HEIMEVERKSEMDER I BYGDA FRÅ 1865 TIL 1920

Illustrasjonsbiletet er tatt i Tresfjordstua på Romsdalsmuseet i Molde. Foto: Svein Ove Østrem
Illustrasjonsbiletet er tatt i Tresfjordstua på Romsdalsmuseet i Molde. Foto: Svein Ove Østrem

Bygda vår manglar i dag både matbutikk og postkontor. Storparten av dei yrkesaktive har funne seg arbeid andre stader enn i heimbygda. Landbruk er det mest slutt på og vegen gjennom bygda er meir som ei fartstrekning å rekne for den som er i seinaste laget til eller frå ferga. No svartmalar eg ein del. Vi har framleis både barnehage og skule. Samvirkelaget er på ny nytta til sal, om enn andre varer enn det som huset opphaveleg var tiltenkt. Det finst enno firma som hev postaddresse her inne, men det meste av inntektsbringande verksemd er likevel andre stadar, befolkningsveksten til trass.

I denne vesle teksten vil eg ta nokre skritt attende i tida og sjå litt nærare på framveksten av småskala-industri i bygda vår. Dei fleste var ein-manns foretak, men slik har og nokre av dei mest suksessrike bedriftene på sunnmøre hatt sin spede start. Me kjenner fleire av desse framleis og Ekornes Møbelfabrikk rett over fjorden er kanskje ei av dei beste døma. Det har vore spøkt mykje med sunnmøringen og gründerånda på våre kantar. Det vart mellom ana sagt at dersom ein spikra ein sunnmøring til ei låvedør ytterst på ein aude holme, så ville han ha tent pengar når ein kom attende nokre dagar seinare. Andre he spøkt med at bilethoggaren Vigeland skal ha vorte inspirert til å lage den mektige monolitten i Frognerparken då han såg sunnmøringar kaste seg etter ein mynt på bakken. Desse spøkefulle betraktningane fortel oss at sunnmøringen både vart sett på som pengeglad og nytenkande, når det gjaldt å tene pengar. Andre fortel historier om kor gnien sunnmøringane kunne vere. Men det har ikkje vore slik bestandig. Dei fleste historiene kom til etter 1900, og mange av dei passar heller dårleg i våre dager. Korleis vart me eigentleg sett i bås på denne måten.

Det er nok ikkje slik at dette synet på sunnmøringen har vore slik i alle tider og det har nok ikkje halde seg ved lag heilt til våre dagar heller, men der finnst ei gründerånd. Ser ein attende i historia, så har sunnmøringen klart å finne seg levebrød, sjølv i venskelege tider. Arnljot Løseth er førsteamanuensis i historie ved Høgskulen i Volda, og har sett nærare på denne utviklinga i eit historisk perspektiv. Han peikar på at når ein ikkje makta å skaffe trevirke til møbelproduksjon, så byrja møbelprodusentane å flette korgmøblar i staden. Når det vart vanskelegare å søke lukka i Amerika, så satsa ein på sølvrev i staden. Den nyare historia er full av slike døme på innovative snuoperasjonar. Men det har ikkje vore industri til alle tider. Går me vel hundre år attende, så var hovudinntekta til emblemsbygdaren først og fremst jordbruk og fiske.

Ein kan kanskje sjå emninga av synet på sunnmøringen i samanheng med framveksten haugianarrørsla og pietismen. Emblemsbygdaren hadde fjorden og havet tett på seg. Flisfjorden var lunefull og det var ikkje ufårleg å leggje ut i opne båtar på våre trakter. Havet gav og havet tok. Dette påverka nok lynnet og kristentrua også. Ein finn ikkje særleg mange på 1700-talet som ikkje var kristen, men synet på presteskapet hadde truleg ikkje vore like god. Ser ein lengre attende så ser ein at fleire av dei geistelege hadde hatt meir enn nok med å samle seg personleg rikdom, medan oppslutninga om kirka og gudstenestene hadde gått nedover. I 1730-åra gjekk det ei vekkelsesbølge over landet. Emblem var ikkje noko unntak. Frå prestane si side vart det klaga på at folk heldt møter i heimane og ville ha forbod mot den slags. I 1781 vart det halde ei opprekning over kor mange religiøse bøker som fanst i Borgund, og då stod Emblemsbygda i ei særstilling. Omtrent kvar einaste gard hadde anten bibel eller nytestamente, og nokre hadde også begge delar. Dette var på ei tid der dei færraste hadde råd til bøker og prisen var uhorveleg stor. Kan dette ha ein samanheng med vekkelsesbølga nokre tiår i forvegen? Det var meir enn berre ei vekkelsesbølge på denne tida. Mot slutten av 1700-talet greip også haugianarrørsla om seg, med lekpredikanten Hans Nilsen Hauge (1771-1824) i førarsetet. Denne folkelege rørsla var altså ikkje den første, men kanskje den viktigaste på Sunnmøre. Det handla ikkje berre om pietisme, ei streng kristendomsfortolking som fekk særleg innpass på våre trakter, men også økonomi og gründerverksemd. Dei første haugianske vennesamfunna vart ein stad der både andelege og matrielle verdiar vart utveksla etter behov. Dei verka nesten som aksjeselskap. Ein haugianar skulle ikkje berre snakke og te seg som ein god kristen. Han skulle også starte verksemder og bryte dei rikes monopol. Overskotet skulle ikkje nyttast til luksus, men førast attende til bedrifta eller nyttast til å hjelpe andre. Desse tankane fekk etterkvart god oppslutning på våre trakter, men heller lite kom ut av desse tankane på Emblem i samtida. Kring 1801 var det få som eigde noko som helst. Ole Larsen Østrem (f.1756) kjøpte Mattisgarden i 1789 og tre av bruka på Nedregotten var i privat eige frå 1772, men det var også det heile. Resten var anten husmenn eller bygselsmenn under rike handelsmenn og hadde truleg nok med å livberge seg. Det finst opplysningar om ein og anna tømmermann i bygda, men særleg meir kan eg ikkje finne. Det var nok slik i vår eiga bygd som elles at nye tankar trong tid til å modnast. Ein budde framleis i klengetun og gardsdrifta var prega av ei driftsform der ein forsøkte å produsere alt ein behøvde til livsopphaldet på eigen gard. I 1801-tellinga finn eg ingen spor etter anna verksemd i Emblemsbygda, men noko var likevel på gong. Folketalet auka jamnt frå slutten av 1700-talet, om ein ser vekk frå hungersåra under Napoleonkrigane på byrjinga av 1800-talet. Frå 1820 vart det etterkvart fleire sølveigande bønder i bygda. Behovet for nye bruk vaks, og amtmannen gjekk etterkvart i spissen for nyrydding ved hjelp av nye husmannsplassar i utmarka. Dei gamle klengetuna vart sett på som ein hemsko for utvikling i jordbruket. Åkerlappane var så små og intrikat inndelt at heile tunet måtte ta onnene i lag. Fordelen var at dei var mange som kunne hjelpast åt, men jorda gjekk på omgang og var findelt i ørsmå lappar. I 1834 fekk den nye brukaren på Ystebøen, Nils Britanus Olsen Østrem frå Larsgarden, i gong utskifting av Emblemsgardane slik at han fekk delt garden sin inn i eit samanhengande stykke. Desse utskiftingane medførte at ein ikkje kunne dele likt inn i jordlappar med både god og ring jord. No var det oppdyrking og veiting av vassjuk jord som vart løysinga om ein ynskte å få meir ut av bøane og åkrane. Med stadig fleire sjølveigande bønder vart det også meir aktuellt å gje plass for nye husmannsplassar og ei kjærkomen ekstrainntekt. Dei fleste husmenn hadde arbeidsplikt og det var godt å ha i onnene når ein ikkje var like mange å hjelpast åt lenger. Ein har tidlegare sett at nokre av gardenkene i bygda har klart seg utan omgifte i intil to år så lenge klengetuna bestod, men no vart dei avhengige av eit raskt omgifte for å klare forpliktelsane sine og gardsdrifta.

Ved 1865-tellinga har det skjedd store endringar. Fleire av klengetuna var no avskaffa og nyryddinga byrja sakte å bre om seg. Ungeflokkane vaks, og stadig fleire vaks opp. Kombinasjonen av frittståande tun og fleire born var truleg noko av årsakene til at ei ny gruppe hadde gjort sitt inntog på gardane i bygda. Frå 1865 finn ein mange gardar der ein med ett har tenarar. Eg finn i alt 15 tenarar og ei rekkje nye husmannsplassar i folketellinga dette året. (du kan lesa meir om husmenn i bygda i ein eigen tekst her på www.emblemsbygda.com) Tenarane var ikkje nødvendigvis på dei største gardane, slik som Magerholm, for der låg det mange husmannsplassar under garden. Det mest vanlege var på gardar som Magerholmvika der ein ikkje hadde kårfolk og fleire born under skulepliktig alder. At dei ikkje var sjølveigarar enno spelar mindre rolle. Tenestejenta Severine Knutsdotter frå Ørskog var berre 13 år gamal og hadde truleg ansvar for å passe borna. På dei gardane der nokon av eigne born hadde passert 9 år, tok ein seg ikkje råd til den slags sjølv om ungeflokken var stor. Andre stadar, som på Reiten finn ein noko som ikkje passar inn i dette mønsteret. Gardfolket der hadde berre ei dotter på 2 år. Dei hadde innlosjert ein tømmermann og hadde to tenarar på 29 år attåt. Gardane under Aksla vart ikkje fullverdig utskifta til frittståande bruk før 1890, men ein veit att det har vore mykje nytenkjande virksomheit på denne garden i ettertida, med både storbåt til fiske, sagbruk og produksjon av takheller. Bygdeboka fortel ikkje noko om eiga verksemd kring 1865, og folketellinga dette året syner berre at dei hadde mykje dyr på garden. I 1868 fanst det litt furuskog for sal på Aksla. Kanskje kan dette vere med på å forklare kvifor dei hadde so myke tenarskap. Det var særleg skogen på nakkane som var moden for hogst. Nokre år seinare brende mykje av denne skogen ned i ein stor skogbrann som varte i tre dagar. Det var ei kolmile inne på Magerholm som hadde blussa opp igjen. Det kan også vere grunn til å lure på om dei dreiv anna verksemd også på Reiten på denne tida, men eg har ikkje nokon handfaste bevis.

På husmannsplassen Vedhaugen, under Aksla, hadde dei også tenar i 1865. Han heitte Lars Knudsen og var 44 år gamal. Lars var ugift og eg finn fleire i gifteklar alder som framleis var i teneste. Dette kan ha fleire årsaker. Utferdstrongen til Amerika hadde enno ikkje breidd om seg, barnetallet stort og det var truleg ikkje like enkelt å finna seg eit gardsbruk eller husmannsplass lenger. For mange var dette nødvendig før ein kunne gifte seg. Det er heller ikkje sikkert at Lars hadde funne seg ei jente heller. I Mattisgarden på Østrem hadde dei tenestejente til trass for at eldstesonen var 14 år. Årsaka var truleg at han var gut og at der ikkje var nokon jente på garden. Der var rett nok kårfolk på garden også, men bruket var stort, så dei hadde truleg behov for ekstra hjelp. Garden var på denne tida bygselsbruk under Veibust, og dei hadde ikkje husmenn under seg. Med nokre få unntak er dei fleste tenarane vaksne i den forstand at dei var i alderskategorien frå nykonfimerte til 20 år. Nokon var også i tjueårsalderen, medan Randine O. Olsdotter i Emblemsvågen stod i ei særstilling. Ho var 56 år og framleis ugift. Randine vart registrert saman med kårkallen, Knut Knudsen på 91 år, som var enkemann. Kanskje har ho vore i teneste heilt frå ho var ungjente. Ein kan sjølvsagt spørre seg kva tenarar har med framveksten av heimeindustri. Det er nok først og framst eit døme på mykje ung arbeidskraft, og langt mindre tilbod om gardsbruk. I tida fram mot 1900 vart det stadig fleire og godt vaksne born som framleis var ugifte, sjølv om dei var i 30-åra. Stadig fleire måtte finna seg anna leveveg enn foreldra sine.

Frå 1865 og utover mot 1920 fekk me det store hamskiftet i bygda vår. Ein byrja for alvor å dyrke opp slåttemarkene slik at dei kunne nytte hestereiskap Mathias Halvorson Østrem i Mattisgarden var den første som dyrka opp i stort monn og innførte maskinell drift i landbruket. Fleire gjekk bort frå sjølvbergingsjordbruk og over på hushaldningsdrift, der ein byrja å produsere for sal slik at ein kunne kjøpe resten av det ein trong. Fiske vart meir og meir eit heilårsyrke i staden for attåtnæring. På vegen dit vart bøndene meir opptatt av kun å vere med på det mest innbringande fisket etter jul. Med auka pengebruk opna det også mogelegheiter for den som trong ekstra inntekt for å greie seg. Det var helst husmennene og småbrukarane som tok til med småindustri basert på varer som kvar einskild gard hadde produsert sjølve nokre år tidlegare.

Sjømann, fiskar tømrar og skomakar var populær attåtnæring for unge menn kring 1900. Jentene kunne ta seg tjeneste på gardsbruka, vere budeie eller liknande. Dette finn me mykje av i 1900-tellinga uavhengig av om det var snakk om storbruk eller husmannsplass. Me skal no sjå nærare på dei som me finn i 1900- og 1910-tellingane. Det er verdt å merke seg at så og seie kvar einaste gardbrukar og husmann hadde registrert seg som fiskar også i 1900-tellinga, medan dette er heilt fråverande i 1910. Me veit at det ikkje vart slutt på fisket so tidleg. Dei fleste karane i bygda hadde medeige i båt utover 1920-talet også, men dei drog ikkje på fiske før etter jula var over på 1920-talet (sjå eigne tekstar om fiske og gardsdrifta i Hålå), medan dei fleste var midlertidig busett i Ålesund og dreiv fiske i desember 1900. Anten hadde fisket fått mindre status, eller så hadde ein fått større båtar og betre innkome i dei beste sesongane på etterjulsvinteren. Eg finn fleire lån og investeringar i større båtar frå omlag 1910 og samtidige kjelder fortel om det same.

Kring 1900 var det altså slik at ungeflokkane framleis er store på mange av gardane i bygda. Fleire i barneflokken er i gifteklar alder og vel så det, medan foreldra framleis driv garden og har fleire år att før dei vel å ta kår. Dei eldste borna får då eit problem. Skal dei seie frå seg odelen og finna seg anna innkome, eller vente med å gifte seg og i praksis vere tenar på farsgarden. Ein del vel ei mellomløysing og får seg hyre på båt. Min eigen oldefar, Lars Olsen Emblem frå sjursgarden var ein av desse. Han ver rett nok ingen odelsgut, men han var ein av mange som valde sjøen etter konfirmasjonen. Det var ikkje alle som var like heldige som Lars. Han fekk eit gardsbruk på Østrem i gåve frå far sin nokre år seinare. I 1900-tellinga finn vi to som ikkje var like heldige. Den eine heitte Johan J. Andestad. Han var svogeren til Kristen O. Magerholm (1843-1932) og busatt hjå Kristen og søstera Marte Joakimsdotter (1857-1926) fra Sykkylven på den vesle husmannsplassen, som for ettertida har fått namnet «Krissenplassen». I desember 1900 var Johan matros på «Stimbaad» mellom England og Italia. På Reiten finn me ei liknande ordning. Om husmannen Kristen Magerholm er det mykje å fortelle, for han var ein kar som verkeleg forsøkte å finne seg inntekt i det meste han kom over. Før Kristen si tid hadde husmenn mogelegheit til anten å drive fiske eller å brenne kol og tjøre på trerøter frå kolmiler i utmarka. Sjølv om dei ikkje åtte noko skog, fekk dei som regel lov til å utnytte det som vart att etter skoghogsten til jordeigaren.

Kristen nøydde deg ikkje med det, for han var ein sann gründer, sjølv om ikkje alt han forsøkte seg på gjekk like bra. Han tok til å leite etter jern i fjellet kring Magerholm. Saman med ein smed som heitte Knudsen, leita dei etter sølv i Hessebergneset utan å finne noko. Dei fann derimot nokre kilo med krystall i staden. Seinare fekk han kontakt med eit «Ålesundskonsortium» og vart med på å skyte ut jernmalm i Eitråsen i 3-4 månader. Han vart også med på jernutvinning på Ørskogfjellet, men det gav ikkje noko videre inntekt til å leve av. Då han fann marmor på husmannsplassen sin klarte han å få i stand ein avtale med ein kar i Kristiania som baud 5000 kroner. Problemet var at Kristen ikkje eigde plassen, og alle forsøk på å få kjøpe var nyttelaust.

Men det var ikkje alt som gjekk gale. Kalkstein er det mykje av i bygda vår. Ein stor del av denne åra kjem opp i dagen på berga nede ved fjorden. Saman med jordeigaren, Klaus Magerholm og Anders Akselsen på Pe-Haugen gjekk han i gong med å sette opp kalkomn på Magerholm. Etterkvart hadde dei 2 store omnar. Lager og eigen fraktebåt i drift der inne. Framtida såg lys ut, men så råka uhellet. Ein orkan øydela kalkomnane og sopte pakkhuset på sjøen kring 1900. Fraktebåten forliste også i det same uvéret. Etter dette vart det ikkje starta på nytt på Magerholmen. Anders flytte frå bygda og fortsette i same verksemd på Blindheimsneset. Der hadde han fått sett opp ein tilsvarande omn og han var konsulent for to omnar i Ørsta og ein på Larsneset attåt.

Anders var ein kar som også hadde ein gründer i magen. Før han starta på med kalkverksamheita hadde han mellom anna drive overnattingstad for sjøfarande på sjølve Magerholmen. Det er ingen merke etter dette huset no i våre dagar, men det syner at han klarte å finne eit utkome sjølv på ein aude holme med nokre meters omkrins. Det vert fortalt om Anders at han vart funne som spebarn på Geirangerfjellet. Han hadde berre eit auge og var ein merkeleg mann som kunne sitte opp heile natta å fortelle skrøner til dei reisande. Desverre har desse skrønene ikkje overlevd heilt fram til i dag. Begge desse verksemdene på Magerholmen kom til før 1900. Staden var også skyssknutepunkt for den som skulle vidare vestover, austover eller over fjorden. Anders dreiv med overnattingstilbod berre nokre få år. Der fanst mange husmenn på staden, så det er mogeleg at nokon av desse har teke over etter han. Andre var truleg tilsett i kalkverksemda i dei omlag 20 åra det varte, så desse småverksemdene kom til nytte for langt fleire enn den som starta opp.

Det var ikkje berre husly og kalkomn som vart starta opp på Magerholm. I 1910 fekk både Karoline og Knut Magerholm på Daleplassen i Magerholmdalen gå på «Fortsettelseskole». Broren Andreas var enno ikkje gamal nok, men var i teneste i staden. Sjølv om Karoline var berre 16 år, så tok ho seg allereie arbeid attåt som «syerske», kanskje var det hos enka Anna Klausdotter Magerholm på hovudbruket? Anne hadde flytta attende frå bruket Nedrenes, bruksnummer 2 på Honningdalsneset etter at mannen Karl Johan Karolusen Honningdalsnes (1858-1905) døydde. Dei var barnlause, så broren til Karl tok over Nedrenes. Anne trong eit anna innkome og satsa på strikking for andre. Ho hadde truleg fått noko attende då ho overlet garden til svogeren, for i 1910-tellinga vart ho i tillegg registrert som «rentenist». Det kan tyde at ho selde Nedrenes og levde no på rentene frå desse pengane. Den vesle strikkeverksemda hadde truleg minst to «ansatte», for den same folketellinga syner at det bodde ei anna enke der også. Ho heitte Lina Hansdotter Hesseberg, og var frå frå Sandøy i Romsdal. Saman tente dei til livsopphald som strikkerske. Lina hadde særskild hushaldning på garden og ordna seg truleg sjølv. Det er kanskje desse Mauritz Akslen fortel om frå sin barndom. Etter at saudene vart klipte på hausten, vart ulla karda og spunne til garnyste. Ungane fekk arbeidet med å gå med garn til to som hadde strikkemaskine, og tok imot slike oppdrag. Dei laga strømper, genser og ullundertøy. Han kunne hugse at dei vart sure når tråden var for tjukk eller full av «Kalvehaud», for då var garnet dårleg spunne. Det er mogeleg at det kan ha vore nokon andre også, for der skal ha vore minst to strikkerske til lenger ute i bygda. Når me nærmar oss slutten at 1920-talet finn me med sikkerheit enno fleire småverksemder.

Karl Engeset frå Norddalen hadde teke over hovudbruket og sett av tomt til fergekai av tre. Doktor Weiberg-Aurdal hadde praksis i Ålesund og gardsbruk i sykkylven. Han hadde behov for å kome seg raskare fram. Som lege hadde han også eigen bil. Han fekk bygd seg ei privat ferge på Vestnes og ansette Tore Magerholm i Magerholmvika som skipper på «Raana». Tore var i tillegg skomakar dei første åra. Ein del av avtalen med Karl hadde vore at slekta hans fekk førsteretten på arbeid med kaia. Heving og senking av lemmen var i dei dagar manuell. Etter kvart som fylkesbåtane tok over fergedrifta vart det starta både kafé og kiosk der inne. Dette tilbodet har halde seg ved lag omtrent til i dag, og stort sett i Engeset-familiens eige.

Ovanfor Gasseneset, der den vestligste delen av parkeringsplassen ved den nyaste fergekaia ligg i dag, låg det intil for få år sida eit hus. På 1920-talet budde Ludvik Berntsen og kona i dette huset. Det var han som bygde det og der hadde han verkstad med dreiebenk og produksjon av glasdiskar og anna butikkinnreiing i kjellaren. Ludvik hadde tidlegare vore med på attreisinga av Ålesund etter bybrannen, vore møbelsnekkar og til sist hadde han lært seg dette handtverket i Amerika. Kaféen nede på Magerholmen var ein av kundane. Eg har tidlegare skrive litt om Kristen på Krissenplassen. Sjølv om han var ein gamal kall på 1920-talet, så var han på ingen måte tom for gode idéar. På sine eldre dagar var han mykje nede i skylet under huset sitt. Her laga han ljåhorv og river. Når han skulle måle skafta hadde han eit artig patent. Han nytta eit rør med botn i. Dette røret fylde han med maling. Skaftet vart dyppa nedi og drege sakte opp att. Fargen han nytta var blå, Kristenblå. Den heilt store inntekta vart det kanskje ikkje, men pengane kom nok godt med likevel.

På Aksla-bruka var det mest fiske og snikkarvirksomheiter på denne tida. På hovudbruket Øvste-Aksla var dei mange om beinet. Nokre hadde funne seg snikkararbeid i Ålesund, medan andre hjalp til heime. Etter 1900 vart det litt meir variasjon. Fleire tok turen til amerika for å få seg midlertidig arbeid. Brørne Knut og Lars tok seg arbeid ved sagbruket i Albion nord for San Fransisco. Der vart dei verande nokre år. Etterkvart vende dei nasen heimatt til Emblemsbygda. På denne tida hadde Hans Iversen Furset nyleg seld den nye butikken sin på Magnusbakken. Ein kar som heitte Maude hadde forsøkt seg ei lita stund, men ynskte ikkje å fortsette. Lars og Knut greip moglegheita og dreiv butikken som etterhvart fekk namnet «Aksla-buda» på folkemunne i omlag ti år. Lars var ikkje frisk då han hadde kome attende til bygda. Han døydde i 1929, på denne tida tok bestyraren Thomas Kristoffersen over drifta og seinare butikkverksemda, medan Knut eigde huset framleis.

På Aksla-gjerdet, Vedhaugen og i Høla finn ein fiskarar og snekkarar. Dei dreiv truleg ikkje eiga virksamheit i dagens forstand. Vedhaug-Kristian var kanskje den som var nærast eit moderne snikkarlag. Saman med broren Hans Larsen Østrem på husmannsplassen Vestrem, som var steinarbeidar og murar, kunne dei ta på seg dei fleste typar oppdrag. Det var desse to karane som mura opp grunnmuren til den første skulen i bygda og det var broren «Marka-Hans» medlemmane i ungdomslaget vende seg til når tomta på ungdomshuset skulle sprengast ut. Fire frå Høla reiste til Amerika og fleire av desse fann seg arbeid og varig bustad der borte. Mauritz Akslen fortel også om Stige-Oline, frå Stigeplassen, som hadde ekstrainntekt som bakstekjerring saman med Myhre-Gurine. Dei var truleg ikkje dei einaste som hadde slikt arbeid som ekstra inntekt. Det er desverre ikkje så lett å finne fram til alle desse i våre dagar. Mange av desse småverksemdene har aldri vorte registrerte. Dei har berre vorte nemnde i samband med livsminner frå andre. Tanta til Mauritz Akslen er eit av unntaka. Henrikke Akslen dreiv i 1910 som syerske for eiga rekning. Denne informasjonen vart også registert i folketellinga det same året. Reitefolket er allereie nemnd tidlegare i teksten, men det var først etter 1900 at ein finn spor etter dei største verksemdene på garden. Saga fekk i tillegg motordrift slik at ein ikkje vart avhengig av godt tilsig av vatn i Sirielva som tidlegare. Dei hadde no både storbåten, «Nord» som gjekk lengst til havs av alle båtane i bygda kring 1927. Den hadde bemanning på fem mann og Reite-Ivar som skipper. Saga kunne nyttast når som helst på året, men helst når husbonden var heime frå fiskebankane. I tillegg dreiv dei etter kvart med produksjon av takstein som vart lagt på mangt eit naust etterkvart som torva kom av moten og vart fjerna. Larsgardsnaustet var eit av desse. Heimeindustrien bløma med andre ord på Reiten.

På andre sida av Sirielva låg Østremsgardane. Der klengde dei seg heller ikkje så mykje til gamle tradisjonar. Mathias Halvorsen Østrem i Mattisgarden var den gjevaste av dei alle saman. Det vert fortalt at han var den første som dyrka opp markane sine til hestereiskap i stort monn og var ein av dei som hadde mest reiskap i skylet sitt utanom Storelva. Når kunstgjødselspreiaren kom på garden måtte dei utvide den hundre år gamle kvelvingsbrua i stein med ekstra steinheller i breidda, slik at hjula ikkje skulle hamne utfor. Men han gav seg ikkje der. På hammaren rett aust for dei gamle nausta til Nedregotten og Østrem bygde han seg sjøbu og starta med oppkjøp av klippfisk og eksport til Spania. Han bygde også det første private minikraftverket på garden sin og var den fyrste som fekk elektrisk ljos i Emblemsbygda. Mathias heldt seg orientert om nyvinningane og klarte også å nytte dei til eiga forteneste. Det var truleg litt misunnelse å spore hjå sambygdingane etterkvart. Sonen Fredrik var i Amerika og på heimturane tok han med seg eit og anna merkverdig. Soleis vart Mattis-folket dei første med elektrisk komfyr, vaffelhjarn og etterkvart også kjøleskap frå General Electric.

I Larsgarden var det ikkje så mykje innovasjon eller småskala-industri. Lars Olsen Østrem dreiv meir med papirarbeid attåt gardsdrifta. Han var i fleire år vald inn som forliksmann, verje og han var med når parsellar skulle skiljast ut frå dei ophavelege gardsbruka til hyttetomt, boligformål og anna. Han dreiv også ei tid som lekmannspredikant i vaksen alder. Omlag på den tid då bestefaren min tok over vart det starta sandtak like nedanfor løa og hovudhuset. Dette var likevel so seint at det vart for lenge etter 1920 til å få plass i denne teksten. I Abrahamsgarden kan eg derimot spore fleire små verksemder. Frå 1862 til omlag 1889 dreiv Peter Andreassen Rasmussen frå Volda garden. Peter var også båtbyggar og laga mest færingar. Han bygde nok båtar som kårmann også og døydde i 1908. Sidan vart det ikkje nokon som tok over båtbygginga i Abrahamsgarden, men borneborna dreiv det sidan godt i andre praktiske yrke. Alfred Østrem fekk rydda seg ein eigen gard lengst vest på Østrem sin heimeutgard. Delar av jorda til det nye bruket «Solvang» kjøpte han frå Nybø og Jakobgarden like ovanfor staden der dagens skule og klubbhus ligg no. Alfred køyrde lastebil og dreiv sandtak like aust for dagens klubbhus tilhøyrande Emblem Idrettslag. Broren Sevrin Østrem dreiv mest som murar og bygde seg først hus like bak hovudhuset i Abrahamsgarden, der Per Ottar Østrem bur i dag. Etter nokre år flytte han på seg og bygde eit veldig murhus ved storelva rett aust for dagens barnehage, der innkøyringa til Blåskulen ein gong låg. I dette huset har det vore både fabrikk og badehus. Eg kjenner diverre ikkje nøyaktige årstal for desse verksemdene. Truleg var dette etter 1934. Steinsgarden vart i 1893 seld til Iver Karlson Furseth, broren til omgong-skulelæraren i bygda vår. Han dreiv det stort med kjøp og sal livdyr, samt slakting. Den vestre del av utmarka vart frådelt før hovuddelen av bruket vart seld til bygselsmannen på garden, Knut Larsen Østrem frå Larsgarden og bror til Vedhaug-Kristian og Marka-Hans i 1894. Den vestre delen vart skild ut som eige bruk med namnet Ytrebø. Bruket vart seinare seld til svigersonen og lærar Lars Peterson Flydal. Garden har seinare vorte kalla «Flydalsgarden på Folkemunne» Eg har tidlegare skrive om begge brørne til Steinsgards-Knut, så eg skal ikkje gjenta dette her.

På Nedregotten finn me eit av dei tidlegaste døma på småindustri. Hans Strøm skreiv i andre helvta på 1700-talet at bøndene fann seg bryne ved Kleberhammaren. Allereie i 1760 var hammaren mest uthogd for avlssteinar til smiene. Staden hadde også hatt laksevarp i uminnelege tider. Det var på berga undere Hammaren på Nedregotten at Mathias Østrem hadde sett opp sjøbua si. Før 1930 vart det også ordna med ein motorbåt som heitte «Vidar». Den gjekk i rutefart frå «Mattisbrygga» til både Glomset og Ålesund og der var enno fleire stoppestader på vegen. Når Emblemsruta kom i 1928 vart det etterkvart også slutt på rutebåtar nede på berga og Vonbåtane til Sularuta ute i Eikenosvågen. Knut Per og Bjarne Nedregotten var alle tømmermenn og dreiv byggelag allereie i 1933. Bedrifta vaks seg etterkvart stor og fekk namnet P&K Nedregotten. Dei leigde også dampskipskaia i Emblemsvågen til lagringsplass for material før dei etablerte seg med trelasthandel ved Gasseneset på Magerholm. Per Nedregotten (1908-1980) var også oppfinnar. Alt i barndommen byrja han å fundere på store og små oppfinnelsar. Det var ikkje alt som vart fullført, slik som snøballkanona som skulle kunne skyte heilt over Storfjorden, men eigenkonstruert vedkløyvar bygde han seg. På Elvemyr vaks Karl Karlsen Nedregotten opp. Han vart seinare kalla Rese-Karl på folkemunne. Karl var kanskje den mest markante skomakaren i bygda vår. Han tok også over som telefonbestyrar i 1898. I 1910 fekk han frådelt eit stykke ved Hjellhaugreset som seinare fekk namnet Myrvang. Du kan lesa meir om Rese-Karl i ein eigen tekst om telefonstasjonen på www.emblemsbygda.com.

I Løvika rydda Nils Rasmussen Løset (1840-1910) seg ein husmannsplass i 1891. Nils hadde tidlegare busett seg på Osehaugen i Emblemsvågen. Der dreiv han som båtbyggar og laga svært mange av båtane i distriktet kring Emblem. Nils var gift med Nikkoline Sivertsdotter Kaldvatn (1842-1929) Det vert fortalt at Nikkoline var særs nysgjerrig av seg. Då ho ikkje klarte å sjå kven som kom på besøk til båtnaustet til Nils frå kjøkkenglaset på Oshaugen, måtte han demontere heile naustet og snu det slik at ho fekk betre innsyn. Når dei flytte inn i Løvika ordna han seg verkstad i eit skyle i Løa. Det vert fortalt at han kunne halde på til langt på natt. Vart han sliten og trong ei kvild, så tok han seg ein tur ut på fjorden og dorga. Nils hadde ei god songstemme og naboane kunne soleis høyre når han «kvilde seg» der utpå fjorden. Då huset i Løvika skulle ordnast for nokre år sidan, fann ein gamlegolvet som kanskje Nikkoline hadde nytta i kvilelaus vandring mellom husarbeid og vindauge når Nils var ute. Golvborda var i alle fall godt slitne på stader som kan høve godt til slik gonge, men om det stemmer kan eg ikkje seie for sikkert.

Ellers kan eg ikkje ikkje finne så mange fleire. Steffen på Tryssethaugen var også snikkar og fiskar. Søstera var fisketørkar i Ålesund. Men ein skal ikkje gløyme Konrad Nedregotten (1914-1978). Han dreiv med transport og var lastebileigar. Han passar ikkje heilt inn i tidsmessig, men denne verksemda er ei av svært få som har overlevd heilt fram til i dag. Det var svigersonen Svein Arne Hoel som overtok i 1970 og utvikla bedrifta til ei bedrift med fleire titals millionar i omsetning. Bygda vår vart ikkje arnestad for bedrifter i stil med møbelbedriftene i Sykkylven eller verftsindustrien på Søre Sunnmøre, men dei gav kjærkomen inntekt til den som ikkje kunne leva av gardsdrifta åleine.

På hovudbruket Emblem har mykje av dei største bedriftene i bygda kome til. Oskar Emblem var kanskje ein av dei største, som ein av grunnleggarane av Emblemsruta, sjølv om det var først i 1928. Denne bedrifta vart etterkvart ei sto bedrift før dei med eit fekk avslag på fornyelse av busskonsesjonen i 1985. Dei vart forsøkt pressa til å gå saman i eit større selskap, men valde heller å leggje ned drifta. Lars Olsen Emblem frå Negarden var ein annan entrepenør. I likheit med mange av jamnaldringane sine valde også Lars å søke hyre på båt. Då han kom heim vart han engasjert i politikken. Bygda hadde fått eige smørmeieri i byrjinga av 1890-åra. Lars var ein av pådrivarane for denne nyvinninga og samstundes den første bestyraren. Kanskje var det dette som gav meirsmak og fekk han til å satse på eige handelslag i huset sitt på Elvarum. Dei første åra dreiv han i kommisjon for Berli i Ålesund, men etterkvart stod han på eigne bein. På omlag same tida fakk han ansvaret for postopninga også. Etter namnebroren på Magnusplassen, som døydde i 1900. Lars la ned handelsverksemda ikring 1920. På denne tida hadde han også fått konkurranse av sonen til Kjøt-Iver, Hans Iversen Furset på Skørene. Kort tid etter Lars hadde gjeve seg, var Hans på plass i ny butikk like ved, på Magnusbakken (seinare kalla Aksla-Buda). Sjølv om Lars gav seg, så var ikkje Hans, og seinare akslakarane åleine om handelsverksemda i bygda. Mattias Kaldhusseter forsøkte seg som handelsmann ei kort tid etter at Lars var død i 1922. Han fekk leige kjellaren på Elvarum, men det gjekk ikkje så bra i konkurransen med L.K. Akslen Kolonial på Magnusbakken. Det heile enda med konkurs. Lars Olsen Emblem hadde også fleire jarn i elden før han døydde. I mange år hadde han kjempa for å få i gong eit kailag og dampskipskai i Emblemsvågen. På slutten av året i 1906 hadde også dette kome på plass, takka vere mellom anna «Kjøt-Iver». Den som gjorde det best av alle handelsmennene i bygda var Sevrin J. Emblem (1906-1960). Han hadde tidlegare hatt arbeid i butikken til Hans Iversen og fått smaken på handelsverksamheit. Han starta ikkje opp før kring 1930, men butikken hans vart ein av dei største landhandlane i distriktet før han døydde i 1960.

Etter 1921 vart poståpneriet flytta frå Elvarum til Garsendhaugen til Joakim Johansen Emleim (1870-1955) og Elisa Iverdotter Furset, dottera til Iver Karlson Furset («Kjøt-Iver») på Eikenosa. Han var også skomakar attåt. Harry Akslen fortel at Joakim var særs glad i born. Han brydde seg ikkje noko om at heile ungeflokken vart med på lasset når han bar postveska frå Emblemskaia til postkontoret oppe i bygda. Han hadde ikkje noko imot at dei hang over skranka medan han sorterte posten heller, og han tøysa og prata med dei til han var klar for utdelinga. Kring 1920 var det mange skomakerar i bygda vår. Attåt dei som allereie er nemnd kan eg leggje til Andreas Magnussen (1864-1925) i Hatlebakken. Han tente også litt ekstra på kvenna si.

I Sjursgarden var det kanskje ikkje så mykje nystarta verksemder å spore, men der var fleire som var gode på kjøp og sal.To av desse var Andrine Christiane Arnesdotter Nedregotten frå Skaret. Ho hadde gifta seg til garden, men mannen døydde etter berre fem års ekteskap. I 1832 starta ho på noko som var uvanleg for ei kvinne på den tida. Ho starta med kjøp og sal av eigedommar. Denne handelsverksemda fortsette ho ilag med dei to komande ektemennene som ho gifta seg omatt med i løpet av dei komande åra. I dag ville vi nok eie at ho var ei særmerkt forretningskvinne før si tid. Den siste eg har funne var Lars Magnussen på Magnusplassen like ved Magnusbakken. Lars var husmann, men fekk likevel æra av å verte den første postopnaren i bygda vår. Han hadde truleg ikkje så mykje å rutte med, men visste å utnytte dei moglegheitene han fekk. Mot slutten av 1800-talet vart det slutt på at gardane innanfor elva og dei utanfor delte seg inn etter elva som grense. Etterkvart som elevtalet vaks, så vart det vansklegare at alle i bygda delte på å huse omgongskulen nokre dagar kvar. På Magnusplassen hadde dei to store stover som egna seg til skuledrift. Fleire av desse åra fek Lars betalt for å ta over denne byrda for dei andre gardane. I Auregarden viste dei ein god del om fiske. Saman med Røsevollkarane var dei tidleg ute med å investere i skikkelege dekksbåtar med overbygd kahytt. Soleis kunne dei ta del i fisket lengre enn mange av dei andre i bygda. I Hansgarden på Røssevold var det mykje folk. Jens Hansen var broren til jordajenta, Tidemine. Han var sjømann, men dei visste ikkje kvar han var. Ein annan bror heitte Lars Hansen Røssevold og var på fiske. Elles var han gift og busatt framleis på farsgarden. Kona Olivie dreiv strikkeforretning og flytta snart til Ålesund saman med Lars. På Nygjerdet på Røssevollen var Lars tømmermann attåt gardsdrifta. Dei tok seg også av ein gut, ved sida av Amund Samuelsen Storstein, som budde der dels på fattigkassa si rekning. I følge Harry Akslen skal Amund ha vorte påkøyrd og skada i Amerika. Han hadde mellom anna trebein, noko som borna var nysgjerrige på å få sjå. Røssevoll-folket var mellom dei som reiste tidlegast til Amerika og Ålesund eller Devoldfabrikken i Langevågen for å få seg løna arbeid.

På Ludvigplassen i Emblemsvågen hadde Ludvig fått arbeid som ekspeditør for Søndmøre dampskipselskap i Emblemsvågen. På denne tida måtte varer hentast og leverast ute på fjorden då bygda ikkje hadde fått nokon eiga dampskipskai. Ludvik var også snikkar og hadde tilnamnet "Ausskjer-Ludvig" for han laga ausesskjer til båt og selde dei. Omfanget av produksjonen er ikkje kjend, men det må ha vore ein del om han skulle få eit slikt namn på folkemunne. I Plassevågen dreiv plassemannen, Knut Knudsen (1846-) med endel tørking av fisk. Eldstesonen Karl, var på fiske i Ålesund, medan dottera Johanne var bosett ei tid i Haram, der ho var «sypige». Knut samarbeidde truleg med Os-Nikolay på Osehaugen og Jakob Larsen Emblemsvåg på Sandane (Sandvik). Nikolay var opphaveleg frå Mattisgarden, der broren Mathias dreiv same verksemda med mellom anna eksport heilt til Spania. Nikolay var før jul ute på Alnes på fiske. Sonen Knut hadde fått seg hyre og mellombels bustad i Ålesund. Det er grunn til å tru at det er til Mathias dei sel den ferdige tørrfisken. Jakob var truleg også med på det same båtlaget som Nikolay på Alnes kring 1900. Etterkvart finn me att fleire frå Emblemsvågen i Amerika. Sjølv odelsgutar let vere å kome heim att. No var ikkje det så uvanleg, for ein kan sjå det same på storbruket Sjursgarden.

På Eikenosa budde som tidlegare nemnd Iver Karlson Furset, eller «kjøt-Iver». Han åtte fleire gardar, dreiv med livdyr og slakting. Iver skal ha vore den første utanbys frå som løyste torgrett i Ålesund. Han hadde fleire born. Hans og Karn hjalp til med gardsdrifta kring 1900. Tre av borna til kårfolket på Eikenosa budde også framleis heime. Lars og Aagne dreiv med fiske, medan Systra, Berthe «Sysler med Syning og Vævning». Stadig fleire i Ålesund hadde namn frå Emblemsbygda, men det er ei anna historie. Likevel kan det fortelle oss ein del om at det var trongt om beinet, for den som ynskte å få seg eit eige bruk. Enno verre vart det etter børskrakket og depresjonsåra før den andre verdskrigen. Fisket gav ikkje arbeid til alle som trong det, og naudsarbeid var det heller ikkje nok av Mange gjekk rett og slett arbeidslause ikring. Denne tida ga inspirasjon til å tenkje nytt og å vere sin eigen lykkes smed. Slike hendingar fekk fleire til å vidareutdanne seg og å få fleire føter å stå på. Korleis det gjekk, ja det skal me sjå nærare på ved eit seinare høve. Me har i alle fall fått eit lite innblikk i korleis ein forsøkte å finna nye inntektskjelder og grobotn for ny heimeindustri i bygda vår.

NB! Denne teksten er berre eit utkast. Veit du om fleire i det aktuelle tidsrommet som sysla med heimeindustri, så er det berre å ta kontakt på sveostrem@hotmail.com