Bornedødsfalla på Aksla 1890-1894

Dei siste åra har stadig fleire av dei scanna kirkebøkene blitt søkbare på einskilde namn, årstall og hendingar. Med eit har denne kjeldeinformasjonen vorte langt enklare å handtere og ny informasjon kjem til syne. Medlemmane av Sula Sogelag har lagt ned eit uvurderleg registreringsarbeid som me no kan nyte fruktene av. Det var slik eg kom over eit interessant funn. I 1890 og 1891 døydde heile tre born på Aksla. To av desse borna heitte Johansdatter, medan den tredje var son av ein som heitte Hans. Eit nærare søk syner at svært få døydde i bygda vår i dette tidsrommet. Samstundes så fann eg at av dødsfalla i tidsrommet 1889-1894 hadde nær samtlege av dei registrerte etternamnet Akslen.

Rett nok så døydde Karen Nilsdotter Østrem (1803-1891) 1. april 1891, men ho var då ei 89 år gamal kårenke. Dette var ein verkeleg høg alder på 1800-talet og kyrkjeboka gjev ingen annan begrunnelse på dødsfalet enn «alderdomsvakhed». Karen hadde fått eit langt liv som gardskone i Abrahamsgarden Mannen hennar, Abraham Olsen Østrem (1801-1885), døydde i 1885 mett av dage og temmeleg gamal han også, med sine 84 år.

Det var også eit dødsfall inne på Magerholm i denne to-års perioden, som var av meir uvanleg karakter. Sonen til Knut Olsen Magerholmsvik, Ole Sevrin Knutsen på 8 år, omkom i utmarka

1. oktober 1890 I Kyrkjeboka skreiv presten følgande: «Blev funden i utmarken under en sten, som havde veltet over ham». Dette er det einaste eksempelet som eg førebels kjenner til der nokon har omkome i bygda vår av steinsprang eller ras. På den andre sida så er det mykje laus steinur og fleire steile fjellhammrar kring gardstuna på både Reiten, Aksla og Magerholm, så det er likevel ikkje heilt uventa at ei slik ulukke kunne skje. Dei sist kjende somarfjøsane til Aksla låg foreksempel under den stupbratte vestveggen på Stornakken. Ei steinutglidning frå toppen kunne med andre ord fått store følger i ei tid då det var snautt for skog. Berre nokre få år seinare rasa det også store steinar ned mot gamletunet på Brennhaugen. Tunplassen låg den gongen på andre sida av den gamle bygdevegen opp mot utmarksgejerdet og steinura nedanfor fjellet. Etter denne hendinga vart husa flytta derifrå.

I denne teksten vil eg sjå nærare på alle desse dødsfalla på Aksla. Samstundes vil eg sjekke om det finst andre liknande hendingar i perioden 1889-1894. Eg vil først fortelle litt om dei einskilde dødsfalla i bygda, før eg forsøker å sjå nærare på moglege årsaksamanhengar til slutt.

1889

Den første som døde i bygda vår i 1889 kom frå Aksla. Dette var ungkaren Gunder Knutsen Akslen som døydde den 4. februar Sjølv om Gunder var ugift, så var han ingen «ungfole» akkurat. Han vart fødd kring 1819, og med andre ord omlag 70 år. Dødsårsaka var «Alderdomsvaghed». Det var nok ikkje noko uventa dødsfall. Legen vart heller ikkje bodsendt. Eg veit ikkje med sikkerheit kva gard han kom frå, for eg finn han ikkje i kyrkjeboka i 1819, men ved dødsfallet vart fødestaden oppgjeve til Nedregotten, og då er det enten Sirigarden eller Guttormgarden. Det interessante er at

han vart fødd på Nedregotten, nytta etternamnet Akslen og bodde på ein av Emblemsgardane då han døydde. Det kan tyde på at han hadde slekt på Emblem, for han hadde ingen kår- eller legdslem registreringar som eg kan finne.

Den neste som døydde dette året var bygselsmannen Lars Petter Larsen Akslen (1824-1889) i april. Legen hadde vore på sjukebesøk og dødsårsaka var «mavesaar». Det var Lars som rydda Akslagjerdet for første gong kring 1850 på innmarka til hovudbruket Øvste Aksla. Lars Petter og kona Regine Berntsdotter (1826-1903) kom begge frå Synnylven. Dei fekk festebrev i 1856. Ved sida av husmannsplassen dreiv Lars som både smed og fiskar. Magesår var ikkje nokon uvanleg dødsårsak på den tida.

Dette året var det med andre ord få dødsfall i forhold til fødslar. Av 11 fødde dette året, så levde alle når året var omme. Det var få dødfødte i Borgund kommune dette året også, men Hans Larsen og Tidemine Hansdotter Røssevold fekk eit dødfødt born den 15. juni. Dei andre som eg har funne er Knut Olsen Emblem og Lovise Rasmusdotter i Sjursgarden i 1893, samt Johan Knutsen og Else Paulsdotter på Brendhaugen som fekk eit dødfødt born i 1895. For landet elles var det litt stigning i talet på dødfødte frå 1889-1893 frå 1615til 1844, men talet på fødslar vaks også litt frå 59166 til 61918 levendefødde born per år. Samstumdes skal ei merke seg at talet på dødfødte hadde lagt på kring 1900-2241 frå 1856 og det var først i 1881 til 1885 at ein hadde eit årleg bornedødstal under 1900 per år, så sjølv om talet på dødfødte steig, så gjorde talet på levandefødte det same. Kanskje var det rett og slett snakk om uvanleg låge dødstal på slutten av 1880-talet om ein ser 1800-talet under eitt. Med fleire svangerskap så auka også risikoen tilsvarande. (kjelde: Statistisk Aarbok 1895) Befolkningsveksten for landet forøvrig var på rekordhøge 14200 i 1891 medan det i åra før og etter var på kring 7, 8 og 9 000. Det einaste unntaket var 1889. Her kan verken fødslar, dødsfall eller utvandring forklare årsaka, for alle dei andre tala er rimeleg like føregåande år.

1890

Dette året var det 3 som døydde i Emblemsbygda. Lovise Petra Johansdotter var den første av dei, Den 3. februar 1890. Ho rakk aldri å fylle eitt år, men så var det berre 15 dagar om å gjere. Lovise var dottera til Johan Nilsen Akslen (1844-1926) og Johanne Larsdotter Akslen (1854-1927). Johan kom frå Hesseberg i det som den gongen var Skodje Kommune medan Johanne var jordajente i Høla, bruksnummer 4 under Akslen. Årsaka var ukjend. Kanskje kan det ha vore det vi i dag ville kalla krybbedød, men samstundes var husa rimeleg kalde og februar var ein månad med influense aog liknande sjukdommar som kunne vere farleg for eit lite born. Andre som døydde i same periode hadde både lungebetennelse og kikhoste. Dei fleste fekk legetilsyn, med unntak av ei gamal kårenke og Lovise. Å tilkalle lege var dyrt, tidkrevande og ikkje så veldig vanleg på bygdene, men Johan sat godt i det økonomisk. Ved sidan av sitt eige bruk, hadde han kjøpt bruksnummer 1 Øvste Aksla attåt og vart eigar av dei to største bruka. Dette kan tyde på at dødsfallet kan ha kome uventa og plutseleg. Det kan forklare at ei ikkje visste kva årsaka var, for feber og lungebetennelse eller kikhoste hadde dei rimeleg god greie på symptoma til.

Lars Thomas den 17. april 1890. Lars vart i følge kyrkjeboka heimedøypt av jordmora, Karen Anna Steffensdotter Nedregotten. Dette kan ha vore ei av døtrene til Steffen Andersen Tippen (1807-1876) i steffågarden. Eg finn i alle fall ei Anna Dorthea Steffensdottdener Nedregotten som gifte seg med Kristian Anderson Hereid frå Ulvik i Sogn den 11. november 1889. Han var då kolportør i Ålesund og busatt på Nedregotten. Heimedåp i april kan tyde på at det var noko allereie kort tid etter fødselen. Heimedåpen vart gjennomført dagen etter fødselen den 16. april og Lars var død allereie før heimedåpen vart stadfesta den 17. april. Årsaka var ikkje kjend og lege vart ikkje tilkalla. Foreldra var Hans Larsen Akslen (1862-1949) og Inger Tobiasdotter Håve (1862-1925 frå Stordal. Dei budde på Akslagjerdet. Hans var sonen til Lars Petter Larsen Akslen som døydde året i forvegen, og er nemnd tidligare i denne teksten. Det var med andre ord to dødsfall med eit års mellomrom på Akslagjerdet, men det var ikkje noko uvanleg ved desse dødsfalla. Medisin var det lite av og det fanst berre ein distriktslekjar i Borgund. Dei hadde heller ikkje noko antibiotika eller den store forståelsen for farene med bakteriar og difor var mellom anna fødslar ein risikabel prosess for både borna og dei fødande. Bornedødsfall i løpet av dei første leveåra var også vanleg nokre tiår til. Samstundes er det merkeleg at av tre dødsfall i alt dette året, så var alle born og to av dei frå gardane på Aksla.

Den 1. oktober døydde Ole Sevrin Knutsen Magerholm av steinsprang. Han har eg allereie skrive om tidlegare i denne teksten.

1891

På dette,tidspunktet må dei ha byrja å snakke om alle dødsfalla på Aksla dei siste åra. Om dei hadde

nokre tankar om årsakene veit eg ikkje, men det kan ikkja ha gått heilt ubemerka hen, i likheit med ulukka inne på Magerholm der Ole Sevrin vart drepen av stein. Eg har ikkje funne noko skriftleg prov på denne påstanden, men det er nok heller ikkje så rart for daglegtale vert sjeldan dokumentert i skriftform. I 1891 vart det registrert 9 fødde og 3 døde. Som ein ser så var tilveksten høgast. Eg har då ikkje teke omsyn til andre relevante parameter som talet på emigrantar, utflytte og innflyttarar til bygda.

Den 23. januar var det gravøl på ny på ein av gardane på Aksla. Fire dagar tidlegare hadde Olivia Marie Johannsdotter somna inn. Nok ein gong vart Johan Nilsen og Johanne i Høla ramma av sorg.

Det hadde enno ikkje gått eit heilt år sidan dottera Lovise vart ført til grava, og no var det storesøstera Olivia på 10 år som hadde døydd av det som kan ha vore giktfeber. Dette er ein streptokokk-infeksjon i fire stadium som byrjar omtrent som ein forkjølelse med halsesyke. Etter ein til tre veker der ein ikkje føler seg i form, kjem så giktfeberanfallet med feber, slappheit gjerne magesmerter og mykje svetting. Vidare kan ein få leddsmerter før hjartet vert råka. Denne gongen vart heller ikkje legen bodsendt, og ein kunne difor ikkje vere hundre prosent sikker på at det verkeleg var giktfeber sidan diagnose ikkje vart stilt. Ein hadde no ei rekke usikre dødsfall der alle dei ramma heitte Akslen til etternamn.

1. juni var det på Østrem dei vart råka av dødsfall, men dette var kårenka Karen Nilsdotter Østrem, på 89 år frå Abrahamsgarden. Ho har eg allereie fortalt om tidlegare i teksten, og her var det som sagt alderdom som var årsaka,

Den 1. desember 1891 var det nok ein gong aksla-folk som vart råka. Olina Johansdotter Akslen, dottera til Johan Knutsen Akslen. Legen ikkje til stades og dødsårsaka var Engelsk syke. Ho var 15 månader då ho døydde. Denne gongen vart «engelsk syge» sett opp som årsak. Legen vart ikkje kontakta, men no følte dei seg trygge på at dødsårsaka var korrekt. Det vart ikkje sett noko spørsmålsteikn i kyrkjeboka. Eigentleg heiter denne sykdommen «rakitt», men det var særleg mykje av den i England og difor fekk den eit slikt kallenamn. Sjukdommen knyttast ofte til D-vitaminmangel og vart sett på som ein sjukdom hjå dei fattige. Skjelettet vart mjukt og klarte ikkje å bere kroppen. Muskelsvinn, skjelettsmerter og deformerte lårbein er andre kjenneteikn. I Kyrkjeboka er Johan Knutsen Akslen (1858-1934) oppgjeven som far til Olina. Han var gift med Else Paulsdotter (f. 1855), som vaks opp på Brennhaugen og tok over bruket etter faren Paul. Ho dreiv garden saman med mannen heilt til dei selde i 1927. Dette vart diverre ikkje den einaste tragiske hendinga dei skulle få oppleve. I 1894 døydde dottera Paula Johansdotter Akslen på 6 år av hjernekrampe og i 1895 fekk dei eit dødfødt born, men fleire av borna levde opp og du kan lesa meir om dei i historia om emigrantane frå emblemsbygda. I Paula sitt tilfelle kom legen, men han kunne ikkje seie med sikkerheit at det var hjernekrampe. Eg finn heller ikkje nokon informasjon om kva dette kan vere frå sikre medisinske kjelder. Det er i så fall grunn til å spørre seg om det kan ha vore noko anna. Det er mogeleg at presten skreiv feil i farta, og eigentleg meinte hjartekrampe, som eg har funne fleire eksempel på i den same tidsperioden.

1892

Dette året var det berre kårenka Randi Knutsdotter Magerholm (1820-1892) som døydde av alderdom. Dette er truleg den same som vert kalla Ranveig Knutsdotter Magerholm i Borgundboka og Randine Knutsdatter Magerholm i Folketellinga frå 1865. I alle tilfella stemmer fødselsdatoen og det er ikkje nokon andre som kan passe. Ho var med andre ord dottera til Knut Salvesen Tjugen (d. 1845) som var den som rydda Magerholmdalen til husmannsplass. Plassen vart då kalla «Ramsdalsgjerdet». Om namnet var eit gamalt lokalnamn eller kanskje eit namn frå heimbygda Loen, veit eg ikkje noko sikkert om, men det eg derimot veit, er at dødsårsaka til Randi var alderdom. Ho vart 72 år.

1893

Dette året var det også berre eit dødsfall og dette året vart dei også forskåna på Aksla. Den ugifte tjenestedrengen Simon Olaus Knutsen Nedregotten på 23 år drukna ved eit «baadsforlis i Giskesundet». Ein kan også lese at Simon vart fødd på Mo i Hjørundfjorden i 1870. Dette kan passe temmeleg godt med opplysningane om Knut Simonsen Hole frå Hjørundfjorden (1843-1910) som tok over humannsplasse Tryggeset i 1872. Han var gift med Mali Steffensdotter Mo (1845-1934) som også kom frå Hjørundfjorden. Drukningsdatoen er ikkje heilt sikker. I Kyrkjeboka kan det verke som om datoen er romertal 2, men dødsfallsregistreringane over er romertal 3, deretter 4 og så 5. Det kan difor vere mogeleg at dødsdatoen er 20. juni i staden for februar. Det finst ingen dato for når dødsfallet vart meldt til lensmannen heller, så ein kan ikkje vere heilt trygg på kva månad det var.

1894

Som eg allereie nemnde tidlegare, så døydde Paula Johansdotter Akslen frå Brendhaugen av giktfeber dette året.

I tillegg var det to tragiske bornedødsfall i Sjursgarden med få dagars mellomrom. Den 16. januar døydde Olaf Knutsen på omlag tre år. Ein trudde at det var snakk om difteri, sjølv om legen ikkje vart bodsendt. Olaf var gravlagd kun to dagar etterpå, den 18. januar. Ei veke seinare døydde søstera , Louise Anna Knutsdotter på 5 år av den same sjukdommen. Dette var berre to av i alt 5 tidlege dødsfall i Sjursgarden. I 1917 var også foreldra, Knut Laurits Olsen Emblem (1866-1917 og Lovise Rasmusdotter frå Blindheim (1862-1915) borte. Dei etterlot seg fire born. Yngstejenta, Agnes, var berre 8 år når ho miste mor si og 10 år når ho måtte fylgje faren sin til den siste kvilestaden. Lovise døydde av hjertefeil, medan Knut døydde av bronkitt. I tillegg så fekk dei eit dødfødt born året i forvegen. Årsaka kan ha vore så mange, men det er likevel underleg å finne fleire tragiske hendingar i same familie på berre to år.

Det kan vere verdt å merke seg at Andrine Olsdotter Emblem (1862-1937) også miste to born. Begge døydde av difteri. Andrine var søstera til Knut Laurits Emblem i Sjursgarden. Ho hadde gifta seg med Ole Kristian Humlen (1842-1929) som dreiv Knutegaren på Humla frå 1869-1929. Dei to borna som døydde heitte Olivia Kristofa Borghild Olsdotter Humlen (6 år) og Oline Amalie Olsdotter Humlen (1 år). Olivia døydde 1. desember medan Oline døydde allereie 19. november.

Den 31. august hadde det også vore eit difteridødsfall på Humla. Kan det ha vore den vegen smitta hadde kome til Sjursgarden også? Difteri-sjukdommen kunne smitte via dråpesmitte eller hudkontakt og er ein infeksjonsjukdom i nase og halsen som angrip hjertet, nyrene og nervane.

På den tida utbrota kom til både Humla og Sjursgarden, kan dei ha vorte forveksla med vanleg forkjølelse i starten, men dei burde ha vorte varsla av dødsfalla hjå slekta. Om borna har vore med i gravferda, eller om dei vart smitta meir indirekte i etterkant, er det vanskeleg å seie noko heilt sikkert om. Dt er også mogeleg at sjukdommen kan ha spreidd seg meir naturleg, men det er få andre dødsfall i dette tidsrommet med difteri som årsak, så det er mindre sannsynleg.

Kvifor fekk ein så mange dødsfall på Aksla i perioden 1890-1895?

Det er vanskeleg å seie særleg mykje om årsakene til alle desse dødsfalla. For det første så veit ein ikkje med hundre prosent sikkerheit om alle dødsårsakene var korrekte. Ein av årsakene til denne usikkerheita var manglande legetilsyn, og ved nokre tilfelle vart ikkje dødsårsaka oppført som forslag eingong. Det er likevel verdt å merke seg at stadig fleire sjukdomstypar dukka opp som årsak i tidsrommet etter 1889. Om dette skuldast betre forståelse for symptoma på dei ulike sjukdommane, eller berre ei tilfeldigheit kan eg ikkje seie med sikkerheit.

Det er mogeleg at nokre av dødsfalla på Akslen kan ha samanheng, slik som dei i Sjursgarden og på Humla. Brukarane på Akslagjerdet kom alle utanfrå bygda, men som husmannsplass så hadde dei tilknytning og arbeidsdagar på hovudbruket, Øvste Aksla. Brennhaug-folket og dei i Høla hadde også samkvem med resten av av gardane innanfor Storelva. I tida før 1894 låg også Aksla-bruka, med unntak av husmannsplassane, som eit samla klengetun. Eventuell smitte kunne med andre ord forflytte seg raskt mellom Øvste Aksla og Høla. Dei gamle klengetuna var heller ikkje av dei mest

hygieniske stadane. Gjødseldungane og matavfallet låg rett utanfor husveggane og forståelsen for smittefarene var heller ikkje så stor. Eilert Sundt var ein av dei som merka seg dette på sine reiser på Sunnmøre. Doktor S. J. Hanssen i Indre Romsdal legedistrikt tok hardare i då han skreiv si årlege melding i 1876. Han nemnde mellom anna at han fleire gonger hadde opplevd at matgryta vart nytta til nattpotte, medan nattpottene vart nytta til mjølkekar. Eilert Sundt skreiv i 1870 at folk på Sunnmøre bada heile kroppen kun to gongar i året. Det fanst heller ikkje noko eige toalett. Folk nytta den same gjødselsdungen utanfor husveggen, og slik kunne tarmbakteriar og anna smitte spre seg. Men ting var likevel i endring, for på denne tida var forståelsen for bakteriene sin påverknad i ferd med å bre om seg. Sunnheitskommisjonane var særlege pådrivarar for å bygge eigne utedo og i 1890 kunne ein også lese råd for korleis ein kunne halde seg frisk i bladet Vestmannen i Volda. Reinsamheit, husvask og kroppsvask var nokre av råda. Utover 1890-åra kunne også legane rapportere ei forbetring av dei hygieniske forholda. Utskifting og flytting av husa frå dei gamle klengetuna i bygda vår hjalp nok også på.

Ein skal heller ikkje gløyme at fleire av vaksinene først vart vanlege etter 1940. Sir Alexander Fleming oppdaga den første antibiotikaen, «Penicillinet» først i 1929. Tenker en seg om, så er det ikkje så rett lite me nyttar antibiotika for å kurere. Sjølv lungebetennelse kunne dermed vere dødeleg før midten av 1940-åra. Difteri, giktfeber og «engelsk sjuke» kunne med andre ord vere særs farlege sjukdomar for små born i 1890-åra. Andre har peika på driftfisket om hausten og lite eller dårlege klede som årsaker til at mange vart sjuke i den kalde årstida. Fiske var ei viktig attåtnæring og slik kunne dei vaksne smitte sine eigne born. Difteri kunne også smitte via foreldra, om dei ikkje var oppmerksame nok på personleg hygiene når dei passa dei sjuke borna sine før dei gjekk attende til matlaginga. Utan betre kjennskap til alle årsaksforholda, kan eg ikkje påvise med sikkerheit at det finst nokon klar samanheng mellom dei ulike dødsfalla på Aksla-gardane desse åra. På same tid kan eg heller ikkje utelukke at det kan ha vore nokon samanheng i enkelte av tilfella.. Eg må likevel ha betre medisinsk kunnskap, og dermed eksperthjelp, om eg skal klare å finne desse klare årsakssamanhengane ut frå dei sparsame og dels usikre opplysningane frå kyrkjebøkene.

Det er likevel med ei viss grad av «magefølelse» at eg vil hevde at det er litt for mange dødfall til at det kan mangle ein årsak-samanheng . Eg har elles ikkje funne andre periodar med så mange dødsfall på ein såpass avgrensa stad i bygda vår på eit så kort tidsrom. Dette er også grunnlaget for denne vesle teksten som eg har skrive her. Eg håpar å kome attende med eit enno betre svar på kva som eigentleg hende, for det føler eg ikkje at eg har makta å gje svar på enno. Det er også verdt å merke seg at det er særs få familiar som vert temmeleg hardt råka på kort tid. Eg trur ikkje at dei kan ha vore mindre reinslege enn andre i bygda, og Sjursgardsfolket var heller ikkje for fattigfolk å rekne, tvert imot. På Øvste Aksla og i Hølå er det heller ingen åpenbar armod å spore desse åra, og på Brennhaugen var dette ei økonomisk oppgangstid der ein kunne legge frå litt ekstra pengar på kistebotn.

Den første tanken som slår meg, er forhold som kvalitet på drikkevatn og det faktum at Sjursgarden låg nær inn til det gamle klengetunet, medan Øvste Aksla og Høla ikkje var utskifta enno, så husa låg framleis på den gamle tunstaden. Men dette forklarar ikkje kvifor nye plassar som Brennhaugen vart råka. Fleire gardar hadde same drikkevasskjelder, og skulle det ha vore noko med vatnet i Sjursgarden, så ville nok også Auregarden og Steffågarden verte representert i kyrkjebøkene, dei óg.

Ein annan faktor er klimaforholda desse åra. Legane hadde byrja å registrere slikt i forbindelse med oppsumeringa av året som hadde vore i rapportane sine. Ein såg etter kvart samanhengar mellom klima og sjukdom. Det var det nøye forskningarbeidet på Leprasjukdomen som gav materiale som synte at enkelte stader i landet vårt var meir utsett enn andre. Eg merkar meg ein oppgang i talet på ulike diagnosar, men det kan også ha samanheng med meir legetilsyn og større bevistheit kring årsakene. I vår eiga bygd var ikkje legebod noko ein sende så ofte. Vi låg langt frå næraste legekontor og vegen kunne vere både lang og vanskeleg. I tillegg måtte ein skysse legen attende til bygda og då kunne det allereie vere forseint. Eg klarer ikkje på det noverande tidspunktet å finne klare påverknader forårsaka av klimatiske forhold. Samstundes skal ei ikkje gløyme at dødstala som legane kunne knyte til bornesjukdomar eller difteri var temmeleg høge på denne tida. Det var med andre ord vanlege dødsårsaker i samtida. Det var omtrent berre Lungebetennelse og tuberkolose som hadde høgre dødstal enn difteri kring 1890, og då skal ein ikkje gløyme at mange av dei avlidne ikkje fekk legevitjing eller noko sikker diagnose, så tala kan faktisk vere enno høgre. Det er berre ei dødsårsak som eg ikkje kan finne at. Det er «hjernekrampe» Truleg har dødsårsaka i dette tilfellet vore noko heilt anna.

Det ville vore interessant å vite om det var noko som var ulikt på desse gardane, kontra dei andre i bygda. Kan det ha vore at dei hadde tilgong på «luksusartiklar» som andre ikkje hadde? Det kan ha vore alt frå kokekar til giftig måling på kjøkkenskapa slik ein foreksempel kan finne eksempel på andre stader. Likevel kan eg ikkje finne hald for ein slik påstand. Ein veit også at det fanst enno fleire gardar der ein sat godt i det på denne tida. Ein skal heller ikkje sjå bort frå tilfeldigheitene. Nokre av desse dødsfalla er naturlege, medan andre har uavklart årsak. Kanskje er det noko i det gamle ordatekt om at ei ulukke kjem sjeldan åleine? Likevel er det noko her som eg ikkje forstår heilt. Eg klarer ikkje å fri meg frå tanken om at det er noko som ikkje stemmer. Difor har eg også skrive denne teksten der eg avdekker det ein per dags dato veit om desse dødsfalla.

Kanskje har me vorte litt klokare, men det er også eit grunnlag for ei vidare nærstudie for den som har interessa for det.

Skriftlege kjelder:

Tvinnereim, Jon: «Grotid i Grenseland», Det Norske Samlaget, Oslo 1992

Øverlid, Ragnar: «Bygdebok for Borgund og Giske II, Gardsoge for gardane 1-51. Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1960.

Digitale kjelder:

Antibiotika: http://snl.no/antibiotika

Difteri: www.wikipedia.no

Diverse kyrkjebøker med register over fødde, døde og dødfødte i perioden 1889-1894, og 1865-tellinga: www.Digitalarkivet.no:

«Engelsk syke»: http://www.side2.no/helse/article3027216.ece

Giktfeber: http://snl.no/.sml_artikkel/giktfeber

«Statistisk Aarbog for Kongeriget Norge 1895», Statistiske Centralbureau, Kommission hos H. Aschehoug & Co. 1895. Digital utgåve: http://www.ssb.no/a/histstat/aarbok/1895.pdf


Du har fremdeles ikke lagt til bildet i fotoalbumet.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.12 | 22:33

Veldig trivelig lesing, takk! Knut Salvesen Tjugen var onkel til min tipoldefar.

...
17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE