Den første emigranten med emblems-blod i årene

Ingebrigt Knutsen Bjørset og Kona Pauline Nilsdotter Galtestad. Fotografen er førebels ukjend. Biletet kan vere tatt i USA etter 1850 ein gong.

I ei gamal utgåve frå Romsdal Sogelag fann eg ein spanande tekst om husmannsonen Ingebrigt Knutsen Bjørset, som kan ha vore ein av dei første emigrantane frå fylket vårt på amerikaferd.

For min del vart denne historia enno meir interessant då eg las kvar slekta til Ingebrigt kom frå.Faren til Ingebrigt kom nemleg frå Emblem og bosette seg i vaksen alder like vest for det som den gong var Molde by og amtshovudstad. I denne teksten skal me trakke litt i fotspora til forfattaren av den opprinnelege teksten, Odd Meringdal, og verte litt meir kjend med både Ingebrigt og opphavet.

I 1821 finn ein to husmenn på Bjørset, som begge kom frå Emblemsbygda. Den eine heitte Knut og den andre heitte Ingebrigt, eller «Sunnmørs-Ingebrigt» på folkemunne. Desse to var i tillegg brør.

I følge Bolsøyboka skal plassen til Knut «Hemblem» ha vorte rydda kring 1820. Eit nærare søk i folketellingane syner at talet på husmannsplassar vaks kraftig frå 1801 til 1865. I den første tellinga finn eg berre 4 husmenn med jord, men 64 år seinare har Bjørset eit hovudbruk med den sjølveigande og ugifte bonden Petter A. Møller. Han var ikkje åleine på garden, for han hadde både husholderske to tjenestejenter og to drengar. I tillegg låg det 15 husmannsplassar under garden. Petter var ingen kven som helst. Han var Proprietær, klippfiskeksportør, og son av konsul Peter Richardus Møller og Ingeborg Antonette Øwre på godset Moldegård. Petter tilhørte med andre ord byens øverklasse. Hovedhuset låg på ein stad som i dag vert kalla Glomstua og er no mest kjend som staden med «kongebjørka» der kong Haakon og kronprins Olav søkte ly for tyske fly i 1940.

Petter var ein av tre brødre som arva gardane Moldegård, Bjørset og Kvam. Broren,Richard Jalles Møller, var særlig interessert i gardsbruk, hadde eige sagbruk. Han var ein framtredande mann i styret til Romsdals amts Landhusholdningselskap i tida 1896-1904. På den tida Petter og Richard levde var mellom anna amtsmannen, med sitt hovedsete i Molde, ein aktiv pådrivar for nydyrkning og videreutvikling av utmarka ved hjelp av husmenn og gardeigarar som let dei få rydde stadig nye husmannsplassar. For den ugifte Petter var dette ein særs god idé. Garden var stor med datida si driftsform, og no kunne han kreve arbeidsplikt på sitt eige bruk i dei viktigaste onnene. Husmannskontraktene kunne sjølvsagt variere, men det er ikkje utenkjeleg at ein på nokon av desse husmannsplassane måtte stille med to vaksne. Soleis hadde Petter minimum 15 par arbeidshender og inntil 30 vaksne som arbeidde gratis, om han utnytta denne moglegheita maksimalt. Slikt var mogeleg både i Romsdalen og på Sunnmøre for etterspørselen etter eit plassebruk var større enn tilbodet kring midten av 1800-talet. Noko av forklaringa var befolkningsvekst og minimal utvandring, om noko emigrasjon i det heile.

Korleis brødrene Knut og Ingebrigt hamna som husmenn så langt heimanfrå er det vanskelegare å seie for sikkert. Knut finn ein i alle fall i kyrkjeboka når han gifta seg den 12.11. 1820 med Giertrud Anne Jonsdotter Kipperstue på 27 år, like gamal som han sjølv. På dette tidspunktet var Knut matros. Kanskje var det slik han enten fekk høyre om mogelegheita til å få seg husmannsplass i Molde, eller kan det hende at han møtte kjærleiken i denne byen først? Historikaren Leo Oterhals fortel i alle fall om Bjørset gard at den opprinnelege Bjørsetsetra måtte leggast ned fordi seterjentene stadig vart overfallne av framande sjøfolk (2003). No påstår eg sjølvsagt ikkje at Knut var overfallsmann, men skyvjing kjende han sjølvsagt til, og det er ikkje utenkjeleg at han møtte kjærleiken på landlov i Molde. Broren Ingebrigt gifta seg også i Molde kirke, men det er mogeleg at han kom seinare til byen, kanskje broren hadde vore pådrivar for at også veslebroren skulle få sin eigen husmannsplass i nærleiken.Ingebrigt gifta seg med Karen Olsdotter (f.1805). Ho veit me med sikkerheit at ho kom frå Molde. Me veit altså at Knut og Ingebrigt kom frå Emlem og vart husmenn i Molde på 1820-talet.

Knut vart skrive inn i kyrkjeboka som «Hemlem». Eit slikt etternamn finst ikkje i Norge. Odd Meringdal har lufta påstanden at årsaka skyldast at Knut tala halvemål. Presten kan ha oppfatta måten Knut uttalte etternamnet sitt slik at det vart Hemlem. I tillegg til at han var registrert som matros, kunne han også hente dagløn hos Gørvell i Molde. Dette var ei anna ætt med storfolk, byfogdar i nær kontakt med Møller-ætta. Kanskje kan denne dagløna bidra til å bekrefte hypotesa om at Knut slo seg ned i Molde etter at han hadde møtt Gjertrud, som han seinere gifta seg med. I Bolsøyboka kan ein også finne opplysning om at det var Knut Emblem som rydda «Ole Matias» plassen kring 1820. Dette namnet kom til på eit seinare tidspunkt når Ole Mathias Reiten hadde tatt over. Veslebroren Ingebrigt, eller «Sunnmørs-Ingebrigt» som han vart kalla på folkemunne, var skipper då han gifta seg i 1826, og behøvde truleg ikkje noko ekstrainntekt før han fekk råd til å rydda seg ein husmannsplass på Bjørset han óg. Kor lenge Ingebrigt hadde vore skipper er det vanskeleg å seie, men han må ha gjort lynkarriere for han var kun 22 år i 1826. Fem år tidligare var han fadder for eldstesonen til Knut. Då var han 16 år og allereie smed, så det må ha vore ein driftig kar.

No har eg fortalt ein del om kvar Knut og Ingebrigt flytte og kva dei hadde arbeidd med tidlegare, men kvar kom dei frå eigentleg? Arkiva gjev også eit svar på dette. Vi veit at dei kom frå Emblem i Borgund og at Knut vart døypt den 10. februar 1793, medan Ingebrigt Andreas vart fødd i 1804. Sjølv om det var fleire gardsbruk på dette klengetunet og berre faren vart nemnd i kyrkjeboka for Borgund, så er det berre ei mogelegheit. Ingebrigt Knudsen Emblem (1742-1816) frå Negarden, bruksnr. 1 på Emblem. Ifølge bygdeboka for Borgund og Giske (band II), skal Ingebrigt ha vorte fødd på Nedregotten på gardsbruket som vart delt opp i dei to nye bruka Skaret og Guttormgarden etter at faren Knut Pedersen (1702-1767) døydde. Ingebrigt gifta seg til Negarden medan brødrene Lars og Peder fekk kvar sin halvpart av farsbruket. Ingebrigt Knudsen i Negarden dreiv garden frå 1766 til 1815 og vart gift med jordajenta og enka Annike Pedersdotter (1725-85), men ho var ikkje mor til Knut og Ingebrigt på Bjørset. Faren gifte seg i alt tre gonger, den andre gongen med Ellen Nilsdotter Gryta (1760-1809) som dermed vart mor til både Knut og Ingebrigt. Ein nærare kontroll i 1801-tellinga for Borgund syner at fødselsåret til Ellen kan stemme, men her vert ho kalla Eli Nielsdotter i staden. Fødestaden er ikkje registrert i tellinga. Om ho heitte Eli eller Ellen er med andre ord uklart. For det første så veit ein at ikkje alle opplysningane i bygdeboka er korrekte, og samstundes så var ikkje alle opplysningane i 1801 korrekte heller.

Knut og Ingerigt hadde fleire søsken. Annike hadde truleg born med sin første ektemann også, men dei finn eg ikkje i 1801-tellinga. Her har alle dei fire heimebuande borna Ingebrigt som far. Eldstedottera til Ingebrigt vart oppattkalla Annike. I tillegg fekk Ingebrigt fleire born etter 1801, og Ingebrikt var ein av desse. Om han fekk enno fleire born med si tredje kone i løpet av sine fem siste leveår, er eg ikkje så sikker på, for han var nærare 50 år når han var brudgom for siste gong. Han var også ein velbehalden mann. Arveskiftet etter Annike åleine var på 175 riksdalar, medan gjelda kun var på 37. Han hadde på den tida hest, 7 kyr, 3 kviger, 7 sauer og 6 geiter, noko som var ein stor buskap i ei tid med sjølvbergingsjordbruk og fisk som viktigaste middagsrett. Storesøstra til Knut og Ingebrigt, som tok over Negarden er ikkje nemnd i 1801-tellinga, noko som vitnar om at borneflokken i Negarden må ha vore stor. Knut var 9 år i 1801 og 23 i 1815, når storesystera tok over farsbruket. Knut må med andre ord ha stått på eigne bein i alle fall frå 1815 og truleg lenge før det også. På denne tida var ein vaksen når konfirmasjonen var omme. Dei fleste måtte også ut i tjeneste lenge før den tid. Med ein stor borneflokk, så var det ikkje plass eller rom for husmannsplassar til alle søskena i Negarden. Dette kan også forklare kvifor Knut Ingebrigtsen Emblem og Ingebrigt Ingebrigtson Emblem frå Negarden slo seg ned som husmenn på Bjørset og at Ingebrigt hadde arbeidd som smed allereie som 16-åring.

Me skal no konsentrere oss om husmannen Knut Ingebrigtson Emblem sin eldste son, Ingebrigt Knutsen Bjørset. Som vart fødd 3. mai 1821 på Bjørset i Bolsøy kirkesokn like vest for amtshovudstaden, Molde. Han var truleg ikkje så sterk ved fødselen, for han vart heimedøypt, sjølv om det var vår og vegen til kirka var kort. Han kom seg raskt og vart døypt i kirka også den 31. mai attåt. Han var lærevillig, oppfinnsom og har også tatt lærarutdanning, for det vert fortalt at han arbeidde ei tid som lærar på Biri. I boka «Coon Prairie» bekrefter Hjalmar Rued Holand denne påstanden. Og legger til at Ingebrigt vart gift med ei frå denne staden, og at han reiste til amerika i 1850. Då var han 29 år gamal. Kona til Ingebrigt heitte Pauline Nilsdotter Galtestad registrerte utflyttingsattest frå Biri til Molde i 1846 etter at ho hadde budd i Molde i omlag 2 år. Ingebrigt og Pauline vart truleg prega av utferdstrongen som kom til Biri og Oppland mot slutten av 1840-åra.

Det er mogeleg at dei reiste via Washington og kanskje Canada også, frå England. Det som er heilt sikkert er at dei drog til Coon Prairie i Sør Dakota og slo seg ned der. Ingebrigt involverte seg i lokalsamfunnet, bidrog til å organisere menigheitsarbeidet og vart den første læraren der. Han skal ha vore ein god snekkar også. Men Ingebrigt vart ikkje verande så lenge på denne staden. Vil du vite meir om korleis det gjekk med Ingebrigt, husmannsonen frå Bjørset med emblems-blod i årene, så kan du lesa meir i den digitale utgåva av Odd Meringdal og Romsdal Sogelag sin tekst på følgande nettstad frå side 192: http://www.nb.no/nbsok/nb/3740d5a798fa1271849c502b149ae2ab?index=1#193

Det kan vere grunn til å tru at Bjørset-ætta i Amerika kan ha vore med å påverke Negardsfolket si utferdstrong også. Kanskje har dei fått hjelp frå Ingebrigt, for allereie i 1860 drog Fredrik Olsen Emblem til St. Paul. Ingebrigt Bjørset var søskenbornet til Fredrik sin far, Ole Elias Olsen Emblem (1818-1896) som også var ei tid i Amerika etter den amerikanske borgerkrigen. Seinare skulle fleire frå Negarden kome etter for enten kortare tidsrom eller alltid. Du kan lesa meir om Amerikareisene til Negardsfolket i eigen tekst om Negarden, teksten om emigrantane frå Emblem, eller historia om Olaf S. Emblem her på emblemsbygda.com.

Kjelder:

http://home.online.no/~aaroenes/moldefolk/personer/m/Moeller_richard_jalles.htm

http://home.online.no/~aaroenes/moldefolk/personer/g/goervell_johan.htm

Gjendem, Per: «Opplysende om Møllerne på Moldegård», Historieportalen Per Gjendem, http://www.pergjendem.com/?p=288

Meringdal, Odd m. fl: «Romsdalingar i Amerika: artikler fra Romsdalslagets årbøker», Romsdal Sogelag, Molde 1978.

http://www.nb.no/nbsok/nb/3740d5a798fa1271849c502b149ae2ab?index=1#193

Oterhals, Leo: «Fisk og furu, Molde og Romsdal før 1880». Lagunen a/s, EKH-trykk Molde 2002

Oterhals, Leo: «Nød og roser». Lagunen a/s, Fræna-trykk a/s, Elnesvågen 2003

Tvinnereim, Jon: «Grotid i Grenseland, Fylkeshistorie for Møre og Romsdal 2 1835-1920», Det Norske Samlaget, Oslo 1992

Øverlid, Ragnar: «Bygdebok Borgund og Giske Band II, Gardsoge 1-51» Bygdeboknemnd for Borgund og Giske, 1961

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Bjørn Jonson Dale | Svar 06.07.2013 04.07

Flott utgreiing. Eg er imponert!

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE