røssevold (f.1868) vart fødd den 21. mars og døypt 26. april. Han fekk underleg nok omtrent det same namnet som søskenbornet Samuel Martinus Olsen Berntsen Røssevold på Rognereiten, som vart fødd 30. januar det same året og døypt same dagen som Samuel. Bestefaren deira, Samuel Storstein må ha vore stolt, men det var ikkje berre eit hyggeleg samanfall, for Samuel Martinusen vart først heimedøypt av Hans Tidemansen Røssevold. Slikt vart gjort enten når ein ikkje kunne komme seg til kyrkje, eller når dei trudde at bornet ikkje ville leve særleg lenge. Det var også vanleg å døype den neste opp att med same namn om det var ein gut, eller eit liknande namn om den neste vart ei jente. Sidan Ole og Anne Marie på Rognereiten hadde så mange born frå før av, så hadde dei kanskje ikkje planar om fleire, og då fekk ein kanskje denne underlege dåpen med to som fekk det same namnet. Samuel Martinus døydde også som born, men han levde heilt til den 17. september tre år seinare. Han vart gravlagd 21.9.1871. Samuel på Nygjerdet har eg ikkje klart å finne att i vaksen alder. Eg har også søkt i emigrasjonsprotokollar og amerikanske folketellingar. Onkelen Amund Samuelson Storstein var nemleg ei tid i Amerika. Det er likevel mogeleg at Samuel drog han óg, eller at han gjekk i land som sjømann. Emigrantlister på dei som kom via Canada er heller ikkje fullstendige og for dei som endra namn i det nye landet er det særs vanskeleg å finne at. Me veit i alle fall at mange frå Røssevollen drog over Atlanterhavet i håp om å finne betre kår, og på Nygjerdet var det ikkje så mykje å hente.

Johan Peter Larsen Røssevold (f. 1873) vart fødd den 13. november 1873. Johan var far til Laurits Andreas Røssevold, som eg skal kome attende til. Han er vanskeleg å finne i den søkbare delen av digitalarkiva, men den 16. juli 1919 finn eg han som far til brudgommen Laurits. Det vart registrert at brudgommen vart fødd i 1890 på Roald på Vigra. Det står ikkje noko meir om Johan, men sonen livnærte seg i alle fall som fiskar og det var fleire med Røssevold til etternamn ute på øyane. Johan finn eg derimot ikkje i dei seinare folketellingane der ute, så han kan vere død i tidsrommet 1890-1900. I eit søk i slektsdatabasen «Geni» finn eg eit treff på ei Charlotte Edvarddotter som skal ha vorte fødd i 1866 i Ålesund og var gift med Johan. Dette kan dermed ha vore mor til Laurits. Den einaste med dette namnet i 1900 er ei Charlotte Edvardsen som er fødd i 1860 og var tenestejente i Moloveien, men ho var ugift, så det kan ikkje stemme.

Eg må seie at eg er retteleg imponert over arbeidshugen til plassefolket oppe på Røssevollen, og det var sambygdingane den gongen óg. Nygjerds-folket hadde nok god hjelp i slekta på Rognereiten, men samstundes var dei begge avhengige av å skaffe for til dyra med utmarkslått langt til fjells på natta. Graset hadde dei neppe i utmarksløer slik som på Skillingen, så då måtte det berast heim med ein gong det var tørt i staden for å vente på skaresnøen etter jul. Graset fanst i små mengder på naturskapte bøar og vart truleg tørka flatt, for skog til hesjestaur var det lite av den gong dyra beitte over heile fjellet. Når to husmenn trong gras, så måtte dobbelt så mykje berast heim også.

Kor mykje Lars og svogeren Ole var vekke på tømrararbeid finst der inga oversikt over, men ein finn spor av omfanget når alt heimearbeid måtte gjerast om natta. I tillegg veit eg at Ole på Rognereiten dreiv fiske. Dette var ei kjærkoma ekstrainntekt so det er truleg at Lars nytta seg av dette han óg. Omfanget av fisket var truleg avhengig av kor mykje dei dreiv med tømmerarbeid, men Borgundfjordfiske var det nok ingen som laut gå frå seg. Kanskje var det også kvinnfolka som måtte trå til i periodar, noko som slett ikkje var uvanleg. Seinare vart borna gamle nok til å hjelpe til med slikt. Me veit i alle fall at Lars fekk skøyte på Nygjerdet allereie i 1876, ei voldsom utvikling frå den gongen han kom til bygda nærast som raka fant.

Ole Jensen Røssevold i Tykjegarden selde husmannsplassen den 11 desember i 1876. Frå andre påteikningar på Tykjegarden kan det tyde på at han hadde behov for meir kapital, og han hadde allereie ein del lånegjeld. Panteobligasjonen på 350 Speciedalar til bygdas rikaste mann, Sjurs-Ole var nyleg nedbetalt, men det verkar som om ein satsa stadig meir på Utror og bankfiske på Røssevollen. Skulle ein såpass langt utpå, så trongst det skikkelege båtar også. Ole hadde no mogelegheita til å få inn litt kapital utan å låne. Om dette var den einaste årsaka kan eg ikkje seie for sikkert, men eg hellar mest mot dette av di Ole med det same skøytet fekk mindre onnehjelp. Når Lars vart sjølveigar kunne heller ikkje Ole kreve arbeidsdagar på bruket sitt. Kjøpesummen var 728 kroner. Då skøytet vart tinglyst den 23. juli 1877, var også skylddelingsforretninga avhalde. Ved skylddelinga vart ein einige om at Nygjerdet var 1/5 av Tykjegarden og dermed skyldsett til 1 ort og 5 skilling, noko som i 1890 vart revidert til 47 øre. Finansieringsløysinga til Lars var litt annarleis enn dei fleste andre som eg har funne i Emblemsbygda. I 1877 tinglyste han eit lån på 720 kroner med ein panteobligasjon til Overformynderiet i Borgund. Dette var ein komite som var sett til å forvalte umyndige sine pengar fram til dei enten vart vaksne nok, eller vart i stand til å ta seg av økonomien sin sjølv. Overformynderiet tok nok vare på ein del arv og liknande for born, men samstundes også vaksne som av ein eller anna grunn vart umyndiggjort. Dette er første gongen eg har funne at dei faktisk lånte ut delar av desse pengane mot rente. Kanskje var vilkåra betre enn i banken også. I alle fall så vart dei einige om ein avtale med 5 % rente med to halvårlege innbetalingar den 11. juni og 11. desember. Det er mogeleg at dette kan ha vore ei reinvestering av lånet også, for eg finn ikkje andre datoar på denne avtalen enn tinglysningsdatoen 23.juli 1877, og garden vart skøytt over som betalt allereie i desember 1876. Det er likevel ei mogelegheit at dei avventa med endeleg kontrakt til etter skylddelinga i 1877 og at betalinga først kom den 23. juli 1877 ved tinglesinga. Det er litt vanskeleg å seie for sikkert, men anten så hadde Lars 728 kroner å betale med eit halvår tidlegare, og lånte pengar til andre investeringar, elles så lånte han mest heile beløpet. Det me veit med sikkerheit er i alle fall at lånet vart nedbetalt og «Aflæst» den 24. april 1900.

Me skal no bevege oss fram i tid til 1900-tellinga. På denne tida dreiv Lars og Anne framleis Nygjerdet. Bornebornet Laurits Johansen Røssevold på 10 år er no busatt på Nygjerdet som «Pleiesøn». Dette er det vanskeleg å lese så mykje ut av, for det var ein vanleg praksis at born vaks opp hjå besteforeldra, i alle fall fram til dei skulle byrje på skulen. Slik var det i alle fall i Magerholmdalen, der sonen Knut og kona hans Nikoline (Nikka) bodde i Spjelkavika og arbeidde på fabrikk. Slik var det også i Mattisgarden på Østrem. Forskjellen var at Laurits var 10 år gamal.

Det er mogeleg at han var dreng på garden, men då ville ein som regel ha skrive det også. Ei anna mogelegheit var at ein allerie hadde bestemt at han skulle ta over garden, og då trong han lære seg det han trong, men det er også mogeleg at faren Johan var død på dette tidspunktet. Eg har ikkje klart å finne rett svar enno, for fedrene vart uansett innskrivne ved bryllupet utan slik ekstra informasjon, som kan vere nyttig for ettertida. I tillegg er det beint umogeleg å finne Laurits i nokon kirkebok i Borgund og omegn i perioden 1899-1891 til trass for at eg har både årstal og fødselsdato frå gravminneregister og gravstein. Dei stemmer også godt med opplysningane i 1900-tellinga. Førebels må ein difor berre slå seg til ro med desse opplysningane .

Om gardsdrifta finn eg følgande opplysningar: Dei hadde framleis både fjærkré, krøtter og frukthage, men småfe fortel denne tellinga oss ikkje noko om. Dei hadde også enten potet, korn eller helst litt av begge deler. Truleg var avlinga litt høgare enn i 1865, sidan dei no var tre vaksne i tillegg til Laurits. 1910-tellinga gjev heller ikkje fleire opplysningar utover at Amund ikkje lenger er busatt på Nygjerdet. Han hadde då flytta til Tykjegarden der nevøen Hans Peder Larsen Røssevold (1865-1947) frå Nygjerdet no sat som gardeigar saman Ingeborg Bretanusdotter Eikrol (1856-1933) frå Skodje. Dei hadde kjøpt bruket allereie i 1892, men det var først etter 1900 at dei tok over ansvaret for Amund. Han hadde trefot etter ei bilulukke då han arbeidde i Amerika og var ufør. Amund fekk fattigstøtte og døydde seinare på Borgund Gamleheim i 1924.

Om Lars si tid på Røssevollen har eg elles ikkje så mange detaljerte opplysningar. I Pantebøkene finn eg at han lånte 1000,- i Borgund sparebank våren 1904. I 1912 tok han opp to enno større lån på til saman 8000,- i lag med sonen Hans i Tykjegarden. Dei pantsette bruka sine og ein felles motorbåt på 10 tonn som heitte «Hurtig». Dette var truleg ein overbygd motorkuttar. Nils Johansen Emblem lånte samstundes 1000.- med pant i motorbåten «Sverre» på over 4 bruttotonn og dei var ikkje dei einaste. I 1919 pantsetter også handelsmann Lars K. Akslen, broren Tomas «Tams» Akslen i Fursetgarden, Martinus Knutsen Emblem frå Steffågarden og Lars Olsen Emblem i Auregarden motorkuttaren «MB Vilson» på 7 tonn. Ei ny tid hadde kome for fiskevirksamheita i bygda. Båtane vart større, overbygde og dyrare. I 1919 kunne dei låne heile 30 000,- med pant i båten. Dette var ikkje noko som kven som helst av bøndene i bygda kunne fortsette med. Notlag og Borgundfjordfiske var ein ting, men det som trongst for bankfiske var noko heilt anna. På omlag denne tida var det få som investerte i båt og fleire som tok seg hyre i staden. For den som eigde båt vart meir og meir avhengig av heilårsfiske, og å reise dit fisken var å finne. Andre valde å ta seg hyre på fraktebåtar eller ishavsfangst. I tida fram mot 1930-talet var det mest kvar ungdom i bygda som sparte pengar til å overta eller kjøpe gard på denne måten. Andre drog til Amerika for å finne seg betre inntekter der. På Røssevollen finn eg stort sett fiskarar og emigrantar i dette tidsrommet.

Laurits dreiv fiske i alle fall frå 1910, men starta truleg kring konfirmasjonsalderen då han var for vaksen å rekne. Den 14. januar i 1917 gifta han seg med Gyda Josefine Høg (1893-) frå Kristiansund. Samstundes fekk han skøyte på Nygjerdet frå bestefaren Lars og bestemora Anne. Dei hadde drive bruket heilt til Lars var 80 år. Med på kjøpet fekk Laurtis og Gyda ein halvpart i ei kvenn i Røssevoldelva og ein halvpart i eit oppmura naust i Emblemsvågen. Han måtte dele med onkelen sin, Hans i Tykjegarden. Lars hadde nokre krav attåt. Vart det nokon økonomisk gevinst ved ein eventuell utbygging av Røssevoldelva med vasskraft og elektrisitet, så skulle den av besteforeldra som framleis levde ha del i denne pengeinntekta. Ellers var Lars ein rimeleg kar å forhandle med. Laurits fekk Nygjerdet for 2000,- Frå kårytingane får ein også nokre opplyningar om kva som vart dyrka på bruket i 1917:

«For vor Levetid følgende aarlige Føderaad, der svares af Bruket og paahviler samme som en reel Byrde: # 1 54 kg – femti og fire Kilogram Havre og 3 – tre – hl (hektoliter red. anm.) Poteter.

# 2 365 liter Søtmelk tilleveret med 1 – en – liter daglig samt aarlig 3 – tre – kilogram smør.

# 3 Frit Bruk og Benyttelse af Lillestuen, samt Adgang til fornødent Behov af Loftet over samme tilstøtende Kjøkken, likesom Adgang og Benyttelse af Rom i Kjelleren.

# 4 Frit Brendfang til fornødent Bruk, hjembragt ot tilleveret i brukbar Stand.

# 5 Frit Bruk og Benyttelse af et Markstykke, som paa søndre vestre og nordre Kant  støter til Utgjærdsgaren, og paa østre til «Ystegrova» samt fornødent Rum i Loven for  Avlingen saavel af dette Stykke, som det saakaldte Pestykke. Likeledes forbeholdes Fjøsrum til de Kreaturer, der han vinterfødes af Foringen paa nevndte Markestykker, da saavel Hø som Halm skal benyttes paa Stedet.

# 6 Fri og forsvarlig Tilsyn og Pleie, særlig i Sygdom og Alderdom.

Lars sette også som krav at han hadde førsterett på å kjøpe garden attende, om Laurits valde å selge mens han enno levde. Kvifor ein mann på over 80 år skulle ønska noko slikt er det ikkje så lett å forstå for ettertida. Kanskje var ikkje Laurits så veldig ivrig på å ta over likevel? Ein ska også hugse at det var krig i Europa og usikkre tider, sjølv om Norge stod utanfor det heile. Det er også verdt å merke seg at ein i skøytet får vite at ei kjøpekontrakt datert 8. juni 1914 «Sattes herved ut af Kraft»

Dei tidlegare nemnde låna med pant i garden og motorbåten fekk Laurits med på kjøpet, for dei vart ikkje ferdig nedbetalt før i 1916 og 1920. Dei hadde nok inverknad på kjøpesumen også. I november 1917 måtte Laurits låne 2000,- ekstra med pant i garden. Den påfølgande hausten, den 26. oktober 1918 måtte han låne 1000,- attåt. Eg veit ikkje om kva desse lån skulle nyttast til. Kanskje var det investeringar i arbeidsreiskap til fiskebåten? I skillingsmagasin hausten 1917 finn eg Laurits omtala som «Skipper» og ein av aksjonærane ved Anton Tollaas sitt forsøk på å kjøpe opp fossefall-rettar i Rauma. Om dei kjøpte desse rettane, så vart dei lite verd for dei fleste av fossane som vart nemnde er enno ikkje utbygd i 2013. Kanskje lot han seg overtale til å satse på noko usikkert? I alle fall så tok han kanskje litt vel hardt i. Panteboka for Nygjerdet fortel nemleg ikkje heile sanninga. I 1917 hadde han kjøpt Rognereiten også. Her hadde han fleire lån og i 1920 måtte han selge Rognereiten for ein lavare sum enn den han sjølv hadde betalt. Det same året måtte han selge Nygjerdet også for 2350,-. Det kan verke som ein litan gevinst på 350 kroner, men eg kan ikkje sjå at kjøparen Fredrik Emblem frå Negarden overtok gjeldsforpliktingane. Det kan bety at Laurits tapte ein heil del pengar på desse gardsinvesteringane. Det står heller ikkje noko om videreføring av kårytingane i skøytet frå Laurits til Fredrik 11.9. 1920. Lars nytta ikkje forkjøpsretten sin denne gongen. Han levde til 1927, medan Anne døydde i 1922 I følge kirkebøkene så budde dei på Emblem og Røssevollen heilt til dei døydde, i motsetnad til Lars sin bror Amund. Om dei fekk bo på Nygjerdet, eller om dei flytte til sonen i Tykjegarden, veit eg ikkje heilt sikkert. Fredrik budde i alle fall like ved og trong neppe husa til anna enn lagring av fóret. Tok han likevel over kårytingane, så hadde han fleire born som kunne bu der oppe og ta seg av dei gamle. Dei einaste sikre opplysningane eg har etter 1910-tellinga er at Fredrik kun var interessert i slåttemarka. Laurits og Gyda flytte til Steinvågen. Dei fekk til saman 6 born.

5. januar 1923 selde Fredrik Nygjerdet med brukbart overskot til Johan K. Ville for 4500 kroner. Han kom truleg frå garden Villane i Hjørundfjorden, og det kan ha vore ein som heitte Johan Edvard Kolbeinson Ville (1861-1948) I såfall så døydde han på Gåseidneset i det som ein gong var Borgund Kommune. Om Johan hadde planar om å busette seg der, så ombestemte han seg i alle fall raskt. Allereie den 22. september det same året kunne han selge vidare Nygjerdet med 300,- i forteneste. Ingen av desse skøyta nemner heller noko om kårfolket. Den nye eigaren heitte Iver P. Maaseidvog (1874-1954) Iver var gift med Severine Marte Petersdotter Sunde (1878-1932) I 1923 lånte han 5100 kroner i Norske Stats Smaabruk og Boligbank. Lånet vart gjeve samstundes som skøytet var skrive, så den største delen av pengane gjekk truleg med til å kjøpe garden.

Den siste brukaren eg kan finne i panteboka er Harald Henriksen Bjørkavåg (1904-1991) Han var gift med Severine Fredriksdotter Emblem (1906-1995) frå Negarden. Med dette nærmar me oss vår eiga tid. Her er det lite materiale som er publisert, så der treng eg hjelp til å få dei rette opplysningane på plass. Har du anna informasjon om det som allereie er skrive, så vert dette teke imot med takk. Bilete er også kjærkome og gjerne i digital form. Du kan nytte følgande kontaktinformasjon:

Svein Ove Østrem

Blokkebærvegen 39

6429 Molde

Tlf.: 95801801

e-post: sveostrem@hotmail.com


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE