DEN FØRSTE KJENDE EMIGRANT MED TILKNYTNING TIL  BYGDA 

Ingebrigt Knutsen Bjørset og Kona Pauline Nilsdotter Galtestad. Fotografen er førebels ukjend. Biletet kan vere tatt i USA etter 1850 ein gong.
Ingebrigt Knutsen Bjørset og Kona Pauline Nilsdotter Galtestad. Fotografen er førebels ukjend. Biletet kan vere tatt i USA etter 1850 ein gong.

I ei gamal utgåve frå Romsdal Sogelag fann eg ein spanande tekst om husmannsonen Ingebrigt Knutsen Bjørset, som kan ha vore ein av dei første emigrantane frå fylket vårt på amerikaferd.

For min del vart denne historia enno meir interessant då eg las kvar slekta til Ingebrigt kom frå. Faren til Ingebrigt kom nemleg frå Emblem, og busette seg i vaksen alder like vest for det som den gong var Molde by og amtshovudstaden. I denne teksten skal me trakke litt i fotspora til forfattaren av den opprinnelege teksten, Odd Meringdal, og verte meir kjend med både Ingebrigt og opphavet.

Husmenn ved Molde

I 1821 finn ein to husmenn på Bjørset, som begge kom frå Emblemsbygda. Den eine heitte Knut og den andre heitte Ingebrigt, eller «Sunnmørs-Ingebrigt» på folkemunne. Desse to var i tillegg brør.

I følge Bolsøyboka skal plassen til Knut «Hemblem» ha vorte rydda kring 1820. Eit nærare søk i folketeljingane syner at talet på husmannsplassar vaks kraftig frå 1801 til 1865. I den første teljinga finn eg berre 4 husmenn med jord, men 64 år seinare har Bjørset eit hovudbruk med den sjølveigande og ugifte bonden Petter A. Møller. Han var ikkje åleine på garden, for han hadde både hushalderske, to tenestejenter og to drengar. I tillegg låg det 15 husmannsplassar under garden. Petter var ingen kven som helst. Han var proprietær, klippfiskeksportør, og sonen til konsul Peter Richardus Møller og Ingeborg Antonette Øwre på godset Moldegård. Petter tilhørte med andre ord byens overklasse. Hovudhuset låg på ein stad som i dag vert kalla Glomstua, og er i dag mest kjend som staden med «kongebjørka», der kong Haakon og kronprins Olav søkte ly for tyske fly i 1940.

Petter var ein av tre brødre som arva gardane Moldegård, Bjørset og Kvam. Broren, Richard Jalles Møller, var særlig interessert i gardsbruk. Han hadde også eige sagbruk. Richard var ein framtredande mann i styret til Romsdals amts Landhusholdningselskap i tida 1896-1904. På den tida Petter og Richard levde var mellom anna amtsmannen, med sitt hovedsete i Molde, ein aktiv pådrivar for nydyrkning og videreutvikling av utmarka, ved hjelp av gardeigarar som let folk få rydde stadig fleire husmannsplassar. For den ugifte Petter var dette ein særs god idé. Garden var stor med datida si driftsform, og no kunne han kreve arbeidsplikt på sitt eige bruk i dei viktigaste onnene. Husmannskontraktene kunne sjølvsagt variere, men det er ikkje utenkjeleg at ein på nokon av desse husmannsplassane måtte stille med to vaksne. Soleis hadde Petter minimum 15 par arbeidshender og inntil 30 vaksne som arbeidde gratis, om han utnytta denne moglegheita maksimalt. Slikt kunne ein gjera både i Romsdalen og på Sunnmøre, for etterspørselen etter eit plassebruk var større enn tilbodet kring midten av 1800-talet. Noko av forklaringa var befolkningsvekst og minimal utvandring, om nokon emigrasjon i det heile.

Kvifor til Molde?

Korleis brødrene Knut og Ingebrigt hamna som husmenn så langt heimanfrå er det vanskelegare å seie for sikkert. Knut finn ein i alle fall i kyrkjeboka, når han gifta seg den 12.11. 1820 med Giertrud Anne Jonsdotter Kipperstue på 27 år. Ho var like gamal som han sjølv. På dette tidspunktet var Knut matros. Kanskje var det slik han enten fekk høyre om mogelegheita til å få seg husmannsplass i Molde, eller kan det hende at han møtte kjærleiken i denne byen først? Historikaren Leo Oterhals fortel i alle fall om Bjørset gard at den opprinnelege Bjørsetsetra måtte leggast ned fordi seterjentene stadig vart overfallne av framande sjøfolk (Oterhals 2003). No påstår eg sjølvsagt ikkje at Knut var overfallsmann, men skyvjing kjende han sjølvsagt til, og det er ikkje utenkjeleg at han møtte kjærleiken på landlov i Molde. Broren Ingebrigt gifta seg også i Molde kirke, men det er mogeleg at han kom seinare til byen. Kanskje broren hadde vore pådrivar for at også veslebroren skulle få sin eigen husmannsplass i nærleiken? Ingebrigt gifta seg med Karen Olsdotter (f.1805). Ho veit vi med sikkerheit at ho var frå Molde. Vi veit altså at Knut og Ingebrigt kom frå Emlem og vart husmenn i Molde på 1820-talet.

Knut vart skrive inn i kyrkjeboka som «Hemlem». Eit slikt etternamn finst ikkje i Norge. Odd Meringdal har lufta påstanden at årsaka skyldast at Knut tala halvemål. Presten kan ha oppfatta måten Knut uttalte etternamnet sitt slik at det vart Hemlem. I tillegg til at han var registrert som matros, kunne han også hente dagløn hos Gørvell i Molde. Dette var ei anna ætt med storfolk, byfogdar i nær kontakt med Møller-ætta. Kanskje kan denne dagløna bidra til å bekrefte hypotesa om at Knut slo seg ned i Molde etter at han hadde møtt Gjertrud, som han seinere gifta seg med. I Bolsøyboka kan ein også finne opplysning om at det var Knut Emblem som rydda «Ole Matias» plassen kring 1820. Dette namnet kom til på eit seinare tidspunkt når Ole Mathias Reiten hadde tatt over. Veslebroren Ingebrigt, eller «Sunnmørs-Ingebrigt» som han vart kalla på folkemunne, var skipper då han gifta seg i 1826, og behøvde truleg ikkje noko ekstrainntekt før han fekk råd til å rydda seg ein husmannsplass på Bjørset han óg. Kor lenge Ingebrigt hadde vore skipper er det vanskeleg å seie, men han må ha gjort lynkarriere for han var kun 22 år i 1826. Fem år tidligare var han fadder for eldstesonen til Knut. Då var han 16 år og allereie smed, så det må ha vore ein driftig kar. Det vert fortalt at han ein gong segla skuta til Møller så hardt forbi Hustadvika at masta knakk. Men til Trondheim skulle han uansett, så då fann dei seg eit nytt masteemne i næraste skog og segla så vidare.

Om heimplassen og familien på Emblem

No har eg fortalt ein del om kvar Knut og Ingebrigt flytte og kva dei hadde arbeidd med tidlegare, men kvar kom dei frå eigentleg? Arkiva gjev også eit svar på dette. Vi veit at dei kom frå Emblem i Borgund og at Knut vart døypt den 10. februar 1793, medan Ingebrigt Andreas vart fødd i 1804. Sjølv om det var fleire gardsbruk på dette klyngetunet, og berre faren vart nemnd i kyrkjeboka for Borgund, så er der berre ei mogelegheit. Ingebrigt Knudsen Emblem (1742-1816) frå Negarden, bruksnr. 1 på Emblem. I følge bygdeboka for Borgund og Giske (band II), skal Ingebrigt ha vorte fødd på Nedregotten, på gardsbruket som vart delt opp i dei to nye bruka Skaret og Guttormgarden etter at faren Knut Pedersen (1702-1767) døydde. Ingebrigt gifta seg til Negarden medan brødrene Lars og Peder fekk kvar sin halvpart av farsbruket. Ingebrigt Knudsen i Negarden dreiv garden frå 1766 til 1815, og vart gift med jordajenta og enke Annike Pedersdotter (1725-85), men ho var ikkje mor til Knut og Ingebrigt på Bjørset. Faren gifte seg i alt tre gonger. Den andre gongen var det med Ellen Nilsdotter Gryta (1760-1809), som vart mor til både Knut og Ingebrigt. Ein nærare kontroll i 1801-tellinga for Borgund syner at fødselsåret til Ellen kan stemme, men her vert ho kalla Eli Nielsdotter i staden. Fødestaden er ikkje registrert i teljinga. Om ho heitte Eli eller Ellen er med andre ord uklart. For det første så veit ein at ikkje alle opplysningane i bygdeboka er korrekte, og samstundes så var ikkje alle opplysningane i 1801 heilt korrekte heller.

Knut og Ingebrigt hadde mange søsken og stesøsken. Annike hadde seks born med sin første ektemann, Lars Olson (1727-1765) frå bruk nummer 9 på Vatne, og fekk to døtre med sin andre ektemann, far til Knut og Ingebrigt, men begge døydde 14 veker gamal. Med si neste kone, Elen (1760-1809) vart det åtte born, Knut og Ingebrigt inkludert. Eldstedottera til Ingebrigt vart oppattkalla etter kona Annike. Ho gifta seg i Tafjorden, g dreiv ei tid Knutgarden i Emblemsvågen, før dei flytte til Hjelme i Valldalen. Søstera Nille Cathrine gifta seg med Ole Olsen Kaldhusdal frå Tafjorden og tok over farsbruket på Emblem. Søstera Ingebor Kathrine gifta seg med naboen Johannes Pederson Kaldhusdal frå Tafjorden og flytta dit. Ein kan undre seg på om dei yngste søstrene har møtt sin framtidige ektemann i bryllup eller i teneste. Det er i alle fall påfallande med så mange friarar frå nettopp Tafjorden. Dei to siste søstrene var anten dødfødd eller døydde innan få veker. 

Ingebrigt fekk ikkje fleire born med si tredje kone, i løpet av sine fem siste leveår, for han var nærare 50 år når han var brudgom for siste gong, men 16 born totalt var uansett imponerande, sjølv om ikkje alle levde opp. Han var også ein velbehalden mann. Arveskiftet etter Annike åleine var på 175 riksdalar, medan gjelda kun var på 37. Han hadde på den tida hest, 7 kyr, 3 kviger, 7 sauer og 6 geiter, noko som var ein stor buskap i ei tid med sjølvbergingsjordbruk og fisk som viktigaste middagsrett. Knut var 9 år i 1801 og 23 i 1815, når storesystera tok over farsbruket. Knut må med andre ord ha stått på eigne bein i alle fall frå 1815, og truleg lenge før det også. På denne tida var ein vaksen når konfirmasjonen var omme. Dei fleste måtte også ut i tjeneste lenge før den tid. Med ein stor borneflokk, så var det ikkje plass eller rom for husmannsplassar til alle søskena i Negarden. Dette kan også forklare kvifor Knut Ingebrigtsen Emblem og Ingebrigt Ingebrigtson Emblem frå Negarden slo seg ned som husmenn på Bjørset og at Ingebrigt hadde arbeidd som smed allereie som 16-åring.

Til Amerika

Vi skal no konsentrere oss om husmannen Knut Ingebrigtson Emblem sin eldste son, Ingebrigt Knutsen Bjørset. Som vart fødd 3. mai 1821 på Bjørset i Bolsøy kirkesokn like vest for amtshovudstaden, Molde. Han var truleg ikkje så sterk ved fødselen, for han vart heimedøypt, sjølv om det var vår, og vegen til kirka var kort. Han kom seg likevel raskt og vart døypt i kirka også den 31. mai. Han var lærevillig, oppfinnsom, og tok lærarutdanning, for det vert fortalt at han arbeidde ei tid som lærar på Biri. I boka «Coon Prairie» bekrefter Hjalmar Rued Holand denne påstanden, og legg til at Ingebrigt vart gift med ei frå denne staden, før han reiste til amerika i 1850. Då var han 29 år gamal. Kona til Ingebrigt heitte Pauline Nilsdotter Galtestad. Ho registrerte utflyttingsattest frå Biri til Molde i 1846, etter at ho hadde budd i Molde i om lag 2 år. Ingebrigt og Pauline vart truleg prega av utferdstrongen som kom til Biri og Oppland mot slutten av 1840-åra. Det var nokre tiår før utvandringsbølga kom til nordvestlandet.

Det er mogeleg at dei reiste via Washington, og truleg gjennom Canada også, på vegen frå England. Det som er heilt sikkert er at dei kom til Coon Prairie i Sør Dakota og slo seg ned der. Ingebrigt involverte seg i lokalsamfunnet, bidrog til å organisere menigheitsarbeidet, og vart også den første læraren der. Han skal ha vore ein dyktig snekkar også. Men Ingebrigt vart ikkje verande så lenge på denne staden. Vil du vite meir om korleis det gjekk med Ingebrigt, husmannsonen frå Bjørset med emblems-blod i årene, så kan du lesa meir i den digitale utgåva av Odd Meringdal og Romsdal Sogelag sin tekst på følgande nettstad frå side192: http://www.nb.no/nbsok/nb/3740d5a798fa1271849c502b149ae2ab?index=1#193

Det kan vere grunn til å tru at Bjørset-ætta i Amerika kan ha vore med å påverke negardsfolket si utferdstrong også. Kanskje har dei fått hjelp frå Ingebrigt, for allereie i 1860 drog Fredrik Olsen Emblem til St. Paul. Ingebrigt Bjørset var søskenbornet til Fredrik sin far, Ole Elias Olsen Emblem (1818-1896), som også var ei tid i Amerika etter den amerikanske borgerkrigen. Seinare skulle fleire frå Negarden kome etter for enten kortare tidsrom eller alltid. Du kan lesa meir om Amerikareisene til Negardsfolket i eigen tekst om Negarden, teksten om emigrantane frå Emblem, eller historia om Olaf S. Emblem på emblemsbygda.com.

Kjelder:

Gjendem, Per: «Opplysende om Møllerne på Moldegård», Historieportalen Per Gjendem, http://www.pergjendem.com/?p=288

Meringdal, Odd m. fl: «Romsdalingar i Amerika: artikler fra Romsdalslagets årbøker», Romsdal Sogelag, Molde 1978.

Oterhals, Leo: «Fisk og furu, Molde og Romsdal før 1880». Lagunen a/s, EKH-trykk Molde 2002

Oterhals, Leo: «Nød og roser». Lagunen a/s, Fræna-trykk a/s, Elnesvågen 2003

Tvinnereim, Jon: «Grotid i Grenseland, Fylkeshistorie for Møre og Romsdal 2 1835-1920», Det Norske Samlaget, Oslo 1992

Øverlid, Ragnar: «Bygdebok Borgund og Giske Band II, Gardsoge 1-51» Bygdeboknemnd for Borgund og Giske, 1961

Rabbevåg, Egil & Østrem, Svein Ove Dale: "Bygdebok for Emblem" Innaumnesingen Forlag 2019.

Bjørn Jonson Dale 06.07.2013 02:07

Flott utgreiing. Eg er imponert!