BNR. 2 Rognereiten

Tunet fotografert våren 2014. Foto: Svein Ove Østrem

Tunet fotografert våren 2014. Foto: Svein Ove Østrem

Stova på Rognereiten fotografert våren 2014. Foto: Svein Ove Østrem

Tunet fotografert våren 2014. Foto: Svein Ove Østrem

Løa på Rognereiten fotografert våren 2014. Foto: Svein Ove Østrem

Utsikt frå tunet på Rognereiten fotografert våren 2014. Foto: Svein Ove Østrem

Husmannsplassen Rognereiten ligg høgt og fritt over Emblemsbygda med Røssevollen som næraste nabo. Det er også herifrå plassen vart utskild. Rognereiten var opphaveleg ein del av Hansgarden, bruksnummer 1, si heimeutmark. I likheit med med fleire av dei andre sjølveigde bruka i bygda valde Hans Timannsen Røssevold (1830-1910) også å åpne for nyrydding av husmannsplass. Om han var så opptatt av ekstrainntekt veit eg no ikkje, men det var i alle fall kjærkome med fleire hender i onnene på garden og pengane kom nok også godt med.

Festesetelen vart tinglyst 14. juli 1859. Her forplikta Ole Berntsen Midtgård (1827-1920) seg til å betale 40 Speciedalar før festesetelen vart tinglyst, og deretter 1 Speciedalar i årleg festeavgift frå 1860. Han skulle også bidra med 4 arbeidsdagar hos Hans, der 2 av dei skulle vere i slåtten. Årsavgifta var den same som på dei fleste andre plassebruka i bygda på den tida, men det var færre pålagde arbeidsdagar enn ein del av dei andre husmannsplassane. Totalsummen av festeavgift og arbeidsdagar seier oss noko om størrelsen på plassen og Rognereiten var ikkje av dei største i bygda vår. Utmarka på Røssevollen var kanskje heller ikkje av dei mest populære plassane å rydde frå grunnen av, men det var nok av dei som var på jakt etter ein eigen plass. Om det var fleire som ynskte å rydde denne plassen veit eg ikkje noko om, men det var kanskje ikkje heilt tilfeldig at det var ein frå Sunnylven som forsøkte seg. Dei var kanskje også litt betre budd på å finne seg eit brukbart utkome så høgt oppe.

Det var i denne festeseddelen eg fann namnet «Rognereiten» først. Om det var Hans som nytta opp att eit eldre namn, Ole som tok med seg eit namn heimanfrå, eller at namnet har hatt anna opphav, er det ikkje så lett å seie for sikkert so lenge etterpå. Eg merkar meg likevel at Daleplassen i Magerholmdalen også fekk eit liknande namn på omlag same tid, då Ingebigt Larsen Emblem tok over plassen etter svigerfaren sin. Denne plassen låg også høgt. Plassen i Magerholmdalen fekk namnet «Rognestølen». Dette er sjølvsagt ikkje nok til å trekke nokon konklusjon ifrå, men det er ikkje så uvanleg å sjå Rognetre høgt til fjells. Dei trivst i alle jordsmonn og er rekna som eit pionér-tre i likheit med nyryddaren i Røssevollmarkane. Kanskje er det desse eigenskapane ein har lagt vekt på i namnevalet, for skog må det ha vore minimalt av på denne tida. Rett nok har det vore litt til ved i 1868-åra, men hovedbrenselet var torv. Rogne-namna kan dermed ha samanheng med at dei første treskota må ha kome opp allereie i 1859 og kanskje var dette hovudsakleg Rognetre også. Ole fekk nedfelt i festedokumenta at han kunne låne hest to dagar i året, og fekk lov til å ha dyra sine på utmarksbeite på fjellet Hesten kom godt med i våronna når åkrane skulle pløgast og møkra skulle horvast ned på markene. Truleg vart møkra køyrd ut på slede medan det enno var snø og lagd i passande dungar til våren kom. Deretter vart den fordelt finare under våronna. Høyet bar dei sjølve på ryggen heimatt frå slåtteteigane på fjellet om natta, saman med nygjerds-folket. Fekk dei forsyne seg med eine eller trevirke som røter til brennfang eller kolmiler, så måtte ogå dette fraktast på ryggen eller skareføre. Det er ikkje så lett å vite kor store åkrane var dei første åra, men me får etterkvart ein idé om omfanget i dei folketellingane der avlinga vart registrert. Eg skal kome attende til dette litt seinare. Eg har ikkje funne noko i dei skriftlege tinglysingane som seier noko om brennfang eller rettar på slikt, men mykje er også uskrive der.

I 1865-tellinga finn eg att Ole. Då var han 40 år, medan kona, Anne Marie Samuelsdotter Storstein (1832-1892) frå Sunnylven var 34. Dei hadde 4 born, der dei to eldste, Ole Andreas Olson (10 år) og Synneve Olsdotter (8) vart fødd i Sunnylven, medan Ingeborg J. Olsdotter (3) og Berte Lovise Olsdotter (1) vart fødd på Emblem. Det same året måtte dei låne pengar med kjøpmann Hans. Andreas Viderøe på Tyskholmen i Ålesund. Mora til Hans var også av kjøpmannsætt. Maren Birgitte Heide kom frå familien Heide som hadde eigd det meste på Emblem tidlegare. Hans vart også far til minst to born som fortsette som handelborgarar. Ole hadde litt sikkerheit for lånet på 53 Speciedalar. Han hadde nemleg sett opp ei lita stove, fjøs og låvebygg, men jorda kunne han sjølvsagt ikkje pantsette for den åtte han ikkje.

Det er ikkje lett å finne særleg med opplysningar om Ole og Anne Marie. Av det eg har funne, så er Ole fødd og oppvaksen på eit av Midtgård-tuna i Oaldsbygda. Faren heitte Bereth Joakimson Midtgaard og mora var Synnøve Olsdotter Skotet. To av syskena til Ole fekk overta kvar sitt bruk av dei i alt tre Midtgård-bruka som var registrerte i 1865-tellinga for Sunnylven. Ole gifta seg på Hellesylt 22. juni 1856 med Anne Marie Samuelsdotter Storstein, og dei hadde hast, for allereie den 4. september det same året kom eldsteguten deira, Ole Andreas, til verda på Midtgård. Det står ikkje noko om kven av desse bruka han vart fødd på, og dei hadde flytta til Emblem i 1865, så det er ikkje så lett å finne ut av no. Fadderane kom frå begge tuna og bestefaren Bernt er ikkje registrert på nokon av dei i 1865. Anne Marie kom frå Storstein og vart fødd der 14. september 1832 Foreldra heitte Samuel Pederson Storstein (1809-1894) og Ingeborg Marta Larsdotter Vinje (1809-1894?)

Etter 1865 fekk dei borna Knud Britanus Olsen Røssevold (f. 24 juni 1870 – d. 27.8. 1943 i Ålesund). Han var i 1910 byggeformann i Ålesund og gift med Synneve Larsine Andersdotter Flote frå Skodje før 1900. (dei fekk sonen Alfred Kristian Knutsen Røssevold) Til slutt fekk Ole og Anne Marie sonen Rasmus Olaf Samuel Røssevold (f. 24.8.1872 – d. 1961 på Valderøya) Han gifta seg med Oline Josephine Hansdotter Nordstrand. Saman fekk dei sonen Hans Ingvald Rasmussen Røssevold, fødd 22.3.1902 på Røssevollen. Han gifta seg med Jenny Petersdotter Fjørtoft i 1928. og døde 27.8.1982 på Valderøya. Dei fekk borna Rolf Olav Røssevold og Jofrid Palma Røssevold.

Ole Berntsen var ung men allereie omtala som «indærst» på Midtgård då han fekk eldstesonen i 1856. Det må ha vore litt spesielt for ein om enno ikkje hadde passert 30 år. Særlig innbringande kan det heller ikkje ha vore. Kanskje var det dette som fekk han til å sjå seg om etter ein husmansplass, for midlar til å kjøpe eigen gard hadde han neppe. Han var nok godt vand med bakkane i Oaldsbygda så han otta seg truleg ikkje for at Rognereiten låg i bratta. Årsaka til at han kom til Emblemsbygda var kanskje at han allereie kjende folk i bygda. Søstera, Regine hadde busett seg på husmannsplassen Akslagjerdet kring 1850 - vel 6 år tidlegare. Mykje tydar også på at begge klarte seg brukbart, for nokre år seinare kom også broren til Anne Marie til Røssevollen og fekk seg ein husmannsplass der han óg. Bygdeboka fortel at desse to plassane samarbeidde om utmarkslåtten. Humannsplassane gav ikkje nok mat til buskapen på innmarka, så dei måtte ty til slått på eigna plassar oppe på Emblemsfjellet attåt. Dette arbeidet var gjort om nettene. Svogeren til Ole var tømmermann på dagtid, medan arbeidet på eigen plass måtte gjerast utanom. Sjølv var han sagar og reiste ikring han òg. Det daglege gardsarbeidet var det dermed Anne Marie som måtte ta seg av saman med ansvaret for borna. Det må då ha vore godt å ha såpass store born som kunne hjelpe til med dei minste.

Den 19. oktober 1880 sel Hans Tidemandsen Røssevoll Rognereiten til Lars Kristiansen Emblem. Det vart understreka i kjøpekontrakta at Ole hadde rett på å bu og drive Rognereiten så lenge han levde eller så lenge han ønska å bu der sjølv. Kjøpesummen var på 100 Speciedalar og kjøpekontrakta vart underskriven på «Gaarden Emblem» den 18. oktober 1875, men først tinglyst fem år etterpå. Lars var inngift på Sjursgarden og frå Viddal opphaveleg. Saman med Andrine hadde han kjøpt fleire gardpartar og husmannsplassar. Hatlebakken var ein av desse. På denne tida hadde han sjølv vorte bygselsmann på Skørene etter nokre år som ung kårmann i Sjursgarden. Årsaka til dette var at han var den tredje ektemaken til Andrine som åtte Sjursgarden. Ho døydde i ei ulukke i 1862. Nokre år seinare hadde han overlate bruket til den eldste stesonen sin, Sjurs-Ole. Lars rakk berre å eige Rognereiten i omlag eit halvt år før han sjølv døydde i mars 1876. I denne tinglysinga i 1880 står det ikkje kven som arva plassen, men den 18. april 1887 får me svaret. Då vart det tinglyst at sonen til Lars, Knut (Store-Knut) Larsen Ekrem selde plassen til Johan Abertsen Slinning frå Ålesund for 410 kroner i 1886. nok ein gong er Ole nemnd som den som har burett etter festekontrakta frå 1859. Det kan tyde på at Rognereiten var del av arva frå faren. Den var tross alt kjøpt etter at han vart kårmann og hadde skøytt frå seg Sjursgarden og fullført arveskiftet etter kona si, Andrine. Johan sat ikkje lenge med kjøpekontrakta, for den 16. juni 1887 hadde det vore skylddeling der «Parcellen Rognereit» vart frådelt hovudgarden og fekk bruksnummer 2 under Røssevollen, med ei skyld på 23 skilling, seinare revidert til 33 øre. Allereie i 1889 vart Rognereiten seld med «tap» for 400 kroner, ti kroner mindre enn Johan kjøpte den for. No var det endeleg plassemannen Ole Berntsen sin tur. Han eigde no plassen sin. Skøytet vart signert den 22. januar og han trong ikkje vere husmann lenger.

I 1900-tellinga er det kun Ole Berntsen og sonen Ole Olsen Røssevold heimehøyrande på Rognereiten. Sonen Ole var mellombels busett på Slinningen i Ålesund og dreiv fiske der, medan faren var enkemann og budde åleine på garden. Han var på denne tida 73 år og dyrke både potet og frukt. Han hadde framleis krøtter også. Han hadde på ingen måte tatt kår enno, men det skulle likevel ikkje gå så mange åra før han måtte gje seg.

I 1910 var Ole ikkje lenger på Rognereiten. Då budde Rasmus A. Røssevold (f. 22.1.1851-1935) der saman med kona Karolina Olsdotter. (f. 10.6.1844) Begge kom frå Hjørundfjorden Bygdeboka opplyser at han gav kår til Ole Berntsen, men det må ha vore før 1910. Ole hadde nemleg flytta til Gardsnr. 117, bruksnummer 11 på Slinningen. Der budde han saman med bornebornet Jenny Johansdotter Slinning (f. 6.6.1893) og mannen hennar, Adolf Johansen Slinning (f. 10.3.1895) Dei hadde ein gut 13 år som heitte Rikard Johanson Slinning. Dei dreiv både gardsbruk og «fiskearbeide». Sjølv morfar Ole laut trå til på begge plassar i ein alder av 83 år. Jenny og Adolf tok seg ikkje berre av bestefaren, men også mor til Jenny, Ingeborg Olsdotter Slinning på 47 som hadde vorte enke.

Ole selde Rognereiten i 1902 mot kårbrev på plassen. Kva som var årsaka til at han ikkje nytta denne kåretten fullt ut er det ikkje sikkert at me kan få fullgodt svar på no i ettertid. Kanskje vart det vanskeleg å fø på ein kårmann på denne vesla plassen. Ole var i alle fall i arbeid ute på bruket på Slinningen i 1910 og ikkje kårkall eller legdsmann på noke vis. Kanskje var han meir arbeidsfør enn han som han fekk kår med kring 1910 også? Uansett er dette kun spekulasjonar frå mi side i mangel på faktakunnskap. Eg fann ingen spor i panteboka som kunne leie meg på rett stad. I avskrifta av kårbrevet i panteboka, finn eg likevel at han selde berre halve naustet. Kjøpesummen var på 1150 kroner. I tillegg kreve han årlege ytelsar på 36kg havre, 3 hekto smør/landsmør, samt 4/10 (....) poteter. Her var mengde-eininga streka over. Kåret sin 5 års verdi vart sett til 100 kroner. Det er interessant at kjøparen var Rasmus A. Kiperberg, medan bygdeboka nemnar etternamnet Årsnes. Dette er den samme som eg nemnde som Rasmus A. Røssevold tidlegare. Han kom truleg frå Kipperberg til Rognereiten i 1902 og endra namn til Røssevold. Eg merkar meg at det ikkje står noko om hjelp på Ole sine eldre dager. Det verkar om Ole berre var interessert i ein part av avlinga. Huset var heller ikkje av ein slik størrelse at det var plass til både ein familie og kårfolk. Når Rasmus selde Rognereiten vidare den 6. oktober 1917, er kårytingar til Ole framleis ein del av skøytet. Ole har ikkje seld parten sin i naustet i Emblemsvågen men verdien på bruket hadde auka. Summen var no oppe i 2100 kroner, ei auke på nærmare det dobbelte på 15 år. Samtidig hadde Rasmus rett på å fortsette å bo på Rognereiten til årsslutt i 1918. Eg skal kome attende til kvifor dette var mogeleg. Eg finn ikkje noko meir om Ole i kjeldene. Eg vel likevel å ta med at han framleis var registrert i Ålesund i adresseboka frå 1916. då driv han framleis med fiske. Etter dette finn eg ikkje spor etter Ole før han døydde i 1920. Eg vel difor å fortsette med han som kom etter.

Rasmus Arnesen Årsnes (1851-1935) kom ikkje frå Sunnylven og delte ikkje etternamn med Ole.  Han kom heller ikkje frå bygda vår. Rasmus kom derimot frå Hjørundfjorden i likheit med mellom anna Steffensen-ætta som flytte både til Tryssethaugen under Nedregotten og Pe-haugen inne på Magerholm. På denne tida var det ein god del kontakt mellom Emblemsbygda og gardane i Hjørundfjorden. Me var ikkje dei einaste, for der vart også inngifte folk frå Sula og mellom anna Kirkebø-ætt som ein finn i Sjursgarden på Emblem. Hjørundfjorden var ikkje nokon avsidesliggjande stad i dei dagar når båt var det beste framkomstmiddelet, og «vegen» soleis var å finne på fjorden. Problemet med Hjørundfjorden var derimot at den var omkransa av bratte fjell og difor meir tungdreven. Bøndene trong vinterforing andre stadar mot betaling. Emblem var ein slik plass, og det er mogeleg at ein del av desse avtalane skyldast slektskap eller andre forbindingar. Slik fekk dei vite når ein gard vart ledig på Emblem, og kring 1900 vart det også nytta folk til å spreie bodskapen ikring når dei reiste slik at flest mogeleg skulle få vite om det og kanskje vere med på å heve salsprisen på auksjonen. Lars Olsen Austrem (f. Emlem) i Larsgarden på Østrem var ein slik bodspreiar då han reiste som predikant frå omlag 1900. Det vert fortalt at det var slik Engeset-ætta fekk vete at Magerholm var til sals nokre tiår seinare. Me veit førebels svært lite om Rasmus Arnesen Årsnes. Han var i alle fall brukar på den vesle plassen fram til omlag 1920, men kvar det vart av han er eg enno ikkje sikker på.

I 1917 kjøpte altså fiskaren Laurits Johannsen Røssevoll på Nygjerdet Rognereiten. Laurits hadde då to plassar og dermed meir slåttemark og meir plass til både dyr og for. Han var ungkar og dreiv desse to bruka som eitt i nokre år Difor kunne Rasmus fortsette med å bo på Rognereiten til 1918 var omme. Laurits var sonesonen til Lars Samuelsen Storstein, som var første plassemannen Nygjerdet, og var dermed i slekt med kona til Ole Berntsen sidan ho var søstera til Lars. Laurits vart fødd på Vigra og gifte seg 16.7.1919 med Gyda Høg frå Kristiansund. Han dreiv ikkje Rognereiten og Nygjerdet særleg lenge før han gav seg. Bygdeboka fortel at han kjøpte Rognereiten noko før 1920. Eg har funne ut at han fekk skøyte på Nygjerdet 12. juli i 1917 og flytte derifrå etter kort tid. Det vart kanskje litt for mykje å handtere. Han hadde pantsatt Rognereiten for 2000,- i 1917 for å få kjøpe garden. Samstundes kjøpte han Nygjerdet også. Den 26. oktober måtte han utvide lånet på Rognereiten med 600 kroner, noko som kanskje vart meir enn verdien. I tillegg hadde han gjeld på Nygjerdet. På denne tida var det fleire som kom i økonomisk uføre etter oppgongstidene under den første verdskrigen. Bankar gjekk over ende og mange på Sunnmøre miste alt dei eigde. Kort tid i førevegen hadde sjølv fiskarar investert sparepengar i aksjar, noko som ikkje skulle syne seg å vere særleg lurt. So gale gjekk det ikkje med Laurits, men i 1920 vart salet av Rognereiten tinglyst for ein lavare sum enn han sjølv hadde kjøpt den for, og 800 kroner mindre enn han hadde pantsett bruket for. Likevel var Laurits truleg heldig som fekk selge. I Spjelkavika gjekk mellom anna den første kooperative butikken i sentrum ut av historien fordi andelseigarane frykta å miste alt dei hadde under den økonomiske uroa dette året. Den 11. september 1920 sel Laurits Rognereiten til Elias Knutsen Emblem på Storhaugen og den samme dagen vert også Fredik Larsen Emblem frå Negarden eigar av Nygjerdet for 2350 kroner.

Slektskapet mellom Nygjerdet og Rognereiten var ikkje dei einaste slektsbindingane på Røssevollen. På Tykjegarden, bruk nummer 3, var der også Storstein-ætt. Hans Peter Larsen Røssevold (1865-1947) var sonen til Lars Samuelsen Storstein på Nygjerdet. Han kjøpte garden i 1892 etter at den forrige brukaren hadde reist til Amerika. I 1910 var også den ugifte farbroren Amund Samuelsen Storstein registrert der. Han hadde då vore i Amerika, men vart skadd i ei bilulukke i Mineapolis og valde å reise heim att. I følge opplysningar frå Harry Akslen så hadde ulukka enda med amputasjon, for han hadde trebein. Etter ulukka var Amund ikkje i standt til å arbeide og fekk difor støtte frå fattigkassa i 1910 .

Elias K. Emblem (1869-1949) kom opphaveleg frå Steffågarden på Emblem og vart seinare gardbrukar på Storhaugen. Han kjøpte Rognereiten som slåttemark. Elias hadde eigentleg emigrert til Amerika i 1880, der han hadde arbeidd på eit gardsbruk ved Seattle. I 1886 hadde han kome attende. I 1910-tellinga vert det registrert at han enten var ved «Onahavet eller Aalesund». Det er mogeleg at det er han som var fadder og fiskar i kyrkjeboka i Ålesund 1895 også. I gardsoga for Borgund vert det opplyst at han fekk fråskild Storhaugen frå Steffågarden i 1903, som bruksnummer 16 og at bruket vart rydda frå omlag 1902. Dette stemmer godt med panteboka og tinglysinga den 21.9.1903. Kvifor plassen fekk namnet «Storhaug», veit eg ikkje, men det kan vere verdt å merke seg at broren Ole Knutsen Emblem på farsbruket, som selde, også var forlovar til Jacob Annanias Berntson Storhaug frå Kinn då han gifta seg med Lovise Agnete Hansdotter Røssevold i 1878. På den tida var brudeparet busatt på Røssevollen. Det hadde vore litt artig om namnet på den nye parsellen var ein gest mellom vener. I 1930 tiglyste han ein parsell som fekk namnet Solhaug og i 1920 vart naboparsellen Korshaug seld. Det er ein del som tyder på at dette kan ha vore nye namn og Storhaugen like eins. Det er likevel mogeleg at Storhaugen var det opphavelege namnet på haugen der bruket vart liggande, for namnet er på ingen måte unikt i landet vårt. Det var altså Elias som skal ha dyrka opp gardsbruket og bygd husa . Han flytte seinare til Røssevollen då sonen Konrad kjøpte nabobruket, Pe-garden, i 1931. Han døydde der oppe og etterkvart busette den andre sonen, Edvin seg der også.

Elias var ikkje eigar på Rognereiten heilt til sønene tok over Pe-garden. Den 24. februar 1923 vart garden seld. Lauritz H. Pedersen og Lauritz J Pedersen Jr. kjøpte Rognereiten som hytte for 2500 kroner. Salet på tomter til hytter var no på stigande kurs på Emblem og områda ikring. Fleire av kjøparane hadde enten tilknytning til bygda eller dei hadde leigd seg inn på eit av gardsbruka om sommaren. Med eitt såg bygdefolket moglegheitene til ei kjærkomen ekstra inntekt. I ei vanskeleg tid mellom verdskrigane. 

Det som er underleg i den forbindelsen er at det er først den 24. februar 1930 at Elias får tinglyst at han har fått avlyst obligasjonen sin på 500 kroner på Rognereiten i Borgund Sparebank. Det er altså først no han hadde infridd lånet i forbindels med kjøpet. Det hadde vore ein heftelse på bruket heilt til 1929. Kva som var årsaka til dette er eg ikkje sikker på. 

Det siste eg finn i digitaliserte pantebøker er skøytet frå 1. november 1934, der Lauritz Pedersen Jr. sel sin halvpart av eigedomen for 1000 kroner til Otto Martin Pedersen.

I våre dagar har nyleg Trygve Haagensen, med både hus og brukbar fartstid som huseigar på Røssevollen, kjøpt hytta. Han bur like ved og satsar på å sette den i stand for ettertida. Det er på sin plass å applaudere for eit slikt godt tiltak i ei tid då dei fleste historiske stadane i bygda vår vert rivne i staden. Har du opplysningar om Rognereiten i tidsrommet 1923-2013, eller har ytterlegare opplysningar, så er eg interessert i å høyre frå deg. Du kan gjerne nytte e-post addressa sveostrem@hotmail.com , slik at eg kan arkivere opplysningane i etterkant.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE