Lepra-sjuka i Emblemsbygda

Biletet er henta frå "Atlas Colorié de Spedalskhed" (1846). Teikninga er laga av Johan Ludvig Losting (1810-1876)

I slutten av april 2013 var eg på tur til Færøyane. Her lever dei gamle vestnorske tradisjonane og historiene nær like godt i dag som for fleire hundre år attende. Dei hugsar framleis ringdansen til minne om den gong Prillar-Guri bidrog til å stogge skottehæren, og dei var stolte over sitt norske opphav. Den eine søndagen tok eg turen til det gamle bispesetet Kirkjubøur, der kong Sverre skal ha vakse opp og Olavskirka frå 1200-talet stend vegg i vegg med restane av Magnuskatedralen, frå Norsk storheitstid. I den vesle Olavskirka kan ein framleis sjå eit lite kikehol på den eine langveggen.  Det vart fortalt at det vart nytta av dei spedalske, slik at dei kunne få følge med på messa dei óg.

Medan eg sat der, kom eg til å tenkje på vår eiga historie i heimbygda. Kva veit eigentleg vi om verkningane av denne fryktelege sjukdomen i vår eiga bygd? Den dagen vart eit nytt skriveprosjekt starta. Dette har få tatt seg tid til å skrive noko om tidlegare. Rett nok har Karl O. Emblem skrive om oldefaren sin, Elling Steffensen Emlem,, men den store oversikta var fråverande. Etter mykje leiting i historiske kjelder kan eg no legge fram dei aller første funna mine, og samstundes har eg forsøkt å finne fram til litt meir kunnskap om dei som vart råka av denne sjukdomen. Heldigvis kan me snart feire at det er 100 år sidan sist.

Den som har lese bibelsoge på skulen kjenner nok til minst ei historie som omfatta dei spedalske. Truleg har historia om Lazarus vore det einaste mange har høyrt om dei ulike sjukdomane som har fått namn som spedalsksjuke. spilt-sjuka eller leprasjukdom. Sjølv om slik sjukdom har hatt mest oppblomstring i varmare strok, så har ein ikkje vore fri for den slags i vårt eige land og bygd heller.

Ein trur at lepra-bakterien kom til landet vårt seinast i vikingtida. Ein har påvist gravfunn etter leprasjuke på Island kring 1000 e. kr. og i mellom anna Irland har ein funne sjukehus heilt tilbake til 700-talet. Truleg var det ei rekke sjukdommar, og særleg hudsjukdommar, som fekk fellesbeteikninga «spedalsk» eller «Spilt» i tidlegare tider. Psoriasis og skabb kan ha vore to av desse.

Etter kvart som forskninga for alvor skaut fart utover 1800-talet, fann ein også fram til smittekjelda, lepra-bakterien, eller «Mycobacterium Leprae». Det var nordmannen Gerhard Henrik Armauer Hansen som klarte å beskrive den for første gang i 1873. Sjukdommen vart delt inn i to hovudkategoriar. Den tuberkuloide forma vert også kalla «Glatt spedalskheit», medan den mest kjende forma var den lepromatøse. Denne forårsaka utslett og veskefylde utbulingar på huda, som etter kvart utvikla seg til knutar. Infeksjon-sjukdommen angreip særleg hud og nervar og kunne verte særs smertefullt for de som vart råka.

Bygdeboka fortel om nokre av dei som vart råka i bygda vår. Så reint mange har det neppe vore, men utfordringa er at denne kjelda kun tek for seg dei som har tatt over eller drive gardsbruk i bygda vår. Mindre husmannsplassar utan jord og øvrige slektningar er ikkje omtala. Eg har klart å finne fram til nokre fleire enn dei som Borgundboka omtalar, men det har ikkje vore enkelt å finne fram til dei som døydde før 1856. Etter det året vart det oppretta eit nasjonalt register, og det har forenkla arbeidet mitt betydeleg. I det neste kapittelet vil du finne omtale av dei som eg har funne fram til so langt. Teksten vil verte oppdatert etterkvart som nye namn vert funne.

Magerholm

Bruk II

Jakob Klemetson Magerholm (d.1640) vart fødd på Magerholm på den tida då hovudbruket var delt i to, frå 1603-1830. Faren, Klemet Magerholm var den første under denne ordninga. Klemet sin bygsla del vert for ettertida kalla bruk 2, men det er mogeleg at det på den tida vart kalla foreksempel «Klemensbruket på folkemunne. Stemmer opplysningane i bygdeboka så delte Jakob denne gardparten av Magerholm med bror sin, Lars, i 1620. Far deira døydde i 1610, og då var gutane ikkje gamle nok til å ta over. Mor deira dreiv difor garden fram til gutane vart vaksne. Så vidt som eg har funne ut, så tok dei over i 1620. Det er dermed mogeleg at Jakob og Lars kan ha vorte fødde etter 1603 ein gong. I så fall vart ikkje Lars særleg gamal etter notidas målestokk. Det stod ikkje betre til med Jakob heller, for han døydde som spedalsk. Jakob var truleg ikkje spedalsk heile livet, for han fekk ein son som heitte Klemet Jakobson Magerholm og som var brukar på farsbruket kring 1650-1691. Han finst og i skatteregisteret for 1658. Korleis Jakob vart smitta, fortel kjeldene ikkje noke om. Magerholmen var truleg allereie på denne tida «skysstasjon» Herifrå kunne ein komme seg over fjorden med båt, og truleg vidare innover mot Honningdalsnes, Langskipsøya og Tysse også. På denne tida var det kanskje ikkje så mange reisande, men det var ei tid med stor tømmereksport til Europa. Magerholm var på Jakob si tid eigd av Rosenkrantz-godset. Det vart truleg seld tømmer i stort monn frå denne garden også, for i 1667 var det berre skog til eige brensel attende. Det er vanskeleg å spekulere i om Jakob kunne ha vorte smitta av nokon utanfrå bygda, men det er sjølvsagt ei viss mogelegheit for det. Det er grunn til å tru at fleire enn Jakob vart smitta også, men det finst ingen digitaliserte kirkebøker frå denne tida som kan bekrefte eller avkrefte påstanden.

Magerholmneset

Denne vesle husmannsplassen låg på neset omtrent der naustet til hovudbruket på Magerholm ligg i dag, like ved resevekaia for fergene . Husa skal ha stått like oppunder hammaren, og kanskje kring staden der vegen til Magerholmdalen har vorte bygd. Sivert (Syver?) Olsen Magerholm (1836-1876) var den andre og siste plassemannen på neset. Han var storebroren til Kristen Magerholm, og sonen til «Parat-Ole» oppe på Paraten, eller Bøen, som garden vert kalla i dag. Morfaren til Sivert og Kristen heitte Halvard Abelset, og var av dei rikaste på Sunnmøre. Han skal ein gong ha kjøpt 18 gardar på ein gong. Halvard åtte mellom anna hovudbruket på Magerholm, Magerholmvika og fleire av husmannsplassane som tilhøyrde gardane. Men borna var mange og fleire av borneborna endte som bygselsmenn eller husmenn, nett slik som Kristen og Sivert. Sivert gifta seg den 12. oktober i 1862 til Magerholmneset. Kona Anne Johanne Joakimsdotter Magerholm (1827-1905) var 9 år eldre og truleg bornebarnet til Lars i Magerholmvika. Sivert og Anne fekk to døtre som begge busette seg i Breivika i gamle Borgund kommune. Dottera Oline vart gift i 1894, medan eldstedottera Johanne Susanna Sivertsdotter Magerholm (1863-1955) reiste til Amerika og vart verande der nokre år, før ho kom heim att. Sivert vart neppe meir enn 40 år. Han døydde som spedalsk i 1876. I følge lepra-registeret så vart han ikkje innlagd på noko Lepra-sjukehus. Om han budde heime heile tida er eg også usikker på. Han rakk i alle fall ikkje å sjå døtrene sine verte gifte, Men kona Anne var det verkeleg tak i. Ho kara seg fast inne på neset og dreiv husmannsplassen under særleg tunge kår på eiga hand heilt frå 1876 til 1903. Ho døydde hos dottera Oline på Ludviksplassen i Breivika to år etter.

I gravferdsprotokollen for Reknes Hospital i Molde 1866, finn eg også ei Ingeborg Joakimsdotter Magerholm på 35 1/4 år som døydde 22. juni, og vart gravlagd den 28. juni. Ho var då innskriven som «Lem i Reknes pleietiftelse for Spedalske». Kan dette vere søstera til Anne? I lepra-arkivet vert i alle fall fødestaden Magerholm registrert. Ho vart også folketelt som «Ug. Lem av Stiftelsen» på Reknes Hospital i Molde. Det tyder at Ingeborg ikkje vart gift. Ho vart fødd i 1830, men skrifta i kyrkjeboka er ikkje særleg lett å tyde. Eg finn berre Joakim på Magerholmneset på denne tida, så det er mest sannsynleg at Ingeborg vaks opp på denne husmannsplassen. Ho vart kanskje smitta av svogeren, eller kanskje var det omvendt, men i motsetning til han, så vart ho innlagd på Lepra-sjukehuset. Det er også mogeleg at ho vart hardare råka enn han. Samstundes skal ein ikkje gløyme at ho var ugift, og hadde difor ingen til å ta seg av henne. Det er mogeleg at symptoma kom tidleg, og at ho difor ikkje vart gift, men det var heller ikkje enkelt for husmannsdøtre om dei fekk skral medgift. Sivert gifta seg trass alt i 1862, og då hadde han ikkje vorte smitta enno, eller så visste han ikkje at han var smitta. Ingeborg var på denne tid 32 år og i gifteklar alder. Vart ho smitta etter den tid, så var det truleg ikkje smitten som hadde hindra giftermål, men vart ho råka først, så kan det stemme litt betre. I 1865 dreiv i alle fall Sivert Magerholmneset framleis, medan Ingeborg var innlagd allereie.

Det er også vert å merke seg at det var innlosjert ein legdslem på Magerholmneset når folketellinga vart gjennomført. Det var ei eldre dame som heitte Siri Larsdotter på 73 år. Siri er ikkje registrert som spedalsk, men det er truleg at det har vore fleire på legd som har vorte innlosjerte på Magerholmneset. Årsaka til at legdlemmar vart busett ei tid på denne vesle husmannsplassen kan vere at dei rikare bøndene ikring kan ha betalt ekstra for å sleppe å ha dei i eiga hushaldning. Kanskje fekk Sivert ein liten slant ekstra for bryderiet. Ein kjenner til minst ei historie frå bygda, der ein vart smitta av legdslemmen på garden. Ein kan difor ikkje sjå heilt bort frå ei slik mogelegheit. Kanskje var det slik at den hendinga sette eit støkk i sambygdingane og at det vart husmennene si oppgåve å ta seg av dei spedalske, dersom dei rikaste bøndene hadde råd til å betale seg frå denne oppgåva. Ein kjenner til liknande ordningar ved utskriving av soldatar, men det er viktig å påpeike at dette kun er ei i hypotese enno.

Magerholmvika

Halvor Olsen Magerholm (1832-1867) var broren til Sivert Olsen Magerholm på Magerholmneset, og sonen til «Parat-Ole» eller Ole Knutsen Magerholm. Halvor hadde fått skøyte på bruket frå faren i 1851. Halvor var sjukeleg og måtte seie frå seg garden. Han fekk eit slags kår hos Lars Larsen Frøysa (f.1818) frå Sykkylven. Lars syntest at kårytingane til Halvor vart for tunge, og valde heller å starte som fargar i Volsdalen i staden. Halvor bygsla då frå seg garden til broren Knut Andras Olsen Magerholm (1840-1886). Broren knut, vart på folkemunne kalla «Vika-Knut». Han dreiv bruket godt. Han hadde i 1868 både 7 kyr, 12 sauer og ein halv hest. Knut drukna på veg til dampbåten D/S Robert i Tussvika kring 1886. Halvor fekk rett på å bruke den eine stova på garden, og han fekk eit jordstykke på «Haugen», men han klarte truleg ikkje seg sjølv mot slutten.  I 1865-tellinga vart Halvor registrert som «fødreådsdreng» hos faren oppe på Paraten. Det vart ikkje nemnd noko om at han var spedalsk. Kanskje budde han der oppe for å få hjelp av foreldra sine.

Det kan også vere ei anna årsak. I 1865 var Nils K. Knudsen, sonen til Vika-Knut eit år gamal. Barnedødeligheita var framleis høg og ein skal ikkje sjå bort ifrå at dei hadde byrja å sjå nokre samanhengar når talet på dei som vart råka hadde vorte så høg i den same slekta på Magerholmen. Det kan vere grunn til å tru at slikt vart diskutert i bygda i samtida også. Allereie i 1854 hadde resultata av den første lepra-forskninga blitt publisert. Her vart også slektskap peika på som medverkande årsak. Dette var på ei tid før ein byrja å snakke om bakteriesmitte. Kanskje var det slik at Halvor ynskte å vise hensyn i det første kritiske leveåret til nevøen sin? Ein veit at sjukdomen og mogelegheiter for å verte frisk vart diskutert allereie før 1850, så det er kanskje ikkje heilt usannsynleg at ein hadde tankar om både overføring av sjukdommen og årsakssamanhengar.

I kirkeboka vart det likevel skrive at han budde i Magerholmvika det året han døydde, i 1867. Det var berre to år seinare, og kan til dels motstride hypotesen min. Halvard hadde kanskje fått tilbod om å verte lagd inn på Reknes hospital dei siste åra, men han valde likevel å bli buande heime, til trass for at dette var ein frykta sjukdom i samtida. Han fekk med andre ord bu på Magerholm livet ut. Det får ein også til å tenke på om det var dei utan nokon til å sjå etter seg og dei som først og fremst vart råka av den knutete og dermed mest synlege varianten av spedalskheit, som flytte heimanfrå.

Gurine Lovise Halvorsdotter Magerholm er den siste i magerholmslekta som eg har funne so langt.  Ho vart fødd i 1859 og dottera til Halvor. Dette var før han tok kår hos broren, Knut. Halvor vart aldri gift, men det er mogeleg at han allereie var smitta. Det vil i så fall vere grunn til å tru at han ikkje visste det sjølv enno. Mora var ungjenta Ingeborg Thomassine Nilsdotter Rødsetreit. Kanskje var ho tjenestejente enten i Magerholmvika, eller på ein av dei nærliggande gardane. Det fall truleg ikkje i god jord at Halvor fekk ei uekte dotter, men så reint uvanleg var den slags heller ikkje. På den tida sa også bygselmannen til Halvor, Lars Larsen Frøysa frå seg bygselsansvaret. Det vart for vanskeleg å finne nok utkome på bruket. Kanskje var det fordi han såg at no vart det fleire en Halvor som skulle forsørgast? Det kan vere grunn til å tru at Halvor ikkje hadde giftermål i planane, det vart i alle fall ikkje slik. Men broren Knut kom Ingeborg til unnsetning, og han gifta seg med henne i 1861. Eg trur neppe at det var av medynk. Gurine fekk vekse opp hos onkelen og stefaren, Knut, i Magerholmvika, med faren buande på same bruket. I 1865 vart ho i alle fall registrert på garden. Den 10 mai 1874 vart ho konfirmert, men staden var ikkje i Borgundkirka. Ho hadde vorte råka av den same sjukdomen som faren, Halvor. Ho var allereie innlagt på Reknes Hospital på avdelinga for dei spedalske. Her hadde ho nok fått god tid til å forbereie konfirmantoverhøyringa. I alle fall fekk ho karakteren «Meget godt», som den einaste på kullet sitt. Kun tre år seinare, før ho rakk å verte 18 år, døydde Gurine på Reknes i Molde den 7. april 1877. Truleg vart ein onkel på morsida også smitta. Eg finn i alle fall ein Nils Martinus Nielsen Rødsetreit som død i 1872. Då budde han som spedalsk på Reknes.

Elvemyr, bruksnr. 8 under Nedregotten

Denne plassen er utskild frå Guttormgarden på Nedregotten. Det vart først nytta som kårstykke av Guttorm Knutsen Nedregotten (1816-66) og Johanne Sivertsdotter (d. 1859) frå 1857. Guttorm var den som ga namn til «Guttormgarden». Den eine dottera hans heitte Karen Helene Lovise Guttormsdotter Nedregotten (1838-1910), og gjekk for å vere den finaste jenta innanfor Flisneset. Ho vart gift i 1864 med Sevrin Larsen Fremmerhus (1835-1905) frå Stranda. Han hadde kome til bygda som dreng eit år tidlegare og vart betatt av denne jenta. Dei bygsla etter kvar Guttorm sitt kårstykke for 1 Speciedalar og 4 arbeidsdagar for året. Sevrin vart sjuk og overlet Elvemyr til sonen i 1895. Karen fekk ein verre sjebne, ho vart spedalsk. Resultatet av eit nærmare søk i kirkebøkene kan tyde på at ho ikkje vart smitta så veldig tidleg. I såfall har inkubsjonstida vore lang, for ho rakk å sette 5 born til verda etter at ho hadde gifta seg. Carl Johan var eldst, og truleg ogå årsaka til giftermålet. Deretter kom Lovise, Andrine, Sivert-Elias og Berntine med omlag 2 års mellomrom. Det som er rart med denne historia, er at ho ikkje vart nemnd i lepra-arkivet, og i kirkeboka for 1910 finn eg ei kårkone som heitte Karn Guttormsdatter Nedregotten, men ho døydde av astma. Det står ikkje nemnd noko om at ho var spedalsk, men det vart heller ikkje budsendt nokon lege. Det er mogeleg at ho hadde fått den tuberkuløse varianten som ikkje var så synleg, men det er også mogeleg at det hadde vorte konkludert med at ho ikkje var spedalsk før ho døde i 1910. Kanskje var det ein annan hudsjukdom, om ho hadde noko slit i det heile tatt. Bygdeboka oppgjev inga kjelde for historia, og soleis kan ein kanskje tvile litt. Eg har i alle fall ikkje funne andre tilfelle på Elvemyr.

Steffågarden

Elling Steffensen Emblem (ca 1806-1849) var den siste brukaren av både Steffågarden og Jakobgarden, i eit samanhengande stykke som den gong heitte kun Steffågarden. Elling var gift med Mali Rasmusdotter Bukkeskinn, frå Hjørundfjorden. Oldebornet, Karl O. Emblem fortalde at Elling var så uheldig å verte smitta av ein legdekall som bodde ei tid på garden. Dette skulle ha vore kring 1850. Han hadde høyrt at det skulle vere ei von om å verte frisk dersom han kom seg til Kristiania (Oslo). Elling fekk vere med ei jekte sørover, men heimatt måtte han gå. På vegen heim la han merke til at bøndene på austlandet nytta hjul på køyrereiskapen. På våre eigne trakter var sleden fortsatt i bruk, sommar som vinter. Vel heime tok han til å lage seg ei liknande vogn. Dette vart den første høyvogna i Emblemsbygda. Oldebornet fortalde vidare at den vart ferdig like før han døydde. Etter ei tid med leiting i kirkebøkene, har eg truleg funne ein «garmand» med namnet Elling Steffensen Emlem som døydde i 1849. Han er innskriven i Ministerialboka for Borgund og Giske sokn (1848-1858). Stemmer dette, så gjekk tida fort frå han vart smitta og til han døydde. Det kan også stemme overeins med med det som oldebornet Karl fekk høyre. Elling vart registrert som far i 1845, og var kanskje også frisk på den tida. Sjukdommen hadde i alle fall ikkje brote ut enno. Frå 1845 til 1849 gjekk det altså berre fire år. Det kan kanskje fortelje oss noko om kva type spedalskheit han vart råka av også. Etter at Elling døydde vart Steffågarden delt i to delar, Steffågarden og Jakobgarden. I Bygdeboka er tidspunktet sett til 1854, medan dødsåret for Elling var 1853. Eg finn ikkje nokon slik gravferdregistrering, hverken i Borgund, Bergen, Oslo eller på Reknes Hospital i Molde. Det er difor mogeleg at den datoen er uriktig. Mykje tyder nemleg på dette.

Knut Steffensen Emblem (1826-1869) var broren til Elling Steffensen, og dessutan sonen til Steffen Steffensen frå Gjørva i Geiranger. Steffen hadde drive Steffågarden tidlegare, og var den som vart teken ut av arresten i Kolvika under bondeopprøret i 1816. Knut bygsla Steffågarden i 1854 og nytta gamlehusa på bruket. Han var gift med Anne Marie Martinusdotter Breivik frå Blindheim (1824-1900). At Knut var spedalsk, er det lite tvil om. Han levde lenger enn Elling, og vart difor registrert i Lepra-registeret som vart oppretta i 1856. Korleis han vart smitta, veit eg ikkje, men han tok over den delen av farsgarden om framleis heitte Steffågarden og det var altså etter att Elling var død. Det er vanskeleg å fastslå noko sikkert, men det er mogeleg at han kan ha vorte smitta av bror sin. Knut og Anne Marie fekk ingen born, så det vart dottera til den tidlegare nemnde broren Elling som tok over gardsbruket.

Antonesgaren i Emblemsvågen

Helene Olsdotter Emblemsvåg (ca. 1795-1863) var gift med Anders Rasmussen Rørhus (1795-1875) og dei dreiv bruket frå 1820-1849. Kanskje var Helene dottera til den tidlegare brukaren Ole Monsen Hundeidvik (ca. 1750-1825) som tok kår i 1820. Helene vart spedalsk. Ho vart ikkje sendt til Reknes, men vart registrert i Lepra-arkivet. Ho døydde truleg heime på Emblem.

Lovise Marta Antoniusdotter Emblemsvåg, vart født 10. april 1849 i Emblemsvågen, og døypt 28.11. 1850. Ho var dottera til Antonius Johannesen Emblemsvåg (1825-1920) frå Spjelkavikneset. Lovise var altså ikkje i slekt med Helene, sjølv om dei har budd på samme gardsbruket. Dei budde kanskje på bruket begge to i ei kort tid, men det er like truleg at dei ikkje møttest nokon gong også. Lovise døydde i Bergen i 1924. I kirkeboka vert det skrive at ho bodde hos «Pleiestiftelsen for spedalske i Bergen» og at ho vart begravd på Møllendal Kirkegård i Bergen den 2. mai 1924, 5 dagar etter at ho vart erklært død. Lovise vart aldri gift, og ho var truleg den siste frå bygda vår som var spedalsk, då ho døydde. Med Lovise sin død i 1924 vart også eit kapittel med lepra-sjukdom endeleg avslutta i Emblemsbygda. Me kan neppe klare å forestille oss kva slags lidelse desse har vore gjennom.

Oppsumering:

Sjølv om funna i beste fall er mangelfulle, så er dette i alle fall ei fullstendig registrering av sjukdomsutbrota i bygda vår etter 1856. Det er verdt å merke seg at Elling, som døydde i 1849, ikkje vart innlagd nokon stad, og han vart heller ikkje registrert som spedalsk eller «spilt» i kyrkjeboka. Ser ein nøyare etter, så finn ein at ingen dødsfall på denne tida vart oppført med nokon årsak i det heile. I bygdeboka vart ikkje Elling omtala som spedalsk, men der er det lkeel så mange faktafeil at det ikke vil vere mogeleg å nytte denne kjelda som noko «sannheitsvitne». Det er grunn til å tru på Karl O. Emblem si fortelling. Han har synt seg som ein særs interessert og nøyaktig lokalhistoriegranskar. Kjelda hans var bestemora, som skulle ha meir enn god nok førstehandskjennskap til farens skjebne.

Det som er vansklegare å fastslå, er kor mange andre tilfeller som der har vore i tida før 1856. Elling skulle ha vorte smitta av ein «legdekall». Om dette var nokon med opprinnelse frå bygda, er  vanskeleg å seie noko om. Som regel har det synt seg at mange av desse kom frå nærliggande kommuner. Det er mogeleg at nokon av dei som vart registrerte som «legdlemmar» kan ha vore spedalske, eller hatt liknande hudsjukdomar, utan at dei vart lagd inn på institusjonar, som Reknes Hospital eller St. Jørgens Hospital i Bergen. Det kosta også pengar å verte lagd inn på St. Jørgens Hospital. Det var nok ikkje alle som hadde råd til den slags. Andre vart innlagd først når sjukdomen var komen så langt at dei ikkje greidde seg sjølve. Dessutan måtte ein ha samtykke frå anten lege eller presten på heimstaden. Dei måtte også gå god for at sjukehuset fekk betalt «innlemmelses-pengar» I 1751 var den påkrevde summen frå St. Jørgens Hospital på heile 18 riksdalar per år, og tilsaman omlag 36 riksdalar for den som levde i to år. Etter desse to første åra slapp ein å betale meir, men det kan ikkje ha vore lett å skrape saman så mykje pengar. Enno verre vart det om fleire i same familie vart smitta.

Registreringa av dei spedalske etter 1856 syner også ein tendens, der fleire frå same slekt og gard har vorte smitta. På Magerholmen er det rett nok ikkje berre snakk om ein gard, men det var slektsforhold mellom dei som vart smitta i Magerholmvika og på Magerholmneset. Desse funna går godt i hop med Daniel Cornelius Danielsen sitt skrift frå 1854, «Den spedalske Sygdom, dens Aarsager og dens forebyggelsesmidler», der han oppsumerte sine 15 år med forskning. Han kunne mellom anna konkludere med at: «naar først den spedalske Sygdom er kommet ind i en Familie, saa utbreder den sig til alle Sider, og det paa en saa rædselsfuld Maade, at intet Lem længre kan vide sig sikkert».

I tida etter 1856 gjekk sjukdomen attende i landet vårt. Det har vorte peika på at den auka institusjonalieringa og interneringa av dei lepra-sjuke kan ha vore ei medverkande årsak. Sjukdomen smitta gjennom dråpesmitte og med eit auka fokus på sjukdommen og forskning, så

kunne ein også forebygge etter kvart. Frå 1856 til 1875 vart talet på registrerte spedalske redusert frå 2958 til 1752 og frå 1900 til 1910 gjekk talet ytterligare ned frå 577 til 310. I 1950 var det berre registrert 8 tilfeller att i Norge og i 1957 vart den siste overlegestillinga lagd ned. Det har vorte registrert nokre få tilfeller etter den tid, men desse tilfella har vore knytta til invandring.


Kjelder:

Biblioteket for juridiske fag: http://www.ub.uib.no/avdeling/jur/arkiv/spedalsk.htm


Blom, Kari: "De fattige Christi lemmer" : Stiftelsen St. Jørgens historie». Publisert av Stiftelsen St. Jørgen, Bergen 1991 http://www.nb.no/nbsok/nb/983dffd72bd0de6b3dec6b5aa3165ccc?index=5#0


http://no.wikipedia.org/wiki/Spedalskhet


Digitalarkivet:

www.Digitalarkivet.no


Direktøren for det civile medicinalvæsen: «De spedalske i Norge», Beretning for femaaret 1911-1915. Norges officielle statistikk VI. 108 http://www.ssb.no/a/histstat/nos/nos_vi_108.pdf


Folkehelseinstituttet si smittevernhandbok på nett:

http://www.fhi.no/eway/default.aspxpid=239&trg=Content_6493&Main_6157=6287:0:25,5499&MainContent_6287=6493:0:25,6833&Content_6493=6441:82808::0:6661:71:::0:0


Kirkeprotokoll for Bolsø Prestegjeld, Reknes hospital 1818-1868


News Medical sin nettside:

http://www.news-medical.net/health/What-is-Leprosy-(Norwegian).aspx


Statsarkivet i Bergen: «Lepraregisteret 1856-1956»:

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=lepraregister&sideid=284&storleik=150


http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=lepraregister&sideid=285&storleik=150


Øverlid, Ragnar; «Borgund og Giske Band II: Gardsoge 1-51» Borgund og Giske

bygdeboknemnd 1961.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Jorunn Nerby Vannes | Svar 23.01.2017 00.13

Har også artikkel om spedalske hospitalslemmer i Bergen, også "Bergensposten" febr. 2015

Jorunn Nerby Vannes | Svar 23.01.2017 00.10

Ja "Bergensposten" ligger digitalt på nettet

Jorunn Nerby Vannes | Svar 22.01.2017 22.50

Interessant! Jeg har skrevet en artikkel om en familie med spedalskesjuke på Spissøyi Finnås (Bømlo) på 1800-tallet , publisert i "Bergensposten/SAB nr 4 2011

Svein Ove 22.01.2017 23.06

Takk for det. Eg har veldig lyst til å lese artikkelen din. Finst den digitalt på nett?

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE